Dristige pionerar

Dristige pionerar


Utvandringa frå Sveio til Amerika



Av Sverre Halleraker


Briggen ”Favoriten” var eigd av J. A. Cøhler & Co. i Stavanger. Skipet hadde ei lasteevne på 179 kml og reiste til Amerika med norske emigrantar i 1849 og 1850. Kapteinen om bord var J. C. Westergaard. I 1849 hadde han med seg 191 passasjerar frå Stavanger til New York. Skipet reiste 16. mai og var framme 28. juni. Blant passasjerane var to familiar frå Sveio. Erik Erikson Haukås reiste saman med kona Astrid Olsdotter og barna Ole (11), Erik (7) og Marthe Elisabeth Aseline (1). Peder Christenson Tjernagel reiste saman med kona Berthe Marie Halvorsdatter og barna Ole Andreas (2) og Christen (½). Berthe Marie døydde av kolera like etter at ho var framme i Fox River-busettinga. (Ukjend målar.)

Innleiing

Folk i Sveio hadde høyrt historier om det fantastiske landet som låg på andre sida av det enorme Atlanterhavet. Mange hadde draumar om det gode livet dei kunne få i det nye landet. Her var det uendelege sletter med jord. Historiene ville ha det til at ein kunne dyrke korn utan ein gong å måtte gjødsle. Folk åt kveitebrød og oksesteik til kvardags. Dessutan kunne dei tappe sirup rett frå trea i skogen rundt seg. Det blei fortalt historier om at folket som budde der før var utrydda av pest, og at det berre var å forsyne seg av tomme hus og ferdig oppdyrka gardsbruk.


Mange i Sveio var så dristige at dei gjorde alvor av draumane sine. For å kunne legge i veg på den lange reisa, måtte dei selje alt dei eigde og ta farvel med alt og alle heime. Reisa var lang og strabasiøs, og det var svært få som visste kva som møtte dei på den andre sida av Atlanteren. Dessutan var det svært få som hadde kjennskap til det framande språket dei tala i Amerika.


Me veit at mange frå Sveio utvandra til Amerika. Dei fleste i Sveio har slektningar i Amerika som stammar frå desse utvandrarane. I denne artikkelen skal me sjå nærare på utvandringa og utvandrarane. Me skal finne ut kor mange det var som flytta frå Sveio til Amerika, og me skal finne ut kven det var som utvandra, og kvar i Sveio dei kom frå. Dessutan skal me finne ut kva periodar det utvandra flest, og me skal finne ut kor i Amerika innvandrarane frå Sveio slo seg ned. Det er og interessant å sjå på korleis reisa til Amerika var, og det er interessant å vite korleis det gjekk med dei som reiste til det nye landet. Me skal følge ei gruppe utvandrar frå Tjernagel på turen frå Sveio til reisemålet deira i Midtvesten. Historia deira er både spennande og dramatisk. Dei måtte gjennom store påkjenningar og dei fekk oppleve mykje sorg den første tida i det nye landet.

 

Eg har nytta mange ulike kjelder for å kunna skrive denne artikkelen. I presten sine ministerialbøker har eg funne dei som utvandra. Emigrantane måtte ha med seg utflyttingsattest frå presten. Dei som fekk utflyttingsattest blei skrivne ned i protokollen. Eg har og sett gjennom passasjerlistene til ein del emigrantskip. I tillegg har nytta digitale kjelder frå Nasjonalbiblioteket, og eg har henta historier frå nettsida til etterkommarane til dei første utvandrarane frå Tjernagel.


Overfolka gardar

Folketalet i Sveio steig dramatisk i tiåra midt på 1800-talet. I 1820 budde det om lag 1500 personar i det området som no utgjer Sveio kommune. Femti år seinare hadde folketalet stige med meir enn 150 prosent! I 1870 var folketalet i Sveio tett oppunder 4000. Det er mange årsaker til den formidable folkeauken. Betre levekår gjorde at færre barn døydde medan dei var små. Betre hygiene og kosthald førte generelt til at færre døydde og at folk levde lengre. Når folk trass i dette heldt fram med å få mange barn, blei resultatet folkeauke. Det eventyrlige vårsildfisket førte dessutan til at mange flytte til Sveio. Dermed blei folkeauken enda sterkare.


Folketalet i Sveio-bygdene blei så høgt at det var vanskeleg å skaffe seg eit levebrød for dei unge som vaks opp her. I tiåra før 1850, då vårsildfisket var på det beste i Sveio, greidde mange seg godt med inntektene frå sildefisket. Då sildefisket i ein kort periode svikta midt i 1850-åra, såg mange mørkt på framtidsutsiktene dei overfolka gardane hadde å by på. Mange drøymde om å reise bort for å finne lysare framtidsutsikter. Problemet var at andre stader i distriktet, ja faktisk heile landet, såg ut til å vere like overfolka.


Kvekarar frå Tysvær

Dei første norske utvandrarane var kvekarar frå Tysvær. Dei var leia av sjømannen og eventyraren Kleng Person, som hadde vore ein tur og sjekka tilhøva i Amerika så tidleg som i 1821. Dei var 52 personar som la i veg frå Stavanger med sluppen «Restaurationen» den 4. juli 1825. Då dei gjekk i land i New York, tre månadar seinare, var dei 53 personar. Ein ny verdsborgar var komen til under overfarten. Desse pionerane slo seg ned ved Ontariosjøen i staten New York. Dette området viste seg umuleg å leve i for folk som var vane med det norske klimaet. «Sluppefolket», som dei blei kalla, blei hardt råka av malaria, gulfeber og andre sjukdommar som er vanlege i sumpområde.

 

Kleng Person gjekk til fots frå Ontariosjøen til Ohio, og vidare til Illinois i 1833. Der oppdaga han Fox River-dalen, som låg sørvest for Chicago. Han tok sluppefolket med seg til Fox River-dalen og etablerte eit norsk nybyggarområde der. Berre halvparten av dei norske nybyggarane var med til Fox River. Sjukdommar og vanskelege levekår hadde teke livet av mange. Fleire hadde flykta i panikk, utan mål og meining, og mange av dei hadde truleg bukka under. Fox River var lenge eit sentrum for norske nybyggarar. Mange av nybyggarane frå Sveio hamna og her, før dei reiste vidare vestover til Iowa. 


Rogaland og Hordaland først

Først i 1836 la dei to neste seglskutene i veg mot Amerika. Det var to briggar med 167 emigrantar frå Hordaland og Rogaland om bord. Fram til 1840 hadde 1200 emigrantar forlete Noreg. Utvandringa auka på i 1840-åra. I enkelte bygder herja Amerikafeberen. Dette tiåret flytta om lag 17 000 nordmenn til Amerika. Framleis var utvandringa i stor grad eit Vestlandsfenomen. I 1850-åra akselererte emigrasjonen enda meir, og heile 36 000 nordmenn reiste til Amerika. Mellom 1860 og 1865 var det få som reiste, på grunn av den amerikanske borgarkrigen og dei blodige indianaropprøra i Midtvesten.


