Den gamle skulen

Skulen i Sveio på 1800-talet:


Den gamle skulen


Frå omgangsskule i kvar ei grend til felles timeplan i kommunale skulebygg



Av Sverre Halleraker

Skulehuset på Vikse i Sveio, som stod ferdig hausten 1889. I løpet av eitt år hadde kommunen bygd heilt like skulehus på Vandaskog, på Bua, og på Lid, i tillegg til skulehuset me ser på biletet. (Foto: www.sveiokort.com.)

Innleiing

            Skulen har alltid vore prega av utvikling og endring, og endringar i skulen er noko som alltid har engasjert folk. Skulen er ein viktig del av eit lokalsamfunn og ein viktig del av identiteten til ei bygd. Derfor er mange på vakt når nasjonale eller lokale styresmakter vil gjennomføre endringar i skulen. Mange blir skeptiske når arbeidsmåtar og fag skal endrast, men det som likevel skapar dei sterkaste reaksjonar, er når skulestrukturen blir endra og skulekrinsar blir slått saman. I Sveio har me i seinare tid vore gjennom fleire slike smertefulle prosessar, men endringane i vår tid er heller små samanlikna med endringane ein opplevde i siste halvdel av 1800-talet. Dei lokale styresmaktene blei tvinga til å gjennomføre store reformer i skulane i kommunen vår på grunn av endringar i det nasjonale lovverket. På same måte som i vår tid ser det ut som at den viktigaste målsetjinga for dei folkevalde var å organisere skulestrukturen på ein slik måte at ein ikkje måtte bruke meir pengar på skulen enn det som var eit absolutt minimum etter lovverket.

            Me skal no sjå nærare på korleis skulen i Sveio endra seg på 1800-talet. Først skal me sjå på korleis skulen var før den nye skulelova kom i 1860. Før 1860 fann me omgangsskular i kvar ei grend, men skulelova i 1860 kom med krav om at ein dreiv skule i faste lokale. Me skal sjå nærare på denne prosessen, som resulterte i at dei fleste barna i Sveio på slutten av 1800-talet gjekk på skule i faste kommunale skulehus. Me skal også sjå nærare på korleis skulen og undervisninga blei organisert, og korleis organiseringa endra seg etter at den nye lova tredde i kraft i 1860. I 1889 kom det enda ei ny skulelov, og denne kom med enda fleire krav til korleis skulen skulle organiserast. Denne lova påla skulane å innføre enda fleire nye fag. Du skal også få bli betre kjent med lærarane som jobba i den gamle skulen, og dessutan korleis krava til deira kompetanse endra seg.

            Det blei dessverre for omfattande å ta med heile noverande Sveio kommune i denne skildringa. Derfor har eg vald å ta for meg det området som utgjorde gamle Sveio kommune. Det området som i si tid utgjorde Valestrand kommune er derfor ikkje teke med, og heller ikkje det området som i si tid utgjorde vestre Vikebygd. Eg har brukt fleire kjelder når eg har granska skulen på 1800-talet, men den viktigaste kjelda har vore Sveio skulestyre sin møteprotokoll. I tillegg har eg brukt dei ulike skulekrinsane sine dagbøker, og dessutan presten si kallsbok og ministerialbok.

Kristendomskunnskap og lesing

            Før reformasjonen var katedralskulane ved dei største kyrkjene i byane dei einaste skulane i landet. Etter reformasjonen blei desse skulane kalla latinskular, og det var berre eit fåtal av sønene til overklassen i byane som fekk utdanning her. Den lutherske kristendomen la vekt på at kvart enkelt individ skulle ha ei personleg forståing av Guds ord. For å sikre at vanlege folk skulle få nok kunnskap om innhaldet i Bibelen, og ikkje minst kunne lære seg Luther sin vesle katekisme, blei konfirmasjonen innført i 1736. For å kunne oppnå dette måtte folk lære seg å lese. Dette var bakgrunnen for at det blei innført obligatorisk skulegong for alle barn i 1739. Dei nye allmueskulane skulle gi undervisning i kristendomskunnskap og lesing. Skulane kunne og gi undervisning i skriving og rekning, men på landsbygda sløyfa ein ofte desse faga.

            Utover på 1700-talet blei biskop Pontoppidan si forklaring av den vesle katekismen ei av dei viktigaste lærebøkene i skulen. Denne boka var ei innføring i den strenge pietismen som fekk fotfeste i Noreg på 1700-talet. Her fekk barna lære at det var den fromme og alvorstunge livsstilen som var den rette forma for kristendom. Musikk, dans, kortspel, og alt som hadde med «kjødets lyst» og lettsindig glede, blei stempla som synd, og kunne resultere i evig fortaping av menneskesjela. Til og med litteratur og kunst utan religiøst innhald blei sett på som synd, og Pontoppidan framheva kor viktig det var med lydigheit og respekt for  dei som stod over deg i samfunnet. Dette gjaldt alt frå husfaren og læraren, til lensmannen og presten. Denne læra fekk eit sterkt fotfeste i bygdene på våre kantar av landet, og Pontoppidan sin strenge pietisme blei eit sentralt innhald i undervisninga på skulane til langt ut i siste halvdel av 1800-talet. Dei som var ulydige mot, eller som ikkje viste respekt for øvrigheita, måtte tuktast og straffast. Særleg gjekk dette ut over barna. Fysisk straff blei sett på som nødvendig dersom skulebarna var lite flittige i arbeidet, eller dersom dei viste teikn på dårleg moral.

 

Hadde låg status i bygdesamfunnet

            På 1700-talet og starten av 1800-talet var skulen på landsbygda organisert som omgangsskule. Gardane i ei grend utgjorde ein skulekrins, og læraren heldt skule i ein periode på om lag to veker på ein gard, før han reiste vidare til neste gard. Skulebarna fekk undervisning i seks til ni veker kvart skuleår frå dei var sju-åtte år gamle og fram til konfirmasjonen. På denne tida hadde lærarane inga utdanning, og det var ofte unge menn som hadde teneste som lærar i nokre år. Mange av lærarane kunne ikkje skrive, og dei skarpaste av barna hadde ofte meir kunnskap enn læraren. Dersom læraren tenestegjorde i minst åtte år, kunne han sleppe militærteneste, og mange slutta som lærar etter at dei hadde oppnådd dette. Læraren hadde heller låg status i bygdesamfunnet. Ofte var det menn med ein fysisk skavank som gjorde dei lite skikka til fysisk arbeid som blei lærarar. Løna var ofte ikkje meir enn kost og losji på dei gardane kor dei heldt skule.

            I 1827 fekk me ei ny skulelov som gav lærarane på landsbygda plikt til å undervise mellom 8 og 12 veker kvart år i dei ulike skulekrinsane. No blei det også obligatorisk å gje barna opplæring i rekning og skriving, men på bygdene tok det fleire tiår før desse faga blei prioriterte. Dessutan skulle det etter kvart som dei gamle klokkarane avslutta si teneste tilsetjast ein kyrkjesongar ved kvar hovudkyrkje. Kyrkjesongaren skulle også vere klokkar, og dessutan skulelærar. Lova sa at kyrkjesongaren skulle få eit eige gardsbruk like veg kyrkja, og der skulle dei også halde skule. Trass i den nye lova, tok det mange stader lang tid før ordninga med eigne klokkargardar kom på plass.

Før 1860 var alle skulane i Sveio omgangsskular. Den nye skulelova kravde at alle skulekrinsar som hadde meir enn 30 skulepliktige barn skulle halde skule i faste lokale. I 1860-åra måtte derfor kommunen leige lokale i fleire av skulekrinsane. I 1861 leigde kommunen fem skulehus i fire av dei 13 skulekrinsane, medan resten av skulekrinsane heldt fram med omgangsskule. På biletet ser me ein omgangsskulelærar med det karakteristiske skuleskrinet på ryggen. I skrinet hadde han alle bøkene og alt skulematerialet han trong for å drive skule på dei ulike gardane i skuledistriktet sitt. Det aller meste av undervisninga i omgangsskulen dreidde seg om lesetrening, litt bibelhistorie og pugging av katekismen. Dessutan måtte dei eldste elevane lære seg Pontoppidan si forklaring av katekismen. Etter lova skulle elevane også ha opplæring i skriving og rekning, men på bygdene blei ofte denne delen av opplæringa forsømt, både på grunn av lærarane sin manglande kompetanse, men også på grunn av motvilje til at barna skulle lære noko anna det som direkte kunne knytast til kristendomskunnskap. (Foto: Digitalt museum.)

Drengstova på Einstabøvoll

            I Sveio kom ikkje klokkargarden på plass før i 1876, og heilt fram til 1860 blei alle skulane i Sveio drivne som omgangsskular. Etter kvart auka kunnskapsnivået og statusen til lærarane, men før 1860 var det få lærarar på landsbygda som hadde utdanning. Lærarane blei i større grad verande i stillinga si i heile si yrkeskarriere, men ein kunne ikkje leve av lærargjerninga aleine.

            I Sunnhordland museum si årbok frå 1926 har Kristoffer Sydnes skrive ein artikkel som skildrar korleis undervisninga gjekk føre seg på ein omgangsskule. Denne frodige og detaljerte skildringa er gjeven av Andreas Juel Olsen, som vaks opp på Einstabøvoll i 1830- og 40-åra. Familien hans var blant dei mest velståande i bygdesamfunnet, så Andreas og søskena hans hadde privatlærar. Likevel var Andreas ofte til stades som observatør i skulesova når omgangsskulen kom til Einstabøvoll, og han observerte med eit vakent blikk korleis skuledagen gjekk føre seg. Sidan Einstabøvoll var ein av dei største gardane i distriktet, var dette den garden som hadde flest dagar med skule. På eitt år var det skule her i to periodar, ein periode på åtte dagar, og ein periode på 14 dagar.

            Skulen blei halden i drengstova, som også blei kalla Bårstova, og innvendig var denne stova dryge fire meter lang og fire meter brei. Takhøgda var om lag to meter. I denne stova som altså ikkje var meir enn 18 kvadratmeter stor, var det to fastspikra etasjesenger som også tok sin del av rommet. På den eine veggen var det to små blyinnfatta vindauge, som ikkje slapp inn så mykje dagslys. Langs langveggene var det langbenkar, og øvst i rommet var det eit klaffebord. Dette var ikkje stort nok til at alle barna kunne få plass rundt det, så det var forlenga med eit provisorisk bord som var laga av ei plate plassert på tomme tønner. Også langbenkane var for små, og dei blei forlenga av lause plankar som kvila på tomme kaggar. Før skulebarna kom inn i drengstova, blei golvet, som altså var jordgolv, strødd med sand og finhakka einar.

 

Skule-Nils frå Håvardsholm

            Skulelæraren heitte Nils Johannesson (1814-1894), og han kom frå Håvardholm. Overalt blei han berre kalla for Skule-Nils. Sett med våre moderne auge, kan den vesle drengstova på Einstabøvoll verke lite eigna som skulestove, men Skule-Nils gav uttrykk for at dette var den beste skulestova i heile distriktet hans. I skildringa forklarar han det på denne måten: «Der var verken vevstol, rokk, eller hoggestabbe i stova medan det blei halde skule der, og det var heller ikkje kokeomn for koking og matlaging, noko som ikkje berre forureina med røyk og damp, men som verka svært forstyrrande for undervisninga.» På mange gardar heldt folk på med sine daglege gjeremål i same stova som undervisninga gjekk føre seg. Dessutan hadde dei fleste gardane opne gruver i stova, kor det var mykje røyk og støv som fylte heile stoverommet.

            Vidare skal eg gjengi skildringa slik som Andreas Juel Olsen skildra observasjonane sine: «Så kom den store dagen då Skule-Nils skulle kome. Eg hugsar han så godt. Han var ein av desse litt eldre skulehaldarane som hadde heldt fram med sin skulegjerning etter at han hadde kjøpt seg ein liten gard. Der kom han med sitt dyrebare skulemateriell, eit raudt velutstyrt skrin med malte roser og sirklar. Dette bar han på ryggen, hengande på eit like rikt figurert bøyetre. Medan Skule-Nils naut sin frukost, blei alle barna i krinsen samla i drengstova. Her måtte eg alltid vere til stades og observere den høgtidelege opningsscena. Særleg var det skrinet med det rare i som fanga min oppmerksamheit. Endeleg kom «Skulen». Nils blei som regel ikkje teke med i namnet.

