Dei fattigaste av dei fattige

Lokalhistorie frå Sveio

Fattigomsorga i Sveio på 1800-talet

 

Dei fattigaste av dei fattige

 

Av Sverre Halleraker

 

Det var mange husmenn som måtte få støtte av fattigkassen. Mange av dei hadde svært lite å leve av og var heilt avhengige av inntekter frå fiske og anna sesongarbeid. Då det gode sildefisket tok slutt, og det blei mindre behov for ekstra arbeidskraft på gardane, måtte mange husmenn be om støtte frå fattigkassen for å greie seg. Biletet er frå ein husmannsplass i Skjolden i Sogn, men kunne like gjerne vore frå Sveio. (Foto: Knudsens fotosamling, Universitetsbiblioteket i Bergen.)

Ein fattig husmann på Vassneset

Det er ein fin haustkveld tidleg i oktober. Året er 1890. Lufta er klar og skarp, og eit haustfarga landskap speglar seg i Vigdarvatnet. På husmannsplassen Vassneset, som ligg mellom Sveio og Tveit, sit Børge i senga si. Han speidar ut av stoveglaset i den vesle husmannsstova si. Utanfor huset høyrer han larmen av barna som leikar. Han er far til sju friske og fine barn. Yngste dottera er berre ein månad gammal. Børge er 44 år gammal. Han skulle ha vore på høgda av livet sitt no, men slik var det dessverre ikkje. Han var alvorleg sjuk. Han hadde så store smerter i magen no, at han sleit med å reise seg opp frå senga. Det siste året hadde han vore så sjuk at han ikkje kunne arbeide. Den eldste sonen hans var nett konfirmert. Det var han som hadde ansvaret for gardsarbeidet på plassen no som Børge var sjuk.

 

Det var ei kjennsgjerning at den store familien ikkje kunne forsørgjast av inntektene frå den vesle husmannsplassen aleine. I heile sitt vaksne liv hadde Børge jobba som jordarbeidar. Han hadde teke på seg oppdrag for bønder som skulle bryte ny jord, eller som ville gjere gammal jord betre. Han hadde streva med hardt arbeid heile livet, og så lenge han fekk vere frisk hadde han greidd å tene nok til å få mat på bordet til familien sin. Etter kvart som smertene blei større og større, innsåg han at han ikkje greidde å utføre det tunge jordarbeidet meir. Dette fekk sørgjelege konsekvensar for familien sin økonomi.

 

Etter å ha kjent på smerten lenge, hadde Børge manna seg opp og tatt turen til legen i Haugesund. Der hadde han fått nedslåande nyheiter. Det viste seg at han hadde ein stor kreftsvulst i magen. Legen kunne fortelje at denne svulsten berre ville vokse seg større, og at han gradvis ville bli sjukare og sjukare. Børge innsåg no at han ikkje hadde lenge att å leve. Sjølv om magesmertene til tider ikkje var til å halde ut, var det likevel dei vonde tankane som plaga han mest no. Tanken på at han var avhengig av støtte frå fattigkassen for å kunne brødfø barneflokken sin, var tung å forsone seg med. Tanken på at han skulle døy frå barna sine var enda tyngre. Kven skulle forsørgje dei no?

 

Dødssjuk, og aleine med sju barn

Ein skulle tru at Børge hadde fått sin kvote med smerte og sorg, men slik var det ikkje. Ein månad tidlegare hadde han nemleg mista kona si. Etter å ha født yngste dottera, hadde ho fått barselfeber, og etter nokre dagar med sjukdom døydde ho. Den dødssjuke husmannen sat no aleine med sju barn på Vassneset. Det vil seie, dei to minste barna var allereie tekne hand om av slektningar. Eldste son på 15 år var konfirmert, og var derfor gammal nok til å måtte greie seg sjølv. Fattigkommisjonen hadde gjort vedtak om at dei fire mellomste barna skulle plasserast ut i nye heimar i næraste framtid. Børge var spent på kor dei kom til å hamne. Han visste at det var stor forskjell på korleis slike foreldrelause barn blei behandla. Han håpa på at nokre av søskena fekk bu hos same familie, men det var nok ikkje nokon som var villige til å ta på seg omsorga for alle fire i same hus.

 

Fattigkassen skulle auksjonere bort omsorga for barna. Dette skulle kunngjerast på kyrkjebakken etter gudstenesta neste søndag. Fattigkassen organiserte auksjonen slik at det var dei som var villige til å ta på seg omsorga for ein lågast mogleg pris som fekk omsorga. Avtalen var då gjeldande for eitt år om gongen. Som Børge hadde frykta, så var det ingen som var villige til å ta på seg omsorga for meir enn eitt av barna, men fattigkassen hadde fått plassert bort alle fire. Tre av dei skulle få bu hos bønder i nabolaget, medan eitt av barna måtte flytte til Haugesund. Det var med tung sorg Børge tok avskjed med barna sine. Tilstanden blei no raskt verre for Børge, og den 28. oktober 1890 tok han sitt siste andedrag i husmannsstova på Vassneset.

 

Den triste lagnaden til husmannen på Vassneset er dessverre ikkje det einaste dømet på at sjukdom og ulykke førte folk inn i håplaus fattigdom. Det er heller ikkje det einaste dømet på at barneflokkar blei splitta opp og plasserte bort på bygdene, dersom ikkje foreldra var i stand til å ta seg av dei. Fattigdom har i alle tider vore eit stort samfunnsproblem, og det er på ingen måte lett å leve som fattig i vår moderne tid, men å leve som fattig på 1800-talet, var nok vanskelegare enn dei fleste av oss greier å førestelle oss.

 

Vassneset mellom Sveio og Tveit. Her budde husmannen Børge Rasmusson med familien sin. Børge livnærte seg som jordarbeidar, i tillegg til inntektene frå den vesle husmannsplassen. Då Børge blei alvorleg sjuk og ikkje kunne arbeide, måtte han og familien søkje om hjelp frå fattigkassen. Kona hans døydde i barselseng etter å ha føda deira sjuande barn. Nokre veker seinare døydde også Børge av kreft i magen. Dei sju barna måtte takast hand om av fattigvesenet. (Foto: Sverre Halleraker)

Eit stort nederlag, og ei stor skam

I artiklane eg har skrive om dei ulike sosiale gruppene i det gamle bondesamfunnet på 1800-talet, kjem det tydeleg fram at mange der kunne kallast fattige, dersom me brukar levestandarden i vår tid som målestokk. Det var mange som sleit for å få endane til å møtast, og mange hadde svært lite å leve av. Ein stor del av befolkninga i Sveio-bygdene opplevde fattigdom på 1800-talet, men i denne artikkelen skal eg fokusere på dei fattigaste av dei fattige, nemleg dei som var under fattigvesenet si omsorg. Det sat langt inne å måtte be om støtte til livsopphaldet i det gamle bondesamfunnet. Det var eit ideal og ei plikt å kunne forsørgje seg sjølv og sine næraste, og det å måtte be andre om omsorg og støtte til livsopphaldet, ja det var eit stort nederlag, og ei stor skam.

 

Frå gammalt av var det ætta sitt ansvar å ta seg av dei fattige som ikkje hadde evne til å greie seg sjølv. Etter kvart som kristendomen og kyrkja festa grepet i Noreg i Middelalderen, blei det kyrkja si oppgåve å ta seg av dei fattige. På 1700-talet skulle ein fjerdedel av kyrkjeskatten, eller tienda, brukast til å syte for dei fattige i kyrkjesoknet. Då formannsskapslova kom i 1837, var det kommunen som fekk omsorga for dei fattige. Kvar kommune blei då pålagd å opprette ein eigen fattigkommisjon. Heilt fram til slutten av 1800-talet var soknepresten den sjølvsagde leiaren av fattigkommisjonen. Byrda med å forsørgje dei fattige skulle fordelast mellom innbyggjarane i kommunen, og dei fattige skulle plasserast i eigne legdskrinsar, kor omsorga gjekk på omgang. Dei som ikkje kunne gjevast omsorg i legda, skulle få støtte frå legat og frivillige gåver.

