Sveio får ny kyrkje

Sveio får ny kyrkje


Eit byggeprosjekt prega av spenning og dramatikk



Av Sverre Halleraker

Fotografi av Sveio kyrkje rundt år 1900. (Ukjent fotograf.)

Innleiing

I 1904 kom det ut ei bok som tok for seg kyrkjene i Hordaland. Boka er skriven av B. E. Bendixen, og det kjem tydeleg fram at forfattaren var imponert av Sveio kyrkje. Han skildrar kyrkja som «en av de største og vakreste træ-landskirker i amtet, og gjør ved sin høie reisning, midt i et trist, træbart landskap, der med sine lave koller, flade marker og myrer har stor lighed med Jæderen, et meget tiltalende indtryk.» Han skildrar korleis kyrkja såg ut rundt hundreårsskiftet, og han skriv at kyrkja var malt kvit både utvendig og innvendig, medan benkane var malte i gult og brunrødt. Han kommenterer at kyrkja hadde eit usedvanleg høgt midtskip, men påpeikar at også sideskipa var spesielt høge. Elles skriv han dette om kyrkja: «Arbeidet er vakkert udført, og afviger stærkt fra hvad man ellers ser ved vore landskirker.»


Sveio kyrkje står fram som eit monumentalt og flott bygg, og kyrkja ruvar stolt i terrenget som eit kjent og kjært landemerke. Kyrkja utmerkar seg på fleire måtar samanlikna med kyrkjer som blei bygde på same tid. For det første så er kyrkja usedvanleg stor til å vere ei trekyrkje av denne typen. For det andre så utmerker kyrkja seg med tanke på stil og utforming.


Det er nok fleire enn Bendixen som har blitt imponert av kyrkja, og fleire enn han har undra seg over korleis det kan ha seg at ei lita avsidesliggande bygd som Sveio kunne få ei så stor og praktfull kyrkje. Mykje av svaret på dette spørsmålet er å finne i Sveio kommune sitt arkiv, nærare bestemt i møteprotokollane til Sveio formannskap og kommunestyre. Me finn og ein del interessant stoff i kommunen sine brevjournalar. Det skulle vise seg at prosessen frå vedtaket i kommunestyret om å bygge ny kyrkje blei fatta, og fram til kyrkja sto ferdig i 1858, både skulle bli lang og slitsam for dei som hadde med saka å gjere. Saksdokumenta gir oss innblikk i ei svært spennande og dramatisk historie.


Den gamle kyrkja skulle utvidast

I 1852 blei Sveio sokn rive laus frå Finnås kommune og Sveio blei eigen kommune. Formannskapslovane frå 1837 gav kommunane i Noreg lokalt sjølvstyre. Innbyggarane i kommunen skulle velje både formannskap og representantskap, seinare kalla kommunestyre. Det var desse folkevalde organa som hadde ansvaret for at kyrkja var i god stand, og at kyrkjebygget var stort nok til å romme soknet sine innbyggarar. Formanns- og representantskapet skulle altså sørge for naudsynt vedlikehald. Likevel var det ikkje kommunen som skulle betale for vedlikehaldet. Det har seg nemleg slik at mange kyrkjer på midten av 1800-talet var i privat eigarskap. Danskekongen hadde auksjonert bort mange kyrkjer i Noreg på 1600- og 1700-talet for å finansiere dei stadige krigane mot Sverige. Ordninga med kyrkjer i privat eigarskap var likevel på veg ut rundt 1850, og stadig fleire kyrkjer blei overtekne av innbyggarane i soknet. I praksis førte dette til at kyrkjene kom under kommunalt eigarskap. Dei private kyrkjeeigarane var ikkje særleg interesserte i å eige kyrkjebygget. Dei hadde kjøpt kyrkjene for å få leigeinntektene frå jordegodset som kyrkja åtte.


Den eldste kyrkja me veit om i Sveio var ei lita stavkyrkje. Ho skal vere bygd på 1100-talet, men ho er ikkje omtala i kjeldene før 1570. I 1665 fekk kyrkja ny kjøl. Då får me vite at skipet var ca 9 meter langt og at koret var ca 4,5 meter langt. I 1686 blir kyrkja skildra slik: «En liden urgammel og i grund forfalden Stavekirke uden Taarn, som befindes baade Bundinge, Staver og Stavleier og Svaler aldeles forfalden og endelig af ny vil opbygges.» Det var lite av stavkyrkja som kunne nyttast, men våpenhuset i kyrkja som blei bygd på 1600-talet skal vere av tømmer frå den gamle kyrkja. Dessutan fortel ei skildring frå presten si kallsbok i 1884, at stavar frå den gamle stavkyrkja ennå var å sjå i Knut Sveen sin låvebygning. Same skildring fortel oss at den gamle stavkyrkja var eigd av Ole Sveen på 1680-talet, og at Ole var eineeigar av heile Sveiogarden.


Ole fekk rive stavkyrkja og bygd den nye kyrkja som sto ferdig i 1688. Denne kyrkja sto litt lenger vest enn stavkyrkja, eller meir presist skildra, der Tjernagelvegen passerar den gamle kyrkjegarden. Stavkyrkja låg på austsida av vegen, medan kyrkja av 1688 låg på vestsida av vegen. Kyrkja av 1688 var ein tømmerbygning utan tårn med eit lite våpenhus av stav. Skipet var 18 alen langt og 15 alen bredt, noko som utgjer ca. 100 kvadratmeter. Koret var 11 alen langt og 10 alen bredt, altså ca 40 kvadratmeter. Våpenhuset var berre i overkant av to kvadratmeter. Heile kyrkja var kledd med bord og taket var tekt med takstein.


Sveio kyrkje var framleis i privat eige då Sveio formannskap hadde sitt aller første møte den 24. mars 1852. Kommunen sin brevjournal fortel oss at kyrkjeeigarane i brev av dato 25. mars 1851 hadde fått vite at den gamle kyrkjebygningen hadde behov for omfattande vedlikehald. Særleg alvorleg var det at fleire taksteinar mangla. Eigarane fekk ein månad på seg til å setje i stand taket. Lite hadde tydelegvis blitt gjort, for i formannskapet sin møteprotokoll kan me sjå resultatet av bispevisitasen hausten 1851. Sokneprest Holst meddelte formannskapet at visitasen hadde avslørt at den gamle kyrkja hadde omfattande manglar. Kyrkja mangla framleis fleire taksteinar, og kyrkja mangla vegg nokre stader. Dessutan blei det peika på noko som soknet sine innbyggarar hadde følt på kroppen i lang tid, nemleg det faktum at kyrkja var altfor lita.