Etter 1865 starta den første store nasjonale utvandringsbølga. I løpet av ti år emigrerte 120 000 nordmenn. Neste store utvandringsbølge fann stad mellom 1880 og 1893. I dette tidsrommet reiste 250 000 nordmenn. Den siste store bølga fann stad mellom 1900 og 1910. Då reiste 200 000 nordmenn til Amerika. I tiåret fram mot 1920 gjekk utvandringa sterkt tilbake. I 1920-åra reiste dei fleste emigrantane til Canada. Totalt har over 800 000 nordmenn utvandra til Amerika, og Noreg er etter Irland det landet i Europa med flest utvandrarar i høve til folketalet.

 

Stor utvandring frå Sveio

I Sveio starta utvandringa tidleg. Tabellen nedanfor viser kor mange som utvandra kvart tiår. Det er overraskande at så mange som 38 sveibuar emigrerte før 1850. I dette tidsrommet var utvandringa frå vår region heller låg. Me ser at heile 224 personar emigrerte frå Sveio i 1850-åra. I 1860-åra gjekk talet ned, for så å stige kraftig etter 1870. Dei neste 40 åra utvandra så mange som 711 sveibuar til Amerika. Deretter gjekk utvandringa sterkt tilbake fram til 1920.

Totalt har eg funne 1136 personar frå Sveio som emigrerte til Amerika før 1920. Dette utgjer om lag 30 prosent av folketalet i 1875, og er på linje med utvandringsprosenten for heile landet. Samanlikna med resten av landet, så har Sveio spesielt mange emigrantar i den tidlegaste fasen. Før 1860 har Sveio tre gonger så stor utvandring som landsgjennomsnittet, sett i høve til folketalet. Ein fjerdedel av dei som emigrerte frå Sveio reiste før 1860, medan berre 5 prosent av emigrantane frå heile landet reiste før 1860.


Utvandrarar ulike tiår:

Tiår:

Sveio sokn:

Valestrand sokn:

Vestre Vikebygd:

Sum:

1836

1

0

0

1

1840-1849

29

8

0

37

1850-1859

111

68

45

224

1860-1869

75

17

3

95

1870-1879

88

67

24

179

1880-1889

133

72

24

229

1890-1899

59

38

15

112

1900-1909

93

71

27

191

1910-1919

25

28

15

68

Sum:

614

369

154

1136

Kjelde: Ministerialbøker for Finnås, Fjellberg, Sveio, Valestrand og Vikebygd.


Pionerane

Me skal no sjå nærare på dei som emigrerte frå Sveio før 1860. Desse 262 utvandrarane har eg analysert på individnivå for å finne ut kven dei var og kvar dei kom frå. Tida før 1860 blir kalla pionertida, og dei som emigrerte før 1860 blir kalla pionerar og nybyggarar. Det var dei som utvandra i denne tidlege fasen som bana veg, etablerte busettingar, og la tilhøva til rette for dei som kom seinare.


Utvandringa frå Sveio varierte ein del frå år til år i pionertida. Figuren nedanfor viser kva år som hadde flest utvandrarar. Talet på emigrantar frå Sveio steig jamt frå 16 i 1849 til 42 i 1852. I 1853 var det ingen som reiste, medan utvandringa tok seg opp att i 1854. Det var mange som utvandra i åra 1856 og 1857. I toppåret 1857 reiste heile 48 sveibuar til Amerika.


Kjelde: Ministerialbøker for Finnås, Fjellberg, Sveio, Valestrand og Vikebygd.


Gardar med stor utvandring

Me skal no sjå på kvar i Sveio utvandrarane i pionertida kom frå. Nokre gardar utmerkar seg med svært mange utvandrarar. I området som strekk seg frå Tjernagel til Økland, emigrerte heile 57 personar før 1860. Går me nordover langs dei ytre områda av Valestrand, frå Straumøy i sør til Tittelsnes i nord, finn me 54 personar som emigrerte i pionertida. Gardane Haukås, Bråtveit, Lid og Apeland, som ligg i same område, hadde 43 utvandrarar, medan gardane Hovda, Tveit, Erve og Oa hadde 26 utvandrar. Går me lenger nord langs Ålfjorden, finn me gardane Stueland, Brattestø og Staupe. Her var det 19 som utvandra i pionertida. Me kan merke oss at svært få emigrerte frå dei folkerike områda langs Bømlafjorden mellom Mølstre og Buavåg. Det var dessutan svært få som utvandra frå området mellom Framnes og Førde.


Gardar med flest utvandrar i pionertida:

Gard:

Tal:

Lid

23

Tjernagel

20

Lien

16

Økland (Moster sokn)

14

Straumøy

11

Oa

10

Staupe

10

Haukås

10

Nygård

9

Økland (Valestrand sokn)

8

Rødmyr

8

Apeland

7

Mjåned

7

Hovda (Vikebygd sokn)

7

Eidsvåg

6

Haugland

6

Erve

6

Brattestø

5

Aldersgruppe:

Tal på personar:

Prosent:

0-15 år

81

34,3

16-30 år

107

41,3

31-45 år

47

18,1

46-60 år

15

5,8

Over 60 år

1

0,4

Sum:

259

100

Kjelde: Ministerialbøker for Finnås, Fjellberg, Sveio, Valestrand og Vikebygd.


Alder og sosial status

Me kan og sortere emigrantane frå Sveio i aldersgrupper. Då ser me at det var dei unge som reiste til Amerika i pionertida. Tre av fire som reiste var under 30 år. Ein tredel av utvandrarane var barn under 16 år, medan over 40 prosent var i aldersgruppa 16-30 år. Det at nær 200 personar under 30 år reiste frå bygda i løpet av ein tiårsperiode, må ha sett sine spor i det vesle bygdesamfunnet. Berre 6 prosent av utvandrarane var over 45 år.


Alder på utvandrarane i pionertida:


Kjelde: Ministerialbøker for Finnås, Fjellberg, Sveio, Valestrand og Vikebygd.


For å få eit enda klårare bilete av kven utvandrarane var, har eg sortert dei etter sosial status. Det store fleirtalet av barn og unge fortel oss at det var mange barnefamiliar som utvandra. To av tre utvandrarar, eller 66 prosent av emigrantane, var familiar. Til saman reiste 39 familiar frå Sveio til Amerika i pionertida. Til saman hadde dei med seg 94 barn. Fleire av desse var under eitt år gamle. I gjennomsnitt hadde kvar familie med seg 2,4 barn.


Utvandrarane i pionertida sin sivile status:


Status:

Tal på personar:

Prosent:

Ektefolk:

78

30,1

Barn:

94

36,2

Ungkarar:

57

22,0

Piker:

26

10,0

Enker:

3

1,2

Enkemenn:

1

0,4

Sum:

259

100

Kjelde: Ministerialbøker for Finnås, Fjellberg, Sveio, Valestrand og Vikebygd.