 

I 1845 kom ei ny lov som gav fattigkommisjonane mandat til å finansiere fattigomsorga gjennom fattigskatten. Det blei fattigkommisjonen sitt ansvar å utlikne fattigskatten. Dei fekk og i oppdrag å krevje inn fattigskatten, og dessutan fekk dei ansvaret for å organisere støtteordningane. På landsbygda heldt ein fram med legdsordninga også etter at den nye fattiglova tredde i kraft, men no fekk ein betaling frå fattigkassen for å ha fattige på legd. I byar og tettstader blei dei fattige no samla i eigne fattighus, men dette var vanskeleg å få til på landsbygda.

 

Folketeljingar og arkivet etter fattigvesenet

I denne artikkelen skal me prøve å kome tettare inn på dei som var under fattigvesenet si omsorg i det området som no utgjer Sveio kommune. Sveio blei eigen kommune i 1852, men fram til Sveio blei eige prestegjeld i 1862 var Sveio ein del av fattigvesenet i Finnås kommune. I 1862 fekk Sveio eigen fattigkommisjon, med den nye soknepresten som leiar. Valestrand var ein del av Stord prestegjeld og kommune fram til 1870, men i 1870 blei Valestrand ein eigen kommune, og den nye kommunen blei eit sokn i Sveio prestegjeld. Då Valestrand blei eigen kommune, fekk dei også eige fattigvesen.

 

Perioden eg har granska strekk seg frå om lag 1860 og fram til 1900. I dette tidsrommet har me fleire kjelder som kan hjelpe oss med granskinga av dei fattige. Folketeljingane frå 1865 0g 1875 er gode kjelder. Her er alle personane som var under fattigvesenet si omsorg registrerte med personopplysningar. I tillegg til folketeljingane har eg nytta arkivet etter fattigvesenet i Sveio og Valestrand som kjelder. Her finn me møteprotokollar, lister over støtta som er gjeven til fattige personar, rekneskap over utgifter og inntekter, og dessutan eit fattigmanntal med registrerte utgifter for einskilde personar og familiar som fekk støtte frå fattigkassa.

 

Målet med denne artikkelen er å få meir kunnskap om fattigomsorga på 1800-talet. Me skal prøve å få oversikt over omfanget av fattigomsorga, og korleis behovet for fattighjelp utvikla seg utover hundreåret. Dessutan skal me sjå på finansieringa og organiseringa av fattigomsorga. Det vil også vere interessant å studere dei ulike gruppene av fattige. Kan me finne eit mønster på kven som hamna i fattigdom? Me skal også finne ut kor mykje støtte dei fattige fekk, og kva som skulle til for å få støtte av fattigvesenet. Med denne artikkelen vil eg også prøve å få fram korleis dei fattige blei sett på i det gamle bondesamfunnet, og dessutan korleis det var å vere stempla som fattig på 1800-talet. For å få fram dette skal me gjere oss kjende med nokre enkeltskjebnar som var under fattigvesenet si omsorg.

 

Fattiglemmer

Før me går nærare inn på dei fattige i Sveio, vil eg prøve å få fram kva for ulike grupper dei fattige blei delt inn i. Den første gruppa med fattige var barn utan foreldre som kunne ta seg av dei. Dei foreldrelause barna som var under fattigvesenet si omsorg blei kalla «fattiglemmer». Dei fleste av desse hadde mista foreldra på grunn av ulykker eller alvorleg sjukdom. Ein del av dei hadde funksjonshemma foreldre, eller sinnssjuke foreldre, eller dei hadde foreldre som ikkje hadde god nok økonomi til å ta seg av dei. Mange unge kvinner som fekk barn utan å vere gifte måtte gi frå seg omsorga for barna sine til fattigvesenet. Ein del av dei gjorde det fordi dei ikkje hadde økonomisk evne til å forsørgje barna sine, men fleire av dei ugifte kvinnene gav frå seg barna sine frivillig. For dei ugifte kvinnene var barna eit hinder både for å få seg arbeid, og dessutan for å kunne gifte seg. Det var ikkje mange menn som ville gifte seg med ei jente som hadde eit uekte barn.

 

Dei fleste foreldrelause barna blei «bortakkomanderte», som det heitte, eitt år om gongen. Som eg har skildra i innleiinga, så var dette ei ordning kor barna blei auksjonerte bort, og dei som var villige til å ta seg av barna for lågast mogleg pris, fekk omsorga. Mange fekk då bu hos same familie så lenge fattigkassen gav støtte for dei, altså fram til konfirmasjonsalderen, men det er fleire døme på at dei måtte skifte familie fleire gonger. Her kan me bruke ein av Børge sine søner som døme. Laurits Theodor Børgeson var sju år gammal då foreldra døydde i 1890. Dei seks første åra fekk han bu hos Jokum Olson Sveen, og Jokum fekk mellom 28 og 34 kroner året for å ha omsorga for han. Då han var 13 år måtte han flytte til Jens K. Li, som skulle ha 34 kroner året for å ha han. Etter eitt år måtte han flytte igjen, og no fekk han bu hos Ole Kristofferson Sveen. Året etter var han 15 år og konfirmant. Dermed var han gammal nok til å måtte greie seg sjølv, og måtte flytte vekk frå fosterfamilien sin.

 

Det var heller ikkje uvanleg at søskenflokkar blei splitta opp, og fekk omsorg av fleire ulike familiar. Den økonomiske støtta var størst for dei minste barna, medan støtta blei mindre og mindre etter kvart som barna nærma seg konfirmasjonsalderen. Me kan berre spekulere oss fram til kva motiv bygdefolk hadde for å ta til seg foreldrelause barn, men det er ikkje til å leggje skjul på at mange hadde økonomiske motiv. Sjølv om pengestøtta ikkje var stor, så kunne dei foreldrelause barna vere ein god arbeidsressurs. Me ser at mange husmenn som sjølv hadde lite å leve av, tok til seg foreldrelause barn. Dessutan var det mange som ikkje hadde barn sjølv som fekk omsorga for barna under fattigvesenet sitt ansvar. Også for desse var dei foreldrelause barna ein arbeidsressurs, og i folketeljingane er dei foreldrelause barna i åtte- til tiårsalderen oppførte med roller som «hyrdegutt», «vedbærer» og «tjenestejente».

 

Legdslemmer og understøtta

Neste gruppe av fattige var dei gamle og uføre. I denne gruppa finn me også dei sinnssjuke, og me finn dei med sterk psykisk eller fysisk funksjonshemming. Dei fleste av desse gjekk på legd. Nokre av dei hadde legd for eit år av gongen, men dei fleste gjekk på omgang i legdskrinsen. Legskrinsen samsvara med skulekrinsen. Dei fleste som gjekk på legd var gamle husmenn, og då særleg husmannsenker, som ikkje fekk overføre husmannsplassen til neste generasjon. Dei sjølveigande bøndene sikra seg som regel mot å måtta gå på legd i alderdomen ved å få ein såkalla vilkårskontrakt før dei gav bruket vidare til neste generasjon. Vilkårskontrakten sikra dei retten til å bu vidare på bruket, og dessutan fekk dei rett til å drive litt av jorda på garden.

 

Dei gamle og uføre som gjekk på legd blei kalla «legdslemmer». Desse stod absolutt nedst på den sosiale rangstigen, og dei hadde absolutt ingen ting å stille opp med dersom dei var misfornøgde med omsorga. Dei eigde som regel ikkje meir enn kleda dei hadde på seg. Sidan dei som skulle ta seg av desse var pålagde å yte denne omsorga, var ikkje alltid viljen så stor til å yte så mykje for dei losjerande legdslemmene. Dessutan var godtgjersla lita, og mange hadde meir enn nok med å forsørgje sin eigen familie. Det å hamne på legd i alderdomen var noko av det bygdefolket på 1800-talet frykta mest av alt. Det var svært nedverdigande, og dessutan var mat og omsorg ofte dårleg. Mange av legdslemmene måtte bu i fjøs og uthus, og dei fekk ofte ikkje ete saman med resten av hushaldet.

