Spelemannen frå Fjon som imponerte kronprinsen

Lokalhistorie frå Sveio

Spelemannen frå Fjon

som imponerte kronprinsen

 

Fjonaren - Endre Hansson Fjon

 

 

Av Sverre Halleraker

Bygdespelemannen Endre Hanson Fjon (1839-1914) kom frå Fjon i Sveio. Han var kjend over heile Haugalandet, og gjekk under tilnamnet «Fjonaren». Endre var ungkar og spelemann det meste av livet, og det kan vel seiast at han levde eit omflakkande liv, frå ein spelejobb til ein annan. Fjonaren var ikkje rik på jordisk gods, men musikktalentet hans må kunna kallast usedvanlig rikt. Då han var godt vaksen flytta han til Haugesund, og på sine eldre dagar gifta han seg med enka Anna Tjærandsdotter Tveit. (Foto: Karmsund Folkemuseum.)

Det gamle våningshuset på «Stora-Fjon». Huset er veldig gammalt. På skiltet over inngongsdøra står det 1729. Det var her spelemannen Endre Hanson Fjon, eller «Fjonaren» som han blei kalla blei født og voks opp.

 

Innleiing

«For musikkelskende bygdefolk hervestpaa, for bønder fra Sveiaa, Torvestad, Skaare og Skjold, lød og lyder navnet Fjonaren omtrent som en klunk paa en gammel fele. Saa uadkilleligt er dette navn fra tonende og strænge og gamle slaater. Det kan altsaa med god grund siges, at navnet har en meget smuk klang i vaare grender. Og den samme smukke klang har der været i dette navn i næsten et halvt hundre aar. Der er vel i vaar omegn faa mennesker, som ikkje har «haurt Fjonaren». Blant de ældre er der vel næppe nogen. Thi det var saa før og er det delvis endnu, at Fjonaren og hans gamle violin var uundværlige gjæster overalt, hvor glæden samlede mennesker i muntert lag. Intet bryllup havde den rette stil, uden at Fjonarens slaater tonede og jublede i gaarde, ingen ungdomsflok kom riktig i stemning, før hans koglende strøg og løb sang gjennom stuen. Da løftet sig det lave, sværtede loft, da blegnede de unge i spændning og betagethed; hverdagsligheden veg, og forborgne magter brød frem og lagde sit skjær over tingene. Ude i vore – især forhen – så mørke bygder har da Fjonaren, trods sine beskedne kaar, bidraget meget til at forædle smagen og bevare sansen for musik og gamle ægte toner.»

 

Kjend på heile Haugalandet

Sitatet over er innleiinga på ein artikkel i avisa Karmsundposten frå 8. november 1900. Artikkelen blei skriven i samband med Endre Hansen Fjon, eller «Fjonaren» som han blei kalla, hadde fylt 60 år. Artikkelen gir oss mange interessante opplysningar om spelemannen frå Fjon. Artikkelforfattaren, Fritjof Øvrebø, var full av lovord om den gamle spelemannen. Her går det tydeleg fram kor populær den gamle spelemannen hadde vore siste halvdel av 1800-talet, og kor kjend han var på heile Haugalandet for spelinga si, og då særleg i samband med bryllaupsfeiringar. Bryllaupa på denne tida var storslagne festar, som ofte varte tre dagar til ende, og i desse festane hadde spelemannen ei særs viktig rolle.

 

Endre Hansson Fjon blei født på Fjon den 8. november 1839. Foreldra hans var Hans Eilivson Fjon (1806-1856) og Ragnille Hansdotter, født Bua (1804-1874). Hans voks opp på Lindland ved Sundfør, som var nabogarden til Fjon, og det var far hans som eigde begge desse gardane. I 1833 kjøpte Hans Eilivson heile garden Fjon. Hans var velståande og av eigendeler utanom sjølve garden kan nemnast notbruk til vårsildfiske og kvern i Fjonaelva. Han var dreiar av yrke, i tillegg til å vere gardbrukar og fiskar. Både mora og faren til Endre var svært musikalske. Hans Eilivson Fjon var ein kjend bygdespelemann. Dessutan var mora, Ragnhild Hansdotter, svært musikalsk og glad i song og felespel. Mange av dei finaste melodiane og slåttane Endre spela, skal han i tidleg barndom ha lært av mor si.

