Ein frykteleg farsott

Lokalhistorie frå Sveio

Ein frykteleg farsott

 

Den store koletraepidemien i 1849

 

Av Sverre Halleraker

”Kirkegården ved havet” i Leirvåg ligg fint til i skogen, ikkje langt frå sjøen. Her blei fem av dei seks personane frå Valestrand som døydde av koleraen i 1849 gravlagde. Steingarden og jernportane er i god stand. Det går stig frå Nappen ved Valevåg og ut til kyrkjegarden. (Foto: Sverre Halleraker)

 

Innleiing

I Bergen tok den fryktelege koleraepidemien livet av over 600 menneske i løpet av tre månadar. I Finnås prestegjeld, som utgjer heile Bømlo og det meste av dagens Sveio kommune, døydde minst hundre personar av den grufulle koleraen. Dei aller fleste av desse døydde i løpet av tre veker. Sjukdommen spreidde frykt og panikk. Det meldtes om kolerasjuke som låg døyande og jamra seg i smerter på brygger og i båtar på stader som Espevær, Tjernagel og Mølstrevåg, utan at nokon ville hjelpe dei. Om bord i båtar låg koleralik saman med sjuke personar i fleire dagar utan at nokon var villige til å ta affære. Legane kjende ikkje til kolerabakterien, og sjukdommen blei blant anna behandla med årelating, blodigler, klyster og brennevin. I denne artikkelen skal me sjå nærare på den store koleraepidemien som ramma Sveio i 1849.

 

Kva er kolera?

No veit me at kolera skuldast ein farleg tarmbakterie, og me veit at smitte¬kjelda er avføring som kjem i kontakt med mat og drikke. Med andre ord er ureinslegheit viktigaste årsak til at kolera spreier seg. Bakterien trives best der det er fuktig og varmt, og kan overleve i kroppsvæske i fleire dagar. Kolerabakterien greier seg ikkje lenge der det er tørt. Inkubasjonstida til sjukdommen er frå eitt til to døgn, men ein kan vere smitteberar utan å bli sjuk sjølv. Sjukdommen utviklar seg raskt med kraftig oppkast og diare. Ein pasient kan tape så mykje som 15 liter av kroppsvæska på eitt døgn. Dei sjuke døyr av væsketapet. Dersom ein greier å overleve dei to første døgera med sjukdom, er sjansen stor for å overleve. Dei sjuke er og plaga av skjelvingar og krampe i heile kroppen. Sterke smerter i underlivet og sterk hovudverk er vanleg. Pasienten har sterk hjertebank og pulsen kan bli svært høg. Huda blir klam og kald, og augo blir senka inn i hovudet.

 

Ein lege på eit kolerasjukehus i Bergen skildra sjukdommen slik: «Opkastelserne gaae oftest for sig med megen Lethed der, hvor de vedblive af sig selv, og med en saadan Force, at Udstrømningen naaer flere Fod henad Gulvet, som fra en Fontaine.» ... «Diarrhoe indtræder sædvanlig samtidig med Brækningen, hvis den ikke har viist sig som Forløber. Udtømmelserne per anum ere særdeles hyppige, ... De have aldrig excrementøs Lugt eller Farve. Lugten er ganske egen, vammel, som det forekommer mig noget lig Lugten av Frugtvandet. Undertiden blive disse Udtømmelser farvede røde i alle Nuancer ligefra svagt Anstrøg af rødt til reen Blodfarve, hyppigst have de da Udseende som Viinbærme eller Chocolade; de have altid en yderst stinkende næsten raadden Lugt.»

 

I 1849 kjende ein ikkje til kolerabakterien, og ein visste difor heller ikkje korleis sjukdommen smitta. Alle som hadde kjennskap til sjukdommen forsto likevel at det dreidde seg om smitte i ein eller annan form. Forsking antyda at smitten kunne overførast frå ein sjuk til ein frisk person via eit smittestoff. Denne teorien møtte sterk motbør i dei medisinske fagmiljøa. Der meinte dei fleste at smitten kom frå ein gass som spreidde seg i lufta når lika av kolerasjuke blei brotne ned. Denne misoppfatninga førte til at folk var livredde for å kome i kontakt med dei døde, medan dei ikkje visste kor viktig det var å verne seg mot dei farlige bakteriane som smitta mellom levande personar.

