Heim

Lokalhistorie frå Sveio

 

Om heimesida

 

Denne heimesida er ei samling av dei lokalhistoriske artiklane eg har skrive. Dei fleste av artiklane tek for seg livet i Sveiobygdene på 1800-talet, Og mange av artiklane finn du i boka eg gav ut i 2012. På sida legg eg og ut lenker til kjelder og anna stoff som kan vere nyttig for deg som er interessert i lokalhistorie frå Sveio.

 

Eg håpar du har glede av det du kan lese på heimesida, og eg er glad for tilbakemeldingar på det eg har skrive, og eg er interessert i tips om interessante saker det kan forskast på.

 

Sverre Halleraker

Ønsker du å kjøpe boka mi?

 

Tilbake til røtene

Livet i Sveio-bygdene på 1800-talet

 

Bruk kontaktskjemaet på denne sida for å avtale handel.

.

Pris: 250 kroner, pluss eventuell frakt.

 

 

Om Boka

 

Boka «Tilbake til røtene» er ei samling lokalhistoriske artiklane som er trykka i Vestavind mellom 2009 og 2012. I tillegg inneheld boka noko av det eg skreiv til jubileumsboka for Sveio kyrkje i 2008, og ein artikkel som er trykka i årsskriftet for Sveio kystlag i 1997.

 

Hovudfokuset i boka er retta mot korleis vanlege bygdefolk levde på 1800-talet. Historiene er frå Sveio, men dei gir eit godt bilete av korleis folk levde i heile distriktet vårt. Fiske og sjøfart, og anna verksemd knytt opp mot sjøen, hadde ein sentral plass i folk sine liv, og har derfor fått stor plass i boka. Presten og kyrkja spela ei viktig rolle for folk på 1800-talet, og har også fått stor plass i boka.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Gjennom historier om korleis folk levde og tenkte før, ser me kontrastane til det moderne livet folk lever no. Mange av historiene illustrerer kor enkle liv folk levde før, og kor lite dei hadde av materiell velstand, samanlikna med standarden i dag. Historiene viser og korleis folk måtte takle hardt arbeid, dårlege tider, sjukdom og død. Trass i dette kan det sjå ut som om folk levde gode og meiningsfulle liv, og ikkje minst at dei var nøgde med det vesle dei hadde. Her har folk i dagens moderne overflodssamfunn mykje å lære av sine forfedre.

 

Kven er eg?

 

Eg heiter Sverre Halleraker og er lektor med hovudfag i historie.

Eg er født i 1971 og jobbar som lærar og rådgjevar på Sveio skule.

Lokalhistorie og historieformidling er hobbyen min.

Kollesundet i Vigdarvatnet. Foto:Marianne Ø. Halleraker

"Sjølv om dei var fattige på materielle verdiar, kan det sjå ut som om dei levde gode og meiningsfulle liv. Dessutan var dei nøgde med og takknemlege for det vesle dei hadde, utan å streve for å få meir av noko som ikkje ville gjere dei lukkelegare. Eg trur at me i vår materialistiske og altfor travle tidsalder har ein heil del å lære av dei som levde før oss."

Amerikasteinen på Tjernagel.

(Foto: Kari Haukås, Vestavind)