Limet som samla bygda

Limet som samla bygda


Kyrkje og prest si rolle for folk i kvardag og høgtid



Av Sverre Halleraker

Motiv frå den gamle kyrkjegarden ved Tjernagelvegen. Eit par av gravene har framleis jernkors, sjølv om kyrkjegarden ikkje har vore brukt sidan 1880. (Foto: Marianne Ø. Halleraker)

Innleiing

Presten og kyrkja, og alle dei kyrkjelege handlingane, var eit naturleg samlingspunkt for bygda på 1800-talet. Presten og kyrkja spela ei viktig rolle for folk både i kvardag og høgtid. Preikesundagen og gudstenesta var ei viktig hending. Turen til kyrkja var ein kjærkomen avveksling for folk i ein strevsam og einsformig kvardag. Me skal i denne artikkelen sjå på korleis gudstenesta arta seg i Sveio på 1800-talet. Me skal og sjå på presten sine embetsoppgåver, som ikkje hadde noko med kyrkja å gjere. Dessutan skal me sjå på presten og kyrkja si rolle i samband med dødsfall og gravferder.


Fleire kjelder gir oss informasjon om kva plass kyrkja hadde i bygdefolk sin kvardag i siste halvdel av 1800-talet. I tillegg til ministerialboka, er det særleg to kjelder som peikar seg ut som dei vikigaste, nemleg presten si kallsbok og dei såkalla visitasprotokollane. Om lag annan kvart år var det prostevisitas eller bispevisitas i prestegjeldet. Visitasen tok fleire dagar, og her blei presten sitt arbeid og kristenlivet i prestegjeldet gått nøye i saumane. Visitasen tok del i ei gudsteneste, og dei fekk som regel med seg ei overhøyring av skuleborna og konfirmantane. Observasjonane blei skrivne ned i visitasprotokollen.


I presten si kallsbok kan me finne mange interessante opplysningar. Det varierer frå prest til prest kor mykje som blei skrive ned, men kallsboka var ei slags dagbok for presten. Spesielle hendingar blei ofte skrivne ned, og alle sokne¬prestane som teneste¬gjorde i Sveio på 1800-talet har skildra tenestetida si i kallsboka. Kallsboka inneheld også mykje detaljert statistikk for prestegjeldet. Her må arbeidet til sokneprest Nils Anton Aall (1882-1894) trekkast fram. Han utarbeida statistikk over alt frå talet på nattverdsgjester, konfirmantar, fødde og døde, til skulestell, utvandring til Amerika, og dessutan over personar med ulike funksjonshemmingar og skavankar. Kallsboka gir oss derfor eit godt innblikk i mykje av det som gjekk føre seg i Sveio-bygdene på 1800-talet. I denne artikkelen er det tilhøva i Sveio sokn me ser på. Når eg her skriv om Sveio, så er det Sveio sokn, og ikkje Sveio prestegjeld.


Gudstenesta

Sveio sokn er eit stort kyrkjesokn i geografisk utstrekning. Vegane i Sveio var som me veit svært dårlege midt på 1800-talet, og avstandane i soknet var store og uoverkomelege. Preikesundagane var difor eit kjærkome møtepunkt for folk i bygda. Heile bygda såg fram til å reise til kyrkja når preikesundagen nærma seg. Om ikkje alle såg like mykje fram til det religiøse innhaldet i sjølve guds¬tenesta, så såg ein fram til å treffe folk, og ein var spente på om det var noko nytt å få høyre på kyrkjebakken. Lensmannen leste opp sine kunngjeringar, og det same gjorde klokkaren. Her treftest folk og inngjekk alt frå arbeids¬kontraktar til avtalar om giftarmål. Kjøp og sal gjekk og føre seg her, men dette måtte ikkje gjerast for openlyst. Det var eit yrande folkeliv på kyrkjebakken utanfor kyrkja etter gudstenesta, og folk drya det ofte lenge før dei la i veg heimover.