 

Den siste gruppa som fekk støtte av fattigvesenet, var dei vaksne arbeidsføre personane som ikkje greidde å skaffe høg nok inntekt til å forsørgje seg og familiane sine. Mange av desse hadde barn. I denne gruppa finn me flest husmenn, og dei får støtta deler av opphaldet sitt frå fattigkassen. I folketeljingane blei desse merka som «delvis understøttet av fattigvesenet». Me finn og ein del arbeidsfolk og handverkarar i denne gruppa, men me finn og dei som i folketeljinga blir kalla lausgjengarar og dagdrivarar. Me finn og ei gruppe her som blir kalla «betlere», altså tiggarar.

 

På biletet ser me ei legdskone ein gong på slutten av 1800-talet. Ho eigde ikkje meir enn kleda ho hadde på seg og dei tinga ho hadde i korga si. Ho har no pakka sakene sine og skal av garde til neste hus. Der skulle ho bu ein periode, før ho måtte vidare til neste hus. Det var ofte gamle husmannsenker som måtte gå på legd. Dei hadde ingen som kunne forsørgje seg i alderdomen. Alle gardsbruka i ein legdskrins var pålagde å ta imot legdslemmene, og forsørgje dei i ein periode. For dette fekk dei ei lita godtgjersle frå fattigkassa. Dei som måtte gå på legd blei ikkje alltid behandla så godt. (Foto: Østfold fylke sitt biletarkiv.)

Folketeljingar til å kartleggje

Me skal no bruke folketeljingane frå 1865 og 1875 til å kartleggje dei fattige i Sveio. I tabellen nedanfor ser du kor mange fattige det var i det området som no utgjer Sveio kommune i desse åra. Av ein befolkning på nær 4000 personar i 1865, var det 92 som heilt eller delvis var under fattigvesenet si omsorg. Dette utgjer snaue 2,5 prosent av befolkninga, og i tabellen nedanfor kan du sjå korleis desse kan delast inn i ulike aldersgrupper. Det var 23 foreldrelause barn under fattigkassen si omsorg i 1865, og alle desse var utplasserte på «årsleige», som det stod i møteboka til fattigkassen. Av dei 23 barna var to søskenpar plasserte i same hushald, eitt søskenpar på Lauvås og eitt søskenpar på Økland. Resten av søskena var skilde og fordelte på ulike hushald.

 

Tabellen viser at det i 1865 var 36 vaksne fattige i det me kan kalle arbeidsfør alder. Denne gruppa er sett saman av fleire ulike kategoriar. Me finn fire ektepar, som i gjennomsnitt hadde fire barn kvar. Dei fleste av desse får berre dekka deler av livsopphaldet av fattigkassen. Me finn og ein del enker og einslege mødre i denne gruppa, slik at talet på barn av fattige blir 23 i 1865. Me finn berre ti fattige som er eldre enn 65 år i 1865. Med andre ord så blei dei fleste eldre i Sveio forsørgja av familien sin så seint som i 1865.

 

Når me ser på tala for 1875, ser me at det hadde skjedd ei endring på denne korte tida. Talet på fattige har stige med 26 personar på ti år, og det trass i at folketalet hadde gått noko ned. Det var no litt meir enn tre prosent av befolkninga som fekk støtte frå fattigkassen. Når me ser på dei ulike aldersgruppene, så ser me at det er i den eldste aldersgruppa talet på fattige har auka sterkt. Me kan ikkje seie noko sikkert om årsakene til denne auken, men eg trur det heng saman med den sterke utvandringa som gjekk føre seg i denne perioden. Dei fleste av dei som reiste til Amerika var familiar og unge vaksne. Foreldregenerasjonen blei ofte att heime, og når dei blei gamle, var det ikkje alltid nokon der som kunne forsørgje dei. Samstundes som mange unge reiste til Amerika, var det mange unge som flytta til byane for å få arbeid innan industri og handel. Dei eldste blei varande att på bygdene, og fleire trong støtte frå fattigkassen når alderdomen svekka arbeidsevna deira.

 

Fattige vaksne

Me skal no sjå nærare på dei fattige vaksne. Det første me skal finne ut, er kva sivil status dei hadde. Når me samanliknar tala for 1865 med tala for 1875, er andelen i dei ulike gruppene forbausande like for begge åra. Tabellen nedanfor viser at det ikkje var mange ektefolk som fekk fattighjelp. Dei fleste var einslege. Blant dei einslege ser me at kvinnene var i stort overtal. Det var flest einslege kvinner som fekk fattighjelp. Mange av desse hadde såkalla uekte barn. Desse kvinnene hadde det vanskeleg på fleire måtar. Så lenge dei hadde ansvaret for uekte barn, var det ingen som ville ha dei i arbeid, og det var heller ikkje så mange som ville gifte seg med dei. Me ser også at det var mange enker som måtte få fattighjelp. Dei fleste enkene var husmannsenker, og me finn både eldre husmannsenker, og yngre husmannsenker med barn som skulle forsørgjast.

 

Det kan vere interessant å finne ut kva støtteordningar dei fattige fekk av fattigkassen. Eg har derfor delt dei fattige vaksne inn i to grupper, nemleg dei som gjekk på legd og dei som fekk støtte i sitt eige hushald. Tabellen nedanfor viser at det skjedde ei endring mellom 1865 og 1875. I 1865 var det flest fattige som gjekk på legd. I 1875 hadde ikkje denne gruppa blitt så mykje større, men gruppa med vaksne som fekk støtte i sitt eige hushald var meir enn dobla. Dei fleste som fekk støtte i eige hushald fekk berre støtte av fattigkassen til deler av livsopphaldet. Dei hadde eiga inntekt, men denne var ikkje stor nok til å kunne forsørgje hushaldet. Det at fleire fekk støtte til deler av livsopphaldet i 1875, kan tyde på at terskelen for å be om hjelp frå fattigkassen var blitt lågare. Det kan og vere eit resultat av svikten i vårsildfiskeriet. Mange husmenn var avhengige av inntektene frå fisket for å få endane til å møtast. Når det gode sildefisket brått tok slutt i 1870, blei mange nøydde til å be fattigkassen om hjelp til deler av livsopphaldet.

Til slutt skal me bruke opplysningane frå folketeljingane til å finne ut kva sosial status dei fattige som budde i sitt eige hushald hadde. Ikkje overraskande ser me at dei aller fleste var husmenn. I 1865 var det flest husmenn utan jord som fekk støtte, medan det i 1875 berre var husmenn med jord som fekk støtte. Me ser også at det i 1875 var fire sjølveigarar som måtte be om fattighjelp, og dessutan at det var åtte som hadde inntekta si frå ulikt arbeid som fekk støtte. Me kan også merke oss at tre personar som var oppførte som «betlere», altså tiggarar, fekk fattighjelp i 1875.

Dei som trong støtte til deler av livsopphaldet fekk havrekorn frå fattigkassa. Støtta skulle hjelpe dei til å overleve, og det var viktig for fattigkommisjonen at dei ikkje gav meir enn det som var strengt nødvendig. Støtta var i prinsippet eit lån, men eg finn ikkje døme på nokon som greidde å betale tilbake noko av støtta.

Fattigvesenet sine møtebøker

Me skal no bruke opplysningar frå arkivet etter fattigvesenet i Sveio og Valestrand for å få ei enda betre forståing av korleis dei fattige i bygdene våre hadde det på 1800-talet. Me skal bruke fattigvesenet sine møtebøker for å finne ut kor mange som fekk støtte, kva støtte dei fekk, og kor mykje støtte dei fekk. Også her skal me fokusere på dei ulike gruppene av fattige. Me skal også sjå nærare på legdssystemet, og korleis dette blei organisert, og me skal me bli kjende med nokre døme på familiar og personar som fekk støtte frå fattigvesenet. Eg har valt å studere fattigomsorga i to ulike år for å sjå om me finn ei endring over tid. Åra eg har valt er 1863 og 1875. Året 1863 var første året med opplysningar frå Sveio fattigkommisjon, medan 1875 er same året som ei av folketeljingane eg brukte i første del.

