Lukta av gull i Sveio

Lukta av gull i Sveio

Gullgruvene på Hovdaneset


Av Sverre Halleraker

«Nils Bergs gruve» er i dag fylt av vatn. (Foto: Marianne Ø. Halleraker)

Skisse av Niels Bergs gruve.


Sjakta hella litt mot nord og skal vere 42 meter djup på det djupaste. Det gjekk sidegongar, eller ort som det heiter på gruvespråket i tre ulike høgder. Desse sidegongane følgde kvartsårene som alle gjekk i same strokretning, nemleg mot vest-nordvest eller mot aust-søraust.


Innleiing:

Det var funne gull heilt oppe i dagen på Hovdaneset! Rykta spreidde seg raskt. Både lykkejegerar, kapitalistar og seriøse fagfolk fann vegen til vesle Sveio. Mange luska rundt på berga og steinrøysene på Hovdaneset i håp om å finne gull. Ein del bygdefolk såg med skepsis på alle dei framande som viste så stor interesse for dei nakne berga ute i havgapet. Hos grunn-eigarane på Hovda var det mange tankar som sveiv oppe i hovuda. Ville dei bli rike? Korleis skulle dei forvalte berggrunnen som viste seg å innehalde gull? Korleis ville bygda bli påverka av gullfunna? I denne artikkelen vil eg presentere ein del ganske detaljerte opplysningar om den største gruva på Hovdaneset. Du vil og få vite ein del om sjølve gruvedrifta og om prosessen kor gullet blei skild frå steinen.


Kjelder

Mykje av historia om gulltida i Sveio er allereie gjort kjent gjennom fleire artiklar i Sigurd Tveit sine bøker. Eg skal ikkje bruke spalteplass på å gjengi det som står i desse artiklane, men eg vil nytte høvet til å rose den enorme innsatsen Tveit i si tid gjorde for å sikre at lokalhistoria vår ikkje skulle gå tapt. Dei mange artiklane han skreiv har umåteleg stor verdi for ettertida. Gjennom samtalar og intervju med eldre menneske i Sveio i 1970- og 1980-åra, har Sigurd Tveit gjort det mogeleg for komande generasjonar å få kunnskap om små og store hendingar i bygda vår.


Eg har funne ein del opplysningar om gullgruvene på Hovda, som etter det eg veit, ikkje har vore framme i lyset i seinare tid. I 1887 skreiv nemleg soknepresten om gullgruvene i kallsboka. Her er ein artikkel frå avisa Morgenbladet (nr 99 året 1887) gjengjeven. Avis-artikkelen tek for seg oppstarten av gruvedrifta, og direktør Niels Berg frå ”Vestlandske Grubecompagni” skildrar gruvene og gruvedrifta ganske detaljert. Soknepresten skriv og om gruvedrifta i kallsboka. Desse opplysningane har han fått skriftleg av skulelærar Aanen Aase. Det er i hovudsak desse kjeldene denne artikkelen baserer seg på.


Gullfunn på Hovdaneset

Ifølge skulelærar Aase blei det funne gull på Hovdaneset første gong i 1871. Det var Thomas Simonsen Mølstre som fann ein gullklump like oppe i dagen. Denne gullklumpen hadde ei vekt på 5,5 gram og blei seld for 12 kroner. Dette funnet vakte oppsikt, og mange tok turen til Hovdaneset i tida som følgde med håp om å finne gull. Likevel var det ikkje berre å ta seg til rette for gullgravarar. Ein måtte nemleg ha såkalla skjerpesetel for å kunne drive med skjerping. Å skjerpe betyr at ein bryt jordoverflata med graving eller sprenging i leitinga etter malm. Ein skjerpesetel er difor eit skriftleg løyve ein grunneigar gir for at andre skal kunna leita etter erts eller anna verdifull malm på eigedommen hans. Med erts meiner ein bergartar som inneheld metall med større tettleik enn 5 g/cm3, til dømes koparkis, svovelkis og gull.


