Historia om skottejentene

Historia om skottejentene

Myte eller faktisk hending?


Av Sverre Halleraker

Skåtavikjo. Ei fredeleg og idyllisk vik ved Storestraumen på veg inn til Rødspollen. Det var ikkje alltid like fredeleg her i åra mellom 1500 og 1750. Det var hektisk aktivitet i furuskogane her heile vintrane. Store mengder tømmer blei hogd, og det blei laga bjelkar og bord ved vassagene i Rødspollen. Om sommaren kom skottane med handelsskipa sine. Dei hadde med seg eit rikt utval av varer dei selde i bygdene, og dei kjøpte trelast frå bygdefolket her. Ein gong på 1600-talet blei ein skotte drepen i ein slåsskamp om bord i eit skotteskip som låg i Skåtavikjo. Namnet kjem av denne hendinga. (Foto: Sverre Halleraker)

Murane til den gamle oppgangssaga innerst i Ervesvågen. Hit kom skottskipa for å kjøpe «skåtabjelkar» og anna trelast. (Foto: Marianne Ø. Halleraker.)


Innleiing

Då eg første gong høyrde den fantastiske historia om skottejentene, tenkte eg at dette nok var ei myte, eller eit historisk segn utan røter i faktiske hendingar. I seinare tid har eg kome over opplysningar som kan tyde på at den utrulege historia kanskje er sann likevel. I våre dagar er det ikkje så mange som kjenner til historia. Derfor vil eg i denne artikkelen fortelje historia om dei to jentene som skal ha kome frå Skottland til Sveio på utruleg vis. Eg har prøvd å sjå historia i lys av historiske kjelder og historiske hendingar frå den tida skotte¬jentene skal ha kome til våre trakter. Eg kan ikkje love deg sikre bevis på at historia er sann, men eg kan love deg ei fantastisk historie, og eg håpar at du får vite litt meir om banda mellom Skottland og bygdene i Sveio på 1600- og 1700-talet.


I ein robåt utan årer

Den utrulege historia skal ha funne stad ein gong tidleg på 1700-talet. Nordaust på Skottland, heilt ute ved kysten, heldt to unge jenter til. Dei var søstrer, og dei var i slutten av tenåra. På same måte som på våre trakter, var det kvinnene, og då helst unge jenter, som hadde ansvaret for husdyra. Om sommaren beita dyra i utmarka, og langs kysten beita dei og på øyer og holmar. Kyr og geiter måtte mjølkast morgon og kveld medan dei var på beite. Denne jobben var det dei unge budeiene som tok seg av. Dei to søstrene i denne historia måtte ro ut til ei lita øy for å mjølke nokre kyr som beita der. Øya låg ikkje langt ute, og jentene kjende seg trygge sidan dei var to om jobben. Begge var vane med å vere i båt, og dei hadde vore med og gjort denne jobben heilt sidan dei var små.

 

Ein kveld tidleg på sommaren skal jentene ha blitt overrumpla av tett skodde medan dei var ute på øya for å mjølke kyrne. Dei blei redde, tok mjølkebøttene med seg, og kom seg i den vesle robåten så fort dei kunne. No var skodda så tett at jentene ikkje såg over til fastlandet på andre sida. Dei rodde for harde livet i den retninga som dei trudde at fastlandet låg. Den tette skodda skapte panikk og kaos i den vesle båten. Større og større bølgjer, og meir og meir vind, tyda på at dei var på veg mot det opne havet. Dei prøvde å snu båten og endre retning, men vind og sterk straum gjorde det umogeleg. Den håplause situasjonen skulle bli enda verre. Dei høge bølgjene og den paniske stemninga i båten, førte til at jentene mista begge årene.


Drivande over Nordsjøen

No var dei ille ute. Dei dreiv ut på det opne havet i ein liten open robåt, utan årer, utan varme klede, og utan mat. Dei ropte og hoia, men ingen høyrde dei i lyden av vinden og bølgjene. Vinden førte dei lengre og lengre bort frå det skotske fastlandet og ut i Nordsjøen. Det var ikkje anna å gjere enn å håpe på at dei blei oppdaga av båtar i området. Men kvelden blei til natt, utan at dei fekk kontakt med folk. Fortvila kraup dei tett saman i båten for å prøve å halde varmen. Det var livsfarleg å drive rundt i dei store bølgjene på denne måten, utan mål og meining.


