Potetpresten frå Finnås

Lokalhistorie frå Sveio

Potetpresten på Finnås

Prest, lege, vitskapsmann og universalgeni

 

 

Av Sverre Halleraker

Nils Hertzberg, Peder Harboe Hertzberg sin eldste son. Han var sokneprest i Kinsarvik og prost i Hardanger og Voss. I tillegg til Nils, blei to andre søner av Peder Harboe Hertzberg sokneprestar, og prostar, i Sunnhordland. Christian Hertzberg tok over som sokneprest i Finnås då farn døde, medan Peder Harboe Hertzberg (jr.) blei sokneprest i Kvinnherad.

Så seint som i 1918, 154 år etter første utgjevinga, blei Hertzberg si bok om potetdyrking gjeven ut i fjerde opplag.

 

Innleiing

Første halvdel av 1700-talet var prega av hungersnaud og epidemiar i vårt distrikt. Vintrane var uvanleg lange og kalde, medan somrane var uvanleg kjølige og korte. Folk fekk ikkje kornet modent før vinteren sette inn, og mange måtte svelte seg gjennom vintrane. På midten av 1700-talet var Peder Harboe Hertzberg sokneprest for Finnås prestegjeld, som då utgjorde heile dagens Bømlo kommune, i tillegg til Sveio sokn, og dessutan Øklandsgrenda av det som i dag er Valestrand sokn. Hertzberg var ein usedvanleg klok og godhjarta prest, som samstundes dreiv med vitskapleg arbeid, praktiserte som lege for heile prestegjeldet, og dreiv med folkeopplysning på fleire felt ute blant bøndene i prestegjeldet. Det viktigaste Hertzberg greidde å utrette i si tenestetid, må likevel vere at han fekk bøndene i prestegjeldet, ja i heile landet, til å dyrke og ete poteter. Motstanden og skepsisen mot den nye rotfrukta var stor, men soknepresten talte varmt og engasjert om poteta, både frå preikestolen og i andre møte med bøndene. Peder Harboe Hertzberg kan med rette kallast for «Potetpresten».

 

Krevjande utdanning

Peder Harboe Hertzberg blei født på Davik prestegard i Nordfjord i 1728. Far hans var først kapellan i Davik prestegjeld, men fekk stillinga som sokneprest i Viborg i Danmark då Peder var liten. Nokre år seinare mista han både kyrkje, prestegard og heile formuen sin i ein brann som la store deler av soknet øyde. Etter dette fekk han stillinga som sokneprest i Finnås prestegjeld i 1744. Peder gjekk på latinskule i Viborg, og då familien flytta til Finnås, begynte han på latinskulen i Bergen. Han gjekk rett inn på det høgste nivået, og blei uteksaminert i 1746, 18 år gammal. Deretter starta han med teologiske studiar på Universitetet i København. Etter tre års studiar, greidde ikkje faren å finansiere utdanninga hans lenger. Derfor reiste han heim att til Finnås og fekk stillinga som klokkar der. Etter to år i denne stillinga, hadde han spart nok pengar til å kunne reise tilbake til København for å fullføre studiane. I 1752 tok han teologisk embetseksamen, og i 1754 fekk han stillinga som kapellan i Finnås prestegjeld. Då faren døde i 1764, fekk Peder stillinga som sokneprest i Finnås prestegjeld. I 1785 blei han prost i Sunnhordland. Hertzberg blei verande på prestegarden på Finnås livet ut, heilt til han døde 74 år gammal i 1802.