 

Debuterte som niåring

Endre lærte seg å spele fiolin medan han var svært liten, og då han var stor nok til å begynne på skulen, var han så heldig å få ein lærar som var like lidenskapeleg interessert i musikk og felespel som seg sjølv, nemleg Torgeir Haukås. Det var ikkje noko fast skulestove på Fjon i 1850-åra. Dei måtte gå på såkalla omgangsskule. Då Torgeir Haukås oppdaga Endre sitt musikalske talent, byrja han å spele fele for den unge eleven sin om kveldane. Det tok ikkje lang tid før eleven var vel så god som sin læremeister. Medan Endre sat og prøvde seg fram med nye tonar på læraren sin fiolin, sette Torgeir Haukås seg ned og fekk laga ein fiolin til sin musikalske elev. Dette blei Fjonaren sin første fiolin.

 

Fjonaren sitt første oppdrag som spelemann fekk han allereie som niåring. Då spela han i onkelen sitt bryllaup. Det var faren sin bror, Eiliv Vikse, som skulle gifte seg. Her skal Endre ha imponert bryllaupsgjestene med springarar og slåttar, og stemninga skal ha vore uvanleg høg medan Endre spela opp til dans i dei seine nattetimane. Faren ønska ikkje at Endre skulle satse på ein karriere som spelemann, og han oppmuntra ikkje sonen til å prøve å få ei utdanning innan musikken. Likevel reiste han til Bergen saman med Endre, og kjøpte ny fiolin til han.

 

Etter den vellukka debuten som spelemann fekk Endre mange tilbod om spelejobbar. Det var ikkje uproblematisk for foreldra å la den unge guten ta på seg desse oppdraga, men han fekk likevel lov av faren å spele i mange bryllaup. Dei kritiske røystene i bygda var mange. Korleis kunne dei la eit barn ta del i dei lettsindige og syndige bryllaupsfestane? Dei livlege festane som følgde med den tradisjonelle bryllaupsfeiringa blei heller ikkje sett på med blide auge av prestane. Det blei konsumert ufattelege mengder med brennevin og øl i dei gamle bondebryllaupa, og alkoholmisbruken førte med seg ein heil del usømeleg, og etter prestane si meining, syndig åtferd. Mange religiøse leiarar såg faktisk på sjølve felemusikken som syndig. Dei livlege tonane frå fela lokka fram syndige kjensler, og mange hevda at denne musikken var ukristeleg, ja at han stamma frå djevelen sjølv.

 

Storsinna og raus prest

Då Fjonaren voks opp i 1850-åra, var Sveio ein del av Finnås prestegjeld, og soknepresten var Johan Frederik Holst. Holst kom frå Trondheim. Han hadde vore stortingsmann i 1830-åra. Soknepresten hadde fått høyre om den vesle guten frå Fjon med det store musikalske talentet. Soknepresten hadde lyst til å høyre Endre spele, og inviterte derfor Endre til seg då han var ti år gammal. Presten fekk høyre dei vakraste slåttane, og han var mektig imponert over det han fekk høyre. Han kunne ikkje gi Endre nok ros for prestasjonane sine på fela. Soknepresten skal fånyttes ha prøvd å påverke Endre sin far, slik at guten skulle få utvikle talentet sitt gjennom ei musikalsk utdanning.

 

Åra gjekk og Endre skulle konfirmerast. Han heldt fram med spelinga, og han spela til dans i mange bryllaup i distriktet. Det var problematisk for presten å ha ein konfirmant som dreiv på med ei slik syndig verksemd medan han gjekk og les med presten, men Holst var ein storsinna og raus prest, og det må seiast at han hadde eit liberalt syn på kva som kunne tolererast av konfirmantane sine. Då Endre blei konfirmert i gamle Sveio kyrkje den 12. august 1855, sto han som nummer ein av konfirmantane, og han fekk høgaste karakter av presten både i lesing og i katekismekunnskap.

