Sju strie år i Sveio

Lokalhistorie frå Sveio

Sju strie år i Sveio

 

Sokneprest Heyerdahl si strevsame tenestetid

 

Av Sverre Halleraker

 

Sveio sin første sokneprest, Johan Frederik Schwabe Heyerdahl, født i Fron i Gudbrandsdalen i 1818. Han hadde tenestegjort i Stange prestegjeld i Hedmark i over 15 år før han kom til Sveio. Der var han van med bedre fasilitetar enn det som møtte han i det nyoppretta prestegjeldet. Han hadde sju strie år i Sveio, frå 1861 til 1868. Heyerdahl hadde ikkje mykje fint å seie om tenestestaden sin, og heller ikkje om folket som budde der, eller måten dei levde på. (Foto Sveio kommune, ukjent fotograf.)

Innleiing

Sveio sin første sokneprest kom frå Stange i Hedmark. Han fekk ei vanskeleg tenestetid i det nyoppretta prestegjeldet. Presten blei utsett for eit alvorleg kultursjokk då han kom til Sveio hausten 1861, og han fekk ei vanskeleg tenestetid. Han måtte bu i eit lite kårhus langt borte frå begge kyrkjene han skulle tenestegjere i. Det var lite som minna om vegar i det nye prestegjeldet, og presten strevde seg gjennom mange vanskelege reiser. Skildringane hans er ærlege og usminka, og det var ikkje mykje positivt soknepresten hadde å seie om bygda han kom til, eller måten dei levde på der. Som overskrifta røper, så blei det sju strie år for presten.

 

Kallsbok og dagsregister

Det har tidlegare vore skrive ein del om korleis Sveio sin første sokneprest opplevde møtet med bygda. I boka «Bygdelangs» refererer Sigurd Tveit frå soknepresten sine skildringar i kallsboka. I Sveio kyrkje si jubileumsbok er dei same skildringane siterte. For dei som er interessert i lokalhistorie frå Sveio, kan begge desse bøkene anbefalast på det sterkaste. Mange av skildringane til sokneprest Heyerdahl er enno ikkje er omtala, og desse skildringane fortel oss mykje om tilhøva i Sveio midt på 1800-talet. Derfor vil eg i denne artikkelen fortelje korleis sokneprest Heyerdahl opplevde å kome til Sveio, og korleis han opplevde møtet med bygda og folket som levde der. I tillegg til skildringane i kallsboka, har eg nytta dagsregisteret i ministerialboka som kjelde. Heyerdahl gir grundige og detaljrike skildringar frå tenesta si, og desse gir oss eit godt innblikk i noko av det presten hadde å stri med.

 

Tvangsekteskapet mellom Sveio og Vikebygd

I 1861 blei Sveio prestegjeld oppretta ved kongeleg resolusjon. Det nye prestegjeldet omfatta det som tidlegare hadde vore Sveio sokn i Finnås prestegjeld, og det som hadde vore Vikebygd sokn i Fjellberg prestegjeld. Det nye prestegjeldet hadde altså to kyrkjer, nemleg Sveio kyrkje og Vikebygd kyrkje. Mykje tydar på at dei som tok avgjerda om at Sveio og Vikebygd skulle vere eitt prestegjeld, hadde lite kunnskap om dei geografiske tilhøva i området, for ikkje å snakke om vegane i området, eller rettare sagt, mangelen på vegar i området. Det nye prestegjeldet var stort i omfang, og det var ikkje noko som minna om vegar mellom dei to kyrkjene som soknepresten skulle tenestegjere i.

 

Både i Sveio og i Vikebygd var det stor misnøye med at dei skulle bringast saman til eitt prestegjeld. Fusjonen kan med rette kallast eit tvangsekteskap. På begge sider sat ein att med mange spørsmål: Kor skulle presten bu? Korleis skulle han kome seg mellom dei to kyrkjene? Korleis skulle bygdefolket kome i kontakt med presten? Og ikkje minst, kven skulle dekke utgiftene i samband med presten sin skyss? Både Sveio og Vikebygd gjorde krav på å få presten og prestegarden til sitt sokn.