 

Tilbake til møtet i formannsskapet. Det blei fatta vedtak om at eigarane fekk tre månader på seg til å gjennomføre dei naudsynte utbetringane. Det blir skrive at arbeidet skulle «udføres av anerkjente dugende Mænd, som vil udføre Arbeidet for den billigste Betaling.» I tillegg skulle det engasjerast ikkje mindre enn fire bygningskyndige menn til å sjå over kyrkja og kome med ein tilstandsrapport. Det unge formannsskapet var effektivt og handla raskt. Sveio sin første ordførar var Jens Johannesen Tvedt, og det går tydeleg fram av ulike kjelder at han var ein av dei viktigaste pådrivarane for at ein skulle få orden på soknet si kyrkje. Jens J. Tvedt kom frå garden Storstein i Skåre. I 1841 gifta han seg med Britha Osmundsdatter Hokla og flytta til Hokla på Tveit i Sveio. Der bygsla han det som i dag er bruk nummer 6 på Tveit ytre. I tillegg til å vere gardbrukar og ordførar, står han i kjeldene oppført som skulehaldar.


Både ordføraren og resten av formannsskapet var med på synfaringa som fann stad 17. april. Dei bygningskyndige mennene kom med ein lite oppløftande dom over kyrkja: «Kirken er saameget beskadiget og forældet, dog især paa den søndre Side nesten faldefærdig, at der ingen Udvidelse ved Kirken kan foretages.» Det måtte altså byggast ei heilt ny kyrkje i Sveio.

 

Optimisme og pågangsmot

Mykje tyder på at formannsskapet var nøgd med at den gamle kyrkja blei kondemnert. Den gamle kyrkja ville vore lita og umoderne sjølv om ho hadde blitt utvida. Sveio formannskap jobba raskt og effektivt. Allereie same dag som synfaringa hadde funne stad, vedtok dei at det måtte byggast ny kyrkje «overenstemmende med Kirkeloven af 24. September 1852 § 1 og 2.» Vedtaket blir grunngjeve med at bispevisitasen hadde slått fast at kyrkja var for lita og dei bygningskyndige sin konklusjon om at bygningen var i så dårleg stand at han ikkje kunne utvidast.

Allereie 19. april sende formannsskapet brev til kyrkjeeigarane og informerte dei om vedtaket, og dei blei bedne om å ta stilling til om dei ville bygge den nye kyrkja, som måtte vere stor nok til det store soknet sine innbyggarar, eller om dei ville overlate kyrkja til kommunen, slik at denne kunne bygge kyrkja.


Kven var desse kyrkjeeigarane? Dei var ikkje frå Sveio, men dei var bønder frå naboprestegjelda. Tre eigarar er nemnde, nemleg Simon Gundersen Stave, Gunder Ommendsen Tømmerdal og Simon Ommendsen Frakkagjerd. Eigarane bad om meir tid til å tenkje seg om før dei ville svare på formannskapet sitt spørsmål. Den 1. september hadde kyrkjeeigarane og formannsskapet blitt samde om ei løysing. Dei hadde ennå ikkje skrive nokon kontrakt, men dette skulle gjerast seinare. Soknet skulle få overta kyrkja, men dei tidlegare eigarane skulle framleis eige kyrkja sitt jordegods. Kommunen skulle få tienda for 1852, men skulle og dekke alle kyrkja sine utgifter frå og med 12. juli 1852. Det skulle og utbetalast 60 spd i erstatning til dei tidlegare eigarane.


Den gamle kyrkja i Sveio var av same type som Gamle Bømlo kyrkje i Langevåg. (Foto:Bendixen 1904.)

Jens Johannesen Tvedt. Sveio kommune sin første ordførar. (Foto: Sveio kommune)

Dei folkevalde hadde hastverk med å få byggeprosessen i gong, og ein kan bli imponert over den hyppige møteverksemda i Sveio formannskap. I tillegg til alle møta blei det skrive mange brev både til futen, fylket, soknepresten og prostiet. Allereie på møtet 16. november 1852 hadde formannsskapet gjort eit overslag over kor stor den nye kyrkja måtte vere. For at kyrkja etter lova skulle vere stor nok i høve til folketalet i soknet, måtte skipet ha ei lengd på 40 alen og ei breidd på 20 alen. Det vil seie at skipet måtte vere 25 meter langt og 13 meter breitt. Grunnflata ville altså bli på 325 kvadratmeter. Dette var uvanleg stort samanlikna med kyrkjer som blei bygde på denne tida. Det blei og bestemt at kyrkja skulle byggast med tårn. Neste steg på vegen mot ny kyrkje var å skaffe ein som kunne teikne den nye kyrkja.


Heile saka såg ut til å gå på skinner, og det såg ut som om saksgangen skulle kome til å gå like raskt som formanns- og representantskapet hadde håpa på. Det blei kalla inn til nytt møte den 29. november 1852. Kyrkjedepartementet hadde kome med eit tilbod om 120 spd til å dekke sakskostnadane. Tilbodet blei akseptert. Like over nyttår hadde kommunen kome i kontakt med arkitekten dei meinte var rett mann til oppgåva, nemleg Hr. Cand. Theol. Andreas Grønning frå Bergen. Han har blant anna teikna Ådland kyrkje i Samnanger, som blei bygd i 1851, og Stord kyrkje, som er vigsla i 1857. Teikningane kom til Sveio den 12. mars 1853. Arkitekten hadde også gjort eit prisoverslag som viste at kyrkja kom til å koste 2800 spd, når ein ikkje rekna med kostnadene med å transportere byggematerialane. Transporten av materialane skulle bøndene i soknet ta seg av kostnadsfritt. Prisoverslaget må vel seiast å vere vel optimistisk. Det kan nemnast at Skåre kyrkje i Haugesund, som blei bygd på same tid, kosta over 11 000 spd.


Våren 1853 kalla ein inn til heile tre formannskaps- og representantskapsmøte der kyrkje¬saka blei handsama. Ordførar Jens J. Tvedt blir vald til kasserar og regnskapsførar for kyrkjebygginga. Representantskapet gjekk ikkje inn for teikningane utan vilkår. Dei hadde sine merknader, og desse meddelte dei Candidat Grønning i brev datert 18. mars 1853. På teikningane var lengda av skipet 30 alen, og breidda på skipet var 20 alen. Dette var 10 alen kortare enn ein hadde vurdert at var naudsynt for å få nok sitjeplassar. Til gjengjeld hadde Grønning teikna eit galleri over begge sideskipa og eit galleri mot tårnveggen. Dette var noko nytt og uvanleg. Galleriet førte til at midtskipet måtte byggast ekstra høgt, og at heile konstruksjonen fekk eit monumentalt og ekstraordinert preg. Me får vite at kyrkja etter Grønning sine teikningar ville ha over 600 sitjeplassar.