Mange lykkejegerar fann likevel vegen til Hovda i 1870-åra. Det var lov å leite etter gull så lenge ein ikkje braut overflata. Gulljegerane nytta enkelt utstyr som hammar, spett og eit jernrøyr med botn i. Steinar som kunne innehalde gull blei knuste med spettet i røyret. Den knuste grusen blei varma i ei keramikkskål over ei karbidlampe. Dermed smelta det mjuke gullet og danna ein liten klump.


Vestlandske grubecompagni

Det er uvisst kor mange skjerpesetlar grunneigarane på Hovda selde, men det skulle gå meir enn ti år før ein fann meir gull i området. Det var det norske gruveselskapet med namnet Vestlandske Grubecompagni som etter kvart sikra seg einerett til å skjerpe etter gull på Hovdaneset. Selskapet blei skipa som aksjeselskap i 1883. Ved oppstart hadde selskapet ein kapital på 100 000 kroner. I artikkelen i Morgenbladet skildrast selskapet slik: «Selskabet har arbeidet uden at lade synderligt høre frå sig offentligt. Det har sit Sæde i Stavanger: Kapitalen er saavidt vides, ikke stor, men man har gaaet særdeles economisk frem, sparet paa Administrasjonsudgifter o.s.v.»


Aksjene i selskapet blei seld for 50 kroner per stykk, men våren 1887 hadde selskapet ennå 300 aksjer dei ikkje hadde greidd å selje. Mange av dei aktuelle investorane valde heller å kjøpe aksjer i dei store gruveselskapa som hadde starta drift i stor skala på Lykling på Bømlo. Her hadde ein i 1887 allereie funne store mengder gull, og det var sett i gong om-fattande gruvedrift. Utsiktene til forteneste såg ut til å vere mykje større her enn på Hovda.


I artikkelen i Morgenbladet får me vite at gruveselskapet hadde utført fleire små skjerpingsforsøk på Hovdaneset før sjølve gruvedrifta starta. I nokre av skjerpingsforsøka fann ein gull ved første skot. Forsøka viste at alle kvartsårene som inneheldt gull hadde same strokretning. Gullfunna like under overflata førte til at ein prøvde seg med eit dagbrot. Dette dagbrotet hadde ei lengd på 20 meter og var ca. seks meter djupt.


Niels Bergs grube

Våren 1887 var sjakta til gruva med namnet Niels Bergs gruve 32 meter djup. Sjakta gjekk ikkje loddrett ned, men hella svakt mot nord. På åtte meters djupne gjekk ein sidearm, eller ort som det heiter på gruvespråket, 15 meter i retning vest-nordvest. På botnen av sjakta gjekk det ein ort frå sjakta i retninga vest-nordvest, og ein ort i retninga aust-søraust. Retninga på sidearmane var ikkje tilfeldig. Gangane følgde kvartsårer dei hadde funne inne i fjellet. Det meste av gullet låg inne i kvartsårene, ofte blanda saman med svovelkis og koparkis. Ifølge Niels Berg var gullet i denne gruva så fint impregnert i kvartsen at ein ikkje kunne sjå det med det blotte auget. Ein fann og gull i ein slags blaut gneisskifer som låg på begge sider av kvartsåra. Kvartsårene varierte mykje i breidde, men hadde heile tida same retning. På det smalaste var breidda nokre tommar, og på det breiaste var åra på fire fot. Åra var breiast på 18 meters djupne. I gjennomsnitt var breidda om lag ein fot. Gullgehalten var ikkje større der kvartsåra var smal enn der ho var brei.


Dagbrotet like bak «Nils Bergs Gruve». (Foto: Marianne Ø. Halleraker)

Mølleprøve på Lykling

På dette tidspunktet hadde ein ikkje gjort anna med steinmassane ein hadde teke ut or gruva enn å sortere ut malmen som kunne innehalde gull. Vinteren 1886 blei det sendt ein mølleprøve av malmen frå Niels Bergs gruve til Bømlo. Dette skriv Niels Berg i Morgon-bladet: «Fra denne Grube blev for et Aar tilbage taget en Mølleprøve paa 50 Tons Kvarts, som vaskedes i «Oscars» Knusemølle paa Bømmeløen, med et Resultat af nesten 8 Gram Guld pr. ton. … Den Guldklump, som blev udvundet af de overnævnte 50 Tons Kvarts, havde en Størrelse omtrent som et Lommeuhr og var verd omkring 900 kroner.» Gullklumpen hadde altså ei vekt på omlag 400 gram.


