Dei levande døde

Dei levande døde


Historia om dei spedalske i Sveio



Av Sverre Halleraker

Den knuta forma for spedalskhet, eller den lepromatøse forma, var den forma som utvikla seg raskast. Dei sjuke fekk knutar og klumpar i ansiktet, på hendene, og på føtene. Dei sjuke måtte gjennom mykje smerte og liding før sjukdomen tok livet av dei. (Foto: Lepramuseet i Bergen)

Ein ung mann som er angripen av den glatte forma for spedalskhet, eller den tuberkuloide forma. Dei sjuke mista kjensla fleire stader på kroppen, og muskulaturen kunne bli lamma. Kroppsdeler blei deformerte, eller kunne rotne bort. Denne mannen har lamma ansiktsmuskulatur, og brusken i nasen er øydelagd. (Foto: Lepramuseet i Bergen.)

Innleiing

«Me tok om bord fire eller fem spedalske på veg til hospitalet i Bergen. Eit stykke oljelerret var blitt spent opp for å verne dei mot regnet; dei sat på dekk, dei andre passasjerane unngjekk dei der dei sat som eit bilete på sjukdom og skam. Ein av dei var ein gut på fjorten, i ansiktet hans var nokre vorteliknande utvekstar begynt å kome til syne, medan ei kvinne som såg ut som om ho var hans mor, var skrekkeleg oppsvulma og misdanna. Ein mann sat framoverbøygd med hovudet mellom knea og prøvde å skjule den fura og klumpete massen av blått kjøtt som ein gong hadde vore eit menneskeleg ansikt. Dei typane av spedalskhet og liknande sjukdommar som eg har sett i Østen og tropiske land, er ikkje på langt nær så grufulle. For desse stakkarane fanst det ikkje noko håp. Nokre år, meir eller mindre, med eit liv verre enn døden, var alt dei kunne sjå frem mot.»


Denne skildringa kjem frå den amerikanske forfattaren Bayard Taylor, som gjorde ei antropologisk reise gjennom Noreg i 1857. Samtidige skildringar av dei som blei råka av denne grufulle sjukdommen er heller sjeldne. Spedalskhet var ein skamplett for det moderne Noreg, og sjukdomen blei på mange måtar tabu.  Medan spedalskhet var i ferd med å bli utrydda i dei fleste europeiske land, opplevde Noreg ei kraftig oppblomstring av sjukdomen mange stader, særleg i kyststroka av Vestlandet. Dei spedalske måtte gå gjennom endelause lidingar, før dei til slutt døydde av sjukdomen. Sjukdomen skulle skjulast, og det var forbunden med stor skam å ha spedalske i familien.


Sveio ligg i eit område kor det var mange spedalske på 1800-talet, og i 1856 blei det oppretta eit landsomfattande register over dei spedalske i landet. Eg har studert dette registeret, og dessutan andre historiske kjelder for å finne ut kven dei spedalske i Sveio var. Det viser seg at talet på spedalske i Sveio faktisk var mykje høgare enn talet i registeret. Min studie avslører at det var så mange som 112 spedalske på 1800-talet i det området som no utgjer Sveio. Dette plasserer oss i same kategori som det hardast råka området i landet, nemleg Sunnfjord i Sogn og fjordane. I denne artikkelen skal du få vite kven dei spedalske i Sveio var, kvar dei budde, og korleis det var å leve som spedalsk. For å kunne danne oss eit riktig bilete av dei spedalske i Sveio, må me først setje oss litt meir inn i sjukdommen. Me skal finne ut korleis denne fæle sjukdomen arta seg, kva som var årsaka til sjukdomen, og kva ein gjorde for å få bukt med sjukdomen.


Urein eller spilt

Spedalskhet går under fleire ulike namn. Det medisinske namnet er lepra, som kjem av namnet på bakterien som er årsaka til sjukdomen. På engelsk blir sjukdomen kalla Hansen’s disease, etter den norske legen Gerhard Henrik Armauer Hansen som oppdaga leprabakterien. På folkemunne gjekk sjukdomen ofte under spill-sjuka, og dei spedalske blei kalla spilte. Det er fleire forklaringar på dette namnet, og det har vore hevda at det kjem av å ha blitt sendt til hospitalet. Hospitala som ein då refererer til er institusjonane som tok imot mange av dei spedalske. Det blir og hevda at årsakssamanhengen er omvendt, altså at ordet hospital kjem av at det var her ein tok seg av dei som var spilte. Spilt kan også tyde øydelagd, altså noko som går til spille. Dei spedalske blei også kalla ureine. Dette ordet gir både assosiasjonar til at sjukdomen skuldast dårleg hygiene, og til at ein er urein i religiøs forstand, altså at sjukdomen var ei straff frå Gud som råka dei som ikkje levde livet slik Gud ønska.


Sjukdomen har ei lang historie i Noreg. Vikingane var dei første nordmenn som kom i kontakt med spedalske, og på 1000-talet var sjukdomen komen til Noreg. I Middelalderen auka talet på spedalske i heile Europa. Dei spedalske blei utstøytte frå samfunnet, og mange blei plasserte på eigne anstaltar, eller hospital, drivne av den katolske kyrkja. Den mest kjende institusjonen for spedalske i Noreg, er St. Jørgens hospital i Bergen, som blei oppretta ein gong på 1400-talet.


På frammarsj

På 1600-talet var ein så godt som kvitt sjukdomen i dei fleste land i Europa, men ikkje i Noreg, på Island, i Hellas, Spania, Portugal, og heller ikkje i dei baltiske landa i Aust-Europa. I Noreg auka talet på spedalske på 1700-talet, og i starten av 1800-talet heldt talet på spedalske fram med å stige. I 1836 blei det rapportert inn 656 spedalske i Noreg, og talet på sjuke var stigande. I 1845 var det 1122 spedalske i Noreg. Styresmaktene starta no å diskutere tiltak mot sjukdomen, og sjukdomen berre auka og auka i omfang. I 1853 blei det registrert 1782 spedalske i Noreg, og i 1856 var talet på spedalske heile 2850.


Det var kyststroka vest og nord i Noreg som var hardast råka av sjukdomen, i tillegg til enkelte stader i Trøndelag og Nordland. Nordhordland og Sunnfjord var dei områda kor størst del av befolkninga var spedalske, men Sunnhordland var også hardt råka, medan sjukdomen var mindre utbreidd lenger sør og aust i landet.


Endelaus smerte

I starten kunne sjukdomen vere vanskeleg å skilje frå andre sjukdomar som var vanlege på 1800-talet. Det første teiknet på spedalskhet var som regel at ein kjende seg fullstendig utmatta. Ein kjende seg veldig tung og slapp i heile kroppen. Deretter fekk ein blemmer og sår ulike stader på kroppen. Blemmene gjekk ikkje vekk, og såra ville ikkje gro. Det var særleg på hender og føter at desse blemmene og såra dukka opp. I starten prøvde ein å skjule symptoma så godt som det let seg gjere, men etter kvart blei funksjonsevna så mykje nedsett at ein ikkje greidde å skjule sjukdomen for dei næraste.


Det er vanleg å skilje mellom to former for spedalskhet, nemleg glatt spedalskhet og knuta spedalskhet. Den glatte forma for spedalskhet blei sett på som ein mildare og mindre alvorleg. Var ein angripen av denne forma for spedalskhet utvikla sjukdomen seg seinare, og ein kunne leve med sjukdomen i tretti til førti år, men dei fleste døydde mykje tidlegare. I starten var symptoma like for begge formene for spedalskhet, men typisk for den glatte spedalskheten var at huda over heile kroppen blei høgsensitiv. Den lettaste forma for berøring kunne gi intens og stikkande smerte.