Med det same var skepsisen stor mot galleriet. Møteprotokollen fortel at «Repre-sentantskapet har hatt Betænkeligheter,» som gjekk ut på at «den deraf fallende Støy, kunne komme til at virke forstyrrende for de der under siddende Personer.» Likevel gjekk representantskapet inn for teikningane med galleriet. Dei hadde vore grundige i arbeidet sitt og sjekka kva erfaringar naboprestegjelda som hadde bygd kyrkjer med galleri hadde med støy frå galleriet. Konklusjonen blei at ein ikkje trengte å vere redd for støy, særleg når galleriet skulle byggast så høgt og golvet skulle byggast av plankar. Ein konkluderte med at «Kirken er saa hensiktsmessigt indrettet at Præstens Stemme vil høres klart og høit over alt.»


På møtet 17. mai 1853 gjekk representantskapet inn for teikningane utan endringar, med unntak av ein liten detalj, nemleg dei fire små hjørnetårna. To av desse tårna var teikna i hjørna mellom koret og skipet. Dei to siste var truleg teikna i enden av koret. Representantskapet var sterkt imot at disse tårna skulle byggast. Hjørnetårna kunne ikkje «ansees tjenlige for at synliggjøre Kirken eller for andre Ting nødvendige.» Tårna var nok meint som pynt, og dei skulle nok framheve den klassiske stilen som prega Grønning sine kyrkjeteikningar.


Bøndene i representantskapet hadde ein pragmatisk haldning til kyrkjebygget. Ein skulle ha ein funksjonell kyrkjebygning som var praktisk innreia, og som hadde plass nok til soknet sitt sterkt voksande folketal. Ein skulle ikkje bruke pengar på upraktisk utsmykking. Denne haldninga var i tråd med den haugianske kristentrua, som lenge hadde stått sterkt i Sveio. Utsmykking og pynt var unødvendig og distraherande, ja rett og slett syndig. Lite visste representantane om kor vanskeleg det skulle bli å få fjerna desse små tårna frå teikningane, men det skal me kome tilbake til.


Det måtte skaffast tomt til den nye kyrkja. I starten såg ein det som enklast å utvide den gamle kyrkjegarden mot vest og mot sør og reise kyrkja delvis på same tomt som den gamle kyrkja sto på. Den planlagde utvidinga utgjorde om lag ein dekar, men det skulle vise seg vanskeleg å kome til semje om pris med grunneigarane, Knud Christoffersen Sveen og Niklas Aanensen Sveen. Den for formannskapet urimeleg høge prisen desse grunneigarane ville ha for tomta, gjorde at dei såg det naudsynt å sjå seg om etter alternative tomter. Eit stykke aust for den gamle kyrkja var Ole Jokumsen Sveen grunneigar. Her hadde formannskapet sett på ei tomt. Denne tomta skildrast som «ligesaa hensigtsmessig og vel skikket.» Ein greidde likevel å kome til semje med dei først nemnde grunneigarane om ein pris begge partar kunne akseptere. Tomta, som hadde vorte mykje mindre, blei soknet sin eigedom for 57 spd.


På møtet 17. mai 1853 drøfta ein også spørsmålet om korleis kyrkja skulle finansierast. Det var sjølvsagt «sognets Almue» som skulle betale for kyrkja. Spørsmålet var korleis denne betalinga skulle ordnast. Representantskapet var klar over at den nye kyrkja ville «forvolde Almuen betydelige Udgifter». Valet sto mellom å krevje inn skatt på grunnlag av matrikkelskulda, eller om ein skulle basere seg på frivillige pengebidrag. Det blei semje om å satse på frivillige pengebidrag. Dei fleste av bøndene hadde ytra seg positivt til å gi pengestøtte. Fleire tiår med godt vårsildfiske hadde gjort sitt til at folk hadde nok pengar mellom hendene til å kunne gi eit bidrag til den nye kyrkja. Men bidraget var likevel ikkje heilt frivillig. I tilfelle der personar som «Representantskapet anseer som Formuende av Modvillige og Likegyldighet ikke frivillig vil bidra med noe til Kirken, vil bli ilignet et Pengebeløp efter deres Formues forfatning.»


Byggesøknad og materialkjøp

Til no var det optimisme, pågangsmot og iver etter å kome i gong som rådde. Hausten 1853 var det berre noko som formannskapet såg på som ein formalitet som sto igjen av papirarbeid, før ein kunne starte sjølve byggearbeidet. Byggesaka og teikningane måtte godkjennast av kyrkjedepartementet. Saksdokumenta måtte handsamast av stiftsdireksjonen i Bergen. Stiftsdireksjonen vurderte om teikningane var i samsvar med gjeldande lovar og forskrifter. Dei skulle vurdere økonomien i byggeprosjektet, og om arbeidet blei utført på ein fagleg forsvarleg måte. Stiftsdireksjonen gav departementet ei tilråding dersom dei vurderte prosjektet positivt, men dei kunne og rå departementet frå å godkjenne, eller approbere, byggeprosjektet. Departementet slutta seg som regel til stiftsdireksjonen sine vurderingar.


Tidleg hausten 1853 blei kyrkjeteikningane sendt til Bergen stiftsdireksjon via Sunnhordland prosti. All kontakt mellom kommunen eller soknepresten og stiftsdireksjonen måtte gå gjennom prostiet. Dette gjorde nok kommunikasjonen tungvindt og tidkrevjande. Seinare på hausten blei det sendt brev til stiftsdireksjonen der ein informerte om kjøpet av kyrkje-tomta. No kunne ordføraren og representantskapet berre lene seg tilbake og vente på svar frå kyrkjedepartementet, men det gjorde dei ikkje. Den 17. oktober hadde dei nytt møte. Dei meinte at tida var moden for å kjøpe inn tømmer og andre byggematerialar. Det er lett å forstå at dei ville vere tidleg ute med dette ærendet. Det ville ta si tid å hogge, skjere til og transportere materialane til ei kyrkje av denne storleiken. Det blei valt ein komitè på tre mann som skulle gjere ei reise for å «skaffe fornødne Træmaterialer, alt i overensstemmelse med de i Kirkens Overslag opptegnede.» Komitèen skulle og «betinge og forhandle Kjøpskontrakt med vedkommende Husbonde.»


Komitèen blei leia av Ordførar Jens J. Tvedt. Med seg fekk han Torkel Steffensen Aarstadleite og Ole Christoffersen Sveen. Turen gjekk til Røykenes ved Ålfjorden. Materialane blei tinga av Reier og Anfind Svendsen Røgenes. Materialane kosta 1000 spd, og dei skulle etter kontrakten vere klar til henting i august 1854. Tømmeret var tinga på mål etter Grønning sine teikningar. I ettertid kan me seie at det var risikabelt å kjøpe tømmer etter teikningar som ein ikkje visste om ville bli godkjende.


