Posten skal fram

Posten skal fram


Gamle postruter og postopneri i Sveio



Av Sverre Halleraker

Sveio sitt eldste postopneri blei opna i Mølstrevåg i 1820. I samband med det store vårsildfiskeriet på 1800-talet var Mølstrevåg eit av dei viktigaste fiskeværa i distriktet. Mølstrevåg hadde landhandel og gjestgjeveri, og her blei det bygd fleire store sildesalterier. Fleire tusen fiskarar kunne samle seg her på det meste under sildefisket. (Foto ca. 1900, frå www.sveiokort.com.)

Innleiing

Postvesenet og postgangen har i seinare tid gått gjennom store endringar. Dei gamle og tradisjonsrike postkontora blir stengde i tur og orden. Posten blir meir og meir sentralisert, samstundes som posten sine tenester blir mindre og mindre nytta. Den elektron¬iske posten er i ferd med å ta over heilt. I Sveio har me hatt mange postopnerier, postkontor og brevhus opp gjennom historia. På det meste hadde me 15 postkontor og brevhus, men sidan midten av 1960-åra har det berre gått ein veg. Postkontora i Sveio har blitt lukka i tur og orden. I tidlegare tider var posten ei viktig livsnerve i bygdene, og folk var heilt avhengige av posten for å kommunisere med omverda. Behovet for ein effektiv postgong førte og til at vegar og annan infrastruktur kom på plass i bygdene.


I denne artikkelen skal me sjå nærare på korleis postgongen gjekk føre seg på 1800-talet. Eg har skildra dei ulike postrutene, og eg har prøvd å få fram endringane som fann stad då dampskipstrafikken starta for alvor rundt 1860. Til slutt har eg laga ei liste over dei ulike postkontora me har hatt i Sveio. I tillegg til ulik litteratur, har eg i hovudsak nytta presten si kallsbok som kjelde til artikkelen. Sokneprest Nils Anton Aall var svært driftig når det gjaldt å samle inn statistiske opplysningar. Opplysningane skreiv han ned i kallsboka. Den 20. januar 1885 fekk han eit skriv frå postopnar J. Førde. Dette skrivet inneheldt mange detaljerte opplysningar om historia til postvesenet i Sveio. Det var sokne¬presten som i eit brev hadde bede postopnaren om å skaffe til veie desse opplysningane.


Postopnarane

Før eg tek for meg postrutene og postopneria i Sveio, vil eg kort gjere greie for kva rollene som postopnar, postbonde og postdreng innebar. Dei gamle postopneria var små postkontor kor folk henta og leverte post. Postmeisteren i amtet peika ut personar som skulle vere postopnarar på dei mest sentrale stadene rundt om i distriktet. Det var ikkje vanskeleg å få folk til å ta på seg den ansvarsfulle jobben, til tross for at godtgjersla ikkje var så stor.


I Sveio var det stort sett landhandlarane som blei postopnarar på 1800-talet. Post-opnaren hadde ansvaret for å opne postsekken og ta ut posten som skulle til det aktuelle området. Han skulle og legge posten frå hans distrikt oppi postsekken. Postopnaren måtte journalføre all post som blei sendt og teken imot. Post til embetsmenn og andre viktige personar i bygda blei levert på huset til vedkomande. Andre måtte hente posten sin hos post-opnaren. Postopnarane hadde og ei viktig rolle som formidlarar av nyhende frå fjern og nær, og postopneriet blei snart ein stad kor folk tok turen for å slå av ein prat med folk frå bygda.


Postbønder og postdrengar

Postmeistrane utnemnde og såkalla postbønder og postdrengar på postgardane som låg langs postruta. Å vera postbonde var ei ansvarsfull oppgåve. Det var strenge retningslinjer for korleis tenesta skulle utførast, og det var strenge straffer for å forsømme oppgåva. Postbøndene måtte mellom anna passe på at «de ikke med smaa Børn eller Quindfolk Postsækken fremsender.» Postbøndene fekk skyssgodtgjersle etter bestemte takstar, og dei var fritekne for oppgåver som skyssteneste og militærteneste.