Utruleg nok så heldt båten seg flytande, og jentene heldt seg i live dag etter dag. Det var ikkje lett å halde motet oppe. Heldigvis hadde dei fått med seg bøttene med mjølk i båten. Mjølkebøttene hadde tette lokk, og det var mjølka som heldt liv i jentene. Noko anna mat eller drikke hadde dei ikkje med seg. Dagar og netter passerte, utan at noko nemneverdig hendte, men plutseleg ein dag så såg dei land i aust. Båten deira hadde drive tvers over heile Nordsjøen, og no var dei i ferd me å reke i land på sørspissen av Bømlo.


Møtt med kjeppar og høygaflar

Jentene fekk nytt håp då dei såg land, men landet såg lite gjestmildt ut, med nakne bergknausar og forblåste holmar og skjer. Det såg heller ikkje ut som om folka som budde der var glade for å få ubedne gjester frå havet på denne måten. Frå båten sin kunne dei forkomne og forskremte jentene sjå at det samla seg folk på land. Sakte men sikkert dreiv dei mot land. Folk på land blei redde då dei oppdaga den opne båten som kom drivande. Dei såg at jentene om bord ikkje var nokon dei kjende. På denne tida var folk svært redde for hekser og andre underjordiske vesen. Skapningar som kom til dei på denne måten kunne ikkje vere kristne folk som ville dei godt. Folk væpna seg så godt dei kunne med kjeppar, økser og høygaflar. Dei var klare til å gjere ende på den djevelske vondskapen som truga dei frå sjøen.


Etter endeleg å ha blitt fylt med håp om at dei skulle bli berga, så var det sørgjeleg for jentene å sjå korleis folket på land gjorde seg klare til å ta livet av dei. Den eldste av systrene greidde å halde hovudet kaldt i den tilspissa situasjonen. Ho reiste seg bestemt opp i båten og gjorde krossteikn med armane sine medan ho ropa ”christian!” så høgt ho berre kunne. Folk på land nølte litt. Dei såg jo nokså harmlause ut dei stakkarts jentene. Var dei kristne menneske av kjøtt og blod likevel desse forkomne framande skapningane? Nølande, og med eit godt tak i kjeppane sine, let dei jentene kome i land. Snart forsto dei at dei stakkars jentene ikkje utgjorde nokon fare, men at dei var i naud og trengte hjelp.


Til Tjernagel og Godøysund

Jentene blei tekne hand om av bygdefolket sør på Bømlo. Historia seier at dei to søstrene sverja på at dei aldri meir skulle krysse Nordsjøen. Dei torde ikkje å leggje ut på havet fleire gonger. Begge jentene fekk seg teneste på gardar på Bømlo. Dei var godt likte av karane på Bømlo, sjølv om dei ikkje hadde noko ætt å vise til. Begge jentene blei raskt gifte, men ikkje med menn frå Bømlo. Den yngste av søstrene gifte seg med ein kar frå Godøysund på Tysnes og flytte dit. Den eldste av skottejentene gifte seg med ein frå Fitjar, men dei flytte raskt til Tjernagel i Sveio. Dei fekk mange barn, som igjen stifta familiar ulike stader i Sveio. På denne måten er det mange i Sveio som skal bere genar frå denne skottejenta.

Historia, slik ho er fortald her, kjem frå dei familiane som utvandra frå Tjernagel til Amerika rundt 1850. Kirsti Pedersdatter (født Søre Tjernagel i 1797,) har fortalt historia til etterkommarane sine i Amerika. Dei skreiv ned historia rundt år 1900. Kirsti kalla skottejenta på Tjernagel for ”Skåta-besto”. Litt slektsgransking avslører at skottejenta ikkje kan vere bestemora til Kirsti, men ho kan vere oldemora. Det er mykje som tyder på at skottejenta heitte Alcke Nielsdatter, og at ho var født i 1733.


Etterkommarane kjende historia

Reidar Reidarson tek for seg historia om skottejentene i ein artikkel i Sunnhordland Årbok i 1926. Mange av dei eldre i Sveio på denne tida kjende godt til historia, men ifølge Reidarson berre dei som var etterkommarar etter skottejenta. Nokre av dei Reidarson snakka med meinte at skottejentene kom til Karmøy, medan nokre ikkje var heilt sikre på om dei kom frå Skottland eller Holland. Elles var historia i grove trekk lik.