 

Ugift skomakar

Far til Endre, Hans Eilivson Fjon, døydde året etter at Endre blei konfirmert. Etter at Hans var død, blei Fjon delt i tre ulike bruk, og dei tre eldste sønene blei sitjande som eigarar av kvart sitt bruk. Hans og Ragnille hadde seks born som fekk leve opp. Det var Hans (f. 1828), og han blei eigar av hovudbruket, med bruksnummer 1 og tilnamnet «Stora-Fjon», etter at faren var død. Det gamle våningshuset på «Stora-Fjon» står den dag i dag. Hans greidde ikkje å sitje med «Stora-Fjon» særleg lenge. Han måtte selje bruket i 1865, og fekk byksle ein liten husmannsplass av broren Eiliv som eigde Lyngbakken. Eiliv (f. 1830), blei altså eigar av bruksnummer 4 «Lyngbakken», då faren døydde, medan Endre (f. 1839), blei brukar av «Litla-Fjon», med bruksnummer 5, etter at faren var død. Endre dreiv sin del av garden saman med mora. Yngstebror Lars (f. 1843) budde og her. Endre hadde to systrer som var eldre enn seg, nemleg Anna (f. 1832), som gifta seg og flytta til Haukås, og Ingeborg Elisabeth (f. 1836), som gifta seg og flytta til Tveitastøl ved Viksefjorden.

I 1865 var det folketeljing i heile landet, og alle innbyggarane blei registrerte med alder, sivil status, opphaldsstad og yrkestittel. I folketeljinga finn me Endre heime på garden sin på Fjon. Han er no 27 år gammal, og han er framleis ugift. Han bur saman med mora, som no er 62 år gammal, og yngste bror sin, Lars, som no er 22 år gammal, ugift, og med yrkestittelen sjømann. Endre står oppført med tittelen skomakar, men på denne tida var det nok musikken og spelinga som engasjerte Endre mest. Det var truleg mora som stod for gardsdrifta på det vesle bruket, og Endre var nok ikkje så mykje heime. Han var ein etterspurd spelemann, og han var stadig ute på speleoppdrag. Det hadde nok vore rettare å få yrkestittelen spelemann i folketeljinga, men jobben som spelemann var ikkje høgt nok respektert blant styresmaktene som stod bak folketeljinga, til at dette kunne noterst som yrkestittel.

 

Møtet med Myllarguten

Det mangla ikkje på oppdrag for Endre. Han spela opp til dans i bryllaup i heile distriktet. Det gjekk nesten ikkje ein laurdag utan at Fjonaren var på plass i eit nytt bryllaup. Som me veit varte eit bryllaup som regel i tre dagar på denne tida, og det blei spela opp til dans kvar av desse dagane. Fjonaren hadde eit stort repertoar å spele på. Han var særleg kjend for brureslåttane han spela, men han spela og andre slåttar, halling og springar, i tillegg til meir moderne saker som reinlender og vals.

 

Endre hadde altså inga musikalsk utdanning. Han var i stor grad sjølvlærd. Likevel hadde han mykje omgang med kjende spelemenn som Ola Gulhaug, Knud Mæland og Ola Mossefin. Han har heilt sikkert lært eit og anna frå desse dyktige musikarane. Fjonaren skal og ha møtt den legendariske «Myllarguten» ved eit høve i Bergen. Dei møttes tilfeldig inne på verkstaden til ein fiolinmakar. Endre fortalde at møtet med «Myllarguten» hadde gjort inntrykk. Han såg ut som ein gammal liten bonde med kvitt langt hår. Han kom rett frå eit bryllaup, og han var full og gal, men likevel greidde han å spele på alle instrumenta til fiolinmakaren på imponerande vis.