Me veit at folketalet steig raskt i Sveio fram til 1865. I 1801 budde det berre 811 personar i Sveio sokn. I 1865 var talet oppe i 2078 innbyggarar. Den nye kyrkja var stor, men ho var lita med tanke på folketalet i soknet. Kyrkja hadde rundt 700 sitjeplassar. Korleis kunne alle få plass under gudstenestene? Det var nok alltid nokon som av ulike grunnar ikkje kunne møte til gudsteneste. Gamle, sjuke og funksjonshemma kom seg ofte ikkje til kyrkja. Kyrkjevegen kunne vere lang og strevsam nok for unge og friske folk. Ein tok heller ikkje med seg dei minste barna til kyrkja. Difor måtte nokon vere heime for å sjå etter barna. Mødrene måtte vere heime med spedbarna, medan tenestefolket som regel måtte vere heime for å lage mat og sjå etter garden.


Me kan tenke oss at det var trongt om plassen i kyrkja. Ein stua seg saman så godt ein kunne. Dei minste måtte sitje på fanget til vaksne eller eldre søsken. Barna utgjorde ein stor del av folketalet. Me veit at 24 prosent av folketalet i Noreg i 1875 var under 10 år. Dette talet var nok minst like høgt for Sveio. Med andre ord var det i 1875 om lag 500 barn under 10 år i soknet. Det var nok trongast på galleriet. Her måtte alle dei som ikkje hadde faste plassar prøve å presse seg saman. Ofte måtte mange stå i gongar og i trapper.


Prostevisitasane fortel oss ein heil del om gudstenestene. I 1869 skildrar visitas-protokollen gudstenesta i Sveio på denne måten: «Gudstjenesten besøges i almindelighed flittig… Orden og Stilhed vil yderligere blive beskyttet naar Dørvogtere ansættes i Sveen… Alterens Sakramente besøges nogenlunde flittig, dog kjendes flere som afholde sig derfra… overhøringer med den Confirmerede Ungdom ved Søndagsgudstjenestene maa ønskes talrigere besøgt. Den Misbrug at Søndagen benyttes til Ærendsreiser til Nabobygder finder skjeldnere sted.»


Det var frivillig å ta del i nattverden under gudstenesta, men presten noterte namnet på alle som gjekk til alters i den såkalla kommunikantprotokollen. Dersom det gjekk for lang tid mellom kvar altergang, måtte ein rekne med ei påminning frå soknepresten om kor viktig det var å ta del i dei heilaga sakramenta. I kallsboka finn me statistikk over nattverdsgjester frå 1878 til 1893. Statistikken viser kor mange av kvart sokn sine innbyggarar som tok del i nattverden frå år til år. Dei fleste av desse gjekk til alters fleire gonger i året. Talet for Sveio sokn ligg nokså stabilt mellom 700 og 800 kommunikantar dei fleste åra, men me finn nokre år med svingingar. Året 1885 var det dårlegaste året med berre 612 kommunikantar, medan 1888 og 1889 var dei beste åra med høvesvis 975 og 1061 kommunikantar. Samanliknar me dei tre sokna, er det verdt å merke seg forskjellen mellom Sveio og Vikebygd på den eine sida og Valestrand på den andre sida. Tala på kommunikantar er markert høgare i Valestrand sett i høve til folketalet. I Sveio og Vikebygd var det berre rundt halvparten av dei over konfirmasjonsalderen som tok del i nattverden. I Valestrand tok derimot over 90 prosent av dei konfirmerte del i nattverden ein eller fleire gonger i året.