 

Fattigvesenet i Sveio hadde sitt første møte hausten 1862. Formann i fattigkommisjonen var den nye soknepresten, Johan Fredrik Schwabe Heyerdahl. Med seg i styret hadde han fire menn som alle hadde, eller hadde hatt, viktige posisjonar i bygda. Tidlegare ordførar Jens Johannesson Tveit var ein av dei. Då styret i den nye fattigkommisjonen hadde sitt første møte, var det allereie etablert rutinar for korleis ein skulle vurdere kven som skulle få støtte frå fattigkassen. Kommisjonen støtta vurderingane sine på opplysningar dei fekk frå skulelæraren i kvar skulekrins. Skulelæraren hadde oversikt over kven som var fattig i sitt område, og kva støtte dei hadde behov for. Dersom nokon måtte be om fattighjelp, var det vanleg at dei tok kontakt med skulelæraren, og at han tok saka vidare til fattigkommisjonen.

 

Inga lettvindt løysing

Å få hjelp frå fattigkassen skulle ikkje vere nokon lettvindt løysing for folk. Dersom arbeidsføre personar bad om støtte frå fattigkassen, kunne fattigkommisjonen forlange at dei utførte arbeid for pengane. Då fattiglova som forplikta kommunane å gje støtte til dei fattige skulle innførast i 1845, kom det sterke innvendingar frå prestar og andre viktige menn i bygdene. Dei var redde for at retten til fattigstønad ville føre til at folk blei dovne, og at arbeidsmoralen skulle bli dårlegare. Prestane meinte at den nye ordninga ville føre til ein lettsindig levemåte, og til eit moralsk forfall.

Det var viktig for fattigkommisjonen å sikre at det berre var dei som trong støtte for å kunne greie seg som skulle få det. Dessutan var det viktig at dei fattige ikkje fekk meir enn dei trong for å kunne greie seg. Å få støtte frå fattigkassen blei av mange sett på som å snylte på fellesskapet, og dei fattige blei sett ned på av resten av bygdefolket. Likevel syntes mange synd på dei fattige og ville hjelpe dei. Mange fattige fekk mat og gåver av dei som budde i same nabolag, men viljen til å hjelpe fattige omstreifarar var ikkje like stor. Motviljen var også stor mot å måtta betale fattigskatt til kommunen, slik at fattigkassen kunne finansiere hjelpa til dei fattige.

 

Korn som støtte

I prinsippet var all støtte frå fattigkassen lånte midlar, men i praksis var dette pengar som fattigkassen aldri ville få tilbake. I Sveio fattigkommisjon sitt første møte blir det vedteke at tolv personar i Sveio sokn skulle få støtte. Dei fekk tildelt mellom ein og fire vågar havre, altså mellom 25 og 100 kilo havre. I 1860-åra ser me at fattigkommisjonen gav korn i støtte til dei som fekk støtte til deler av livsopphaldet. Med andre ord var det berre støtte til den mest livsnødvendige maten dei fekk, og ikkje pengestøtte som kunne brukas til mindre nødvendige innkjøp.

 

I møteprotokollen skreiv fattigkommisjonen noko som understreka at støtta var lånte midlar. Dei skreiv: «Sveen Fattigcomisjon forbeholder sig Ret til at kræve Tilbagebetaling forsaavidt nogen af de Trængende ved det forestaaende Fiske maate tjæne Saameget at de ansees istand til at yde Erstatning.»

 

«Bortleies til forpleielse»

I 1863 heldt Sveio fattigkommisjon sitt første møte allereie den 2. januar. På dette møtet skulle dei foreldrelause barna plasserast ut for dette året. Det var 12 barn som skulle «bortleies til forpleielse» som presten skreiv i protokollen. Betalinga til dei som tok på seg omsorga låg mellom 4 og 16 spesidalar. Betalinga var høgast for dei minste barna, medan støtta gradvis blei mindre ettersom barna blei større. Årsaka til dette er at dei største barna var ein arbeidsressurs for dei som ville ta seg av dei. Derfor var dei villige til å ta seg av desse barna for ein lågare betaling. Av dei foreldrelause barna finn me fire søsken frå Lid. Desse blei plasserte i fire ulike hus. To av dei hamna hos husmenn på Bråtveit, ein hamna på Eilerås, medan det siste barnet hamna på Rossehaug. Me finn og eit søskenpar frå Hovda blant dei foreldrelause barna. Heller ikkje dei fekk bu hos same familie.

 

Rekninga for omsorga for dei fire foreldrelause barna frå Lid blei sendt til Fjelberg kommune. Foreldra deira hadde nemleg ikkje budd lenge nok i Sveio til å få såkalla heimstadsrett. For å få heimstadsrett i ein kommune, måtte ein ha budd der i minst tre samanhengande år, og for å ha rett til støtte frå fattigkassen måtte ein ha heimstadsrett i kommunen. Det var ofte usemje mellom kommunar om kven som skulle ta rekninga for dei fattige som hadde flytta, og det var fleire rettssaker på grunn av usemje om heimstadsretten.

 

I Valestrand var det ti foreldrelause barn i 1863. Blant desse finn me tre søsken frå Haugsbø, tre søsken frå Lier og tre søsken frå Vika. Dei tre søskena frå Haugsbø fekk bu i same hus, og i same nabolag som dei kom frå, medan dei to andre søskenflokkane blei delte og måtte flytte til kvar sin familie. Når me samanliknar fattigkommisjonane i Sveio og Valestrand ser me ein tydeleg forskjell. I Sveio betalte fattigkommisjonen støtta for dei foreldrelause barna i pengar i 1863. I Valestrand blei det meste av støtta betalt i korn. Støtta for kvart barn i Valestrand varierte mellom 200 og 250 kilo havre. Dei fleste fekk betalt ein spesidalar i tillegg til kornet.

 

Mindre betalt i 1875

I 1875 hadde talet på foreldrelause barn under fattigkassen si omsorg gått ned både i Sveio og i Valestrand. I Sveio hadde fattigkassen no ansvaret for åtte barn. Av desse var det to søskenflokkar på tre barn. Den eine søskenflokken kom frå Rød, medan den andre kom frå Nordre Våge. Ingen av desse budde hos same familie. I Valestrand hadde fattigvesenet ansvaret for fem barn. Av desse var det eitt søskenpar frå Valen. Også desse måtte skilje lag og bu hos ulike familiar. Ei foreldrelaus jente frå Berge fekk bu hos ein eldre bror. Sjølv om han var i nær slekt med jenta, fekk han støtte frå fattigkassen for å ta seg av henne.

 

I 1875 hadde også Valestrand byrja å betale dei som tok på seg ansvaret for foreldrelause barn med pengar. Dersom me samanliknar godtgjersla som blei gjeven i 1865 med godtgjersla som blei gjeven i 1875, ser me at fosterforeldra fekk mindre betalt i 1875. I 1865 varierte denne betalinga mellom fire og 16 spd, medan betalinga i 1875 varierte mellom fem og ti spd. Dette fortel oss at det var fleire som var villige til å ta på seg omsorga for foreldrelause barn i 1875, noko som tydar på at dei økonomiske tidene hadde blitt dårlegare samanlikna med ti år tidlegare.