 

Også bygda sin urmakar

            Først sette Skule-Nils seg i sitt høgsete i enden av klaffebordet. Deretter blei barna vist til sine plassar. Dei minste fekk plass nærast læraren, medan dei eldste fekk plass lengst nede. Dei blei stua tett saman, då rommet var lite. Så kom endeleg den spennande augneblinken kor skrinet blei opna. Inni skrinet låg det ein protokoll. Storleiken til skrinet var tilpassa protokollen. I skrinet låg det også eit nytestamente, ei Kingos salmebok, ein Abc, ein katekisme, to forklaringar, Saxtorfs uttak den enkle, «Sandhed til Gudfryktighed» den doble, Grøgaards lesebok, ei Cramers reknebok, to ganske små blekkhus, og to eller tre reknetavler med eit par griffelstumpar. Dette var til undervisninga, men i tillegg var det ein liten hammar, eit par små knipetenger, ei lita flaske matolje, ei lita fil, og endeleg ei garnbindingsnål og nokre store nøste med garntråd.

            Skule-Nils var nemleg ikkje berre soknet sin boklærde mann, men også bygda sin urmakar. Så snart han kom til gards for å halde skule, kom alle gardens rustne og støvete bornholmerur fram til hans fagkyndige behandling. Når urmakargjerninga var fullført, brukte han tida på å binde sildegarn. Dette arbeidet utførte han samstundes som han styrte barneflokken og dreiv si undervisning. Det praktiske arbeidet såg ikkje ut til å gå særleg ut over undervisninga. Han trong ikkje å sjå i bøkene sine, for dei kunne han utanat frå perm til perm, og munnleg undervisning gav han seg sjeldan ut på. Barna var det såre enkelt å ha kontroll på. Dei sat stille og andektige.

Ordrett gjengjeving av teksten

            Å vere på skulen på denne tida var som å vere i kyrkja. Når alle barna var på plass rundt bordet, starta dagens gjerning. Dagen starta ikkje med eit enkelt vers, men ei heil salme av Kingo. Etter at Fadervår var lesen, starta sjølve undervisninga. Heile den første skuledagen gjekk med til å høyre leksene som var gjevne førre gong det var skule i krinsen. Dei yngste barna blei høyrde i heile avsnitt i katekismen, medan dei største barna blei høyrde i forklaringa. Her blei ikkje mange ord gløymde eller erstatta av andre. Var det nokon som forlanga ein ordrett gjengjeving av teksten, så var det Skule-Nils. Våre dagars skulegutar skulle fått høyre korleis 10-12-åringane i dei tider kunne sin doble forklaring, så ville dei lært at fritida den gong blei brukt på ein heilt annan måte enn no.

            Nokon timeplan brydde ikkje Skule-Nils seg om. Når leksene var høyrde, starta leseøvingane. Det var moro å høyre på. Alle barna leste høgt på ein gong. Ein leste i testamentet, ein annan i Kingos salmebok, ein tredje i katekismen, og så vidare. Det blei eit surr som kunne høyrast over heile garden, men Skule-Nils som sat og pussa på bornholmeruret, hadde ei ganske merkeleg evne til å høyre om nokon leste feil eller stoppa opp i lesinga. Då greip han inn og justerte dei.

 

Kategorisk og strengt dogmatisk

            Religionsundervisninga var i dei dagar kategorisk og strengt dogmatisk, og var frå start til slutt strengt knyta til lærebøkene. Rett nok blei av og til Grøgårds vesle lesebok brukt. Siste halvdel av denne var ei slags bibelhistorie, men det var berre i dei siste åra før konfirmasjonen at ein fekk lese i denne. Skulelova av 1827 hadde visstnok innført skriving og rekning som eigne fag, men i Skule-Nils sin skule var det berre nokre få gutar og jenter som tok fatt på desse vanskelege faga. På eit lite ark eller på ei tavle skreiv då læraren opp bokstavar som den enkelte elev i kunsten strevde med å etterlikne. Skrivebøker fantes ikkje. Rekneundervisninga var også svært enkel. Dei færraste av elevane fekk prøve seg på rekning, og desse dreiv det aldri lengre enn til rekning med heile tal innan dei fire rekneartane.

            Skulen blei alltid halden i den mørke årstida, og når det utpå ettermiddagen begynte å bli altfor mørkt i den vesle stova, kunne Nils forlate plassen sin og bornholmerura sine. No begynte han å vandre opp og ned på den vesle golvplassen som var att i rommet. Medan han gjekk rundt slik, framførte han deler av katekismen og forklarte deretter innhaldet. Og sanneleg, så greidde han i all sin einfaldigheit å kome med gullkorn her som fekk ein varig plass i barna sine hjerter. Trass i at undervisninga hans var både formlaus og lite pedagogisk, så blei elevane hans flinke konfirmantar, og enda viktigare, dei blei gudfryktige og gode menneske.»

 

Skulen blei kommunen sitt ansvar

            I 1860 fekk me altså ei ny skulelov i Noreg, og denne la grunnlaget for dei store endringane som skulane på landsbygda no måtte gjennom. Denne lova var første steg på vegen mot den moderne skulen, og det var krevjande for mange bygder i Noreg å gjennomføre endringane. Den nye lova gav kommunestyret ansvaret for skulane i sin kommune, medan ein skuledirektør skulle ha det overordna ansvaret for skulekommunane i fylket. Kvar kommune måtte utnemne eit skulestyre, eller ein skulekommisjon, og her skulle presten vere formann. Tidlegare hadde soknepresten aleine hatt ansvaret for skulane i sitt prestegjeld.

            Den nye lova slo fast at barna skulle få tolv veker med skule kvart år når alle barna fekk undervisning samla. Når skulen hadde mange elevar, skulle skulen delast i to avdelingar. Då skulle kvar avdeling ha minst ni veker med skule kvart år. Dersom skulen blei delt i to avdelingar, skulle delinga skje etter barna sitt kunnskapsnivå. Kvar skuleveke skulle ha 33 timar med undervisning, og undervisninga skulle gjevast seks dagar i veka. Frå måndag til fredag skulle skuledagen utgjere seks timar, medan ein skulle ha tre timar på laurdagen.

 

Starta og avslutta med bøn og salmesong

            Lova slo også fast kva fag skulen skulle gje opplæring i. Det var lesing, kristendomskunnskap, song, skriving og rekning. Dessutan skulle elevane lære seg nokre utvalde stykke frå leseboka. Desse skulle gje kunnskap om «jordbeskrivelse», altså geografi, naturkunnskap og historie. Skulen kunne gje gutane opplæring i gymnastikk og militære øvingar, men dette var ikkje obligatorisk. Skuledagen skulle starte og avsluttast med bøn og salmesong. Det var stor motstand mot dei nye faga som ikkje direkte kunne knytast til lesing og kristendomskunnskap, og mange stader tok det fleire tiår før lærarane starta å lære elevane desse faga, trass i at lova påla dei å lære barna dette.

            I lova blei det også stilt krav til lærarane sin kompetanse. Alle lærarane som skulle tilsetjast måtte ha eksamen frå lærarskule, eller såkalla lærarseminar. I starten var det vanskeleg for kommunane på landsbygda å skaffe lærarar med utdanning, og utdanningsdirektøren måtte ofte gje dispensasjon frå dette kravet. Det var likevel eit anna krav som skulle gje kommunane enda større utfordringar enn kompetansekravet til lærarane, nemleg kravet om at skulen skulle inn i faste skulebygg. Lova sa no at faste skulebygg skulle vere hovudregelen, og at omgangsskulen skulle vere unntaket. Alle skulane som hadde meir enn 30 elevar måtte haldast i faste skulelokale. Dette kunne vere leigde lokale, men helst burde det vere eigne nye skulehus. Dessutan stadfesta den nye lova kravet om at kvart prestegjeld skulle ha eigen lærargard. Her skulle læraren bu og drive sitt eige jordbruk, samstundes som han var klokkar og kyrkjesongar.

Sterk forakt for kunnskap

            Sveio fekk sin eigen skulekommisjon først då Sveio var blitt eige prestegjeld, og sokneprest Johan Frederik Schwabe Heyerdahl var på plass hausten 1861. Den 20. desember 1861 hadde kommisjonen sitt første møte. Det skulle vise seg å bli svært vanskeleg for den nye soknepresten å få reformert skulen i Sveio, slik at skulen tilfredsstilte krava i den nye skulelova. Dette skriv soknepresten i kallsboka si om erfaringa si som leiar av Sveio skulekommisjon. «Det viste seg å vere særdeles vanskeleg å få gjennomført dei naudsynte endringane i skulevesenet som den nye lova kravde. I forhandlingane me måtte gjennom fekk eg erfare kor sterkt forakta for kunnskap ligg i folkesjela her, og kor sterk den meininga er, at anden sin umiddelbare opplysning er nok.»

            Møteprotokollen til Sveens Skolekommisjon fortel oss at det var 13 skulekrinsar i Sveio då kommisjonen hadde sitt første møte like før jul i 1861. I fire av desse krinsane var elevtalet så høgt at kommisjonen måtte leige faste skulelokale. Kommunen leigde skulehus i Eltravåg, på Nordre Våge, på nordre Mølstre, på søre Mølstre, og på Åse. Sjølv om Mølstre var ein skulekrins, leigde dei altså to ulike skulehus der. Talet på elevar var aukande i Sveio i starten av 1860-åra, og i 1862  var elevtalet på Kvalvåg også blitt så høgt at ein måtte leige fast skulelokale der. I tabellen nedanfor ser du ein oversikt over dei 13 skulekrinsane som Sveio var delt inn i, kven som var lærar i skulekrinsen, og kor mange elevar det var i dei ulike krinsane ved utgangen av året 1862. Tabellen viser også korleis skulen var organisert, og kor mange veker med undervisning det blei gjeve i krinsen.

Kjelde: Forhandlingsprotokoll for Sveens Skolekommisjon.

Måtte be om dispensasjon

            Etter lova skulle ein todelt skule gje ni veker undervisning til kvar avdeling, medan ein skule kor alle elevane fekk undervisning samla, skulle gje elevane tolv veker skulegong i løpet av eit skuleår. Me ser at kommunen ikkje greidde å tilfredsstille desse krava, og kommisjonen måtte be skuledirektøren om dispensasjon frå det lovpålagte kravet. Skulekommisjonen si grunngjevinga var den store fattigdomen i kommunen, i tillegg til at mangelen på vegar gjorde det særs utfordrande å halde skule fleire stader i den aller mørkaste delen av året.

            Meir undervisningstid i kvar skulekrins gjorde at kommunen måtte utvide tida som kvar lærar kunne halde skule. Den todelte skulen blei organisert slik at dei to avdelingane gjekk på skule annan kvar dag, slik at kvar avdeling fekk tre dagar med skule kvar veke. Skuletidene prøvde å ta omsyn til dei ulike periodane med sesongarbeid kor det var behov for at barna måtte vere med og jobbe. I perioden som varte frå 1. juni til 31. juli var det lagt inn to og ei halv veke fri slik at skulebarna kunne vere med i slåtten. Tabellen nedanfor viser dei nye undervisningstidene for krinsane med todelt skule.

Kraftig vekst i utgiftene

            Endringane i skulesystemet gjorde det mykje dyrare for kommunen å drive skulen. Både utgiftene til leige av skulelokale og utgiftene til å auke undervisningstida førte til ein kraftig vekst i utgiftene på skulebudsjettet. Kommunen betalte 60 skilling i husleige for kvar veke med skulehald. I 1862 utgjorde dette ei samla utgift på 24 spesidalar og 72 skilling. Lærarane skulle lønast etter minstesatsen som var bestemt av fylket. Ei veke med skulehald skulle lønast med ein spesidalar og 24 skilling. Læraren skulle få kost og losji frå krinsen sine innbyggjarar. Kommisjonen slo fast at foreldra måtte utstyre barna med dei nødvendige lærebøkene, i tillegg til skrive- og reknematerialar. I 1862 betalte kommunen 196 spesidalar og 72 skilling i lærarløningar. Når me tek med dei tilfeldige utgiftene på fem spesidalar, blir dei samla utgiftene for skuledrifta i 1862 på 225 spesidalar og 24 skilling.