Berre fem av familiane var husmann, medan resten var sjølveigande bønder, eller barn av sjølveigande bønder. Dette fortel oss at det var folk ganske høgt på den sosiale rangstigen som utvandra i pionertida. Me ser at nesten ein firedel av alle emigrantane var ugifte menn. Heile 10 prosent av dei som reiste var ugifte kvinner. Dette talet er høgt. Einslege kvinner var så å seie fråverande når me ser på statistikken for heile landet. Jentene frå Sveio må med andre ord ha vore meir sjølvstendige og uavhengige enn jentene i resten av landet.

 

Den viktigaste årsaka til at så mange einslege jenter frå Sveio kunne reise, var nok at dei hadde tent gode pengar i salteria under vårsildfisket. Inntekter frå vårsildfisket gav mange den kapitalen som skulle til for å kjøpe Amerikabillett. Dermed kan me seie at det gode vårsildfisket var ei viktig årsak til at mange utvandra frå Sveio så tidleg. Nokre år med dårleg fiske på midten av 1850-åra, førte til at mange reiste til Amerika i åra som følgde.


Amerikabreva

I breva frå utvandrarane finn me mange skildringar av tilhøva i det nye landet. I eit brev blei det skrive: «Hver Dag her er bedre end Julekvelden i Norge». I ei anna skildring heiter det: «Fruentimmere have det bedre her end i Norge, thi de ere meere i Estime her, de har alene at pusle i Huset og kommer aldrig paa Utearbeide. Gamle Folk og de som er vande med at sidde ved Kakkelovnen, frarådes at gjøre Amerikanere af sig.» Andre skildringar tek for seg sjukdom og død på reisa. «Den 26de om Morgenen, omtrent Klokken 5, Døde et Pigebarn 8de Uger gammelt. Klokken to blev det begravet. Skibstømmermanden gjorde Kiste som blev fylt over det halve med Sand. Derpaa blev Barnet nedlagt som altid er almindeligt. Derpaa sang vi, «Hvo ved hvo nær mig er min Ende». Derpaa en Bøn og Jordpaakastelse som forrettedes af Capteinen, derpaa atter en Sang. Saa tog Matroserne Kisten og hævede overbord. Alt gik stille og høitideligt til, og Bølgerne gjemte den lille Kiste ligesaa hurtigt som jorden bliver paaskuffet paa Landet.» Den lange reisa frå New York til Midtvesten var ein like stor påkjenning som sjøreisa. Ein emigrant skriv dette i 1851: «I ti lange og haarde Dage var vi stuvet sammen som Sviin i Vogner paa Eriekanalen, og vi blev behandlede som Sviin. Døden var vaar stadige følgesven, og efter utallige Begravelser paa Søen kom nu like mange Begravelser på Land.»


Dei første pionerane

Me skal no følge nokre av dei første utvandrarane frå Sveio på den lange reisa. Me skal følge dei heilt fram til nybyggarområda vest for dei store sjøane. Reisa var både lang og krevande. Då dei kom fram, skulle det vise seg at ikkje alt var like fantastisk i det nye landet som det folk hadde sett for seg i draumane sine.


Første sveibu som la ut på den lange og usikre reisa mot det løfterike landet, var ein 20 år gammal ungkar frå Emberland. Namnet hans var Johannes Johanneson. Han reiste frå Stavanger våren 1836. Fem år seinare reiste neste sveibu, og det var 20 år gamle Knut Knutson Bjelland. Heile sju år skulle gå før fleire emigrerte frå Sveio. Tre unge ugifte menn reiste i 1848. Året etter utvandra dei tre første familiane frå Sveio. Erik Erikson Haukås reiste med kone og tre barn. Dottera Marthe Elisabeth Aseline var berre eitt år gammal. Dette året reiste og ein familie med tre born frå Økland i Valestrand. Frå Tjernagel reiste Peder Christenson og kona Berthe Marie Halvorsdotter. Begge var i slutten av 20-åra, og dei hadde med seg barna Ole Andreas på to år og Christen på eit halvt år. Peder og familien hans budde heime på garden til foreldra på Tjernagel før dei reiste.

 

I nord grensar Tjernagel til Lien, eller Lio som det heiter på folkemunne. Her budde Philipus Knudson og kona Kirsti Pedersdotter. Familien deira hadde vore råka av fleire tragedier. I løpet av to veker i 1830 døydde alle tre barne deira av ein smittsam barnesjukdom. Som om ikkje det var nok så blei familien brutalt overfallen av eit berykta fantefølje i 1844. Ein av fantane forsøkte å valdta eldstedottera i huset, som då var 14 år gammal. Saman med naboar frå Tjernagel greidde Philipus å overmanne dei fulle fantane og hindre valdtekta. Hendinga sette sitt preg på familien, og overfallet kan ha gjort sitt til at dei vurderte å forlate heimlandet. I 1850 hadde Philupus fire barn som var i live. Det var Anne Marie (20), Helga (18), Knut (16) og Peder (14). Eldstedottera, Anne Marie, var gift med Mikkel Johannesson Lie, og dei hadde dottera Dorthe Helene på eitt år.


Som å gravleggje levande

Mikkel Johannesson hadde lenge hatt lyst til å emigrere, og han greidde å overtyde svigerfaren, Philipus, om at dei ville få ei betre framtid i Amerika. Hausten 1849 kjøpte dei billettar til seg og familiane sine. Dei valde å reise med barken «Therese», som skulle segle frå Bergen til New York i midten av juni året etter. Mykje måtte ordnast i løpet av den siste vinteren i heimlandet. Dei sydde klede, tømra kister til utstyr og niste, slakta buskapen og stelte kjøtt, baka flatbrød og gjorde bommar. Philipus selde garden sin, og det blei arrangert auksjon for å få seld alt som dei ikkje kunne ha med seg. Første mai 1850 var Mikkel Johannesen og Philipus Knudsen hos soknepresten og fekk utflyttarattest til familiane sine. Det var tungt å ta farvel med dei som var att. Ein far som tok farvel med dottera si og såg ho gå ned stigen til mellomdekket, skal i ettertid ha sagt at avskjeden var som å gravlegge dottera levande.


Mange i bygda åtvara dei mot å reise. Ein del gjekk så langt at dei viste avsky og forakt mot dei som skulle reise. Presten kom med sine formaningar frå preikestolen i kyrkja for å skremme folk til å bli heime. Dei som reiste blei skulda for å vere ansvarslause og dumdristige, og dei blei skulda for å utsetje familiane sine for eit sjansespel med liv og helse som innsats. Det blei fortalt mange skrekkhistorier om kor ille det hadde gått med mange av utvandrarane. Det var og mykje propaganda for å få folk til å reise, og det var vanskeleg for folk å vite kva dei skulle tru på. Størst tiltru hadde dei til skildringar dei fekk i brev frå slektningar og naboar.