 

Ein 13 år gammal gut

Me skal no vende tilbake til fattigvesenet i Sveio sitt første møte i 1863. På dette møtet måtte det også gjerast vedtak om korleis legdsordninga skulle organiserast. Det var ti legdslemmer i Sveio som skulle plasserast ut. Dei fleste av desse var eldre einslege husmenn eller husmannsenker. To av dei var unge vaksne med så sterk funksjonshemming at dei ikkje kunne jobbe. Ein av desse var 25 år gammal, og blei i fattigkommisjonens møtebok karakterisert som «tomsing». Dessutan finn me ein 13 år gammal gut blant legdslemmene. Dette var ein husmannsson frå Hovda. Far hans hadde ifølge presten si ministerialbok «druknet sig selv i Hovdafjorden dertil bevæget af Næringssorger». Barna til ein som hadde teke sjølvmord blei ofte teken hand om av fattigkassen. Sjølv om denne guten hadde ei mor som kunne ta seg av han, blei han altså teken vekk frå henne etter at faren var død. Me kan undre oss over kvifor ikkje denne guten blei plassert bort på årsleige, slik som resten av barna. Forklaringa ligg i at ordninga med årsleige var frivillig. Dersom det ikkje var nokon som melde si interesse, eller dersom pengesummen dei kravde for å ta på seg omsorga var for høg, kunne fattigkommisjonen i staden plassere barnet i legdsordninga.

 

Kvifor ingen ville ta på seg omsorga for husmannssonen frå Hovda kan me berre spekulere i, men me veit at sjølvmord var svært tabubelagt på denne tida, og både dei som hadde teke sjølvmord og familiane deira blei sett veldig ned på. Folk hadde ein oppfatning om at sjølvmord skuldas ein form for galskap, og at denne galskapen følgde slekta. Dette gjekk ut over dei som sat att, og i dette tilfellet var det sannsynlegvis ingen som ville ha denne guten i hus, sidan han var son av ein som hadde teke livet sitt. Den unge guten frå Hovda, som hadde mista far sin på tragisk vis, og deretter blitt teken bort frå mor og søsken, måtte altså plasserast på legd. Protokollen viser at han i 1863 skulle ha opphald hos 25 forskjellige bønder i det området han kom frå. Lengda på opphaldet varierte etter kva økonomisk evne dei hadde. Det kortaste opphaldet skulle vere åtte dagar, medan det lengste skulle vere 44 dagar.

 

Pålagde å ta imot legdsfolk

Legdsordninga var godt organisert, og det var detaljerte lister på kor legdslemmene skulle få bu, kor lenge dei skulle bu der, og kor mykje vertsskapet skulle få i godtgjersle. Sidan innbyggarane i kommunen var pålagde å ta imot legdsfolk, kunne fattigkommisjonen organisere legda slik dei ønskte. I utgangspunktet utgjorde ein skulekrins eit legdsdistrikt, og det var dei sjølveigande bøndene i krinsen som blei pålagde å ta imot legdsfolk. Fattigkommisjonen prøvde å plassere legdslemmene i den skulekrinsen dei kom frå, men dersom det var fleire legdslemmer i same krins, måtte ein av dei plasserast i ein annan krins. Såleis måtte legdsfolket ofte flyttast frå krins til krins frå eit år til eit anna. Dersom det var fleire legdslemmer enn skulekrinsar, måtte krinsane omorganiserast, og det blei færre hushald å dele byrda på.

 

I 1863 kom fleire av legdslemmene i Sveio sokn frå same område. To av dei kom frå Tjernagel, to frå Hovda, to frå Straumsvold, og to frå Fjon. Dei to legdslemmene frå Fjon var Ole Pederson og Synnøve Pedersdotter. Dei var søsken og av husmannsætt. Peder hadde hatt sin eigen husmannsplass på Fjon, medan Synnøve hadde vore tenestejente heile sitt vaksne liv. No som ho var for gammal til å kunne utføre dette arbeidet, hadde ho ingen som kunne forsørgje seg. Dermed var legda einaste utveg. Synnøve skulle bu hos 14 ulike bønder på gardane Mekeland, Krossgott, Bråtveit, Lie, Bjelland og Tveit.

 

Ole Pederson skulle bu hos 11 forskjellige bønder. Opphaldet hans skulle fordelast slik som tabellen nedanfor viser. Lengda på opphalde avslører storleiken på gardsbruket og den økonomiske evna til bonden. Gardbrukarane på Mekeland var med i legdskrinsen til både Synnøve og Ole. Dei hadde ansvaret for kvar av legdslemmene i like mange dagar.

 

Uskikka til å forsørgje seg sjølv

Eg har ikkje greidd å finne opplysningar om dei som gjekk på legd i Valestrand i 1863, men eg har funne opplysningar om såkalla «legdslemmer» frå Valestrand i 1875. Som tabellen nedanfor viser var Valestrand delt inn i fire legdskrinsar i 1875, og det var fem personar som gjekk på legd dette året. To av dei var eit gammalt ektepar frå Geitåsen, som var ein husmannsplass på Straumøy, medan dei tre andre var unge einslege kvinner.

 

Det var uventa å finne tre unge kvinner blant legdslemmene i Valestrand. Dette var kvinner som ikkje hadde greidd å skaffe seg eit levebrød, og som fattigkommisjonen vurderte som uskikka til å kunne bu i sitt eige hushald og forsørgje seg sjølv. Kvar av dei fem legdslemmene i Valestrand utgjorde ein kostnad på 15 spd for fattigkassen. Det utgjorde ei støtte på fem skilling per dag for dei som tok seg av legdslemmene. Dette var ein fast sats som fattigkommisjonane i både Valestrand og Sveio brukte som godsgjersle for dei som måtte ta seg av legdslemmer.

 

Ein tydeleg samanheng

Me skal no sjå nærare på dei som fekk støtte til deler av livsopphaldet sitt. Dette var personar som hadde sitt eige hushald, og som hadde eit levebrød, men kor avkastinga av dette ikkje var stor nok til å brødfø seg og familien. Sveio og Valestrand organiserte støtta litt ulikt. I Valestrand gjorde dei vedtak om støtte for heile året i januar, medan ein i Sveio gav støtte fleire gonger i løpet av året. Dei som fekk mest støtte i Sveio fekk utdelt støtte fem gonger i 1863. Både Sveio og Valestrand gav støtte i form av havre, men i Valestrand fekk dei utbetalt ein spesidalar i tillegg til kornet. I Valestrand var det åtte hushald som fekk støtte i 1863, medan det i Sveio var 35 hushald som fekk støtte. Kor mykje dei ulike fekk i støtte varierte mykje. Dei som fekk minst støtte måtte greie seg med 25 kg havre i løpet av eitt år, medan han som fekk mest støtte fekk 500 kg havre. Dette var ein husmann på Bråtveit. Han var spedalsk, og heilt arbeidsufør. Han hadde kone og tre barn. I tillegg til at han var alvorleg sjuk, var eitt av barna hans funksjonshemma.

 

Når me ser på bakgrunnen til dei som fekk støtte, ser me heilt klart korleis fattigdomen hang saman med kva sosial klasse ein høyrde til. Me finn nemleg ingen sjølveigarar blant dei 43 hushalda som fekk fattigstøtte i 1863. Alle høyrde til husmannsklassen, og dei aller fleste var husmannsfamiliar med barn. Åtte av dei som fekk støtte var husmannsenker, medan to var einslege kvinner med barn utanfor ekteskapet. Ei av desse var i tillegg spedalsk. Desse funna er heilt i tråd med det som folketeljingane avslørte i første del.

 

Fleire kvinner som fekk støtte

Dersom me går tolv år fram i tid, ser me at talet på dei med eige hushald som fekk støtte frå fattigkassen hadde auka. Det var no 42 hushald som fekk støtte frå Sveio fattigkasse, og 22 hushald som fekk støtte frå Valestrand fattigkasse. Noko av auken i Valestrand skuldast at Øklandskrinsen no var blitt ein del av Valestrand kommune. Framleis finn me mange husmenn blant dei som fekk støtte, og dei aller fleste kjem frå husmannsklassen, men me ser også nokre tydelege endringar. Me finn fire bønder med eige bruk blant dei som fekk støtte i 1875. Den største endringa samanlikna med 1865 er likevel talet på kvinner som fekk støtte. Kvinnene som fekk støtte i 1865 utgjorde mindre enn ein fjerdedel, medan kvinnene som fekk støtte i 1875 utgjorde meir enn halvparten.