            Den nye skulelova gav kommunen enda fleire utfordringar. Kommunen hadde framleis ikkje fått på plass lærargarden, og skulekommisjonen meinte at det måtte kjøpast inn ein del utstyr til dei faste skulelokala. Kommisjonen meinte at kvar skule måtte ha eit nytestamente, ei salmebok, ei reknebok, ei veggtavle, eit sett med forskrifter, og eit sett med stavetabellar. Kommunen hadde også utfordringar med å få tak i kvalifiserte lærarar. Etter å ha lyst ut to lærarstillingar fleire gonger i to år, måtte kommisjonen be om dispensasjon frå lova slik at dei kunne tilsetje Nils Reierson Aase og Aanen Anenson Aase i stillingane, trass i at ingen av dei hadde lærarseminar.

            Skulekommisjonen innsåg at noko måtte gjerast for å få ned utgiftene på skulebudsjettet i åra som kom. For medlemmene i kommisjonen var løysinga innlysande. Talet på skular og skulekrinsar måtte reduserast, og det måtte byggast nye skulehus for å spare leigeutgifter. Tiåra mellom 1860 og 1890 blei prega av denne smertefulle omstillingsprosessen, og for mange av krinsane i kommunen blei løysingane smertefulle og dramatiske. I mange av bygdene blei det mobilisert til kamp mot omlegginga av skulekrinsane, og det skulle ta lang tid å få gjennomført samanslåingane.

12 krinsar med leigde skulestover

            I perioden mellom 1862 og 1874 var det ingen store endringar i skulekrinsane i Sveio. Einaste endringa var at Lier ikkje lenger var eigen skulekrins, men blei delt mellom Åse, Færås og Bua. I 1874 hadde me desse tolv skulekrinsane i Sveio: Åse, Færås, Bua, Eltravåg, Mølstre, Vikse, Våge, Eilerås, Kvalvåg, Bråtveit, Haukås og Tjernagel. I denne perioden blei alle omgangsskulane i Sveio erstatta av faste lokale. Året 1873 var siste året med omgangsskule i Sveio. I 1874 gjekk dei tre siste krinsane med omgangsskule, nemleg Haukås, Færås og Eilerås, over til skule i faste lokale. No var alle dei tolv skulane i Sveio i leigde skulestover. I tabellen nedanfor kan du sjå korleis talet på elevar som gjekk på omgangsskule utvikla seg i denne perioden:

            Dei som styrte skulen i kommunen var lite nøgd med ordninga med leigde skulehus. For det første gjekk det med relativt mykje pengar til husleige. For det andre var lokala små og på ingen måta eigna som skulestover for dei store barneflokkane dei skulle huse. Dessutan viste det seg at utleigarane hadde liten vilje og evne til å vedlikehalde skulehusa. I skulekommisjonen sin møteprotokoll kan me finne ein del informasjon om utfordringane med dei leigde skulehusa. Det kan sjå ut som at det var skulehuset på Vikse som var i dårlegast forfatning. I tillegg til at det var altfor lite og trongt, var ikkje veggane tette, slik at kart og anna skulemateriell blei øydelagt av fukt. Vindaugo var heller ikkje tette, og dei kunne ikkje opnast, på grunn av at festene var lause. Dessutan mangla skulestova skap, slik at ein ikkje hadde oppbevaringsplass til skulemateriellet. Det største problemet var likevel den gamle opne gruva, kor torvrøyken la seg så tett i rommet at mange fekk problem med pusten. Kostnadane med å setje dette huset i forsvarleg stand var, etter skulelærar Østvik si meining, så store at huseigaren aldri ville kunne vere i stand til å betale for dette.

            Problema med røyk frå dei opne gruvene var eit problem mange av lærarane rapporterte inn til kommisjonen. Skulelærar Aanen Aase i Bua skulekrins, forlanga at det måtte skaffast ny lukka trekkovn til skulestova hans på Lokna. Også han meinte at skulehuset var altfor lite til å kunne romme den store barneflokken. Dessutan meinte han at huset var så gammalt og trekkfullt at det ikkje var skikka til skulehus. Eilerås skulekrins hadde leigd lokale på Lindøy. Heller ikkje her hadde huseigar sett skulehuset i ein slik stand som skulekommisjonen hadde forlanga då leigeavtalen blei inngått. Når det gjeld dei andre skulelokala, var ikkje tilstanden så aller verst. På Mølstre var læraren ganske nøgd med skulehuset. Lærarane i resten av krinsane meldte at husa var i nokså god stand, men overalt var lokala altfor små.

 

Unge bondesøner

            Me skal no prøve å få eit inntrykk av lærarane som dreiv skulen i Sveio midt på 1800-talet. Du hugsar kanskje skildringa av Skule-Nils i første del av artikkelen, som altså var ein typisk representant for den gamle omgangsskulelæraren. I 1860-åra blei det behov for å tilsetje fleire nye lærarar i Sveio. Den nye lova kravde meir undervisningstid, og dessutan hadde talet på elevar i dei ulike krinsane auka kraftig. Me skal sjå nærare på dei seks lærarane som tenestegjorde i Sveio kommune i 1862. Av dei seks lærarane var det berre Lars Jørgenson Eritsland som hadde lærarutdanning. I 1862 var han 52 år gammal. I tillegg til å tenestegjere som lærar, var han klokkar, kyrkjesongar, og han dreiv sitt eige gardsbruk på Nordskog. Lærar Eritsland kom frå garden Ersland på Bremnes. Her vaks han han opp i heller små kår.

            Resten av dei seks lærarane var unge bondesøner som altså ikkje hadde meir utdanning enn den allmueskulen som dei skulle undervise i. Fire av dei unge lærarane kom frå gardar i Sveio, medan den femte kom frå Førland i Skåre. Namnet hans var Lars Reierson, og han var eigar av eit stort gardsbruk på Førland. Lars hadde vore eigar av dette bruket sidan han var fire år gammal, men det var far hans som var brukar. Lars Reierson tenestegjorde berre nokre få år som lærar i Sveio, og i 1862 var han 22 år gammal. I folketeljinga frå 1865 står han oppført som handelsbetjent i Haugesund. I 1900 er han registrert som gardbrukar på Førland, og dessutan skipsreiar.

 

Sagt opp på grunn av moralske forhold

            To av dei fire unge lærarane som kom frå Sveio stod berre nokre få år i tenesta, før dei blei erstatta av utdanna lærarar. Even Olson kom frå garden Hinderli. I 1862 var han 26 år gammal og budde heime hos foreldra sine. Han kjøpte først eit lite bruk på Haukås, før han selde det og kjøpte eit anna lite bruk på heimgarden Hinderli. Der livnærte han seg av gardsdrifta heilt til han blei gammal.

            Johannes Johnson tenestegjorde også berre nokre få år som lærar. Han vaks opp på ein liten husmannsplass på Sveio, før han gifta seg og fekk losji på husmannsplassen til svigerfaren på Bråtveit. I 1862 var han 26 år gammal. I protokollen til skulekommisjonen kom det fram at Johannes måtte slutte i tenesta som lærar på grunn av «moralske forhold». I møteprotokollen kan me lese at han var både dyktig og flittig i lærargjerninga, men han hadde fått barn saman med ei ugift kvinne frå Moldbrekko, og var derfor ikkje lenger skikka til å vere skulelærar. I 1864 gifta han seg altså med ei husmannsdotter på Bråtveit, og dei fekk sju barn saman. Johannes prøvde å livnære seg som snekker, men han greidde seg dårleg økonomisk. Han og familien leigde husrom mange ulike stader rundt omkring i Sveio. Han fekk aldri råd til å kjøpe seg sitt eige gardsbruk.

 

Lærar og husmann

            Hans Johannesson Mølstre var også husmannsson, og i 1862 var han 25 år gammal. Hans heldt fram i lærargjerninga heilt til han nådde alderdomen, og han tok lærarseminaret som lova av 1860 kravde at lærarane måtte ha. I tillegg til å vere skulelærar, var han husmann med jord på ein liten husmannsplass på Skålaskog. Folketeljinga frå 1900 viser at han då framleis tenestegjorde som lærar, 63 år gammal. I 1910 hadde han gått av med pensjon, men då ser me at kona hans, Kari Helgesdotter, hadde fått status som lærar. Dette er den første kvinnelege læraren eg veit om i Sveio.

            Den siste av dei unge lærarane som dreiv skulen i Sveio i 1862, var Nils Reidarson Åse. Han var berre 21 år gammal i 1862. Far til Nils var leiglending på Åse, og Nils budde på bruket til far sin heilt til han kjøpte bruket i 1880. Her dreiv han jordbruk samstundes som han tenestegjorde som lærar. Etter kvart hadde Nils sviktande helse, og i 1900 var han gått av med pensjon, men no hadde sonen hans, Reidar Reidarson (f. 1874) teke over faren si lærarstilling. Det er freistande å ta med to lærarar til som begge budde på Åse, nemleg Aanen Anensen Åse, som tenestegjorde som lærar i Sveio frå 1863 til 1891, og dessutan Anders Sjurson Dahle, som tok over stillinga til kyrkjesongar Eritsland rundt 1870. Han kom frå Meland i Nordhordland, og han tenestegjorde i Sveio fram til 1886.

 

Felles undervisning av 36 skulebarn

            Me finn ikkje så mykje i kjeldene som fortel oss om innhaldet i skulen i perioden mellom 1860 og 1890, men i lærarane sine dagbøker finn me notat om progresjonen i undervisninga. Desse notata avslører at det meste av skuletida gjekk med til å pugge katekismen og forklaringa. Den lågaste avdelinga heldt på med bibelhistorie og katekismen, medan dei eldste barna også lærte seg forklaringa. I tillegg ser me at det blei brukt mykje tid til lesing. Skrivetrening er sjeldan omtala i dagboka, og når det gjeld rekning, har dei fleste lærarane notert litt om rekning med heile tal.

            Me kan bruke lærar Johannes Johnson si dagbok for Kvalvåg skulekrins som døme. Året er 1862, og me ser på dagboka for hausten. Til saman heldt læraren skule i 36 dagar denne hausten. Skulen starta opp 23. august, og 15. desember var siste skuledag før jul. Det var oppført 36 barn i læraren si dagbok, og dei var delt i to avdelingar, men dei fekk felles undervisning. Dei yngste barna var åtte år gamle, medan dei eldste var over 15 år gamle. Dei sju eldste barna på Kvalvåg hadde sin siste skuledag 5. september. No var dei klare for konfirmasjonen, og etter at dei var konfirmerte var dei ferdige på skulen. Ut frå desse tala skjønar me at det må ha vore trongt i skulestova på Kvalvåg, som truleg ikkje var større enn 20 kvadratmeter. Det må også ha vore svært krevjande for læraren å følgje opp kvar enkelt elev, og ikkje minst må det ha vore krevjande å gje alle barna undervisning tilpassa deira nivå.

Lars Jørgenson Eritsland (1811-1874) var kyrkjesongar, klokkar og lærar i Sveio. Han dreiv også eit gardsbruk på Nordskog. Dessutan var han ordførar i Sveio frå 1856-1859. Då Sveio kommune fekk ansvaret for skuledrifta i 1861, var det seks skulelærarar i kommunen. Lars Eritsland var den einaste av skulelærarane som hadde seminarutdanning, og derfor den einaste som etter den nye lova var kvalifisert til å tenestegjere som lærar. Eritsland hadde ansvaret for undervisninga i to av dei 13 skulekrinsane i Sveio, nemleg Åse skulekrins og Lie skulekrins. (Foto: Sveio kommune.)

Karakter for flid og oppførsel

             I dagboka har læraren etter kvar veke med undervisning gjeve elevane karakter for flid, og dessutan for oppførsel. Barna som gjekk på skule på Kvalvåg kom frå gardane Fjon, Kvalvåg, Våga og Dynjo. Karakterskalaen på denne tida gjekk frå karakteren 1 til karakteren 6, kor 1 var den beste karakteren. Karakteren for flid omfatta både arbeidsinnsats og fagleg dugleik. For elevane på Kvalvåg varierte denne karakteren mykje, men dei fleste fekk karakteren 2 eller 3. Berre fem av dei 36 elevane fekk den beste karakteren, medan den lågaste karakteren blei brukt eit par gonger. Når det gjeld karakteren for oppførsel, greidde vel halvparten av elevane å få den beste karakteren. Med unntak av to elevar som fekk karakteren 3, fekk resten av barna karakteren 2 i oppførsel.

