Solskinsdagar på Solheim

Solskinsdagar på Solheim


Ei sorglaus tid på den idylliske prestegarden


Av Sverre Halleraker

Våningshuset på Solheim slik det står fram i dag. Huset er grundig restaurert og ført tilbake til den opphavlege stilen. I 1870 blei det vedteke at dei to bruka på garden Solheim skulle kjøpast og slåast saman til prestegard for Sveio prestegjeld. Hausten 1871 sto våningshuset ferdig, og sokneprest Tormodsæter kunne flytte inn med familien sin. Denne hausten var det prostevisitas i Sveio, og i visitasprotokollen skildrast den nye prestegarden slik: “Gaarden har en Udmerket vakker Beliggenhed med Udsikt over den vakre Bygd paa den nordlige Kant af same, er lunt beliggende og har et meget godt Jordsmonn.” Niels Anthon Aall var den tredje presten som busette seg på Solheim, då han og den store familien flytta til Sveio i 1882. Prestegarden på Solheim har vore ein god bustad for alle sokneprestane i Sveio, og alle har gitt uttrykk for at dei har likt seg her. Likevel er Sveio prestegjeld stort, og avstandane er store. Det var krevjande for presten å tenestegjere både i Valestrand kyrkje, Vikebygd kyrkje og Sveio kyrkje. Ikkje minst, så var reisene både strevsame og kostbare. (Foto: Marianne Ø. Halleraker)

Innleiing

«Det å kome sjøvegen til Førde, er som å finne ein oase i ørkenen. Etter fleire timar med nakne forblåste fjellknausar, er det ein fryd for augo som møter oss idet båten smyg seg inn i den smale fjorden. Ei vakker jordbruksbygd møter blikket vårt, med frodige og velstelte hagar, og med kvitmåla staselege hus. Heilt i utkanten av det bortgøymde paradiset ligg prestegarden, Solheim. Sjeldan har vel eit namn passa bedre.»


Ein heilt annan sosial klasse

Slik skildrar Nehemias Tjernagel møtet sitt med prestegarden på Førde. I artikkelen med overskrifta «Tilbake til røtene» kunne du lese historia om norskamerikanaren Nehemias sitt sterke møte med røtene sine på Tjernagel. Etter å ha budd eit halvt år hos tanta si på Tjernagel, men brukt mykje av tida på reiser rundt i distriktet, og dessutan til Bergen, Voss og Hardanger, hamna Nehemias på prestegarden i Førde tidleg på nyåret i 1893. Her kjende han seg velkommen, og her kjende han seg heime. Prestefrua blei som ei mor for han, og prestedøtrene blei som systrer. Det skulle gå lang tid før Nehemias reiste vidare.


I breva heim til Amerika gav Nehemias levande skildringar av dagleglivet på prestegarden, og ikkje minst av dei spennande personane som budde der. I denne artikkelen vil eg i størst mogleg grad la Nehemias sjølv fortelje historia ved å sitere frå breva. På den måten trur eg at observasjonane og skildringane hans kjem best fram. Ikkje alt i breva let seg oversetje ordrett frå engelsk til norsk. Derfor er ein del av sitata skrivne litt om for at språket skal bli best mogleg, og for at meininga i teksten skal kome best mogleg fram.


Medan Nehemias budde på Tjernagel var han for det meste saman med vanlege bygdefolk, og det var levemåten til desse som blei skildra i breva. Livet på prestegarden sto i skarp kontrast til det livet vanlege bønder og bygdefolk levde på landsbygda i Sveio. Prestefamilien høyrde til ein heilt annan sosial klasse, og det var utenkeleg for dei å ha omgang med vanlege bygdefolk. Det var ingen andre av deira klasse som budde i nærleiken. Derfor kunne nok medlemmene i prestefamilien stundom kjenne seg einsame og isolerte på prestegarden. Nehemias sine skildringar gir oss inntrykk av at prestefrua, og døtrene som budde heime, på mange måtar levde eit trygt og harmonisk liv, i si vesle boble, på den idylliske prestegarden. Men etter kvart som Nehemias blei kjend med familien, kom det likevel tydeleg fram at ikkje alt i familien var like idyllisk som det kunne sjå ut som på overflata.


Pianomusikk gjennom nøkkelholet

Tidleg på nyåret 1893 sendte Nehemias det første brevet heim til familien i Amerika. Han starta å skrive brevet den 7. januar, ei snau veke etter at han kom til Solheim. Han starta brevet slik: «Denne kvelden startar eg å skrive eit brev som kanskje ikkje vil bli ferdig med det første. Eg sit no i soknepresten si arbeidsstove, og medan eg skriv blir eg akkompagnert av den finaste pianomusikken du kan tenke deg. Musikken kjem inn til meg gjennom nøkkelholet, og han løftar sinnsstemninga mi og humøret mitt med sånn cirka femti prosent. Etter å ha fått meldinga frå skreddarmeister Øien om at eg var velkommen til å bu i soknepresten sitt hus, bestemte eg meg for å ta turen til prestegarden. Eg ville i det minste helse på den snille presten og uttrykke mi takk for den rause gjestfriheten, men eg kunne ikkje sjå for meg at eg på nokon måte skulle kunne passe inn i den fine familien.


De blir nok overraska når de høyrer at eg ikkje har vore utanfor prestegarden sidan eg kom hit. Ikkje sidan eg kom til Noreg for eit halvt år sidan, har eg nokon stad kjend meg så heime som her. Det er ei avslappa og heimsleg atmosfære i huset, og denne blir eg svært tiltrekt av. Heile familien pustar ut ein vennlegheit som fyller huset. Eg er allereie sterkt knyta til den gamle prestefrua. I sin veremåte minner ho meg mykje om mor. Dei har like stor omtanke for andre menneske. Prestefrua er nesten like stor som «Storafastro» (tante Helga), og ho er munter, men likevel religiøs».


Varmt smil og vennlege blikk

Seinare i brevet kjem Nehemias med fleire detaljar frå det første møtet med prestefamilien. Han skildrar møtet slik: «Då eg kom inn i huset, blei eg teken imot av soknepresten sjølv, Nils Anthon Aall. Han er 59 år gammal, men han er sprek og har god helse. Soknepresten møtte meg med nokre kjappe, og heller lite relevante spørsmål, før han viste meg vegen inn til stova. Der sat prestefrua, Mathilde Sussanne Aall, djupt konsentrert med det finaste handarbeidet. Ho ønskte meg velkommen med eit varmt smil og med vennlege blikk frå sine kolsvarte auge.

