Sveio prestegjeld

Sveio prestegjeld


Tvangsekteskap og tolv år med hestehandel


Av Sverre Halleraker

Hesteskyss utanfor våningshuset på prestegarden på Solheim. Biletet er teke i 1897 og heng på prestegarden. (Ukjend fotograf.)

Innleiing

Allereie tidleg i 1850-åra starta styresmaktene å planlegge ei omfattande om-organisering av prestegjelda i Sunnhordland. Nye prestegjeld og nye kyrkjesokn skulle skipast og mange grenser skulle flyttast og justerast. Før hadde sjøen og fjordane vore den viktigaste ferdselsåra. No var ei ny tid i anmarsj, og ei omfattande vegutbygging sto på trappene. I den nye tida blei landevegen viktigaste ferdselsåre, og sjøen blei meir og meir sett på som ei hindring. Slik skulle utviklinga i Sveio og bli. Etter kvart som vegnettet blei utbygd, blei Sveio-halvøya i større og større grad sett på som ei naturleg avgrensa geografisk eining.


Me skal sjå nærare på prosessen som resulterte i ei omorganisering av prestegjelda som omfatta Sveio. Å gjennomføre desse endringane var ikkje så enkelt som det kan høyrast ut. Drøftingane varte faktisk i heile 12 år før ein kunne bli samde om ei løysing. Det blei mange opprivande diskusjonar, harde tautrekkingar og ein heil del hestehandel, før ein til slutt greidde å samlast om ei løysing. Det var ikkje berre drøftingane om grensene til prestegjeldet og grensene mellom sokna som var vanskelege. Like vanskeleg var det å bli samde om kor ein skulle plassere prestegarden i det nye prestegjeldet.


Kampen for å få presten

Då den nye kyrkja sto ferdig i 1858, var Sveio sokn ein del av Finnås prestegjeld. Øklandsgardane var ein del av Moster sokn i Finnås prestegjeld. Valestrand sokn låg under Stord prestegjeld, medan Førde og gardane sørover langs vestsida av Ålfjorden høyrde til Vikebygd sokn i Fjellberg prestegjeld. Det som no er Sveio prestegjeld låg altså under tre ulike prestegjeld og fire ulike kyrkjesokn.


I starten av drøftingane såg ein for seg at Sveio prestegjeld berre skulle ha to sokn. Nemleg Sveio sokn i Finnås prestegjeld, og i tillegg eit nytt sokn som skulle omfatte området rundt Førdespollen, altså Øklandgrenda, Førde og dei sørlegaste delane av Valestrand. I dette prestegjeldet var Sveio og den nye kyrkja eit naturleg sentrum. Det låg også i korta at prestegarden skulle leggast til Sveio, og då like i nærleiken av den nye kyrkja. Det nye soknet måtte få si eiga kyrkje, og planane gjekk ut på at den nye kyrkja skulle byggast nordvest i Førdespollen, nærare bestemt på Eikeland.


I 1859 fekk Sveio kommunestyre brev frå biskopen og amtmannen. Det var endringar i planane. Sveio prestegjeld skulle nemleg omfatte heile Vikebygd sokn. Vikebygd og Sveio skulle og slåast saman til ein kommune. Desse samanslåingane vart ikkje godt mottekne. Motstanden var stor både i Sveio og i Vikebygd. Samanslåinga må karakteriserast som eit tvangsekteskap. I Vikebygd stilte ein som absolutt krav at presten skulle bu i Vikebygd sokn. Sveio såg det som heilt uaktuelt at presten skulle bu nokon annan stad enn på garden Sveio i Sveio sokn. Det var for dei sjølvsagt at presten skulle bu i det mest folkerike soknet, og Sveio hadde rundt dobbelt så mange innbyggarar som Vikebygd.


På dette tidspunktet var det ikkje like lett å reise mellom Vikebygd og Sveio som det kunne sjå ut på kartet. Dersom presten skulle bu på garden Sveio, måtte han først reise til fots, eller med hest, til Kvalvåg ved Ålfjorden. Denne strekninga var ca 7 km, og det var lite som minna om veg her. Frå Kvalvåg måtte han så ha rodd eller segla ca ei mil for å kome til Vikebygd. På vinterstid er dessutan dei indre delane av Ålfjorden ofte islagde, slik at ein ikkje kunne reise med båt frå Kvalvåg. Det er lett å skjøne at det soknet som ikkje fekk prestegarden ville få store vanskar med å kome i kontakt med presten. Dei kunne og risikere at gudstenestene og presten sine vitjingar til soknet blei heller sjeldne. Dette var kjernen i striden som følgde mellom Sveio og Vikebygd.