            I dagboka blei det også registrert fråvere. Berre to av elevane var på skulen alle 36 skuledagane, og 29 av elevane hadde fått registrert ugyldig fråvere. Om lag ein tredel av elevane hadde meir enn fem dagar med ugyldig fråvere, og seks av elevane var borte om lag halvparten av skuledagane. To av elevane hadde ikkje vore på skulen nokon av skuledagane hausten 1862. Det var to søstrer på 11 og 13 år som budde på husmannsplassen Tidno på Fjon. Når me ser på elevane som var mykje borte frå skulen, så ser me at dette oftast var barn som kom frå fattige husmannsfamiliar. For mange av desse kunne det vere vanskeleg å få råd til ordentlege klede og sko til skolebarna, i tillegg til det utstyret dei måtte ha for å gå på skulen.

            I dagboka har læraren skrive eit notat som viser kor langt elevane på Kvalvåg var komne i pensumet dei skulle lære. Etter haustsemesteret 1862 skriv han dette: «Det ældste Parti har lest Bibelhistorien helt igjennom, Chatechismusens 5 Parter helt igjennom, i Forklaring de 4 første Parter. I Regning er de kommet gjennom Addisjon og Subtraksjon av benevnte Tal. De yngste har læst Chatechismus de 4 første Parter. I Bibelhistorien har de læst til Pagina (side) 74. De der renlæser er 10 børn.»

 

Karakterar i mange fag

            Etter 1860 skulle lærarane også føre ein såkalla skuleprotokoll ved slutten av kvart skuleår. Denne protokollen finn me ikkje for alle skulane i Sveio i 1860-åra, noko som tydar på at ikkje alle lærarane førte ein slik protokoll, sjølv om lova sa at dei skulle gjere det. I protokollen skulle læraren gje elevane karakter i alle faga han var pålagt å undervise elevane i. Elevane skulle ha karakter i desse faga: «Stavning, Reenlæsning (flytande lesing), Forstandsøvelse (logisk tenking), Bibelhistorie, Katechismus, Forklaring, Skrivning, Stavning, Rætskrivning, Tavleregning, Hoderegning, Sang, Geografi, Historie, Utvalgte Stykker af Læsebogen, Barnets Ævner, Barnets Flid og Barnets Forhold.» Kva som ligg i «Barnets Forhold» er litt uklart, men det dreier seg sannsynlegvis om ei vurdering av barnets sunnheits- og helsetilstand.

            Som du skjønar så må det ha vore krevjande for lærarane å vurdere elevane i alle desse fagområda og eigenskapane, og mange av disiplinane blei ikkje vektlagde i bygdeskulane før heilt i slutten av hundreåret. Ingen av lærarane i Sveio gav elevane karakter i geografi, historie eller i stykke frå leseboka, og berre ein av lærarane gav karakterar i tavlerekning, staving og logikk. Karakterane elevane fekk varierte mykje, men dei fleste lærarane plasserte elevane midt på karakterskalaen i dei fleste faga.

 

Udfaldet af Examen yderst beklageligt

            Elevane som var ti år eller eldre skulle ha eksamen ved slutten av kvart år. Det var soknepresten som gjennomførte denne eksamenen, og han skulle gje dei karakter i kunnskap og «Andsmodenhed». I praksis ser me at elevane blei vurderte i lesing og kristendomskunnskap. Ut frå skuleprotokollen ser me at soknepresten gav skulebarna i Sveio ein strengare vurdering enn læraren deira. På fleire av skulane var eksamenskarakterane mykje lågare enn dei karakterane elevane hadde fått av læraren.

            Sokneprest Heyerdahl skreiv om den nærast sjokkarta opplevinga han hadde det første året han skulle eksaminere skulebarna i Sveio. I presten sitt dagsregister for 1862 kan me lese: «24. November: Skole-Examen på Aase for Sveens og Færaas Skolekredse. Udfaldet var nogenlunde tilfredsstillende, skjønt mange Børn stod saameget tilbage baade i Læsing og Kundskap. 26. November: Skole-Examen paa Bue for Eltrevaag og Bue Kredse. 9 examenpligtige Børn udeblev, 2 uden at anmelde Forfald og 7 paa Grund af opgiven Sygdom, skjønt de fleste af dem dagen derføre var helt friske, og nogle endog havde været i Skolen. Udfaldet af Examen var yderst beklageligt, særlig hvad angaaer Eltrevaag Kreds, hvor kun fire Børn kunde læse nogenlunde rent i bog, og de aller fleste røbede en ganske forferdelig Uvidenhed i den simpleste Katechismus-Kundskab.»

            Den 28. november heldt soknepresten eksamen på Tveita for skulekrinsane Tjernagel, Haukås og Lier. Her var det to elevar som ikkje møtte opp, og særleg for Tjernagel sin del var tilhøva like elendige som for Bua-krinsen. Tre dagar seinare var det eksamen på Mølstre for Eilerås krins og Nordre Våge krins. Alle barna møtte til eksamen, men i følgje soknepresten så var barna «i almindelighed meget faamælte og vandkyndige.» Dagen etter blei det heldt eksamen for barna frå Vikse og Mølstre. Eit av barna møtte ikkje opp. Inntrykket her var det same som i dei andre krinsane, men det var nokre få barn her som viste at dei hadde eit tilfredsstillande kunnskapsnivå. Den 12. desember heldt soknepresten eksamen i dei to siste skulekrinsane, nemleg Kvalvåg og Bråtveit. Også her var resultata like dårlege. Heile 12 barn møtte ikkje til eksamen utan å ha meldt forfall, og det var berre nokre få som til ein viss grad hadde tilfredsstillande kunnskap, «medens Mængden ogsaa i disse Kredse af Sognet være saare vankyndige.»

 

Stor autoritet og streng disiplin

            Skulekommisjonen sin møteprotokoll kan fortelje oss noko om organiseringa av skuledagen. Der får me vite at skulelæraren som heldt skule i to eller tre skulekrinsar budde på garden der skulehuset stod i dei periodane han heldt skule i krinsen. Skuledagen som altså hadde seks timar med undervisning frå måndag til fredag, og tre timar med undervisning på laurdagane, skulle starte klokka halv ni. I sommarhalvåret skulle det vere ein middagspause på ein og ein halv time, medan det i vinterhalvåret berre skulle vere ein halv times matpause. Læraren skulle få middagsmat hos innbyggarane i skulekrinsen, medan skulebarna måtte ha med seg sin eigen mat, dersom dei ikkje budde så nær skulen at dei kunne gå heim og ete.

            Læraren hadde stor autoritet i skulestova i den gamle skulen, og det var ein streng disiplin som rådde. Læraren kunne straffe elevane dersom han meinte at det var naudsynt. Han kunne nytte seg av mange ulike former for straff. Den mildaste forma for straff var å stå i skammekroken. Denne straffa blei oftast brukt dersom elevane ikkje kunne leksa si godt nok, eller dersom dei kom for seint til undervisninga. Elevane kunne også få i straff at dei måtte sitte att på skulen etter at skuledagen var slutt. Ved meir alvorlege saker, som forstyrring av undervisninga, mangel på respekt for læraren, eller annan umoralsk framferd, kunne elevane bli straffa fysisk. Dei kunne då få ein smekk over fingrane av spanskrøyret, eller dei kunne bli slått med bjørkeris. I alvorlege tilfelle kunne elevane også få prylestraff. Då blei dei slått med ein stokk.

            Me finn ikkje dokumentasjon i kjeldene frå skulehaldet i Sveio på at elevar fekk fysisk straff, men på folkemunne hadde enkelte av lærarane ord på seg for å vere harde og brutale i straffemetodane sine. Også enkelte av prestane fekk ord på seg for å gje ungdomane fysisk straff i konfirmasjonsundervisninga. Lærarane eller presten måtte ikkje dokumentere hendingane som resulterte i straff, og dei måtte heller ikkje konferere seg med nokon før dei bestemte seg for å straffe barna. I 1882 kom det eit tillegg i skulelova som sa at ein representant frå skulekommisjonen skulle vere til stades dersom eit skolebarn skulle straffast fysisk. Då skulekommisjonen drøfta dette lovtillegget, konkluderte dei med at dei hadde full tillit til at lærarane tok dei rette avgjerdene i slike saker, og at det ikkje var nødvendig å følgje den nye instruksen.

Skuleskrinet til lærar Johannes Erikson Halleland (1839-1941). Han var skulelærar i gamle Skjold kommune i mange år. I det karakteristiske skuleskrinet hadde han skuleprotokollen sin, i tillegg til bøker og anna utstyr han brukte i undervisninga. På skrinet er årstalet 1863 måla under namnet til innehavaren. Johannes kom frå garden Halleland ved Grinde i Tysvær. Han budde også nokre år på Sundfør før han flytta til Fjon i 1890. No er det Einar Halleland, oldebarnet til Johannes, som er eigar av det gamle skuleskrinet. (Foto: Sverre Halleraker)

På biletet ser du eit utsnitt av skuleprotokollen til Bråtveit skulekrins for skuleåret 1863. På Bråtveit var skulen organisert som omgangsskule heilt fram til 1874, og i 1863 var Johannes Johnson lærar her. Da skulen starta opp på hausten dette året, den 22. september, var det 32 barn i skulekrinsen. Elevane var delt i to avdelingar etter kor langt dei var komne i kunnskapsnivået, men protokollen viser at alle dei 32 elevane fekk undervisninga samtidig, og av same læraren. Det må ha vore trongt rundt langbordet i dei små bondestovene når alle dei 32 skulebarna i krinsen skulle samlast til undervisning.

Bjelland som hovudkrins?

            Sjølv om skulekommisjonen allereie i 1862 lanserte forslaget om at talet på skulekrinsar måtte reduserast, skulle det altså gå tolv år før det blei nokon endring. Våren 1874 var det framleis tolv skulekrinsar i Sveio, men no hadde kommunen fått eit pålegg frå skuledirektøren i Bergen om at talet på skulekrinsar måtte ned. Skulekommisjonen var positive til denne endringa. Dei hadde lenge skjøna at det var store pengar å spare på samanslåingar. Med færre og større skular kunne ein auke elevgruppene, og dermed redusere den samla undervisningstida. Verre var det å bli einige om korleis dei nye krinsane skulle sjå ut.

            Mange ulike løysingar blei drøfta, og etter fleire rundar med heftige debattar, landa endeleg fleirtalet i kommisjonen på eitt av forslaga. Ikkje uventa var det forslaget som ville bli billigast for kommunen å drive som fekk fleirtal, men dette forslaget innebar til dels dramatiske endringar for fleire av krinsane. Innstillinga gjekk ut på at talet på krinsar skulle halverast. Tolv krinsar skulle bli til seks. Det skulle no vere ein hovudkrins midt i kommunen, og her skulle det byggast skulehus med lærargard. Kommisjonen meinte at skulehuset skulle byggast på Bjelland, og at skulekrinsen skulle omfatte 18 gardar. Det var gardane Rød, Nonsli, Moldbrekke, Haukås, Nese, Tveita, Tveitali, Hinderli, Bjelland, Sveio, Åse, Nygård, Lie, Bråtveit, Krossgot, Mekeland, Våga og Apeland. Kommisjonen meinte at elevtalet i denne krinsen ville bli stort nok til at skulen kunne delast i tre avdelingar, som kvar skulle få ni veker med undervisning.

 

Store krinsar med tre avdelingar

            Neste krins skulle ha skulehus på Lokna, og her skulle barna frå desse gardane gå: Tjernagel, Åsbu, Emberland, Kinn, Lauvås, Færås, Nordskog, Grimstveit, Lier, Bua, Lokna, Hovda, Vierdal og Nesheim. Denne krinsen og ville få nok elevar til tre avdelingar med ni veker undervisning i kvar avdeling. Neste krins i kommisjonen sitt forslag var Vandaskog krins med skulehus på Vandaskog. Denne krinsen skulle omfatte desse gardane: Rossehaug, Skiftestad, Nordbø, Årstad, Eltravåg, Sandvik, Salhusvik, Lyngholm, Rødmyr, Vandaskog, Mølstre nord, Mølstre sør, Mølstrevåg, Avløpet, Neset og Dalen. Denne krinsen ville få svært mange elevar, og også her ville det bli tredelt skule.