 

Prestefrua er uvanleg høg til å vere kvinne, og den nitti kilo tunge kroppen hennar er beundringsverdig velproporsjonert og elegant. Ho opptrer kommanderande, men på ein vennleg måte. Likevel ville eg ikkje vore i den personen sine sko, som ikkje følgde kommandoane hennar. Soknepresten si syster, Kathinka, bur og på prestegarden. Ho er ei kvinne som mildt sagt ikkje er heilt i balanse, og ho går prestefrua på nervane av og til. Det same gjer dottera Lotte på 17 år. Ho er uvanleg vakker, men dessverre mentalt tilbakeståande.


Den femten år gamle Signe er vakker, blond, og intelligent. Ho har ein uvanleg velproporsjonert kropp. Signe er fredsmeklaren i familien, og ho blir av mora karakterisert som «en usedvanlig veloverveid og fornuftig skapning». Esther, som er forlova med ein dansk løytnant, er ein høg og mørk skjønnhet. Portrettet av henne heng på kunstgalleriet i København. Ho spelar piano like vakkert som min tidlegare pianolærar, og ho fekk raskt status som den nye pianolærar min. På prestegarden er det ein mannleg gardsarbeidar og to tenestejenter. Desse bur i ei eiga stove på garden.


Nehemias kunne ikkje skjule si begeistring for den unge og talentfulle prestedottera, Esther Aall. Saman med resten av jentene på prestegarden heldt ho mykje ungdomleg leven saman med Nehemias. Mellom linjene i breva kan me finne teikn på at det var romantiske kjensler i lufta, men Esther var forlova med ein dansk offiser. Nehemias kalla henne for pianolæraren sin, og i hennar nærvær fekk han inspirasjon til å komponere fleire av sine finaste og mest kjende musikkstykke. Esther hadde studert musikk i to år i Kristiania, og medan ho var der fekk ho innpass i den høgaste kultureliten i landet. Blant anna blei ho kjend med Edvard Grieg og kona hans Nina. Ifølge Nehemias grubla Esther mykje over kva ho skulle gjere med livet sitt. Ho let seg styre av kjensler, og ho leid ofte av “valgets kvaler”. Biletet er teke i 1892, då ho var 22 år gammal, og det er henta frå Nehemias sitt fotoalbum.

Ung, danna, vakker, - og forlova

Tidleg på morgonen i går inviterte frøken Esther meg med på ein spasertur. Eg takka sjølvsagt ja. På spaserturen møtte me prestefrua. Ho var ute på sin faste morgonpromenade. Medan me spaserte roleg av stad, steig sola opp i horisonten. Det var overveldande å sjå korleis dei varme solstrålane trengde seg inn i og dekka det vakre landskapet rundt oss. Snøkrystallane glitra i sollyset, medan snøen på fjelltoppane fekk ein gyllen farge. Ein fantastisk start på dagen. Me sat oss ned på ein gammal trebenk. Her hadde prestefrua alltid ein pause i morgonpromenaden sin. Ho tok seg tid til å lese eitt kapittel av Bibelen, før ho gjekk heim for å ete frukost. Spaserturen var svært forfriskande, og han gav meg ein enorm appetitt. Turkameraten min, frøken Esther, er ung, vakker og danna, og forlova. De har vel ikkje noko å utsetje på det?»


Utruleg skarpt hovud

Vidare i brevet skriv Nehemias om soknepresten og familien hans: «Den gamle presten er sær, men godt likt, sjølv om han ikkje akkurat kan kallast ein karismatisk skikkelse. Etter det eg har observert, er seremoniane hans meir ortodokse enn moderne. Når det gjeld storleiken på familien, så kjem eg til ti born når eg tel dei alle. Den nest yngste dottera er tilbakeståande, elles så er alle normale, og fulle av talent. Anathon, den nest eldste, har teke ein særdeles god eksamen på universitetet i Kristiania. Han er allereie godt kjent i dei akademiske krinsane, og han har skrive to små bøker om aktuelle filosofiske spørsmål. Den eine av desse har tittelen «Udødelighetsideen». Etter soknepresten si meining, så var denne boka smitta av det han kalla eit modernistisk virus. Han gjekk så langt som å kalle innhaldet i boka for upassande og forkasteleg.


Anathon August Fredrik Aall blei født 15. august 1867, og døyde 9. januar 1943. Han var den nest eldste sonen i Aall-familien, og i si dagbok gir han inntrykk av eit heller anstrengt forhold til mor si. Anathon studerte teologi og filosofi ved Universitetet i Kristiania. Han blei cand. theol. i 1892. I 1891 vann han Kronprinsen sin gullmedalje for sine prestasjonar som student. Mellom 1893 og 1895 studerte han kyrkjehistorie, filosofi og psykologi i Berlin, Leipzig og Paris, og besøkte Roma, London og København. Han blei dr. philos. i 1896 med avhandlinga «Der Logos, I». I 1898 konkurrerte han om eit professorat i kyrkjehistorie ved Universitet i Kristiania, men hans teologiske standpunkt blei sett på som altfor radikalt. I 1902 underviste Anathon som gymnaslærar, men reiste snart til Tyskland, og tok tysk doktorgrad i Halle i 1903 med «Zur Frage der Hemmung bei der Auffassung gleicher Reize». Same år blei han dosent i Halle. I 1908 blei han professor i filosofi i Kristiania med filosofisk propeudetikk og eksperimentell psykologi som spesialitet. Han blei i professoratet til han tok avskjed i 1937. Anathon tok opp att eit tidlegere forslag om å opprette eit psykologisk institutt ved Universitet i Kristiania. I 1909 gjekk departementet med på å godkjenne at eit slikt institutt blei oppretta. Anathon sto derfor bak opprettinga av det første psykologiske instituttet i Norge. (Biletet er frå Tidsskrift for Norsk Psykologforening, nr.2, 2011)

Høgtståande menn i regjeringa har lagt merke til arbeidet hans og gjeve han eit stipend slik at han kan studere vidare ved universitetet i Leipzig. Nyleg vann han ein gullmedalje i konkurranse med fleire talentfulle studentar og lærde menn. Han er 25 år gammal. Utruleg skarpt hovud på den mannen. Foreldra er sjølvsagt stolte av han, men dei er bekymra for at han skal ende opp med altfor liberale standpunkt, særleg med tanke på religion. Ei av bøkene hans skal ha fått ein kjend fråfallen fritenkar til å skifte standpunkt og finne vegen tilbake til kristendommen. Fru Aall fortalde meg at denne eine tingen var ei så stor glede for henne, at det vog opp for alt strevet og alle kostnadane dei hadde hatt med å finansiere studia hans.


Trygg hamn

Sjølv om læraren minn, frøken Esther, berre er 22 år gammal, har ho studert musikk i Kristiania i to år, før ho måtte vende heim att til foreldra. Kanskje dette er den rolege perioden ho skal få før ho blir kasta inn i den heilage ektestand? I Kristiania bevega ho seg i dei såkalla høgare sirklar av viktige samfunnsborgarar. Ho omtala professor Caspari og professor Jonson, for ikkje å snakke om Toralv Lammers og Edvard Grieg, som nære venner.