 

Eg kan kome med eit døme frå mi eiga slekt som heldt til på garden Halleråker i Bremnes sokn. Ole Størksen var ein velståande mann, så då kona hans Marthe Halvorsdatter døydde av koleraen den 25. februar, berre 39 år gammal, trassa han alle instruksar om å unngå forsamlingar, og baud slekt og naboar til eit skikkeleg gravøl. På denne tida gjekk gravølet føre seg på den måten at ølbolla blei sendt rundt frå person til person. Det gjekk så ille som ein kunne frykta etter dette drikkelaget. Dei næraste dagane blei mange i nabolaget sjuke, og koleraen spreidde seg vidare. I dagane mellom 6. og 21. mars døydde så mange som 11 personar av kolera berre på garden Halleråker.

 

Frå storbyen til fiskeværa

Koleraen herja fleire stader i Europa frå 1847 og utover. Styresmaktene var så realistiske at dei rekna med at Noreg og ville bli råka, og som ein frykta så slo koleraen til like før jul i 1848. I Skivebakken, like over Domkyrkja i Bergen, budde ei ung og fattig vektarkone med familien sin. Rykta ville ha det til at ho dreiv med prostitusjon medan mannen hennar var ute i teneste om nettene. Tidleg søndag morgonen den 10. desember blei lege tilkalla. Ho viste alle dei typiske symptoma på kolera, og ho døydde i heimen sin same dag. Seinare kom det for dagen at naboar hadde observert ein utanlandsk sjømann som kom ut frå huset hennar tidleg om morgonen nokre dagar tidlegare. Truleg var denne utanlandske sjømannen smittekjelda som sette i gong koleraepidemien. I Bergen spreidde sjukdommen seg raskt. Over 1000 personar var råka av sjukdommen, og over 600 bergensarar døydde av kolera denne vinteren.

 

Styresmaktene frykta at koleraen ville spreie seg til distrikta rundt Bergen. Særleg frykta ein at koleraen skulle spreie seg under det store vårsildfisket som kvar vinter fann stad i området mellom Skudeneshamn i sør og Brandasund i nord. På det meste deltok over 50 000 personar i dette eventyrlege fiskeriet. Fiskarane flytta seg etter silda, men svært mange samla seg på stader som Røvær, Espevær og Mølstrevåg. Dei som var med på fisket gjekk som regel i dei same kleda fleire veker i strekk, utan å vaske dei. Ferskvatn var mangelvare, og det var ikkje snakk om å bruke opp vatnet til vasking. Det var heller ikkje snakk om å bruke nokon form for toalett. Dette skriv distriktslegen etter å ha vore på Espevær under fisket: «En kan ofte møde paa det modbydelige Syn af Excremente overalt, endog i umiddelbar nærhed til Brønde.» Fiskarane breidde over seg og la seg til å sove i båtane sine, eller så fekk dei overnatte i sjøbuene på land. Det kan vere freistande å bruke uttrykket «som sild i tønne» når me skal skildre kor tett innpå kvarandre fiskarane levde medan dei var på vårsildfiske. Det er lett å forstå at eit kolerautbrot ville få katastrofale følgjer i slike tronge og uhygieniske omgivnadar.

 

Allereie rundt juletider blei det meldt om godt sildefiske ved Skudenes, og silde-stimane flytta seg på vanleg måte nordover utover vinteren. I midten av januar slo fisket til ved Røvær, og 17. januar blei det første koleratilfellet konstatert blant vårsildfiskarane. Fiskaren som kom frå Strilalandet hadde smitten med seg frå Bergen. Den 19. januar døydde fiskaren, og i løpet av dei neste dagane vart fleire fiskarar sjuke. Innan utgongen av januar hadde koleraen krevd 20 menneskeliv i områda rundt Røvær og Haugesund. Mange fiskarar avslutta fiskesesongen og reiste heim i frykt for å bli smitta, medan andre valde å reise nordover til Mølstrevåg, Tjernagel eller Espevær for å få med seg sildefisket der.

 

Koleraen kom til Sveio

Koleraen kom til Sveio første veka i februar, sjølv om ein gjorde kva ein kunne for ikkje å sleppe smitten i land i hamnene kor fiskarane samla seg. Den første kolerasjuke fiskaren i Sveio var Isak Olsen Bruntveit frå Tysnes. Han blei sjuk i Mølstrevåg 7. februar. Mykje tydar på at han og resten av mannskapet på båten hans blei nekta å kome i land, og at dei nærast blei jaga frå Mølstrevåg og over til Espevær. På Espevær var ein i ferd med å opprette eit lasarett for kolerasjuke, men ein venta framleis på at koleralegar, naudsynt utstyr og medisinar skulle kome frå Bergen.