Talet på kommunikantar i Sveio prestegjeld 1878-1893:

År:

Sveio sokn:

Vikebygd sokn:

Valestrand sokn:

Totalt:

1878

787

340

643

1770

1879

732

338

625

1695

1880

774

333

549

1656

1881

730

357

598

1685

1882

821

423

634

1878

1883

751

418

579

1748

1884

804

488

659

1951

1885

612

479

530

1621

1886

684

543

635

1862

1887

697

453

646

1796

1888

975

568

717

2260

1889

1061

471

717

2249

1890

922

518

677

2117

1891

847

412

609

1868

1892

763

364

640

1767

1893

764

366

456

1586

Kjelde: Kallsbok for Sveio s. 122b

Sveio prestegjeld sin første sokneprest, Johan Fredrik Heyerdahl, forlet Sveio i 1868. Den nye sokne¬¬presten var Erik Andreas Thormodsæter. Visitasprotokollen fortel at den nye soknepresten «ved sin Ankomst for et par Maaneder siden er bliven modtaget med stor Kjærlighed af Menigheden.» Det kan sjå ut som om den nye soknepresten hadde god innverk-nad på kyrkjelyden. I 1871 slår visitasen fast at mykje hadde betra seg. Kyrkjebesøket hadde stige ein heil del dei siste to åra. Ro og orden herska under gudstenestene, og altergangen såg ut til å stige igjen. Den konfirmerte ungdomen deltok også hyppigare på overhøringane under gudstenesta. Ein var like tilfredse to år seinare og slår fast at gudstenestene «overværes med megen Stilhed og Orden.» Dessutan hadde presten fått folk til å bli flinkare til å halde husandaktar på dei søndagane det ikkje var gudstenester i kyrkja. Presten hadde og fått i stand regelmessige bibellesingar både i kyrkja og på prestegarden. Presten meinte at bygdefolket sette stor pris på desse bibelsamlingane, og prosten ønska at dei skulle halde fram.


Visitasen konkluderer med at både prostiet og kyrkjelydane er «særdeles tilfredse med Sognepræsten. Det var med Bedrøvelse man hørte at han var forflyttet.» Soknepresten kunne fortelje at han hadde motteke mange bevis på kyrkjelydane sin kjærleik til han. Det var ikkje med glede han forlet stillinga si, men han klaga på dei økonomiske byrdene han hadde i samband med alle reisene. Sveio kommunestyre hadde ved kongeleg resolusjon sikra seg at presten skulle reise til hovudkyrkja ein gong i veka utan å få noko form for godtgjersle.


Sokneprest Erik Andreas Thormodsæter. (Foto Sveio kommune, ukjent fotograf.)

I 1875 refererer visitasen gudstenesta ved Sveio kyrkje søndag 5. september. Referatet høyrtest slik ut: «Søndagen den 5. September holdtes kirkevisitas i Sveens Kirke. En talrik Almue var samlet. Stilhed og Orden herskede. Sognepræsten predikede over Dagens Evangelium, Math. 6, 24-34 med Themaet: Du skal ikkje have fremmede Guder for mig. (Med Tilknytning til hver af de tre Trosartikler). Af den Konfirmerede Ungdom fremmødte 29 Gutter og 56 Piger til overhøring der skede først ved Sognepræsten, derefter ved Visitaten. Deres Kundskab var for Enkeltes vedkommende meget god, forøvrigt dels god dels maadelig. Læsningen var i det hele god. Somme læste meget godt. Enkelte slett. Visitatet sluttede den første overhøring med Tale over Gal. 6, 4, den andre med Tale over Gal. 6,2.»


Dei neste åra var visitasen nøgd med gudstenestene i Sveio. Deltakinga var god og det var orden og ro under gudstenestene. Mot slutten av 1870-åra var ein likevel lite nøgd med ungdomen. Det var for mange ungdomar som ikkje møtte til gudsteneste. Dessutan blir det skrive at dei var tilbøyelege til å forlate gudstenesta før ho var ferdig. Dessutan hadde altergangen gått tilbake dei siste åra. Folk var flinke til å ha husandaktar på søndagar utan gudsteneste, men slike var sjeldne på kvardagar. Bibellesing i kyrkja og på prestegarden var framleis vanleg. Ungdomen fekk unngjelde enda meir. Det hende at dei tok turen til gudstenester i nabosokna. På slike reiser skulle det ha gått føre seg usømmeleg åtferd under misbruk av sterk drikke.