            Den fjerde krinsen var Våge krins med skulehus på nordre Våge, og med elevar frå Skålaskog, Krokane, Straumen, Straumsvold, Tveitastøl, Vikse vest, Vikse aust, Våge nord, Våge sør, Birkeland og Tveit. Også her ville det etter kommisjonen sin vurdering bli nok elevar til å halde tredelt skule. I tillegg til desse fire store krinsane, ville kommisjonen ha to mindre krinsar i den søraustlege delen av kommunen. Det var Kvalvåg skulekrins, som berre skulle bestå av gardane Kvalvåg, Fjon og Dynjo. Her ville det berre bli ein avdeling med tolv veker undervisning. Til slutt meinte kommisjonen at Eilerås framleis måtte få eksistere som eigen skulekrins, men at denne skulle reduserast til berre å bestå av gardane Uro, Lindøy, Tveitaskog og Eilerås. Tidlegare hadde gardane Tveit og Fjon også høyrt til Eileråskrinsen.

 

Loddet var kasta, og alt var i spel

            Ikkje uventa så utløyste kommisjonen sitt forslag eit skred av reaksjonar og protestar. På denne tida fekk bygdefolket vite om viktige avgjerder i skulekommisjonen frå kordøra på kyrkjebakken etter gudstenestå på preikesundagane. Her blei kommisjonen si innstilling til ny krinsinndeling lesen opp. Folk var sjokkerte og opprørte etter at dei hadde fått høyre forslaget. Dei aller fleste hadde ein skule i sitt eige nabolag som dei var nøgde med, og no skulle dei altså måtte sende barna sine langt av stad til framande gardar. Misnøya var naturleg nok størst blant dei som ville miste skulen sin, og dermed få lang skuleveg. Særleg gjaldt dette innbyggarane i Eltravåg-området, og området rundt Rød og Haukås, men misnøya var også stor blant gardane rundt Færås og Emberland, som meinte at det ville vere nærast umuleg for barna deira å kome seg heilt til Lokna for å gå på skule. Misnøya var også stor på Kvalvåg, fordi det nye forslaget innebar at dei gjekk frå å vere senteret i ein ganske stor skulekrins til å bli ein svært liten skulekrins, som i neste omgang kanskje stod i fare for å forsvinne.

            Saka om den nye krinsinndelinga skulle avgjerast av kommunestyret, og no mobiliserte bygdefolk frå dei ulike krinsane for å overtyde representantane i kommunestyret om at deira bygd for all del ikkje måtte miste skulen sin. Loddet var kasta, og no var alt i spel. Ingen turte å spå utfallet av kommunestyret sitt vedtak, men vedtaket skulle føre til ein betydeleg reduksjon av skulekrinsar. Det blei ein lang og opprivande debatt i kommunestyret, og det var ikkje lett for representantane å leggje bort banda til sin eigen krins og stemme for det som var det beste for heile kommunen.

Kartet til venstre viser skulekommisjonen sitt forslag til krinsinndeling i 1874. Skulekommunen ville få seks skulekrinsar, og Bjelland skulle vere hovudkrins og få skule med lærargard. Kartet til høgre viser krinsinndelinga som kommunestyret vedtok etter ein lang og opprivande debatt. Vedtaket førte til at ein fekk åtte skulekrinsar. No skulle garden Sveio få skulehus med lærargard. Skulekommisjonen var ikkje særleg nøgd med kommunestyret sitt vedtak, og det gjekk ikkje lang tid før dei lanserte forslaget om å slå saman Tveita og Kvalvåg til Lie skulekrins, og dessutan Eltravåg og Mølstre til Vandaskog skulekrins. Dette forslaget blei ikkje akkurat godt motteke av innbyggarane i krinsane som skulle slåast saman.

Lærargarden endeleg på plass

            Til slutt greidde kommunestyret å få fleirtal for eit vedtak. Endringane i krinsane blei mindre enn det kommisjonen gjekk inn for, og talet på krinsar skulle reduserast til åtte, og ikkje seks, slik som kommisjonen hadde gått inn for. I tabellen nedanfor ser du dei åtte nye skulekrinsane, og kva gardar som skulle høyre til kvar av dei. Me ser at det no blei to krinsar med høgt nok elevtal til tredelting, nemleg Vikse og Lokna, medan Sveio og Eilerås blei dei miste krinsane med berre ein avdeling kvar. For Sveio sin del, var det likevel endringar på gang som ville gjere det naturleg å utvide krinsen. Det var endeleg gjort vedtak om å kjøpe inn jord til lærargard, og bygginga av skulehuset starta i 1875. Jorda til lærargarden blei skild ut frå Knut Kristofferson Sveen sitt bruk og kjøpt av Sveio kommune.

            Skulehuset på Sveio stod ferdig heilt på tampen av 1875, og blei teke i bruk våren 1876. Dette var det første skulehuset i Sveio kommune som blei bygd som skulehus, og som var eigd av kommunen. Halve huset skulle vere skulestove, medan resten av huset skulle vere læraren sin bustad. Det var allereie bestemt at Bjelland skulle høyre til Sveio skulekrins så snart skulehuset stod ferdig, og no blei elevtalet stort nok til at skulen blei todelt. Ikkje lenge etter søkte også innbyggarane på Tveit om at dei måtte få bli overførte frå Eilerås til Sveio, medan innbyggarane på Færås og Lauvås søkte om å få bli overførte frå Lokna til Sveio. Alle søknadane fekk positive svar, og etter kvart fyltes det opp med elevar i det nye skulehuset.

 

Mange var letta, men også stor misnøye

            Etter kommunestyret sitt vedtak om skulekrinsar, var det mange som var letta. Dette gjaldt mellom anna innbyggarane i Eltravåg og innbyggarane rundt Rød. Dei fekk behalde skulane sine. På Kvalvåg var dei også nøgde, sidan dei fekk behalde skulen, og dessutan blei dei sentrum i ein stor skulekrins. Misnøya var størst på Tjernagel, som hadde mista skulen sin, og no altså fekk lang skuleveg til Lokna. Kommisjonen meinte at ein her ikkje hadde grunn til å klage, sidan dei hadde fått god og brei veg heile strekninga mellom Tjernagel og Lokna.

            Misnøya var kanskje enda større på gardane rundt Emberland og Åsbu. Dei ville også få lang veg til skulehuset på Lokna, og her var det ikkje noko som likna på veg til skulebarna. Innbyggarane på desse gardane gav klart uttrykk for at det ikkje var aktuelt å sende barna til Lokna før dei hadde fått farbar veg til grenda. Kommisjonen lova at det skulle gjerast noko med vegen, og dei skulle få nokre veker med ekstraskule på Emberland fram til vegen var blitt utbetra.

            Allereie etter eitt år vedtok skulekommisjonen at det var slutt på ekstraskulen på Emberland, utan at det var gjort noko som helst med vegen. For å bøte på vegmangelen ville kommisjonen gje innbyggarane på desse gardane støtte til båtskyss over vatna i området. Dei skulle få fire spesidalar kvart år for å skysse skolebarna over dei tre vatna som ligg mellom Emberland og Lokna. Forslaget om skyssgodtgjersle blei blankt avvist, og resultatet blei at innbyggarane på desse gardane nekta å sende barna på skulen i ein lengre periode. Også innbyggarane på Eilerås og Tveitaskog ytra sin misnøye til kommisjonen mot at skulestova i Eileråskrinsen skulle ligge på Lindøy. På Eilerås meinte ein at krinsen måtte delast, og at garden Fjon skulle leggast til Eilerås. Kommisjonen gav ikkje etter for desse ønskja, men innbyggarane på Eilerås skulle få seks ort i året for å gje skolebarna skyss over Vigdarvatnet til garden Lindøy.

 

Nye og dristige planar

            Det var vel ingen som heilt trudde på at kommunestyret sitt vedtak om krinsinndeling frå sommaren 1874 skulle bli ei varig løysing. Som du har lese, så var misnøya stor i mange av bygdene, men heller ikkje skulekommisjonen syntes at den nye krinsinndelinga var god. Ein stod framleis att med mange små skular som var dyre å drive, og dessutan måtte ein framleis leige sju hus til å halde skule i. Som sagt, så var dei leigde skulehusa både for små, i dårleg stand, og som regel ikkje innreia som skulehus.

            Fleirtalet i skulekommisjonen la ikkje bort tanken om å få ned talet på skulekrinsar, og på møtet som blei halde i det nye skulehuset på Sveio den 13. oktober 1876 lanserte dei sine dristige planar. Kommisjonen meinte at Tveita skulekrins og Kvalvåg skulekrins skulle slåast saman, og at det skulle byggast nytt skulehus på Lie. Dessutan meinte dei at Mølstre skulekrins skulle slåast saman med Eltravåg skulekrins, og at det skulle byggast ny skule på Vandaskog. Kommisjonen ville også bygge nytt skulehus på Vikse aust, men denne krinsen skulle ikkje endrast mykje. Einaste endringa var at Skålaskog skulle flyttast frå Mølstre til Vikse. Også Loknakrinsen måtte få nytt skulehus på Lokna, men denne krinsen skulle ikkje endrast.

 

Fire nye skulehus

            Kommisjonen ville altså bygge fire nye skulehus, i tillegg til den nye skulen dei nett hadde bygd på garden Sveio. Dei hadde allereie kome langt i planlegginga. Skuledirektøren hadde gjeve dei teikningar på standard skulehus som blei bygde svært mange stader på denne tida. Planen var at dei fire skulehusa skulle byggast heilt like. Kvart hus ville koste om lag 500 spesidalar å bygge, men kommisjonen meinte at dei kunne få halve kostnaden dekka av stønad frå fylket. Resten av utgiftene kunne finansierast av lån frå Opplysningsvesenets Fond. Etter kommisjonen sitt reknestykke, ville utgiftene til renter og avdrag på lånet vere lågare enn den utgifta dei no hadde til husleige på dei leigde skulehusa. Med andre ord så ville ein spare pengar på å bygge nye skulehus.

            Ikkje uventa, så stemde kommunestyret mot kommisjonen sitt radikale forslag til endringar i skulestrukturen. Likevel nekta kommisjonen å legge planane på hylla. Våren 1877 lanserte dei forslaget på nytt, og denne gongen la dei ved detaljerte berekningar som viste kor mykje pengar ein ville spare kvart år ved denne omlegginga. Dessutan la dei fram dokumentasjon på kor dårleg forfatning dei leigde skulehusa var i. Kommunestyret let seg berre delvis overtyde om at kommisjonen sitt forslag var det rette.

            Etter ein lang debatt landa kommunestyret på at det skulle byggast eitt nytt skulehus i Sveio, men då kommisjonen skulle kome med sin innstilling til kva krins som skulle få nytt skulehuset, blei debatten hard. Det stod mellom to forslag, anten at Kvalvåg og Tveita skulle slåast saman og at det skulle byggast skulehus på Lie, eller at ein skulle bygge ny skule på Vikse. I avrøystinga blei det like mange stemmer for begge forslaga, men ordføraren, som no sat i skulekommisjonen, brukte si dobbeltstemme til å sikre fleirtal for Vikse. Grunnen til at ordføraren insisterte på at det var Vikse som skulle få nytt skulehus, var at det leigde skulehuset der var altfor lite til dei mange barna i krinsen.

 

Mykje pengar å spare

            Kommunestyret ville ikkje gå inn for å bygge nytt skulehus på Vikse, slik som skulekommisjonen med knappast mogleg fleirtal hadde gått inn for. Dei gjekk inn for å utsetje saka. Fleirtalet i kommunestyret bad no skulekommisjonen om å kome med enda meir informasjon om dei økonomiske konsekvensane av å slå saman skulekrinsane dei tidlegare hadde gått inn for. Kommunestyret ville og ha meir informasjon om kostnadane med å ta opp lån til å bygge fire nye skulehus. Samstundes bad kommunestyret om dokumentasjon på tilstanden til dei leigde skulelokala.

