Sveens hovedsted og herlege svingar mot Valestrand

Del 2:


"Sveens hovedsted"

og herlege svingar mot Valestrand



Av Sverre Halleraker

Førdebygda med Førdespollen og Siggjo i bakgrunnen. Biletet er frå 1914, og er ganske identisk med det som møtte journalisten frå Stavanger Aftenblad tre år tidlegare. Han var full av lovord då han skildra møtet med den vakre Førdebygda. (Foto frå www.sveiokort.com.)

I første del av denne serien med reiseskildringar reiste me hundre år tilbake i tid. Ein journalisten frå Stavanger Aftenblad tok oss med på ei reise gjennom Sveio. Reisa starta på Våga ved Ålfjorden, gjekk via Lid og Bjelland til Sveiogarden, før reisa gjekk langs den gamle bygdevegen til Tjernagel. Der fekk journalisten båtskyss vidare til Førde. Her skulle han overnatte, før han reiste vidare. Me skal no få ta del i journalisten sine inntrykk frå møtet med Førde, og me skal få vere med han på reisa nordover mot Valevåg. Det er ikkje til å leggje skjul på at han likte det som møtte han i Førde.


Noko fornemt over naturen

Journalisten syntes kontrastane mellom vestkysten av Sveio og bygdene rundt Førde var store, og han starta skildringane sine slik: «Å kome frå Tjernagel og Øklandsbygda, og over til Førde, er som plutseleg å bli flytta frå eit typisk kystlandskap til ei ekte innlandsbygd. Der ute ved havet er det noko nakent, strengt og vêrbitt over naturen, medan naturen her inne smiler i lun ro. Opp frå botnen av Førdespollen løftar det seg smått om senn ein vennleg dal, omringa av låge skogåsar på begge sider. I bakgrunnen kan ein sjå nåleskog av betydeleg omfang. Det er noko fornemt over sjølve naturen, og det er jo rimeleg, det er jo ramma rundt Sveio sin hovudstad. Her bur nemleg både prest og doktor, og lensmann og kommunekasserar, og her er postopneri, telefonstasjon og fleire ting.


Frå mitt vesle rom har eg ein vedunderleg vakker utsikt. I lyset frå kveldssola får dei skogkledde holmane utover fjorden, med det blå havet blinkande mellom dei, ein magisk skjønnheit. Og lengst ute mot havet reiser Siggjo seg traust og mektig opp mot himmelen. Det mektige fjellet held vakt og trassar modig det rasande verdshavet der ute. Førde kan sove i ro bak Siggjo sin sterke rygg. Men kva er ikkje dette fjellet også for sjømannen? Kor mange sjømenn har det ikkje gjeve nytt mot, medan dei i all slags vêr og vind kom inn frå havet og drog kjensel på den karakteristiske fjelltoppen.


Som om me var i ein storby

Opp frå dampskipsekspedisjonen strekkjer det seg ein fin veg midt gjennom den vesle dalen, med enger og åkrar på begge sider. Her finn me og mange vakre bygningar. Nede ved sjøen er det fleire handelmenn, og enkelte har butikkar så romslege og lyse at ein skulle trudd at me var i ein storby. Når ein går over ein liten bakketopp og til høgre, opnar det seg eit nytt smilande dalføre, og her finn me staden sitt privathotell. Eg brukte heile formiddagen til å gå rundt i denne landskapsidyllen, før eg endeleg kom meg til skysshaldaren.


Ein så herleg køyretur som den eg fekk nordover frå Førde, kan eg ikkje minnast å ha hatt nokon gong. Vegen er visstnok smal, men han går gjennom vakker furuskog, og gjer heile vegen herlege svingar i det kupperte terrenget. Nåleskogen dufta i solsteiken, og fuglane song vakkert. Hesten me køyrde med heitte Bella. Ho er eit av dei prektigaste dyr eg nokon gong har køyrd med. Ho var berre altfor ivrig, rann av stad, som om me var med i eit veddeløp. Me let ho ta det meir med ro, men Bella rista på hovudet, og sende oss blikk som fortalde: «Kjære, kan eg ikkje få springe? Det er berre moro for meg!» Ja, så fekk ho viljen sin, og det gjekk av stad som ein vind.


Vakre og velstelte Vihovda

Av dei gardane me reiste forbi, beit eg meg særleg merke i Vihovda. Det var ein riktig fin gard som låg på ei flate under den høge Vihovdanuten, i nordre enden av skogen. Hos Nils Vihovda fekk eg sjå eit uvanleg veldrive gardsbruk. Våningshuset var vakkert, men ikkje særleg stort. Løa var særdeles praktisk innreia, og fjøset var like lyst og reint som ei pen stove. Når eigaren no snart har utnytta det gamle åkerlandet maksimalt, er det meininga at han skal ta fatt på ei myr som ligg rett utanfor heimebøen. Det var fleire veldrivne gardsbruk å sjå langs vegen, men enkelte låg der og fortalte dei forbipasserande korleis dei ikkje skulle skjøtte jorda si. Særleg gjaldt dette gardsbruka på Ulveraker.