Den første soknepresten i Sveio måtte ta til takke med å leige eit lite og gammalt hus på Kvalvåg i påvente av den nye prestegarden. Han var lite nøgd med tilhøva som møtte han i Sveio. Dette kan du lese meir om i artikkelen «Sju strie år i Sveio».


I Sveio gjekk kommunestyret aktivt inn for å sikre seg presten. Dei hadde konkrete planar på bordet for prestegard allereie i 1859, og i kommunestyremøte 14. juni 1860 får me presentert to ulike alternativ for prestegard. Kommunestyret såg det som svært viktig at prestegarden skulle ligge så nær den nye kyrkja som mogleg. Derfor var det kyrkja sine nabobruk som var aktuelle. Det første alternativet omfatta Knud Christoffersen Sveen sitt bruk. Dette er den såkalla «Himigarden», som ligg ved den gamle kyrkjegarden. Eigaren sa seg villig til å selje bruket for 1200 spd. Det andre bruket som gjekk inn i dette alternativet, var bruk nummer 4. Eigaren av dette bruket var Ole Christoffersen Sveen. Han var villig til å selje for 1050 spd.


Det andre alternativet omfatta også «Himigarden». I tillegg kom bruket som i dag kallast «Frønsdalsjorda», altså bruk nummer 9. Dette bruket var eigd av Niclas Aanensen Sveen. Prisen for dette bruket var også 1050 spd. Kommunestyret i Sveio gjekk inn for det siste alternativet, men det var opp til stiftsdireksjonen i Bergen å gjere vedtak om kor prestegarden skulle ligge.


Dragkamp og hestehandel

Korleis gjekk det med dragkampen om prestegarden? I 1862 såg det framleis ut som om det nye soknet rundt Førdespollen ville bli ein realitet. På kommunestyremøtet 25. januar 1862 gjekk Vikebygd motvillig med på å gi frå seg gardane Austvik, Solheim, Myklevold og Førde til det nye soknet. Samstundes kom representantane frå Vikebygd med eit nytt forslag. Dei meinte at Øklandsgrenda måtte slåast saman med Valestrand Sokn, og at Valestrand sokn måtte innlemmast i Sveio prestegjeld. Gjekk dette forslaget gjennom, oppnådde Vikebygd to ting. For det første slapp dei å gi frå seg gardane rundt Førde til det nye soknet. For det andre ville tyngdepunktet i prestegjeldet forskyve seg nordover, slik at det blei vanskeleg å argumentere for at presten skulle bu i Sveio.


Dei som ville ha prestegarden til Sveio møtte enda meir motbør. Stiftsdireksjonen gjekk imot forslaget om å kjøpe den nye kyrkja sine nabobruk og gjere dei om til prestegard. Dei meinte at prisen blei for høg. På kommunestyremøtet 10. juni 1862 kjem eit nytt forslag. Det nye alternativet låg på garden Åse, som var nabogarden til Sveio. Der åtte kyrkja tre såkalla benefiserte bruk, som var drivne av leiglendingane Ole Nielsen Aase, Reier Johannesen Aase og Aanen Johannesen Aase. Kommunestyret hadde vore i forhandlingar med desse leiglendingane, og dei hadde sagt seg villige til å gi frå seg bruka sine mot ein erstatning på 350 spd til kvar av dei. I tillegg skulle eit fjerde bruk på Åse slåast saman med desse tre bruka og til saman utgjere den nye prestegarden. Det fjerde bruket var eigd av Haagen Nielsen Aase. Han var villig til å selje for 650 spd.


På same kommunestyremøte var eit anna stridsspørsmål oppe til handsaming. Nemleg korleis gudstenestene skulle fordelast mellom Sveio og Vikebygd. Vikebygd krevde at dei måtte få gudsteneste annankvar søndag. Dette kravet ville ikkje Sveio gå med på. I Sveio sto dei fast på at gudstenestene skulle fordelast etter folketalet i sokna, slik at det mest folkerike soknet ville få gudsteneste oftast. Sidan Sveio hadde om lag dobbelt så mange innbyggarar som Vikebygd, ville denne ordninga gi Sveio to av tre gudstenester. Vidare argumenterte dei med at sidan presten skulle bu midt i hovudsoknet, burde han sparast for belastninga med for mange turar til Vikebygd. Kommunestyret i Sveio truga med å gå rettens veg dersom ikkje kravet deira blei innfridd.