Inngangen til det nye året 1854 må kunne seiast å vere inngangen til ei mørk og vanskeleg periode for alle dei som jobba for å få bygd ny kyrkje. Dette var innleiinga til ein periode på nesten tre år der nedturane sto i kø, og der fortviling og frustrasjon gjorde seg meir og meir gjeldande. Samstundes var dette ein vanskeleg periode økonomisk, både for kommunen og bøndene. Nettopp desse tre åra var det nemleg ein svikt i vårsildfisket, noko som spreidde pessimisme og frykt for at dei gode åra med eit velsigna rikt vårsildefiske var over. Bøndene hadde bunde mykje kapital opp mot dette fisket, og dei hadde i lang tid basert levemåten og forbruket sitt på inntektene sildefisket gav.


Teikningane kjem i retur

Det var sokneprest Holst som mottok brevet frå kyrkjedepartementet, datert 16. januar 1854. Både soknepresten og medlemmene i representantskapet venta å få godkjende teikningar attende saman med grønt lys til å starte bygginga, men det fekk dei altså ikkje. Teikningane blei returnerte i «uapproberet stand», og ein fekk tydelege råd om å få på plass heilt nye teikningar. Departementet hadde ikkje mindre enn ni ankepunkt mot teikningane.


Me skal kome tilbake til innhaldet i desse ankepunkta, men kommunen fekk fleire brev som ikkje var av det hyggelege slaget. Ikkje lenge etter brevet om avslaget på byggesøknaden, fekk kommunen brev frå stiftsdireksjonen. Her blir kommunen beden om å finne ei meir egna tomt til den nye kyrkjebygningen. I tillegg kjem enda eit brev til kommunen, som ikkje akkurat spreidde glede. Dei gamle kyrkjeeigarane kravde nemleg, med etter deira meining heimel i lov, å få erstatning for tienda for åra 1852 og 1853. Dette beløpet utgjorde 240 spd. I første omgang avviste kommunen kravet, men etter kvart skjøna dei at dei ikkje hadde anna val enn å betale.


Me vender tilbake til dei ni ankepunkta mot teikningane. Medlemmene av «Sveens Formands- og Representantskap» måtte innrømme at dei mangla den faglege kompetansen til å vurdere ankepunkta. Derfor skreiv dei brev til arkitekten, Andreas Grønning, og sendte det til han saman med svaret og saksdokumenta frå departementet. I dette brevet, datert 27. februar 1854, får vi vite at stiftsdireksjonen, i si handsaming av saka, hadde fått teikningane vurdert av ingen ringare enn Christian Heinrich Grosch. Han var sivilarkitekt og hadde tittelen «Stadskonduktør av Christiania». Det kan nemnast at han var ein av to utdanna sivilarkitektar i Noreg på denne tida. Stadtkonduktørembetet i Christiania var ein kombi¬nasjon av byplanleggar og bygningssjef.


Grosch står som arkitekt for omkring 80 kyrkjebygg rundt om i heile Noreg, blant anna Skåre kyrkje i Haugesund. Det kunne vore ramsa opp ei heil rekke med kjende bygg i Oslo og andre byar som Grosch har teikna. Eg kan nemne universitetsbygget i Oslo, børsbygningen, Noregs Bank og basarane ved Oslo Domkyrkje. Han hadde ein enorm fagleg tyngde, og han var enormt respektert i heile landet. Han var og kjend og respektert i fagmiljø langt utanfor landegrensene. Det var ikkje mange som turde å gå imot Grosch sine vurderingar. I realiteten var det umuleg for stiftsdireksjonen å tilrå godkjenning av teikningane når sjølvaste Grosch hadde kome med heile ni ankepunkt.


Stadkonduktør i Kristiania, Christian Heinrich Grosch ca 1860. (Ukjent fotograf.)

Ordførar Lars Eritsland. (Foto Sveio kommune.)

Det er lite truleg at det var mange i Sveio som visste kven Grosch var, og kor sterk posisjon han hadde i fagmiljøa. Hadde ordføraren og dei andre representantane visst det, hadde dei nok sett til at teikningane blei endra slik at dei etterkom Stadskonduktøren sine merknadar. Ordføraren skriv i brevet til Grønning at forslaga til endring «ikke uden videre kunne bifaldes.» I brevet ber ordføraren arkitekten om å gi ei skriftleg vurdering av ankepunkta. Brevet gir oss innsyn i nokre av punkta, men ikkje alle. Grosch meinte at det var eit misforhold i proposisjonen mellom skipet og koret. Koret var for langt i forhold til skipet. Dessutan var alteret teikna for langt inne i koret, slik at avstanden mellom alteret og kyrkjelyden blei for stor.


Grosch meinte også at kyrkja måtte ha sakristi, noko som teikningane altså mangla. Sakristiet måtte plasserast i koret med døra vendt mot alteret. Det kom også innvendingar mot sjølve konstruksjonen, bindingsverket var for svakt. Valet av byggematerialar fekk heller ikkje stå utan forslag til endring. Taket burde i følge Grosch tekkast med jern eller sinkplater. Dette var formannskapet stekt imot. Dei var overbeviste om at skiferheller frå Sunnfjord eller Hardanger var det beste. I tillegg fekk ein klar melding om at dei fire hjørnetårna ikkje kunne tas bort frå teikningane. Her refererte Grosch til ytringar frå Den norske kunstskole.


Ny byggesøknad, ny tomt og nytt pågangsmot

Grønning meddelte ordføraren om si vurdering av ankepunkta mot teikningane i eit brev datert 31. mars 1854. Han hadde gjort visse endringar for å imøtekome kritikken frå Grosch, men det kjem fram av formannskapet sin møteprotokoll at Grønning i stor grad hadde halde fast ved sine opphavlege teikningar. Grønning hadde teikna sakristi, men dette blei av formannskapet tatt bort i den nye byggesøknaden som blei sendt til stiftsdireksjonen 14. april 1854. Formannskapet sto også fast ved vedtaket om at dei små hjørnetårna skulle tas vekk frå teikningane. Elles baserte dei søknaden på Grønning sine nye teikningar og dei kommentarane han hadde kome med som svar på Grosch sine ankepunkt. Ordføraren og dei andre som jobba med kyrkjesaka var framleis optimistar. Dei rekna med at saka i alle fall ville vere ferdig handsama i løpet av året, og dei kjende seg trygge på at dei nye teikningane ville få godkjenning. Men det skulle vise seg å vere lite lurt å ikkje imøtekome Stadtkonduktøren sine innvendingar.