Overfarten

Den 15. juni gjekk Philipus og Mikkel om bord med familiane sine. Då ”Therese” segla ut av hamna i Bergen, tok dei eit endeleg farvel med heimlandet. Det var fleire emigrantar frå Sveio om bord. Til saman var dei 33 sveibuar. Det kjendes trygt at dei var så mange frå same bygda. Frå Apeland reiste Mons Clemetson saman med kone og fire barn. Barna var mellom to og 16 år gamle. Frå Stueland reiste Elling Larson med kone og sonen på ni månadar. Frå Eidsvåg reiste eit ungt ektepar saman med barnet deira på eitt år. Det var ikkje berre familiar som reiste. Frå Valestrand var det to unge ugifte menn og fire ugifte jenter som la i veg.


Barken «Therese» hadde ei lasteevne på 102 kommerselestar, altså rundt 600 kubikk-meter, og var eigd av bergensreieriet C. Gerh. Ameln. Kapteinen om bord var Christen Lahn. «Therese» var til vanleg eit lasteskip, og gjorde berre denne eine turen over Atlanteren med utvandrarar. Det var 130 emigrantar om bord, og skipet hadde truleg med anna last i tillegg. Dei aller fleste av emigrantane, eller meir presist 108 passasjerar, hadde sin plass på mellomdekket. Åtte av passasjerane hadde plass i dekkshuset, medan 14 passasjerar hadde lugar. Mikkel og Philipus må ha vore pengesterke, for passasjerlista avslører at begge desse familiane hadde lugarar. Ein billett i eigen lugar kosta to til tre gonger så mykje som ein plass på mellomdekket. Med andre ord så måtte kvar av dei to familiane betale rundt 180 spd for billettane sine, altså like mykje som fem årsløner for ein arbeidskar. Reisa var på mange måtar komfortabel for dei som hadde eigne lugarar, men lugaren hjelpte lite mot uvêret.


Det var trongt om plassen på emigrantskipa. Dei fleste passasjerane heldt til på mellomdekket, og køyene var tronge og sto tett. Under uvêr måtte alle lukene stengast, slik at ikkje skipet tok inn vatn. Passasjerane var då innestengde på mellomdekket. Mange sleit med sjøsjuke. Alvorlege sjukdommar som difteri kunne spreie seg, og ikkje alle overlevde reisa. (Trykk frå Norsk utvandrarmuseum.)


På mellomdekket

Tilhøva var meir kummarlege på mellomdekket. Der kosta ein plass for vaksne 20 spd. Barn under 15 år reiste for halv pris. Dei reisande måtte ha minst like mykje pengar som billettane kosta for å kunne kome seg vidare til reisemålet i Amerika. Overfarten kunne vare opptil 12 veker, og dei reisande måtte sørge for sin eigen mat. Kvar passasjer måtte ha med seg mat til ein verdi rundt 10 spd. Dessutan måtte dei ha med seg sengeklede og kokekar. Drikkevatn og brensel til koking fekk dei om bord.

 

Her er ei liste over kva dei reisande blei oppmoda til å ha med seg: Tørka og salta kjøtt, tørka og røykt sild, øl, mjøl, erter, kornvarer, poteter, rugkavringar, kaffi, te, sukker, ost og smør. Mot sjukdom burde dei ha med seg: Brennevin, eddik, vin, rosiner, svisker, laksermiddel, svovelpulver, svovelsalve, kamfersprit og Hoffmannsdråpar. For hygienen burde dei ha med nok klesskifte, saltvassåpe og gode lusekammar.

Takhøgda på mellomdekket var dryge to meter. På «Therese» var det køyer laga av grove bord langs begge sidene av skipet, og det var ei rad med køyer midtskips. Køyene var i to høgder, og det var så vidt mogleg for ein vaksen person å sitje oppreist i køya. Passasjerane låg langskips for å bli plaga minst mogleg av sjøgongen. Det var berre ein trong korridor mellom radene med køyer. Køyene var såkalla familiekøyer med plass til fire vaksne i kvar køye. Maten og mykje av bagasjen til passasjerane blei plassert i rommet under mellomdekket. Kvar dag måtte dei gå ned og hente matforsyningar. Kvar person fekk utdelt tre potter vatn kvar dag. Alle måtte lage mat til seg sjølv. På «Therese» var det berre ei kabysse kor dei 130 passasjerane skulle lage maten sin. Det var ofte lang ventetid for å få kome til med matlaginga. Det var eitt toalett på deling for dei 108 passasjerane på mellomdekket.


Mange hadde med seg for lite mat. Dersom ein var uheldig med vêret og vindtilhøva, kunne turen ta fleire veker lengre enn det som var vanleg. Det hendte at emigrantskip gjekk tomme for drikkevatn og måtte kjøpe vatn til blodpris av møtande skip. Passasjerane måtte ta ekstrakostnadane. Då skipet passerte fiskebankane ved Newfoundland, fekk passasjerane fylle opp matlageret sitt med fisk dei fiska sjølv. Her blei det fiska store mengder med stor og fin torsk frå emigrantskipa. Torsken blei salta i tønner, og denne fisken var redninga for mange på slutten av turen.


Ei stor påkjenning

Overfarten var ei stor påkjenning for mange av passasjerane. Mange var sjøsjuke heile turen, og enkelte var så dårlege at dei ikkje greidde å ta til seg mat og drikke. Før 1860 døydde så mange som 5 prosent av alle utvandrarane under overfarten. Hygienen var langt frå god og sjukdommar spreidde seg raskt. Både kolera, tyfus, meslingar og difteri herja på mange skip. Emigrantskipa hadde ikkje lege om bord, det var kapteinen som hadde ansvaret for å ta hand om dei sjuke.

 

Emigrantane om bord på «Therese» opplevde fleire periodar med dårleg vêr under overfarten. Den verste stormen varte i to veker. Under stormen blei passasjerane sperra inne på mellomdekket. Alle luker måtte stengast, og det var stummande mørkt døgnet rundt. Det var strengt forbode å tenne lys på grunn av brannfaren. Lufta var svært tett og usunn. Det var oppkast i køyer og på dekk, og stanken var ikkje til å halde ut. Mange var sjøsjuke under heile stormen.


Under slike periodar med uvêr var hygienen svært dårleg. Det hendte at epidemiar braut ut. Difteri tok livet av mange. I 1854 braut det ut difteri om bord i emigrantskipet «Laurvig.» Symptoma var voldsam diare. Dei sjuke hadde blodig oppkast og sterke mage-smerter. Til slutt hovna heile kroppen opp, og den sjuke døydde. På «Laurvig» blei over 20 av passasjerane smitta av difteri. Heile 13 av passasjerane døydde. Mange av dei var barn. Ein av mannskapet døydde og. Det var matrosen Anders Olson Bua frå Sveio.