Likevel let saka seg løyse etter mange rundar med hestehandel. Den 2. april 1864 hadde Sveio og Vikebygd blitt samde om at gudstenesta skulle haldast annankvar søndag i kvar av kyrkjene. Vikebygd hadde måtta gå med på å ta på seg størsteparten av dei såkalla «Skyds og Natteholdsutgiftene.» Kommunen skulle dekke utgifter presten hadde i samband med reisene til og frå kyrkja. Dessutan skulle presten ha ein fast sum dei gongene han måtte overnatte. I Vikebygd var dei langt frå nøgde med tilhøva, og dei heldt fram med å klage på den lange avstanden dei hadde mellom seg og presten. Naturleg nok så gjorde dei kva dei kunne for å hindre at presten skulle få sin permanente bustad i Sveio sokn.


Vikebygd sin kamp skulle vise seg å bere frukter. På kommunestyret sitt møte 10. april 1865 har kommunen fått eit nytt forslag frå biskopen. Vikebygd sitt forslag om at Øklandsgrenda skulle slåast saman med Valestrand sokn og bli eit nytt sokn i Sveio prestegjeld, hadde fått gehør. Planane om eit nytt sokn rundt Førdespollen var skrinlagde. Det nye forslaget innebar at presten skulle bu i Førde. Skuffinga var stor i Sveio, men det var vanskeleg å finne fornuftige argument mot forslaget. Det låg føre ein kongeleg resolusjon som slo fast at presten skulle bu midt i Sveio sokn, men alle måtte innsjå kor håplaust tungvindt og vanskeleg det var for presten å reise heilt frå Sveiogarden og til kyrkja i Vikebygd.


I 1865 var den nye hovudvegen mellom Haugesund og Valevåg komen langt. Denne vegen ville gjere reisa mellom Førde og Sveio både lettvindt og kort. Dessutan hadde ein starta med bygginga av bygdevegen mellom Førde og Røykenes. Denne vegen ville føre til at turen mellom Førde og Vikebygd heller ikkje ville bli så lang. Dessutan planla ein å bygge ei ny kyrkje på garden Ulveraker i Valestrand sokn. Den nye hovudvegen ville gjere det lett for presten å reise frå Førde til den nye kyrkja. Førde låg midt i det nye prestegjeldet og var utan tvil den beste staden å plassere prestegarden.


Sveio kommunestyre prøvde fånyttes å framheve ulempene med å legge prestegarden til Førde. Dei peika på at det ville bli altfor lang veg til presten med tanke på sjukebesøk, barnedåp, ekteskapslysing, brudevigslar og dødsfall. Dei peika på at den søre delen av soknet ville få bortimot to mil å reise for å kome til presten. Dessutan meinte dei at det ville vere vanskeleg for presten å føre tilsyn med alle dei 13 skulekrinsane i soknet med ein så lang avstand. Kommunestyret brukte sterke uttrykk også i desse drøftingane: «Det vil for Præsten blive aldeles umulig at føre et stadig Tilsyn med alt hvad der angaaer Opdragelse og Undervisning, samt ved dennes Besøk i Skolerne at virke til Opmuntring, Formaning og Ædruhold.» Presten sin moralske overvaking var etter kommunen si meining heilt naudsynt for «en Ungdom som staaer paa et saa lavt Oplysningstrinn som Sveens.»


Førde får prestegarden

Trass i misnøya går kommunestyret til slutt med på at Førde skal få prestegarden. Dei må innrømme at dei ser ulempene med at presten skal bu i Sveio når også Valestrand skal innlemmast i prestegjeldet. Likevel gir ikkje Sveio frå seg prestegarden utan vilkår. Dei leverer frå seg ei liste på ikkje mindre enn ni punkt som dei krev innfridde for at dei skal gi slepp på prestegarden. Første krav er at Sveio sokn framleis skal vere hovudsokn. Vidare krev dei at hovudvegen må stå ferdig mellom Sveio kyrkje og Førde før presten skal flytte til Førde. Dessutan måtte Øklansdgrenda og Valestrand ta seg av sine eigne fattige. Med tanke på den nye kyrkja som skulle byggast i Valestrand, måtte Sveio og Vikebygd fritakast for ein kvar betaling og deltaking. Det same skulle gjelde for bygging av skulehus og andre offentlege bygg. Dessutan måtte Økland og Valestrand ta på seg sin del av kostnadar og arbeid med den nye prestegarden. «Dei nye» måtte sende konfirmantane sine til prestegarden for å få undervisning av presten. Det same måtte Vikebygd. Slik slapp kommunen å betale presten skysspengar.