Kvar postbonde hadde frå to til fire postdrengar buande på gardane sine. Det var desse som sto for sjølve postleveringa. Postdrengane var unge vernepliktige menn, og postbonden kunne nytte desse til arbeid på garden når dei ikkje var i postskyss. Postruta gjekk som ein stafett med vekslingar mellom faste etappar. Frå starten av 1800-talet var standarden på post-vegen mellom Bergen og Stavanger dei fleste stader så god at ein kunne køyre med hest og karjol. På siderutene nytta ein mest hest og kløv, medan ein på dei mest avsidesliggande stadene, som i Sveio, måtte bere posten til fots langs heller dårlege stiar.


Det var både slitsamt og farleg å vere postdreng. Det hendte at ein køyrde seg fast i snøen, eller at ein blei råka av andre ulykker på dei dårlege vegane. Postdrengen kunne stillast til ansvar for at posten kom for seint fram eller for at post forsvann. Tenestetida var fem år, og viste ein seg å vere udugeleg i tenesta, måtte ein over i militærteneste. I slike tilfelle fekk ein ikkje trekke tida ein tenestegjorde som postdreng frå den samla tida som vernepliktig.


Faren for å bli utsett for ran hang heile tida over postdrengen. Derfor utstyrte post-verket mange postdrengar med stikkvåpen, sablar eller skytevåpen. Dei mest utsette strekningane på hovudrutene fekk og militæreskorte. Det er fleire døme på grove postran rundt midten av 1800-talet, og i nokre av desse rana blei postbodet drepen. Også i Sveio skal eit postbod ha vore forsøkt rana ein gong i 1850-åra. Ransforsøket fann stad på Lokna, men postbodet greidde å lure ranarane og kom seg unna med postsekken.


Den eldste postruta

Det eldste postopneriet i Sveio var Mølstrevåg postopneri, og det skal ha blitt oppretta i 1820. Fem år seinare fekk me og Tjernagel postopneri. Desse to postopneria sendte og tok imot post ein gong i veka. På denne tida gjekk postruta mellom Bergen og Stavanger over Fusa og Kvinnherad. Vidare gjekk ruta til Skånevik og over fjellet til Etne, Ølen og Sandeid. Deretter gjekk ruta mellom anna innom Vikedal, Jelsa, Finnøy og Rennesøy, før ein var framme i Stavanger.

 

Før 1845 gjekk posten til Sveio med ei siderute frå Skånevik. Derifrå gjekk ruta innom Fjellberg og vidare til Tittelsnes. Etter 1845 gjekk sideruta frå Eid postopneri i Valen i Kvinnherad. Ruta gjekk over Halsenøy og Fjellberg, og deretter over sjøen til Tittelsnes. Frå Tittelsnes gjekk postruta langs den såkalla «kongevegen» til Liereid, og derifrå til Tjernagel. Deretter gjekk ruta langs landevegen til Mølstrevåg og vidare til Haugesund. Det gjekk og ei siderute frå Mølstrevåg og over til Espevær. Denne ruta gjekk berre i vintermånadane, då det store vårsildfisket gjekk føre seg. I 1840-åra gjekk denne ruta frå Tjernagel. Postruta gjekk same vegen tilbake frå Mølstrevåg til Eid.


Posten gjekk frå Stavanger kvar tysdag klokka tolv, og frå Bergen gjekk posten mån-dagar klokka tolv. Medrekna strekningane over sjøen var postruta mellom Bergen og Stavanger 21 mil lang. Heile turen skulle ikkje ta lengre tid enn 43 timar, og regelen var at posten skulle gå utan stans anten det var kvardag eller helg. Det var likevel vanleg at posten var opptil fleire timar forsinka på vinterstid. Snøstormar og umulege føreforhold kunne tvinge postdrengane til å stoppe. Julehelg og julefeiring var derimot ikkje grunn nok til stopp i postgongen. I eit notat frå ein postgard i Ryfylke kan me lese at folket på garden hadde sete seg til bords for å ete julegrauten då ein høyrde posthornet frå horisonten. Dermed måtte postbonden straks sende i veg folk som skulle ta fatt på neste etappe av postvegen.