Isak Olsen døydde i båten sin om kvelden den 8. februar, på veg over til Espevær. På det tidspunktet var tre andre av mannskapet og smitta. Samstundes var ein garnbåt med ein kolerasjuk komen over til Espevær frå Smørsund. To andre fiskarar på denne båten skal plutseleg ha fått same symptoma då dei kom fram til Espevær.

 

Nokre dagar seinare fekk styraren ved lasarettet på Espevær melding om kolera om bord i eit fartøy som låg ved Tjernagel. Meldinga kom frå landhandlar Enerstvedt. Også dette fartøyet høyrde heime på Tysnes. Då Ole Madsen Vernøe blei råka av koleraen torsdag 8. februar, blei han og mannskapet hans nekta å kome i land på Tjernagel. Det var heller ingen frå Tjernagel som var villige til å yte nokon form for hjelp til dei om bord på fartøyet.

 

Fredag kveld døydde Ole Madsen om bord i fartøyet sitt. På dette tidspunktet var resten av mannskapet og kolerasjuke. Det var brørne Johannes og Sjur Engelsen frå Tysnes. Framleis var det ingen på Tjernagel som ville hjelpe, men etter fire dagar greidde lasarettet å hyre ein mann til å føre fartøyet over til Espevær. Dei sjuke var sperra inne i kahytten saman med den døde i fleire dagar. Når me veit kor sterke smerter koleraen førte med seg, og korleis dei sjuke blei råka av oppkast og diare, kan me sjå for oss kva scener som må ha utspela seg om bord i dette fartøyet.

Den innhyra føraren av fartøyet returnerte til Tjernagel straks etter at fartøyet var levert. I styraren av lasarettet sin protokoll kan me lese at føraren kontant avviste føre-spurnaden om å hjelpe til med å få den døde og dei to sjuke brørne i land og inn i lasarettet. Dette var ikkje dei einaste døma på at kolerasjuke blei nekta hjelp i hamnene i Sveio. Om formiddagen den 24. februar skriv styraren av lasarettet om eit nytt fartøy som kom til Espevær. Dette kom frå Mølstrevåg og blei ført av Peer Hansen Kjøn. Han hadde ein død og to kolerasjuke om bord, og han kunne melde at fartøyet hans ikkje fekk legge til i Mølstrevåg

.

Desse døma viser kor redde folk var for å bli smitta av sjukdommen. Det kan virke hjerterått å la alvorleg sjuke og døde ligge i båtane, utan hjelp, fleire dagar i strekk. Det var og vanskeleg å få folk til å gravlegge dei døde. Eit anonymt innlegg i ei avis i Bergen skildrar tilhøva på Espevær i starten av koleraepidemien. I avisinnlegget heiter det: «I Espevær, det viktigste Fiskevær i Amtet, skal Tilstanden især have været ynkelig (…) og de Syge, der befandtes paa Land, henlaa uden Lægehjelp og omkom paa den Sørgeligste maade.» Soknepresten i Finnås skildrar og tilhøva på liknande måte i eit anna avisinnlegg, samstundes som han klagar på at styresmaktene viser liten vilje til å yte distrikta den assistanse dei hadde behov for. Før kolerakyrkjegarden på Espevær var klargjort, blei likkistene plasserte på ein holme. Det sto seks likkister på denne holmen før gravplassen var klar.

 

Korleis blei dei sjuke behandla?

Som eg allereie har vore inne på, så kjende ein på midten av 1800-talet ikkje til bakteria som var årsaka til koleraepidemien. Penicillin eller andre antibiotika var heller ikkje teken i bruk på denne tida. Dei fleste behandlingsmetodane var heilt utan verknad, medan andre var direkte skadelege for pasientane. Ein prøvde å få sjukdommen ut av kroppen. Difor framkalla ein brekningar hos pasienten. I tillegg nytta ein ulike avføringsmiddel og klyster. Huda blei smurd inn med eddik og brennevin, og ein nytta såkalla sennepskaker, altså sennep pakka inn i kalde beslag. Dessutan blei pasientane bada i varme dampbad. Medisinar ein nytta var opium, kamferdråpar og kvikksølvklorid.

