Spedalske, sinnsvake og krøplingar

Spedalske, sinnssvake og krøplingar



Registreringa av funksjonshemma i 1885



Av Sverre Halleraker

Teikning av ein spedalsk gut på 13 år som heldt til på St. Jørgens Hospital i Bergen. Bilete er frå 1863. Han hadde då vore spedalsk i 6 år. (Foto frå Lepraarkivet.)


Innleiing

Siste halvdel av 1800-talet var ei tid prega av modernisering i heile landet. Moderniseringa var leia og driven fram av regjeringa og embetsmenn i departementa. For at landet skulle kunne bli modernisert, måtte tilhøva rundt i det langstrakte landet kartleggast, og det var sokneprestane som fekk ansvaret for mykje av denne kartlegginga. Eit område som skulle kartleggast, var helsetilhøva i dei ulike prestegjelda, og i januar 1885 fekk sokneprest Nils Anton Aall brev frå departemantet kor dei bad han om å kartlegge alvorlege helseplager i prestegjeldet.


Derfor sendte soknepresten brev til alle skulelærarane i prestegjeldet, kor han bad dei om å registrere alle spedalske og sinnssvake i sitt skuledistrikt. Dei måtte gå detaljert til verks og få med namn, alder, borgarleg stilling og bustad. Dei spedalske og sinnssvake som måtte opphalde seg på eit hospital eller asyl skulle og vere med i registreringa. Ein månad seinare sendte soknepresten ut eit nytt brev til skulelærarane. No skulle dei registrere alle krøplingar, blinde, døve og halte. Svara frå skule¬lærarane blei skrivne ned i kallsboka. Mange av skildringane er svært detaljerte, og desse skildringane gir oss eit unikt innblikk i mange av helseplagene folk sleit med på 1800-talet.


Spedalske

I dei fleste europeiske land blei ein så godt som kvitt den alvorlege sjukdommen på 1600-talet, medan ein i kyststroka av Vestlandet fekk ei oppblomstring frå 1830 og fram mot hundreårsskiftet. Sjukdommen var på retur då presten starta registreringa. Soknepresten fekk berre melding om to spedalske i Sveio i 1885. Det eine tilfellet var ei gardbrukarkone som budde på Moldbrekko. Det andre tilfellet var ei enke på 60 år som budde på Fagerland. Det var nok fleire tilfeller av spedalske i Sveio, men frå 1857 og utover blei mange av dei spedalske sendt til pleiestiftinga for spedalske i Bergen. Der fekk dei pleie av fagfolk, samstundes som ein kunne hindre at smitten spreidde seg.

 

Ved å studere det såkalla lepraregisteret på Statsarkivet i Bergen, kan me finne ei liste over spedalske frå Sveio. I arkivet finn me heile 50 registrerte spedalske i Sveio. Registreringa starta i 1856, og dette året blei det registrert 19 spedalske i Sveio. Dei 15 neste åra blei det registrert 27 nye tilfeller. Etter 1870 var det berre tre nye tilfeller av spedalske, og den siste personen blei registrert i 1891. Dette var ei 53 år gammal kvinne frå Birkeland. Ho døydde same året som ho blei registrert. Av registeret ser me at eit stort fleirtal døydde få år etter at sjukdommen var påvist. I alt 22 spedalske frå Sveio blei sendt til Bergen. To av dei spedalske i registeret reiste faktisk til Amerika, medan resten døydde heime. Registeret viser at det var spedalske i alle aldrar, men eit stort fleirtal av dei sjuke var unge vaksne. Du kan lese meir om dei spedalske i Sveio i artikkelen "Dei levande døde".


Sinnssvake

Med sinnssvake meinte soknepresten folk med alvorlege sinnslidingar. Før var det vanleg å sjå på psykiske lidingar som ei skam, og det var vanleg å sjå sinnssjukdommen som ei straff frå Gud. Dei med folk i familien som leid av alvorlege sinnslidingar snakka sjeldan høgt om den sjuke i familien. Ein ville helst ikkje at naboar og andre skulle få vite om skamma. Slike personar blei ofte gøymde bort og stengde inne, nærast som dyr, i kjellarar, på loft eller i uthus. Personar som var psykisk utviklingshemma blei og i stor grad sett på og behandla på same måte som dei sinnslidande.