 

Lege og botanikkar

Hertzberg var langt på veg det me kan kalle eit multitalent, eller eit universalgeni. Han var ein meister i både gresk og latin. På eiga hand hadde han lært seg engelsk, tysk og fransk. I tillegg studerte han både geologi, kjemi, botanikk og medisin heime på prestegarden. Han utførte ei rekke vitskaplege eksperiment innan desse fagfelta, kor han systematiserte og journalførte mange av resultata. Han var medlem av «Videnskabernes Selskap» i Trondheim, og fekk mange av sine avhandlingar publisert her. Han var og ein av grunnleggarane av «Det nyttige Selskap» i Bergen, som skulle fremje folkeopplysing og nye arbeidsmetodar blant dei lite utdanna bøndene. Trass i hans lidenskaplege interesse for alle desse fagfelta, så forsømte han ikkje prestegjerninga si eller teologien. I sine eldre dagar gjorde han eit grundig og inngåande studie i den tyske filosofen Immanuel Kant sin heller krevjande filosofi.

 

Hertzberg si interesse for botanikk og medisin resulterte i at han laga ein eigen urtehage på prestegarden, kor han dyrka urter som han meinte kunne vere helsebringande og ha medisinsk effekt. I tillegg var han på stadig jakt etter urter han kunne finne ute i naturen, for å tørke dei og bruke dei som medisin. Soknepresten fungerte som lege for heile prestegjeldet. I heile Bergenhus Amt var det ingen legar utanfor Bergen by på denne tida. Det gjekk ikkje ei veke kor ikkje Hertzberg blei oppsøkt av fleire pasientar frå prestegjeldet. Han tok seg alltid tid til å høyre om plagene deira, og til å undersøke dei. Som regel hadde han medisin og urter som kunne hjelpe til med å lege eller lindre plagene deira, og han tok aldri meir betalt enn det det hadde kosta han å skaffe medisinen. Dei fattigaste slapp å betale for medisinen og. Hertzberg måtte ofte la dei sjuke som oppsøkte han få legge seg til på prestegarden. Han tok aldri betalt for desse opphalda, eller for pleia av dei sjuke. På spørsmål om han ikkje skulle ha betaling svara han alltid: «Jeg er Prest og ikke Læge eller Professor».

 

Peder Harboe Hertzberg var levande oppteken av folkeopplysing, og gjorde kva han kunne for å styrke skulen. Alle inntektene etter forliksdommar i prestegjeldet blei overførte til skulebudsjettet. Han var oppteken av å undervise på ein praktisk måte som var forståeleg for dei lite opplyste bøndene, og han gjorde mykje for å lære bøndene samanhengen mellom hygiene, kosthald og helse. Det var i denne samanhengen han såg nytten av å starte med dyrking av den nye planta, nemleg poteta.

 

Ein hatt med poteter

Det var prost Atke av Hardanger som var den første som innførte potetplanta til Noreg i 1758. På ei reise til Holland fekk han med seg heim nokre såpoteter som han planta i hagen sin på prestegarden i Kinsarvik. Av avlinga etter desse potetene fekk Hertzberg med seg ein hatt med poteter heim til prestegarden på Finnås. Våren 1759 sådde han desse plantene i hagen sin på prestegarden, og det var med stor interesse han observerte kor stor avling den nye planta gav. Han skjøna raskt at poteta kunne vere til stor nytte for bøndene i Sunnhordland, som sleit med lite mat på grunn av dårlege kornavlingar. Første halvdel av 1700-talet var prega av lange vintrar og kalde somrar på våre trakter. Bøndene sleit med å få kornavlinga moden før vinteren sette inn. Dette skreiv soknepresten på Stord i 1798: «Det er ikke længe siden at Landet heromkring var i en høist beklagelig Tilstand, jeg har ladet mig det fortælle av gamle Folk, som selv har været Vitne til denne Elendighed. Man maatte skjære Havren Grøn og tørre den i et Kar med varme Kampestene for at male den til Mel. Jeg vil forbigaa den grumme Nødvendighed da man maate male Bark af Trærne for at spise.»