 

Onkel til Lyngbakkegutane

Sjølv om Endre var ein namngjeten og høgt akta spelemann, blei det ikkje mykje pengar i kassa av speleoppdraga. Ofte fekk ikkje spelemennene stort anna som løn enn fri overnatting og gratis mat og drikke i bryllaupet. I 1867 måtte Endre selje bruket han åtte på Fjon. Det var økonomiske vanskar som gjorde at han måtte selje. Endre flytta no til systera Ingeborg Elisabeth, som budde på Tveitastøl ved Viksefjorden. Det skulle gå mange år utan at han greidde å etablere seg i eige hushald. Mellom spelejobbane veksla han på å opphalde seg hos søskena sine, eller hos andre venner og kjente.

 

I folketeljinga i 1875 var han å finne som «tilreisande skomakar» hos bror sin Eiliv på Lyngbakken. Det kan nemnast at Eiliv var far til Johan (f. 1867) og Johannes (f. 1870) Lyngbakken, som i Sveio gjekk under tilnamnet «Lyngbakkegutane». Både Johan og Johannes Lyngbakken var svært musikalske. Lyngbakkegutane kunne spele på fleire instrument, og begge brørne var gode songarar. Dei to ugifte brørne dreiv Lyngbakken saman frå 1921 til 1959, men dei blei begge buande på Lyngbakken heilt fram til dei døydde i 1964. «Fjonaren» var såleis onkel til «Lyngbakkegutane», og dei har truleg fått god musikalsk opplæring av onkelen sin medan han oppheldt seg på Lyngbakken.

 

Storslagent arrangement

Det er særleg ei hending som stadfestar «Fjonaren» sin sterke posisjon som spelemann, og som viser at han var høgt respektert og beundra også av kultureliten i Haugesund. Han blei nemleg hyra inn til å spele for prins Oscar, som seinare blei kong Oscar 2., i samband med den storslagne opninga av riksmonumentet Haraldshaugen den 18. juli 1872. Det kan vere vanskeleg for oss i dag å forstå kor storslagent dette arrangementet var. Dagen blei feira over heile landet. Over 20 000 menneske hadde kome til byen for å ta del i feiringa. Til vanleg var det om lag 4 000 innbyggarar i Haugesund.

Representantar for regjering, høgsterett og universitetet var til stades. Stortinget sende ein delegasjon på tolv av sine fremste representantar. Fylka som steinane kring minnesmerket symboliserte, hadde sine utsendingar. Elles bidrog til dømes «Hardangerske bataljon», «Bergenske brigades musikkorps» og eit songkor frå Bergen. Eit norsk og eit svensk krigsskip hadde kome til byen. Det norske hadde med seg «Marinens musikkorps», samt kanoner og fyrverkeri frå Horten. Frå Christiania var det sendt flagg, servise til festmiddagen og personale til å oppvarte. Haugesund var rydda og reingjort og gatene pynta med flagg og grønt. Handelsstanden nytta høvet til å tilby diverse suvenirar, mellom anna «Haraldssigarar» og krus med teikning av riksmonumentet.

 

Imponerte kronprinsen

Det kan nemnast at namn som Bjørnstjerne Bjørnson og Ole Bull hadde ytra ønske om å få vere med på arrangementet, men at førespurnadane deira var avslegne av arrangementskomiteen i Haugesund. Ole Bull hadde reist eins ærend frå Amerika, for å ta del i arrangementet, men måtte slukøyra ta imot meldinga om at hans opptreden ikkje var ønska, då han kom heim til Noreg. Det må ha vore smigrande for Fjonaren å vite at han blei invitert til å spele fiolin på eit arrangement kor den verdskjente fiolinisten Ole Bull ønska å opptre, men fekk avslag.

 

Feiringa av den store dagen starta med kanonsalutt klokka seks om morgonen. Deretter gjekk det slag i slag med festgudsteneste i Skåre kyrkje, prosesjon gjennom byen og til Haraldsstøtta, kor dagens høgdepunkt stod for tur, nemleg den høgtidlege avdukinga av det nye riksmonumentet. Det var Prins Oscar som stod for avdukinga. Kongen kunne ikkje kome på grunn av sjukdom. Etter avdukinga var det festmiddag med mange talar og opptredenar i ein provisorisk paviljong. Det var under denne festmiddagen Fjonaren opptredde for kronprinsen. Det seies at prinsen skal har blitt imponert av felespelet til «Fjonaren», og at han personleg skal ha gjeve han ros etter førestellinga.