Alle barna har gjort det godt og kome seg langt, men dei har heile tida måtta jobba hardt på eiga hand med utdanninga. Foreldra har spinka og spara alt dei har makta for å finansiere barna si utdanning, men den usle løna til ein sokneprest på landsbygda strekte ikkje til. Den idylliske prestegarden har alltid vore ei trygg hamn for barna. Her har dei fått søke tilflukt og kjærleik når dører har blitt lukka for dei. Ein trygg heim og foreldra sin kjærleik er viktigare enn all verdas rikdom.»


Moro på isen

Nehemias opplevde fine og sorglause dagar saman med prestefrua og dei tre døtrene som budde heime. Januar var fin og kald denne vinteren, og det var mykje snø, også på våre trakter. Nehemias fortel om turane han og jentene hadde til Joarvatnet, som ligg mellom Førde og Røykenes: «Eg må no fortelje om moroa me har på isen. Jentene og eg går ofte på skøyter. Det ligg eit vakkert lite vatn eit par kilometer borte frå prestegarden. Her skøytar og sklir me, enten ståande eller sitjande. Av og til sklir me på ryggen, og då hender det at skallane våre nærast knusast, sidan det er hovudet som må ta støyten. Me dyttar og dreg kvarandre, og jentene held eit fæla leven. Det er ingen som ramlar og slår seg meir enn meg, og jentene held på å le seg i hel av dei klossete falla mine. Eg prøver å ta dei smertefulle falla mine som ein mann, men hadde eg vore aleine, ville eg ha hylt av smerte som ein indianar på krigsstien. Jentene hyler som sirene kvar gong dei går over ende, og dei prøver å få falla til å sjå meir dramatisk ut enn dei er. Det er ingen vits i å prøve å hjelpe dei opp att. Det fører berre til at dei ramlar enda oftare. Kan me forstå oss på slikt? Trass i fall og skader, så har me det utruleg moro på isen. Når me kjem heim att, er me fulle av blåmerke over heile kroppen.


Signe Aall var 15 år gammal i 1893, då Nehemias budde på prestegarden. Mora kalla henne “en god og fornuftig Skabning” Storebroren Anathon kalla henne “hele familiens Kjæledegge”. Ifølge Nehemias var ho den jordnære fredsmeklaren i familien. Som vaksen jobba ho som musikklærar, før ho blei assistenten til broren Cato, som var norsk ambassadør i Japan. Nehemias hadde gode og sorglause dagar saman med prestedøtrene på Solheim. Dei lærte han å “snakke pent og oppføre seg dannet.”I breva heim skreiv han om lystige skøyteturar og sledeturar om vinteren, og om stemningsfulle spaserturar og roturar om våren og sommaren. Nehemias heldt fleire konsertar i Haugesund saman med prestedøtrene, blant anna ein minnekonsert til inntekt for dei mange enkene etter eit tragisk skipsforlis i Øksnes i Nordland. (Biletet er frå Nehemias sitt fotoalbum.)



Må snakke pent

Dei fjollete jentene gjer narr av meg når eg snakkar bygdemålet eg har lært meg heime. Ansikta deira lagar stygge grimasar når eg gløymer meg ut og snakkar slik som eg pleier. De forstår; «en er nødt til å snakke pent her på prestegården, vet du». Vel, det kan vere greitt for meg å lære korleis ein snakkar pent, og det er ikkje så vanskeleg når eg har så dyktige lærarar. Dei er etter meg heile tida. Dei kan ikkje tillate «en fin amerikaner» å snakke simpelt bondemål. (På norsk i brevet:) «Eg bryr meg sytten og ein halv om denne innbilskheita med tanke på standsforskjell eg.» Likevel, trass i våre lingvistiske feidar, så er me gode venner.


Gjennom eventyrland

I dag tok fru Aall med seg Esther, Signe og meg på ein fantastisk sledetur i ein romsleg heimelaga hesteslede. Den gretne gamle gardsmerra drog sleden. Mot hennar vilje greidde me å tvinge henne i trav, og turen gjekk over både land og vatn. Isen var meir enn tjukk nok til å bere både hesten og oss fire i sleden. Me køyrde over fem små vatn som nærast låg inntil kvarandre. Turen var fantastisk stemningsfull med snødekt furuskog og små fjell rundt oss på alle kantar. For meg var dette ein tur gjennom eventyrland. Jentene var så ertne overfor meg, og fulle av fjollete innfall, at prestefrua blei reint brydd, ja faktisk ganske sint. Ikkje før Esther presterte å falle ut av sleden, og faktisk slå seg ganske vondt, greidde ho å vere stille for ei lita stund.»


Ville bruke makt

Fru Aall hadde ved fleire høve kommentert den skrale garderoben til Nehemias. Skoa hans var ikkje tette, og dei var på ingen måte gode nok til å ferdast ute i den norske vinteren. Han hadde heller ikkje vinterjakke, og buksene var gamle og velbrukte. Nehemias hadde fått tre par strikka ullsokkar av tante Barbro. Desse kom godt med sidan skoa hans var så dårlege. Fru Aall foreslo at Nehemias skulle vere med dei til Haugesund. Der ville ho hjelpe til med å kle han opp. Han hadde ikkje noko val. Prestefrua trua med å bruke makt dersom Nehemias ikkje blei med dei til Haugesund. «Ho hadde greidd å handtere meg med ei hand om ho hadde måtta», skriv Nehemias i brevet.


I brevet gir han fleire skildringar av prestefamilien: «Det er svært kultiverande å få vere saman med desse menneska, og ikkje minst jentene. Eg prøver å oppføre meg danna og pent, vise omsyn og følgje gode manerar. Esther er både tålmodig og energisk som lærar, og hennar kunstnariske personlegdom går på ein måte i eitt med musikken ho spelar. Ho spelar Beethoven sine sonatar, og fleire andre avanserte musikkstykke, med vakker og ekte innleving. Hennar framføring av Rubinstein sin «Fackeltanz» er imponerande energisk.


Aristokrat av første rang

Soknepresten deltek sjeldan i familielivet, bortsett frå under måltida. Då er hovudfokuset hans at tallerkenen skal vere varm før maten blir servert. Under måltida er han åndsfråverande, og blikket hans er heile tida retta mot maten på tallerkenen. Praten går rundt bordet utan at han tek del i nokon av samtalane. Så snart måltidet er over, og takkebøna lest, ser han med eit tomt og spørjande blikk bort på prestefrua, medan han stramar dei tynne leppene sine. Etter å ha motteke det usynlege signalet, reiser han seg frå bordet og går raskt mot arbeidsstova si, for å få tenke enda fleire lange og høgtsvevande tankar.