Dei neste krava får fram Sveio si rolle som hovudsokn. Presten skulle heile sommarhalvåret for eigen rekning og utan skysspengar og nattehald reise ein gong i veka til hovudsoknet si kyrkje for å undervise konfirmantane. Gjennom heile året måtte presten gjere denne reisa til Sveio ein gong i veka for å få gjort alle dei «minesterielle Ugeforretninger som maatte paakræves.» Vidare kravde ein at alle møta i skule- og fattigkommisjonen skulle haldast i Sveio og at presten måtte reise til desse møta for eigen rekning. Sveio gjekk med på at gudstenestene skulle fordelast likt mellom dei tre sokna, men at Sveio skulle ha gudsteneste alle førstedags heilagdagar.


Sveio fekk alle sine krav gjennom i ein kongeleg resolusjon av 6. juni 1868, og saka gjekk mot ei løysing. Alle partar hadde måtta gi slepp på nokre av krava sine, men alle partane fekk og gjennomslag for viktige krav. For Sveio var det nok viktig å sikre seg at presten skulle reise til hovudkyrkja ein gong i veka, medan det var vanskeleg å gå med på at det berre skulle haldast gudsteneste kvar tredje sundag i Sveio kyrkje.


Det kunne sjå ut som om alle partar hadde fått ei løysing dei kunne leve med, men det gjaldt ikkje Øklandsgrenda. Her var misnøya stor. Frå planane som gjekk ut på at dei skulle vere sentrum i eit nytt sokn, blei dei no ein utkant av Valestrand sokn. Med landhandlar Erik Johan Jacobsen i spissen, engasjerte folk seg sterkt for at Økland måtte få ligge under Sveio sokn. Det hjelpte lite. Sveio kommunestyre ville ikkje ha Øklandsgrenda til Sveio, og hevda at Økland frå naturen si side alltid hadde høyrd saman med Valestrand.


I 1870 blei saka endeleg avgjord. Ein kongeleg resolusjon av 26. februar 1870 slår fast at Øklandsgrenda skal slåast saman med Valestrand sokn og bli ein del av Sveio prestegjeld. Den same resolusjonen slår fast at dei to bruka på garden Solheim i Førde skulle kjøpast inn til prestegard for Sveio prestegjeld. Prisen var 1880 spd. Dei to eigarane av Solheim var Halvard Reiersen Solheim og Gunder Tørrisen Solheim. Soknepresten flytta inn i den nye prestegarden hausten 1871. Denne hausten var det prostevisitas i Sveio, og i visitasprotokollen skildrast den nye prestegarden slik: «Gaarden har en udmærket vakker Beliggenhed med Udsikt over den vakkre Bygd paa den nordlige Kant af samme, er lunt beliggende og har et meget godt Jordsmon.» I kjellaren til våningshuset hadde soknepresten innreia eit stort rom «for gudelige Forsamlingar der rommer omtrændt 200 personer.» Me hugsar at konfirmantane i Vikebygd og Valestrand skulle reise til prestegarden for å få undervisning. Elles skulle dette rommet brukast til forsamlingshus for Førdesbygda sine mange innbyggarar som hadde lang veg til kyrkja i Vikebygd.


Prestegarden på Solheim i Førde har vore ein god bustad for prestane i Sveio, og alle har gitt uttrykk for at dei har hatt det godt der. Likevel er Sveio prestegjeld stort, og avstandane er store. Særleg blei misnøya etter kvart stor blant folk i Førde mot å reise til Vikebygd. Sveio sokn hadde i grunnen kome godt ut av det likevel, sidan presten var forplikta til å reise så ofte til Sveio. For prestane kunne det bli slitsamt og kostbart med all reisinga, og enkelte gav uttrykk for at situasjonen blei uhaldbar. Med tida blei både vegane og kommunikasjonsmidla bedre, og presten sine reiser mindre strabasiøse. I 1935 skilde Vestre og Austre Vikebygd lag, og Austre Vikebygd blei lagt under Ølen prestegjeld. Dermed slapp presten å reise heilt til Vikevik. I 1938 blei Førde kyrkje vigsla, og alle i Vestre Vikebygd var letta over å sleppe å reise over fjorden for å gå i kyrkja.



Kjelder:

-Møteprotokoll for Sveio formannsskap og kommunestyre, 1852-1893.

-Kallsbok for presten i Sveio, 1863-1939.

-Visitasprotokoll for prosten i søndre Sunnhordland prosti 1820-1895.

-Simon Steinsbø, «Sveio. Gards og ættesoge», 1986 og 1987.