 

Stilferdig og beskjeden

Mot slutten av 1800-talet blei det vanskelegare tider for dei tradisjonelle spelemennene. Det var slutt på dei livlege bondebryllaupa som blei feira i fleire dagar. Dessutan hadde religiøse vekkingsrørsler spreidd om seg i heile distriktet, og den religiøse vekkinga hadde i stor grad sett ein stoppar for den syndige dansen som gjekk føre seg i bryllaupa. I tillegg heldt fela på å gå av moten. No var det musikken frå eit nytt instrument som blei populært, nemleg trekkspelmusikken.

 

I artikkelen i Karmsundposten i 1900, blir også personen bak spelemannen skildra: «Fjonaren er en ægte bonde, tænksom og gløgg, men kjemisk fri for knot og anden styggedom. Det gamle norske, rolige, troverdige lag ligger over hans person og fremtræden, hans skik og sprog, ligesom den norske tonestemning farver hans musikk, selv når han nødes til at spille fremmede melodier og danse. Den vakre gamle spillemand er velseet overalt. Han gjør et saa ægte og tilforladeligt indtryk, er saa naturlig, saa stilfærdig og beskeden, at det er en nytelse at tale med ham. Hans beskedenhed er baade smuk og pudsig. Taler nogen om ham selv og hans kunst, smiler han, halvt skjælmsk, halvt undskyldende og mumler noget om at han er nu bare en gammel spillemand, som det ikkje er verdt at gjøre stort vesen af. Ber man ham om at spille, efterkommer han ønsket med den største elskverdighet, «når man blot vil tage til takke», siger han.»

 

Fann endeleg kjærleiken

I godt vaksen alder fekk Endre Hanssen Fjon fast adresse i Haugesund. I folketeljinga frå 1900 finn me han som leigebuar sør på Hasseløy, nærare bestemt på adressa Skagen 182. Dette er eit kombinert sjøhus og våningshus. Det er totalt tre hushald og tolv personar som bur på denne adressa. Her får me vite at Endre no bur saman med enka Anna Tjærandsdotter Tveit. Han har framleis status som ugift skomakar. Anna var født i 1844, og i folketeljinga har ho tittelen «arbeiderske». Dette samlivet utanom ekteskapet, vart nok ikkje sett på med blide auge i samtida. I 1900 var det på ingen måte godteke at mann og kvinne budde saman utan å vere gifte. Det gjekk heller ikkje lange tida før Endre gifta seg med Anna. Etter at dei var gifte flytta dei til Haugevegen, og der budde dei saman i heller beskjedne kår, heilt til Endre døydde den 6. januar 1914, 74 år gammal.

Endre Hanssen Fjon hadde ingen etterkomarar. Han etterlet seg heller ikkje nokon form for verdsleg rikdom. Likevel var livet hans rikt på opplevingar, og musikken hans hadde i aller høgste grad gleda mange menneske. Det var ikkje få som hadde gode minne frå dei mange bryllaupa kor han spela opp til dans. Fjonaren blei hugsa for felespelinga si i mange år etter at han var gått bort, og historiene om han levde vidare i generasjonar.

 

Illustrasjon som skildrar avdukinga av Haraldsstøtta 18. juli 1872. Mange høgtståande personar var til stades, mellom anna kronprins Oscar. Dagen blei markert over heile landet, og det kom rundt 20 000 tilreisande til Haugesund for å vere med på feiringa. Den bekjedne spelemannen frå Fjon var invitert til å opptre på dette arrangementet. Den langt meir kjende fiolinisten Ole Bull ønska å få opptre, men arrangementskomiteen fann ikkje plass til han i programmet.