 

Kvittering på skipslasta som blei sendt frå Bergen til lasarettet på Espevær ved utbrotet av epidemien. Me kan sjå at lasta blant anna inneheldt 14 likkister med diverse, 36 tomme likkister, to badekar, såpe, bek og høvla kjøpmannsbord.

Den mest groteske behandlinga var årelatinga. Ein kunne tappe fleire koppar med såkalla ureint blod frå ein pasient. I tillegg nytta ein blodigler. Desse blei sette i tinningen på begge sider av hovudet og i nakken. Blodigler blei og brukt rundt endetarmsopninga. Alt dette skulle drive sjukdommen ut or kroppen, men dei fleste av behandlingsmetodane gjorde vondt verre. Pasientane fekk ikkje drikke vatn, men søt byggsuppe blei flittig brukt. Byggsuppa gjorde godt for pasientane, og tilførde dei både væske og næring. Pasientane måtte og drikke store mengder saltvatn. Saltløysinga skulle framskunde brekningar, men saltet viste seg å ha ein annan positiv effekt, sidan saltet gjorde kroppen i stand til å ta opp væske.

 

Omfanget av koleraen i Sveio

Sigurd Tveit har skrive om koleraen i Sveio i boka «Vandring i nærmiljøet.» Han skriv at 22 personar døydde av koleraen i Sveio i 1849. Ei gransking av presten sine protokollar over døydde og gravlagde avslører eit mykje høgare tal når me ser på det området som i dag utgjer Sveio kommune. I 1849 låg dagens Sveio kommune under fire ulike kyrkjesokn i tre ulike prestegjeld. Dei døde er lista opp i kronologisk rekkefølge etter dødsdato i tabellen under. Eg har teke med fiskarane frå andre prestegjeld som døydde i Sveio i ein eigen tabell. Dei to tabellane viser at heile 41 personar døydde av kolera i Sveio i tidsrommet mellom 10. februar og 10. mars 1849. Ni av desse var fiskarar frå andre prestegjeld. Når me veit at om lag 60 prosent av dei kolerasjuke døydde, må me rekne med at det var over 70 kolerasjuke personar i Sveio.

 

Ein greidde som kjent ikkje å halde sjukdommen borte frå Sveio. Koleraepidemien råka Sveio i tre bølger. Den første bølga starta 8. februar og varte til 14. februar, og det var fiskarane som hadde oppsøkt Mølstrevåg, Eltravåg og Tjernagel som blei råka. I løpet av denne første veka av epidemien døydde 12 personar i Sveio. Ser me bort frå liket som blei sendt over til Espevær, blei dei tre første dødsfalla rapporterte 10. februar. Dei omkomne var to fiskarar som ikkje budde i Sveio, i tillegg til ein 43 år gammal fiskar frå Vestvik. Av dei som døydde dei neste dagane, var det 6 fiskarar frå andre prestegjeld. Dei tre siste var fiskarar frå Valestrand. Desse tre blei gravlagde på kolerakyrkjegarden ved Valevåg.

 

Koleraen spreidde seg raskt til fleire av gardane i Sveio. Den andre bølga av kolera-epidemien tok og livet av kvinner, barn og eldre. Desse blei smitta av fiskarane som i panikk reiste heim frå fisket då koleraen braut ut. Frå 16. til 25. februar tok koleraen livet av 17 personar i Sveio. Gardane Eltravåg og Skiftestad blei hardt råka med tre koleradødsfall kvar. På Eltravåg døydde to brør på 1 ½ og 13 ½ år, og på Skiftestad døydde eitt eldre ektepar.

 

Personar frå Sveio som døydde av kolera 1849

Dødsdato:

Gravlagd dato:

Jordfesta dato:

Namn:

Bustad:

Alder:

Kyrkjesokn:

10.2.49

 

27.5

Sjur Gundersen

Westvigsætre

43 år

Moster

12.2.49

15.2

 

Gunder Nilsen

Flaadene

23 år

Valestrand

13.2.49

15.2

 

Erik Farteinsen

Ulverager

41 år

Valestrand

14.2.49

16.2

 

Knud Olsen

Brokenæs

45 år

Valestrand

16.2.49

 

29.4

Jørgen Johan Olsen

Eltravågnæs

13 år

Sveen

17.2.49

 

25.3

Thore Haggensen

Næset

59 år

Sveen

18.2.49

 

25.3

Aaseline Olsdatter

Vixøe

1 år

Sveen

18.2.49

 

29.4

Kari Persdatter

Eltravaag

65 år

Sveen

20.2.49

 

29.4

Gottschalk Endresen

Aarstadleite

50 år

Sveen

20.2.49

 

22.6

Knud Larsen

Afløbet

78 år

Sveen

20.2.49

22.2

 

Ragnilde Mattiasd.