Heile sjukdomsbiletet er prega av endelause smerter og ein gradvis forverring av tilstanden. Etter kvart fekk ein raude og brune flekkar på huda ulike stader på kroppen. Huda blei stiv og læraktig rundt flekkane, og ein mista etter kvart kjensla i huda. Huda i ansiktet, og på hender og føter blei først råka. Etter at ein hadde mista kjensla i huda, blei muskulaturen lamma. Når muskulaturen i ansiktet var lamma, kunne ein ikkje bevege munnen, og det blei vanskeleg ete, og ein greidde ikkje å snakke. Ikkje nok med det. Samstundes som ein mista kjenslene i ansiktet, starta augo å tørke inn, og det enda med at ein mista synet. Etter at kjenslene var borte i hender og føter, starta fingrar og tær å rotne bort, og til slutt var det berre stumpar att av hender og føter. Etter kvart som sjukdomen utvikla seg, blei også indre organ angripne, og når livsviktige organ blei råka, kom døden til slutt som ein frigjerar. Den endelause lidinga var slutt.


Klumpar og knutar, og væskande sår

Den knuta forma for spedalskhet blei sett på som den alvorlegaste forma. Her utvikla sjukdomen seg mykje raskare, og var ein angripen av denne forma for spedalskhet, kunne det heile vere over etter eitt år, men ein kunne leve opp til ti år med denne sjukdomsforma. I starten var symptoma dei same som for glatt spedalskhet, med at ein blei tung og slapp i kroppen, og at ein fekk blemmer og byllar. Det første symptomet som var vanskeleg å skjule, var at ein mista augebryna. Deretter fekk ein klumpar og knutar i ansiktet, og dessutan på hender og føter. Desse knutane var vonde og fulle av puss. Andre stader på kroppen kunne ein få væskande sår som ikkje ville gro.


Sjukdomen gjekk til angrep på brusken i kroppen, og dette førte til at nasen fell saman. Brusken i pusterøyret blei øydelagd, slik at pusterøyr og svelg snøra seg saman. Tunge og drøvel blei og angripen, og til slutt  blei livsviktige indre organ som lunger, lever, tarm, nyrer og milt øydelagd. Dei som var råka av denne sjukdomen fekk ofte ein smertefull og dramatisk død.


Straff frå Gud

På 1800-talet var synet på sjukdom var forankra i ei blanding av gamal overtru og religiøse førestillingar. Tanken om at Gud ville straffe dei som ikkje levde i tråd med hans vilje, sat djupt forankra i folkesjela. Det same gjorde tanken om at underjordiske djevelske skapningar kunne påføre menneske sjukdom og ulykke. Dersom ein ikkje var nok på vakt, kunne ein kome i nærkontakt med dei underjordiske. Særleg farleg var det å leggje seg til å sove på bakken. Då ville dei underjordiske kome og påføre deg sjukdom. Mange trudde at spedalskhet skuldas slik kontakt med dei underjordiske.


Det var det pietistiske idealet for livsførsel som prega bygdene i Sveio på 1800-talet. Hardt arbeid og from livsførsel var idealet, og Gud ville sørgje for at det gjekk godt med dei som greidde å leve etter dette idealet, medan det ville gå dårleg med dei som ikkje jobba hardt nok, og ikkje hadde ein from nok livsførsel. Sjukdom og død var den tydelegaste forma for straff Gud brukte mot dei som synda, og spedalskhet blei sett på som den verste straffa Gud kunne påføre eitt menneske. Ut frå dette religiøse grunnsynet, var det ekstra stor skam forbunden med det å vere spedalsk, eller det å ha spedalske i familien. Ikkje nok med at sjukdomen innebar uendeleg smerte, men sjukdomen var eit tydeleg vitnesbyrd om at ein var påført straff frå Gud på grunn av ein dårleg livsførsel.


Levemåte eller rase?

Det var lenge ei gåte kva som var årsakene til spedalskhet. Det var ikkje før i 1873 at den norske legen Gerhard H. Armauer Hansen kunne bevise at sjukdomen skuldast ein bakterie, og dermed altså at spedalskhet var ein smittsam sjukdom. Utdanna fagfolk og embetsmenn hadde ulike oppfatningar av kva sjukdomen skuldast. Mange knyta sjukdomen til bøndene sin usle levemåte. Gardane i kyststroka på Vestlandet, der kor ein opplevde den kraftige auken i talet på spedalske, var overfolka, og folk levde tett saman i små og dårlege hus. Dei hygieniske tilhøva var elendige, og smitte og sjukdom hadde gode kår.


Dessutan knyta mange sjukdomen til kosthaldet til bøndene på Vestlandet. Dei meinte at sjukdomen skuldast at bøndene åt for mykje feit fisk. Andre igjen meinte dei hadde observert at spedalskhet var hyppigast dei stadene kor folk åt mykje poteter. Nokre meinte at sjukdomen skuldast det fuktige og dårlege klimaet ein hadde på Vestlandet, medan kystbøndene på Vestlandet sin dårlege rase også blei trekt fram som ei forklaring på at det nettopp var her sjukdomen breidde om seg.

 

Teorien om at spedalskhet skuldast smitte, begynte å gjere seg gjeldande utover 1800-talet, men dette var før smitte blei kopla saman med bakterien. Teorien gjekk ut på at roten og dårleg luft inneheldt smittestoff, såkalla miasmar. Miasmane blei danna når organisk materiale rotna, og lufta blei ekstra farleg dersom ulike miasmar blei blanda. Ein trudde at desse smittestoffa var årsaka til mange sjukdomar, også spedalskhet.


Presten Peder Harboe Herzberg var sokneprest for Finnås prestegjeld, som også omfatta Sveio sokn,  på slutten av 1700-talet. Han skriv dette om kva han meinte var årsaka til spedalskheten i prestegjeldet sitt: «Sygdommens almindeligste Aarsag er den usle og skidenferdige Levemaade i det, deels saa megen fordærvet og ilde tillavet Mad spises der, verken tilstrækkelig er saltet eller kaaget, deels den urene og raadne Luft Folk idelig gjennemtrækkes med, saavel af deres urensede, fuktige, og for det meeste alt for trange Stuer, som at deres vaade og med Urenlighed af Fisk og Tran besmurte Klæder, som en aller offtest tørrer paa Kroppen, men og ihænger i deres Smaa Stuer, hvorved den raadne Luft forskrækkelig forøges, og lægger Grund for den Sygdom, der siden udbryder.”

Daniel Cornelius Danielsen (1815-1894.) Han var lege på St. Jørgens hospital, og var den første som forska systematisk på spedalskhet. Han meinte at han hadde bevise for at spedalskhet var arveleg. (Foto: Lepramuseet i Bergen.)

Gerhard Henrik Armauer Hansen (1841-1912). Legen som oppdaga leprabakterien i 1873. Han var lege på pleiestiftinga for spedalske i Bergen, og studerte smittestoff frå spedalske i mikroskopet, heilt til han til slutt greidde å sjå bakterien. Først då var det bevist at spedalskhet var ein smittsam sjukdom. Før dette var dei fleste fagfolk overtydde om at spedalskhet var arveleg, og altså ikkje kunne smitte frå person til person. (Foto: Lepramuseet i Bergen.)

Arv eller smitte?

Legen Daniel Cornelius Danielssen, som var den første som dreiv systematisk forsking på spedalskhet, meinte han kunne bevise at sjukdomen var arveleg. Forskinga hans viste at spedalskhet følgde bestemte familiar gjennom fleire generasjonar, og at folk frå desse familiane fekk sjukdomen sjølv etter å flytta bort frå heimstaden, og etter å ha levd lenge på stader kor dei ikkje kunne ha blitt utsett for smitte. Danielsen sin teori blei lansert i 1847, og stod seg som den mest truverdige forklaringa heilt fram til Armauer Hansen oppdaga leprabakterien i 1873.