 

Sterk motstand

Hertzberg sine forsøk viste at ein dekar med poteter kunne gi seks gonger så stor avling som ein dekar med korn. Dessutan kunne ein setje poteter utanfor kornåkrane, slik at potetdyrkinga ikkje la beslag på åkerarealet til kornet. Likevel var vekselbruk mellom korn og poteter det mest ideelle. Vekselbruket auka både kornavlingane og potetavlingane. Soknepresten på Finnås gjorde kva han kunne for å overtale bøndene i prestegjeldet til å dyrke poteter, men motstanden var stor. I starten var folk skeptiske til å ete noko som vaks under jordoverflata. Gammal overtru ville ha det til at alt under jorda høyrde dei underjordiske til, og derfor var farleg for menneske. Etter kvart ville enkelte ha det til at dei som åt poteter lettare blei spedalske enn andre. Ifølgje Hertzberg, så var den misvisande påstanden om at poteta gjorde kvinnene meir fruktbare, slik at dei lettare blei gravide og fekk fleire barn, det som fekk flest folk i Sunnhordland til å vegre seg mot å ete poteter.

 

Dette skreiv Hertzberg om kva han meinte at var årsaka til spedalskheten i vårt distrikt: «Sygdommens almindeligste Aarsag er den usle og skidenferdige Levemaade i det, deels saa megen fordærvet og ilde tillavet Mad spises der, verken tilstrækkelig er saltet eller kaaget, deels den urene og raadne Luft Folk idelig gjennemtrækkes med, saavel af deres urensede, fuktige, og for det meeste alt for trange Stuer, som at deres vaade og med Urenlighed af Fisk og Tran besmurte Klæder, som en aller offtest tørrer paa Kroppen, men og ihænger i deres Smaa Stuer, hvorved den raadne Luft forskrækkelig forøges, og lægger Grund for den Sygdom, der siden udbryder.»

 

Bok om potetdyrking

Hertzberg brukte alle høve han hadde til å tale varmt for potetdyrkinga, enten det var frå talarstolen i kyrkje, i konfirmantundervisninga eller i andre møte med folk i bygda. Dette skreiv sonen Peder, som var prest i Kvinnherad, om faren sitt arbeid for å få folk til å dyrke poteter: «Han gav utsæd til andre og opmuntrede, bad, ja befalet dem at plante, og uddelte gratis Exemplarer». I 1764 fekk han gjeve ut den vesle boka med namnet «Underretning for Bønder i Norge om den meget nyttige Jordfrukt Potatos, at plante og bruke, af egen Erfarenhed forestillet». Denne boka vekte stor interesse over heile landet, og den enkle og pedagogiske rettleiinga i boka har mykje av æra for at ein begynte å dyrke meir og meir poteter fleire og fleire stader i landet.

 

Rundt 1760 starta Hertzberg å levere poteter til garnisonen i Bergen. Der var det tyske soldatar som tenestegjorde, og disse sette stor pris på potetene. Ryktet om den nye rotfrukta spreidde seg snart frå garnisonen og ut til folk i byen, og desse starta å etterspørje poteter. Langs skipsleia i Sunnhordland hadde mange kjøpmenn frå Bergen etablert seg som landhandlarar, og desse kjøpte allereie sild og annan fisk av bøndene. No ville kjøpmennene kjøpe poteter av bøndene, og det var denne etterspurnaden som for alvor sette fart i potetdyrkinga i Sunnhordland. Det var bøndene på Stord, Bømlo og i Sveio som var dei første til å selje poteter til Bergen. Dertter kom Hardanger og resten av Sunnhordland på banen. Rundt 1800 blei det seld om lag 15 000 tønner poteter i Bergen til ein verdi av 25 000 riksdalar, og det aller meste av dette kom frå Sunnhordland og Hardanger.

 

Sild og poteter

Etter at bøndene hadde starta å dyrke poteter for sal, starta dei gradvis å bruke poteta sjølv. Potetsalet gav bøndene pengar som dei brukte til å kjøpe korn. Dette kornet kom i hovudsak frå Danmark. Då engelskmennene under Napoleonskrigane blokkerte skipstrafikken mellom Noreg og Danmark, fekk ein ikkje lenger korn inn til landet. Då blei poteta redninga for bøndene i Sunnhordland. I krisetidene rundt 1814, var det poteta, sjølvsagt og saman med silda, som berga dei frå svolt og hungersnaud. Etter dette var poteta ein etablert del av kosthaldet i heile landet.