Fagerland

53 år

Valestrand

21.2.49

 

25.3

Tosten Gjertsen

Skiftestad

81 år

Sveen

21.2.49

 

25.3

Anna Christensd.

Skiftestad

67 år

Sveen

22.2.49

 

9.4

Jacob Jacobsen

Søre Waage

48 år

Sveen

22.2.49

 

29.4

Stephen Olsen

Eltravaagnæs

1 år

Sveen

22.2.49

 

4.5

Marthe Gregoriusd.

Westvig

84 år

Moster

24.2.49

 

25.3

Gjert Tostensen

Kind

55 år

Sveen

24.2.49

 

25.3

Peder Pedersen

Qvalvaag

1/2 år

Sveen

25.2.49

 

25.3

Gunvor Johannesd.

Skiftestad

45 år

Sveen

25.2.49

 

29.4

Rasmus Johanness.

Aase

48 år

Sveen

1.3.49

 

29.4

Knud Endresen

Tvedte

45 år

Sveen

1.3.49

5.3

 

Jacob Pedersen

Øvre Valen

39 år

Valestrand

2.3.49

4.3

3.6

Randi Knudsdatter

Framnes

60 år

Vikebygd

2.3.49

4.3

3.6

Martha Osmundsd.

Framnes

57 år

Vikebygd

3.3.49

5.3

 

Haldor Haldorsen

Fagerland

18 år

Valestrand

4.3.49

 

9.4

Berge Størcksen

Lie

53 år

Sveen

4.3.49

 

29.4

Aliz Rasmusdatter

Aase

39 år

Sveen

5.3.49

5.3

3.6

Martha Olsdatter

Framnes

68 år

Vikebygd

6.3.49

 

25.3

Britha Halvorsdatter

Qvalvaag

70 år

Sveen

6.3.49

 

9.4

Anna Johannesd.

Lie

60 år

Sveen

6.3.49

 

9.4

Marie Danielsen

Rødmyhr

1 mnd

Sveen

10.3.49

 

9.4

Britha Baltzersd.

Grimstvedt

27 år

Sveen

Kjelde: Ministerialbok for soknepresten i prestegjelda Finnås, Stord og Fjellberg.

Personar frå andre prestegjeld som døydde av kolera i Sveio

Dødsdato:

Jordfesta dato:

Namn:

Alder:

Prestegjeld:

10.2.49

22.3

Johannes

56 år

Kvinnherad

10.2.49

22.3

Lars Hansen

29 år

Vik

11.2.49

22.3

Anders Olsen

38 år

Lærdal

12.2.49

22.3

Hans Hansen

49 år

Flekkefjord

12.2.49

22.3

Jacob Hansen

?

Egersund

13.2.49

22.3

Jens Knudsen Møller

51 år

Flekkefjord

13.2.49

22.3

Ole Olsen

21 år

Etne

13.2.49

22.3

Hans Jansen

28 år

Eid

20.2.49

22.3

Lars Sørensen

37 år

Askvold

Kjelde: Ministerialbok for soknepresten i Finnås prestegjeld.

Mange torde nok å håpe på at epidemien var over då det ikkje kom fleire koleradødsfall i dagane etter den 25. februar. Men etter tre dagars pause, starta den tredje og siste bølga av kolerasjuke. Den siste bølga tok livet av 11 personar i løpet av dei seks første dagane i mars. Det var personar av begge kjønn i alle aldrar. På Lie døydde eit ektepar, og på garden Framnes, som var ein del av Vikebygd sokn i Fjellberg prestegjeld, tok koleraen livet av tre personar. Det siste koleradødsfallet i Sveio fann stad den 10. mars 1849, men etter det var det heldigvis heilt slutt.

 

Korleis skulle koleralika takast hand om?