Reidarson blei fortalt at skottejenta som hamna i Sveio heitte Alcke. I kjeldene frå 1700-talet finn me berre ein person med namnet Alcke. Sidan dette ikkje er eit norsk namn, så er det ikkje usannsynleg at ho kan ha kome frå Skottland. Dessutan er ikkje fødselen og dåpen til Alcke skriven ned i kyrkjebøkene til Finnåspresten. I kyrkjeboka står Alcke oppført som Alcke Nielsdotter Spissøy då ho gifta seg i 1733. Alcke må altså ha busett seg på Spissøy etter at ho rek i land sør på Bømlo. Det er uvisst om ho blei adoptert inn i ein familie, og deretter fekk namnet Nielsdotter, eller om farsnamnet hennar frå Skottland var noko i som likna på det norske namnet Niels.


Ikkje heilt usannsynleg

Kyrkjebøkene avslører at Alcke Nielsdotter Spissøy gifta seg med Lars Johannesson Raunholm frå Fitjar i 1733. Året etter bygsla Lars heile Nordre Tjernagel, og han og Alcke busette seg der og dreiv garden. Dei fekk heile ni barn, men fire av barna døydde i ein pestepidemi i 1751. Dottera deira Mari, som var født i 1735, gifta seg med Ola Reidarson Ulveraker. Dei tok over drifta av Nordre Tjernagel i 1755. Dette var besteforeldra til Kirsti, som reiste til Amerika i 1850.


Det er altså ikkje usannsynleg at Alcke Nielsdotter kom frå Skottland, sjølv om det ikkje er sikre bevis i kjeldene som slår dette fast. Kor sannsynleg er det at Alcke kom rekande over Nordsjøen i ein open robåt? Historia høyrest utruleg ut, men det er ikkje umogeleg å krysse Nordsjøen med robåt under gunstige vêr- og vindtilhøve. Historia var ikkje eldre enn 130 år gammal då Kirsti tok henne med seg over til Amerika. Dessutan knytte Kirsti historia til konkrete personar i nær slekt. Når me i tillegg veit at fleire av Alcke sine etterkommarar i Sveio rundt 1900 fortalte same historia som Kirsti, er det ikkje usannsynleg at historia om skottejentene har rot i ei verkeleg hending.


Skottehandelen

Kan skottejentene ha hamna i Sunnhordland på ein meir naturleg måte, enn at dei rek i land i ein open robåt? Det var faktisk tette band mellom sunnhordlandsbygdene og Skottland tidleg på 1700-talet. I løpet av ein sommar kunne så mange som 100 handelsfartøy frå Skottland kome til Sunnhordland. Skotteskipa hadde med seg alle mulege slags varer, som korn, mjøl, salt, malt, tøy, skinn, seglduk, fiskegarn, sko, steintøy, jerngryter og verktøy. Dei hadde og med seg varer som øl, vin, brennevin, tobakk og sukker.

 

Det var den store etterspurnaden etter trelast som drog skottane til Noreg og Sunnhordland, men dei kjøpte og fisk og hummar her. Bøndene i Sunnhordland skal ha seld trelast til skottane heilt sidan 1300-talet. Då oppgangssaga blei teken i bruk på våre trakter rundt 1550, auka trelasthandelen i omfang. Fleire oppgangssager var i sving i Sveio rundt 1600, både langs vestsida av Ålfjorden og i Førdespollen. Det var oppgangssager på Drange, på Lindås, på Røykenes og i Ervesvågen. På gardane rundt sagene var folk i sving med skogsarbeid heile vinteren. Ved sagene blei det skore bjelkar, bord, sperr og skipstømmer. «Skåtabjelkar» har vore eit uttrykk i Sunnhordland heilt fram til våre dagar. Skottane kjøpte og emneved til ulike kar. Dessutan kjøpte dei tønnestav og tønneband. Dei kjøpte og mykje brennved, og enkelte kjøpte ferdige båtar.

 

Drepen i Skåtavikjo

I 1590 oppretta kongen eigen tollstasjon på Eldøyane på Stord, for å sikre seg toll-avgifter frå den omfattande handelen. Skotteskipa måtte betale toll både for varene dei skulle selje og for trelasta dei kjøpte. Skotteskipa kom til Sunnhordland tidleg på sommaren. Så snart skipperen hadde vore innom tollstasjonen på Eldøyane, sette skipet kursen innover fjordane i Sunnhordland og Hardanger. Fleire skotteskip oppsøkte hamnene i Førdespollen og Ål¬fjorden. Skotteskipa segla heilt inn i Rødspollen, og heilt inn i Ervesvågen. Skipperane vende tilbake til dei same stadene år etter år, og her venta dei faste kundane på dei med trevarene sine.