 

Dermed var det duka for ein intens dragkamp og heftige diskusjonar. I første omgang hadde Sveio sterkaste kort på handa, sidan den kongelege resolusjonen slo fast at presten skulle bu i Sveio sokn. No veit me at historia enda med at prestegarden blei lagt til Førde i Vikebygd sokn, og at Valestrand sokn i Stord prestegjeld, saman med Øklandsgrenda, som tidlegare hadde høyrd til Moster sokn i Finnås prestegjeld, også blei ein del av Sveio prestegjeld i 1870. Desse drøftingane kan du lese meir om i artrikkelen «Sveio prestegjeld».

 

Den nye soknepresten

Sveio prestegjeld sin første sokneprest var Johan Frederik Schwabe Heyerdahl. Den nye soknepresten kom frå Stange i Hedmark, og han stamma frå ei svensk embetsmannsslekt. Heyerdahl hadde lenge vore hjelpeprest under far sin, sokneprest Hans Olai Fremming Heyerdahl, men dei siste åra før han kom til Sveio hadde han vore residerande kapellan i Stange. Han var 43 år gammal, og enkemann, då han kom til Sveio oktober 1861. I 1853 blei han gift med Hellene Thode Heltberg, men ho døydde av sjukdom allereie i 1859. Dei hadde ikkje barn saman, så Heyerdahl var aleine då han reiste til Sveio to år etter at kona var død.

 

Den nye soknepresten var ikkje førebudd på det som møtte han i det nyoppretta prestegjeldet. Han hadde truleg inga aning om kor lite ordna forhold han kom til. Det sto ingen prestegard eller anna prestebustad klar til Heyerdahl då han kom til Sveio hausten 1861. Ein var ikkje ein gong i nærleiken av å bli samde om kor prestegarden skulle ligge. Då han etter ei lang og strevsam reise endeleg var framme i Sveio, fekk han vete at han måtte skaffe seg bustad sjølv, som ein mellombels ordning, medan han venta på prestegarden. Han blei lova at det maksimalt skulle gå to år før han skulle få flytte til ein splitter ny prestegard.

 

Avsides, midt mellom dei to kyrkjene

Det var vanskeleg for den nye soknepresten å vite kvar han skulle busetje seg. Den største utfordringa var å finne ein bustad kor han ikkje fekk for lang og vanskeleg veg til dei to kyrkjene han skulle tenestegjere i. Kommunestyret i Sveio meinte at Kvalvåg, heilt søraust i Sveio sokn, var den beste staden å bu for lettast å kunne reise til dei to kyrkjene i preste-gjeldet. Frå Kvalvåg var det kort veg til Apeland. Derifrå var ikkje vegen lang til kyrkja i Sveio, når ein kunne bruke båt over Vigdarvatnet. Det var heller ikkje så vanskeleg å kome seg frå Kvalvåg til kyrkja i Vikebygd. Her kunne ein bruke båt heile vegen. Riktig nok så dreidde det seg om ei sjøstrekning på over sju kilometer, og det kunne vere utfordrande å krysse Ålfjorden under vanskelege vindtilhøve. Dessutan var isen eit problem gjennom heile vinteren.

 

Ivar Kvalvåg sat i kommunestyret. Han kunne tilby den nye soknepresten å leige eit lite hus som sto på bruket hans på Kvalvåg. Heyerdahl såg ikkje noko bedre alternativ, og takka ja til tilbodet frå Ivar Kvalvåg. Huset han leigde sto der kor våningshuset på bruksnummer ein står i dag, men det er ikkje same huset. Soknepresten fekk ei godtgjersle frå Opplysningsvesenets fond på 80 spesidalarar kvart år for å dekke utgifter til bustad fram til prestegarden sto ferdig. Han betalte Ivar Kvalvåg 50 spesidalarar i året for å leige det vesle huset på Kvalvåg.