New York i sikte

Det var heller ikkje uvanleg at det braut ut konfliktar mellom passasjerane på emi¬grant-skipa. Mange folk var stua saman under tronge kår over lang tid. Dei fleste konfliktane kom etter skuldingar om steling. Emigrantane måtte ha alt dei eigde med seg, og det å ha nok pengar med seg til turen vidare frå New York, gjaldt liv eller død. Det var fleire som blei fråstolne alle pengane sine, og desse kom seg ikkje vidare utan å få låne pengar av andre. Mange gjekk til grunne i storbyslummen i New York.


Turen hadde vart i ti veker og fire dagar, då kaptein Lahn segla inn til mottaksstasjonen Castle Garden ved New York. Kalenderen viste 28. august. Før dei fekk legge til kai, måtte det kome lege om bord og sjekke at alle var friske nok til å sleppe inn i landet. Kvar person måtte betale 1,75 $ i landgangspengar. Då dei kom i land, blei papira sjekka og immigrantane måtte registrerast. Opptil hundre skip med immigrantar kunne vere samla ved hamna på ein gong. Ventetida kunne bli lang for innvandrarane.

 

New York var eit mektig syn for bøndene som kom frå Sveio. Husa var opptil seks etasjar høge, og det var butikkar av alle slag i dei travle bygatene. Språket var eit stort problem for bøndene frå Sveio. Det var mange som utnytta den hjelpelause og desperate situasjonen innvandrarane var i, og tok seg overbetalt for mat, reiser og andre tenester. Mange blei lurt eller rana medan dei veksla pengar. Fleire innvandrar hadde med seg for lite pengar, og måtte difor hoppe av før reisemålet var nådd. Desse gjekk ei usikker framtid i møte.


Norske emigrantar i kø for å registrere seg ved framkomst i New York. Dei hadde ennå ei lang og strevsam reise framfor seg. Mange visste ikkje kor store avstandane var i Amerika, og mange hadde teke med seg for lite pengar til å kunne betale for reisa fram til det endelege målet. (Trykk frå Norsk utvandrarmuseum.)


Den lange reisa til Milwaukee

Målet for Philipos Knutson og Mikkel Johanneson var Milwaukee i staten Wisconsin. Dei hadde høyrd at ein kunne kjøpe god jord til ein billeg penge her. Dessutan budde slektningen deira, Peder Christenson Tjernagel, i dette område. Han hadde som kjent reist til Amerika året før. Avstanden mellom New York og Wisconsin er like stor som avstanden mellom Oslo og Tromsø. Reisa til Wisconsin gjekk over dei store sjøane. Det var mogleg å reise til Buffalo med jernbane, men reisefølget frå Sveio valde å reise langs vassvegane. Jernbanevognene immigrantane kunne reise med hadde frakta kveg frå innlandet til New York. Immigrantane blei stua saman som kveg i dei same vognene, og togreisa varte i fleire dagar. Den frykta koleraepidemien spreidde seg i dei overfylte vognene. Mange blei sjuke og døydde på togreisa. Det blei rapportert om vogner fulle av koleralik. Innvandrarane frå Sveio hadde enno koleraepidemien som hadde råka Sveio året før friskt i minnet.

 

Vassvegane gjekk med dampbåtar frå New York til Albany. Derifrå gjekk det kanalar heilt til Buffalo ved Ontariosjøen. Hestar og oksar drog passasjerbåtane langs kanalane. Frå Buffalo blei innvandrarane frakta med hjuldamparar over dei store sjøane til Milwaukee. Koleraen herja også på denne reiseruta i åra mellom 1849 og 1852. Då reisefølget frå Sveio kom i kontakt med slektningen deira frå Tjernagel, Peder Christenson Tjernagel, fekk dei vete at kona hans, Berthe Marie, hadde fått kolera og døydde like etter at dei var framme i Fox River-busettinga.

Mikkel Johannesson fekk kjøpt eit stykke jord og bygd seg ei lita tømmerstove ved Waupaca, eit stykke nordvest for Milwaukee. Der budde han saman med kona Anne Marie Philipusdotter, og vesle Dorthe Helene. I det same området slo også Philipus Knutson seg ned saman med kona Kirsti Pedersdatter og dei tre yngste barna deira; Helga (18), Knut (16) og Peder (14).


Dette er utflyttingspasset som soknepresten skreiv ut til Philipus Knudsen Lien, kona hans Kirsti Pedersdatter, og dei tre yngste barna deira; Helga (18), Knud (16) og Peder (14). Seddelen er skriven ut på Finnås prestegard den 1. mai 1850. Seddelen har utruleg nok overlevd alle reisene heilt fram til Story City i Iowa, kor etterkommarane til Philipus og Kirsti har teke vare på han heilt fram til i dag. (Frå Dr. Peter Tjernagel Harstad sine samlingar.)

Brevet frå Amerika

Me skal no vende heim att til slektningane og naboane til dei som reiste i 1850. Heime i Sveio visste dei lite om korleis det gjekk med slektningane i Amerika. Det skulle gå eit heilt år før slektningane på Tjernagel fekk brev frå Amerika. I brevet kunne dei lese at Mikkel Johannesson og Philupus Knutson hadde busett seg i Waupaca, og at alt sto bra til i det nye landet. Det var ikkje alltid heile sanninga kom fram i amerikabreva. Slekt og venner på Tjernagel blei sterkt oppmoda om å kome etter. I brevet var det nøyaktige skildringar av kva reiserute dei skulle følge for å kome til Waupaca.


Peder Larson budde heime på garden til foreldra sine på Lien. Mor hans var systera til Kirsti Pedersdotter, som var kona til Philipus Knudson Lien. Peder Larson var 25 år gammal i 1851, og hadde nettopp gifta seg med Malene Christensdotter. Malene var søstera til Peder Christenson Tjernagel, som reiste til Amerika med familien allereie i 1849. Med andre ord, så hadde begge to nære slektningar i Amerika. Det unge ekteparet såg ikkje dei store framtids-utsiktene i heimbygda, og hadde snakka om å bryte opp og flytte til Amerika.


Malene Christensdotter, født på Søre Tjernagel 12. mai 1827. Den 13. mai 1852 gifta ho seg med søskenbarnet sitt Peder Larsson Tjernagel, eller Store-Per som han blei kalla, i gamle Sveio kyrkje. Berre 12 dagar seinare reiste dei med emigrantskipet «Rogaland» frå Stavanger. Malene og Store-Per fekk fem barn. Berre ei jente fekk vekse opp, og det var Berthe Christine (Født 1859). Ho skal ha arva faren sin styrke og kunne bere ei tønne salt under kvar arm. Malene gifta seg med eit anna søskenbarn, Knut Philupusson, etter at Per var død i 1863. Dei fekk ein son og ei datter saman, men dattera døydde som lita.

