Havet blei deira grav

Blåkval på flenseplanet ved kvalstasjonen. Dei største blåkvalane kunne vere 30 meter lange og vege 190 tonn. Kvalen vart dregen opp på flenseplanet av ein dampdriven vinsj. Deretter blei spekket flensa av i store stykke. Eit transportband tok spekket med seg til øvste etasje av kokeriet. Der blei dei store stykka hakka i mindre bitar av ein stor dampdriven kniv. Det opphakka spekket blei køyrd i små kjerrer og tømd i dei svære kokekjelane. Kvar av desse kunne romme ti tonn spekk. I kjelane blei kvalolja, eller tranen, koka ut or spekket for deretter å bli fylt på fat. (Foto i «Av hvalfangstens historie», ukjent fotograf.)

Havet blei deira grav


Eit kvalfangsteventyr på Island som enda tragisk


Av Sverre Halleraker


Innleiing

«Kjære Ingeborg Malene, min inderlige kjære og ofte ihukommende hjertens venninde. Jeg vil nu gribe den stumme talsmanden, nemlig pennen, og underrette dig min kjære venn at jeg er vel ankommen, men det var ikke mere heller, for vi havede saa stygt veir paa overreisen at vi taalede ikke mere heller. Det varte ikke lenge, og det var bra, for skulde vi fått mere af det saa havde vi gaat ned vi ogsaa. Vi var imellom frykt og håp, jeg var forresten ikke saa redd, men der var mange om bord som var bange for at vi havde gaat under, og det saa temmelig stygt ut ogsaa. Men jeg kan sige dig min kjære, jeg var saa lykkelig som jeg kunde være, for de gikk med «Jarlen» omtrent alle. Den er ikke kommen ennu, og der er frykt for at den ikke kommer mere heller…»


Få spor å gå etter

Sitatet er frå eit brev som blei skriven til Ingeborg Malene Kvalvåg. Ho var bestemora mi si tante. Bestemor arva den vesle garden av tanta si. For nokre år sidan tok eg over den gamle slektsgarden. Då eg rydda i det gamle huset, fann eg ei bunke med gamle brev. Desse stamma frå huset sin første eigar. Dei gamle breva fanga straks interessa mi. Dei fleste av breva viste seg å vere frå ungdomskjærasten til Ingeborg. Namnet hans var Peder Andreas Larsen. Han kom frå Dynjo, nabogarden til Kvalvåg. Særleg eit av breva gjorde meg nysgjerrig. Det var sendt frå «Langøren Hvalstasjon», som låg ved Alphafjord nordvest på Island. Det var datert 25. april 1897. Brevet skildrar ein dramatisk overfart til Island, kor kvalfangarbåtane blei råka av eit frykteleg uvêr, og det avslører at dampskipet «Jarlen» var sakna. Det gjekk fram av brevet at fleire unge menn frå Sveio var om bord i «Jarlen» då han forsvann i det fæle uvêret.

 

Etter å ha lese brevet, sat eg att med mange spørsmål. Kva hende med «Jarlen» då han plutseleg blei råka av det voldsame uvêret? Kven var mennene som var med «Jarlen» på veg til Island, og kvifor var så mange unge menn frå Sveio med på kvalfangst i fjerne farvatn? Jakta på opplysningar for å kunne svare på alle spørsmåla, avslørte ei spennande historie som ikkje så mange kjenner til i dag.


Det skulle vise seg å bli utfordrande å finne opplysningar om «Jarlen» sitt forlis. Ingen eg har snakka med har høyrt om fortiset, og merkeleg nok sto det ingen ting om forliset i lokalavisene frå april 1897. «Jarlen» sitt forlis er heller ikkje omtala i registre over norske skipsforlis. Det heile blei eit lite mysterium. For å få svar på alle spørsmåla, blei det nødvendig å nøste opp heile historia til kvalstasjonen i Alphafjorden på Island.


Den første pioneren

Den moderne kvalfangsten starta i slutten av 1860-åra, då Svend Foyn hadde greidd å utvikle ein granatharpun, med ein granat som eksploderte då harpuna hadde trengt seg djupt inn i kvalen. Ein fulltreffar med denne harpuna skada kvalen så mykje at han til slutt ville døy av skadane. Harpuna sine mothakar festa seg så godt inne i kvalen, at det blei umuleg for han å kome seg laus. Kvalfangarane jakta på dei største kvalsortane. Blåkvalen, som er størst av dei alle, var det mest ettertrakta byttet. Dei største blåkvalane som blei fanga kunne bli over tretti meter lange og vege heile 190 tonn. Dei enorme kvalane var både lengre og mykje tyngre enn fartøyet som jakta på dei. Av og til kunne ein fulltreffar ta livet av kvalen med ein gong, men det kunne ta fleire timar før kvalen gav opp kampen. Då sumde kvalen rundt med den vesle kvaldamparen på slep. Det var berre å følgje med på reisa. Ein slik slepetur var langt frå ufarleg. Dersom kvalen dukka under vatnet, og sette kursen ned mot djupet, kunne heile skuta følgje med til botnen. Dersom kvalen greidde å dukka, var det berre å kutte lina og la han gå.