 

Ved å studere leprabakterien greidde ein å løyse gåta om årsakene til spedalskhet, og brikkene i puslespelet fell på plass. Leprabakterien går til åtak på det perifere nervesystemet i kroppen. Nervecellene blir skada, slik at kommunikasjonen mellom cellene stoppar opp. Dermed sluttar cellene å gjere jobben sin. Blemmene og knutane skuldast ei opphoping av døde bakteriar som immunforsvaret har teke seg av, men som ikkje kroppen har greidd å kvitte seg med. Sjukdomen er smittsam, men i svært liten grad. Ein må vere utsett for store mengder smittestoff, og over lang tid, for å kunne bli smitta.


Smitten skjer gjennom dråpesmitte, og smittestoffa er som regel kroppsvæske frå nasen. Bakterien kan overleve utanfor kroppen i 36 timar, og smittestoffet kjem som regel inn gjennom luftvegane, eller gjennom opne sår i huda. Så mange som 95 prosent av befolkninga har eit immunforsvar som greier å uskadeleggjere leprabakteriane før det er blitt for mange av dei. Sjukdomen er arveleg i den forstand at det er genetisk betinga kven som ikkje har godt nok immunforsvar til å stoppe bakterien. Sjukdomen si inkubasjonstid kan variere frå nokre månadar og opptil tretti år. Med andre ord kan ein vere angripen av leprasmitten i mange år før sjukdomen slår til.


Overfolka gardar og elendig hygiene

Nyare forsking har dessutan vist at for lite protein i kosten auka risikoen for å bli sjuk. På 1800-talet steig folketalet raskt i heile landet, og det området som no utgjer Sveio kommune var eit av dei områda i landet som hadde størst auke i folketalet. Folketalet i dagens Sveio var cirka 1 500 i 1820. Femti år seinare var folketalet i dette området tett oppunder 4 000. Gardane var overfolka, og omlegginga frå kornproduksjon til potetproduksjon var avgjerande for å få nok mat på bordet til den stigande befolkninga. Poteta gav nemleg mykje større avling per sådde arealeining enn det kornet gjorde. Poteta, som ikkje inneheld protein, utgjorde ein stadig større del av matinntaket, medan kjøt og fisk, som inneheld mykje protein, utgjorde ein mindre del av kosten.


Den sterke folkeveksten auka også smittefaren. Folkeveksten førte til at folk budde mykje tettare. Fleire familiar, og fleire generasjonar måtte bu saman i små hytter og hus. Det var ikkje uvanleg at så mange som ti personar kunne bu saman i hus på rundt 30 kvadratmeter. Folk stua seg saman og sov saman fleire i same seng. Dei hygieniske tilhøva var elendige, og alt låg til rette for at leprabakterien kunne smitte frå person til person.

Me kan også finne ein samanheng mellom områda med mange spedalske og områda kor mange var med på vårsildfisket. Under vårsildfiskeriet samla  det seg store mengder fiskarar og sildearbeidarar på dei stadene kor sildestimane kom til land for å gyte. Fiskarane var med på vårsildfiske eit par månadar på seinvinteren, og dei levde svært tett saman på båtane, og alt låg til rette for spreiing av smittsame sjukdomar.


Kartlegging og isolasjon

Talet på spedalske i Noreg auka altså heilt fram til 1856. Dei sentrale styresmaktene såg alvorleg på auken i spedalskhet, og starta å diskutere tiltak som kunne få bukt med sjukdomen. På dette tidspunktet var det oppfatninga om at sjukdomen var arveleg som gjorde seg gjeldande, og tiltaka skulle hindre at sjukdomsgena skulle bringast vidare til nye generasjonar. Det var viktig med ei kartlegging av alle bygdene i heile landet for å oppdage og registrere familiar med spedalske.


Det blei drøfta kva ein skulle gjere med familiar som var berarar av spedalskhet. Det mest ekstreme forslaget gjekk ut på at desse familiane skulle tvangssteriliserast, men dette forslaget fekk ikkje gjennomslag. Til slutt kunne ein samla seg om eit vedtak som gjekk ut på at dei spedalske skulle isolerast på tre ulike måtar. Enten kunne dei isolerast på ein lokal institusjon, eller pleieanstalt, eller så skulle dei sendast til ein sentral pleiestifting. Dersom den sjuke kunne isolerast heime på ein forsvarleg måte, så kunne dei få fortsetje å bu heime. Det var viktig å få dei unge på trygt plasserte på institusjonane, for å hindre at desse skulle bringe spedalskheten vidare til nye generasjonar.


I 1855 blei det bestemt at det skulle opprettast «sunnhetskommisjoner» i alle prestegjelda i landet. Desse skulle reise rundt på gardane saman med distriktslegen for å registrere dei spedalske. Sunnheitskommisjonane jobba saman med fattigvesenet i kommunane, sidan mange av dei spedalske allereie var under deira omsorg. Det var flest fattige familiar som blei råka av spedalskhet, og spedalskhet førte ofte til at familiar hamna i fattigdom, på grunn av at dei spedalske blei ute av stand til å arbeide etter kvart som sjukdomen utvikla seg. Sunnheitskommisjonen kunne sende spedalske til institusjonar, mot deira eigen vilje, dersom dei ikkje kunne isolerast forsvarleg på heimstaden, og dersom dei var ute av stand til å kunne forsørgje seg sjølv.


Det blei oppretta tre sentrale pleiestiftingar for spedalske i Noreg. Allereie i 1857 stod «Pleiestiftelse nr 1» ferdig i Bergen. Denne moderne institusjonen kunne ta seg av 270 pasientar. I 1861 stod to nye nasjonale pleiestiftingar ferdig, nemleg Reknes utanfor Molde, med ein kapasitet på 160 pasientar, og Reitgjerdet utanfor Trondhjem, med ein kapasitet på 180 pasientar. Dei spedalske i Sveio som blei sende på institusjon, blei sende til Bergen. Der hadde ein i tillegg til «Pleiestiftelse nr 1» to andre institusjonar som tok seg av spedalske, nemleg «St. Jørgens hospital» med ein kapasitet på 150 pasientar, og dessutan «Lungegaardshospitalet» med ein kapasitet på 90 pasientar.


Be og arbeid

Det latinske uttrykket «Ora et labora», som tyder «Be og arbeid», stod som eit ideal for bondebefolkninga i Sveio på 1800-talet. Ein skulle leve gudfryktig, og ein skulle jobbe hardt. Arbeidet ein kunne utrette var livsviktig både for seg sjølv og andre. For dei fleste var det eit slit kvar einaste dag for å skaffe levebrød for seg og sine. Både gardsarbeidet og fisket innebar mykje hardt kroppsarbeid. Det var viktig å vere til nytte for andre, og det verste av alt var dersom du blei ein byrde for dei rundt deg. Det var ei stor skam å vere til burde for resten av familien, og det var ei stor skam å vere ei byrde for samfunnet, ved å måtte få støtte frå fattigvesenet.