Peder Larson Lien. (Født 1827, død 1863). Den legendariske Store-Per, som var kjend for sin enorme styrke, sitt usedvanlig gode humør, si omsorg for dei rundt seg, og for sitt enorme temperament. Han var og kjend som spelemann.

Store-Per

Peder Larsen er ein mann det er verdt å vie litt ekstra merksemd. Han er ein mann som heilt fram til våre dagar har hatt legendestatus i dei norskamerikanske områda i Midtvesten. Peder Larsen gjekk under namnet «Store-Per.» Dette namnet fekk han fordi han var så umåteleg stor og sterk. Store-Per kunne gjere same arbeidet som to til tre vanlege menn. Han hadde eit uvanleg godt humør, og han hadde ein eigen evne til å få andre menneske i godt humør. Temperamentet hans skal og ha vore uvanleg stort, og det skal ha hendt meir enn ein gong at han let kjempekreftene sine gå ut over personar han rauk uklar med. Store-Per var og kjend for felespelinga si. Han begeistra folk rundt seg både med salmar og folkemusikk. Peder var ofte hyra inn som spelemann i bryllaup og andre festlege samanhengar.


Store-Per hadde ein uekte son saman med ei jente frå Kinn, men desse banda prøvde han å bryte. Han hadde i fleire år vore mannskap på seglskuter i utanriksfart. Ein gong skal han og ein kamerat frå Egersund ha kasta ti mann ut gjennom vindauget i ei skjenkestove i Arendal. Denne gjengen hadde drive gjøn med Store-Per og kameraten hans og kalla dei for strilar.

 

Etter å ha lese brevet frå tanta og onkelen i Amerika, bestemte Store-Per og Malene seg for å ta det store steget. Dei fekk med seg to av brørne til Malene, Endre Christenson Tjernagel (17 år) og Jockum Christenson Tjernagel (28 år). Jockum var gift med Anna Osmundsdotter, og dei hadde ein son på fem år. Alle desse fekk billettar til den vesle skonnerten «Rogaland» som skulle segle frå Stavanger i april 1852. Det var mange fleire frå Sveio som reiste med «Rogaland» i 1852. Passasjerlista viser at 38 av 92 emigrantar kom frå Sveio. Det var blant anna ein familie med sju barn frå Lie, ein familie med tre små born frå Haukås og ein familie med sju born frå Nygård. Dessutan var seks ugifte menn frå Åse, Årstadleite og Rødmyr med som passasjerar.


Reisa med «Rogaland»

«Rogaland» reiste frå Stavanger den 21. april og var framme i New York den 10. juni. Kaptein om bord var T. C. Jonasen. Etter den korte reisetida å dømme, må vêr og vind ha vore bra på denne turen. Talet på passasjerar avslører at det må ha vore trongt om bord i skonnerten. Men når vêret var godt, fekk passasjerane kome opp på dekk. Historia fortel at Store-Per greidde og halde humøret og motet til passasjerane oppe med lystig felespel og muntre historier. Om sundagane heldt kapteinen gudsteneste, medan Store-Per spelte fele til salme-songen. Ein gong skal nokre passasjerar ha fortalt Store-Per at dei var engstelege for at dei ikkje kunne språket dei snakka i det nye landet. Med ein munter tone skal han ha svara at dei ikkje hadde grunn til å engste seg, for han kunne snakke eit språk med knyttnevane sine som alle forsto.


Turen fekk ein brå stopp

Store-Per og dei fleste av passasjerane frå Sveio følgde same reiserute som Philipus og Mikkel hadde følgd to år tidlegare. Reisa gjekk greitt heilt til dei gjekk i land frå hjuldamparen i Green Bay nordvest i Michigansjøen. Dei var no komne til Wisconsin. Neste etappe var med ein liten dampdriven elvebåt opp Winnebagoelva. Reisa frå New York hadde teke mykje lengre tid enn dei hadde rekna med. Det var vanleg at denne turen tok tre veker. Matlageret var i ferd med å gå tomt, og alle i reisefølget var glade for at reisa snart var over. Problema starta då dei var komne om lag halvvegs opp elva. Då dei var inne i den tjukkaste skogen, blei passasjen stengd av drivande tømmerstokkar. Båtføraren kommanderte alle passasjerane i land. Han bad dei ta med seg bagasjen sin. Det var ingen i reisefølget som forsto engelsk så godt, så det var vanskeleg å vite kva båtføraren sa. Dei trudde dei måtte gå i land frå båten for at han lettare kunne trenge seg forbi tømmerstokkane utan last om bord.


Sjokket var stort då passasjerane såg at elvebåten snudde, og køyrde med full fart nedover elva att. Reisefølget sto skrekkslagne og hjelpelause att på land då dei såg elvebåten forsvinne nedover elva. Dei var overlatne til seg sjølve midt inne i ein tett og aude skog i eit framandt land, og dei var så godt som tomme for mat. Det einaste dei hadde att var litt salta torsk og litt flatbrød.


Eit nytt sjokk

Etter ei kort rådslaging bestemte dei seg for å sende tre menn ut for å leite etter slektningane sine som skulle bu ein stad i området rundt Waupaca. Dei tre som blei sendt ut var Endre Christenson Tjernagel, Jacob Steffenson Nygård og Steffen Torkildson Årstadleite. Store-Per og ein del andre menn var att for å passe på kvinnene og barna, og for å få tak i mat til det etter kvart så svoltne reisefølgjet. Både Peder Christenson, Philipus Knutson og Mikkel Johannesson skulle bu i dette området med familiane sine. Dei utsende speidarane hadde ikkje fleire ledetrådar å gå etter, enn at retninga var om lag rett vest for der dei var sett i land. Dei visste at oppgåva var som å finne nåla i høystakken, men kanskje dei trefte på folk som kunne vise dei veg?


Store-Per og resten av innvandrarane frå Sveio som reiste med ”Rogaland” i 1852 blir omringa av Sioux-indianarar etter at dei var sett i land langt ute i øydemarka i Wisconsin. Reisefølgjet blei berga av Per si fele. Maleriet blei laga av E. Bjørn, etter ei skisse som ein av dei som opplevde hendinga skal ha teikna. (Frå Dr. Peter Tjernagel Harstad sine samlingar.)

Då Store-Per trudde at situasjonen var så ille som han kunne bli, fekk han eit nytt sjokk. Langs elvebredda kom eit følge med indianarkrigarar padlande i kanoane sine. Kanoane gleid lydlaust opp på sletta kor det fortvila reisefølget hadde stranda. Indianarane hadde mala seg med krigsmaling, og dei var væpna med knivar, økser, pil og boge og skytevåpen. Store-Per vurderte om han skulle gå til angrep for å skremme dei vekk, men då han såg kor mange dei var, kor atletiske og sterke dei såg ut, og kor mykje våpen dei hadde, forsto han at det ikkje var nokon god idé. Nokre av kvinnene og barna byrja å grine, og resten av gjengen var skrekkslagne då indianarane sakte og utan ein lyd starta å omringe dei. Alle var sikre på at deira siste time var komen.