            Kommisjonen sitt reknestykke viste at ein ville spare 18 veker med undervisning kvart år ved å slå saman Kvalvåg og Tveita, i tillegg til Mølstre og Eltravåg. Dette ville utgjere ein innsparing på 443 kroner og 40 øre kvart år i utgifter til lærarløn, kostgodtgjersle og husleige. Utgiftene til å bygge fire nye skulehus ville maksimalt kome på 288 kroner i året til renter og avdrag. Den årlege innsparinga ville altså bli på minst 155 kroner og 40 øre. Me får og vite at kvart skulehus ville koste 2400 kroner å bygge, og at fylket ville dekke halvparten av byggekostnadene. (I 1875 gjekk Noreg over frå spesidalar, ort og skilling som mynteining, og til kroner og øre. Ein spesidalar utgjorde fire kroner.)

 

Nye krav frå skuledirektøren

            Dei folkevalde fekk servert ein grundig dokumentasjon på kor dårleg forfatning fleire av dei leigde skulehusa var i, og dei fleste innsåg at ordninga med leigde skulehus ikkje var ei løysing for framtida. Det hadde dessutan kome eit nytt krav frå skuledirektøren i Bergen, som var vanskeleg å innfri for dei leigde skulehusa, nemleg krav til storleiken på undervisningsromma. Skulestovene skulle vere store nok til at kvar elev fekk eit areal på ti kvadratfot. Det vil seie at kvar skuleelev skulle ha ein snau kvadratmeter i skulestova. Elevgruppene som fekk undervisning i same rom skulle heller ikkje vere større enn 35 skulebarn. Ved full klasse måtte dermed skulestova vere minst 28 kvadratmeter. Ingen av dei leigde skulestovene var i nærleiken av denne storleiken. Motvillig måtte altså kommunestyret gå med på skulekommisjonen sitt forslag om å bygge nye skulehus i Sveio.

            I 1886 fekk skulekommisjonen grønt lys frå kommunestyret til å setje i verk samanslåinga av skulekrinsane. Den nye krinsinndelinga måtte vere på plass før ein ville starte med bygginga av nye skular. Det låg i korta at det ikkje ville bli lett å få gjennomført samanslåingane. Likevel blei det gjort vedtak om at Kvalvåg skulekrins skulle slåast saman med Tveita skulekrins, og at skulen skulle haldast i leigd hus på Krossgot eller Lie fram til nytt skulebygg var på plass. Skulen skulle ha tre avdelingar som kvar fekk ni veker med undervisning.

            Garden Fjon, som no ville få lang skuleveg, kunne velje om dei heller ville høyre til Eilerås krins, som no skulle leige skulehus på Tveitaskog. For garden Drange var det gjort avtale om at dei skulle få sende barna til skulen i Førde, sjølv om Førde høyrde til ein annan skulekommune. Samstundes blei det gjort vedtak om at Mølstre og Eltravåg skulla slåast saman til ein skulekrins, og at dei skulle ha skule i leigd skulehus på Vandaskog fram til ny skule var bygd. Skålaskog og Dalen skulle overførast til Vikse. Også på Vandaskog skulle det vere tre avdelingar med ni veker skule i kvar avdeling. Endringa i krinsinndelinga ville gje ei årleg innsparing på 244 kroner.

 

Starten på ein lang og bitter kamp

            Hausten 1886 var starten på den lange og bitre kampen mot dei skisserte samanslåingane. Særleg skulle det ta lang tid før innbyggarane i Eltravåg var villige til å legge ned våpena og akseptere den nye ordninga. Innbyggarane på Kvalvåg og i Eltravåg sende klagebrev til kommisjonen kor dei hevda at dei ville få uakseptabelt lang og vanskeleg skuleveg dersom dei samanslåingane blei realiserte. På Kvalvåg forlanga dei dokumentasjon på at det nye lokalet på Lie var stort nok til å kunne huse alle skolebarna i den nye krinsen. Innbyggarane i Eltravåg la størst vekt på at det ikkje var veg mellom gardane i deira distrikt og Vandaskog. For dei var det eit minstekrav at ny veg måtte vere på plass før dei kunne sende barna av garde til Vandaskog.

            Innbyggarane frå Kvalvåg og Eltravåg sende også klagebrev til skuledirektøren, og her kom dei med påstandar om at vedtaka om samanslåingane ikkje var gyldige. Samanslåingsprosessen blei no stoppa, medan ein venta på at skuledirektøren skulle behandle klagene. Det skulle vise seg at kuledirektøren langt på veg støtta klagene frå Kvalvåg og Eltravåg. Han kunne ikkje gje skulekommisjonen i Sveio løyve til å gjennomføre samanslåingane før han hadde fått svar på fleire spørsmål. Skuledirektøren forlanga å få ein tilstandsrapport for alle dei leigde skulelokala, som også inneheldt storleiken på undervisningsromma. Dessutan ville skuledirektøren vite korleis vegane var mellom gardane i skuledistriktet og skulestaden. Han skulle også ha greie på kor mange av barna i dei ulike krinsane som ville få meir enn tre kilometer skuleveg, før han kunne godkjenne planane om samanslåing.

 

Ivra endå meir etter å kome i gang med bygging

            Skulekommisjonen fann ut at nye Vandaskog skulekrins ville få 71 skulepliktige barn, og av desse var det berre dei tre barna frå Nesheim som ville få meir enn tre kilometer skuleveg. Dei måtte innrømme at det ikkje var veg mellom Eltravåg og Vandaskog, men dei lova å gjere alt dei kunne for å få vegen på plass så raskt som mogeleg. Når det gjeld nye Lie skulekrins, så ville det her vere 47 skulepliktige barn, og dermed berre to avdelingar. Heile ti av barna ville få meir enn tre kilometer skuleveg, men åtte av desse hadde god og brei veg heilt fram til skulen. Kommisjonen argumenterte for at omlegginga av krinsane var det einaste rette. Dei kunne forstå foreldra sin motvilje, men kunne nemne fleire døme frå både Vikse-, Sveio- og Loknakrinsen kor ein både hadde lengre og vanskelegare veg enn klagarane.

            Kommisjonen måtte innrømme at ingen av dei leigde skulelokala var store nok til å tilfredsstille lovkravet, men dei meinte at dei nye lokala som dei skulle leige ikkje stod tilbake for dei gamle på nokon som helst måte. Det faktum at alle dei leigde skulehusa var for små, gjorde at mange i kommisjonen ivra endå meir etter å kome i gong med bygginga av dei nye skulehusa. Likevel ville ikkje skulekommisjonen gå i gong med bygginga før skuledirektøren hadde godkjent samanslåingane.

            Skuledirektøren var enno ikkje nøgd med svara han hadde fått av skulekommisjonen i Sveio. I august 1887 sende han eit nytt brev kor han gav klart uttrykk for at han ikkje aksepterte at det blei halde skule i for små lokale. Dessutan forlanga han ein plan for kva kommunen ville gjere for dei barna som fekk lang og vanskeleg skuleveg. No skjøna kommisjonen at kommunen måtte kome i gong med bygginga av dei nye skulane så raskt som muleg. Det var i Vandaskog det var trongast om plassen i skulelokalet, så kommisjonen bestemte at det var her ein først måtte setje i gong med bygginga. På spørsmålet om kva dei ville gjere for barna med lengst skuleveg, svara kommisjonen at dei yngste barna kunne få bu på skulen i dei periodane det blei halde skule, og dessutan at dei skulle tilby godtgjersle for skyss over vatn der kor dette kunne hjelpe på. Dessutan skulle dei som hadde kortare veg til ein annan skule få bytte skule.

 

Fekk grønt lys til slutt

            Hausten 1887 gav skuledirektøren grønt lys for planane om å slå saman skulekrinsane. Innbyggarane på Kvalvåg måtte til slutt innsjå at kampen var tapt, men dei var svært bitre over å ha mista skulen. Innbyggarane på Fjon, Kvalvågnes og Leirvik blei flytta til Eilerås, samstundes som skulen der blei flytta frå Tveitaskog til Eilerås. Kva så med innbyggarane i Eltravåg? Dei nekta framleis å gje opp kampen, og i 1888 nekta dei å sende barna til skulen i den nye krinsen. Her skulle striden framleis vare i fleire år. I 1888 forlanga innbyggarane i Eltravåg at lærar Mølstre skulle halde ekstraskule i deira krins. Dette hadde han gått med på utan å rådføre seg med skulekommisjonen. Då kommisjonen fekk vite om ekstraskulen, kom dei med ein kraftig åtvaring til den erfarne skulelæraren. Han skulle sleppe unna med den grove feilvurderinga han hadde gjort denne eine gongen, men dersom noko liknande hende i framtida, ville det få alvorlege konsekvensar for hans framtidige lærargjerning.

            Det går også fram av møteprotokollen at debatten om endringane i skulestrukturen ofte hadde vore ufin og prega av grove personangrep. I eit av møta i 1887 kom kommisjonen med ein oppfordring om at debatten måtte haldast på eit sakleg nivå, sjølv om det var sterke meiningar og mykje stod på spel. Denne oppmodinga blei lesen opp frå kordøra i kyrkja etter gudstenesta ein sundag ettermiddag, utan at det såg ut til å dempe debatten på nokon som helst måte.

Skulebarna i Sveio krins samla til fotografering utanfor skulehuset på Sveio i 1910. På biletet ser me: Første rekke frå venstre: Kristine Bjelland, Amanda Bjelland, Berta Nordskog, Sigfrid Nilsen, to ukjende gutar, Ingvald Stenersen Bjelland og Oluf Åse. Andre rekke frå venstre: Gurine Kinn, Marta Nordskog, Thea Åse, Amanda Nordskog, Georg Tveit, Hans Nordskog, Egil Tveit og Lars Nordskog. Tredje rekke frå venstre: To ukjende jenter, Gudrun Nygård, Stine Tveit, Jacob Tveit, Konrad Jansen Sveen, Ingvald Olsen Sveen og Hans Nilsen. Fjerde rekke frå venstre: Anna Tveit, Josefine Åse, Elida Åse, Sina Nordskog, Ludvig Nygård, Toralf Kinn, Arnt Åse og Sigve Dommarsnes, som var lærar og klokkar, og budde på skulegarden frå 1886 til 1912. Femte rekke frå venstre: Lydia Ertsland, ukjent jente, Kristine Sveen, Johan Pedersen, Torgeir Tveit, Olaf Nilsen og Torvald Nordskog. (Biletet er frå Sveio gards- og ættesoge, bind 2.)

Byggast så snart som råd var

            Etter at det hausten 1887 var gjort eit endeleg og gyldig vedtak om at Vandaskog og Eltravåg skulle slåast saman, og at Kvalvåg og Tveita skulle bli ein skulekrins, fekk skulekommisjonen det travelt med å få på plass dei fire nye skulehusa. På kommunestyremøtet den 28. mai 1888 blei det vedteke at dei fire skulehusa skulle byggast så snart som råd var. Mykje var allereie ordna. Teikningane var på plass, og som du kanskje hugsar, så skulle dei fire skulehusa byggast heilt like etter standard teikningar. Ein hadde også klart å bli einige om plasseringa. Alle skulehusa skulle leggjast så nær vegen som mogleg, og målet var at skulehuset skulle liggje midt i krinsen.

            I Viksekrinsen skulle skulehuset byggast heilt aust på garden Vikse aust. På Vandaskog blei skulehuset plassert heilt i nord, heilt ved grensa mot Rødmyr, på plassen som heitte Kleivo. I Loknakrinsen blei skulehuset plassert på grensa mellom Lokna og Bua, og huset blei bygd på garden Bua sin grunn. I Lidkrinsen blei skulehuset bygd på garden Lid, på toppen av Liabakken, og på austsida av vegen.

 

Ikkje råd til å kjøpe tomt

            Det var viktig for kommunen å halde byggekostnadane så låge som mogleg. Derfor tok ein seg ikkje råd til å kjøpe tomt til nokon av skulehusa. Skulane blei bygde på bygsla grunn, og avtalen sa at grunnen skulle falle tilbake til grunneigar når det ikkje lenger blei halden skule der. Skulestova måtte vere stor nok til at det kunne undervisast 35 elevar der på ein gong, som altså var det maksimale talet etter lova. Lova sa også at kvar elev minst skulle ha ein snau kvadratmeter i skulestova. Dermed måtte klasserommet minst vere 35 kvadratmeter for at ein skulle kunne ha full klasse der.