 

Resten av denne artikkelen vil i hovudsak prøve å gjengi Heyerdahl sine skildringar av tilhøva i prestegjeldet. Skildringane må kunna seiast å vere gjennomgåande negative og kritiske, og dei ber preg av dei store kontrastane det var mellom tilhøva Heyerdahl var van med i Stange, og tilhøva som møtte han i det nye prestegjeldet. Eg har valt å sitere Heyerdahl sine skildringar mest mogleg direkte, men eg har omforma sitata slik at dei blir uttrykte med eit moderne språk. Dette har eg gjort for at det skal bli lettast muleg for lesarane å oppfatte innhaldet i skildringane. Ein del av formuleringane frå 1800-talet er likevel vanskelege å kle i ein moderne språkdrakt.

 

Tre små rom og eit slags kjøkken

Dette skreiv Heyerdahl i kallsboka om butilhøva i Sveio, og om den nye bustaden hans på Kvalvåg: «Ved min ankomst fann eg overalt i soknet ytterst dårleg bygde hus, og dessutan budde det fleire fattige familiar i kvar ei lita hytte. På garden Kvalvåg, i den sørlege enden av Ålfjorden, leigde eg mot ei årleg leige på 50 spesidalar eit lite kårhus med tre små rom, i tillegg til eit slags kjøkken. Bustaden hadde ingen andre fasilitetar. Men denne bustaden var så dårleg fundert og oppført, og derfor så trekkfull og kald, at ein neppe kan førestille seg det, dersom ein ikkje kjenner til den elendige måten hus blir bygde og innreia her på desse trakter.» Heyerdahl såg seg nøydd til å utbetre bustaden sin og skriv dette: «Ved betydelege kostnadar, mest for mi eiga rekning, lykkast det meg sommaren 1863 å utbetre bustaden på Kvalvåg så mykje at han for ettertida står fram som ein meir betryggande bustad.»

 

Tenestejente, dreng og ny kone

Med seg frå Hedmark hadde soknepresten tenestejenta Johanne Magnusdotter. Ho var 24 år gammal og ugift då ho kom til Kvalvåg i 1861. Heyerdahl hadde og med seg den 20 år gamle tenestedrengen Johan Johannesson frå Stange. Det var ikkje noko jordbruk eller husdyrhald knytt til prestebustaden, så ein kan undre seg over kva oppgåver tenestedrengen skulle utføre. Truleg hadde han oppgåver i samband med presten sine mange og lange reiser.

 

Det blei sikkert einsamt for ein høgtståande embetsmann å sitje aleine i det vesle huset sitt på Kvalvåg, utan nokon av sin klasse i mils omkrins. Soknepresten fekk det sikkert litt bedre etter at han gifta seg for andre gong den 16. mai 1865. Viinga gjekk føre seg i Skjold kyrkje, og hans nye kone var Agnes Bernhardine Møllerop, 34 år gammal og frå Kristiansand. Det var sikkert ikkje så lett for den nye prestefrua heller, som kom frå ein velståande borgarleg familie, å finne seg til rette på bygda i Sveio. Det ferske ekteskapet resulterte ikkje i nokon barnefødsel så lenge ekteparet budde i Sveio.

 

Stange prestegard med Stange kyrkje i bakgrunnen. Her budde presten standsmessig i stor embetsmannsbustad. Vegen var kort til kyrkja han skulle tenestegjere i. Tilhøva Heyerdahl møtte i si teneste i Sveio sto i skarp kontrast til det han var van med i Stange. (Biletet er frå nettsida «norske kirkebygg».)