Redda av fela

Heldigvis, så hadde Store-Per fleire våpen å ty til enn knyttnevar og fysisk styrke. Han hadde fela si. Medan indianarane sto og såg på dei med kjølige blikk, tok Per forsiktig fram fela frå reisekista si. Han spelte ei roleg salme. Ingen ting hendte, så han spela ei salme til. Såg indianarane litt vennlegare ut i blikket no? Han heldt fram med spelinga. No drog Per i gong med meir lystige folketonar, og det var tydeleg å sjå at indianarane likte musikken. Nokre av dei fyrte opp eit bål, medan andre fann fram kjøttstykke av ein hjort dei hadde skote. Desse steikte dei på bålet, medan Store-Per heldt fram med å spele på fela si.

 

Lukta av steikt kjøtt minna våre venner på kor svoltne dei var. Til si store forbausing såg dei at indianarane kom med steikt kjøtt og gav dei. Då indianarane såg kor svoltne mange i reisefølget var, fann dei og annan mat i kanoane sine og gav dei. Deretter forsvann dei like raskt og lydlaust som dei hadde dukka opp, men dei kom att neste dag, og dagen etter det, og dei hadde med mat til dei svoltne innvandrarane. Store-Per spela fele for dei, som takk for maten. Historia seier at då misjonerar kom til denne indianarstamma femti år seinare, skal dei ha nynna på dei same norske salmane og folketonane som Store-Per hadde spela for dei.


Speidarane

Korleis gjekk det med dei utsendte speidarane? Eit stykke inne i skogen trefte dei på ein fransk pelsjegar. Dei forsto ikkje eit ord av det han sa, men då han høyrde namnet Waupaca, greidde han å dirigere dei i rett retning. Etter å ha vandra gjennom den tette skogen i ein heil dag, kom dei fram til ei busetting. Endre kunne litt engelsk, etter å ha segla i utanriksfart, så han fekk forklart kven dei leita etter. Dei fekk vete at Philipus og kona Kirsti ikkje budde langt unna. Mikkel Johannesson hadde flytta og busett seg eit stykke vest for Waupaca. Han og kona Anne Marie hadde fått ei jente som no var eitt år gammal. Deira eldste dotter, Dorthe Helene, var blitt tre år gammal.


Dette var godt nytt for dei tre speidarane. Ikkje lenge etter kom Philipus og Kirsti, som hadde høyrd at det var kome slektningar frå heimbygda. Gjensynsgleda var stor og inderleg. Det blei sendt bod på Mikkel, og ikkje lenge etter kom han med ein okse og ei lita vogn. Anne Marie var heime i den vesle tømmerhytta og passa på dei to små jentene. Mikkel og Philipus hadde ikkje berre gode nyheiter å kome med. Det hadde vore mykje vanskelegare å etablere seg i det nye landet enn dei hadde trudd. Dei hadde brukt opp pengane sine for lenge sidan, og dei sleit frå dag til dag med å få nok mat på bordet. Jorda dei hadde kjøpt viste seg å vere lite fruktbar, og det var vanskeleg å få seld jordbruksvarer. Det verste var likevel koleraepidemien som hadde herja i området med ujamne mellomrom heit sidan dei kom for to år sidan. Av deira familie var det berre kona til Peder Christenson som hadde døydd av kolera, men epidemien var ikkje over enno. Dei kunne fortelje om mange dei kjende i nabolaget som koleraen hadde teke.


Mikkel si hytte

Mikkel, Philipus og Kjersi blei med til elvebanken for å hente reisefølget. Dei fekk låne to oksar med vogner i tillegg til Mikkel sitt oksespann. Det var ikkje lett å få vognene gjennom skogen, men etter å ha streva i to dagar kom dei fram til elvebredda. Lettinga var stor då dei såg at alle var der og i god form. Det hadde gått fire lange dagar og netter sidan dei tre speidarane hadde lagt ut på den usikre vandringa inn i den mørke skogen.

Det blei ein lang og strevsam tur for å kome til Mikkel si hytte. Det var ikkje plass til så mykje av bagasjen på vognene, så mennene måtte bere kister, og kvinner og barn måtte bere tiner. Det blei sagt at Store-Per gjekk berrfota for å spare på skoa sine, medan han bar ei stor reisekiste på ryggen sin. Endeleg såg dei den vesle tømmerhytta som sto på ei slette i enden av skogen. Hytta var ussel og uferdig. Utanfor hytta såg dei vesle Dorthe. Ho såg forkommen ut. Bestemora, Kirsti, kjende på seg at noko var gale, og sprang mot den vesle jenta. Det var eit sørgeleg syn som møtte dei inne i hytta. I senga låg Anne Marie død. Ho var full av blodig oppkast. Dei forsto at det var koleraen som hadde teke ho. Inne i hytta fann dei og vesle Kirsti på eitt år. Ho var heilt utmatta, men såg elles ut til å vere i god form.


Sorga var stor då dei måtte gravlegge Anne Marie. Ho var berre 22 år gammal. Dei to små jentene hadde mista mor si, og Mikkel såg seg ikkje i stand til å kunne ta seg av dei. Kirsti og Philipus hadde ikkje anna val enn å ta over omsorga for dei to små jentene. Mikkel blei att aleine i hytta si, medan resten av følget drog vidare mot den såkalla Koshkonong-busettinga i Dane County, vest for Milwaukee.


Tigga for å overleve

På turen kom dei ut for eit uvêr dei aldri hadde opplevd maken til heime i Sveio. Det striregna fleire dagar i strekk, og dei fekk oppleve eit torevêr som var sterkare enn dei trudde var mogeleg. Innvandrarane frå Sveio måtte tigge mat frå nybyggarar dei passerte langs vegen for å overleve. Dei fleste var villige til å gi frå seg ein skvett mjølk, litt mjøl og eit stykke salt kjøtt. Dei overnatta under skjul dei laga av plankar dei fann langs vegen. Plankane blei dekka av åkle dei hadde med seg frå Sveio. Det var ein lite verdig situasjon Philipus og resten av følget var hamna i. Heime i Sveio var dei stolte og høgt respekterte folk, og dei var blant dei mest velståande i bygda. I sitt stille sinn tenkte dei nok at dei burde høyrt på åtvaringane og heldt seg heime.