Stiftsdireksjonen si oppmoding om å finne ny tomt til kyrkja blei tatt til følge av kommunen. Med ni mot tre stemmer blir det vedteke at kyrkja skulle byggast på den austre tomta. Fleirtalet grunngjev synet sitt slik: «Denne Tomts meget skjønnere Beliggenhed, …, hvad Vorarbeid angaar, med meget mindre Udgift, kan oparbeides» Dessutan ville ein med å bygge på ny tomt kunne bruke den gamle kyrkja heilt til den nye sto ferdig. Mindretalet meinte at det var for dyrt å kjøpe enda ei tomt. Den nye tomta blei kjøpt av Ole Jokkumsen Sveen for 40 spd. I kontrakten står det at eit mura gjerde skulle setjast opp straks kyrkja var ferdig. Kyrkjelyden skulle få ta stein til gjerdet utanfor tomta.


Førebuingane til sjølve byggearbeidet gjekk sin gong trass i at teikningane ikkje var godkjende. Sommaren 1854 organiserte representantskapet transporten av stein til kyrkja sin grunnmur. Her ser me eit døme på kor effektive kommunen sine representantar var til å organisere arbeidet. Bøndene i soknet måtte stå for denne transporten og. Heile soknet blei delt inn i 19 rodar. Ein rode femna om tre til fire gardar, og representantskapet peika ut ein rodeleiar for kvart arbeidslag. Han fekk i oppdrag å organisere arbeidet og sjå til at alle bøndene tok del i arbeidet. All steinen måtte vere på plass innan 16. juli. Det står ikkje noko om kor steinen skulle køyrast frå. Truleg måtte bøndene sjølv skaffe stein frå eigedommane sine. Det var smått med vegar i soknet der ein kunne køyre med hest. Mursteinane måtte nok berast langs stiane som førte fram til kyrkja, medan gardane som låg i nærleiken av Vigdarvatnet nytta båt til transporten. Me kan sjå for oss kva for eit slit dette arbeidet må ha vore for bøndene.


Også tømmeret og bygningsmaterialane skulle transporterast til tomta denne sommaren. Formannskapet sendte brev til Reier og Anfind Svendsen Røgenes om at kyrkjematerialane måtte gjerast klar til henting. I tillegg til tømmeret som blei hogd og skore ved Røykenes, kjøpte ein tømmer frå Hopsskogen. Dette tømmeret skar ein i Bårvåg. Tømmeret måtte fløtast inn Ålfjorden til Fjon. Derifrå blei det slept opp langs Fjonaelva til Vigdarvatnet, for så å bli fløta til Sveio. Materialtransporten var eit tungt og tidkrevjande arbeid, og som me veit skulle bøndene i soknet stå for materialtransporten utan nokon form for godtgjersle. I kyrkjeprotokollane kan me finne kyrkja sine rekneskap for dei åra kyrkja blei bygd. Rekneskapen avslører at kommunen betalte for mykje av materialtransporten, trass i at ein hadde vedteke at bøndene i soknet skulle utføre dette arbeidet på dugnad.


Tre purrebrev og to turar til stiftsdireksjonen

Hausten 1854 får kommunen problem med finansane. Folk har tydelegvis hatt problem med å gi store nok pengebidrag. Rekneskapen viser at ein årleg ikkje greidde å få inn meir enn rundt 100 spd i frivillige bidrag frå bønder og husmenn i soknet. Framleis levde ein i håpet om at kostnadane ikkje skulle kome over 2800 spd. Formannskapet meinte det blei for hardt å krevje inn heile beløpet på ein gong på grunn av «den mindre heldige Stand Almuen befinder seg i.» Løysinga blei å søke regjeringa sitt opplysingsfond om eit lån på 2000 spd. Dei resterande 800 spd var allereie i pengekassa.


Som sagt så rekna kommunen med å få teikningane godkjende innan utgangen av 1854. Årsskiftet kom utan at ein høyrde noko frå stiftsdireksjonen eller departementet. Irritasjonen over den trege saksgangen blei større og større. Det meste av bygningsmaterialane var komne på plass i løpet av hausten, og byggmeistrane var truleg tinga. Månadane gjekk og våren nærma seg, men ein såg ingen teikn til avgjersle i saka. Det hadde snart gått eit heilt år sidan søknaden blei sendt inn. Formannskapet såg seg nøydd til å gjere noko for å få fortgang i saka. Den 24. mars sende dei ei purring til stiftsdireksjonen kor dei bad om fortgang i saka «for at Opførelsen af den nye Kirke kan før jo heller foretages.»


Purringa viste seg å vere nyttelaus. Våren kom, og våren gjekk over til sommar, men ennå ikkje noko svar. Sommaren gjekk over til haust, og ein høyrde framleis ikkje noko frå stiftsdireksjonen eller departementet. Tålmodet var slutt for lenge sidan, og irritasjon og frustrasjon gjekk over til desperasjon. No hadde tømmeret og andre materialar lege på tomta i over eitt år! Ordføraren, som no heiter Lars Eritsland, skriv eit nytt brev til stiftsdireksjonen, med ei desperat bøn om at saka måtte bli ferdig behandla. I brevet, som er datert 10. oktober 1855, går det fram at kommunen to gonger tidlegare har oppmoda stiftsdireksjonen om fortgang i saka. Ordføraren etterlyser også svar på lånesøknaden som blei sendt for eit år sidan. Han skriv: «Disse lange Udsættelser baade med Hensyn til Tegningene og Ansøgningen (om lån) har sat Communebesyrelsen i en betydelig Omstændighed.» Materialane hadde allereie fått alvorlige skader og ville gå aldeles tapt dersom ikkje bygginga starta innan våren 1856.

 

Ordføraren ber om eit raskt svar på brevet, men når oktober går mot slutten, har ennå ikkje stiftsdireksjonen gjeve lyd frå seg. Kommunen såg ikkje anna råd enn å oppsøke stiftsdireksjonen, så i slutten av oktober sende dei ein mann til Bergen. Han gav seg ikkje før han fekk snakke med sjølvaste stiftsamtmannen. Av samtalen kom det fram at sakspapira framleis låg hos stiftsdireksjonen, og dei hadde ennå ikkje blitt behandla! Likevel såg det ikkje håplaust ut etter dette møtet, fordi stiftsamtmannen gav lovnad om at han skulle gjere alt som sto i hans makt for at dokumenta skulle sendast til kyrkjedepartementet så snart som råd var, med anbefaling om approbasjon. Kommunen kunne rekne med å få dokumenta tilbake rundt årsskiftet. Det var nok med glede og ny optimisme sendebudet kunne reise tilbake til Sveio.