Foyn hadde patent på granatharpuna og kontrollerte på den måten heile kvalfangsten fram til 1883. I åra før 1890, gjekk den norske kvalfangsten i all hovudsak føre seg på Finnmarkskysten. Det var handelsborgarar frå Tønsberg, Sandefjord og Kristiania som eigde og dreiv kvalstasjonane. Både kvalfangarar, mannskap på båtane og arbeidarar på kvalstasjonane kom frå desse byane i starten. Etter kvart møtte kvalfansten betydeleg motstand frå lokalbefolkninga i Finnmark. Dei meinte at kvalfangsten øydela fiskeria deira. Svend Foyn starta derfor å leite etter nye stader han kunne flytte kvalfangstverksemda si til.


Forbindelsen til Haugesund

Foyn hadde lenge ønska å starte kvalfangst på Island. Problemet var at lovverket på Island hindra utlendingar å drive fiske og fangst der. Styresmaktene ville ikkje ha utanlandsk verksemd ved den islandske kysten. I 1870-åra hadde ein del handelsmenn frå Haugesundsregionen, med Mons Larsen Kro i spissen, prøvd seg på vårsildfiske på Island. Det var også handelsmenn frå Sveio som prøvde seg på dette fisket. Mons Larsen, som opp-havleg kom frå Bokn, hadde skaffa seg islandske borgarrettar for å få drive fiske der. Svigersonen til Mons Larsen var kjøpmann og skipsreiar Peder Amlie. Han var handelsborgar i Kristiania før han slo seg ned i Haugesund. Peder hadde og ein bror som dreiv handel i Kristiania, nemleg Thomas Amlie. Svend Foyn kjende Amlie-brørne gjennom sin handels-verksemd i Kristiania. Planen hans blei no å etablere seg som kvalfangar på Island, ved å slå seg saman med Amlie-brørne, og Mons Larsen. Mons Larsen hadde nemleg dei papira som måtte til for å få etablere kvalstasjonen på Island.


I 1882 blei selskapet «Mons Larsen og Co» stifta i Haugesund. Svend Foyn eigde 60 prosent av selskapet, medan Mons Larsen og svigersønene hans eigde resten. Thomas Amlie skulle saman med Svend Foyn leie forretninga på fangstfeltet, medan Peder Amlie skulle styre selskapet frå Haugesund. Peder Amlie skulle og rekruttere mannskap til fangstbåtane og arbeidarar til stasjonen på land. Svend Foyn reiste straks til Island for å finne eit høveleg stasjonsområde. Det var ingen andre som dreiv kvalfangst ved Island på dette tidspunktet, så han kunne sikte seg inn mot det beste området han fann. Valet fall på Langeyri ved Alphafjorden. Dette var ein sidefjord på sørsida av Isafjorden, heilt nordvest på Island.


Svend Foyn (1809-1894) kan med rette kallast den moderne kvalfangst sin far. Det var han som i 1860-åra fann opp og utvikla granatharpuna som gjorde det mogleg å skyte store kval frå dei små dampskipa. Det var og Foyn som var først til å etablere moderne industrialiserte fabrikkanlegg som foredla kvalspekket til olje. Svend Foyn gjekk saman med brørne Thomas og Peder Amlie, og haugesundskjøpmannen Mons Larsen, og etablerte “Langøre Hvalstasjon” nordvest på Island. Dei islandske styresmaktene motarbeida etableringa av norsk kvalfangst ved kyst deira, og vedtok den eine lova etter den andre som skulle stoppe kvalfangsten. Foyn var ein utålmodig mann med eit heller sterkt temperament, og han fann seg ikkje i å bli diktert av dei lokale styresmaktene på denne måten. Han trekte seg derfor ut av heile verksemda. Til slutt sto Thomas Amlie, som var ein aldrande lærar og handelsmann, heilt utan erfaring frå kvalfangst, aleine att som eigar og leiar av den nye kvalstasjonen. (Foto frå «Av hvalfangstens historie». Ukjent fotograf.)

Stasjonsbygningane tok form

Hausten 1882 kom arbeidet med å bygge stasjonsområdet i gong. Det var ein stor bygningsmasse som skulle på plass, for ikkje å snakke om alt utstyret og alle maskinane. Dampmaskinar, kokekjelar, vinsj, transportband, hakkeknivar, og mykje anna utstyr blei kjøpt hos Aker mekaniske verkstad i Kristiania. Dei laga og harpunkanonane og granatharpunane. Det var Aker mekaniske verkstad og Nyland mekaniske verkstad som laga dei fleste kvalfangarfartøya.


Det var i hovudsak det tjukke spekklaget på kvalen som skulle foredlast til olje, eller tran. Ein kokte og ut feittet frå kjøtet, men dette hadde ein dårlegare kvalitet enn olja frå spekket. Dessutan blei kvalbardane foredla. Dei hadde ein høg salsverdi. Dei kolfyrte dampmaskinane gav energi til dei store kokekjelane, og dessutan kraft til alle dei tunge løfta. Det måtte byggast forlegning til alle arbeidarane, og ein måtte ha smie og bøkkarverkstad. Dessutan måtte det byggast siloar til å lagre kolet, og det måtte byggast store solide skråplan frå stasjonsbygningen og ned mot sjøen. Dette skråplanet blei kalla flenseplan, og her blei dei svære kvalane dregne opp ved hjelp av ein dampdriven vinsj. Dette måtte gjerast medan det var høgvatn, og når lågvatnet kom, gjekk ein i gong med å flensa av spekket. Dei feitaste kjøtstykka blei og skorne av og hakka i mindre bitar, før dei hamna i dei store kokekara. Den einaste delen av kvalkjøtet som blei nytta til menneskeføde, var tunga. Store deler av kvalskrottane blei berre dumpa i strandkanten.


