Sveio midt i silda-eventyret

Lokalhistorie frå Sveio

Sveio midt i silda-eventyret

Det store vårsildfisket på 1800-talet

 

 

Av Sverre Halleraker

Garnfiskarar i full sving med å trekke sildegarna utanfor Haugesund ein gong i slutten av 1860-åra. (Foto: Severin Malmin).

 

 

Innleiing

«Syner! Sildesyner! – Saa tidlig, før jul! Nu faar noen og enhver ute i fjorden fart paa seg. – Paa gaarder og plasser kom folk ut av husene og stod og kiket med haanden over øynene efter den. Det var ingen tvil. Syner! Sildesyner! – Jo lenger man kom ned imot Røvær, desto tettere ble baatstimen; det gikk med aarer under seilene – alle hadde hast. Skikkelser i skinnhyre steg opp paa toften og ropte over til hverandre om silden og sildesyner, om hvor og hvormange mil av land silden stod, om hvor innsiget nu ventes. Navn som Feøy, Veavaag, Ferkingstadøerne, Brandesund, Stolmen og Utsire suste i luften i alle bygdedialekter mellom Stavanger og Bergen. Larmen av de tusen aaretoller tiltok, eftersom man nærmet sig været hvor allmuen laa og ventet paa sildeinnsiget. Støyen ble bedøvende, farten steg, baatene kappes under aarerne, det gjaldt at komme først til fortøyningsplassene.»

 

Vårsildperioden

Sitatet er henta frå boka «Gaa paa» av Jonas Lie. Far hans var sorenskrivar i Sunnhordland frå 1846, og Jonas Lie fekk vere vitne til det eventyrlege vårsildfisket nokre av dei mest hektiske sesongane. Desse opplevingane blir skildra i boka. Vårsildfisket på 1800-talet er temaet for hovudfagsoppgåva mi i historie frå 1997. I oppgåva kjem det fram at vårsildfisket, og aktiviteten i kjølvatnet av fisket, førte til at kystbygdene på Vestlandet gjekk over frå naturalhushald til moderne pengeøkonomi tidlegare enn i resten av landet. Eg vil i denne og seinare artiklar prøve å vise korleis vårsildfisket sette sitt preg på Sveio på 1800-talet, og korleis investeringane og inntektene frå fisket var med på å endre levemåten til bøndene.

 

Åra mellom 1808 og 1870 blir kalla den store vårsildperioden. Ikkje noko fiskeri i heile Noregshistoria har vore i nærleiken av å ha like mange deltakarar som dette. På det meste tok over 50 000 personar del i fiskeriet, anten som fiskarar, transportørar eller som arbeidarar ved salteria. Me veit at Haugesund, nærast ut av ingen ting, voks fram til å bli ein livskraftig by rundt 1870. Dette skuldast det eventyrlege sildefisket i området. Det er lite kjent kor stor rolle det store vårsildfisket spela for Sveio-bygdene i same periode. Vestsida av Sveio låg svært sentralt plassert med tanke på kor silda sto lengst dei fleste åra.

 

Fangstane var eventyrlege, og fiskarane kunne tene store pengar. Dei beste åra blei det fiska rundt 800 000 tønner vårsild i dei hektisk vintervekene kor silda kom til land for å gyte. Bønder og bygdefolk tente godt på fisket, eller på å produsere tønner og anna utstyr til fiskarane. Inntektene frå fisket skapte etterspurnad etter mange varer. Det blei fart på handel og vareproduksjon i bygdene, og inntektene frå fisket skapte stor optimisme og investeringslyst på bygdene. Mange meinte at investeringane bar preg av spekulasjon og gambling, sidan ein ikkje kunne vite om silda kom i same mengde dei neste åra.

 

Frå Skudenes til Brandasund

Vårsilda kjem inn til kysten for å gyte i januar. I perioden mellom 1808 og 1870 kom silda i uvanleg store mengder, etter å ha vore borte i tretti år. Innsiga var uvanleg store og stabile. Hovudområdet for vårsildfisket strekte seg frå Skudenes i sør til Brandasund i nord. Silda kom først til Skudenes, for så å trekke nordover på begge sider av Karmøy. Deretter gjekk sildestimane, ofte jaga av spekkhoggarar og sei, forbi Feøy og Røvær og nordover Bømlafjorden til Tjernagel. Der snudde silda som regel og trakk sørover til Langevåg og Espevær. Det var i dette området silda sto lengst, opp til fleire veker, og det var her dei største fangstane blei tatt. Dei beste åra blei det fiska rundt 300 000 tønner i Finnås prestegjeld, som omfatta Bømlo og Sveio. Frå midten av 1850-åra trekte mykje av silda nordover til området rundt Kinn i Sunnfjord. Difor snakkar ein ofte om «Sørafeltet» og «Norafeltet.»