Det nye året kom, men utan at stiftsamtmannen sine lovnader blei innfridde. Heller ikkje då vinteren gjekk mot slutten, hadde det etterlengta brevet frå departementet kome til Sveio. Fortviling og desperasjon spreidde seg på ny. Korleis sto det til med materialane etter nok ein vinter under open himmel? Kva skulle ein gjere med byggmeistrane som var hyra til arbeidet? Kor lenge ville dei gå og vente, utan å kome i gong med arbeidet? Ein ting var i alle fall sikkert, ein kunne ikkje berre sitje og vente lenger. Det var ikkje anna råd enn at ordførar Eritsland i eigen person måtte reise til Bergen i slutten av mars 1856. Også denne gongen fekk ein møte stiftsamtmannen, og han meddele nye opplysningar i saka. Ordføraren fekk vete at stiftsdireksjonen hadde bestemt seg for å vente med å behandle byggesøknaden til etter at saka om at Sveio skulle bli eige prestegjeld var avgjort. Eritsland argumenterte så godt han kunne mot denne avgjerda, og han gav seg ikkje før han fekk stiftsamtmannen til å innrømme at dei to sakene ikkje hadde nokon ting med kvarandre å gjere.


Ordføraren reiste heim att med ein ny lovnad frå stiftsamtmannen. Sakspapira skulle sendast til departementet i løpet av dei neste dagane, men stiftsamtmannen poengterte at kommunen måtte gå inn for dei endringane Stadtkonduktør Grosch hadde føreslått i sin vurdering av teikningane. Heller ikkje dette løftet greidde stiftsamtmannen å halde. Papira blei ikkje sende før 16. april. Utruleg nok hadde det teke to heile år for stiftsdireksjonen å behandle denne eine byggesaka. Og enda meir utruleg, kommunen hadde ikkje fått ei einaste skriftleg melding frå stiftsdireksjonen, trass i tre skriftlege og to munnlege oppmodingar om fortgang i saka.


Bygginga starta, -men ingen godkjende teikningar

I midten av april 1856 hadde kommunestyret nytt møte. Det blir referert til ordføraren sitt møte med stiftsamtmannen. På bakgrunn av lovnadane som var gjeve på dette møtet, gjorde kommunestyret eit dristig vedtak. Bygginga måtte starte førstkommande sommar, dersom ikkje materialane skulle gå aldeles tapt. Vedtaket var samrøystes. Denne avgjerda var ikkje uproblematisk. For det første var det ulovleg, og mildt sagt uvanleg å starte med eit slikt byggeprosjekt utan offentleg godkjenning. For det andre var teikningane og alle saks-dokumenta inne hos stiftsdireksjonen. Ein kunne heller ikkje spørje arkitekten om råd, han var nemleg avgått med døden i 1854. Løysinga var utruleg nok «at opføre efter Hukommelsen Kirkens Tømmerbygning, for at redde Tømmeret.»


Steinen til kyrkja sin grunnmur var frakta til tomta av bøndene i soknet. Muringa blei utført av Jocum Haukås og sonen Johannes Haukås. Rekneskapen viser at dei fekk 9 spd og 18 skl utbetalt for arbeidet. Mykje av tømmeret som var kjøpt inn sommaren 1854 måtte vrakast. Våren 1856 blei det kjøpt nye materialar for 327 spd, og i løpet av 1857 blei det kjøpt materialar for 1020 spd. Bordkledinga kosta 120 spd. Det var landhandlaren på Lyngholmen, Halvor Ingebrigtsen Hovda, som skaffa skiferhellene til taket. Det går fram av rekneskapen at hellene blei tekne i land på Fjon, bårne langs Fjonaelva opp til Vigdarvatnet, for deretter å bli frakta med båt til Sveio. Hellene kosta 214 spd, og dei som bar hellene opp til Vigdarvatnet, fekk betalt 1 spd og 96 skl for jobben.


Desse opplysningane er oppsiktsvekkande, fordi på folkemunne heiter det at skiferhellene blei tekne i land på Eltravåg og borne derifrå til Sveio. Sjølvsagt kan ein ha kjøpt takheller i fleire omgangar, men det er ingen grunn til å tvile på opplysningane i rekneskapsprotokollen. Me finn ikkje noko i rekneskapet om utgifter til transport av heller frå Eltravåg. Dessutan må det ha vore lettare å frakte hellene med båt frå Fjon til Sveio enn å bere dei heile vegen mellom Eltravåg og Sveio. Avstanden mellom sjøen på Fjon og Vigdarvatnet er berre nokre hundre meter, og Vigdarvatnet ligg berre 8 meter over havnivået.


Bygginga av kyrkja starta altså utan offentleg godkjenning, og utan så mykje som ein teikning av bygget. Likevel var nok dette einaste løysning for å berge materialane og for ikkje å miste byggmeistrane som var leigde inn til å gjere jobben. Det var ikkje alle som kunne ta på seg arbeidet med å bygge eit slikt bygg. Det var stor prestisje blant byggmeistrane i å kunne kalle seg kyrkjebyggar. Likevel var det rift om dei beste byggmeistrane, og oppdraga sto i kø for dei beste kyrkjebyggarane. Det blei bygd mange kyrkjer i distriktet i denne perioden på grunn av den store folkeveksten.

 

Kommunestyret meinte at dei hadde skaffa særs dugande byggmeistrar til oppdraget. Byggmeistrane budde i Skudeneshavn. Det var Tobias Thorsen, som opphavleg kom frå Sør-Audnedal, og det var Ole Andreas Jacobsen frå Syre i Skudenes. Desse hadde i løpet av dei siste åra bygd fire kyrkjer på ein særs tilfredsstillande måte. Her nemner dei Falnes kyrkje, Ferkingstad kyrkje og Tysvær kyrkje. Riktig nok var dette mindre kyrkjer enn den som skulle byggast i Sveio, med sitjeplassar til rundt 400 personar. Desse tre kyrkjene er alle oppførte etter typeteikningar av den kjende arkitekten Linstov. Desse såkalla Linstovkyrkjene hadde ein heller enkel konstruksjon utan eigen korbygning. Den nye kyrkja i Sveio baud på større utfordringar for byggmeistrane enn deira tidlegare kyrkjebygg hadde gjort, særleg når me veit at dei måtte starte arbeidet utan teikningar.