 

Av dei 34 kvinnene som fekk støtte i 1875 er 15 husmannsenker. Seks av dei er ugifte kvinner med barn. Me finn fire gifte husmannskoner som får støtte. Dette er noko nytt. I 1865 var det ingen gifte kvinner som fekk støtte. Dei gifte kvinnene fekk støtta gjennom mannen sin. Me kan undre oss over årsaka til at gifte husmannskoner no fekk støtte frå fattigkassen. Grunnen kan vere at fattigkassen såg at det var desse kvinnene som var dei reelle familieforsørgjarane. Mennene kan ha vore sjuke eller ute av stand til å arbeide. Dei kan og ha vore borte på arbeid utanfor heimen.

Dei ni siste kvinnene som fekk støtte frå fattigkassen var einslege kvinner utan skikkeleg arbeid. Mange av desse budde heime hos foreldre eller søsken, medan andre leigde husrom. Det høge talet på einslege kvinner som fekk fattighjelp, tyder på at det no var vanskeleg for desse å skaffe seg eit levebrød på landsbygda. Tidlegare hadde mange einslege kvinner livnært seg som tenestefolk. Mot slutten av 1800-talet gjekk talet på tenestefolk på gardane ned, og det blei vanskeleg for dei einslege kvinnene å finne arbeid.

 

Rugmjøl og kaffi til barnet si gravferd

Protokollane som dokumenterer støtta frå fattigkassen viser også andre teikn på endring frå 1863 til 1875. I 1863 var så godt som all støtte gjeven i form av havrekorn. I 1875 er framleis det meste av støtta gjeven som havre, men ein del av støtta blei gjeven som rugmjøl. Dette mjølet blei brukt til å lage surdeigsbrød. Dette viser at det hadde skjedd ei endring i matvanane til bøndene i Sveio-bygdene. Tidlegare hadde kornet blitt brukt til havregraut og flatbrød, basert på sin eigen produksjon av havre på bruket. No hadde ein starta å bake rugbrød, som var laga av surdeig. Rugmjølet blei ikkje produsert på våre trakter og måtte derfor kjøpast utanfrå.

 

Dessutan ser me fleire døme på at fattigkassen gav pengestøtte i 1875. I desse tilfella var det spesifisert kva støtta skulle gå til, til dømes ei ny glasrute, reparasjon av hus, eller klede og sko. I eitt tilfelle ser me at ein fattig husmann søker støtte til gravferda for si fire år gamle dotter. Fattigkassen gir han då tre kilo rugmjøl og ein halv kilo kaffi, slik at han kan servere gravfølgjet mat etter gravferda.

 

Ei fattig husmannskone på Styrteplassen

I utmarka mellom Emberland, Lauvås og Tveitali finn me restane etter ein gammal husmannsplass. Steinmurane som står att avslører at plassen berre har hatt eit lite hus, og dette var både våningshus og løe. Plassen som både gjekk under namnet Styrteplassen og Gudmundskogen, var husmannsplass under garden Emberland. Plassen ligg idyllisk til på vestsida av Breidavatnet, men jorda er skrinn, og jordbruket kan ikkje ha gjeve rare avkastinga her. Historia eg no skal fortelje viser at husmannsfamilien som budde på Styrteplassen i 1860-åra ikkje akkurat hadde det lett.

 

Hausten 1867 sat Eli Torbjørnsdotter i den vesle husmannsstova på Styrteplassen saman med sonen hennar, Lars på 11 år. Eli hadde verkeleg fått kjenne at livet ikkje berre var lett å leve. Ho var no i djup sorg etter å ha mista dottera si Margrethe Christine tidlegare på hausten. Dottera hennar var nett konfirmert då ho brått blei sjuk og døydde. I 1851 hadde Eli fått sonen Tor Andreas, som berre levde i ti dagar. Eli hadde også ein son frå sitt første ekteskap. For Eli kjendes det ut som om ho også hadde mista han. Han hadde nemleg teke farvel og reist til Amerika eitt år tidlegare.

 

Eit tomt mjølkespann

Eli blei bitter og sint når ho tenkte på mannen sin. Namnet hans var Hans Anderson Eide. For åtte år sidan hadde han reist til Haugesund. Der hadde han fått seg arbeid som skipstømmermann på eit skipsverft. Inntektene frå dette arbeidet skulle forsørgje familien på Styrteplassen. Men turane heim til Styrteplassen blei sjeldnare og sjeldnare, og pengane han tente såg Eli lite til. Det heile enda med at Hans søkte om å få skilje seg frå Eli. Sidan dei hadde levd kvar for seg i fleire år, og dessutan ikkje eigde noko saman, fekk Hans godkjent søknaden om skilsmisse.

 

Etter at Hans hadde forlate familien sin på Styrteplassen, blei det umuleg for Eli å forsørgje barna utan å be om hjelp frå fattigkassen. Jorda på husmannsplassen gav liten avkastning, og sidan 1864 hadde dei ikkje hatt husdyr på plassen, og heller ikkje sådd noko. Eli hadde fått hjelp frå fattigkassen i fem år no. Sjølv med støtta frå fattigkassen var det så godt som umuleg å få endane til å møtast. Det var faktisk ikkje så sjeldan at dei var heilt tomme for mat i huset. Det sat langt inne for Eli å måtte tigge for å skaffe mat til barna, men av og til var det ingen veg utanom. Det var særleg når Eli visste at det var bryllaup eller gravferd på nabogardane at ho tok turen for å be om mat. Eli og barna hadde då med seg eit tomt mjølkespann. Då vertsskapet for gjestebodet såg den vesle husmannsfamilien utanfor huset sitt, gav dei som regel litt av maten til dei. Andre gonger sende Eli barna av stad til nabogardane for å be om glør til å gjere opp eld. Håpet var at dei også skulle få med seg litt mat, og det fekk dei som regel. Naboane visste godt korleis det stod til på Styrteplassen, og dei hadde ikkje hjarte til å seie nei til dei svoltne husmannsbarna.

 

Grunnmuren til stovehuset og restane etter steingarden rundt plassen er alt som er att etter dei som budde på Styrteplassen. Styrteplassen var husmannsplass under garden Emberland, og låg i utmarka mellom Emberland, Lauvås og Tveitali. Plassen låg avsides til, og det var langt til dei næraste naboane. Her budde Eli Torbjørnsdotter i åra mellom 1858 og 1867. Ho hadde tre barn. Eli var gift med Hans Andersson, men han hadde reist ti Haugesund og fått løyve til å skilje seg frå Eli. Eli måtte få hjelp frå fattigkassen for å greie seg, og i alderdomen enda ho opp på fattighuset i Haugesund. Munnlege historier som er skrive ned i boka «Bygdelangs» av Sigurd Tveit, fortel at husmannsfamilien frå Styrteplassen kom til Tveitali for å tigge. Som regel bad dei om glør til å gjere opp eld, men håpet var nok at dei også skulle få mat med seg heim. (Foto: Sverre Halleraker)

Bestemt seg for å reise vekk

Eli var tynga av sorg og avmakt. Ho kom frå ein velståande familie i Skånevik, og hadde først gifta seg med ein velståande enkemann på Neset nord for Mølstrevåg. Det var då hennar første mann døydde at Eli gifta seg opp att med Hans Anderson Eide. Han kom frå Halsnøy. Planen til Hans var at han skulle kjøpet gardsbruket på Neset. Hans hadde investert alle midlane sine i båt og utstyr til vårsildfisket, men med sviktande fiske blei inntektene små, og Hans fekk aldri råd til å kjøpe gardsbruket. Etter å ha leigd husrom i Mølstrevåg nokre år, enda altså Hans og Eli opp som husmann og husmannskone på Styrteplassen.

 

Eli hadde bestemt seg for å reise vekk frå Styrteplassen. Ho hadde mest lyst til å reise til Amerika, men ho hadde innsett at ho ikkje hadde råd til det. Planen no var å flytte til Haugesund. Der håpa ho på å skaffe seg arbeid, slik at ho fekk råd til Amerikabilletten. Det gjekk dessverre ikkje så bra med Eli i Haugesund. Det var vanskeleg for ei kvinne i hennar situasjon å skaffe seg skikkeleg arbeid, og husleiga i byen var høg. I ein periode jobba ho i gruvene på Visnes. Dette arbeidet var eit blodslit, og fortenesta var dessutan liten. Eli flytta tilbake til Haugesund, og i alderdomen enda ho opp på fattighuset i Haugesund. Der døydde ho aleine 80 år gammal.