I 1880-åra sleit ein med dei same problema som før. Deltakinga på gudstenestene kunne vore betre, særleg blant ungdomen. Ein klaga over støy og uorden med at folk forlèt gudstenesta før ho var slutt. I 1887 hadde tilhøva betra seg i Sveio kyrkje etter at kommune-styret hadde vedteke ordensreglar som blei opplesne under kvar gudsteneste.


Presten som embetsmann

Dei midtre tiåra av 1800-talet blir ofte kalla «Embetsmannsstaten». I denne perioden blei Noreg i stor grad styrt av embetsmenn. I regjeringa og departementa var det embets-mennene som rådde. Dessutan var dei fleste stortingsrepresentantane også embetsmenn. Presten var og ein statstilsett embetsmann, og han var den norske staten sin forlenga arm ute i bygdene. Embetsmennene i staten brukte presten som sin reiskap i moderniseringa av landet som gjekk føre seg siste halvdel av 1800-talet. Moderniseringa innebar mykje kartlegging av tilhøva ute på bygdene. Mykje av denne kartlegginga fekk presten ansvaret for. I tillegg til kartlegging, skulle presten bidra til modernisering i bygda. Her var skulen viktig. For å modernisere levemåten og produksjonsmåten ute på bygdene, måtte barna få ei god opplæring. Sjølv om ein fekk kommunalt sjølvstyre i 1837, var det staten sin representant, nemleg presten, som hadde eit overordna tilsyn med skulane i prestegjeldet. Dessutan hadde ofte kyrkjesongaren stillinga som skulelærar. Slik var det i Sveio og.


Før 1860 hadde Sveio berre to skulelærarar, og kommunen hadde ingen faste undervisningslokale. I 1860 kom «Lov om Almueskolen». Kommunen skulle delast inn i skule-krinsar, og dersom krinsane hadde meir enn 30 barn i skulepliktig alder, skulle kommunen skaffe faste lokale. Det var vanskeleg å få til den lovpålagde omorganiseringa av skulen i Sveio, og Sokneprest Heyerdahl kjempa ein hard kamp mot kommunestyret for å få nok pengar til å kunne drive ein skule som tilfredsstilla lovkrava.


I kallsboka finn me ein detaljert oversikt over skulestellet i prestegjeldet frå 1862 til 1883. Me kan sjå nærare på tala for eit av åra, nemleg 1863. På dette tidspunktet hadde Sveio ingen skulehus som kommunen eigde. Soknet hadde 360 barn i skulepliktig alder fordelt på 13 skulekrinsar. Året før var det heile 408 barn i skulepliktig alder. Fem skulekrinsar dreiv opplæring i faste leigde lokale, nemleg Åse, Kvalvåg, Eltravåg, Mølstre og Nordre Våga. Dette var dei største krinsane med elevtal mellom 33 og 44. Resten av krinsane hadde omgangsskule. Desse skulekrinsane var Færås, Bråtveit, Tjernagel, Haukås, Lier, Bua, Vikse og Eilerås. Alle skulekrinsane, utanom Bua og Eilerås, gav barna undervisning frå 9 til 12 veker i året. Bua og Eilerås underviste mindre enn 9 veker. Kommunen brukte 308 spd på skulen, og av dette beløpet utgjorde lærarløn 193 spd, medan ein brukte 45 spd til å leige lokale. Sveio hadde seks lærarar i 1863. Berre ein av desse hadde lærareksamen. Ein lærar hadde undervist i meir enn 15 år, og ein lærar hadde undervist mellom fem og 15 år. Resten hadde undervist mindre enn fem år.