Svend Foyn møtte motstand frå dei islandske styresmaktene. Dei ville hindre at nordmennene etablerte kvalstasjonar på Island. Lovverket var no endra. Det var ikkje lengre nok å ha islandske borgarrettar for å få drive kvalfangst på Island, ein måtte i tillegg vere busett i landet. Dette var ikkje Foyn interessert i, og det enda med at han trekte seg frå heile verksemda, allereie før kvalfangsten var komen skikkeleg i gong. Thomas Amlie såg seg no nøydd til å kjøpe Foyn sin part av selskapet, og våren 1883 sto han att aleine som leiar for drifta av det nye selskapet. Han fekk islandsk borgarskap og flytte til Island, for å tilfredsstille dei islandske styresmaktene sine krav. Amlie hadde inga røynsle frå kvalfangsten. Han var handelsborgar, men det meste av yrkeskarrieren sin hadde han vore lærar i Kristiania. Han var heller ikkje nokon ung mann. Då drifta starta i 1883, fylde han 68 år.


Første utrustning

Våren 1883 reiste Thomas Amlie til den nyoppretta kvalstasjonen sin ved Alphafjord på Island. Fangststasjonen hadde fått namnet «Langøren Hvalstasjon». Han reiste med den vesle kvaldamparen «Isafold», som hadde ei lasteevne på 35 tonn. Samuel Foyn frå Tønsberg var kaptein om bord, og med seg hadde dei kvalfangarar med fleire års erfaring frå fangsten i Finnmark. Thomas Amlie hadde og kjøpt lasteskonnerten «Lauvain», for å få med seg alt utstyret dei måtte ha for å drive stasjonen gjennom ein sesong.


Ekspedisjonen hadde med seg eit arbeidslag frå Haugesund. Desse skulle stå for flensinga av kvalane og arbeidet på kokeriet. Den første sesongen utgjorde heile mannskapet om lag 30 mann. Peder Amlie rekrutterte arbeidarane blant fiskarane og tilverkarane som svigerfar hans hadde hatt med seg på sildefiske ved Island i 1870-åra. Mange av desse kom frå Sveio. Fiskarbøndene frå Sveio var vane med å reise ut på langvarig sesongarbeid, og mange av dei hadde vore på Island, men dei hadde inga erfaring med moderne industriell kvalfangst, eller med tilverking av kvalolje.


Harpunkanon frå 1870. Framme i spissen hadde harpuna ein granat, men denne blei ikkje tend, og eksploderte ikkje, før harpuna hadde trengt seg djupt inn i kvalskrotten. Når harpuna møtte motstand i dei hardare delane langt inne i kvalen, blei dei store mothakane pressa ut. Det var desse som tende granaten. Granatharpuna var ein teknologisk nyvinning som gjorde det mogleg å starte opp med moderne industrialisert kvalfangst.

Mange hindringar i vegen

Amlie og mannskapet hans var spente og fulle av pågangsmot då dei kom til kval-stasjonen våren 1883. Men dei hadde knapt nok kome på plass før lensmannen i Isafjord dukka opp med pålegg om at dei måtte pakke sakene og reise heim att. Dei fekk vite at regel-verket var endra. Det var ikkje nok at hovudeigar og driftsleiar hadde borgarrettar og budde på Island. Fangstbåten måtte vere registrert i København, og han måtte bere dansk flagg. Island hadde stor grad av sjølvstyre, men dei låg under den danske krona. Amlie var ikkje typen som gav opp. Han gjekk straks om bord i kvalbåten og sette kursen mot København. Omsider fekk han ordna formalitetane, og han vende tilbake til Island og starta fangsten.


Neste sesong trudde Amlie at han hadde ordna alt som skulle til for å tilfredsstille dei lokale styresmaktene på Island. Midt i fangstsesongen fekk han seg nok ei overrasking. Lensmannen troppa nok ein gong opp. Han hadde med seg eit krav frå Landshøvdingen i Reykjavik om at fangsten måtte avsluttast. Dessutan fekk dei ei bot på 100 kroner for å drive ulovleg fangst ved øya. Lensmannen kunne no fortelje at også kapteinen på fangstbåten måtte ha islandske borgarrettar og vere busett på øya. Amlie måtte avslutte fangsten og reise til Reykjavik med ein av fangstbåtane sine for å forhandle med Landshøvdingen der. Det blei fleire turar til Reykjavik, og fleire omgangar med forhandlingar med Landshøvdingen, før formalitetane endeleg såg ut til å vere i orden.