 

Fram til 1820 var fangstane små. Fiskarane var lite førebudd på dei store sildeinnsiga, og båtane og reiskapane var dårlege. Dei neste tiåra auka fangstane sterkt. Fram til 1820 blei det kvart år eksportert rundt 100 000 tønner vårsild. Deretter gjekk eksporten kraftig opp. I 1830-åra blei det årleg eksportert rundt 500 000 tønner. I 1846 kom eksporten over 700 000 tønner. Så gjekk det litt tilbake, men rundt 1860 nådde fisket toppen med ein årleg eksport på 800 000 tønner. Deretter gjekk det litt tilbake for å ta heilt slutt i 1870.

 

Alle var med

Fisket starta som regel i løpet av dei to første vekene i januar og varte til månadsskiftet mellom februar og mars. I Sveio rusta alle arbeidsføre menn seg ut for å vere med på vårsild-fisket. I 1845 skreiv futen dette: «I de fleste Egne i Søndhordland er det Tilfeldet, at om Vinteren i Almindelighed alle Mandfolk undtagen Oldinge og Børn, ere fraværene (borte frå garden) paa Sildefiskeri. Tjenestefolk betinge sig, naar de lade sig fæste (skriv tenestekontrakt) Tilladelse til at reise paa Fiskeri om Vinteren.» Mange kvinner, og særleg unge jenter, fekk jobb som ganejenter i saltebuene som blei bygde i dei gode hamnene. I 1868 var det 245 slike sildearbeidarar frå Sveen prestegjeld.

 

Fiskeflåten samlast for kvelden ved Røvær vinteren 1870. Båtane låg tett i tett i vågen for å få ly for vêr og vind. Fleire tusen fiskarar kunne oppsøke same hamn for overnatting. (Foto: Ole Olvik.)

Etter kvart blei det meir og meir vanleg at fiskarane overnatta i såkalla losjifartøy. Fleire garnlag og notlag gjekk saman og kjøpte eitt losjifartøy. I 1868 hadde Sveio-fiskarane 15 slike fartøy, og i kvart av desse skulle det sove rundt 30 mann. Fiskarane låg som sild i tønne. Det blir fortalt at det var heilt mørkt om bord i fartøya når fiskarane kom for å legge seg om kvelden. For å finne ledig plass til å legge seg ned på dørken, måtte dei kjenne med ein lang stav kor det var nok plass. Om morgonen skal lufta ha vore så tett, og inneheldt så lite oksygen, at det ikkje var mogleg å tenne ei fyrstikk.

 

Eventyrlege fangstar

Det var kamp om å få setje garna på dei beste plassane. Dei som kom først fekk feste garnlenkene i land, men mange måtte la garna drive fritt i sjøen. Det var stor fare for å miste garna. Mange av fiskeplassane låg vêrhardt til, og vinterstormane kunne komme ganske brått på. Mange garn blei og øydelagde, eller forsvann i havet, når notfiskarane gjorde kasta sine. Det oppsto mange konfliktar mellom garnfiskarane og notlaga på grunn av dette.

 

Kvar fiskar sette som kjent fire eller fem garn. Fiskarane sto opp med dagslyset for å trekke sildegarna. Fangstane varierte frå tomme garn til over ei tønne sild i kvart garn. Ei tønne skulle romme 480 sild. På ein god dag kunne altså eit garnlag få mellom 10 og 20 tønner sild i garna sine, eller mellom 5000 og 10 000 sild. Så snart silda var om bord i båten, var det om og gjere å få seld silda, medan ho ennå var fersk og fin. Oppkjøparane var på plass på fiskefelta med jaktefartøya sine. Dette var dei same fartøya som blei brukt til utskipinga av den ferdig salta silda til marknadsplassane i Austersjøen. Teljinga i 1868 viste at det dette året var 20 oppkjøpsfartøy heimehøyrande i Sveen prestegjeld. Desse fartøya hadde til saman eit mannskap på 77.