Klatring i ur, vading i bekk og myr

Det skulle bli særdeles vanskeleg og utfordrande for soknepresten å reise til dei to kyrkjene i prestegjeldet. Dette skriv han i kallsboka: «Frå min bustad hadde eg til Sveio kyrkje ei aldeles veglaus strekning på omtrent ¾ mil, som visstnok kan kortast betydeleg ned når ein om sommaren frå Apeland kan ro over Vigdarvatnet. Strekninga må forserast i si fulle lengde når dette vatnet største delen av vinteren er dekka av utrygg is.» Heyerdahl fekk opparbeida ein ridesti frå Kvalvåg til Sveio, slik at han kunne kome seg til kyrkja til hest. Det meste av dette arbeidet måtte han koste sjølv.

 

Reisene til Vikebygd skulle vise seg å bli enda meir utfordrande for soknepresten, særleg om vinteren. Dette skriv han i kallsboka: «Då eg annankvar søndag måtte reise til Vikebygd annekskyrkje for å halde gudsteneste der, måtte eg om vinteren, når den sørlege delen av Ålfjorden var dekka av ufarbar is, gå ein strekning på omtrent ¾ mil til Tveit, Erve eller Oa for å finne isfri sjø. Denne strekninga er, om muleg, enda meir sti- og veglaus enn den til hovudkyrkja. For å tilbakelegge denne strekninga til kyrkja, måtte eg ofte i storm og styrtregn klatre i ur og kleiv, vade i bekk og myr, for deretter trøytt og sveitt etter denne påkjenninga setje meg i båt, ofte i ein gjennomisande sjøvind, for deretter å gå rett inn i det kalde kyrkjerommet for å utføre forretningar. Ved alt dette leid mi tidlegare så gode helse ein knekk som eg må frykte at seint eller aldri vil bli overvunnen.»

 

Strevsame turar i storm og uvêr

I dagsregisteret i ministerialboka dokumenterer presten fleire av dei krevjande og dramatiske reisene han måtte legge ut på. Dette er noko av det han har skrive. Den første skildringa er frå 21. desember 1863: «Fjerde søndag i advent legg eg ut på reise til Vikebygd, for der å halde gudsteneste, men på grunn av så sterk storm imot at skysskarane ikkje lenger greidde å ro, måtte eg gjere vendereise.» Heller ikkje andre juledag dette året kom presten seg til Vikebygd på grunn av storm og uvêr.

 

Den 3. januar 1864 skriv presten: «Gudsteneste tillyst i Vikebygd. Då fjorden ut frå Kvalvåg var tilfrosen, måtte soknepresten gå til fots heilt til garden Tveit i Vikebygd (som ligg mellom Våga og Erve). Ved min ankomst der, fekk eg sjå at heile Ålfjorden låg dekka av meinis, og eg hadde derfor ikkje anna val enn å avlyse gudstenesta og vandre tilbake same vegen.» Den 31. januar skulle Heyerdahl vikariere for soknepresten i Finnås, og halde gudsteneste i Bømlo kyrkje i Langevåg. Han hadde ikkje vêrgudane med seg denne dagen heller. Etter ein lang og strevsam tur til Buavåg, med regn og sterk storm, oppdagar soknepresten at det var umogeleg å kome seg over Bømlafjorden. Dei skysspliktige mennene frå Bømlo sokn hadde heller ikkje greidd å krysse fjorden opp for å hente soknepresten.

 

Skyssmennene makta ikkje meir

Vêrtilhøva skulle vise seg å by på fleire utfordringar for soknepresten denne vinteren. Den 14. februar 1864 skriv presten dette: «Første søndag i faste skulle gudsteneste forrettast i Vikebygd kyrkje. Då heile fjorden frå Kvalvåg til Skjold låg dekka av Meinis, gir soknepresten seg dagen i førevegen, laurdag den 13. februar, til fots langs den ¾ mil lange, aldeles uframkommelege geitestien fram til garden Tveit i Vikebygd. Herifrå håpa eg å kunne kome over til kyrkja med båt. Allereie undervegs til Tveit blei eg overfallen av eit frykteleg uvêr, med storm, snøfokk og regn. Likevel forsøkte eg meg på overfarten. Eg hadde tre sterke skyssmenn med årane, men etter å ha kjempa seg fram til midten av fjorden, makta ikkje skyssmennene lengre å ro mot den voksande stormen. Båten blei nesten slått full av sjø, og me måtte skunde oss tilbake til Tveit. Aldeles gjennomvåt inntil skinnet av sjø og regn, turte soknepresten, som ikkje hadde med seg tilstrekkeleg med klesbyte, ikkje å slå seg til ro på Tveit for kvelden.