Dampskipstrafikken

I 1860-åra må det kunne seiast at postvesenet gjekk gjennom ein revolusjon. No starta dampskipstrafikken langs kysten og i fjordane for fullt. Dampskipa avløyste raskt dei tradisjonsrike postvegane, og rundt 1870 var det heilt slutt for postruta langs landevegen mellom Bergen og Stavanger. Så tidleg som i 1828 blei det bergenseigde dampskipet «Oscar» sett i rutetrafikk mellom Bergen og Christiania. Bygdefolka som budde langs kysten var skrekkslagne vitne til det støyande monstret som velta seg fram med røykskya bak seg. Mange meinte at fartøyet var djevelen sitt verk, og at det var farleg og naturstridig for folk å ferdast med skip som kunne gå av seg sjølv. Fiskarane meinte at dampskipa ville skremme bort fisken, og mange meinte at all røyken var giftig. I starten fekk ikkje dampskipa legge til kaiane. Passasjerar, post og varer måtte førast til og frå dampskipet med annan båt.


Dampskipstrafikken langs kysten og i fjordane innebar ein revolusjon for postgongen i bygdene. Biletet er av dampskipet ”Vikingen” som blei bygd i 1864. Skipet var eigd av Det Vestlandske Dampskibsselskap” i Bergen. Innbyggarane i Førde betalte det privateigde selskapet 200 kroner for at skipet skulle anløpe bygda ein gong i veka i eit halvt år.

Allereie i 1835 fekk Sveio sin første dampskipsforbindelse, og det var Lyngholm som var først ute. Dette innebar endringar for postgongen. Den nye dampskipsruta mellom Bergen og Stavanger tok over postleveringa. Dampskipsforbindelsen medførte at dei to postopneria i Sveio kunne sende og ta imot post to gonger i veka. Vegen var relativt kort til Lyngholm frå både Mølstrevåg og Tjernagel. Dampskipsrutene gjekk likevel berre om sommaren heilt fram til 1860. Dermed måtte posten gå med den gamle ruta resten av året, og det innebar at posten berre gjekk ein gong kvar veke. I 1860-åra gjekk det dampskip innom Lyngholm to gonger i veka heile året. Frå 1873 gjekk det dampskip innom både Mølstrevåg, Lyngholm, Tjernagel og Valevåg. Dette innebar postgong til og frå Mølstrevåg to gonger i veka, medan Tjernagel fekk post fire gonger i veka.


Valestrand og Vikebygd postopneri

Dampskipstrafikken mellom Bergen og Stavanger førte til at me fekk nye postopneri i Sveio. I 1873 blei Valestrand postopneri etablert som heilårs postopneri. Frå 1864 hadde det vore betjent under vårsildfisket om vintrane. Det var landhandlaren i Valevåg som dreiv Vale-strand postopneri. Dampskipsruta leverte og tok imot post to gonger i veka fram til 1876, og etter 1876 blei tilbodet utvida til fire gonger i veka.


Vikebygd fekk sitt første postopneri hausten 1867. Det var landhandlaren i Vikevik som var postopnar. Vikebygd blei lagt inn under det nyoppretta Sveen prestegjeld i 1861, og dette medførte ein tett kontakt mellom Vikebygd og Sveio også på kommunenivå. Det blei oppretta ei postrute mellom Vikebygd og Mølstrevåg. Postruta gjekk med gåande postbod, og ruta gjekk innom Førde-bygda med post på vegen til Mølstrevåg. Denne ruta gjekk og andre vegen. I 1872 starta dampskipet «Sønd¬hordland» med rutetrafikk i Ålfjorden. Det medførte at Røykenes fekk dampskipsforbindelse ein gong i veka, og at posten mellom Sveio og Vike-bygd gjekk med dampskipet.