            Skulekommisjonen i Sveio ville ikkje bygge skulen større enn han måtte vere etter minstekravet i lova. For å setje det litt på spissen, så kan me seie at målet til kommunen var å kunne undervise flest mogleg elevar på minst mogleg areal, og med kortast mogleg undervisningstid. Slik kunne skulen drivast så billig som mogleg innanfor rama i lovverk. Etter byggeteikningane skulle skulehuset ha eit areal på 20 gonger 20 fot, noko som utgjer om lag 40 kvadratmeter. Takhøgda i klasserommet måtte vere i overkant av tre meter. Av det samla arealet skulle skulestova utgjere om lag 35 kvadratmeter, medan resten av arealet romma ein smal gong og eit lite materialrom. Ved inngangen skulle det også byggast eit lite bislag, og det skulle byggast eit lite uthus med torvlager og utedo.

 

Dyktig og effektiv byggmeister

            Det var Ole Olson Vatne frå Stord som fekk i oppdrag å bygge dei fire skulehusa. Han kom frå garden Vatne på Stord, og i tillegg til å vere byggmeister, var han trelasthandlar og gardbrukar på Vatne. Etter budsjettet skulle kvart skulehus koste 2000 kroner, og kommunen skulle få halvparten i støtte frå fylket. Kommisjonen blei einige om at skulane på Bua og Vandaskog skulle byggast først, og allereie i august var grunnmurane på plass her. Målet var no at alle fire skulane skulle stå ferdige i løpet av 1889.

            Byggmeister Olson viste seg å vere like dyktig og effektiv som skulekommisjonen hadde håpa på, for i desember 1888 stod skulehusa på Bua og Vandaskog ferdige og klare til å takast i bruk. Det einaste som mangla var murane rundt skulane sin leikeplass. Dette arbeidet skulle innbyggarane i krinsane ta seg av. Torsdag den 17. januar blei skulehuset på Vandaskog høgtideleg innvia av sokneprest Nils Anton Aall, og dagen etter blei skulehuset på Bua innvia med ein tilsvarande seremoni.

            På kommisjonen sitt møte den 27. mars 1890 får me vite at også skulehusa på Vikse og Lid var ferdige og klare til å takast i bruk. Det einaste som mangla var dei siste to stroka med maling på veggar og golv, i tillegg til innhegninga rundt skulegarden. Skulehuset på Lid stod ferdig allereie oktober 1889, og blei innvia av soknepresten torsdag 31. oktober. Skulehuset på Vikse var ferdig ein månad seinare, og blei innvia den 29. november.

 

Imponerande av ein så liten kommune

            På skulekommisjonen sitt møte får me vite at dei totale byggekostnadane hadde blitt noko høgare enn budsjettert. Rekneskapen viste at kvart skulehus hadde kosta 2400 kroner, og at fylket skulle dekke 1100 kroner av kostnadene til kvart av skulehusa. Det må kunne kallast imponerande av ein liten kommune som Sveio å greie å bygge fire nye skulehus i løpet av eit drygt år. Byggeprosjektet var ein stor investering som var krevjande å finansiere på kommunebudsjettet, men driftsutgiftene på skulebudsjettet gjekk ned etter at skulane var på plass. Likevel viste det seg raskt at dei nye skulane var altfor små og tronge, og det gjekk ikkje mange åra før ein måtte leite etter nye og kostbare løysingar for å kunne drive skulen på ein tilfredsstillande måte.

            Representantane i skulestyret og kommunestyret hadde kanskje eit håp om at motstanden mot krinssamanslåingane skulle ta slutt når innbyggarane i dei nye krinsane fekk sjå dei nye og flotte skulebygga. Slik blei det ikkje for innbyggarane i Etrtravåggrenda. Her heldt dei fram med kampen mot den nye skulekrinsen. Dei hadde ikkje gløymd at kommunen hadde lova å få på plass veg mellom Eltravåg og Vandaskog. Kommunen hadde ikkje gjort noko som helst for å utbetre vegen då skulen på Vandaskog stod ferdig i 1888. Dermed heldt innbyggarane frå Eltravåg fram med å halde barna sine borte frå skulen på Vandaskog.

            I mai 1890 fekk innbyggarane i Eltravåggrenda kunngjort grunngjevinga si for å halde barna borte frå skulen frå kordøra etter gudstenesta. Dei meinte at skuledirektøren støtta kravet deira, men dette blei avvist av kommunestyret, som hevda at kommunen hadde fått godkjenning for samanslåinga, og at vegen allereie var god nok. Saka såg ikkje ut til å ha noko løysing, og til slutt måtte det ei rettsleg avgjerd til. Den rettslege avgjerda støtta langt på veg kommunen sitt syn, og innbyggarane i Eltravåg måtte til slutt motvillig gå med på å sende barna sine til Vandaskog. Det skulle vise seg at dei måtte vente lenge på vegen dei var blitt lova, for vegen mellom Vandaskog og Eltravåg stod ikkje ferdig før i 1926.

Det var her, frå kordøra i Sveio kyrkje, at viktige kunngjeringar om vedtak i skulekommisjonen og kommunestyret blei lese opp etter gudstenesta. Det var her bygdefolket først fekk høyre planane om at talet på skulekrinsar i kommunen skulle halverast. (Foto: Sverre Halleraker)

Motstanden mot skulen auka

             Heilt sidan obligatorisk skule blei innført på 1700-talet, hadde det vore slik at foreldra var lite villige til å sende barna av garde til skulen. For det første såg mange foreldre ikkje poenget med det barna lærte på skulen, og for det andre hadde mange foreldre bruk for barna si arbeidskraft heime på garden. Dessutan måtte barna helst ha ordentlege klede og sko når dei skulle på skulen, og når skulen blei plassert langt borte, blei det også vanskeleg å få barna trygt av garde til skulen. Så lenge skulen blei heldt i same grend som ein budde, hadde foreldra ein slags kontroll over det som skjedde på skulen, og aksepterte derfor stort sett at dei måtte sende barna på skulen, men når skulen blei liggjande fleire kilometer vekke frå heimstaden, auka motstanden mot skulen hos mange foreldre.

            Skulelærarane registrerte elevane sitt fråvere, og rapporterte det inn til skulekommisjonen. For skulekommisjonen var det viktig å få slutt på det ulovlege fråveret, og dei hadde ulike verkemiddel dei kunne bruke. Foreldre som heldt barna sine borte frå skulen kunne få bøter frå kommisjonen. I 1860-åra ser me at kommisjonen skreiv ut ein del slike bøter, men foreldra som fekk bøtene var sjeldan i stand til å betale. Kommisjonen nøyde seg oftast med å gje sterke åtvaringar, og det som viste seg å vere mest effektivt var trugsmål om at fattigkommisjonen skulle ta frå dei barna. Sidan lova forplikta foreldra å sende barna på skulen, kunne kommisjonen kalle det ugyldige fråveret for omsorgssvikt og omplassere barna.

 

Udsat for at blive moralsk fordærvet

            Me ser fleire døme på at skulekommisjonen grip inn på denne måten. I 1890 finn me eit slikt døme frå møteprotokollen. Ein husmann på garden Sveio får dette brevet frå skulekommisjonen: «Da det er Skolestyret bekjent at deses Søn …… for en stor Del er overladt til sig selv og saaledes er uden Støtte fra deres Side, udsat for at blive moralsk fordærvet, hvortil der allereie er adskillige Tegn i hans Forhold i Skolen og end mer udenfor same, skal Skolestyret indtrængende opfordre Dem til at iagttage deres Forsørgerplikt overfor deres Barn; imodsat Fald vil Gutten blive besørget opdragen hos andre for deres Regning overenstemmende med Folkeskoleloven § 62».

            Skulestyret truga ikkje berre med at fattigomsorga skulle ta over omsorga for barn med høgt fråvere. Me finn fleire døme på at foreldre mista omsorga for barna sine på grunn av dette. Eg kan ta med eit døme frå Bjelland. Her finn me ei husmannsdotter på 13 år som hadde vore borte frå skulen 40 av 49 skuledagar våren 1887. Skuleinspektøren i krinsen melder og frå om at hennar moralske oppseding var dårleg. På bakgrunn av dette gjer skulestyret vedtak (etter § 51, fjerde ledd, i skulelova) om at fattigkommisjonen skal setje henne ut til kristelege folk som skal sørgje for at ho møter opp på skulen, og at ho får ein kristeleg oppseding.

 

Høgt ugyldig fråvere

            I presten si kallsbok har sokneprest Aall skrive ned tala på såkalla «skoleforsømmelser», eller ugyldig fråvere som det ville ha blitt kalla i vår tid, for åra mellom 1867 og 1883. I tabellen nedanfor kan du sjå desse tala, og du kan sjå kor mange skuledagar med ugyldig fråvere dette i gjennomsnitt utgjorde for kvar elev i kommunen. Me ser at det ugyldige fråveret er høgt i alle desse åra, og at det i gjennomsnitt varierer mellom seks og ein halv dag til ti og ein halv dag i året for kvar elev. Dette talet er høgt når me veit at talet på skuledagar kvart år låg mellom 54 og 72. Dersom du er borte ti av 54 skuledagar, har du eit fråvere på om lag 20 prosent.

            Me har ikkje tilsvarande tal for det ugyldige fråveret i resten av 1880-åra, men i skulestyret sin møteprotokoll kjem det høge ugyldige fråveret opp som sak fleire gonger etter krinssamanslåingane i slutten av 1880-åra. I desember kom det ein befaling frå ordføraren til alle lærarane i kommunen om at dei skulle levere fråverslister over elevane i sine skular inn til kvart møte i skulestyret. Elevar med høgt ugyldig fråvere ville bli meldt til fattigkommisjonen for omplassering til nye familiar. Ordføraren sin befaling blei lesen opp frå kyrkjetrappa for å sikre at alle foreldre fekk med seg kor alvorleg ein no ville sjå på det ugyldige fråveret.

 

Heimelaga tresko

            Ein stor del av årsaka til at mange foreldre vegra seg for å sende barna av garde til skulen, var den lange og vanskelege skulevegen dei fekk etter at talet på skulekrinsar var redusert. Etter alle klagebreva skuledirektøren hadde fått frå innbyggarane i fleire av skulekrinsane, forlanga direktøren no at skulekommisjonen presenterte ei kartlegging av veglengda og kvaliteten på vegen til skulebarna som budde lengst vekke frå skulen i dei ulike krinsane. I januar 1891 hadde skulestyret fått kartlagt alle skulevegane i kommunen, og kartlegginga avslørte at mange barn både hadde lang og vanskeleg skuleveg. Det hadde mykje å seie om skulebarna hadde såkalla bana veg eller ikkje. Det var noko heilt anna for skulebarna å kunne gå på ein veg enn å måtte gå langs dårlege stiar som gjekk over haug og hammar, og kor myrer og bekkar måtte forserast støtt og stadig.

            Dei fleste barna hadde ikkje anna fottøy enn heimelaga tresko, og det var ikkje mange skuledagar kor barna som ikkje hadde veg å gå på kunne kome fram til skulen utan å ha blitt våte på føtene. Mange skulebarn mangla også yttertøy som var varmt nok vintersdagen, og dessutan yttertøy som kunne halde vatnet ute. Det var ikkje uvanleg at skulebarna var våte til skinnet når dei kom fram til skulen. Derfor var det viktig at læraren var tidleg oppe for å fyre i omnen, slik at skulestova var god og varm når barna kom fram. Dessutan måtte skulebarna få tørka kleda sine før dei skulle ta fatt på heimvegen.

 

Over fem kilometer til skulen

            Skulekommisjonen si kartlegging av skulevegane viser at mange gardar hadde over tre kilometer til skulen, og mange måtte gå langs usle stiar til skulen. Dei som hadde lengst skuleveg hadde over fem kilometer til skulen, og når dei minste barna brukte om lag eitt kvarter på kvar kilometer, skjønar me at mange barn måtte gå meir enn ein time for å kome seg til skulen, og like lenge for å kome seg heim att. Når me veit at skulen starta klokka halv ni om morgonen, skjønar me at mange barn måtte starte tidleg for å kome seg til skulen. Dette må særleg ha vore vanskeleg på den mørkaste tida av året, kor det ikkje blei skikkeleg lyst før rundt klokka ni om morgonen. På den mørkaste tida må det også ha vore vanskeleg for skulebarna å kome seg heim att før det blei mørkt, når me veit at skulen slutta klokka tre i vinterhalvåret. Det var nok mange foreldre som gjekk heime og engsta seg for barna sine på skuledagar kor vêret var dårleg, men barna var flinke til å gå i samla flokk, og dei eldste barna passa på dei minste.