Han er ein aristokrat av første rang, sidan han er eit medlem av den berømte Aall-familien. Han er ein nær slektning av Jacob Aall, som forfatta den norske grunnlova. Presten snakkar ofte om at store geni berre er eit lite steg unna fullstendig galskap og undergong. Eg trur han innser at han sjølv er i denne posisjonen. Han er stram og vakker, men veldig sær. Preikene hans er monotone og utan innleving. Når han startar kan det sjå ut som om preika skal bygge seg opp mot eit poeng, men etter kvart blir det heile så avansert at dei fleste, inkludert han sjølv, blir leia bort frå poenget. Han går med raske og bestemte steg, og han har på seg kappe når han er ute i ærend. Ingen ser han nokon gong i følgje med andre.

Kona hans derimot, elskar å spankulere ute i hagen, eller langs landevegen. Ho tek seg god tid og vandrar rundt, tilsynelatande utan mål og meining, medan ho observerer og sansar alt ho møter på. Ho presenterte livsfilosofien sin for meg allereie første gong eg møtte henne. De får tilgje meg når eg tillèt meg å kalle henne ein smule sentimental og svermerisk, dersom de skjønar kva eg meiner. Eg er redd for at eg er blitt litt slik eg og.»


Som det går fram av skildringane, så var Nehemias allereie godt integrert i familien på den idylliske prestegarden, etter berre å ha oppheldt seg der i dryge to veker. Me skal følgje Nehemias vidare i opphaldet hans på Solheim gjennom vinteren og våren, og fram mot sommaren. Han kom stadig tettare innpå prestefrua og dei vakre døtrene, og han blei behandla som ein son i huset.


Som ei innskrumpa blære

Prestefrua hadde spurt Nehemias om han ville vere med henne og frøken Esther til Haugesund for å gjere nokre ærend, eller rettare sagt, ho hadde sagt at han skulle vere med til Haugesund. Garderoben hans hadde etter hennar meining i aller høgste grad behov for ei opprusting. Dei tynne sommarskoa hans tok inn vatn, skjorter og bukser var fillete, og han hadde ikkje noko som likna på ei vinterjakke. Nehemias levde på eit stramt budsjett. Pengane han hadde med seg heimanfrå var snart brukte opp, og han grudde seg for å be faren heime i Amerika om meir pengar. Derfor hadde han ikkje brukt pengar på sko eller klede det halvåret han hadde vore i Noreg.


Etter å ha vore i Haugesund i fire dagar, og etter å ha fått hjelp av fru Aall til å ruste opp garderoben, var det fint lite att av pengane hans. I brevet heim skriv han dette: «Då me var i Haugesund, greidde Fru Aall å overtale meg til å kjøpe så mange små ting som ho meinte at eg berre måtte ha, at portomanien min no ser ut som ei innskrumpa blære. Eg protesterte i det lengste, men til inga nytte. Kan de forstå kvifor eg nemner dette? Eg håpar at de kan tilgje meg, og at de kan sende meg nokre dollar til det vidare opphaldet mitt her. Kor vedunderleg det hadde vore om eg kunne oppnå litt suksess seinare i livet, slik at eg kunne betale tilbake det eg skuldar dykk.»


Gjennomvåte og stivfrosne

Me skal vende tilbake til Haugesundsturen. Nehemias skriv dette om turen: «Tidleg denne morgonen kom soknepresten inn på rommet mitt. Eg søv i arbeidsrommet hans, saman med den store flotte hunden Karo. Herr Aall fortalte at eg måtte skunde meg og gjere meg klar, for fru Aall og Esther hadde avtalt med kusken at dei skulle køyre om ein time. På grunn av den misserable tilstanden til skorne mine, måtte eg låne sko av prestefrua. Dessutan fekk eg låne soknepresten sin store vinterfrakk. Eg rakk knapt nok å kle på meg og ete før det bar av garde.


Me reiste med hesteslede, og den gamle merra hadde eit fæla strev med å dra oss over dei bare partia av vegen. Det var blitt mildver, og snøen var i ferd med å smelte. Mange stader måtte eg ut for å skubbe sleden. Det lånte fottøyet kom godt med i den våte snøslapsen. Då me kom til Sveio kyrkje, var det lite snø att, og kusken bestemte seg for å låne ein karjol til resten av turen. No blåste det opp frå sør, og det starta å striregne sideslengs. Det iskalde regnet slo imot ansikta våre, og isvatnet fann vegen heilt ned i nakkane våre. «Jeg sitter og drikker vann hele tiden jeg, mamma», ropte Esther med eit smil rundt munnen. For at ho ikkje skulle fryse seg forderva i det kalde regnet, måtte eg ta henne inn i den store frakken eg hadde lånt av presten. Då me hadde lagt bak oss dei 30 kilometrane, og endeleg kom fram til Haugesund, var me gjennomvåte og stivfrosne.


Hos doktor Nørregaard

No har me vore tre dagar i Haugesund. Medan eg ventar på at skreddaren skal reparere det fillete skjorteermet mitt, har eg tid til å skrive nokre ord. Eg bur på «Jonassens hotell». Staden er meir enn god nok for meg, og er driven av fru Jonassen sjølv. Fru Aall og Esther bur hos nokre venner av dei, nemleg familien til den fornemme doktor Nørregaard. I går kveld var eg invitert over til dei for å ta del i eit storstilt musikalsk arrangement. Doktoren si kone spelar piano fortryllande vakkert. Doktoren sjølv spelar cello. Esther overgjekk seg sjølv på pianoet, men ho måtte senke seg lågt ned denne kvelden. Ho måtte nemleg akkompagnere meg, medan eg streva fram nokre tonar på klarinetten. For ein nedtur for ei kvinne som både har spela og sunge saman med Grieg. «Dere kan tro at jeg snakker pent østlandsk når jeg er sammen med sådanne fornemme folk.»


Hol i øyreflippane

Etter at songen og musikken ebba ut, ville fru Aall spele dam med meg. Kan du tenke deg, meg spele dam! Forresten, så er fru Aall svært bekymra for augo mine. Ho ser ikkje bort frå at eg kjem til å bli heilt blind ein vakker dag. For å redde synet mitt har ho stukke hol i begge øyreflippane mine. Der vil ho henge gullringar. Ifølge det eg vil kalle gamle heksekunster, så skal dette lækje dårlege auge. Høyrde eg galskap? Dr. Nørregaard og frua har nettopp vore på ei reise til Wien og Venezia. I fleire timar fortalte dei om kor fantastisk flott det var i desse storslagne byane. Dei hadde blitt rodd i gondolar gjennom tronge kanalar, og dei hadde sett fantastiske bygg og fantastiske kunstverk. Dei hadde så mykje å fortelje at enkelte av tilhøyrarane blei heilt utmatta, og hadde store problem med å halde seg vakne.