Oppkjøparane observerte garnfiskarane nøye medan garna blei dradd. Dei kom frå salteria i hamnene, eller det var mellommenn som kjøpte sild av fiskarane for så å selje til salteria. Forhandlingane var livlege og det blei pruta. Det var viktig for begge partane å få ein god avtale. Konkurransen kunne vere stor, og tida var knapp. Fiskarane måtte for all del ikkje bli sitjande att med fangsten når kvelden kom. Oppkjøparane freista fiskarane med brennevin for å få dei til selje til gunstigare pris. Marknadskreftene sørgja for at fiskarane fekk best betalt for silda når fangstane var små, mens dei fekk dårleg betalt når fangstane var store.

 

God forteneste

Vårsildfisket gav god forteneste for fiskarane dei fleste sesongane, men fortenesta varierte mykje frå år til år. Kostnadane for å ruste seg ut til ein fiskesesong var store. Krava til utstyr og reiskapar blei større og større etter kvart. Fiskarane måtte ha ein god og sjødyktig båt. Båtane som blei nytta kosta rundt 30 spd. Som nemnt delte fire til seks fiskarar ein båt. Kvart garn kosta 3 spd, og garna overlevde ofte ikkje så mange sesongar. Mange bønder laga garna sjølv av hamp dei kjøpte i Bergen, men etter kvart blei det meir vanleg å kjøpe ferdiglaga garn. Fiskarane måtte ha gode oljehyrer. Oljehyrene var laga av skinn og impregnerte med feitt eller olje. Dessutan måtte dei ha gode ullklede under oljehyrene. Fiskarane hadde med seg mat og drikke til ein verdi av ti spd. Alt i alt måtte fiskarane utruste seg for rundt 15 spd kvar sesong. Dette var mykje pengar på denne tida. For ein tenestedreng låg årsløna mellom 20 og 30 spd i 1850, medan tenestejentene tente mellom 10 og 15 spd i året.

 

Eit notlag halar fangsten om bord i båtane etter eit vellukka kast ein stad nord for Haugesund. (Ukjent fotograf.)

Fiskarane var villige til å bruke mykje pengar på å utruste seg til fisket, fordi utsiktene til forteneste var så store. Silda kom i store mengder år etter år i tiår etter tiår. Etter kvart tok fiskarane det for gitt at fangstane i åra som kom skulle bli minst like gode som i åra som hadde gått. Dei fleste fiskarane gjekk i pluss kvart år dei var med på fisket. Før 1830 var mange fiskarar nøgde etter å ha fiska nok til eige hushald. Etter 1830 gjekk utviklinga mot at fiskarane selde heile fangsten sin, og dei fleste var med heile sesongen. Vårsilda viste seg å vere for verdifull til å nyttast til eige konsum. Dei fleste venta til sommarsildfisket med å skaffe sild til eige hushald. Etter ein god sesong sat kvar garnfiskar att med mellom 25 og 50 spd. Med andre ord var fortenesta god. Notfiskarane kunne tene mellom 20 og 30 spd i gode sesongar, men dei slapp å investere i båt og eige fiskeutstyr. Dei fleste garnfiskarane var sjølv-eigande bønder, mens husmenn og dagløna var i fleirtal blant notfiskarane.

 

Tilverkinga av silda

«Der fulgte en egen Munterhet med Sildetrafikken, hvad det nu enten hang sammen med den livlige Spekulation, eller det var fordi man vidste, at nu var der Penger at tjene for Menigmand. Kanskje af begge Grunde, og kanskje ogsaa fordi der i saa stor Udstrekning ogsaa blev Arbeide for Kvinder. Når det ryktedes at Silden var kommet, blev der liv paa Pakk-boderne. Kvinderne ganet Silden under Latter og Sang, og Mændene saltet og pakket og fraktet Tøndene paa plads. Under Arbeidet med Kværkingen, især naar denne foregaar inne i Boderne, der om Kvelden er Oplyste med Lamper, hersker der en svære Stektakkel; alle disse Kvindfolk prate som om de ogsaa derfor fik god Betaling, og der høres en Sladder og en Sludder, saa uvilkaarlig maa tro at de Tusinder af Sild paa Gulvet ogsaa give et Ord med i Laget.»

 

Sitatet kjem frå ein journalist som observerte vårsildfisket på Espevær i 1842. Skildringa kunne like gjerne ha vore frå eit av dei mange sildesalteria som blei etablert i Sveio mellom 1820 og 1865. I denne artikkelen kan du lese om salteria som blei bygde i Sveio, dei som eigde salteria, og dei som jobba i salteria. Du kan og lese om korleis silda blei tilverka, og om vårsildeksporten til austersjølanda. Artikkelen viser korleis sildefisket, sildehandelen, og sildesaltinga sette sitt preg på levemåten til bygdefolket i Sveio på 1800-talet.