Stiftsdireksjonen kjem ut av dvalen

Endeleg let stiftsdireksjonen høyre frå seg. Dei sende eit brev som var kommunen i hende 19. mai 1856. Melding¬ane var ikkje så positive som ein hadde håpa på. Kommunen får klar melding om å rette på fem forhold dersom teikningane skulle bli godkjende. For det første kunne ikkje stiftsdireksjonen sjå at det var gjort noko med det tidlegare omtala misfor-holdet i proposisjonen mellom skipet og koret. For det andre så måtte det byggast sakristi, og for det tredje så var det kome nye reglar som krevde lynavleiar og plass til eit orgel i kyrkja. Dessutan blei det gjenteke at det ikkje på nokon måte var aktuelt å ta bort dei små hjørnetårna. Ikkje nok med det. Ein ny folketeljing hadde avslørt at folketalet i soknet hadde stige enda meir. Dermed meinte stiftsdireksjonen at den nye kyrkja var teikna for lita. Teikningane måtte endrast slik at kyrkja kunne romme minst 700 personar. Det blei foreslått ei forlenging av skipet på 3 alen, altså snaue to meter. Ei slik forlenging skulle kunne gi omlag 80 nye sitjeplassar.


Krava blei mottekne med ei kjensle av mismot og avmakt av kommunen sine folkevalde representantar. Kunne ein ikkje fått vite dette på eit tidlegare tidspunkt? Særleg tungt var kravet om at skipet måtte forlengast. Dette kravet såg ikkje kommunen seg i stand til å innfri, fordi «de indkjøpte Materialers Maal da bliver forkastede af Bygningsloven, og nu atter igjen strax at kjøbe nye, det formaaer ikke Sveen Sogns Commune.» Tømmeret var kjøpt på mål. Det vil seie at tømmerstokkane var tilpassa bygningen sine mål. Derfor ville ei forlenging av skipet føre til at tømmeret til kyrkjeskipet si langside ville bli for kort. Stiftsdireksjonen ville og at koret skulle kortast med to alen, altså litt over ein meter. Ei slik korting ville føre til at tømmeret til koret sine langsider måtte kappast.


Kommunestyret møtes 23. mai 1856 og går motvillig med på at det skulle byggast sakristi, setjast opp lynavleiar i spiret, og at det skulle lagast plass til orgel. Dei argumenterer så godt dei kan mot resten av endringane. Dei trekker inn byggmeistrane sine vurderingar, som går ut på at kyrkja blir stor nok til 700 personar utan at skipet blir forlenga. Dessutan meinte dei at ein med å opne opp mellom skipet og andre og tredje etasje i tårnet også ville få ein del nye sitjeplassar. Til slutt hevdar dei fram at ei forlenging var negativt også «med hensyn til Kirkens Prydelse.» Kommunestyret står framleis fast på vedtaket om å ta bort dei fire hjørnetårna, trass i stiftsdireksjonen sine tydelege meldingar om at hjørnetårna på ingen måte kunne sløyfast.


Dagen etter kommunestyret sitt møte sender ordføraren to brev. Det eine informerer stiftsdireksjonen om vedtaka i kommunestyret dagen før. Det andre brevet blir sendt til kyrkjedepartementet. Dette er langt på veg eit klagebrev kor ein tek for seg den seine saksgangen i stiftsdireksjonen. Heile historia blir fortalt ganske detaljert. Departementet blir også informert om kommunestyret sitt vedtak av 14. mai 1856, om å starte bygginga den føreståande sommaren. Til slutt i brevet ber ordføraren om departementet si forståing for den desperate situasjonen kommunen no var komen opp i, og om at godkjende teikningar måtte bli sendt dei aller næraste dagane.


Trass i kommunen si bøn til departementet, så fekk dei ikkje noko svar med det første, men dei fekk eit nytt brev frå stiftsdireksjonen 17. juni 1856. Her blei det peika på at kommunen ennå ikkje hadde retta seg etter kravet om at skipet skulle forlengast med 3 alen, og at ein dermed ikkje kunne venta å få teikningane godkjende. Endeleg forsto kommunestyret alvoret i saka. Det var ingen annan veg å gå enn å bite i det sure eplet og rette seg etter krava frå stiftsdireksjonen, men kommunen hadde dårleg tid. Departe¬mentet hadde starta saksbehandlingane, og meldinga frå stiftsdireksjonen kom nok frå departementet. I all hast blei det kalla inn til kommunestyremøte, og her blei det samrøystes vedteke at skipet skulle byggast tre alen lengre, altså ein lengde på 33 alen totalt. Samstundes gjekk ein med på at koret skulle kortast med to alen. Stiftsdireksjonen peika også på dei fire hjørnetårna, og slo fast at dei ikkje kunne sløyfast. Kommunestyret stritta, utruleg nok med tanke på kva som sto på spel, ennå imot hjørnetårna. Denne gongen argumenterte dei med at det ville bli vanskeleg å få taket tett over og rundt tårna. Dessutan meinte dei at kyrkja skulle byggast på ein så vêrhard stad, at desse tårna ville ha for stort vindfang.


«I uapproberet stand»

Dagen etter kommunestyremøtet, altså den 1. juli, sendte kommunen brev til stiftsdireksjonen om at dei hadde vedteke å forlenge skipet med tre alen. Ville denne meldinga kome fram til departementet i tide? Først måtte brevet innom prostiet, og stiftsdireksjonen måtte melde frå til kyrkjedepartementet. Truleg hadde departementet fatta vedtak før dei fekk melding om at kommunen hadde gått med på å forlenge skipet. I alle fall så kom det etterlengta brevet frå departementet til Sveio 8. august 1856. Det gjekk som ein kunne frykte ut frå meldingane frå stiftsdireksjonen. Teikningane og alle saksdokumenta blei returnerte i «uapproberet Stand.» Grønning sine teikningar var altså nok ein gong forkasta. Det var ei mager trøst at departementet tilbaud å dekke kostnadane til ny teikning.


Kva skulle ein gjere nå? Byggearbeidet var allereie kome godt i gang. Me får vite at kyrkja sine tømmerveggar alt var på plass, og at ein var godt i gong med taket. Var alt arbeidet, alle utgiftene, og ikkje minst all ventetida heilt bortkasta? Ein kunne berre ikkje gi seg no, enda kor mørkt det såg ut. Kommunestyret møtte på nytt den 12. august for å drøfte den sørgelege situasjonen. Dei var samde om å sende ein anke til departementet umiddelbart, og det var denne anken dom blei forfatta på kommunestyremøtet. Kommunen meinte at avslaget var gjort på feil grunnlag. Hovudgrunnen til avslaget var nemleg at kyrkja var for lita til å romme alle soknet sine innbyggarar. Avgjerda om å forlenge skipet med tre alen hadde altså ikkje nådd departementet i tide.