Skilnaden var stor mellom presten og bygdefolket. Presten var av eit anna sosialt lag og hadde ein heilt annan bakgrunn. Med unntak av Thormodsæter kom prestane som teneste-gjorde i Sveio prestegjeld på 1800-talet også frå andre deler av landet. Skilnaden mellom presten og bygde¬folket kjem særleg godt fram i Heyerdahl si skildring av tilhøva i Sveio. Alt han skriv er prega av ei nedlatande haldning til det meste i prestegjeldet. Dette kjem tydeleg fram i artikkelen med overskrifta «Sju strie år i Sveio».


Utviklingstrekk i befolkninga

Det var presten som førte statistikk over folketalet i prestegjeldet. I kyrkjebøkene finn me protokollar over kor mange som blei vigde kvart år. Me finn også ut kor mange barn som var fødde kvart år, og kor mange av desse som var såkalla uekte barn. Dessutan kan me finne ut kor mange som blei konfirmerte kvart år, og me kan finne ut kor mange som døde. Presten registrerte også utflyttarar, og me får vite kor dei flytta. I Sveio-presten si kallsbok finn me også ein eigen statistikk over dei som flytta til Amerika mellom 1860 og 1890.


Presten sin statistikk gir oss eit godt innblikk i korleis be¬folkninga utvikla seg i Sveio i denne perioden. Sveio hadde hatt ein formidabel auke i folketalet frå 1800 og fram til 1875, medan ein opplevde ein svak tilbake¬gang i folketalet frå 1875 til 1890. Figuren nedanfor viser korleis folketalet utvikla seg. I 1801 budde det berre 811 per¬sonar i Sveio sokn, medan folketalet i 1865 var oppe i 2078. Når me veit at folketalet ikkje auka mellom 1801 og 1815 på grunn av krig og uår, ser me at folketalet i Sveio steig med 1267 personar på 50 år. Dette er ikkje berre ei dobling av folketalet, men ei stigning på 156 prosent på 50 år!


Kjelde:Kallsbok for Sveio s. 123a.

Heile landet opplevde ei sterk folkeauke i tiåra før 1875. Årsaka til folkeauken var bedre kosthald og hygiene, samstundes som ein fekk bukt med mange sjukdommar ved hjelp av vaksinering. Dermed var det færre som døydde av sjukdommar og feilernæring enn tidlegare. Tidlegare hadde særleg mange spedbarn døydd av sjukdommar og dårleg hygiene. No fekk dei fleste barna som var sett til verda vekse opp, men folk fekk like mange barn som tidlegare. Dermed blei det folkeauke.


Utviklingstrekk i befolkninga: Gjennomsnitt for kvart år i tiåra 1860-1890

Tiår:

Ektevia par:

Fødde barn:

Uekte fødde barn:

Konfirmerte:

Døde:

1850-åra

16

62

4

45

32

1860-åra

15

70

5

62

30

1870-åra

16

58

3

50

31

1880-åra

15

60

3

46

37

Kjelde: Kallsbok for Sveio s. 115.


Denne tendensen gjorde seg og gjeldande i Sveio. Samstundes opplevde Sveio stor tilflytting i tiåra før 1870 på grunn av dei store vårsildefiskeria. Tabellen nedanfor viser at fødselstala var høgast i 1860-åra. Hadde me hatt tala for 1850-åra, ville desse vore ennå høgare, men fødselstala var høge heile 1860-talet. 1867 var eit toppår med heile 96 fødde barn i Sveio sokn. Dette året var og eit toppår når det gjaldt uekte fødslar. Heile 10 barn blei fødd utanom ekteskapet i 1867.