Folk var livredde for å kome i kontakt med koleralika. Ein trudde som tidlegare nemnt at smitten kom frå lika. Ein trudde at lika kunne smitte lenge, ja faktisk lenge etter at dei var komne i jorda. Derfor var det vanskeleg å få folk til å ta seg av alle dei døde og sørge for at dei blei gravlagde. Samstundes var folk naturleg nok redde for å ha dei døde kroppane liggande slik at dei spreidde den farlege smitten. Derfor stilte folk motvillige opp og sørgde for at koleralika blei gravlagde djupt nede i jorda.

 

I starten av 1830-åra blei Oslo sterkt råka av kolera. Epidemien fekk styresmaktene til å setje i gong fleire tiltak i heile landet. Tiltaka skulle gjere alle distrikta i heile landet i stand til å kunne tekle nye koleraepidemiar. Alle kyrkjesokn fekk i oppdrag å opprette såkalla sunnheitskommisjonar. Desse skulle tre i kraft og iverksetje dei naudsynte tiltaka dersom katastrofen trua. Styresmaktene kom og med nye forskrifter for korleis koleralika skulle takast hand om. Kista skulle lagast av tjukke bord og måtte vere heilt tett. Dessutan skulle kista smørjast med tjære på innsida. Det var viktig at lika kom i kista straks etter at dei var døde, og kista måtte lukkast med ein gong. Alle seremoniar i samband med gravferda var forbodne.

 

I forskriftene for koleragravferder står det: «Sørgestue forbys, og til Begravelsen må ikke tillades andre eller flere end som behøvedes for at bringe Liket til Graven og deri nedsænke det. (...) Ei heller maa Likene underveis til deres Gravsted føres ind i eller gjennom Kirke eller anden Bygning. Likene bør i Regelen kjøres og kun i nødstilfelle bæres til Graven.» Slik vegane såg ut i Sveio på denne tida, så var det ikkje mogleg å unngå at likkistene måtte berast til gravplassen.

 

Koleragravplassane

Koleralika skulle gravleggast på eigne avskjerma avdelingar på kyrkjegarden, og det måtte vere minst 50 alen mellom gravene og kyrkja eller mellom gravene og bustadhus. Kykjegarden måtte og ha nok tørr jord. Dessutan skulle koleragravene vere minst fire alen, altså 2,5 meter, djupe. Dersom desse krava ikkje kunne oppfyllast, måtte det lagast eigne koleragravplassar. Kyrkjegarden i Sveio var så godt som full i 1848, og det var ikkje mogleg å legge koleragravene langt nok vekke frå kyrkja. Dessutan var jorda ingen stader på kyrkjegarden djup nok til å grave ei grav som var fire alen djup. Det måtte med andre ord lagast nye kyrkjegardar for å imøtekome styresmaktene sine krav.

 

Sigurd Tveit har funne ut mykje om koleragravplassane i Sveio. Han skriv om tre slike gravplassar i boka «Vandring i nærmiljøet.» Alle tre ligg ved sjøen på vestsida av Sveio, og alle tre ligg i nærleiken av viktige hamner for vårsildfiskarane. Plasseringa er neppe tilfeldig. Sunnheitskommisjonane var så framsynte at dei såg for seg at det var i desse hamnene koleraen ville bryte ut under vårsildfisket.

Den mest kjende av kolerakyrkjegardane i Sveio ligg i Leirvåg innerst i Valevågen. Dette er gravplassen som gav Fartein Valen inspirasjon til å skrive det kjende musikkstykket «Kirkegården ved havet». Her ligg fem av dei seks personane frå Valestrand som mista livet under koleraepidemien. Denne gravplassen er restaurert, og han blir teken godt vare på. Flyttar me oss sørover, så finn me neste koleragravplass i Auklandshamn. Denne gravplassen er ikkje vigsla, og han blei aldri teken i bruk. Av presten sine protokollar ser me at Øklands-gardane så godt som blei sparte for koleraen. Berre to personar frå dette området døydde, og ein av desse døydde under vårsildfisket lengre sør.

 

Kyrkjegarden i Mølstrevåg

Den neste koleragravplassen ligg ikkje uventa i Mølstrevåg, som var ei av dei viktigaste hamnene for vårsildfiskarane. Sigurd Tveit skriv at eldre folk han snakka med fortalde at ingen frå Sveio var gravlagde i Mølstrevåg, men at eit utanlandsk skipsmannskap på 30 mann som omkom under koleraepidemien ligg gravlagde her. Etter å ha granska fleire ulike kjelder, kan eg ikkje finne noko som er nedskrive om eit slikt skipsmannskap. Derfor er det lite sannsynleg at det ligg utanlandske sjøfolk på koleragravplassen i Mølstrevåg.