Sveen postopneri – i Førde

Avgjerda om at prestegarden skulle ligge i Førde, førte til ei sterk auke i mengda post til og frå Førde. Hausten 1871 flytta soknepresten inn i den nye prestegarden på Solheim. Samstundes blei «Sveens Postaabneri» etablert, i Førde. Ein kan jo lure på kvifor det fekk namnet «Sveens Postaabneri» når det skulle ligge i Førde, men soknepresten i Sveen preste-gjeld skulle jo og bu i Førde.


Postopneriet i Førde hadde opent ein gong i veka. Det nye posttilbodet blei møtt med glede, men det var misnøye med at bygda ikkje hadde dampskipsforbindelse. Posten gjekk som nemnt med gåanede postbod mellom Førde og Røykenes. I kallsboka er det skildra slik: «Denne Postgang viste sig at være util¬strækkelig for behovet for herboende Embedsmænd og Ombodsmænd, hvorfor Opsidderne i Førdesbygden betalte Directionen for (dampskipet) Vikingen 200 Kroner, for at den et halvt Aar i 1876 skulde forsøge at anløpe Førde paa Prøve, samt medtage Post Tirsdag og Onsdag. Det lykkedes til en Tid at faae Posten paa denne Maade bragt 3 gange ugentligt.» Førde fekk ikkje behalde dampskipsforbindelsen, dei hadde betalt for å få, i meir enn eitt år. Etter dette gjekk posten til og frå Førde via Valevåg, men tidleg i 1880-åra fekk Førde igjen dampskipsforbindelse.


Nye postkontor – og nedleggingar

I juli 1887 blei «Nytt Sveens Postaabneri» oppretta på garden Sveio. Samstundes skifta postopneriet i Førde namn til «Førde i Sønndhordland.» I åra som følgde fekk Lyngholm og Håvardsholm postopneri. I åra fram mot 1920 fekk Sveio fleire nye postopneri, postkontor og brevhus. Eg skal ikkje ta for meg alle desse her, men eg har laga ein tabell som viser kva tid dei ulike postopneria og brevhusa blei opna. I tabellen står det og kva tid dei blei nedlagde. Som du ser så blei postkontora i Sveio stengde i tur og orden i perioden mellom 1965 og 1997. No sit me att med «Post i butikk» i Sveio sentrum som einaste tilbod, i tillegg til land¬postboda som framleis har daglege ruter.


Oversikt over postkontor, postopneri og brevhus i Sveio

Kor postopneriet/postkontoret/brevhuset låg:

Oppretta:

Lagt ned:

Mølstrevåg

1820

31.5.1972

Tjernagel

1825

31.3.1978

Valevåg

1.1.1864

31.5.1997

Førde

27.5.1871

31.5.1997

Sveio

1.7.1887


Lyngholm (Eltravåg frå 1917)

11.6.1888

1.11.1966

Håvardsholm

1.7.1896

30.3.1967

Liereid

1.8.1912

31.12.1971

Auklandshamn

15.2.1915

14.11.1993

Smørsund

1.1.1916

31.3.1989

Tittelsnes

1.2.1924

31.10.1991

Erve (Brevhus)

1.9.1930

1.2.1965

Våga (Brevhus)

1.4.1951

30.4.1967

Vihovde (Brevhus)

1.7.1951

31.12.1971

Øklandsnes (Brevhus)

1.10.1953

1.2.1972

Den gamle handelsstaden på Tjernagelholmen. Tjernagel fekk postopneri allereie i 1825. Fotografiet er teke ca. 1900. (Foto frå www.sveiokort.com.)

Kjelder:

-Kallsbok for presten i Sveio.

-Kristian Wathne, www.sveiokort.com

-Heggen Endre, «Spreidde trekk frå vår postsoge, og utviklinga», i Årbok for Sunnhordland museum, 1985

-Eldøy Kåre, «Den Stavangerske post-tour», i Årbok for Sunnhordland museum, 1993.