 

Lagnaden til husmannskona Eli er eit døme på korleis ei kvinne som faktisk kom frå gode kår kunne ende opp i håplaus fattigdom. Sjølv om me kan finne liknande døme, er ikkje Eli si historie heilt typisk for dei som enda opp som fattige. I dei to første delane av denne artikkelen kunne du lese at dei fleste fattige på 1800-talet kom frå husmannsfamiliar. Mange av dei var eldre husmenn eller husmannsenker som ikkje hadde nokon som kunne ta seg av dei i alderdomen. Mange av dei som var delvis understøtta av fattigkassen, var husmenn som ikkje greidde å tene nok til å forsørgje seg og familien.

 

Fattigskatten

Vidare skal me no sjå på korleis kommunane finansierte utgiftene til fattigomsorga, og me skal sjå på korleis utgiftene til fattigstøtta utvikla seg mot slutten av 1800-talet, før eg til slutt skal prøve å peike på nokre fellestrekk for dei fattige i Sveio på 1800-talet. I møteboka til Valestrand Fattigkommisjon finn me rekneskap med oversikt over utgifter og inntekter. Me kan bruke året 1875 som døme. Dette året utlikna Valestrand fattigkasse ein fattigskatt på 340 spesidalar og 24 skilling. Halvparten av skatten blei utlikna av inntekt, og halvparten av formue. På ein eigedom som var skuldsett til ein skulddalar måtte ein betale 72 skilling, som var prisen for ein våg havre. Fattigkassen hadde ikkje mange inntektskjelder utanom fattigskatten, men i 1875 hadde dei fått 5 spesidalar og 98 ½ skilling i gåver, og dessutan fekk dei 12 spesidalar og 71 skilling i mulkter og avgifter. Dei som blei tekne i ulovleg skjenking og alkoholsal, blei som regel dømde til å betale ei bot til fattigkassen.

 

Utgiftene til Valestrand Fattigkasse i året 1875 er vist i tabellen under. Me ser at utgiftene så vidt er mindre enn inntektene for dette året. Tabellen avslører også at Valestrand kommune skulda pengar til andre kommunar for fattige som hadde heimstadsrett i Valestrand. Dessutan ser me at ein relativt stor sum blei brukt til pleie av sinnsjuke. Uttrykket sinnssjuk hadde eit ganske vidt og upresist innhald på denne tida, og omfatta alt frå psykisk utviklingshemming til ulike former for psykiske lidingar.

 

Budsjett og rekneskap

I møteboka finn me også budsjettet for året 1875. Når me samanliknar dette med oversikten over utgiftene, ser me at ein ikkje opererer med dei same utgiftspostane. Budsjettet viser at legdsordninga var ein stor utgiftspost, og utgjorde ein kostnad på 72 spesidalar. Den største utgiftsposten var likevel støtta til dei delvis understøtta. Når me tek med kostnaden for kornstøtta kjem denne utgiftsposten opp i 85 spesidalar. I budsjettet utgjer utgiftene for dei foreldrelause barna om lag 60 spesidalar når me tek med utgiftene til kornstøtta.

 

I møteboka til Valestrand fattigkasse kan me finne rekneskap for fleire ulike år. Tabellen nedanfor viser brutto utgifter for 1876. Når ein snakkar om brutto utgifter, har ein også teke med utgiftene til fattige frå andre kommunar, og utgifter som fylket skulle refundere. Fylket skulle nemleg refundere utgiftene til omsorga for dei psykisk utviklingshemma. I rekneskapen for 1876 finn me ein ny utgiftspost, nemleg innkjøp av rugmjøl. Som eg var inne på etter å ha studert støtta som Sveio fattigkommisjon gav i 1875, ser me at bygdefolket i Sveio og Valestrand no var begynt å bake brød av rugmjøl.

Fattigkassen leigde huset

I budsjettet for 1875 ser me at Valestrand fattigkasse hadde ein utgiftspost på 7 spesidalar for husrom til ein fattiglem. Rekneskapen for året etter viser at denne utgiftsposten hadde auka til 16 spesidalar, og at det no var fire personar ein betalte husleige for. Også i Sveio finn me døme på at Fattigkommisjonen leigde hus til fattige. I Sandvik ved Eltravåg finn me eit slikt stovehus som blei leigd av fattigvesenet. For dette vesle huset betalte fattigkassen ei leige på to og ein halv spesidalar for eit kvartal. Ut frå storleiken på husleiga å døme, kan det ikkje ha vore snakk om store huset. Likevel budde det to familiar her. Den eine familien bestod av fem personar, medan den andre bestod av fire personar.

 

Anders Andersson hadde vore eigar av bruket Sandvik, men han måtte selje i 1859. Han var gift med Siri Aslaksdotter, og dei hadde fem barn. I 1865 budde tre av barna saman med foreldra i den vesle stova som fattigkassen leigde. Barna var då mellom ni og 15 år gamle. I folketeljinga står Anders oppført som «Daglønner og Løskarl». Han fekk støtte frå fattigkassen til livsopphaldet. I 1863 fekk han 253 kilo havre utbetalt i fire omgangar. Siri står oppført som «Bætler» i folketeljinga. Med andre ord så måtte ho tigge for å skaffe mat til familien.

 

Den andre familien som budde i dette stovehuset var og under fattigvesenet si omsorg. Johannes Andersson, som var 55 år gammal i 1865, er karakterisert som «Fattiglem» i folketeljinga, noko som fortel oss at han fekk full støtte av fattigkassen. Kona hans var ei husmannsdotter frå Eltravåg. Deira to søner budde saman med dei. Yngste sonen på 17 år var sjømann, og greidde truleg å forsørgje seg sjølv, medan eldste sonen på 18 år ikkje greidde seg like godt. Han hadde status som «Løskarl og Bætler» i folketeljinga.

 

Det vesle stovehuset i Sandvik som fattigkassen leigde står der enno, og er haldt ved like i opphaveleg stil. Her budde det to familiar på til saman ni personar. (Foto: Leif Tore Haukås.)

Ei kreativ løysing

Også på Færås finn me eit døme på at fattigkassen leigde hus til å losjere fattige. I 1865 budde ekteparet Endre Olson på 84 år og Sigrid Torkildsdotter på 80 år i eit stovehus på Færåshaugen. Huset var leigd av fattigkassen, og det gamle husmannsparet trong no støtte frå fattigkassen for å greie seg. Det gamle ekteparet kunne fort ha hamna på legd, men i denne saka fann fattigkassen ei kreativ løysing. Dei plasserte nemleg ei ung husmannsenke, Synneva Ellingsdotter på 37 år, som også trong full støtte frå fattigkassen, i same hus som Endre og Siri. Synneva hadde ein son på tolv år saman med sin avdøde ektemann, og ho hadde ei dotter på seks år som ho hadde fått utanfor ekteskap etter at ho var blitt enke. Synneva fekk no i oppdrag å ta seg av det gamle ekteparet, og gje dei pleie i alderdommen. På denne måten kunne ho gjere nytte for seg og få utført eit arbeid for støtta ho fekk frå fattigkassen.

 

Korleis utgiftene utvikla seg

Valestrand fattigkommisjon hadde ei veldig ryddig og oversikteleg møtebok, kor det var lett å hente ut opplysningar. I Sveio fattigkommisjon si møtebok var det mykje vanskelegare å finne fram og få oversikt. Derfor vil eg bruke tal frå Valestrand for å illustrere korleis utgiftene til fattigomsorga utvikla seg over tid. I møteboka til Valestrand fattigkommisjon finn me nemleg ein tabell som viser netto utgifter frå 1867 til 1884. Tabellen er gjengjeven nedanfor, og viser korleis utgiftene utvikla seg i denne perioden. Her må me vere merksam på at ein i 1877 gjekk over frå å bruke spesidalar til å bruke kroner. Verdien av ein spesidalar blei gjort om til fire kroner.