Det at dei spedalske var ute av stand til å kunne jobbe, gjorde det enda meir skamfullt å vere spedalsk. Mange prøvde å skjule sjukdomen så lenge dei kunne, men smertene og symptoma var ikkje til å skjule etter kvart som sjukdomen utvikla seg. Då det blei offisiell politikk at dei spedalske skulle isolerast, blei det enda vanskelegare å leve som spedalsk i bygdesamfunnet. Dei spedalske var ein belastning for familie og samfunn, og dei kjende seg utstøytte frå bygdesamfunnet. Då sunnheitskommisjonen kom på besøk og identifiserte dei spedalske rundt om på gardane, kjende dei presset om å flytte til ein institusjon enda sterkare, og mange fann ut at dette var det beste for dei. Derfor reiste mange av dei spedalske av garde til ein av institusjonane for spedalske i Bergen, og mange valde å senda spedalske barn frå seg til institusjonane. Truleg ville dei aldri nokon gong få sjå dei igjen.


Fire hovudområde

Me skal no prøve å få ein oversikt over kven dei spedalske i Sveio var, og kor dei kom frå. I lepraregisteret finn me altså 50 spedalske frå Sveio. Dette talet viser seg å vere altfor lågt. Dei spedalske frå Valestrand er registrert under Stord heilt fram til 1870, sidan Valestrand låg under Stort prestegjeld. Dessutan høyrde Øklandsgrenda til Moster sokn i Finnås prestegjeld, og dei spedalske herifrå blei registrerte under Finnås. Det viser seg også at lepraregisteret ikkje har fått med alle spedalske. Ein gjennomgang av protokollen over døde i ministerialboka, avslører ein del spedalske som ikkje står i registeret. Mine granskingar viser altså at det i løpet av 1800-talet var så mange som 112 spedalske i det området som no er Sveio kommune. Me skal no finne meir ut om kven desse personane var.


Ser me på kartet over Sveio, finn me spedalske i dei fleste områda. Likevel er det nokre hovudområde som merkar seg ut. Her finn me mange spedalske. Dersom me startar i nord, så kan me kalle kysten av Valestrand, frå Haugsgjerd i nord, og til Straumøy i sør, for eit slikt hovudområde. Her finn me 28 spedalske. Ser me på dei einskilde gardane i dette området, så var det fire spedalske på kvar av gardane Einstabøvoll, Valen og Tveita. Går me sørover langs kysten, finn me Øklandsgrenda. Her var det 14 spedalske i eit relativt avgrensa område. På garden Økland finn me sju spedalske, medan det var fire på Eikeland. I tillegg til desse fire, har me tre spedalske personar som vaks opp på Eikeland, men som flytta til Moster i vaksen alder.

Dei raude flekkane på karte viser kvar dei spedalske i Sveio kom frå. Av kartet kan me sjå at det var fire hovudområde: Eit langs kysten av Valestrand, eit rundt Økland, eit ved Viksefjorden, og eit i dei indre områda av Sveio.

Følgjer me kysten vidare sørover, ser me at Viksefjorden er eit anna hovudområde. Her finn me 16 spedalske. På Søre Våge var det fire spedalske, medan det var tre spedalske både på Nordre Våge og på Birkeland. Det siste hovudområdet ligg i dei indre områda av Sveio. På stripa som strekk seg frå Lie, via Rød, og til Lier austre, fin me heile 24 spedalske. På garden Nonsli var det seks spedalske, på Lie fem, medan det var fire spedalske på Lier austre. Andre gardar som kan nemnast, er Emberland med fem spedalske, og Sveio og Mølstre, som begge hadde tre spedalske.


Flest unge som blei råka

Lista over dei spedalske frå Sveio fortel oss også kva tidspunkt dei ulike personane fekk sjukdomen. Me ser at utviklinga i Sveio var i tråd med utviklinga i resten av landet. Frå 1830 aukar talet på spedalske jamt heilt fram til 1860. Deretter går talet på nye sjukdomstilfelle kraftig ned. Lista over spedalske frå Sveio viser også at det var flest unge folk som fekk sjukdomen. Berre 20 prosent av dei spedalske fekk sjukdomen etter at dei var 40 år, medan heile 30 prosent fekk sjukdomen før dei var 20 år. Halvparten av dei spedalske blei altså sjuke medan dei var mellom 20 og 40 år gamle. Lista gir oss også svar på kor lenge dei spedalske levde. I gjennomsnitt korta sjukdomen livet med 25 år. 40 prosent av dei spedalske i Sveio døydde før dei var 40 år, og berre 13 prosent av dei spedalske blei meir enn 60 år gamle.


Nedanfor finn du lista eg har laga over dei 112 spedalske eg fann i det området som no utgjer Sveio kommune:

(Du kan rulle deg nedover i lista ved å bruke markøren i det svarte feltet til høgre)

Det blei bygd tre store sentrale pleiestiftingar for spedalske i slutten av 1850-åra. Styresmaktene bestemte at dei spedalske skulle isolerast, for å hindre at sjukdomen spreidde seg. Dette er Pleiestiftelse nr 1 i Kalfaret i Bergen. Denne stod ferdig i 1857, og kunne ta imot 270 spedalske. Det var hit mange av dei spedalske i Sveio blei sendt. (Foto: UiB)

Sendt til pleiestiftinga

Sunnheitskommisjonen forlanga at Margrethe Elisabeth skulle sendast til Pleiestiftinga i Bergen, og i 1863 måtte ho forlate heimstaden og den sjuke dottera si, og reiste til Bergen. Året etter blei også Sigrid sendt til Pleistiftinga. Då var ho 16 år gammal. Både mor og dotter blei varande der resten av livet sitt. Margrethe Elisabeth døydde 56 år gammal i 1867, medan det er uvisst kor lenge Sigrid levde.


Mange av dei spedalske i Sveio fekk same lagnad som Margrethe Elisabeth og dottera, og blei sende av garde til ein av institusjonane i Bergen. Heile 44 av dei 112 spedalske frå Sveio blei innlagde på ein institusjon. Før den moderne Pleiestiftinga stod ferdig i 1857, blei dei spedalske sendt til St. Jørgens hospital. I tidsrommet mellom 1833 og 1856 blei det sendt 13 spedalske frå Sveio til St. Jørgens. Det var unge menneske som blei sendt hit. Ti av dei var yngre enn 25 år, og fleire av dei var i tenåra.

Hans Jacob på Emberland

Me skal no sjå nærare på ein av familiane som blei hardt råka av spedalskhet.

På garden Emberland i Sveio budde Johannes Aanensen Emberland (1773-1835). Han gifta seg med Dorthea Hansdotter frå Bømmelhamn (1767-1847). Johannes og Dorthea fekk ti barn, men tre av dei døydde medan dei var små. Av dei sju barna som fekk vakse opp, var det tre som blei spedalske. Hans Jacob, som blei født i 1798, var nest eldst, og eldste son i søskenflokken. Han gifta seg med Malene Knudsdotter frå Årstad (f. 1808) i 1826, og same året fekk dei sonen Tollev. Dei fekk og sønene Johannes (f. 1830) og Knut (f. 1834).


I 1834 blei farsgarden delt i to, og Hans Jacob fekk den delen av garden som fekk bruksnummer 6. Det er mykje som kan tyde på at Hans Jacob var spedalsk allereie på dette tidspunktet, sjølv om det i registeret står at han fekk sjukdomen i 1850. I 1839 kravde nemleg Malene å få skilje seg frå Hans Jacob. Ein spedalsk ektefelle gav grunnlag for skilsmisse, og Malene reiste bort frå Emberland. Dei tre sønene blei buande hos Hans Jacob på Emberland, sjølv om han var spedalsk.