 

Som paddehattar

Silda måtte raskt bli tatt hand om på salteria. På 1700-talet, og fram til 1830, blei det aller meste av silda salta i Bergen eller Stavanger. Det var bykjøpmennene som sto for dette, og dei hadde sjøbuene sine i byane. Silda som blei fiska frå Torvastad og nordover blei frakta til Bergen, mens det som blei fiska lengre sør hamna i Stavanger. Enkelte Bergenskjøpmenn etablerte seg som landhandlarar og gjestgjevarar i nokre av dei beste hamnene langs skipsleia. Slike såkalla kremmarleier blei oppretta i Mølstrevåg, på Lyngholm og på Tjernagelholmen midt på 1700-talet. Her salta kjøpmennene sild fram til vårsildfisket svikta i 1780-åra.

 

Då vårsilda kom tilbake til områda rundt Haugesund og Bømlo, og fangstane nådde historiske høgder i 1820-åra, viste det seg å vere lite effektivt å frakte silda til Bergen. Det var viktig for kjøpmennene at salteria låg så nær fiskefelta som mogleg. Å ha salteri ute i fiskedistriktet hadde to store fordeler. Det blei lettare å kome tidleg til for å kjøpe sild av fiskarane. og kortare transport gjorde at silda var ferskare og hadde betre kvalitet. Ei hektisk byggeverksemd starta i området som no utgjer Karmøy, Haugesund, Bømlo og Sveio. Salteria nærast spratt opp som paddehattar langs kysten. I åra mellom 1820 og 1865 blei det reist over 1000 sjøhus til sildesalting i dette området. Det blei bygd flest sjøbuer på Karmøy, men desse var mykje mindre enn sjøbuene i Haugesund, Sveio og Bømlo. Ei saltebu i Sveio hadde i gjennomsnitt tre gonger så stor kapasitet som ei saltebu i Avaldsnes eller Skudenes.

 

«Lystighed og Kommers»

Så snart ei last med sild kom til salteriet, sette ganejentene og saltarane i gong med å tilverke silda. Eit salteri kunne ha opptil 30 arbeidarar. To jenter samarbeida om ganinga, eller kverkinga, som det og blei kalla. Dei skar bort noko av strupa og gjellene til silda med ein liten kniv. Dermed rann blodet ut, og saltet kunne trenge inn i silda frå innsida. Saltarane var oftast menn utan god nok helse til å vere med på fisket. Dei la den kverka silda flovis i tønner med salt og lake mellom kvart lag. Til ei tønne sild, gjekk det med to skjepper, eller ei kvart tønne, salt. Tønna blei fylt tre lag over kanten. Saltarane måkte sild til ganejentene, henta nye tønner, og frakta bort fulle tønner. Etter to dagar hadde tønna sett seg, og dikselmannen sette på lokket. Det var viktig at dette blei gjort skikkeleg for at ikkje laken skulle lekke ut.

 

Arbeidet i salteria var prega av glede og humør. I 1842 blei arbeidet og livet i saltebuene skildra slik: «Kvindernes rappe Hender fuldbringe i meget kort Tid med en liten Kniv Ganingen, og ei varer det længe før Tønde paa Tønde er ferdig; dog da Arbeidet herved foregaar siddende og tillige er anstrængende og usundt, paa Grund af den stærke Uddundstning af Silden i et indesluttet Rum, skulde Arbeiderne ei længe holde du dermed, hvis ei Munterhed, Sang, Skjæmt, og tillige den Snaksomheden opvækende Kaffe, og imellom et Glas Brendevin oplivede Krefterne. Alt i Boden er, ligesom i Fiskeriet, Liv, Munterhed og Lyst; og Arbeidet gaaer for den største Del af Deltagerne Saa hurtig som det fløy imellom Hænderne, og om end Anstrængende, har man dog Exempel paa at Sjouere og Ganerinder kunne tilbringe Døgn efter Døgn i dette Arbeidet uden betydelig Hvile. Grunden hertil maa vel søges dels i Lønnen for Arbeidet, der i det hele taget er Ret god, og dels i den Lystighed og Kommers, der hersker under Arbeidet.»