 

Skotteskipa hadde mange karar med seg. Det måtte fleire kremmarar til for å selje alle varene dei hadde med seg. Dei vandra rundt i bygdene og oppsøkte folk på gardane. Mange hadde venta lenge på dei skotske handelskarane, for det var kjærkomne varer dei hadde å by på. Skottane kunne vere i bygdene i fleire veker, og dei sette nok sitt preg på bygdene dei besøkte. Skottane hadde ord på seg for å vere trivelege karar og gode kremmarar. Det blir sagt at skottane skjenka kundane sine grundig med både øl og brennevin for å få dei i den rette stemninga før handelen blei sluttført. Skottane skal ha lika festlege lag, og dei var populære blant jentene i bygdene dei kom til. Men skottane skal ha hatt eit farleg temperament. Ein skotte skal ha blitt slått i hel av ein annan i ein slåsskamp om bord i eit skip som låg i Skåtavikjo, ved Storestraumen i innløpet til Rødspollen. Namnet på vika skal stamme frå denne hendinga.


Arven etter skottane

Sunnhordlandbygdene blei sterkt påverka av kontakten med skottane. Eit slikt tett sam¬kvem gjennom fleire hundre år fører alltid med seg utveksling av kultur og levemåte. Skottane lærte bøndene i Sunn¬hordland korleis dei skulle drive sagbruk, korleis dei skulle bygge skip og korleis dei skulle segle. Dei lærte og bort anna handverksproduksjon og byggekunst. Reiskapane og verktøyet skottane selde, førte til at ny teknologi blei teken i bruk i fjorbygdene. Spinnerokken skal ha kome til Noreg på 1600-talet gjennom skottehandelen i Sunnhordland. Både folke¬musikken, folkedansen og rosemalinga skal vere inspirert av kontakten med skottane. Folk sin levemåte blei og påverka av dei meir luksuriøse forbruksvarene dei fekk kjøpe av skottane, som brennevin, tobakk og sukker.

 

Ein del skottar slo seg ned i Sunnhordlandsbygdene og stifta familie der. Kan skotte-jentene ha kome til Sunnhordland på denne måten? Det er lite truleg at skotteskipa hadde jenter med seg, men me kan ikkje utelukke det. Jentene kan ha vore med som passasjerar på eit skotteskip. Kanskje dei ville oppsøke ein i slekta som hadde busett seg i Sunnhordland? Dei kan og ha kome seg med på eit skip som blindpassasjerar. Dei kan ha blitt oppdaga og sett på sjøen i ein liten robåt. Det kan og ha oppstått situasjonar om bord som førte til at dei flykta frå skipet i robåten. Me kjem ikkje så mykje lengre med å spekulere på denne måten, men me kan slå fast at skottejentene kan ha kome til Sunnhordland med eit skotsk handelsskip.


Skotske genar?

La oss vende tilbake til spørsmålet i overskrifta. Er historia om skottejentene ei myte, eller har desse jentene kome til Sunnhordland i ein open robåt tidleg på 1700-talet? Det er ikkje sikre historiske bevis på at denne hendinga fann stad, men det er mykje som tyder på at historia har sine røter i ei faktisk hending. Historia kan knyttast til personar som har levd, og historia har blitt fortalt av etterkommarane deira. Dersom ikkje etterkommarane etter Alcke i Sveio direkte kan knytte si genetiske avstamming til Skottland, så har me likevel fått mykje av skottane gjennom skottehandelen. Det er heller ikkje utenkeleg at ein del av dei skotske kremmarane som kom til Sveio spreidde genane sine i bygdene her. Derfor kan me uansett konkludere med at me har arva mykje av skottane som kom til Sveio i farne tider.





Kjelder:

-Ministerialbok for presten i Finnås, (1718-1744, 1744-1764, 1765-1803).

-Reidar Reidarson, «Skottejentene og hollenderarvi», Årbok for Sunnhordland 1926.

-Heldal Mikal, «Skottehandelen», Årbok for Sunnhordland 2007.

-Dr. Peter Harstad Collection; Peder Gustav Tjernagel; “The Tree Kjersteens”.

-Simon Steinsbø, «Sveio. Gards og ættesoge», bind 1 og 2, 1986.