Gifta seg med ei spedalsk kvinne

Han greidde å drive garden heilt fram til 1849, då eldste sonen, Tollev, gifta seg og tok over garden. Hans Jacob var så sjuk på dette tidspunktet at han måtte pleiast, og det var truleg Tollev si kone som måtte ta seg av dette. Kona til Tollev var Eli Gurine Larsdotter (1827-1856) frå Søre Våge. Tru det eller ei, men Eli Gurine var spedalsk då ho gifta seg med Tollev. Ho fekk den grufulle sjukdomen allereie i 1841, då var ho 14 år. Her ser me altså eit døme på at ein frisk mann gifta seg med ei spedalsk kvinne. Det kan vere vanskeleg for oss å skjøne korleis dette kunne skje, men det var nok viktig for Tollev å få ei kvinne i hus som kunne ta seg av den sjuke faren. Sidan far til Tollev, Hans Jacob, var spedalsk, var det kanskje ingen friske kvinner som ville gifte seg inn i eit hus med spedalskhet.


Tollev og Eli Gurine fekk to barn, nemleg Malene (f. 1850) og Synneva (f. 1852), før Eli Gurine for alvor blei råka av sjukdomen, og døydde i 1856. Tollev sat då aleine med to små jenter, og faren, som blei dårlegare og dårlegare, før han til slutt døydde i 1860. Hans Jacob hadde altså to andre søsken som blei spedalske. Ein av dei var Johannes (1807-1845). Han blei ikkje gift, men fekk bygsle ein husmannsplass av broren. Johannes blei råka av den mest aggressive forma for spedalsket då han var 36 år gammal, og døydde av sjukdomen to år seinare.


Margrethe Elisabeth (1811-1867) var yngst i søskenflokken. Då ho var 25 år gammal måtte ho innsjå at ho var angripen av den alvorlege sjukdomen. Margrethe Elisabeth blei aldri gift, og budde hos ein av brørne sine på Emberland. Sjølv om ho var spedalsk, var ikkje livet hennar heilt fritt for romansar. Då ho var 37 år gammal, fekk ho ei såkalla uekte dotter med Steinar Kittelsen Gjerde, frå Tinn i Telemark. Den uekte dottera fekk namnet Sigrid, og ho fekk ein heller trist lagnad. Ikkje nok med at mor hennar var spedalsk, i 1862, då ho var 14 år gammal, blei det konstatert at også ho var spedalsk.


Hardt angripne på Nonsli

Me skal no bli kjent med to av familiane som måtte sende av garde barna sine til St. Jørgens Hospital. På garden Nonsli, som ligg aust for Haukås, var det altså seks spedalske. To av desse var barna til Ola Erikson (f. 1787) og Kari Pedersdotter (f. Bråtveit 1781). Ola og Kari fekk til saman fem barn, men to av dei døydde i første leveår. Eldste sonen deira, Peder (1814-1859) gifta seg med Oline Jacobsdotter Økland (1820-1907) og tok over bruket i 1842. Dei fekk sitt første barn, Karen Jacobi i 1846, men ho døydde same året som ho var født.


Året etter blei det konstatert at Peder var spedalsk. Eit år seinare fekk Peder og Oline sonen Erik, men også han døyde i sitt første leveår. To år seinare fekk dei dottera Ragna Caroline, og ho fekk leve opp og bli vaksen. Peder blei stadig hardare råka av sjukdomen utover 1850-åra, og i 1859 døydde han. Oline gifta seg opp att med Kjæran Jacobsen Våga, og dei fekk to døtrer som var friske og fekk leve opp. Peder hadde ein yngre bror, Bernt (1818-1872), som også blei spedalsk. Han blei spedalsk i slutten av 20-åra, og blei sendt til St. Jørgens hospital i 1852. Då var han 34 år gammal. Han budde på hospitalet resten av livet.


Sendte bort fire av barna sine

Under garden Nonsli finn me husmannsplassen Nonslitre. Denne plassen blei bygsla av Ola Johannesson Kvalvågnes (f. 1799). Han var gift med Margrethe Johannesdotter Vespestad (1797-1854). Dei fekk ti barn. To av desse barna, Isak og Oline, døydde i første leveår. Denne fattige husmannsfamilien blei særs hardt råka av den grufulle sjukdomen. Fire av barna deira blei spedalske før dei var vaksne. Lars (1827-1849) var nummer tre i søskenflokken. Han blei spedalsk allereie i barndomen, og i 1844, då han var 17 år, blei han sendt til St. Jørgens. Fem år seinare døydde han der.


Ragnhild (1831-1856) var nummer seks i søskenflokken. Ho hadde ei søster, Christi (1833-1852) som var to år yngre. Omtrent samstundes blei desse to jentene spedalske midt i tenåra, og i 1950 såg ikkje foreldra anna råd enn å sende begge to av garde til hospitalet i Bergen. Då var dei 17 og 19 år gamle. Christi døydde allereie i 1852, berre 19 år gammal, medan Ragnhild døydde fire år seinare, 25 år gammal. Me skulle tru at denne familien hadde måtta gå gjennom nok liding no, men også deira yngste dotter Oline (1841-1861) blei spedalsk allereie i 13-årsalderen. I 1856 blei også ho sendt av garde til St. Jørgens, og fem år seinare døydde ho 20 år gammal.


St. Jørgens hospital i Bergen. 13 spedalske frå Sveio blei sendt hit i perioden mellom 1833 og 1856. Blant desse finn me fire søsken i tenåra frå ein husmannsplass under Nonsli. (Foto Lepramuseet.)

Pleiarar, eller gangkoner, som dei og blei kalla, på St. Jørgens hospital ein gong i 1870-åra. (Foto: Lepramuseet.)

St. Jørgens hospital

Det var nok ei sjokkarta oppleving for dei fattige husmannsbarna frå Sveio å kome til St. Jørgens hospital i Bergen. I 1850 var det 150 spedalske pasientar på St. Jørgens hospital. Hospitalet var heilt fullt, og pasientane budde svært trongt. Dei måtte bu på små tomannsrom. Romma var berre fire kvadratmeter store. Barn og vaksne blei blanda saman på romma, og relativt friske pasientar kunne hamna på rom med dødssjuke pasientar. Det kosta 28 spesidalar å bli innlagd på St. Jørgens. Deretter var opphaldet gratis. Pasientane måtte i stor grad syte for seg sjølv, og dei fekk 28 skilling i veka til å kjøpe mat for.


Hospitalet hadde eit felles opphaldsrom. Der var det to store vedomnar til oppvarming. Her blei det fyrt flittig døgnet rundt. Dei spedalske hadde lett for å fryse, så mange flokka seg rundt omnane for å halde varmen. Det hende ofte at pasientane brann seg på omnen, utan at dei merka det, sidan dei hadde mista kjensla i huda. Lufta på hospitalet var tett og dårleg. Alle dører og vindauge var lukka, for at pasientane skulle halde seg varme. Stanken var ubeskriveleg, lukta av rotnande sår blanda seg med anna kroppslukt, og dessutan lukta av matrester som stod overalt, både på pasientane sine rom og i opphaldsromma.


Minimalt med pleie

Det var to kjøken på hospitalet, og her skulle pasientane lage sin eigen mat. Her var det alltid kaotisk, og det var ikkje mogleg å halde det reint og ryddig. Kosten bestod av enkel og billeg mat. Det gjekk mykje i spekesild, flatbrød, poteter, gammalost, og litt salt kjøtt. Pasientane satt og åt maten sin i opphaldsromma. Der satt og pasientar som stakk hol på dei betente byllane dei hadde på kroppen, medan andre satt og dreiv med årelating, for å kvitte seg med ureint blod. I opphaldsromma satt og pasientar som sysla med aktivitetar som kunne gi dei ein ekstra slant. Dei sydde sko, strikka, lagde svovelstikker, og dessutan spikka dei pinnar som blei brukte til å røyke pølser. Pasientane fekk gå rundt i byen for å selje tinga dei lagde.