 

Me ser at utgiftene svingar litt frå år til år, slik det er naturleg for ein liten kommune. Likevel kan me sjå eit mønster på korleis utgiftene utvikla seg. Me ser at fattigkassen sine utgifter gjer eit hopp i 1870. Dette var året kor Øklandsgrenda blei overført frå Moster til Valestrand. Året etter samanslåinga går utgiftene markant ned, for deretter å stige jamt i åra fram til 1878. Etter 1878 går utgiftene til fattigomsorga ned att, og nedgangen er markant dei siste to åra.

 

Utover 1880-åra tok offentlege institusjonar over omsorga for mange av dei som fattigvesenet hadde måtta ta seg av tidlegare. Barneheimar tok seg av dei foreldrelause barna, medan asyla tok seg av dei sinnsjuke og dei psykisk utviklingshemma. Dessutan blei det oppretta pleieheimar for dei som var kronisk sjuke, og etter kvart kom det aldersheimar for dei gamle som ikkje hadde nokon som kunne ta seg av dei. Legdsordninga heldt fram heilt til det kom ny fattiglov i 1900. Den nye fattiglova gjorde legdsordninga ulovleg. I Sveio blei legdsordninga avvikla i 1902.

 

Innflyttarar og kronisk sjuke

Me har no sett på korleis fattigkassen finansierte utgiftene til fattigomsorga, og korleis fattighjelpa utvikla seg mot slutten av 1800-talet. Heilt til slutt skal eg no prøve å peike på nokre fellestrekk for mange av dei som blei fattige, og prøve å seie noko om årsamene til fattigdomen. Eg har fleire gonger i artikkelen vore inne på at det først og fremst var folk frå husmannsklassen som enda opp som fattige. Dette gjeld både dei som måtte gå på legd, og dei som måtte få støtte til deler av livsopphaldet. Til ein viss grad gjeld det også for dei foreldrelause barna som blei plasserte bort. Det ser ut som at sjølveigarane i større grad hadde eit sosialt nettverk rundt seg som kunne trø til dersom barna mista foreldra sine. Mange husmenn hadde ikkje økonomi til å ta seg av barna sine dersom ein av foreldra skulle falle frå, og måtte dermed i slike tilfelle gje frå seg omsorga for barna.

 

Biletet av dei husmennene som ein fattig underklasse bør likevel nyanserast noko for at biletet skal vere mest mogleg korrekt. Det store fleirtalet av husmenn greidde seg nemleg utan fattighjelp, men det var ei gruppe av husmennene som var overrepresenterte blant dei fattige. Dette gjeld dei såkalla nye husmennene, og desse var ofte innflyttarar. I første halvdel av 1800-talet var det mange som ønskte å etablerte seg på våre trakter. Som me veit hadde Sveio ei svært sentral plassering for dei som ville vere med på vårsildfiskeriet. Mange av tilflyttarane etablerte seg som husmenn på små husmannsplassar, kor avkastinga frå jordbruket berre var ein liten del av inntektsgrunnlaget. Då vårsildfisket brått tok slutt rundt 1870, fekk dei nye husmennene, som ikkje hadde mykje jordbruk på plassen, ofte store økonomiske problem. Mange av dei enda opp som fattige.

 

Dessutan ser me at fattigdomen gjekk i arv frå generasjon til generasjon. Dei som var født inn i små kår, og derfor hadde lite å leve av, kunne ikkje gje barna sine eit betre utgangspunkt i livet enn det dei sjølv hadde hatt. Eg har tidlegare vore inne på at dei som kom frå små kår sjeldan fekk gifte seg med nokon som var betre stilt økonomisk. Barn av fattige familiar gifta seg med barn frå andre fattige familiar, og den nye generasjonen hadde dårlege føresetnader for å kunne lukkast, og dei enda ofte opp som avhengige av fattighjelp. Dermed kan me seie at det var eit mønster kor dei sosiale ulikskapane gjekk i arv, og faktisk blei forsterka frå generasjon til generasjon.

 

Ein årsak til at mange eldre enda opp som fattige legdslemmer, var den store utvandringa midt på 1800-talet. Det var dei unge som reiste, og dei gamle blei sitjande att utan nokon som kunne hjelpe dei i alderdomen. Dermed var legda einaste løysinga. Alvorleg sjukdom var også ei viktig årsak til at folk enda opp som fattige. Her kan me ta med både funksjonshemming, kronisk sjukdom, og ikkje minst spedalskhet, som mange blei råka av på 1800-talet. Dersom ein blei råka av denne grufulle sjukdomen, mista ein gradvis arbeidsevna, og dersom du ikkje kunne arbeide på 1800-talet, enda du som regel opp som fattig. Det var fattigkommisjonen som sende dei spedalske til institusjonane i Bergen som var oppretta for å ta seg av dei spedalske.

 

Oppsummering

Me skal no avslutte artikkelen om fattigomsorga i Sveio på 1800-talet, og me skal starte med ei oppsummering. Gjennom å studere folketeljingane frå 1865 og 1875, og dessutan møtebøkene til fattigvesenet i Sveio og Valestrand, har me fått eit innblikk i kven dei fattige i Sveio var. Dei fattige kunne delast inn i ulike grupper, nemleg foreldrelause barn, legdslemmer, og delvis understøtta. Omsorga for dei foreldrelause barna blei leigd bort for eitt år om gongen, medan omsorga for legdslemmene gjekk på omgang i bygda. Etter kvart fekk fattigvesenet omsorga for færre foreldrelause barn, og det blei færre som måtte gå på legd, medan talet på dei som trong støtte til livsopphaldet auka. Då me samanlikna åra 1865 og 1875, såg me at talet på kvinner som trong støtte hadde auka sterkt.

 

I artikkelen om dei fattige har me blitt kjent med nokre enkeltskjebnar som var under fattigkassen si omsorg. Me har fått eit innblikk i kor nådelaust og brutalt livet må ha vore for desse stakkarane, og me har sett kor lite dei fattige hadde å leve av. Historiene om enkeltskjebnane har og vist kor vanskeleg det var for dei fattige å kome seg på beina att, når dei først hadde hamna i fattigvesenet sine protokollar. Sett med våre moderne auge kan fattigomsorga på 1800-talet verke både hjartelaus og brutal, men omsorga var velorganisert og pragmatisk, og systemet sikra at alle fekk eit minimum av ressursar å leve av.

 

Kan lære noko

Dei som var under fattigkassen si omsorg på 1800-talet kan med rette kallast for dei fattigaste av dei fattige. Det var snakk om sørgjelege skjebnar som ofte hadde fått draumane sine knuste. Dei fattige var heilt nedst på den sosiale rangstigen i bygdesamfunnet, dei blei sett ned på, og dei var heilt avhengige av hjelpa dei fekk frå andre. Det er heldigvis heilt andre tider no, og dei fattige har heldigvis heilt andre støtteordningar i vårt moderne velferdssamfunn. Likevel trur eg at den vonde kjensla av skam, stigmatisering og avmakt sikkert er den same for dei som lever i fattigdom i dag. Me må ikkje gløyme at me alle er menneske med håp og draumar for framtida, og at det ofte er tilfeldigheitar og små marginar som avgjer kven som lukkast, og kven som mislukkast i livet. Dessutan er det ikkje lett å meistre livet, dersom ein ikkje har fått med seg den rette støtta og bagasjen inn i livet. Derfor håpar eg at me kan lære noko av historia om korleis dei fattige blei behandla på 1800-talet. Kanskje me kan lære oss å møte dei som fell utanfor samfunnsnorma i vår tid med større forståing og rausheit, og med ein større vilje til å dele litt av vår overflod?

 

Kjelder:

-Folketeljinga frå 1865

-Folketeljinga frå 1875

-Møtebok for Sveen Fattigkommisjon

-Møtebok for Valestrand Fattigkommisjon