Folk i Haugesund er utruleg nysgjerrige. Dei er nysgjerrige når dei ser meg, for ikkje å snakke om når dei ser prestefrua. Dei er faktisk nysgjerrige på alle utanfrå som besøker byen. Då eg skulle gå til postkontoret i byen, saman med Solheim sitt svar på Adelina Patti, skulle ein tru at det var verdskjende stjerner av som kom gåande. Folk flokka seg rundt oss i gatene, og dei nistira utan blygsel. «Uff, alle disse blikke», uttrykte fru Aall brydd, medan ho irritert såg opp på alle dei nysgjerrige tilskodarane.»


Leita etter djevlar

Dagen etter at dei kom heim frå byturen, blei Nehemias med soknepresten til kyrkja i Sveio for å vere med på gudsteneste. Ifølge Nehemias, så fekk aldri nokon andre vere med i same transporten som presten til kyrkja. Nehemias måtte reise til kyrkja i Sveio saman med nokre naboar. Folka som budde i Førde sokna til Vikebygd kyrkje, men mange av dei reiste like ofte til kyrkja i Sveio eller i Valestrand. Prestefrua og døtrene var nesten aldri med på dei vanlege gudstenestene. Dei vegra seg sikkert for å blande seg med vanlege bygdefolk på denne måten. I tillegg trudde Nehemias at dei hadde problem med å sitje i kyrkja og observere herr Aall sin opptreden på talarstolen.


Nehemias skildra korleis han opplevde Aall sine gudstenester då han budde hos tante Barbro. Me hugsar at han var lettare sjokkert då presten etter å ha snakka lenge med roleg stemme, plutseleg og utan forvarsel, nærast brølte ut deler av preika, utan at det hadde nokon samanheng med innhaldet. Han skreiv no enda meir om korleis det var å ta del i Aall sine gudstenester. Han er ikkje nådig i skildringane sine. I brevet skreiv han dette: «Oppe på preikestolen lenar han heile overkroppen, nærast truande, ut mot forsamlinga. Han bevegar seg frå side til side, slik at det strenge blikket hans går over heile kyrkjelyden. Det ser ut som om han leitar etter ein liten djevel som har gøymd seg under ein av benkane i kyrkja. Til slutt løftar han hovudet og hevar blikket, som om han endeleg hadde funne djevelen og jaga han ut av kyrkja.


Når sitt høgdepunkt i august

Den sære veremåten er med han over alt kor han ferdast. Dei som har greidd å pine seg gjennom ei analyse av seremoniane hans, seier at dei er heilt i tråd med den ortodokse lutherske lære. Eg var så forstyrra av den ape-liknande oppførselen hans på preikestolen, at eg ikkje fekk med meg eitt ord av det han sa. Det er ingen tvil om at han er ein intellektuell kapasitet utan sidestykke, men han manglar evne til å formidle klokskapen sin til dei rundt seg. Originaliteten hans når sitt høgdepunkt under hundedagane i august, seier dei som kjenner han. Då er det like greitt å la han få vere i fred. Han er ein flittig lesar, og han er oppslukt av bøker frå morgon til kveld. Han samlar på alt som den store teologen Jonson har skrive og sagt. Den store draumen til Aall er å få publisert desse samlingane. Han har spurt meg om eg kan ta kontakt med amerikanske forlag, for å høyre om dei er interesserte i å publisere samlingane. Dette er omtrent det einaste temaet han snakkar med meg om


Nils Anthon Aall (1834-1896) var sokneprest i Sveio i åra mellom 1882 og 1894. Han kom frå den kjende og velståande Aall-slekta på Austlandet, som stamma frå ein høgtståande dansk adelsfamilie. Nehemias karakteriserte soknepresten som eit geni og ein ekte aristokrat, men og som eksentrisk og sær. Han sat for det meste i arbeidsstova si og leste og filosoferte. Han var heilt oppslukt i talane og førelesningane til den kjende teologen Jonson. I sosiale samanhengar i familien var presten nærast fråverande. Aall var godt likt som prest, men han hadde eit konservativt syn på kristendommen. Prestefrua og døtrene var sjeldan med på gudstenestene. Nehemias trudde ikkje at dei orka å sjå på presten medan han sto på preikestolen. (Foto: Sveio kommune ukjend fotograf.)

Feil jakke og sko

Soknepresten er ekstremt distré. Ein gong han skulle vere med på eit kyrkjemøte på Fjellberg, sende frua han av garde med ei splitter ny prins Albert-jakke. Då han skulle heim, presterte han å finne ei stygg gammal jakke inne på eit soverom, og tok denne på seg då han tok avskjed med dei andre prestane. Fru Aall fortalte at han såg ut som eit fugleskremsel då han kom heim i den gamle stygge jakka. På heile heimturen hadde det ikkje falt han inn at han hadde teke feil jakke. Til slutt greidde dei å bytte tilbake den kostbare nye jakka, men soknepresten sjølv hadde vore like glad om han hadde enda opp med den gamle jakka

.

Etter at han hadde vore på besøk, hendte det rett som det var at han kom heim med framande sko på beina. Ein gong kom han heim på berre sokkelesten, munter som ei lerke. Då hadde han gjeve bort skoa sine til ein fattig stakkar. Han ville alltid vere god mot bygdefolka i prestegjeldet, men det var ikkje alltid at dei forsto han, og kven kan laste dei for det? Folk snakka om mange underlege episodar frå konfirmantundervisninga hans. De får ha meg unnskyldt for at eg spreier rykte, men ein gong skal ei stor og kraftig jente ha oppført seg dårleg i undervisninga. Det enda opp med at soknepresten la henne i fanget, og gav henne juling på den staden kor det er lettast å få til. Jenta var både høgare og tyngre enn presten, så det må ha vore litt av eit syn for resten av konfirmantane. I etterkant skal jenta ha innrømma at ho fortente kvart eit slag presten gav henne.


Kva blir det neste?

No held prestefrua på med å smørje augo mine inn med te. Dette skal berge synet mitt. Er det noko som kan overgå dette? Dei små gullringane i øyrene mine har ikkje hjelpt meg enno. I morgon skal fru Aall prøve og lækje augo mine med «spanske fluer». Det er nokre klissete plaster som ho plasserer bak øyrene mine. Kva som vil bli hennar neste påfunn, er det berre ho sjølv som veit. Ho elskar å pleie svake skapningar, slik som meg, eller sonen hennar Alf, eller små lam og grisungar i fjøset. Vel, ho har eit stort og varmt hjarte, men ho uttrykker kjærleiken sin på ein spesiell måte. Eg tvilar på at ho alltid følgjer Herren sine forslag, altså ektemannen hennar sine forslag.