Me ser at talet på døde heile tida ligg langt under talet på fødde barn. Dermed skulle me hatt ein sterk folkeauke i Sveio heilt fram til 1890. Det var ikkje tilfellet. Dei siste tiåra av 1800-talet opplevde ein at mange flytta frå Sveio. Sidan fødselsoverskotet var så stort, gjekk ikkje folketalet mykje ned. Det var to hovudgrunnar til at folk flytte frå Sveio på slutten av 1800-talet. For det første har me dei store barnekulla frå tiåra rundt 1850. Det var vanskeleg for alle desse å skaffe seg eit levebrød i heimbygda. Det var ikkje arbeid til alle desse på gardane i Sveio. Modernisering og tekniske nyvinningar resulterte tvert om til at behovet for arbeidskraft på gardane blei mindre. Den andre grunnen var at dei gode vårsildfiskeria brått tok slutt rundt 1870. Dette tok bort næringsgrunnlaget for mange.


Døden – ein naturleg del av livet

Kyrkja og presten har alltid spela ei viktig rolle i samband med alvorlege ulykker og dødsfall. Slik var det på 1800-talet og, men døden var mykje oftare på vitjing enn han er i våre dagar. No er det heller sjeldan i løpet av eit langt liv at folk opplever dødsfall i nære relasjonar. Døden kjem som oftast som eit sjokk på oss, sjølv når det er gamle folk som døyr. Slik var det ikkje før. På midten av 1800-talet var det uvanleg dersom ingen av barna i ein søskenflokk hadde avgått ved døden før konfirmasjonsalderen. Mange barn døydde, og mange av dei som døde var spedbarn. Dessutan døydde mange unge vaksne av sjukdommar og ulykker, og mange kvinner døydde i samband med barnefødslar. I Sveio var det også mange som døydde av drukning. Sjøen var som me veit den viktigaste ferdselsåra. For folk i Sveio var fiske ein viktig næringsveg i kombinasjon med jordbruk. Derfor var folk mykje ute i båt både i samband med reiser og fiske. Mange blei ramma av uvêr og brottsjøar, og dei som var heime måtte heile tida vere førebudd på dødsbodskapen.


Ved å studere kyrkjebøkene får me eit godt innblikk i kor ofte døden gjorde sitt inntog i Sveio på 1800-talet. Presten førte statistikk over døde og gravlagde i ministerialboka. Her får me vite kven den døde var og kor gammal han var. Me får også vite dødsårsaka dersom det var noko uvanleg som låg bak. I kallsboka finn me ein statistikk over slike uvanlege dødsfall i perioden 1871-1883. Tabellen nedanfor viser tala.

I løpet av desse 13 åra har presten registrert 66 dødsfall som spesielle. Det er verdt å merke seg at sjukdomsepidemiar ikkje er tekne med her. Skalagensfeberen herja rundt 1880, og denne epidemien tok livet av mange. Elles ser me at det var mange som drukna. Nokre tiår tidlegare var talet på drukna enda høgare. Rundt 1880 hadde vegbygginga kome langt, og mykje av transporten var no flytta frå sjøen og over til landevegen.


Spesielle dødsfall i perioden 1871-1883:

Dødsårsak:

Sveio sokn:

Vikebygd sokn:

Valestrand sokn:

Drukning

35

16

18

På barselseng

6

6

2

Sjølvmord

3

0

2

Spedalsk

12

3

2

Ulykke som førte til død

10

2

1

Totalt

66

27

25

Kjelde: Kallsbok for Sveio, s.118a.


For å danne oss eit bilete av kor ofte ein opplevde døden, kan me sjå nærare på statistikken over døde eit bestemt år. Me kan sjå på året 1861. Dette året blei 38 personar jordfesta i Sveio sokn. Nokre av desse var døde året før. Reglane var slik at personar som ikkje var døypte, ikkje kunne jordfestast i vigsla jord før det var gått ca. tre månadar sidan dødsfallet. Dette førte til at dødfødde barn og barn som døydde like etter fødselen blei gravlagde utan jordfesting, for så å bli jordfesta av presten når tida var inne.


Av dei 38 som blei jordfesta i 1861 var 16 personar, eller 42 prosent, barn under 15 år. Berre 13 av dei som døydde dette året var over 60 år, medan 9 av dei døde var mellom 15 og 60 år. Slike statistikkar over døde har lett for berre å bli tal. For å få eit betre inntrykk må me prøve å leite fram menneska som ligg bak tala. Kven var alle dei 16 barna som døydde dette året, og kvifor døydde dei? Tabellen nedanfor kan fortelje oss det.