 

Trass i det rasande uvêret, føretrakk eg å vade, i mørket, over dei oppsvulma brulause bekkane og myrene tilbake til Kvalvåg, kor eg utmatta og sjuk etter denne anstrengande, barbariske, og for mi helse aldeles øydeleggjande måte å ferdast på, morgonen etter ikkje såg meg i stand til nok ein gong å leggje i veg til Tveit. Uvêret hadde rasa heile natta og gjort framkomsten til Tveit enda vanskelegare. Gudstenesta blei derfor utsett til neste søndag.» Det ufyselege vintervêret var ikkje over med dette. Så seint som 14. mars måtte gudstenesta i Vikebygd avlysast på grunn av is og uvêr.

 

Neste vinter starta like ille som den førre hadde slutta. I dagsregisteret ser me at presten fekk problem allereie den 27. november. Det skulle vere gudsteneste i Vikebygd. Det blåste opp til storm natta før. Presten fekk på plass dobbelt så mange skysskarar som han pleidde å ha til å ro båten, men dei måtte gi opp då dei skulle krysse fjorden ved Framnes. Her måtte dei søke ly og låg vêrfaste i fleire dagar.

 

Måtte gå rundt fjorden

Tett oppunder jul, eller meir presist den 19. desember, skulle soknepresten ha skuleeksamen for Årvik og Brattestø i Vikevik. Det blei ein lang og krevjande tur for presten: «Då Ålfjorden heilt til Framnes låg dekka av Meinis, måtte soknepresten for å kunne utføre desse forretningar i embetsvesenet si teneste, klatre langs ein barbarisk sti ¾ mil til Sundfør, gå derifrå 1 og ¼ mil til Skjold prestegard, og atter derifrå ei heil mil over fjellet og langs stranda til Vikebygd kyrkje.»

 

Nokre gonger greidde presten å streve seg fram til kyrkja, men til inga nytte. Her er eit døme på det frå dagsregisteret: «Den 27. januar 1867 var det ingen gudsteneste i Vikebygd kyrkje. Soknepresten kom dertil dagen før, då han gjennom to alen djupe snøfenner arbeida seg fram til fots langs stien til Flatnes i Skjold, og derifrå heilt til Buavik, for å finne open sjø. Men på grunn av eit rasande uvêr søndag morgon, med snødrev og uframkommelege vegar, kom ikkje eit einaste menneske til gudstenesta, som derfor blei avlyst. Det blei sett opp ny gudsteneste måndag, men denne kunne ikkje utlysast på grunn av uvêret. Uvêret raste også heile måndagen, så heller ikkje denne gongen kunne ei einaste sjel kome seg til gudstenesta.»

 

Utfallet yttarst beklageleg

Soknepresten hadde ikkje berre strevsame reiser i samband med gudstenester og geistlege ærend. Skulelova av 1860 gav han også ansvaret for å føre tilsyn med dei mange skulane i prestegjeldet. Ein viktig del av dette tilsynet gjekk ut på å avhalde skuleeksamen i kvar av skulekrinsane mot slutten av kvart skuleår. Alle skulepliktige barn mellom ni og femten år skulle eksaminerast i lesing og katekismekunnskap. I november 1862 tok soknepresten for første gong fatt på denne oppgåva. Dagsregisteret avslører at han langt frå var nøgd med resultata. Eg har teke med nokre utdrag for å illustrere dette:

 

«Den 26. november 1862 blei det halden skuleeksamen på Bua for skulekrinsane Eltravåg og Bua. Ni eksamenspliktige skuleborn møtte ikkje opp, to utan å melde forfall og sju på grunn av oppgjeven sjukdom. Skjønt dei fleste av desse dagen før var heilt friske, og nokre av dei hadde vore på skulen denne dagen. Utfallet av eksamenen var yttarst beklageleg, særleg for Eltravåg krins sitt vedkommande, kor berre fire barn kunne lese nokolunde reint i frå boka. Dei aller fleste røpte ein ganske forferdeleg uvitenhet i den simplaste katekismekunnskap.»