For meg var det overraskande å høyre at dei hadde hjort i skogane her ute. Dette vakre dyret, jegeren sitt edlaste bytte, blei her sett på som eit skadedyr. Hjorten kom ned i åkrane om våren og sommaren, og han gjorde ikkje reint liten skade. Og så er han så klok og slu, at det nesten er umuleg å kome på skothald. På Vihovda hadde dei no i vår likevel fått has på ein av røvarane. Han måtte bøte med livet. Det var eit stort og prektig dyr som gav eit utbytte på 80 kroner.


Valestrand kyrkje

Heile vegen nordover frå Vihovda har me ein høg fjellvegg på høgre side. Gardane låg strødd rundt på ulike platå ved foten av fjellet. Havet gøymer seg bak skogkledde nes og holmar, men Siggjo held fram med å halde vakt der ute mot vest, og fjellryggen på Stord ligg ganske nær i nordvest. Valestrand kyrkje ligg høgt og fritt med den høge fjellveggen bak seg. Dermed får sjølve kyrkjebygget noko av fjellet sin storleik over seg. Fjellet kastar også lyden av kyrkjeklokkene tilbake, så dei høyres mektig og høgtidsfult utover bygda. Garden Valen, som er misjonær Valen sin heimgard, ligg pent til, og engene her bar vitnesbyrd om arbeidssame og dyktige brukarar. Hos misjonær Valen si enke, (Dorthea Valen f. 1844, mor til komponist Fartein Valen,) bur for tida 13 av misjonærfamilien sine barn. Eg fekk helse på nokre av dei lykkelege barna, som her får nyte frisk landluft heile sommarferien.»


Vidare gjekk turen ned til Valevåg, og deretter til Einstabøvoll og Tittelsnes. Dette skreiv journalisten om det som skulle møte han på neste etappe: «Skysskaren sa at me skulle få sjå interessante ting her, og han snakka sant. La meg i neste brev få fortelje om dei overraskingane som møtte meg der.» I Del 3 skal du få vite kva for overraskingar som møtte journalisten frå Stavanger Aftenblad, då han nærma seg nordspissen av Sveiohalvøya.


Folk i Førdebygda

Ser me på folketeljinga frå 1910, får me vite mykje om dei som budde i Førdebygda på dette tidspunktet. Folketeljinga viser at det budde 174 personar på gardane Førde, Solheim og Myklevold i 1910, fordelte på 33 hushald. Me ser at fleire embetsmenn, forretningsmenn og handverkarar heldt til i bygda. På prestegarden på Solheim finn me sokneprest Emil B. Riis (f. 1861 i Grimstad). På «Helgheim» budde kommunelækjar Kristen Nikolai Kristensen (f. 1871 i Bergen), og på «Heimstad» budde lensmann Edvard Jonas Fjærtoft (f. 1855 i Haram). Sonen hans, Styrk (f. 1893 i Jondal), budde der og. Han var kontorist på lensmannskontoret.


Ved tinghuset heldt landhandlar Tollev B. Haugland (f.1881) til. Der budde og bror hans Bernt B. Haugland (f. 1878). Han var handelsbetjent i landhandelen. Johannes Thomassen Førde (f. 1840) var postopnar og bankkasserar, medan Ester Laurentse Kristine Førde (f. 1887) dreiv telefonstasjonen. På «Bjergsted», i vestbygda, heldt skomakarmeister Lars Gunnarson Flaaten (f. 1877) til, og han hadde tre skomakarsveinar i si teneste. Kjøpmann Lars Andreas Tobiassen (f. 1883) heldt til på «Larsneset» ved kaien. På «Strandå», som ligg i same område, heldt trelasthandlar Martin Haktorsen Stueland til (f. 1865). Kjøpmann og dampskipsekspeditør Bernt Johan Ørjansen Særsten (f. 1880) heldt til på «Slettemyren», like vest for kaien. Der finn me og dampskipsførar Georg Mathias Barstad (f. 1877), og dessutan Hans Hanssen Frugård (f.1883). Han var bakar hos handelsmannen på kaien. Frugård hadde ein bakarsvein i si teneste. På dette tidspunktet hadde Førdebygda og gjestgiveri. Dette låg på Høgestøl, og blei drive av Tobias Tobiassen (f. 1855 i Kinsarvik).

 

Heilt aust i Førde, der kor Røykjenesvegen no startar, budde Jens Magnus Robbersad (f. 1865). I tillegg til å vere gardbrukar, var han sjømann og stuert. To av sønene hans, Hans (f. 1889) og Olav (f. 1891) var stuertar på dampskip. Her låg og skysstasjonen. Johannes Jørgenson Førde (f. 1858) var stasjonshaldar. I si teneste hadde han Johannes Johannessen Lier (f. 1894). På nabogarden Myklevold finn me folkeskolelærar Jørgen Johan Håvardsholm (f. 1850). Dette var eit lite utval av alle dei som budde i Førde i 1910.