Døde under 15 år i Sveio i 1861:

Dødsdato:

Dato for jordfesting:

Alder:

Namn:

Bustad:

Dødsårsak:

3.3.61

9.3.61

1 år

Siri Gurine

Sveen


6.12.60

20.3.61

8 timar

Elias

Tjernagel


6.12.60

20.3.61

8 timar

Anna Martha

Tjernagel


22.2.61

29.3.61

13 år

Aslak Mathias

Skiftestad

Gjekk gjennom isen

3.6.61

29.3.61

3 veker

Daniel

Vikse


17.12.60

14.4.61

10 dagar

Endre Johan

Strømmen


26.4.61

26.5.61

4 år

Jacobi Christina

Bråtveit


26.5.61

23.6.61

10 år

John

Rødmyr

Meslingar

3.6.61

23.6.61

15 år

Johanna

Rødmyr

Meslingar

29.5.61

21.7.61

10 år

Baldzer Marthines

Fjonaplass

Meslingar

5.6.61

21.7.61

3 år

Dorthe Malene

Rødmyhr

Meslingar

29.7.61

17.11.61

15 dagar

Johan Bielk

Mølstrevåg


13.3.61

29.3.61

2 dagar

Gunder

Drange


29.7.61

17.11.61

6 år

Elias

Birkelandsplass


8.11.61

25.12.61

3 år

Reier Johan

Åsbu


15.12.61

25.12.61

7 veker

Knud

Åsbu


Kjelde: Kyrkjebok for Sveio, Ministerialbok.



Tabellen viser at mange spedbarn døydde. Årsaka var ofte dårleg hygiene. Mange sped¬barn døydde av magesjuke og diaré, som skuldast farlege tarmbakteriar. Mange av dei gravide hadde også eit dårleg og mangelfullt kosthald. Dermed var mange barn svake og sjuklege ved fødselen og hadde små sjansar til å greie seg. Nokre familiar blei særleg hardt ramma. Me ser at eit tvillingpar på Tjernagel berre levde 8 timar før begge døydde. Ein familie på Rødmyr mista ein son på 10 år og ei dotter på 15 år med få dagars mellomrom. Begge døydde av meslingar, og begge blei jordfesta på same preikesundag. Under ei anna gudsteneste dette året blei heile fire barn jordfesta. 


Sorga var like stor for folk som opplevde å miste sine kjære for hundre år sidan som no, men sorga var ein naturleg del av kvardagen til folk. Dessutan døydde dei fleste heime, og dei døde blei stelt og liggande heime heilt til dei skulle gravleggast. Liket låg på likstrå i stova, og folk i huset måtte sitje likvake i fleire dagar før den døde blei lagt i kista. Gravferda fann stad frå heimen til den døde, og ikkje frå kyrkja som i dag. På denne måten blei ikkje døden og døde menneske noko framandt, men ein naturleg del av kvardagslivet til folk.

 

Gravferda skjedde utan at presten var til stades på 1800-talet. Likevel spela presten og kyrkja ei viktig rolle i samband med dødsfall. Dødsfall blei rapportert inn til presten slik at han kunne skrive ut dødsattest. Det var så å seie ikkje ei gudsteneste utan ei eller fleire jordfestingar. Utanom gudstenesta måtte presten legge ut på soknebod til svært sjuke og døyande folk, slik at dei skulle få ta del i nattverda ein siste gong. Presten blei også tilkalla når det såg ut som om nyfødde barn ikkje skulle overleve. I slike tilfelle blei det stelt i stand heimedåp, så sant presten hadde sjansen til å komme før det var for seint. Det var viktig at barnet blei døypt før det døydde, elles ville det etter mange si meining ikkje bli frelst for arvesynda, og kunne etter den gamle trua dermed ikkje komme inn i Guds rike.