Drifta kom omsider i gong

I tillegg til problema med styresmaktene, var det store problem med logistikken dei første sesongane. Likevel greidde dei å ta åtte blåkvalar det første året. Neste år hadde dei fått betre orden på maskineriet, og både Amlie og mannskapet var meir røynde. Dette året viste protokollen 20 store kvalar, for det meste blåkval. Året etter var utbyttet 25 kvalar, og i 1886 skaut dei 21 kvalar. Dei første åra viste rekneskapen raude tal, men Amlie var optimistisk og satsa vidare. Han utvida verksemda med å kjøpe ein ny fangstbåt, nemleg «DS Reykjavik». Den nye båten blei teken i bruk i 1887. Dette året auka utbyttet til 40 kvalskrottar, medan neste sesong gjekk over all forventning, med så mange som 82 store kvalar. Amlie var framleis aleine om å drive fangst på Island, og fangstbåtane hans hadde ikkje problem med å finne kval. Dei kunne på dette tidspunktet velje seg ut dei største og finaste kvalane.


Noget fælt Griseri

Ei reiseskildring av den danske Adjunkt Th. Thoroddsen gir oss ganske detaljerte opplysningar om verksemda på kvalstasjonen sommaren 1887: «Paa Odden Langeyri, der gaaer ud fra Fjordens vestlige Kyst, have Nordmændene opført et Etablissement for Hvalfangst, og man kan allerede i Fjordmundingen lugte dets Nærværelse. Hele Kysten er nemlig bestrøet med store, halvforraadnede Stykker Hvalkjød, Hvaltarme og lignende, der forpeste Luften i vid Omkreds. Paa Langeyri have Nordmændene bygget flere Huse foruden det store flere Etasjer høje Trankogeri, Smie, Vaaningshus, Pakhus og så videre. En stor Del af Arbejdet udføres med Damp. Efter at Hvalen af Dampmaskinen er bleven trukken i Land, flenses den af Arbejderne med store bredbladede Lanser, hvorpaa Spækket hives op i øverste Etasje, hvor en Dampkniv hakker det i Stykker, inden det paa smaa Kjærrer kjøres hen til de store Smeltekjeler, hvoraf hver især kan rumme omtrent 10 Tons Spæk.


Hele Bygningen er fuldstændig gjennemtrukken af Tran, saa at man næppe kan finde en Plet til at støtte en Finger paa, hvor man ikke tilsmudses, og man maa være flink til Bens, naar man ikke skal snuble paa de slibrige, gjennemtranede Trapper. Arbejdet ved et saadant Transmelteri er naturligvis noget fælt Griseri, men der arbejdes dygtig og tjenes Penge, og det er jo Hovedsagen. To Hvaldampere, «Reykjavik» og «Isafold», er stadig paa Farten omkring Vestfjordene, og de havde ved mit Besøg i denne Sommer allerede faaet over 30 store Hvaler. Hvalerne harpuneres direkte fra Skibet, og de Harpuner, der bruges, synes at være nogle farlige Redskaber; hver af dem har 4 svære Modhager, der rejses op, naar Harpunen trænger ind i Hvalen, og derved tændes den trekantede Staalgranat, der danner Harpunens Spids. Et heldigt Skud kan undertiden gjøre det af med en Hval i samme Øjeblik, men det er dog sjældent, at Hvalen strax faaer sit Banesaar, ofte løber den flere Mil med Damperen, der ufrivillig maa følge med, om den saa stritter noksaa meget imod.»

 

Blåkval på flenseplanet ved kvalstasjonen. Dei største blåkvalane kunne vere 30 meter lange og vege 190 tonn. Kvalen vart dregen opp på flenseplanet av ein dampdriven vinsj. Deretter blei spekket flensa av i store stykke. Eit transportband tok spekket med seg til øvste etasje av kokeriet. Der blei dei store stykka hakka i mindre bitar av ein stor dampdriven kniv. Det opphakka spekket blei køyrd i små kjerrer og tømd i dei svære kokekjelane. Kvar av desse kunne romme ti tonn spekk. I kjelane blei kvalolja, eller tranen, koka ut or spekket for deretter å bli fylt på fat. (Foto i «Av hvalfangstens historie», ukjent fotograf.)


Tungt arbeid og lange dagar

Det var eit stort og avansert maskineri i sving på kvalstasjonen, og det var mange arbeidsfolk med i prosessen. Ein kvalstasjon som tok seg av fangsten til to kvalbåtar hadde vanlegvis desse arbeidarane: Ein formann, to trankokarar, to smedar, to leiarar med ansvar for kvart sitt lag med flensarar, tolv arbeidarar, to kjøtkokarar, to bøkkarar, og to stuertar. Arbeidarane hadde mellom anna ansvaret for flensinga, hakkinga av spekk og kjøt, og for matinga av dei store kokekjelane.


Arbeidsdagane kunne vere lange, og det var lett for å skade seg med dei store maskinane. Når fangstane var store, måtte ein jobbe bortimot tjue timar i døgnet. Sesongen varte eitt halvt år. Ein reiste ut i slutten av mars eller tidleg i april, og ein var ofte ikkje heime før i starten av oktober. Det var ikkje snakk om å reise heim midt i sesongen. Arbeidarane måtte med andre ord ofre både gardsarbeid og familieliv heile sommarhalvåret. Arbeidet var både hardt og skittent, men fortenesta var god. Dei vanlege arbeidarane kunne tene rundt 400 kroner på ein god sesong, medan dei med spesifikke oppgåver tente ein god del meir. Formannen kunne tene så mykje som tusen kroner på ein god sesong. Det var rift om arbeids-plassane på kvalstasjonane, og dei som hadde vore på kvalfangst ein sesong, ville gjerne reise ut att neste år. Kvalstasjonane hadde derfor eit ganske stabilt mannskap frå år til år.