I ankebrevet får departementet heile historia gjengjeve ein gong til, og dei får vete at bygginga av kyrkja etter dei forkasta teikningane allereie er godt i gang, og dei får vite grunnen til dette. Kommunestyret legg seg flate og ber departementet om å føreslå eventuelle endringane som måtte til for å få teikningane godkjende, men endringane måtte ikkje vere så dramatiske at dei måtte rive ned det dei allereie hadde bygd. Me får vite kva endringar som er gjort under bygginga. Me må hugse at heile tømmerbygningen var reist utan at ein hadde teikningane å sjå etter! Forlenginga av skipet førte til at det blei eit nytt vindauge på kvar side. I tillegg hadde ein nytta ni søyler i staden for seks som i teikninga. Vidare står det i ankebrevet: «De fire Taarnene er ikke anførte paa de nye Tegninger. Man ønsker fremdeles at ungaae dem.» Denne gongen argumenterast det med at det alltid ville vere mulig å tilføye disse tårna i ettertid, dersom ein kom til å ønske det. Brevet tek og for seg stiftsdireksjonen si uthaling av tid og dei store tapa kommunen har lidd på grunn av den lange ventetida. Til slutt nærast tryglar kommunen, og ber på sine kne, om at departementet måtte sjå på saka med velvilje og vere litt rause. Ankebrevet blir sendt saman med teikningane og alle saksdokumenta same dag som kommunestyret hadde møtet. Samstundes sender dei eit anna brev til departementet. Her ber dei om at lånet på 2000 spd må kome kommunen i hende snarast, på grunn av alle utgiftene kommunen for tida har i samband med kyrkjebygginga. Desse pengane hadde kommunen no snart venta på i to heile år.


Korleis gjekk det med ankesaka? Me kan ikkje finne noko om det i kommunen sine møtebøker. Me finn heller ikkje noko om det i kommunen sin brevjournal eller kopibok. Ein må jo ha fått eit svar frå departementet, men ikkje alle brev blei ført inn i journalen. Det finn me fleire døme på. Møteprotokollen refererer til fleire brev som ikkje er journalførte. Kanskje var gleda og lettinga så stor då godkjenninga endeleg kom, at ein reint gløymde slike formalitetar? Ikkje veit eg, men kyrkja blei bygd, og ho sto ferdig sommaren 1858.


Korleis hadde det gått med økonomien i byggeprosjektet? Me hugsar at ein hadde budsjettert med at heile byggeprosessen ville koste 2800 spd. Når me kjenner alle vanskane og hindringane ein møtte på i prosessen, blir me ikkje så overraska når me får vite at den samla prislappen på kyrkja blei 5098 spd og 13 ½ skl. Materialane og transporten utgjorde 2753 spd og 39 ½ skl, medan arbeidsløn, tomt og teikningar hadde kosta 2344 spd og 94 skl. Korleis hadde kommunen greidd å betale alle utgiftene? Frivillige gåver frå kyrkjelyden utgjorde ca 800 spd. Kommunen hadde teke opp to lån frå Opplysningsvesenets fond som kvar var på 2000 spd. I tillegg går det fram av rekneskapen at dei hadde teke opp eit lån i Haugesund Sparebank på 400 spd. Dessutan hadde kommunen lånt 212 spd av til saman ti privatpersonar i soknet. Summerer me opp, ser me at den nye kyrkja hadde gitt kommunen ei gjeld på over 4500 spd. Dette lånet skulle betalast ved at kommunen utlikna bøndene på matrikkelskylda. I 1859 utgjorde denne ekstraskatten 217 spd. Denne ekstraskatten måtte bøndene i kommunen slite med i 30 år før kyrkja var nedbetalt rundt 1890.


Kyrkja blei vigsla og teken i bruk

Kva skjedde med den gamle kyrkja? Kommunen var i desperat pengemangel. Derfor vedtok dei å rive den gamle kyrkja straks den nye var teken i bruk. Søndag 15. august 1858 hadde stiftskapellan Tornøe den aller siste gudstenesta i Sveio gamle kyrkje. I dagsregisteret til soknepresten i Finnås kan me lese at kapellanen saman med kyrkjelyden tok avskjed med den gamle kyrkja og la fram ei bøn for vigslinga av den nye kyrkja som skulle skje neste søndag. Gamlekyrkja blei riven hausten 1858, og bygningsmaterialane blei selde på auksjon. I kyrkja sitt rekneskap for 1859 ser me at kommunen fekk inn 138 spd og 81 skl på denne auksjonen. Tømmeret frå den gamle kyrkja blei brukt i fleire hus i Sveio.


Det var ingen som tenkte på dei store utgiftene og den store gjelda kommunen hadde skaffa seg då kyrkja blei vigsla av biskop Kaurin den 22. august 1858. Dette var ein stor og etterlengta festdag for heile bygda. I soknepresten sitt dagsregister ser me at vigslinga var ein høgtideleg seremoni. Sokneprest Holst utførte forretningane i gudstenesta på vegne av biskopen. Prestar frå heile Sunnhordland tok del i seremonien. ”Optræende Prester” var sokneprestane i Kvinnherad, Stord, Tysnes og Fjellberg. I tillegg var stiftskapellanen frå Skånevik og Finnås med på gudstenesta.


No sto kyrkja der klar til å takast i bruk av soknet sine innbyggarar. Trass i alle problema under byggeprosessen, ruva kyrkja i terrenget som eit praktfullt og imponerande monument. Kyrkja steig fram som eit mektig symbol på bøndene og bygdefolket sin seier over det mektige embetsmannsbyråkratiet. Dei var nok stolte, og det med god grunn, alle dei som hadde vore med og gjort ein innsats. Heile bygda hadde gjort ein formidabel innsats for at den etterlengta kyrkja skulle bli ein realitet. Likevel er det heilt klart at kommunen sine folkevalde, med Jens Johannessen Tvedt og Lars Eritsland i spissen, spela ei uvurderleg stor rolle for at historia skulle få ein lykkeleg slutt. Ordførarane og kommunestyret sto på heile vegen og gjorde mange dristige val. Nokre skjebnesvangre feiltrinn gjorde dei nok, men utan dei dristige vala, ville kyrkja truleg ikkje blitt så storslagen og flott som det ho blei.



Kjelder:

-Møteprotokoll for Sveio formannsskap og kommunestyre, 1852-1893.

-Sveio formannssakap brevjournal.

-Kyrkjeprotokoll for Sveio, 1820-1895.

-Ministerialbok for presten i Finnås, 1850-1862.

-B. E. Bendixen, «Kirkene i søndre Bergenhus amt», 1904.

-Arne Langhelle, Svein Ivar Langhelle og Nils Olav Østrem, «Skåre –gard og folk», 1999.

-Sverre Halleraker, «En munter travelhet», hovudfagsoppgåve i historie, UiB, 1997.

-Roar Svendsen, «Fra husklynge til by. Skudeneshavn 1835-1875», 1996.

Simon Steinsbø, «Sveio. Gards og ættesoge», 1986 og 1987.