 

Kven er det då som ligg gravlagde på denne gravplassen? Me veit heilt sikkert at gravplassen blei laga tidleg på nyåret i 1849, og me veit at gravplassen blei nytta under koleraen. Eit notat frå 1884 i presten si kallsbok stadfestar dette. I dette notatet står det at kolerakyrkjegarden låg i kaptein Simonsen si utmark. Gravplassen sin lengde var 19 meter, og breidda var 9,45 meter. I kallsboka står det at gravplassen blei nytta så lenge koleraepidemien herja i soknet. Det står ikkje noko om kor mange som vart gravlagde her, eller kven det var som vart gravlagde her. Vidare står dette i kallsboka: «Denne Gravplads var først hegnet med en Grøft, men da denne paa den ene Side paa Grund af et Fjeld ikkje fredede, lod Kaptain J. Simonsen for egen Regning opføre et tilstrækkeligt høit Stengjerde paa den ene Side og de andre tre Sider beplante med 2 Rader Hvidtorne, som han senere har Aarligt tilseet ved Vanding og Gjødsling. Den er dyb og tør». Simonsen skal og ha sett opp ein jernport i inn-gongen til kyrkjegarden. I følge Sigurd Tveit var det Kaptein Simomsen si kone, Gurine, som sto for stellet av kolerakyrkjegarden.

 

Steingarden i øvre kant av koleragravplassen i Mølstrevåg. Det var kaptein Johannes Simonsen som laga steingarden ein gong rundt 1870 og fekk sett inn jernport. Kona hans, Gurine, planta hagtornhekk rundt resten av kyrkjegarden. Denne hekken skal ho ha vatna, gjødsla og stelt så lenge ho levde. Ho døydde i 1901. (Foto: Sverre Halleraker)

Kolerakyrkjegarden i Mølstrevåg ligg på ein gammal husmannsplass med namnet Brattestøtreet der den opphavlege Paddevegen endar ved sjøen. Steingarden i øvre kant av kyrkjegarden er i relativt god stand, og det er ennå tydelege merke etter grøfta rundt resten av kyrkjegarden. Grøfta skulle halde husdyra som beita i utmarka borte. Me finn og restar av hagtornhekken som blei planta for å verne gravplassen enda betre. Den gamle kyrkjegarden ligg i eit område som er prega av naust og fritidsbustadar og ein traktorveg passerar steingarden faretruande nær. Det som likevel gir størst grunn til å uroe seg, er at kyrkjegarden ligg i eit område som på kommunen sin reguleringsplan er regulert til fritidsbustadar. Her må ein vere på vakt og sikre seg at dette verneverdige kulturminnet ikkje går tapt.

 

Me veit at koleraen tok livet av 30 personar i Sveio sokn. Då har me rekna med dei ni fiskarane frå andre prestegjeld som omkom i Sveio. Sidan den gamle kyrkjegarden i Sveio ikkje tilfredsstilte styresmaktene sine krav til å gravlegge koleralik, skulle ein tru at alle som døydde av koleraen i Sveio ligg gravlagde i Mølstrevåg. Slik er det ikkje. Folk viste sterk motstand mot å bruke dei nye koleragravplassane. Dei ville helst bruke dei ordinære kyrkjegardane. Kolerakyrkjegardane måtte lagast til på svært kort tid, og som me les i kallsboka så var det ikkje så mykje som ein steingard rundt kyrkjegarden i starten. På Espevær viser protokollane frå lasarettet at det i hovudsak var dei tilreisande fiskarane som blei gravlagde på koleragravplassane. Dei som høyrde heime i Bømlo sokn blei stort sett gravlagde på kyrkjegarden i Langevåg. Instruksen frå styresmaktene sa at koleralika ikkje skulle fraktast slike lange avstandar.