 

Kvart salteri hadde ein styrar. Det kunne vere eigaren, eller det var ein tilsett. Styraren hadde ei viktig oppgåve. Han sto for innkjøp av fersk sild, og han såg til at arbeidet blei gjort skikkeleg. Slurv ville føre til dårlege varer. Dessutan hyra styraren inn arbeidsfolk og førte rekneskap over heile verksemda. På dei fleste salteria var det og ein eller fleire bøkkarar. Desse reparerte tønner og laga nye dersom lageret var i ferd med å gå tomt. Bøkkarane var i full sving med å lage tønner heile året.

 

Ei god årsløn på seks veker

Dei beste sesongane kunne det vere over 7000 salteriarbeidarar i sving i salteria ute i fiskeværa. Teljinga i 1868 viser at det var 245 sildearbeidarar frå Sveio med denne sesongen. Mange av desse jobba i salterier i Haugesund eller på Bømlo, og dessutan var det fleire gane-jenter frå Sveio som reiste heilt til Sunnfjord i 1860-åra. Salteria i Sveio sysselsette mange arbeidarar frå andre stader enn Sveio. Det var heile 48 saltebuer i Sveio på det meste, og dei beste åra sysselsette desse over 700 sildearbeidarar. Det var altså mange jenter frå Hardanger, det indre av Sunnhordland og Ryfylke som kom til Sveio som ganejenter. Det kom ganejenter til Sveio frå så fjerne prestegjeld som Kinsarvik og Røldal.

 

Maleriet viser korleis det kunne sjå ut inne i saltebuene når ganejentene og saltarane tok seg av silda i seine nattetimar. Me ser styraren med flosshatt i bakgrunnen midt i biletet. (Bergslien: Det indre af en Sildebod i Bergen.)

Ganejentene jobba akkord. Løna varierte, men dei fekk som regel mellom 8 og 10 skill¬ing for å gane nok sild til ei tønne. To flittige jenter kunne klare 30 tønner på ein god dag. Dette gav ei dagsløn mellom 1 og 1 ½ spd. Dei beste sesongane kunne gi ei inntekt på mellom 25 og 40 spd, men utbyttet kunne vere lågare enn 10 spd i dei magraste sesongane. For å setje desse tala litt i perspektiv, så låg årsløna for ei tenestejente i 1850 rundt 10 spd. Når me veit at utrustinga for ein sesong med sildearbeid låg rundt 10 spd, så forstår me at ikkje alle sesongane gav netto utbytte.

 

I kvar ei hamn

Det var altså 48 saltebuer i Sveio i 1870. Mølstrevåg var som kjent den viktigaste hamna i Sveio, og her blei det bygd heile 12 salterier. Dessutan var det eit salteri på Avløpet og eit på Strømsvoll. Går me nordover, så finn me ei saltebu i Søravikå på Rødmyr. Både på Lyngholm, på Eltravåg, og i Buavåg var det tre saltebuer. På Tjernagelholmen bygde land-handlar Reier Tollefsen Enerstvedt, som tok over handelsstaden i 1835, fire saltebuer. Han gjorde det svært godt både innan sildesalting og handel. I 1868 blei husa på Tjernagelholmen taksert til å vere verdt 2790 spd. Dei fire saltebuene hadde til saman ein årleg kapasitet på over 4000 tønner. Dei andre husa på eigedommen var våningshus, uthus, «stolpebod» og eldhus med bakeri.

 

Sildesalting på ei av bryggene til Ditlef Møller i Kronå i Haugesund. Til venstre i biletet ser me ganejenter i full sving med ganinga av silda. Styraren av salteriet står nummer to frå høgre. Ditlef Møller kom frå Kvalvåg i Sveio. Han var ein av pionerane i den nye byen som voks fram. Møller tente seg rik på sildesalting.

Litt lengre nord ligg Øklandsgrenda. Hamnetilhøva er det gode, og her blei det bygd heile 13 saltebuer. Ei av dei var eigd av landhandlaren på Øklandsneset, Erik Johan Jacobsen. På Økland bygde bergenskjøpmenn to store salteri, mens resten av salteria her var heller små og eigd av bønder og husmenn. Det låg tre salterier i området rundt Liereid, og heilt nord i Sveio var det tre salterier i området rundt Valevåg. Eit av desse var eigd av landhandlar Gabriel Thime. Han bygde og eitt salteri på garden Eidsvåg ved Tittelsnes.

 

Storleiken på sjøhusa som blei brukte til sildesalting varierte mykje, men grunnflata var som regel mellom 50 og 100 m2. Mange av sjøhusa hadde to heile etasjar i tillegg til loft. Sjøhusa hadde som regel fleire funksjonar. Første etasje blei brukt til salteri og lager for ferdigsalta sild. Loftet var som regel lager for tomme tønner, medan deler av andre etasje ofte var innreia til overnatting. Styraren hadde eige rom i salteriet, og sildearbeidarane og ganejentene overnatta og i sjøhuset. I gjennomsnitt hadde salteria i Sveio ein kapasitet på 1000 tønner salta sild på ein sesong. Til saman var det investert over 20 000 spd i salteria i Sveio.