Skulelærarane i Sveio sokn melde om overraskande få sinnssvake personar. Det blei berre meldt om to sinnssvake menn. Ein av dei var ein husmannsson frå Skålaskog. Han var 41 år gammal og ugift. Det skrives at han «blev sindsvag paa Fisket Vinteren 1880. Han for-sørges paa Amtskassens og Fattigkassens Regning.» Truleg budde han saman med foreldra sine på Skålaskog. Den andre sinnssvake i Sveio sokn budde på Årstadleite og var 69 år gammal. Han hadde vore sinnsvak heile livet og blei og forsørgja på amtskassa og fattigkassa si rekning.

 

I Vikebygd blei det meldt om tre sinnssvake. Ein av dei var ein 42 år gammal mann. Han var født på garden Birkeland, og han blei konfirmert hausten 1859. I 1868 flytta han til garden Kvamstø. Fem år seinare døde begge foreldra hans, og det var etter skulelærar M. Ove si meining tapet av foreldra som utløyste sinnssjukdommen. Han rapporterer slik til presten: «Senere blev han saa ustyrlig, at han maatte bringes til en Sindsygeanstalt i Bergen.» Nokre år seinare kom han tilbake og fekk bu hos ein familie på Svendsbø. Dei fekk 208 kroner i året av amtskassen for å ta seg av han. Ove skriv og i protokollen at «han hører til en Slægt hvori flere have været sindsvage, saaledes f.ex. hans Moders Bestefader.»


I Valestrand sokn rapporterast det om fire sinnssvake personar. Ein av dei var ein 21 år gammal gardbrukarson på Ørevik. Skulelærar Økland skildrar han på denne måten: «Han er i høi Grad lidende af Epilepsi og tabte for omtrent 5 Aar siden Brugen af Mælet; stundom faaer han Anfald af Raseri, som det synes foranlediget af Søvnløshed, og han kunde være i høi Grad voldsom og vondskapsfuld. Han blev sindssvag allerede da han var 2-3 Aar gammel og forsørges hjemme hos Forældrene.» I Valevåg var det to sinnssvake personar. Det dreidde seg om to kvinner. Ei var 75 år gammal, og ei var 40 år gammal. Den yngste var gift og hadde fire barn.


I Christoffer Sydnes sitt distrikt var det ingen sinnssvake personar, men han rapporterte om fem åndssvake personar, altså psykisk utviklingshemma. Tre av desse var konfirmerte, og ei av dei fekk og skoleundervisning. Ei åtte år gammal jente på Økland kunne ikkje snakke. Til slutt skreiv Sydnes om ein fem år gammal gut som heldt til på garden Mjånes. Guten blir skildra på denne måten: «Dette Barn kan ei tale og viser ingen Forstand. Han kan ei forstaae at tage Mad til sig, naar Nogen giver ham den, men han maa mades og pleies som et nyfødt Barn.» I kallsboka står det at dette barnet døde i 1888.


Blinde, døve, halte og krøplingar

Når det gjeld opplysningar om blinde, døve, halte og krøplingar, var det lærarane i Sveio sokn som hadde desidert flest tilfeller å melde frå om. Av ukjente årsaker manglar opplysningane frå Vikebygd, medan skulelærarane i Valestrand berre rapporterte om ei ugift kvinne på 36 år som var blitt halt etter eit brot i den eine hofta. Det var giktsjukdom som var årsaka til hoftebrotet.


I heile Sveio sokn blei det berre meldt frå om ein blind, og det var ein 30 år gammal ugift sjømann frå Bua. Han var blitt blind eitt år tidlegare, etter å ha fått ein kreftskade i hovudet. Eit langvarig sjukehusopphald i Bergen viste seg å vere resultatlaust. Det er ofte slik at dei same familiane blir råka av alvorleg sjukdom fleire gonger. Mora til denne kreftsjuke blinde mannen, hadde nemleg blitt døv ti år tidlegare etter å ha fått slag. Ho var no 80 år gammal.