Soknepresten sin statistikk i kallsboka avslører at aktiviteten i gruva var stor i året 1886. Mellom åtte og ti mann hadde jobba i gruva i nokre månadar. Arbeidet hadde stoppa opp medan ein venta på resultata frå malmprøvane. Skulle ein halde fram med gruve¬drifta, var ein avhengig av å skaffe maskinar til steinknusinga og vaskinga. Gruveselskapet måtte vite om gullmengda i ertsen var stor nok til at ein ville satse vidare.

Ei gruve kor det var minst seks gram gull per tonn stein, blei rekna for å vere driveverdig. Prøveresultata frå Bømlo gav difor grunn til optimisme. Eigarane ville satse på gullgruva på Hovdaneset, og bestemte seg for å kjøpe inn maskinar til steinknusing. Dei bestemte seg og for å setje i gong eit lite gullvaskeri med fem stampar. Etter planane skulle drifta starte sommaren 1887. I Morgenbladet står det: «Dette skal nu drives med Vandkraft, som kan erholdes ikke langt fra Gruben, hva der naturligvis er meget fordelaktig. Herved kan nemlig Kvarts med ringere Guldgehalt tilgodegjøres, end naar en dyrere Drivkraft maa anvendes.» Gullvaskeriet på Lykling var driven av dampmaskinar, og ein brukte kol til brensel. Dette blei rekna for å vere ei dyr kraftkjelde.


Alt gjekk likevel ikkje heilt etter planane for gruveselskapet. Dette skriv presten i kallsboka: «I en Generalforsamling afholdt forleden Vinter besluttedes at indkjøpe Maskiner til en Forsøgsdrift; man har siden ventet paa, at Arbeidsfolkene skulde komme, men det er endnu ikke skeet. Endnu er man mellom Frygt og Haab, om Arbeidet bliver optaget strax eller ikke. Selskabet har nok for faa Penge til den paatenkte Forsøgsdrift, da Maskiner m. m. blev dyrere end først beregnet.»


Drifta kom i gong

Niels Berg og Vestnorske Grubecompagni må ha greid å skaffe til veie den naudsynte kapitalen, for april 1887 kom det endelige klarsignalet om å setje i gong. Sommaren 1887 var aktiviteten stor. Mellom Hovda og Bua blei det mura ein tjukk steindemning i enden av eit lite tjern. Dette var vasskjelda som skulle gi kraft til steinknuseriet og stampane i Buavåg. Vasskjelda gav og vatn til å vaske sanden bort frå gullet. Det blei laga eit kar heilt nede ved sjøen i Buavåg. Der blei steinen som skulle knusast lossa. Mellom karet og steinknuseriet laga ein skinnegangar. Rundt knuseriet blei det og sett opp steinmurar, og det blei bygd ei lita smelte-hytte. Like ved gruvene på Hovdaneset blei det bygd brakker som skulle gi husrom til dei tilreisande arbeidarane. I tillegg blei det bygd ei lita smie.

 

Då alle fasilitetane var på plass ein gong utpå hausten 1887, var det store mengder malm frå Niels Bergs gruve å ta fatt på. Det hadde nok kosta mykje slit å få massane ut av gruvene. Gruvearbeidarane brukte hammar, meisel og handborr, og dei sprengde seg sakte men sikkert nedover og innover i fjellet med dynamittladingar. Steinen blei lagt i korger og heist opp or gruva med handvinsj. Ein nytta og truleg hestar i såkalla rundgang til å drive vinsjen. Gruvegongane var tronge, fuktige og fulle av støv. Einaste form for lys var tranlampar, eller koler som dei blei kalla. Etter kvart som gruva blei djupare, seig det stadig inn vatn. Difor måtte ein mann heile tida stå i botnen av gruva og pumpe ut vatn.