Vel framme i busettinga slo reisefølget seg ned for vinteren. Dei fekk låne pengar til å bygge seg små tømmerhytter, og mennene fekk seg jobb som tømmerhoggarar og kanal-gravarar. Tømmerhyttene var skrale og lite eigna for den kalde vinteren. I eit amerikabrev er nybyggarane sine tømmerhytter skildra slik: «Et almindeligt Stuehuus opbygges her paa een Dag, idetmindste til Taget, dets Vægge ere saa aabne, at der mangesteds ere 3 à 4 Tommer imellem hver Stok, og disse Aabninger maa man om Vinteren udfylde med Træsplinter og Leer, for at gjøre dem nogenledes tætte, men dette udfalder tildeels og efterlader Huller, saa at næsten Katte derigjennem kunne have frit Løb. Man har sjelden mere end et Rum, som maa tjene til Koge-, Spise- og Sove-Værelse. Ovenpaa er et Loft, der langtfra ikke er saa tæt som et almindeligt Høloft i Norge; dette maa tjene som Soveværelse, naar flere ere i Huset end der rommes under. At saadanne Beqvemmeligheder, der ere udsatte for Træk og Snedrift, saa at Sengene i slige Tilfælde om Morgenen næsten ere belagte med en Fod dyb Snee, maae have skadelige Følger for deres Helbred.»


Store-Per og familien til Philipus greidde å tene så mykje pengar den første vinteren at dei kunne dra vidare til Fox River-busettinga våren 1853. Her fekk dei kjøpt eit stykke land som dei rydda og dyrka opp. Tilhøva betra seg etter kvart, og dei jobba seg sakte men sikkert opp, og i 1858 hadde Store-Per tent nok pengar til å kunne bryte opp og legge i veg mot betre og meir fruktbar jord i staten Iowa vest for Mississippielva. Dei slo seg ned og etablerte ei heilt ny busetting i Scott Township, omtrent midt i Iowa.


Enda meir ulykke og død

Store-Per kjøpte eit jordstykke på 650 mål, som han raskt fekk dyrka opp. No såg framtida lys ut for den vesle nybyggarfamilien, men det skulle vise seg at fleire tragedier skulle kome. Store-Per og Malene hadde to jenter. Dei fekk og tre gutar, men alle desse døydde i sitt første leveår. Hausten 1862 var eldstejenta Helga sju år gammal. Det var ein varm haustdag med svært sterk vind. Per var ute og jobba på jordene sine. Jentene var ute og lekte i det fine vêret. Vinden hadde med seg ein voldsam præriebrann mot farmen til Store-Per. Då Per oppdaga brannen, sprang han til for å berge jentene sine, men han kom for seint. Då han fann Helga, var ho allereie død av brannskadane. Store-Per fekk redda minstejenta, Berta, og husa på farmen blei heldigvis spart for flammane.


Etter å ha kome seg gjennom den tyngste sorga, bestemte Store-Per seg for å kjøpe gåver til kona og minstejenta, for å vise dei kor mykje dei betydde for han. Han hadde ikkje pengar, så difor slakta han ein kalv, og la i veg til Marshalltown med oksespannet sitt for å selje kjøtet. Dagen før hadde han stått og grove ut ein heilt ny brønn på farmen. Den gamle hadde gått tom. Det var frost i lufta denne dagen i februar, og Per hadde stått til livs i det iskalde vatnet medan han grov.


Etter å ha køyrd om lag halve vegen, fekk Store-Per så sterke magesmerter at han blei heilt lamma. Han blei teken hand om av forbipasserande og brakt til lege. Livet hans sto ikkje til å berge. Den 28. februar 1863 døydde den store og sterke nybyggaren frå Lio i Sveio, berre 36 år gammal. Enka etter han, Malene, gifta seg med søskenbarnet til Per, Knut Philipusson, etter at han kom heim som krigsveteran då borgarkrigen var slutt.


Foto av brørne Peder og Knud Philupusson Lien, like før dei gjekk til teneste i den Amerikanske borgarkrigen i 1861. På dette tidpunktet var dei 25 og 27 år gamle. Peder døydde i teneste 1. desember 1863 på eit sjukehus i Tennessee. Han var såra i eit slag, men journalen hans fortel at diare var dødsårsaka. Peder skal ha vore ein god og tapper soldat, og han var med og kjempa i sju store slag før han blei såra. Pengane Peder og Knud tente som soldatar sende dei til foreldra sine som på denne tida budde i Fox River. Storebror Knud overlevde krigen, men han sat lenge som krigsfange i Sørstatane, kor han opplevde umenneskeleg behandling. Opplevingane frå krigen merka han for livet, men han jobba seg opp til å bli ein rik og respektert farmar i Story City Iowa før han døydde i 1906. (Biletet er frå Dr. Peter Tjernagel Harstad sine samlingar.)

Utvandringa etter 1860

Dei som utvandra etter 1860 fekk det på mange måtar lettare enn dei som utvandra i pionertida. Etter 1865 tok dampskipa over for seglskutene. I 1870 reiste over 90 prosent av dei norske emigrantane med dampskip. Dei fleste kom no via Quebec. Dampskipa brukte berre 12 til 14 dagar på overfarten, og tilhøva om bord var mykje meir komfortable. Reiserutene i Amerika blei og betre organiserte og meir komfortable. Vegar og jernbane blei bygde, og innvandrarane kom til etablerte busettingar. Innvandrarane var etter kvart og betre førebudde på det som venta dei i det nye landet, og dei kjende ofte folk som hadde utvandra før dei, som kunne hjelpe til i etableringsfasen. Amerikareisene blei etter kvart mykje billigare enn dei hadde vore i pionertida, og husmenn og fattigfolk fekk og råd til å reise.


Emigrantane som kom etter 1860, kan takke dei dristige pionerane som torde å forlate alt dei hadde i heimlandet, og legge i veg mot det ukjende. Dei første emigrantane tråkka opp stiar i det nye landet. Historia om pionerane frå Sveio viser at utvandringa kosta dei blod, sveitte og tårer. Samhaldet mellom nybyggarane blei sterkt, og dei tok vare på minnet om den strevsame reisa og alle dei vonde opplevingane dei måtte gjennom før dei fekk etablert seg. Dei tok og vare på minna og tradisjonane frå heimlandet sitt og heimbygda si. Utvandrarane frå Sveio har sett spor etter seg i Amerika. Dei har over 6000 etterkomarar, og dei fleste av desse held til i Midtvesten. Banda mellom utvandrarane og heimbygda deira har vore sterke heilt fram til i dag.



Kjelder:

-Ministerialbøker for presten I Finnås, 1823-1862.

-Ministerialbøker for presten I Sveio, 1863-1920.

-Ministerialbøker for presten i Stord, 1826-1877.

-Ministerialbøker for presten i Fjellberg, 1835-1879.

-Lars J. Tjernagel, Store-Per story», 1941, www.tjernagel.org.

-Nehemias Tjernagel, «Endre Christenson and Others», www.tjernagel.org.

-Nehemias Tjernagel, “Across the Prairie from Illinois to Iowa 1864”, www.tjernagel.org.

-Passasjerlister på norske emigrantskip, www.norwayheritage.com

-“Det løfterike landet, norsk utvandring til Amerika”, www.nb.no/emigrasjon.