Mathilde Sussanne Aall, født Dahl. Den fargerike prestefrua tok Nehemias inn i familien, som om han skulle ha vore sonen hennar. Nehemias sine brev gir oss eit bilete av ei stor og sterk kvinne, både fysisk og som person. Det var nok ikkje berre enkelt å vere ei kvinne av hennar klasse, og måtte leve isolert på ein prestegard langt ute på landsbygda. Prestefamilien hadde ikkje sosial omgang med dei vanlege bygdefolka. Mathilde var snill og omsorgsfull, men ho oppførte seg kommanderande overfor menneska rundt seg. Det var ikkje lett å motsetje seg kommandoane hennar. Ifølge Nehemias så var ho kristen i hjertet sitt, men ho var både svermerisk og overtruisk. Ho brukte merkelege metodar, som minna mest om gamle heksekunster, for å lækje augo til Nehemias. Samlivet mellom henne og soknepresten må på mange måtar ha vore utfordrande, sidan det kan sjå ut som om dei var svært ulike som personar. (Biletet er frå Nehemias sitt fotoalbum.)

Her ein kveld fann fru Aall fram gitaren. Dei tre døtrene sette seg ned på golvet framføre henne, og dei starta å synge dei vakraste songane du kan tenke deg. Prestefrua akkompagnerte dei på gitaren. Det minna meg så sterkt om dei musikalske kveldane me hadde heime, at eg blei heilt rørt. Me held andakt to gonger kvar dag. Då blir også tenarskapet inviterte inn i stova, slik at dei kan ta del i den andelege føda saman med familien. Presten nyttar høvet til å gi instruksjonar om kva som skal gjerast på garden, og frua gir instruksjonar om kva som skal gjerast i huset, på kjøkkenet og i stabburet. Der sit eg, og er tilskodar til at folk blir sett i arbeid, utan at eg får nokre oppgåver sjølv. Og eg som berre kjem frå ein simpel farm, kor alle må vere med og ta nødvendige tak både ute og inne.


Godt for humøret og helsa

Eg er svært takksam for å ha blitt teken inn i den indre sirkelen av heimen til desse snille og gudfryktige menneska. Jentene behandlar meg som ein bror, og dei ertar meg og herjar med meg som om eg skulle vere ein bror. Fru Aall ler så mykje av jentene sine narrestrekar at heile ho ristar. Når det blir for mykje herjing, så seier eg: «La meg vera!» Då ler jentene i kor og hermar etter meg om og om igjen. Alt er sjølvsagt berre for moro skuld. Det er godt for humøret mitt, og for helsa mi, å få lov til å opphalde meg her. Jentene brukar «råskinnet» som kallenamn på meg. Det ligg vel ein slags ironi i det namnet, trur eg. Fru Aall kallar meg berre Tjernagel, medan den gamle presten sjeldan snakkar til meg.


Skuggesider

Livet på den idylliske prestegarden fortona seg nærast som eit paradis på jorda for Nehemias. Men under overflata viste det seg at ikkje alt var like idyllisk her heller. Me har fått høyre om soknepresten sin mildt sagt eksentriske veremåte, og me har og fått vite at det ikkje var lett å motsetje seg prestefrua sine kommandoar. Dessutan hadde ho ein del merkelege innfall og påfunn. Det kan heller ikkje ha vore lett for Esther, med hennar store talent, å berre gå heime og vente på at ho skulle gifte seg, og det med ein mann som ho knapt nok kjente. På toppen av det heile, så budde presten si syster saman med dei på prestegarden. Ifølge Nehemias, så var ho meir enn sær, og ho gjekk prestefrua på nervane til tider. Med så mange sterke personlegdomar samla under eitt tak, må det ha vore vanskeleg å unngå konfliktar.


Dommedagsprofetiar

Prestefrua var munter og lett til sinns, men ho var ikkje berre optimistisk av natur. Ho snakka mykje om at verda var komen inn i endetida. Dommedag var i ferd med å utspele seg. Ho snakka heile tida om kor viktig det var å vere klar når denne dagen kom. «Et hastigt uttalt ord fra Gud er alt som skal til», sa ho. Ho la ut om alle teikna ho hadde sett i det siste som var omtala i Bibelen, og som er signaler om at Gud var i ferd med å gripe inn. Etter hennar meining, så var det så mykje vondskap og djevelskap på jorda no, at Gud måtte gripe inn snart. Nehemias måtte innrømme at han og jentene blei skremde når prestefrua la ut om alt det dramatiske og vonde som skulle gå føre seg på dommedag. Dei svarte augo hennar hadde ein skummel glød når ho snakka om endetida og dommedag.


«Ugjengjelt kjærlighet»

Den 8. mars skreiv Nehemias eit brev til broren heime i Amerika kor han skildra skuggesidene på Solheim: «Me må prøve å takle alle problema me møter i denne verda så godt som me kan. Måtte Gud gi oss styrke. Til og med her, kor det i starten såg ut som om alt var reine og skjære idyllen, har eg no oppdaga at det er nok av trøbbel. Presten si syster lagar mykje uhygge og leven for tida. Ho kjenner seg undertrykka av prestefrua og resten av familien. Ho forstår ikkje at aktivitetane hennes må kontrollerast på ein eller annan måte. Ho skriv, men hennar litterære produksjon har ikkje fått sleppe ut av rommet hennes, og det er sikkert det beste. Ho er ikkje i stand til å ta imot råd frå dei rundt seg, sjølv om dei har mykje større dømmekraft enn ho sjølv.


Ein gong leverte ho manuset til ein roman ho hadde skrive til nevøen, Anathon. Ho bad han om å lese gjennom det og gje henne tilbakemelding. Ho håpa at han kunne hjelpe henne med å få boka publisert. Tittelen på romanen var «Ugjengjelt kjærlighet». Boka var full av bitre angrep både på foreldra hennar, og på familien ho no fekk bu hos. I forordet til boka skreiv ho at dersom lesarane hadde like stor glede av å lese boka som ho hadde hatt av å skrive henne, så ville dei bli velsigna av mykje innsikt og glede. Anathon leverte manuset i retur, og sa at ho aldri meir måtte vise han noko ho hadde skrive. Rådet hans var at ho skulle halde fram med å nyte skrivinga si inne på rommet sitt, men aldri prøve å dele det med nokon utanfor rommet.