Eigar og driftsleiar av «Langøre Hvalstasjon», Thomas Amlie, hadde ord på seg for å vise uvanleg stort omsut for arbeidarane sine. Den gamle mannen frå Kristiania hadde vore både handelsmann og lærar før han enda opp som kvalfangar. Han var svært så romsleg og omsorgsfull overfor arbeidarane sine. Etter kvar sesong følgde han dei heim til Haugesund med dampskipa. Han gjorde alt som sto i hans makt for at dei flittige, og etter kvart også dyktige, arbeidarane frå Sveio skulle skrive kontrakt med han for ein ny sesong.


Ein typisk kvalfangarbåt av den eldre typen. Kvalbåtane var små rigga dampskip med eit mannskap på om lag ti menn. Me ser den karakteristiske utkikkstønna oppe i masta, og me ser skyttaren med harpunkanona i baugen av båten. Kvalfangarane jakta på kvalar som var både større og tyngre enn båten deira. I spissen av harpuna var ein granat som eksploderte når harpuna hadde trengd seg langt nok inn i kvalskrotten. Det var sjeldan at skotet tok livet av kvalen med ein gong. Ofte blei det ein lang og intens kamp, før det svære dyret måtte gi seg. Det hendte at kvalen symde rundt med båten på slep i fleire timar. (Foto i «Hvalfangsten, dens historie og mænd», ukjent fotograf.)

Ein typisk kvalfangarbåt hadde dette mannskapet i tillegg til kapteinen: Ein skyttar, ein maskinmeister, ein båtsmann, to fyrbøtarar og tre matrosar. Det var skyttaren som var nestkommanderande etter kapteinen om bord. Kvalbåtane var rigga dampskip, med den karakteristiske utkikkstønna øvst i masta, og harpunkanon framme i baugen. Skipa hadde som regel ei lasteevne mellom 30 og 50 tonn. Dampmaskinane om bord kunne yte mellom 30 og 40 hestekrefter, og båtane kunne gjere ein fart mellom 8 og 13 knopp. Lengda på dekk var mellom 80 og 100 fot, og breidda var som regel rundt 17 fot. Kvaldamparane hadde ei form som gjorde dei heller vanskelege å manøvrere, særleg i dårleg vêr.


Mange gode år

Ein fin blåkval gav om lag 90 hektoliter olje og 250 kilogram bardar. I 1887 hadde ein dermed produsert om lag 7000 hektoliter kvalolje, altså om lag 3000 fat olje, og 20 tonn bardar. Prisen på olja varierte ein heil del, men i 1887 fekk ein 18 britiske pund for eitt tonn av den beste olja, medan ein fekk 10 pund for eitt tonn med den dårlegaste olja. For eitt tonn kval¬bardar fekk ein heile 85 pund. I 1887 sat Thomas Amlie, som no var einaste eigar av «Langøren Hvalstasjon» igjen med eit betydeleg utbytte. Det same gjorde arbeidarane og mann¬skapet på båtane, som fekk provisjon i høve til kor mange kvalar som blei fanga og foredla.


Dei neste åra utgjorde nye gode år for kvalstasjonen i Alphafjorden, sjølv om fangsten gjekk litt ned samanlikna med fangsten i 1887. Mange hadde lagt merke til dei gode resultata til Thomas Amlie, og i 1890 fekk han konkurranse frå eit nytt selskap som etablerte seg i nærleiken. Selskapet hadde namnet «Victor», og det høyrde heime i Tønsberg. I 1892 kom enda ein ny kvalstasjon til Isafjordområdet. Selskapet som sto bak denne stasjonen hadde namnet «Talkna» og var frå Haugesund. I starten blei «Talkna» styrt av Peder Amlie, altså bror til Thomas Amlie.


Konkurransen frå dei nye kvalstasjonane skulle ikkje kome til å bety mindre kval til Langøre. Fangstane deira auka utover 1890-åra, og i 1894 stilte dei med ein heilt ny og moderne kvaldampar, nemleg «DS Jarlen». No blei det fart i fangsten til Langøre. I 1895 fekk dei over 200 kval. Dei måtte skrive etter nye arbeidarar midt i sesongen for å kunne ta seg av dei eventyrlege fangstane. Fortenesta blei rekordhøg for alle ved kvalstasjonen og på båtane. Året etter blei fangsten nesten like god, og det var stor rift om jobbane ved kvalstasjonen.