Pasientane på St. Jørgens hospital fekk minimalt med pleie. Kvar og ein måtte syte for seg sjølv, men det var to gangkoner som hadde ansvar for å skifte og vaske sengeklede. Dei stod også for golvvask og klesvask, og dei måtte hjelpe dei sjukaste pasientane med det mest nødvendige. Tilhøva betra seg ein del etter at hospitalet fekk eigen lege i 1841.


Pasientane på St. Jørgens hospital budde på små tomannsrom. Romma hadde eit areal på fire kvadratmeter. (Foto: Lepramuseet.)

Opphaldsrommet på St. Jørgens hospital. Her sat pasientane på dagtid, så lenge dei var friske nok til å vere oppe. Her åt dei maten sin, her sysla dei med diverse handarbeid, og her sat dei og stakk hol på betente byllar, og fekk årelating for å kvitte seg med ureint blod. (Foto: Bergen bymuseum.)

Skilde ikkje mellom fattig og rik

Mange av dei som blei spedalske i Sveio høyrde til det nedre økonomiske sjiktet av bygdesamfunnet, men det er også fleire døme på at folk frå det øvre sjiktet blei råka av sjukdomen. Sjukdomen angreip vilkårleg, og skilde ikkje mellom fattig og rik. Det er fleire døme på at familiar som i utgangspunktet var godt stilte, hamna i økonomisk uføre på grunna av spedalskhet. Som eg tidlegare har vore inne på, så var tap av arbeidsevne katastrofalt i bondesamfunnet på 1800-talet. Det gjekk derfor oftast dårleg med familiar som blei råka av spedalskhet, og mange blei tvungne til å gå frå gard og grunn.


Hans Hansson Fjon (1827-1874) er eit godt døme på dette. Far til Hans var velståande, og utanom sjølve garden, så eigde han notbruk til vårsildfiske og ei kvern i Fjonaelva. I tillegg til å vere gardbrukar og fiskar, var han dreiar av yrke. Då Hans senior døydde i 1856, blei Fjon delt i tre bruk, og tre av sønene fekk kvart sitt bruk. Hans som var eldst fekk hovudbruket, som blei kalla «Stora-Fjon» (brn 1). Bror hans, Eiliv (f. 1830) fekk bruket med namnet Lyngbakken (brn 4), medan Endre (f. 1839) fekk bruket Litla-Fjon (brn 5).


Skulle ha vore på høgda av livet

I starten av 1860-åra blei Hans Hanson sjuk, og han mista etter kvart evna til å arbeide. I 1863 blei det konstatert at han hadde fått den glatte forma for spedalskhet. Situasjonen var sørgjeleg. Han var no 37 år gammal, og skulle ha vore på høgda av livet. Han hadde sitt eige gardsbruk, og han var gift med Marthe Gundersdotter (f. Nesheim 1828). Dei hadde borna Aasa Kristine på 7 år, Hans Theodor på 4 år og Ole Johan på 1 år. Livet som småbarnsfar på eit gardsbruk i 1860-åra kravde sin mann. Dessutan var familien avhengig av inntektene frå vårsildfisket kvar vinter, men Hans var for sjuk til å kunne ta del i dette.


I 1865 greidde ikkje den vesle familien å sitje med gardsbruket lengre. Hans selde garden til svogeren sin, og han fekk bygsle husmannsplassen Stølen, som låg under hovudbruket. På grunn av sjukdomen hadde familien no hamna i fattigdom. Som eg skreiv om i første del av artikkelen, så ville styresmaktene at dei spedalske skulle sendast bort frå gardane, og isolerast på ein av pleiestiftingane. Hans Hansson gjekk etter kvart motvillig med på å reise til pleiestiftinga i Bergen. Nyttårsaftan 1867 tok han avskjed med kone og barn og reiste med rutebåten til Bergen. Dei rekna nok ikkje med at dei nokon gong skulle få sjå kvarandre att. No måtte Marthe og dei tre barna greie seg aleine på den vesle husmannsplassen på Fjon.


Som å leve i eit fengsel

Hans skulle no tilbringe resten av livet sitt på den nye og moderne pleiestiftinga for spedalske som blei oppretta i Bergen i 1857. Dette var ein stor og romsleg institusjon, som var innretta med moderne fasilitetar. Bygningsmassen var på imponerande 3450 kvadratmeter. Institusjonen hadde innlagd vatn, og det var store spesiallaga vindauge rundt heile bygningen. Pleiestiftinga hadde plass til 270 spedalske pasientar. Trass i at dette var ein flott og moderne bygning, så trivdes ikkje pasientane på pleiestifting. Dei trivdes faktisk mykje betre på det gamle og kummerlege St. Jørgens hospital. Der hadde pasientane det mykje friare, trass alt.


Pleiestiftinga var bygd og organisert slik at pasientane i størst mogleg grad skulle isolerast frå omverda, og dessutan så skulle menn og kvinner skiljast frå kvarandre i to åtskilde avdelingar. Ein skulle hindre kontakt mellom menn og kvinner, for å hindre at dei spedalske kvinnene blei med barn. Det var ikkje lov for kvinner og menn å gå på besøk til kvarandre. Institusjonen var prega av streng disiplin og strenge reglar. Livet på institusjonen kunne opplevast som å leve i eit fengsel. Pasientane fekk ikkje lov til å forlate avdelinga si utan gyldig løyve, og permisjonssøknadane blei oftast avviste. Regelbrot blei straffa med husarrest på rommet, eller med reduksjon i maten.


Lita tid til å pleie pasientane

Soveromma på pleiestiftinga var på 25 kvadratmeter, og på kvart rom budde det sju pasientar. På kvart av romma var det vedomn, og dei hadde fri tilgang til ved. Kvar av fløyene hadde eit stort arbeids- og opphaldsrom, og dessutan ein matsal. Det var faste måltider for pasientane. Frukost var klokka 8.00, middag klokka 12.00, og klokka 19.00 var det kveldsmat. Klokka 20.30 skulle pasientane vere i seng, og det skulle vere ro på institusjonen. Mange pasientar klaga på maten. Dei meinte at dei fekk for små porsjonar, at det var for få måltid, og at maten smakte dårleg og var for einsformig. Det var typisk institusjonsmat pasientane fekk servert på pleiestiftinga. Til frukost var det som regel brødmat, til middag fekk dei kjøttsuppe eller grynsuppe, og til kvelds fekk dei som regel graut.


Innlegging og opphald på pleiestiftinga var gratis, men kvar bebuar måtte ha med seg to fulle sett med klede, og to sett med sengetøy. Transporten til pleiestiftinga måtte pasienten betale sjølv, og eventuell formue blei inndregen ved innlegging. Frå starten av jobba det 13 personar på pleiestiftinga. Fire gangkoner stod for alt reinhald, klesvask og sjukepleie. Dei budde på institusjonen, og måtte vere tilgjengelege heile døgnet. Det var ein lege på institusjonen, og dessutan vaktmeister, i tillegg til dei som jobba på kjøkenet. Gangkonene på pleiestiftinga hadde så mange oppgåver at det blei lita tid til å pleie pasientane. Den vesle behandlinga som blei gjeven bestod av varme bad, og av reinsing av huda ved hjelp av diverse kremar. Dessutan blei pasientane behandla med årelating, og med kopping av byllar og knutar.


Postkort frå 1908 som viser korleis «Pleiestftelse nr. 1 for spedalske» i Bergen såg ut. Den store bygningen ligg i Kalfarvegen. Hit blei 30 spedalske frå Sveio sende i åra mellom 1857 og 1892. Dei fleste var ungdomar eller unge vaksne då dei blei sende hit. Dette var ein moderne institusjon,  men livet på innsida var strengt, og dei stakkars bebuarane likte seg dårleg her.