Grein mora sitt fang fullt av tårer

Det plagar meg at fru Aall fortel meg om hennar djupaste kjensler for ektemannen. Det plagar meg å måtta ta del i hennar mest personlege tankar om ektemannen, særleg når dei ikkje er av det gode slaget. Ho er fortvila over at ektemannen heile tida isolerer seg i arbeidsstova. Veremåten hans går henne rett og slett på nervane og gjer henne ulykkeleg. Eg trur ikkje at desse vedkjenningane gjer nokon av oss særleg godt.

Eg var heller ikkje glad for å få vite at Esther, som var ein religiøs person, grein mora sitt fang full av tårer på grunn av skepsisen til mannen ho skulle gifte seg med. Ho synes ikkje at han er sterkt nok religiøs, og ho meiner at han ikkje tek dei viktige oppgåvene i livet seriøst nok. Fru Aall spurde meg om kva eg meinte om å bryte forlovinga. Kan du tenke deg? Dette kom frå ei luthersk prestefrue! Eg skulle ønske at eg hadde blitt spara for å måtta involvere meg i denne problemstillinga, men sidan ho spurte om mi meining, så måtte eg svare. Eg fortalte henne at i vår kyrkje heime, så ser me på forloving som eit heilag løfte overfor Gud, på lik linje med ekteskap. Men ut frå det eg ser og høyrer rundt meg for tida, så er eg redd for at ho ikkje tok innover seg det eg sa. Ja, det er problem på Solheim og.»


Medan Esther leid av leid av «valgets kvaler», og ikkje visste kva ho skulle gjere med livet sitt, skreiv ho dette vesle diktet som Nehemias laga musikk til:


O Gud hjelp mig nu


O Gud hjelp mig nu. Du som ser alt.

Forbarme dig; fri mig o Gud frå min kval.

Ta angesten bort o Gud og stil Du mit hjertes ve,

Og lad mig din naade se, og skjænk mig din sande fred.


Ser ut som ein vill indianar

Tida gjekk sakte men sikkert mot vår, og til påske venta prestefamilien enda ei av døtrene sine heim, nemleg Marna. Kanskje dette kunne vere med på å få slutt på alle dei dystre og problematiske tankane som hadde prega familien ei stund? Etter å ha møtt Marna, skildrar Nehemias henne slik: «Ho er like vakker som systrene sine, er høg og slank, og har svart hår og mørke auge. Ho ser ut som ein vill indianar, og fru Aall seier at ho er full av liv, og at ho er like vill som ho ser ut. Heilt sidan ho var barn har ho vore full av villskap og spektakulære påfunn. Medan ho studerte i Kristiania, fekk ho etter mora si meining litt for mykje merksemd frå litt for mange kavalerar, og til deira fortviling så såg det ut som om ho likte det. Med litt hjelp frå slektningar i Kristiania blei ho kopla saman med sonen til den kjende professor Aars. Dei fann tonen saman, og no er dei forlova. Derfor er tida no moden for at Marna kan vende heim att til foreldra på Solheim.»


Maren Anna Aall, eller Marna som familien kalla henne. Ifølge mora, så var ho livleg, vill og full av påfunn. Storebror Anathon hadde ikkje så mykje fint å seie om henne. Han kalla henne både for stygg og dum. «Hun bliver vel budeie et eller annet sted. Paa sine sødskende vogter hun med argusøine». Men i staden for å bli budeie blei ho ein folkekjær forfattar, og ho blei gift med studievennen, teologen og filosofen Kristian Aars. Marna Aall gav ut romanane «Ensom» (1901), «Løgn» (1907), «Menneskenes datter» (1931) og «Kvinnevilje» (1942). Etter hennar død fann ein manuset til «Dansen om gullkalven». Ho skreiv diskusjonsinnlegg, artiklar, noveller, dikt, små skodespel og filmmanus som blei trykka i kvinnesaksblada «Nylænde» og «Urd», og i dagspressa. (Foto: Gustav Borgen, Norsk Folkemuseum)

Impulsiv tur

Utover våren blei Nehemias litt meir rastlaus av seg, og fekk lyst til å reise att. Dette skriv han om ei ein impulsiv tur han hadde til Bergen i slutten av april: «Det var laurdag morgon, og eg hadde sove dårleg denne natta. Eg sto opp frå sofaen min klokka seks. Då eg såg kor fint vêr det var ute, bestemte eg meg med ein gong for å reise til Haugesund med dampskipet. Eg bad om å få frukost med ein gong og skunda meg ut dørene. Eg gjekk til fots dei tolv kilometrane det er mellom Førde og Valevåg. Langs vegen kom eg i snakk med ein gammal mann som viste seg å kjenne far. Det var Steffen Johannesen Grøndahl. Han var ein fin gammal mann, og han hadde vore saman med far til sjøs i gode gamle dagar. Han bad meg helse så mykje.


Då eg kom fram til Valevåg, tenkte eg på dei skrøpelege augo mine, og bestemte meg for å ta dampskipet som gjekk nordover til Bergen, i staden for det som gjekk sørover til Haugesund. Kanskje eg ville finne ein mirakeldoktor i Bergen som kunne fikse augo mine? Vêret var fantastisk flott heile turen til Bergen, og det var avslappande å få sitje på dekk og nyte utsikta. Eg fekk lov til å prøve pianoet i salongen ei stund, og passasjerane såg ut til å like den enkle underhaldninga. I salongen fekk eg smake på det norske ølet. Det var forfriskande og godt. Nei, eg drakk ikkje øl heile turen.


På båten møtte eg Rasmus Lodden og dottera hans, Ingrid. For ei hyggeleg overrasking. Ingrid hadde eit stygt sår på foten som ho skulle vise til ein lege i Bergen. Eg slo følge med Rasmus og Ingrid då me kom til Bergen. Me var i kyrkja saman, og me gjekk i parken saman for å høyre på korpsa som spela der. Me gjekk og ned til hamna for å sjå på vikingskipet som låg der. Eg oppsøkte ein doktor som såg på augo mine. Han meinte at det ikkje var noko å gjere med dei. Likevel gav han meg ei flaske med kostbart augevatn som han meinte eg burde bruke.»


Måtte tåle litt leven

Våren gjekk og 17. mai-feiringa sto på trappene. Fru Aall og barna pleidde å feire dagen i Haugesund. Familien hadde fått besøk av prestefrua sin nevø, Johan Dahl. Han blei med prestefrua og Esther til Haugesund for å feire 17. mai. Nehemias fekk sjølvsagt og vere med. Dei reiste med dampskipet om morgonen den 16. mai. Slik skildrar Nehemias turen: «Det var fint vêr, og stemninga om bord var prega av feiringa som var i vente. Då me kom fram til Haugesund, var det berre «Jonassens Hotell» som hadde ledige rom. Hotellet var ikkje av den standarden fru Aall hadde sett for seg, men me hadde ikkje noko val. Over alt i byen skjenka dei øl, og folk som ferdast i byen bar preg av skjenkinga. Den overdrivne drikkinga gav heile byen eit barbarisk preg. Om kvelden var det umuleg å få sove. Det var eit fæla leven frå skjenkestova under romma våre, og dei gav seg ikkje før langt ut på natta. Det nytta ikkje å klage. Betjeninga sa at me måtte tåle litt leven kvelden før 17. mai.