 

Like ille i heile Sveio

Tilhøva var ikkje bedre andre stader i Sveio: «Den 28. november var det skuleeksamen på Tveit for Tjernagel og Lier krins. Av dei eksamenspliktige barna uteblei to, ein på grunn av sjukdom og ein utan å melde forfall. Utfallet av eksamenen var, særleg for Tjernagel krins sitt vedkommande, ikkje synderleg betre enn eksamenen på Bua som er referert i protokollen.» Det sto heller ikkje bedre til på Nordre-Våge og Eilerås, kor presten eksaminerte den 1. desember: «Alle eksamenspliktige barn møtte opp, men var i alminnelighet meget fåmælte og vankyndige.» Neste dag sto Mølstre og Vikse for tur, og presten skriv: «Nokre få viste tilfredsstillande kunnskap, medan mengda i desse krinsane, som i resten av soknet, røpte ei djup vankunne.» Minst like ille sto det til i skulekrinsane på Kvalvåg og Bråtveit. Heile 12 eksamenspliktige barn møtte ikkje opp, og berre nokre få av dei frammøtte viste tilfredsstillande kunnskap, mens dei fleste også i denne delen av soknet etter presten si meining var «såre vankyndige.»

 

Soknepresten var litt meir nøgd med tilhøva i Vikebygd sokn. I løpet av første halvdel av desember heldt han eksamen for seks av skulekrisane i Vikebygd, nemleg Selsås, Erve, Førde, Årvik, Brattestø, Øvre Vik og Ulvebne. Etterpå konkluderte han på denne måten: «Ein del av barna sitter inne med altfor liten kunnskap, men generelt var barna i Vikebygd langt over barna i hovudsoknet, både når det gjaldt kunnskap og når det gjaldt lesing.»

 

Sterk forakt for kunnskap

Ved endt tenestetid i 1868 konkluderte Heyerdahl på denne måten då han skulle skildre skuletilhøva og sedeleghetstilhøva i prestegjeldet: «Å få sjølv på den tarvelegaste måte gjennomført dei endringar i skulevesenet som den nye skulelova av 16. mai 1860 krev, var særdeles vanskeleg. I forhandlingane som følgde fekk ein anledning til å erfare kor sterkt forakta for kunnskap ligg i folkesjela her, og kor sterk den meining er at ånda si umiddelbare opplysing er nok. Under slike tilhøve har det her, som på andre tilsvarande steder, vist seg at sedeleghetstilstanden ikkje er den beste. Talet på uekte fødde barn er visstnok ikkje høgt, og ved ein rask gjennomgang av ministerialboka kunne ein lett fatta dei beste tankar, men ved nærare kjennskap til tilhøva, vil ein finne at dei fleste ekteskap følger etter eit utillateleg og utuktig samliv, sidan barnefaren heller vel ekteskap enn å bli ilagt oppfostringsbidrag. I mi embetstid har få bruder stått fram til ekteviing, utan å vise umiskjennelege teikn til ein nær føreståande fødsel.»