 

«Dristige – ja, forvorne spekulanter»

Me skal sjå nærare på nokre av salteria i Sveio, og på nokre av dei som tente gode pengar på sildesaltinga. I Mølstrevåg låg sjøhusa tett som perler på ei snor langs det meste av Mølstrevågneset og på nordsida av Mølstrevåghamna. Landhandlar John Simonsen Mølstre bygde eit stort salteri på Mølstrevågneset. Dette hadde ei grunnflate på 243 m2. Tre av salteria i Mølstrevåg blei bygde av kjøpmenn frå Stavanger så tidleg som på midten av 1820-åra. Resten av salteria i Mølstrevåg blei bygde av bønder og husmenn frå Mølstre eller Sveio som hadde tent pengar på vårsildfisket dei ville investere i sildesalting.

 

Salterinæringa var ei tradisjonell bynæring. Det å etablere seg som sildesaltar med eiga sjøbu, var eit stort steg å ta for vanlege bønder. Berre å bygsle grunnen og bygge sjøhuset kosta rundt 500 spd, eller like mykje som eit gjennomsnittleg gardsbruk kosta. Dessutan var driftsutgiftene store. Skulle ein salte 500 tønner vårsild, måtte ein legge ut rundt 1000 spd. Ein god sesong gav eit utbytte på mellom 500 og 1000 spd. Med andre ord så var utsiktene til forteneste formidable, men ein hadde ingen garanti for at kapasiteten ville bli utnytta. Kon-kurransen var stor, og fangstane varierte frå år til år. Dessutan svinga prisane både på fersksild, tønner, salt og ferdig salta sild.

 

Aleksander Kielland skildrar sildesaltarane i Stavanger i boka Skipper Worse: «År etter år gikk det dem godt, deres kapital økte, men de satte den straks i forretningen. Den som et år hadde saltet 1000 tønner, ville neste år ta 3000; de var ute om seg på alle kanter, satte alle seil til, og mens de gikk så stille med sine salmer og saktmodige taler, var de i virkeligheten dristige – ja, forvorne spekulanter.»

 

Me finn denne typen dristige sildesaltarar frå Sveio. Det var driftige og dyktige bønder med god forretningssans som våga å satse. Landhandlaren i Mølstrevåg er allereie omtala. Han hadde ein bror, Ole Simonsen Mølstre, som gjorde det svært godt som handelsmann og sildesaltar i Sønstabøvågen på Bremnes. Me må og ta med dei andre landhandlarane i Sveio: Halvor Ingebriktsen Hovda på Lyngholm, Reier Tollefsen Enerstvedt på Tjernagelholmen, Erik Johan Jacobsen på Øklandsneset og Peter Gabriel Thime i Valevåg.

 

I Mølstrevåg var det fleire som gjorde det godt. Johannes Simonsen Mølstre bygde to saltebuer i Mølstrevåg saman med svogeren Ole Torgersen. Ole Torgersen tente seg rik på sildesaltinga, og sonen hans, Torger Torgersen, blei direktør i Stavanger. Johannes Simonsen hadde erfaring frå sildetrafikken og fekk den ærefulle tittelen dampskipskaptein. Ei tid var han og fyrvaktar på Ryvarden.

 

Døme på salterier

Det største salteriet i Sveio låg heilt sør på garden Lyngholm, nærare bestemt i Kiper-vika på husmannsplassen Treet. Her bygsla bergenskjøpmennene Rolf og Rudolf Grip ein sjøhusgrunn med eit flatemål på 890 m2. Då leigeavtalen blei inngått i 1847, var sjøhuset allereie bygd. Den årlege leiga var 2 spd og 60 skl til grunneigaren Simon Olsen Lyngholm, så lenge det gjekk føre seg vårsildfiske på Sørafeltet. I tillegg skulle salteriet kvart år gi fire tønner sildegan til husmannen Knut Andreas Anderssen Treet.