            Når me skal sjå på gardane med lengst skuleveg i dei ulike krinsane, kan me starte med Viksekrinsen. I skuleåret 1892 var det om lag 60 skulepliktige barn i denne krinsen. Her låg skulen i eit område kor det budde mykje folk. Derfor var det ikkje så mange her som hadde lang skuleveg, men lengst mot vest låg husmannsplassen Krokane, og her var det 4620 meter til skulen på sti i utmarka. I sør hadde Søre Våge 3860 meter til skulen, men dei hadde bana veg nesten heilt fram.

 

Langstrakte skulekrinsar

            Vandaskog var den skulen som hadde flest elevar på denne tida. I 1892 skulle det gå 80 barn på Vandaskog skule, som altså var den einaste skulen i kommunen som hadde nok elevar til å dele skulen i tre avdelingar. Det viste seg at barnetala gjekk ned i dei fleste krinsane i 1880-åra og 1890-åra, slik at dei fleste skulane blei todelte. Etter krinssamanslåinga var Vandaskog ein heller langstrakt skulekrins. Lengst mot nord låg garden Nordbø 3220 meter frå skulen, og her var det som me veit ikkje skikkeleg veg. Vest for Vandaskog låg garden Lyngholm, og avstanden hit var 2760 meter. Her gjekk det ein gammal veg, men dette var ikkje noko bana køyreveg. I sør fann me garden Mølstrevoll 2925 meter vekke, og garden Neset 3415 meter vekke. Her var det for det meste ubana, men godt framkomeleg veg.

            Går me til Buakrinsen, som ville få 60 elevar i 1892, finn me garden Nesheim lengst mot sør. Her var det 4239 meter til skulen på ubana og dårleg veg. Lengst mot nord finn me Tjernagel, som hadde 4060 meter skuleveg på god og bana veg. Lengst mot søraust finn me Åsbu. Dei som budde her hadde 3720 meter skuleveg på sti gjennom utmarka. Går me vidare til Sveiokrinsen, var det mange her også som hadde lang skuleveg. Det var 60 skulepliktige barn her i 1892. Lengst mot nordvest ligg garden Skiftestad. Her hadde dei 3028 meter ubana veg, og lengst mot sør låg garden Tveit. Her var skulevegen 4742 meter for dei som budde lengst sør på garden. Desse hadde for det meste ubana veg.

            Den nye Lidkrinsen var også ein langstrakt krins kor mange fekk lang skuleveg. Denne krinsen ville få 50 skulebarn i 1892. Lengst mot nord finn me garden Rød, som låg heile 5547 meter vekke, medan Kvalvågstølane i sør hadde 4682 meter til skulen. Her hadde skulebarna som budde lengst vekke god og bana veg heilt fram til skulen. I Eileråskrinsen leigde dei no skulehus på Eilerås. Her hadde ingen av dei 16 skulebarna skikkeleg veg. Lengst mot vest låg garden Uro, og dei hadde 2080 meter skuleveg, kor det var lettast å ro over vatnet. Lengst mot aust låg Grunnavåg, som høyrde til garden Fjon. Dei som budde her hadde 3948 meter å gå for å kome til skulen, medan dei som budde på Kvalvågneset hadde 2314 meter til skulen.

Kartet viser dei seks skulekrinsane i Sveio etter samanslåingane i 1887. Kvalvåg og Tveita var slått saman til Lid skulekrins, og Mølstre og Eltravåg var slått saman til Vandaskog skulekrins. Etter at samanslåingane var godkjende av skuledirektøren i Bergen, fekk kommunen det travelt med å bygge dei fire nye skulehusa.

Nye kostbare endringar

            Allereie same året som Sveio kommune hadde bygd dei nye skulane, og talet på skulekrinsar var redusert til seks, kom det ei ny skulelov. Den nye lova innebar at det på nytt måtte gjennomførast nye og kostbare endringar i skulen. I 1889 kom lova om folkeskule. Denne lova skulle gjere «Allmueskolen» om til ein felles obligatorisk skule for alle barn i landet. Før 1889 hadde den rikaste delen av befolkninga ikkje sendt barna sine til «Allmueskolen», som den offentlege skulen då blei kalla, men sendt dei til privatskular, eller hatt private huslærarar. I den nye folkeskulen skulle ikkje lenger opplæringa vere førebuing til konfirmasjonen, men skulebarna skulle lære seg kunnskap og ferdigheiter som skulle hjelpe dei i det vaksne livet. Dessutan skulle folkeskulen gjere dei i stand til å gå vidare med meir utdanning.

            I den nye folkeskulen kom det enda fleire nye fag som kommunane måtte gje barna opplæring i, og dessutan blei undervisningstida utvida. Hovudregelen for skulen på landsbygda skulle no vere ein todelt skule, og ein opererte med «småskulen» for dei yngste og «storskulen» for dei eldste. Elevane i begge avdelingane skulle ha tolv veker med skule kvart år. For småskulen var ei skuleveke på 30 undervisningstimar, medan ei skuleveke for elevane på storskulen skulle ha 36 timar undervisning. Den nye skulelova sa også noko om kor mange timar undervisning barna på dei ulike avdelingane skulle få i kvart fag.

 

Felles timeplan for alle skulane

            Kravet om eit visst timetal med undervisning i kvart fag gjorde det naudsynt med ein timeplan som skulle gjentakast kvar veke. Sveio kommune fann ut at det var best å samarbeide med dei andre skulekommunane i prestegjeldet for å få på plass ein slik timeplan. Dermed blei det kalla inn til eit felles møte for skulestyra i Sveio, Valestrand og Vikebygd den 24. oktober 1890. Alle lærarane som underviste i prestegjeldet blei også kalla inn til møtet, som blei heldt på prestegarden i Førde. Agendaen for møtet var å få laga ein felles timeplan kor alle faga fekk den undervisningstida lova sa at dei skulle ha, og som skulle gjelde for alle skulane i prestegjeldet. Heilt i starten av møtet blei det slått fast at dei nye faga handarbeid, teikning og kroppsøving ikkje skulle inn på timeplanen. Seinare i møtet fann dei ut at dei ikkje hadde lov til å kutte ut faget teikning. Ingen på møtet kunne skjøne poenget med å sløse vekk skuletida på teikning, men motvillig måtte dei innsjå at teikning måtte inn på timeplanen.

            I Sveio skulekommune var det berre Eilerås som ikkje var delt i to avdelingar. Etter lange diskusjonar og fleire forsøk på å få kabalen til å gå opp, blei dei tre skulestyra einige om ein timeplan for den udelte skulen. Du kan sjå timeplanen dei laga i tabellen nedanfor. I tabellen ser me at den lågaste avdelinga ikkje gjekk på skulen på onsdagane, og dessutan ser me at dei to avdelingane hadde ulike fag i 15 av timane dei hadde felles. Det må ha vore svært utfordrande for lærarane å undervise to avdelingar i ulike fag i så mange av undervisningstimane.

            Det var enda meir krevjande for delegatane på møtet å leggje timeplankabalen for den todelte skulen. Her var det mange variablar som skulle haldast styr på, og i møteprotokollen har dei måtta setje strek over fleire av forslaga før dei kunne seie seg nøgde med resultatet. I tabellen over kan me sjå at elevane her skulle gå annan kvar dag på skulen, slik at småskulen gjekk på skulen tysdagar (seks timar), torsdagar (fem timar) og laurdagar (fire timar). Storskulen skulle gå måndagar, onsdagar og fredagar, og dei skulle ha seks timar kvar dag. For at begge avdelingane skulle få tolv veker skulegong i året, måtte det haldast skule i 24 veker av året. På møtet blei det vedteke at storskulen skulle ha ein halv time med teikning kvar veke. Seinare kom det melding frå skuledirektøren om at dette var for lite, og måtte aukast, slik at storskulen fekk ein heil time med teikning kvar veke.

Oppsplitting og nye skular

            Den nye skulelova førte altså til at kommunen ikkje sparte like mykje pengar som dei hadde håpa på når dei kjempa gjennom dei smertefulle krinssamanslåingane og fekk bygd dei nye skulane. Den nye skulelova kom også med nye krav til arealet til skulehusa. No skulle kvar elev ha minst 1,4 kvadratmeter golvplass. Dermed var det ikkje lov å ha meir enn 25 elevar saman i dei nye skulehusa. Det faktumet at dei nye skulane var bygde altfor små, og dessutan den lange og vanskelege skulevegen mange barn no hadde fått, førte til at misnøya til foreldra i mange krinsar ikkje blei mindre med åra. Allereie i 1896 gjekk kommunen med på å splitte opp Lid skulekrins, og det blei småskule både på Kvalvåg og på Tveita. I 1897 blei det starta skule i leigd hus på Rød for alle elevane i dette området, og i 1912 blei det bygd nytt skulehus på Rød. Etter at Rødkrinsen var skild ut frå Lidkrinsen, fekk Lid skule ein håplaus plassering heilt nordvest i krinsen. Då bedehuset på Bråtveit blei bygd i 1911, blei småskulen etter kvart flytta dit. Også Eltravåg vann fram med kravet sitt til slutt, og i 1919 fekk grenda skulen sin tilbake for ein periode.

            Vandaskog skule viste seg tidleg å vere altfor liten, og i 1823 blei det bygd ny skule der. Skulehuset på klokkargarden blei også for lite etter kvart som barneflokkane vaks i denne krinsen, og i 1938 blei det bygd ny og større skule på Sveio. Også Bua skule og Vikse skule var for små. På Vikse blei det bygd ny skule i 1954, og på Bua fekk dei ny skule i 1955. Lid skule var i bruk heilt fram til 1957. Då blei det bygd ny skule på Bråtveit, men skulen heldt fram med å heite Lid skule. På Eilerås fekk dei bygd skulehus i 1921, men denne skulen blei nedlagd allereie i 1961, og heile Eileråskrinsen blei flytta til Lid.

 

Parallellar til vår tid?

            Utviklinga mot større og færre skular har heldt fram heilt til no, og me står no att med to skular i gamle Sveio kommune, nemleg Vikse skule og Sveio skule, medan det framleis er att tre skular i den nordre delen av kommunen, nemleg Førde skule, Auklandshamn skule og Valestrand skule. Vandaskog skule blei lagt ned og slått saman med Vikse i 1999. Same året var det også slutt for Bua skule, som blei slått saman med Sveio. Lid skule stengde døra for siste gong i 2013, og elevane blei flytta til Sveio skule. Kva som skjer med skulane i framtida er vanskeleg å seie noko om, men kvar gong det er vanskar med å få neste års kommunebudsjett til å gå opp, kjem forslaget om å leggje ned dei minste skulane.

            Etter å ha fått eit innblikk i den gamle skulen i Sveio, er det vel ingen som eigentleg ønskjer seg tilbake dit. Likevel hadde også denne forma for skuledrift noko positivt med seg, og mange kjenner ei underleg form for nostalgisk lengsel når dei tenkjer tilbake på skulane som ikkje er der lenger. Det har vore interessant å lære om den gamle skulen, og ikkje minst har det vore interessant å setje seg inn i prosessane som resulterte i krinssamanslåingane, og bygginga av nye skular. Når me studerer prosessane på 1800-talet, synes eg å finne ein del parallellar til skuledebattane og skulepolitikken me har i vår tid. Dei som styrer i kommunen har no som før eitt hovudmål for augo, nemleg å drive skulen så billig som mogleg etter minstekravet i lova, og drivkrafta bak endringane i skulestrukturen er alltid å spare pengar. Dessutan ser det heller ikkje ut som om ein har lært av tabbane som blei gjort i tidlegare tider når det skal byggast nye skulebygg. No som før, så skal ein spare så mykje på byggekostnadane, at skulebygga viser seg å vere for små omtrent den dagen dei kan takast i bruk.

Kjelder:

-Forhandlingsprotokoll for Sveens Skolekommisjon.

-Kallsbok for Soknepresten i Sveio.

-Skoleprotokollar for lærarane i Sveio kommune

-Dagbøker for lærarane i Sveio kommune.

-Folketeljingane frå 1865, 1875, 1900 og 1910.

-Sigurd Tveit: Bygdelangs

-Simon Steinsbø: Bygdebøker for Sveio.