 

Utsikta frå sokneprest Heyerdahl sin bustad på Kvalvåg. Bjørkeskogen var der nok ikkje på 1800-talet. Me ser Ålfjorden med Skjold og Vikebygdfjella i bakgrunnen. Om han var lite nøgd med bustaden sin, så må han vel ha vore nøgd med utsikta? (Foto: Marianne Ø. Halleraker)

Som i Hårfagre sine dagar

I kallsboka tok Heyerdahl for seg enda fleire område han var lite nøgd med. Dette skriv han om jordbruket og husdyrhaldet: «Utanom det store vårsildfisket i januar og februar sporast såre lita verksemd. Sjølv om Sveio sokn har både myrar og lett dyrkbar jord, og då særleg store myrstrekningar, blir det med få unntak ikkje gjort forbetrande og utvidande markarbeid. Jordbruket er i alminnelegheit neppe mange prosent bedre enn i Harald Hårfagre sine dagar. Tidleg på føreåret opparbeider ein sine små, vassjuke og steinfulle åkerflekkar med spade, spreier deretter store mengder såkorn med hendene, hakkar det ned med ei rive, og spreier gjødsla over. Dermed er den såkalla vårvinna utført. Berre på enkelte gardar har ein skaffa seg små plogar og harver, og teke i bruk litt meir lettvinte og tidssparande reiskap. Havre og poteter er den alminnelige utsæd. Vekselbruk har ein aldri høyrd om. På dei vassfylte engene lar ein det om vinteren ynkeleg sultefôra og mishandla kveget beite, heilt fram til såkornet spirar. Då blir kveget drive ut til den lyngbevokste og magre utmarka, kor det beitar til langt ut på hausten. At utbyttet av husdyrhaldet på denne måten blir lite eller ingen ting, er sjølvsagt.»

 

Streng asketisk pietisme

Til slutt hamrar soknepresten laus på det religiøse livet i prestegjeldet. Heller ikkje her er han mykje nådig mot bygdefolka i Sveio. Han finn ein religiøs grunntone i prestegjeldet, men berre nokre få kan seiast å inneha den evangelisk lutherske trusretninga fullt ut. Salmebøkene og andaktsbøkene som blei brukte både i heimane og i religiøse samlingar, var frå 1700-talet. Bygdene var prega av det som presten kalla ei usunn, strengt asketisk og pietistisk vekking som hadde bredt om seg i store deler av landet dei siste tiåra. Heile det religiøse livet i bygda var prega av det presten kalla ei subjektiv metodistisk trusretning kor gjerningar var viktigare enn åndeleg vekking. Her har nok soknepresten den haugianske rørsla i tankane. Denne retninga hadde lenge hatt sterkt fotfeste i Sveio.

 

Søkte seg vekk frå Sveio

Etter å ha fått eit innblikk i korleis Sveio sin første sokneprest hadde det i tenesta si, er det ikkje vanskeleg å forstå at han ønskte seg bort frå Sveio. Livet som sokneprest i det avsidesliggande bygdesamfunnet på Vestlandet blei ikkje slik som han hadde sett for seg. Dårlege butilhøve og dei lange og strevsame reisene tærte på kreftene. Sveio kommune hadde lova Heyerdahl ny prestegard før hausten 1863. På nyåret i 1868 hadde ein ikkje ein gong klart å bestemme seg for kor prestegarden skulle ligge. Heyerdahl søkte regjeringa om å bli flytta. Han hevda at dei krevjande reisene øydela helsa hans. I februar 1868 fekk han brev frå regjeringa om at han hadde blitt utnemnd til sokneprest i Laurdal prestegjeld i øvre Telemark. Tida var no inne for å ta avskjed med dei to kyrkjelydane i prestegjeldet. Andre påskedag 1868 tok Heyerdahl avskjed med kyrkjelyden i Vikebygd kyrkje. Den 19. april heldt han si avskjedsgudsteneste i Sveio kyrkje. Presten var letta over å få reise. Etter sju strie år hadde Heyerdahl fått nok av Sveio.

 

 

Kjelder:

-Kallsbok for presten i Sveio, 1863-1939.

-Ministerialbok for presten i Sveio, 1861-1877.

-Møteprotokoll for Sveio formannsakap og kommunestyre, 1852-1893.

-Sigurd Tveit, «Bygdelangs», 1992.

-Willy Mjånes, «Kyrkjevegane», i «Sveio kyrkje 1858-2008», 2008.