Klar for ein ny sesong

Peder Andreas Larsen kom frå Dynjo i Sveio. Han var 21 år gammal då han i slutten av mars 1897 gjorde seg klar til å reise til Island. Dette var hans fjerde sesong på «Langøre Hvalstasjon». Det var berre ein månad sidan han kom heim frå vårsildfisket ved Utsira. Der hadde han vore i seks veker. Fisket hadde vore dårleg denne sesongen, og notlaget han høyrde til, hadde brukt det meste av tida til å vente på at sildestimane skulle dukke opp. Dei hadde berre gjort nokre få kast, og ingen av desse resulterte i fangstar som var verdt å nemne.


Peder hadde i grunnen ikkje så lyst til å reise til Island dette året. Han hadde nemleg fått seg kjæraste. Han hadde mest lyst til å vere saman med henne. Forholdet var ikkje offisielt enno, og dei unge hadde enno ikkje turt å be om foreldra si velsigning av forholdet.  Eit halvt år på kvalstasjonen på Island var lite freistande for ein ung og nyforelska mann. Peder kunne likevel ikkje ta slike omsyn. Han måtte tenke på den gode fortenesta turen ville gi. Dersom han sa plassen frå seg, så ville han aldri få han tilbake. Det var mange som sto klar til å overta. Han var nøydd til å skaffe seg ein god startkapital, dersom han skulle kunne gifte seg og starte sitt eige hushald. Det var denne tanken som heldt motet hans oppe. Eitt par sesongar til no, så hadde han sikkert nok pengar til å kunne gå på friarføter til Kvalvåg.


Det var mange frå gardane rundt Dynjo som skulle vere med til Island. Til saman var det 25 mann frå Sveio som skulle vere med Thomas Amlie på hans siste ekspedisjon til Island. Amlie var no nemleg blitt 82 år gammal, og han hadde innsett at det var på tide å overlevere ansvaret til yngre krefter. Arbeidarane syntes det var trist at Amlie skulle gi seg, men dei forstod at det var vel krevjande å for ein mann i hans alder å halde fram i ein slik stilling. Det var allereie klart at det var Isak Kroboe frå Kristiania som skulle ta over som driftsleiar ved «Langøre Hvalstasjon». Peder og dei andre arbeidarane frå Sveio var spente på korleis det ville bli å jobbe under den nye leiaren.


Amlie sin siste tur

Dei tre kvaldamparane og lasteskipet låg klare ved kaien i Smedasundet. Om bord var gamle Amlie og kvalfangarane frå Austlandet på plass. Det var stor gjensynsglede mellom kvalfangarane frå Austlandet og arbeidarane frå Sveio. Dei kjende kvarandre godt og var gode kameratar etter å ha vore saman fleire sesongar på Island. Det var mykje å snakka om etter å ha vore frå kvarandre i eitt halvt år. Gamle Amlie tok seg tid til å snakke med kvar og ein av arbeidarane frå Sveio. Han ville høyre korleis det gjekk med dei og familien deira heime.


Då alle var på plass om bord og klare til avreise, talde kvalfangarfølgjet 60 mann totalt. Dei fleste frå Sveio fekk plass på den største og nyaste fangstbåten. Det var 14 menn frå Sveio som blei vist om bord i «Jarlen». Peder Larsen, Erik Bråtveit og brørne Mikkel, Ellef og Johannes Tveit måtte ta til takke med plass på «Reykjavik», som var ein eldre og mindre fangstbåt. Resten av mennene frå Sveio måtte reise med lasteskonnerten «Lauvain». Utpå ettermiddagen den 3. april kasta dei fire fartøya loss og la i veg mot Island.


Thomas Amlie (1815-1897) blei født og vaks opp på Vestre Toten. Etter å ha teke høgare lærareksamen i 1841, flytta han til Kristiania og tok fatt på lærargjerninga der. Etter kvart starta han med handel og industriproduksjon i Kristiania. Thomas var bror til Peder Amlie, som flytta til Haugesund. Der dreiv han både med fiskeri og handel, og han etablerte seg som skipsreiar. Både Thomas og Peder Amlie var ivrige haugianarar, og i periodar var dei aktive forkynnarar. Saman med kvalfangarpioner Svend Foyn etablerte Thomas og Peder Amlie “Langøren Hvalstasjon” i 1882. Dette var den første kvalstasjonen på Island. Dei fleste av arbeidarane på denne stasjonen kom frå Sveio. Thomas Amlie tok etter kvart over heile eigarskapet og heile drifta av kvalstasjonen, trass i hans høge alder. På det meste dreiv han kvalfangst med tre fangstbåtar. Han tok seg svært godt av arbeidarane sine, og han var svært godt likt. På veg til sin siste sesong som kvalfangar på Island, kom han og mennene hans ut for eit kraftig uvêr. Det heile enda svært så tragisk. (Foto i «Hvalfangsten, dens historie og mænd», ukjent fotograf.)