Den gamle ordninga med at gravferda fann stad frå heimen og ikkje frå kyrkja, var det vanlege i Sveio heilt fram til 1950. Olav Bøe, som er født i 1925 og bur på Kvalvåg i Sveio, kan fortelje at ein hadde gravferd frå heimen i hans barndom og ungdom. Bøe fortel at det første ein måtte gjere når nokon på garden var død, var å køyre med hest og slede til Sveio for å kjøpe kiste. Det var eigen kistesnekker i Sveio, og kistelageret låg like aust for kyrkja. Presten måtte sjølvsagt og varslast, og ein måtte avtale gravferdsdag. Den døde blei stelt heime og kledd i finstasen. Det var oftast leigd nokon inn til å stelle den døde. Fram til gravferdsdagen blei kista plassert på låven eller i eit anna uthus på garden. Ei nabokone fekk i oppdrag å be folk til gravferda. Alle som budde på nabogardane blei bedne. Dersom den døde budde på Kvalvåg, blei folk frå Kvalvåg, Dynjo, Kvalvågnes, Leirvik, Fjon og Lyngbakken bedne. Alle som var med på gravferda skulle ha mat etterpå, så kvinnene på garden måtte bake og stelle i stand mykje mat før gravferda.


Dersom vêret var bra på gravferdsdagen, blei kista plassert ute på tunet. Var det ruskevêr, så blei kista teken inn i stova. Før turen til kyrkjegarden, blei det sunge salmar og lese nokre bibelvers heime på garden. Deretter blei kista plassert på sleden, og hesten blei spent føre. Turen frå Kvalvåg til kyrkjegarden på Bjelland var dryge 7 kilometer lang og tok om lag ein og ein halv time. Framfor sleden med kista køyrde ei finare vogn. I denne vogna sat i tillegg til kusken to menn som song salmar heile vegen fram til gravplassen. Lars Holmen frå Våga og Johan Lyngbakken blei brukt til slike gravferdssongarar.


Etter sleden gjekk gravfølget med alle dei som var bedne til gravferda. Ikkje alle var spreke nok til å vere med heile vegen til kyrkjegarden, men etter skikken skulle alle gå med eit stykke på vegen og sjå følget vel av garde. Langs vegen hadde folk pynta med granbar eller anna grønt ved avkøyrslane. Pynten var forma som firkantar eller som kors. Presten hadde sykla frå prestegarden på Førde, og sto og venta på gravfølget ved kyrkjegarden på Bjelland. Då presten hadde utført jordfestinga og resten av seremonien på gravplassen, vende grav-følget heim att. Der venta dei med mykje god mat, og det var mange som såg fram til maten etter ein lang dag og ein lang spasertur.


Denne skildringa viser at dei gamle tradisjonane og skikkane blei halde i hevd lenge på bygdene i Sveio. Etter 1950 kom den moderne tida og den moderne måten å leve på til Sveio og. No er det ikkje mange som døyr heime, og det er eigne gravferdsbyråer som tek seg av det meste i samband med gravferda. Den moderne tida førte og til mange endringar når det gjeld presten sine oppgåver, og ikkje minst når det gjeld kva plass kyrkja har i folk sine liv. Sjølv om kyrkja og presten framleis betyr mykje for mange, særleg i samband med dødsfall og kriser i folk sine liv, hadde nok både presten og kyrkja ein mykje meir sentral plass i folk sine liv i den gamle tida.



Kjelder:

-Kallsbok for presten i Sveio, 1863-1893.

-Visitasprotokoll for prosten i Søndre Sunnhordland 1864-1896.

-Visitasprotokoll for biskopen i Bjørgvin 1820-1895.

-Ministerialbok for presten i Sveio, 1861-1877.

-Olav Bøe, Artikkel om gamle gravferdsskikkar, i Vestavind 28. februar 2008.