 

Den store saltebua på Lyngholmstreet blei brannforsikra. Branntakstprotokollen viser at sjøhuset hadde ei grunnflate på 301 m2. Golvflata i andre etasje var på 232 m2, mens loftet var på 69 m2. I tillegg hadde salteriet to svalar, den eine på 113 og den andre på 25 m2. Til saman blir dette heile 740 m2. Det meste av dette arealet blei brukt til sildesalting, men deler av overetasjen var innreia til våningshus med to store tømra rom og kjøkken. Salterikapasiteten til dette store sjøhuset var i overkant av 3500 tønner kvart år.

 

Salteriet til landhandlaren i Valevåg er eit anna døme på eit stort salteri i Sveio. Peter Gabriel Thime flytta til Valevåg tidleg i 1850-åra. Før han kom til Valevåg, hadde han drive landhandel og bakeri i Engesund i Fitjar. Thime etablerte seg raskt som handelsmann og satsa stort innan fleire næringar. Det var sildesaltinga og sildeeksporten som gav han dei største inntektene. Han bygde fleire jaktefartøy som han nytta til vårsildeksporten, og han kjøpte eit gardsbruk i Valevåg.

 

I 1857 blei handelshusa i Valevåg taksert til å vere verdt 800 spd. Under branntakstkommisjonen si synfaring elleve år seinare, blei husa på handelsstaden verdsett til 3500 spd. Verdien av eigedommen hadde altså blitt firedobla på denne korte tida. I 1868 hadde landhandelen desse bygningane: Eit våningshus med gjestgjeveri og krambu verdt 1800 spd. Eit anna våningshus med bakeri, bøkkarverkstad og «et Værelse til opbevarelse af Brændevin.» Dette huset var verdsett til 370 spd. Thime hadde eit stort båtnaust, verdt 250 spd, og eit ved-hus som var verdt 60 spd. Sjøhuset blei taksert til 920 spd, og hadde to etasjar med bandeloft med vindeskur. Bygningen var 16 meter lang og 10,3 meter brei. Grunnflata var på 165 m2, og samla golvflate var på 570 m2. Med andre ord så må salterikapasiteten her ha vore stor, minst 3000 tønner i året.

 

Bondegutar i utanriksfart

Sildefisket og sildesalting hadde gjort mange bønder til handverkarar, investorar og handelsmenn. Sildefisket hadde og gjort bøndene til gode sjøfolk, og mange hadde kjøpt partar i jaktefartøy. Det var desse sildejaktene som blei nytta til å frakte silda til marknadsplassane i utlandet. Storleiken på sildejaktene låg mellom 30 og 60 fot, og lasteevna vari¬erte frå 10 til 30 kommerselester. Ei kommerselest utgjer to bruttotonn, eller rundt 15 tønner.

 

Landhandelen på Mølstrevågsneset (ca 1900). Det store sjøhuset blei bygd av John Simonsen Mølstre. Han dreiv det stort og tente seg rik på sildesalting og handel midt på 1800-talet.

Den norske vårsilda blei seld i Sverige eller i austersjølanda Russland, Preussen og Polen. I mange tifelle var det eigaren av salteriet som sto for eksporten. Eksportøren kunne vere skipper på eige fartøy, han kunne leige inn fartøy med skipper, eller han kunne nytte eige fartøy med leigd skipper. I Sveio var det først og fremst landhandlarane som dreiv sildeeksport, men dei kunne leige unge bondegutar til skipperar på sildejaktene.

Turen til marknadsplassane i Austersjøen var utfordrande på fleire måtar. For det første var det mykje papirarbeid med tollklareringa. Dette gjeld både for å få vårsilda ut av landet, og ikkje minst for å kome inn med varene i eit framandt land. Det må ha kravd stort mot av unge bondegutar å legge ut på den lange og vêrharde turen. Det var heller ikkje uproblematisk å få seld silda på marknadsplassane. Kontrollen med varene var streng, og mange tønner blei vraka på grunn av for dårleg kvalitet. Ein måtte og vere ein dyktig kremmar for å få seld varene til god pris. Språket baud og på utfordringar for mange.

 

Den største utfordringa var likevel å få kjøpt ei god returlast. Her låg sjølve nøkkelen til om turen skulle bli ein suksess eller ikkje. Dersom ein fekk tak i ei god last til heimturen, som det var etterspurnad etter heime, kunne fortenesta på turen doblast. Dei fleste kjøpte korn eller salt som returlast, men mange prøvde seg og med sukker, kaffi eller brennevin av finare sort. Mange måtte likevel vende heimover med jord og stein som ballast.