Om morgonen starta feiringa av nasjonaldagen bokstavleg talt med eit smell. Salutten dundra ut av kanonane. Det var mange morosame konkurransar og aktivitetar frå morgon til kveld. Tidleg om morgonen var det kapproing, kappgang og sykkelkonkurranse. Ungdommane fann på alle moglege slags spillopper, uskuldig nok i seg sjølv, men eg gjekk fort lei av påfunna deira. Det flaug konfetti over alt i gatene, og alle var i ekstase og prega av patriotiske kjensler for fedrelandet. Me tok del i prosesjonen som gjekk til Haraldsstøtta. Alle organisasjonar frå alle samfunnslag i byen tok del i opptoget, som var leia av trommer og korpsmusikk.


Fru Aall måtte ein tur til doktor Valentinsen. Ho har fått ein stygg hoste. Det kjem opp blod når ho hostar. Me fryktar det verste, men doktoren sa at det ikkje var nokon grunn til å uroe seg. Han kunne ikkje seie noko sikkert, men ein måtte berre håpe på det beste. Fru Aall blei ikkje mindre uroleg av doktoren sine ord.


Religiøs moromann

Me var inviterte til familien Nørregaard om kvelden. Då me sat i hagen, blei me overraska av ein liten triveleg kar, med brune livlege auge, som plutseleg sto bak lysthuset. Han kom springande mot oss, og Esther reiste seg og kasta seg om halsen hans. Det viste seg å vere den mykje omtala Alf, ein av Aall familien sine mange søner. Han var telegrafoperatør i Kristiansund. Då han høyrde om mora sin stygge hoste, bestemte han seg for å reise for å treffe henne på 17. mai.

 

Me var tilbake på hotellet tidleg på kvelden, og me hadde det svært hyggeleg saman på romma våre. Alf er ein av dei mest religiøse skikkelsane eg nokon gong har møtt. Likevel er han så full av humor og lystige stunt, at han fekk heile gjengen til å riste av latter. Vitsane hans ser ut til å kome heilt spontant, noko som gjer dei enda meir morosame. Han spør folk rett ut om dei er klare til å møte Gud, ansikt til ansikt. Han snakkar med alle folk, utan å bry seg om kva sosial klasse dei kjem frå, kva alder dei har, eller kvar dei kjem frå. Når Gud kallar han til bøn, må han sleppe alt han har i hendene og setje seg ned på kne. Han snakkar høgt med Gud, utan å la seg forstyrre av dei rundt seg. Før me gjekk til sengs, bad Alf ei bøn for kvar av oss. Det var mykje støy frå feiringa i skjenkestova under oss denne kvelden og. Alf tok seg tid til å be for dei som var nede i skjenkestova og, før me alle fall til ro, og me sovna inn med fred i skjela.»


Tung avskjed

Tilbake på prestegarden starta Nehemias å førebu seg på å reise vidare. No hadde han snart vore eitt år i Noreg, og fem av månadane hadde han budd på den idylliske prestegarden, saman med alle dei spennande medlemmene av prestefamilien som han hadde blitt så glad i. Møtet med Aall familien hadde sett varige spor i han, på godt og vondt. Dei hadde gjeve han opplevingar han ikkje ville ha vore utan, og han hadde fått minner for livet. Han hadde lært mykje medan han budde der, alt frå korleis ein oppfører seg pent og danna, til korleis han kunne spele piano med innleving og lidenskap. Dessutan hadde dei lært han å skrive dikt, og å gå på skøyter.


Heile familien hadde fått ein plass i hjartet hans, men han måtte innrømme at han var spesielt sterkt knyta til Esther. Det ville bli tungt å ta farvel med prestegarden og Aall familien, men det var på høg tid å kome seg vidare. Dersom han ikkje kom i gong med musikkstudia snart, ville ikkje foreldra finansiere reisa hans lengre.


Nehemias hadde gjort avtale med kapteinen på eit dampskip som skulle frakte sild til Gefle nord for Stockholm. Han skulle få reise svært billig, og han skulle få ete ved kapteinen sitt bord. Derifrå skulle han reise til Tyskland og Leipzig for å studere musikk. Dette skreiv Nehemias om avskjeden med Aall familien den 3. juni 1893: «Både eg og Aall familien var prega av avskjeden. Det var vanskeleg å halde tårene borte. Med gråtkvelt stemme fortalte fru Aall at heile familien kom til å sakne meg, og at det ville bli eit stort tomrom i huset etter meg. Det heile blei sterkt for meg. Det er sikkert og visst at dei har vore snille mot meg på alle måtar, og behandla meg som eit ekte medlem av familien. Det siste Esther gjorde for meg, var å setje seg ned på golvet for å pakke inn dei store vinterstøvlane eg kjøpte i Haugesund. Kjem eg nokon gong til å få sjå henne igjen?»


Farvel med Nehemias

Me skal no ta farvel med Nehemias Tjernagel. Me har blitt godt kjent med han gjennom alle breva han skreiv heim til familien i Amerika. For meg har det vore eit sterkt og spennande møte. I den første artikkelen samanlikna eg innsynet i brevsamlinga hans med å finne gull. For meg handlar historie meir om å bli kjend med folk som har levd, og historiene i livet deira, enn om store hendingar, årstal og statistikk. Gjennom Nehemias sine brev har me fått kjennskap til korleis livet til mange folk i Sveio-bygdene var på slutten av 1800-talet. Me har fått eit innblikk i dei enkle, men likevel innhaldsrike og meiningsfulle, liva som vanlege bønder og bygdefolk levde. Dessutan har me fått eit innblikk i korleis den fine prestefamilien levde på Solheim. Gjennom breva til Nehemias har me fått kome tett innpå fleire av dei spennande personane i Aall familien.



Kjelder:

-Neelak Serawlook Tjernagel, “Nehemias Tjernagel – an affectonate biography”, New York 1976.

-Brev frå Nehemias Tjernagel til familien I Iowa, 1892-1893, transkriberte av Dr. Peter Tjernagel Harstad.

-Peter Tjernagel Harstad, “Nehemias Tjernagel’s music, An Album”, 2006.

-Nehemias Tjernagel sitt utklippalbum, på www.tjernagel.org.

-Nehemias Tjernagel, “Walking trips in Norway”, 1917.

-Anathon Aalls dagbøker, 1881–1893, I Tidsskrift for Norsk Psykologforening, nummer 2, 2011.