 

Enda ein kolerakyrkjegard

Soknepresten i Finnås skreiv ikkje i protokollen kvar dei døde blei gravlagde, men dei ni tilreisande fiskarane blei heilt sikkert gravlagde i Mølstrevåg. Det er lite sannsynleg at gardane som låg langt borte frå Mølstrevåg bar kistene med koleralika heilt til Mølstrevåg. Kor ligg så dei 21 personane frå Sveio sokn som døydde av koleraen? Svaret finn me i kallsboka. Der skreiv sokneprest Aall i 1884 om ein annan kolerakyrkjegard i Sveio, nemlig kyrkjegarden i utmarka like vest for garden Sveio sitt bøgjerde. Denne kyrkjegarden ligg i nedre kant av Fjellstad, like vest for riksvegen. I kallsboka står det at denne kyrkjegarden blei teken i bruk som kolerakyrkjegard i 1849, og at kyrkjegarden etter at epidemien var over blei nytta som gravplass heilt til den nye kyrkjegarden på Bjelland sto ferdig i 1878. Sidan kyrkjegarden ved Fjellstad gjekk over til å bli soknet sin nye gravplass etter koleraepidemien, er det ingen som har snakka om denne kyrkjegarden som kolerakyrkjegard i ettertid.

 

Det var på denne nye gravplassen dei fleste av offera for koleraepidemien i Sveio blei gravlagde, men blei ikkje dei døde som kom frå gardane i nærleiken av Mølstrevåg gravlagde i Mølstrevåg? Presten sin protokoll over døde og gravlagde tyder ikkje på det. Det er lite truleg at presten utførte såkalla jordfestingar på meir enn ein kyrkjegard same dag. Derfor ligg nok alle med same jordfestingsdato på same kyrkjegard. Soknepresten jordfesta koleraoffera i Sveio sokn på fem ulike dagar. Den 22. mars blei dei tilreisande fiskarane jordfesta på kolerakyrkjegarden i Mølstrevåg. Tre dagar seinare blei 8 nye koleragraver jordfesta. Mange av desse var frå gardar langt borte frå Mølstrevåg, derfor ligg dei truleg på kolerakyrkjegarden ved Fjellstad. Mange av dei fem som blei jordfesta 9. april og dei sju som blei jordfesta 29. april høyrde og heime i dei indre delane av Sveio. Derfor ligg truleg heller ingen av desse gravlagde i Mølstrevåg.

Den siste jordfestinga av koleralik fann stad så seint som 22. juni. Denne dagen blei Knud Larsen frå Avløpet jordfesta. Dette var same dagen som koleragravplassen i Mølstrevåg blei vigsla av soknepresten. Som me veit så er Avløpet nabogarden til Mølstrevåg. Derfor er det mykje som tydar på at Knud Larsen var den tiande og siste som vart gravlagd på kolerakyrkjegarden i Mølstrevåg.

 

Oppsummering

I denne artikkelen har eg prøvd å sjå nærare på kva som hende i løpet av dei dramatiske vekene kor koleraepidemien herja i Sveio. Eg har prøvd å bruke historiske kjelder som er til å lite på, og ved hjelp av desse har eg etter mi meining funne mange nye opplysningar om kolerasjukdommen, dei som døydde av koleraen og om kolerakyrkjegardane i Sveio. Det er mitt håp at nye opplysningar om denne dramatiske delen av historia vår, kan føre til at kolerakyrkjegarden i Mølstrevåg blir restaurert og gjort tilgjengeleg for folk. Kva med å rydde den gamle gravplassen, setje opp ny jernport og plante ny hekk av hagtorn? Vegen til kyrkjegarden bør skiltast frå riksvegen, og det hadde vore fint med oppslag som fortalde historia om koleraepidemien i Sveio og om kolerakyrkjegarden. Den gamle kyrkjegarden er eit kulturminne me må ta vare på, og gjennom historia om koleraepidemien blir slike kulturminne interessante for folk.

 

 

Kjelder:

-Ministerialbok for presten i Finnås, 1836-1850.

-Ministerialbok for presten i Stord, 1841-1861.

-Ministerialbok for presten i Fjellberg, 1835-1851.

-Journal frå koleralasarettet på Espevær.

-Kallsbok for presten i Sveio.

-Bjørn Davidsen, «Da koleraen herjet i Norge», 2003.

-Nysæter, Egil, «Koleraepidemien i Sunnhordland 1848-1849», Årbok for Sunnhordland 1982.

-Sigurd Tveit, «Då koleraen herja i Sveio», Årbok for Sunnhordland 1982.

-Sigurd Tveit, «Vandring i nærmiljøet», 1989.

-Simom Steinsbø, «Bygdebok for Sveio» (bind 1, 2 og 3), 1986 og 1987.