 

Så tok eventyret slutt…

Bøndene blei kritisert av embetsmennene for å bruke for mykje tid og krefter på vårsildfisket. Mange meinte at fisket gjekk utover arbeidet med jorda, og mange meinte at bøndene investerte for mykje kapital i vårsildfisket. Dette var pengar dei kunne ha brukt til å forbetre jorda og jordbruket. Ein del bønder tok og opp lån med pant i garden for å investere i fartøy eller sjøbuer til sildesalting. Dette gjorde dei avhengige av inntektene frå fisket. Åra 1855 og 1856 var eit forvarsel om korleis det ville gå når silda forsvann. I desse to åra var sildefisket dårleg i sør. Mange fekk økonomiske problem, og frykta for at åra med det eventyrleg gode sildefisket gjekk mot slutten, starta å spreie seg. Folk pusta letta ut når fisket tok seg opp att i åra som følgde, særleg på nordafeltet, men på slutten av 1860-talet svikta fisket att, og etter 1870 var det heilt slutt.

 

Slutten på vårsildeventyret skapte krisestemning for mange. Heile regionen mellom Bergen og Stavanger hadde gjort seg avhengig av inntektene frå fisket. Verst gjekk det utover handelsmenn og dei som hadde investert i kostbare sjøhus til sildesalting. Mange gjekk konkurs, og det var fleire personlege tragediar i kjølvatnet av konkursane. Handelsmenn, sildesaltarar og eksportørar lånte pengar av kvarandre, og den eine konkursen tok den neste med seg i dragsuget. Likevel greidde mange å omstille seg og starta med anna verksemd. Vårsildfisket hadde gjort bøndene til gode sjøfolk, og mange hadde erfaring frå handel og handverksproduksjon. Mange utrusta seg og tok del i sildefisket i Nordland og ein del sette kursen mot Island, og mange starta med makrelldorging i Nordsjøen. Seinare kom kvalfangsten, og rundt 1890 kom vårsilda tilbake.

 

Handel og modernisering

Me ser at handelshusa langs kysten av Sveio, eller landhandlarane som dei blei kalla, hadde ein stor og allsidig aktivitet. Vårsildfisket, sildesalting og sildehandel var sjølve ryggrada i verksemda deira. I tillegg dreiv dei reiarverksemd og kjøpte fartøy eller partar i fartøy. Dei hadde pengar mellom hendene og dreiv kredittverksemd. I tillegg til krambuhandel og gjestgjeveri, dreiv dei bakeri, smie, brennevinsal og bøkkarverksemd. Mange av landhandlarane eksporterte sild, og dei importerte varer som dei selde heime i landhandelen.

 

Målet med denne artikkelen har vore å vise korleis vårsildfisket, og all aktiviteten i samband med dette fisket, var med på å endre og modernisere økonomien i kystbygdene på våre trakter. Eg har prøvd å vise korleis vårsildfisket var med på å endre heile levemåten til bygdefolk i Sveio. Fisket gav inntekter i pengar. Inntektene auka etterspurnaden etter varer, og varetilbodet auka, både på grunn av alle handelsmennene som etablerte seg, og på grunn av returlastene frå sildeeksporten. Fiskarane kjøpte utstyr for å ruste seg ut til ny fiskesesong. Dette gav arbeid til mange handverkarar. Det gamle økonomiske systemet med naturalhushald, kor kvar gard produserte det meste av mat, klede og utstyr, var i ferd med å ta slutt. Det moderne pengehushaldet tok over.

 

Vårsilda skapte pågangsmot, entreprenørskap, kreativitet, optimisme og tru på framtida. Dessutan var sildefisket sosialt utjamnande. Fiskelykka kunne vere like stor for ein fattig husmann som for ein rik handelsmann. Prestar og embetsmenn skulda bøndene for å forsømme jordbruket til fordel for sildefisket, men veksten i jordbruksproduksjonen i Sveio på 1800-talet var sterkare enn auken i folketalet. Med andre ord så har inntektene frå sildefisket blitt brukt til å modernisere og effektivisere jordbruket. Trass i at mange hadde gjort seg for avhengige av inntektene frå silda, og at enkelte hadde investert for mykje, blir konklusjonen at det store vårsildfisket på 1800-talet på mange måtar var positivt for Sveio.

 

 

Kjelder:

-Panteregister for Sveen 1801-1920

-Pantebøker for Sunnhordland nr. 10-23.

-Branntakstprotokollar for lensmannen i Fjære 1846-1870.

-Skifteprotokoller for Føyen, Fjære og Våge 1820-1870.

-Sverre Halleraker, «En munter travelhet», hovudfagsoppgåve i historie, UiB 1997.