Havet blei deira grav

«Jarlen» og «Reykjavik» gjekk raskare enn dei to andre båtane, og dei skulle difor halde følgje med kvarandre på turen. Turen til Alphafjord ville ta ei god veke, og dei måtte krysse store opne og vêrharde strekningar. Thomas Amlie var om bord på «Jarlen». Om bord var også den kjende kvalskyttaren Johan Kristian Kristensen Hytten (59 år) frå Tønsberg, og matros Johan Jørgensen Hytten (21 år), også frå Tønsberg. Turen såg ut til å gå greitt, og dei to kvaldamparane heldt fint følgje med kvarandre den første delen av turen. Om kvelden den 6. april hadde dei passert Færøyane. Då kom eit plutseleg og uventa vêromslag. Det blåste opp til sterk storm, og brått vart det heile dramatisk. Sikten var minimal, og bølgjer høge som hus slo over dei små dampskipa. Mange om bord i kvalbåtane var livredde, men det var ikkje så mange som sa noko. Dei to fartøya greidde ikkje å halde følgje lenger, og dei mista kontakten med kvarandre. «Reykjavik» greidde så vidt å berge seg i land på Færøyane. Der søkte dei ly til stormen var over. Lasteskonnerten og «Isafold» kom ikkje til Færøyane før uvêret var over. «Reykjavik» brukte ein heil dag på å leite etter «Jarlen», men han var sporlaust borte. Ingen hadde sett noko til han eller høyrd noko frå han. Sorga og fortvilinga var stor då ein innsåg kva som hadde hendt. “Jarlen” hadde blitt slukt av dei store bølgjene i det ekstreme uvêret, og alle om bord hadde gått ned med båten nordvest for Færøyane. Denne turen blei bokstavleg tala Thomas Amlie si siste reise. Det blei det og for dei 32 mennene som var med han om bord på «Jarlen». Ingen har nokon gong funne eitt einaste spor etter dei. Havet blei deira grav.


«Reykjavik» reiste vidare til kvalstasjonen på Island og starta kvalfangsten der saman med «Isafold». Den 19. juni blei det sendt telegram til lensmannen i Haugesund om at «Jarlen» hadde vore sakna i over ti døgn, utan å gi nokon form for livsteikn frå seg. Ein kunne derfor slå fast at «Jarlen» hadde gått ned med heile sitt mannskap og heile si last. Samstundes blei det sendt melding om at kvalstasjonen trong fleire folk. Det var ikkje aktuelt å avslutte fangsten denne sesongen på grunn av det tragiske forliset. Det ville medført eit altfor stort økonomisk tap. Isak Krobo måtte kome til Alphfjorden for å ta over leiinga av kvalstasjonen. Det blei ein lang og tung sesong for alle på kvalstasjonen.


Me ser Alphafjorden, ein fjordarm på sørsida av Isafjorden, heilt nordvest på Island. Odden midt i biletet blir kalla Langeyri. Det var på sørsida av denne odden «Langøren Hvalstasjon» ble etablert i 1882. Dette var den første kvalstasjonen på Island. Etter å ha måtta overvinne mange forsøk frå dei islandske styresmaktene på å stanse etableringa, kom drifta så smått i gong i 1883. På det meste blei det drive kvalfangst med tre båtar frå «Langøren», og dei beste åra blei det tatt over 200 store kvalar. Dei fleste av arbeidarane på kvalstasjonen var unge menn frå Sveio. Dei hadde eit tungt og farleg arbeid, og dei måtte vere borte frå heimen i over seks månadar i strekk. Våren 1897 blei kvalstasjonen råka av ei alvorleg ulykke. Mange unge menn frå Sveio mista livet, og havet blei deira grav. (Foto frå www.nat.is).

14 unge menn frå Sveio

Soknepresten sitt register i ministerialboka over døde og gravlagde avslører kven dei 14 unge mennene frå Sveio som gjekk ned med «Jarlen» var. Opplysningane er skriven inn i tabellen under. Dei fleste av dei omkomne var arbeidarar ved kvalstasjonen på Island, medan ein del av dei var mannskap på «Jarlen». Ein gjennomgang av kyrkjebøkene frå prestegjelda i Sunnhordland og Nordrogaland, avslører ikkje andre sakna frå vårt distrikt enn dei 14 som kom frå Sveio. Derfor kan det sjå ut som om alle arbeidarane ved «Langøren Hvalstasjon», som ikkje var spesialiserte kvalfangarar eller spesialiserte arbeidarar på land, kom frå Sveio.


Dei nye eigarane av «Langøre Hvalstasjon» satsa vidare, og skaffa seg raskt ein ny båt som erstatta «Jarlen». Dei utvida og verksemda på kvalstasjonen og bygde ny guanofabrikk som gjorde dei utkokte kjøtt- og spekkrestane om til kraftfôr eller gjødsel. Resultata blei likevel aldri like gode som når gamle Amlie dreiv kvalstasjonen. I 1910 la ein ned drifta for godt. Det var ikkje lenger nok kval i området til å kunne drive vidare. På dette tidspunktet var det to kvalstasjonar på Island som blei drivne av haugesundarar, nemleg «Talkna» og «Hekla». Desse dreiv kvalfangst i stor skala heilt fram til 1915. No gav også desse opp kvalfangsten på Island. Det var nesten ikkje kval att i desse farvatna. Haugesundarane flytta verksemda til Sørishavet. Der dreiv dei det stort i fleire tiår med store moderne flytande kvalkokeri. Mange menn frå vårt distrikt har vore med på denne verksemda.


Historia i denne artikkelen viser korleis haugesundarane kom med i den moderne kvalfangsten, gjennom pionerverksemda til Thomas og Peder Amlie. Utan innsatsen til desse pionerane, og dei flittige arbeidarane frå Sveio, så ville aldri haugesundarane fått den nødvendige kompetansen og teknologien som måtte til for å kunne drive den kompliserte verksemda.