Arbeidarane

Kven var det som jobba med gruvedrifta? På det mest hektiske skal mellom 30 og 40 mann ha jobba på heile anlegget. I sjølve gruvene var det stort sett berre omreisande anleggs-sluskar, også kalla rallarar, som jobba. Mange av dei var svenskar. Dei veksla mellom anleggs-arbeid på jernbanen, ulike veganlegg, industribygging og gruvedrift. Sluskane var kledde i ullklede, og på beina hadde dei tresko. Løna i gruvene låg rundt to kroner dagen, men det var og vanleg med akkordarbeid.


Når steinmassane var komen opp or gruva måtte dei sorterast. Kvarts og anna stein som kunne innehalde gull blei sortert ut. Større steinar blei knuste med slegge, før steinmassane som kunne innehalde gull blei borne i kiper ned til sjøen. Der blei steinen frakta med ei skøyte inn til anlegget i Buavåg. Det var helst bygdefolk, og ofte ungdommar, som fekk arbeidet med å bere steinen. Då steinen var lossa i karet i Buavåg, blei han skubba i vogner langs skinnegangen til steinknuseriet.

 

Siste del av prosessen blei teken hand om av ingeniørar og anna fagfolk. I knuseriet blei steinen knust, eller rettare sagt kverna, til storleiken omtrent var som grus. Desse massane blei vidare knust til sand i stampane. Sanden blei vaska i vaskeriet. Det meste av sanden blei vaska bort av vatn, medan gullkorna som var tyngre enn sandkorna blei liggande att. I vaskeriet brukte ein og klede som var dynka med kvikksølvamalgam. Dette stoffet trakk til seg gullet, medan sanden blei skylt bort. I smelteverket blei kvikksølvet destillert bort frå gullet. Denne jobben må ha vore svært helseskadeleg. Til slutt blei det reine gullet smelta om til sigarforma gullbarrer.


Det enda med konkurs

Korleis gjekk det med drifta? I Niels Bergs gruve skal sjakta ha kome ned til 42 meters djupne. På botnen skal det vere ein sidegong, eller ort, på over 80 meter i retninga aust-sør-aust. I tillegg har me sidegongane på 32 meters djupne og på 8 meters djupne. Gruveselskapet forsøkte seg og i ei ny gruve, ikkje langt frå den første. Denne gruva er ikkje djup, men ein sidegong, også kalla senk, skråar seg nedover. Det er uvisst kor langt ned denne gongen går.


Det viste seg at gullmengdene i kvartsgongane på Hovdaneset var mindre enn ein hadde håpa på. Vestlandske grubecompagni fekk økonomiske problem, og grunneigarane fekk ikkje betalinga dei skulle ha for leige av grunnen. Det heile enda med rettssak, og 10. juni 1893 blei gruveselskapet slått konkurs av Stavanger skifterett. Det meste av selskapet sine eigendelar blei selde på auksjon, og mykje av det hamna på gardane i nærleiken av gruvene. Gruvedrifta sette likevel synlege spor etter seg. Den solide demninga ved vasskjelda står der enno, like heil. Gruvene er no fylte med vatn, og Niels Bergs gruve har vore nytta som vasskjelde til fleire hus. Me kan og finne ein del tydelege spor etter skjerping, og dagbrotet er lett å få auge på. Dessutan står murane til steinknuseriet i Buavåg, og det skal ha vore sand som kom frå gullvaskinga i stranda i Buavåg heilt fram til våre dagar.


Gulleventyret tok altså slutt etter snaue ti års drift. Det er uvisst kor mykje gull ein greidde å få ut av denne drifta, men det må ha vore nokre titals kilo. Det blir nok aldri noko ny drift i desse gruvene, men det fins heilt sikkert meir gull i området. Det er ein heil del flaks og uflaks med i biletet når ein driv med denne type verksemd, og kven veit om gruveselskapet frå Stavanger var like i nærleiken av det store gullfunnet då kreditorane mista tålmodet? Kanskje gulleventyret kunne fått ein lykkeligare slutt?



Kjelder:

-Morgenbladet, nr 99, 1887.

-Kallsbok for presten i Sveio 1863-1939.

-Sigurd Tveit, «Bygdelangs», 1992.

-Nils Kolle, «Gullrushet på Bømlo i 1880-åra», Årbok for Sunnhordland folkemuseum, 1985.