Den yngste var ni år gammal

Hans Hansson Fjon mistrivdes på pleiestiftinga frå første dag, og etter å ha vore der i litt over ni månadar, rømde han den 8. oktober 1868, og reiste heim att til familien på Fjon. Der budde han, og blei pleia av kona, heilt fram til 1871. Då blei han igjen sendt til pleiestiftinga i Bergen, og i 1874 døydde han der, 47 år gammal.


Hans Hansson Fjon var ein av 30 spedalske i Sveio som blei sende til pleiestiftinga. Dette var i hovudsak unge personar. Som me hugsar, så meinte styresmaktene at det var viktigast å få isolert dei unge på institusjonar, for å hindre at dei fekk barn, og spreidde sjukdomen til nye generasjonar. Det var ikkje før etter 1873 at ein visste at det var den smittsame leprabakterien som spreidde sjukdomen vidare. Den yngste frå Sveio som blei sendt til pleiestiftinga, var ein ni år gammal gut frå Mølstre. Elles så var det seks ungdomar i tenåra som blei sende, og åtte personar i 20-åra. Berre fire av dei frå Sveio som blei sende til pleiestiftinga var over 50 år gamle.


Trist lagnad

Me skal no stifte kjennskap til ein annan gard som blei hardt råka av spedalskhet, nemleg Einstabøvoll. Her skal me bli kjend med tre familiar, som alle var knyta saman av slektskap. Det som no er bruksnummer fire på Einstabøvoll, blei i 1810 delt i to bruk. På det eine bruket finn me Kjæran Janson Vik (1799-1876). Han var gift med Inger Knutsdotter (f. Vassli 1790). Ho hadde to born frå sitt tidlegare ekteskap, og dessutan ein steson som hennar tidlegare ektemann hadde med seg frå sitt tidlegare ekteskap. Kjæran og Inger fekk fire born, før Inger døydde i 1837. Kjæran gifte seg på nytt med Kari Reidarsdotter Ulveraker (1811-1884). Han fekk sju born saman med si nye kone, men deira eldste barn, nemleg Inger (1840-1866), fekk ein trist lagnad. Allereie då ho var ni år gammal blei det konstatert at ho var spedalsk.


Det var stesonen til Inger Knutsdotter, Pål Anderson (1778-1852), som blei eigar av det andre bruket. Han gifte seg med Britha Nielsdotter Vihovda (1779-1849). Dei fekk to døtrer, nemleg Martha (f. 1808) og Haldri (f. 1816). Omtrent samstundes som det blei konstatert at Inger var spedalsk, altså i 1840, viste det seg at også Britha hadde fått denne uhelbredelege sjukdomen. I 1849 døydde ho heime på garden.


Råkar ikkje jamt og rettferdig

Britha hadde altså do døtrer. Eldste dotter, Martha, gifta seg med Helge Kolbeinson Hystad (1803-1841), og dei bygsla husmannsplassen Nordatre under Einstabøvoll. Martha og Helge fekk fire born, og sorga var stor då det viste seg at to av døtrene deira fekk den frykta sjukdomen. Deira yngste dotter, Birthe (f. 1836), blei sjuk då ho var i sin grønaste ungdom. Ho var berre 18 år gammal, då det blei konstatert at ho var spedalsk. Sjukdom og ulykker råkar ikkje jamt og rettferdig, nokre blir mykje hardare råka enn andre. Det gjaldt altså denne ulykksalige familien. Også eldste dotter i familien, Grethe (1831-1896), fekk den frykta sjukdomen. Ho blei sjuk i vaksen alder, og flytta til Vassli, der ho var tenestejente, før sjukdomen gjorde henne heilt arbeidsufør. I 1874, då ho var 43 år gammal, gjekk ho med på at ho skulle leggjast inn på pleiestiftinga i Bergen. Der levde ho i 22 år, og døydde altså i 1896.


Me hugsar at styresmaktene sette i verk tiltak for å stoppe den fryktelege sjukdomen, som altså var på frammarsj i Noreg. I 1856 måtte alle prestegjelda opprette såkalla «sunnhetskommisjoner». Desse skulle besøke alle gardane kor det var mistanke om spedalskhet, for å registrere dei spedalske. Kommisjonen hadde mandat til å bruke tvang for å isolere dei sjuke, for å hindre at sjukdomen skulle spreie seg.


Ein fin sommardag i 1857

Sunnhetskommisjonen i Stord prestegjeld hadde fått høyre at det var spedalskhet på garden Einstabøvoll i Valestrand. I 1857 troppa dei derfor opp på garden, og forlanga å få undersøke alle som budde der. Det var ikkje til å skjule at både Inger og Birthe var angripen av sjukdomen. Motvillig måtte familiane deira akseptere at desse to unge jentene skulle innleggjast på pleiestiftinga i Bergen. Ein fin sommardag i 1857 pakka dei med seg sengetøy og klede, tok avskjed med familie og naboar, og reiste med dampskipet til Bergen. Inger var då 17 år gammal, og Birthe var 21 år gammal. På ein måte så var dei trass alt heldige. Dei hadde kvarandre, og fekk bu på same rom. Likevel blei livet på institusjonen ikkje til å halde ut for dei unge jentene. Etter ein kort periode på pleiestiftinga, greidde dei å rømme saman, og dei kom seg til slutt tilbake til familiane sine på Einstabøvoll.


Som tidlegare nemnt, var det altså mange som mistrivdes sterkt på den moderne institusjonen. I tillegg til desse to jentene, var det to andre frå Sveio som rømde frå institusjonen. Ein annan fekk løyve til å reise heim, medan ein fekk flytte til St. Jørgens hospital. For ein av dei spedalske frå Sveio som budde på pleiestiftinga, blei påkjenninga til slutt så stor, at han blei sinnsjuk. I 1873 blei han overført til byens «sindsygeasyl».

Alle dei spedalske frå Sveio som døydde på institusjonane i Bergen, blei gravlagde der. Som regel døydde dei, og blei gravlagde, utan at nokon frå familien var til stades. For mange blei dei spedalske viska bort frå familien då dei flytta til Bergen. Dei blei på ein måte «levande døde». Ingen familiar ville bli forbundne med spedalskhet, så spedalske familiemedlemmer skulle ikkje nemnast. Dessutan var det langt og kostbart å reise til Bergen på midten av 1800-talet. Også det gjorde det utfordrande for mange å halde kontakten med familiemedlemmene på institusjonane.


Eit lite snev av håp

Spedalskhet var ein sjukdom som ikkje kunne lækjast, og dei som blei sjuke døydde av sjukdommen etter ei tid. Det var altså vanskeleg å finne håp for dei som hadde fått sjukdomen. Likevel kunne ein høyre historier om personar som skulle ha blitt friske, og dei fleste av desse historiene kom frå spedalske som hadde reist til Amerika. Kor mykje hald det var i desse historiene, ja det kan diskuterast, men det kan i alle fall dokumenterast, at sjukdomen slutta å utvikle seg hos enkelte av dei spedalske utvandrarane. Mange meiner at dette heng saman med gunstige klimatiske tilhøve i dei områda i Amerika kor utvandrarane slo seg ned.


Nokre av dei som var råka av den grufulle sjukdomen fann eit lite snev av håp, då dei fekk høyre om spedalske utvandrarar som hadde blitt friske, og nokre tok mot til seg og la ut på den lange og strabasiøse reisa til den nye verda på andre sida av Atlanteren. I alt reiste fem spedalske frå Sveio til Amerika. Tre av desse reiste saman i 1857. Marthe Larsdotter Stueland (f. 1829) var ei av dei som reiste i 1857. Ho hadde fått den frykta sjukdomen før ho reiste, men trass i det, gifta ho seg med Jon Jensson Brattestø ei tid etter at ho kom til Amerika. Me veit ikkje så mykje meir om korleis det gjekk med Marthe i Amerika. Den andre spedalske i dette reisefølgjet, var Kari Clausdotter Grindheim (f. Eikeland 1829). Ho var like gammal som Marthe. Kari blei sjuk i 1852, då ho var 22 år gammal. Me veit heller ikkje korleis det gjekk med henne i Amerika.