I tillegg til denne eldre kvinna som var råka av slag, blei det berre meldt om eitt anna tilfelle av døve. Det var ei døvstum ugift kvinne på 60 år som budde på Tveita. Soknepresten skriv dette om henne: «Sygdommen fik hun i Barndommen som følge af at hun havde lagt sig til at sove ude paa Marken. Hun har altid forsørget sig selv, da hun har god naturlig Forstand og god Helbred. Hendes Familie har været i god Forfatning, og hun har en liden Arv efter sine Forældre, hvilken Arv tænkes anvendt til hendes Forsørgelse i hendes Alderdom. Hun har boet i 30 Aar hos sin Søster, og siden i 20 Aar hos sin Søstersøn.»


Det rapporterast berre om ein såkalla krøpling i heile soknet, og han budde hos foreldra sine på Emberland. På same måte som mange av dei som var halte, så jobba han som skomakar. Årsaka til at han var blitt krøpling, skulle vere at han hadde lagt seg til å sove på bar mark då han var to år gammal. Som me ser i rapporten, så meinte ein at det å legge seg til å sove på bar mark, var årsaka til at mange blei halte eller fekk andre skavankar. Denne oppfatninga skuldast i stor grad gammal overtru. Ein trudde at underjordiske skapningar kunne skade ein dersom ein la seg til å sove på marka. Ei 35 år gammal ugift kvinne på Åse blei og halt etter at ho i barndommen hadde lagt seg til å sove på bar mark. Ho var skreddarske og budde hos bror sin.


Ein del var blitt halte som resultat av ulykker. Det gjaldt ein 37 år gammal gift fiskar frå Vikse. Han var blitt halt då han var ti år gammal, då han ramla ned frå eit stilas som sto inntil ein låve. Ulykka hadde gjort han sengeliggande i lengre tid. No var han «steghalt» og måtte bruke stav. Likevel greidde han seg godt som fiskar, og han hadde ei lita formue. Ein 29 år gammal ugift mann frå Lyngholm var og blitt halt etter ei ulykke. Han hadde ramla ned frå ein stovemur då han var ni år gammal. Fallet gjorde han sengeliggande i lengre tid, og då han kom seg på beina att, var han avhengig av både stav og krykke. Dette skriv presten i kallsboka: «Han er Fisker og Sømand. Ingen som kjender ham vrager ham som Sømand; thi naar han kommer om bord bringer han iland baade Krykke og Stav og entrer om bord saa godt som nogen Anden.»


Me får høyre om fleire som hadde blitt halte etter ulike sjukdommar, og i dei fleste tilfella dreidde det seg om gikt eller såkalla kjertelsjuke. Fleire skal og ha vore halte frå fødselen av. Her kan eg nemne to søstrer på 8 og 11 år. Dei budde på Tveita, og far deira var ein fattig husmann.


Prøvde å forsørge seg sjølv

Eit stort fleirtal av dei med fysiske skavankar greide å forsørge seg sjølv, sjølv om mange av dei hadde sterke lidingar. For å illustrere dette kan eg ta med ei ugift husmannsdatter på 46 år frå Eltravåg. Ho hadde vore halt sidan ho var 16 år gammal, og me kan lese dette om henne i protokollen: «Hun har lidt meget siden, baade i Hofterne og med Bylder i Armene. Hun har ofte søgt Læge og været på Sygehuset i Bergen, hvor Lægen udtok et Been i hendes Arm. Hun er nu hos Broderen, der er Skomager, og ernærer sig ved sying.»


Me har no fått innsyn i fleire detaljerte skildringar av helseplager vanlege bygdefolk sleit med i Sveio på 1800-talet. Folk snakka lite om plagene sine og prøvde å skjule dei så godt dei kunne. Dette gjaldt særleg sinnssjukdom og spedalskhet, men folk gjorde alt dei kunne for å skjule alle typar plager og skavankar. Dette gjer etter mi meining registreringane i kallsboka ekstra interessante.




Utdrag frå det såkalla lepraregisteret. Dette var eit nasjonalt register som blei oppretta i 1856. Utdraget viser dei første spedalske frå Sveio prestegjeld som blei skriven inn i registeret.

Kjelder:

-Kallsbok for presten i Sveio.

-Lepraregisteret i Bergen, 1856-1956.

-Simon Steinsbø, Sveio. Gards og ættesoge, 1986 og 1987.