Peder og Ingeborg

Til slutt skal me vende tilbake til dei som starta historia, nemleg Peder Andreas Larsen og Ingeborg Malene Kvalvåg. Opphaldet på kvalstasjonen blei både langt og tungt for Peder etter at «Jarlen» hadde forlist tidleg i april 1897. Han hadde mista mange gode venner og arbeidskameratar i det tragiske forliset, men han måtte halde ut til fangsten blei avslutta utpå hausten. Breva han skreiv avslørar at han hadde ein sterk lengsel mot kjærasten sin heime på Kvalvåg. Det skulle likevel ikkje bli noko av dette kjærleiksforholdet. Det er vanskeleg å slå fast kvifor, men eg har blitt fortald at Ingeborg Malene sine foreldre ikkje let henne få gifte seg. Ho var nemleg yngste dotter i huset, og hennar oppgåve var etter foreldra si meining å ta seg av dei når dei blei gamle og skrøpelege. Då kunne ho ikkje gifte seg og starte sin eigen familie, så lenge foreldra var i live. Slik var den gamle skikken.


Peder Larsen gifta seg med husmannsdottera Sigrid Johannesdatter den 2. november 1899. Ho kom frå Dalbakken på Apeland. Sigrid var fem år eldre enn Peder, og ho hadde ei uekte dotter på fem år då dei gifta seg. Sigrid var systera til ein av arbeidskameratane til Peder som gjekk ned med «Jarlen». Peder hadde fått nok av både kvalfangst, fiske og anna sesongarbeid no. Etter at han var gift, flytta han til Haugesund og fekk seg jobb i telegrafvesenet.


Ingeborg Malene Kvalvåg gifta seg ikkje før i 1915. Det var no eitt år sidan mor hennar var gått bort, og no kjende Ingeborg seg endeleg fri til å kunne gifte seg. Ho gifta seg med ein eldre enkemann frå Førde, nemleg Hans Magnus Robberstad. Dei fekk ei dotter saman i 1917, men den nyfødde jenta fekk berre leve i tolv timar. Ho blei klemd i hel i mora si seng, då mora i søvne kom til å leggje seg over henne. Ingeborg greidde aldri å tilgje seg sjølv for å ha forårsaka den tragiske ulykka, som tok frå henne det etterlengta barnet, som ho mirakuløst hadde fått i ein alder av 44 år. Ho døydde barnlaus og aleine i 1947.


Ingeborg tok vare på kjærleiksbreva frå ungdomskjærasten sin, også etter at ho var gift. Som du no veit, så inneheldt eit av desse breva Peder Larsen si skildring av den dramatiske turen til Island i 1897. Brevet sette meg på sporet av kvalfangarpionerane på Island, og det tragiske forliset som tok livet av så mange unge menn. Det kan kome mykje spennande ut av eit gammalt kjærleiksbrev.


Sakna frå Sveio ved ved DS Jarlen sitt forlis på veg til Island april 1897:

Tittel:

Namn:

Bustad:

Alder:

Gift gardbrukar

Sivert Berndines Endresen

Bråtveit

41 år

Enkemann, gardbrukar

Jon Kristiansen

Apeland

30

Gift sjømann

Lars Kristian Johannessen

Apeland

28

Ugift arbeidar

Aasmund Johannessen

Moldbrekke

33

Gift sjømann

Bendik Laurits Larsen

Emberland

30

Ugift gardbrukarson

Knut Martin Jocumsen

Nese

29

Ugift sjømann

Hans Berntin Evensen

Tveita

23

Ugift husmannsson

Nils Severin Johannessen

Tveit

22

Ugift gardbrukarson

Reinert Jacobsen

Bråtveit

19

Ugift sjømann

Mikal Eliasen

Mekeland

20

Ugift husmannsson

Ole Mandius Johannessen

Apeland

17

Ugift gardbrukarson

Steffen Johan Sivertsen

Bråtveit

17

Ugift husmannson

Joachim Andreas Kristiansen

Sveen

20

Gift husmann

Tomas Bertin Andersen

Birkeland

27

Kjelde: Kyrkjebok for Sveio, Ministerialbok




Kjelder:

-Ministerialbok for presten i Sveio, 1894-1906.

-Ministerialbok for presten i Haugesund, 1891-1907

-Adjunkt Th. Thoroddsen (Reykjavik), «Fra Vestfjordene i Island. En Rejseberetning fra Sommeren 1887», i

Geografisk Tidsskrift, Bind 9 (1887-1888), København.

-Folketeljinga 1900.

-Private brev.

-Arkivsaker etter Peder Amlie, i Haugesund byarkiv.

-Sigurd Risting, «Av hvalfangstens historie», 1922.

-G. Sørensen, «Hvalfangsten, dens historie og mænd», 1912.

-Reidar Østensjø, «Haugesund 1835-1895, Bind 1», 1958.

-Simon Steinsbø, «Sveio Gards og ættesoge» (Bind 3), 1986 og 1987.

-H. Blom Svendsen, «Bygdebok for Sem og Slagen», 1959.