Ein velståande mann

Hans Mathias Johannesson Lindås (1819-1859) tok med seg heile familien, som bestod av kone og sju barn, og reiste over til Amerika i 1857. Han var ein velståande mann som åtte verdifulle eigedommar, men sjukdom og ulykke råkar som kjent både fattige og rike. I 1852 blei det konstatert at han var spedalsk, og alternativet til å emigrere var å bli sendt til pleiestiftinga. Hans Mathias blei dessverre ikkje betre etter at han kom til Amerika, og i 1859 døydde han, 40 år gammal. Familien klarte seg godt i Amerika, men i 1860 blei også eldste dotter, Marthe (f. 1844), sjuk. Sjukdomen hennar utvikla seg raskt, trass i at dei hadde flytta til Amerika.


Anders Haldorsen Tjernagel (1851-1883) reiste og til Amerika då det viste seg at han var spedalsk. Han reiste ein gong i slutten av 1860-åra, men det gjekk ikkje så godt med han i den nye verda. I 1870 kom han heim att, og då han var 26 år gammal i 1877, let han seg leggje inn på pleiestiftinga. Der var han dei seks siste åra av sitt korte og smertefulle liv, og døydde der 32 år gammal i 1883.


Det gamle huset i Kvednadalen på Bråtveit. Den første som slo seg ned her, og rydda seg ein husmannsplass, var Svend Larsson Staupe. Han levde på mange måtar eit omflakkande liv. Hans eldste dotter, Ingeborg, blei spedalsk, og blei sendt til pleiestiftinga. I 1856 viste det seg at også Svend hadde fått den frykta sjukdomen. Tre år seinare tok han familien med seg og reiste til Amerika. Han hadde høyrd at spedalske hadde blitt friske etter å ha slått seg ned i det nye landet. Det gjekk ikkje så godt med Svend i Amerika, og i 1865 var han tilbake i Sveio. (Foto: Sverre Halleraker)


Kjelder:

- Lepraregisteret i Lepraarkivet

- Folketeljingar for Finnås, Sveio, Stord, Valestrand, Fjellberg, St. Jørgens hospital og Pleiestiftelsen for spedalske

- Ministerialbok for Finnås, Sveio, Stord og Fjellberg

- Pasientregister for St. Jørgens hospital

- Pasientregister for Pleiestiftelse nr. 1 for spedalske

- Pasientjournalar for Pleiestiftelse nr. 1

- Kallsbok for presten i Sveio

- Simon Steinsbø: Gards og ættesoge for Sveio

- Bjørn Godøy: Ti tusen skygger

Eit omflakkande liv

Den siste spedalske utvandraren eg vil fortelje om, er Svend Larsson Staupe (f. 1809). Han fekk bygsle husmannsplassen Slettavik på Staupe i 1829, og i 1831 gifta han seg med Guro Koldbeinsdotter Stue (Stord). Same året fekk dei dottera Ingeborg (1831-1878). Svend var ikkje trufast mot kona si, og året etter at han gifta seg og fekk sitt første barn, fekk han ei dotter med ei jente på nabogarden. Saman med kona si fekk Svend to barn til, men slik som han hadde stelt seg, så blei det vanskeleg å bu på Staupe. I 1835 flytta den vesle familien til Bråtveit. Der fekk dei bygsle eit stykke mark som dei rydda til husmannsplassen Kvednadalen. Eit år seinare døydde Guro, og det blei vanskeleg for Svend å sitje aleine med tre små barn på husmannsplassen på Bråtveit.


I 1837 flytta Svend frå Bråtveit, og fekk bygsle ein ny husmannsplass under garden Tveit i Sveio. Denne plassen fekk namnet Annekjærdalen. To år seinare gifta Svend seg på ny. Hans nye kone var Guro Ivarsdotter Alne. Dei fekk seks born saman. Problema var likevel ikkje slutt for Svend. I 1846 viste det seg nemleg at hans eldste dotter, Ingeborg, var spedalsk. Ho var då berre 15 år gammal. Om ikkje dette var nok, så begynte Svend å kjenne på skumle sjukdomsteikn sjølv. I 1856 var det ikkje til å skjule lenger, også Svend hadde fått den frykta sjukdomen. Sunnhetskommisjonen ville sende både Svend og dottera til pleiestiftinga, men Svend nekta å reise frå familien sin. Han måtte likevel gå med på å sende dottera si av garde i 1857.


Ville vekk frå heimbygda

Svend ville vekk frå heimbygda, og no var det Amerika som freista. I 1859 tok han familien med seg og reiste over. Det gjekk likevel ikkje så godt for han i Amerika, så i 1865 var han tilbake i Annekjærdalen. Under Amerikaopphaldet hadde han mista si andre kone, og trass i at han var spedalsk, så gifta han seg for tredje gong. Hans nye kone var Anna Marie, Ingemårsdotter (f. Nesheim). Dei fekk ikkje barn saman. Det kan ikkje ha vore så lett for den fattige husmannsfamilien. Ikkje nok med at Svend var sjuk, hans nest eldste dotter, Inger Karine, budde heime hos dei. Ho var ikkje gift, og ho hadde ikkje arbeid. Ho hadde stelt seg dårleg, og hadde tre uekte barn, med tre ulike menn. Det var Svend som skulle forsørgje desse og på den vesle husmannsplassen.


Du har no fått høyre historia til ein del familiar som blei råka av den fryktelege sjukdomen. Me har sett at det blei sett i verk strenge tiltak for å isolere dei spedalske, og utover 1860- og 70-åra viste desse tiltaka seg å vere svært så effektive. I 1870-åra såg ein nesten ingen nye tilfelle av sjukdomen. I 1884 skal det berre ha vore to spedalske att som budde i Sveio. Det var ei gardbrukarkone på Moldbrekke og ei gammal enke på Fagerland. Den siste spedalske personen frå Sveio døydde på pleiestiftinga i 1902. Det var ei ugift kvinne frå Vestvik. Ho var berre 29 år gammal då den frykta sjukdomen tok livet hennar.


Fortener å få fortelje si smertefulle historie

Dette var altså historia om dei spedalske i Sveio. Det er ein vond, men likevel viktig, del av vår nære historie. Mange har villa gløyme denne vonde historia, på same måte som dei spedalske blei gløymde, då dei blei sende bort på institusjonane, eller isolerte på gardane dei kom frå. Dei blei behandla som «levande døde». Sjølv om det kan vere ubehageleg, så synes eg at denne gruppa, som har måtta gå gjennom så mykje liding og urett, fortener å få fortelje oss som lever i dag deira smertefulle historie. Kvar og ein av dei har vore eit menneske med kjensler, draumar og håp for framtida. Samtida deira var full av stigmatiserande misoppfatningar, og mangelen på kunnskap gjorde at dei spedalske blei utstøytte frå samfunnet, og ofte fekk umenneskeleg behandling.


Det er med stor medkjensle og respekt eg har prøvd å setje meg inn i deira situasjon, og det er med stor beundring eg ser på motet dei har vist, og på måten dei har takla sin håplause situasjon på. Eg vil med denne historia heidre det altfor korte livet, og den altfor smertefulle livshistoria, til kvar og ein av dei spedalske som kom frå Sveio.