Hertzberg kan med rette kallast «Potetpresten», men han blei og kalla «Treskopresten». Han skal nemleg ha lært bøndene og fiskarane i prestegjeldet å lage tresko, og han lærte dei nytten av å bruke tresko samanlikna med dei dårlege skinnmokasinane dei brukte før. Med ullsokkar og tresko heldt ein seg både tørr og varm på føtene, noko som var viktig for å halde seg friske.

 

Eit mønsterbruk

Sonen til Hertzberg har skrive om livet på prestegarden og om far sin. Han skreiv mellom anna at prestegarden blei driven som eit mønsterbruk i Hertzberg si tid. Då Hertzberg tok over prestegarden på Finnås, blei det berre hausta rundt 30 tønner havre av sju tønner såkorn. Det var heile avlinga. I 1803 derimot, blei det hausta 65 tønner havre av tolv tønner såkorn, og det blei hausta ti tønner bygg og 35 tønner poteter.

Folketeljinga i 1801 viser at det budde mange folk på prestegarden. I hovudhuset budde soknepresten saman med kona Christiane, ei ugift vaksen dotter, ein gift son som var kapellan i prestegjeldet og kona hans, og dessutan soknepresten si svigermor på 93 år. Ein 14 år gammal gut frå Leikanger i Sogn har i folketeljinga status som losjerande student. På garden budde det ikkje mindre enn ni tenestefolk, seks menn og tre jenter, som tok seg av gardsarbeid og hushald. Dessutan hadde kapellanen sin eigen dreng.

På garden budde det to gifte husmenn. Den yngste av desse var 37 år gammal. Kona hans, som var i sitt tredje ekteskap, var 67 år gammal. Dei hadde ei tenestejente på 36 år. Den andre husmannsfamilien på prestegarden hadde fem barn. Til saman budde det 27 personar på prestegarden i 1801, og soknepresten hadde ord på seg for å vere omsorgsfull, rettferdig og raus mot dei alle. Hertzberg var også god og raus mot resten av bygdefolket i prestegjeldet. Livsmottoet hans var at han ville vere eit godt eksempel og førebilete for sine soknebarn. Han meinte at ein god kristen viste det i sine gjerningar mot sine medmenneske. Når nokon talte nedlatande og dømmande om andre menneske, pleidde han å seie at den høgste dommaren også var den mildaste dommaren.

 

Tenar, ikkje Herre

Hertzberg måtte tole mange strevsame reiser i det vidstrakte prestegjeldet i all slags vêr, men han klaga aldri, og han vurderte aldri å søke seg til eit meir lettvindt prestegjeld. Sonen skreiv dette om han: «Aldrig glemte han at han var Menighetens Tjener, og ikke dens Herre. Findaas Kald er et besværligt Kald. Naar han skulde til Kirke, og Uveiret rasede, var altid hans Udtryk: -Jeg ved, Menigheden kommer til Kirke, skal da ikke ogsaa jeg, naar de troe, at de ei bør afholde sig fra Kirken, selv om de blive gjennomvaade, bør jeg da blive siddende bag Kakkelovnen?»

Då Peder Harboe Hertzberg døyde i 1802 hadde han sett djupe spor etter seg. Tre av sønene hans gjekk i fotspora hans og blei sokneprestar i Sunnhordland. Hans gode ettermæle levde lenge i bygdene våre, og han var eit godt forbilde for dei som kom etter han. Når me veit kor nyttig arbeidet hans for å fremje folkeopplysing har vore, og kor mykje hans innsats for å fremje potetdyrkinga betydde, så vil eg påstå at tilnamnet «potetpresten» må seiast å vere ein ærefull og treffande tittel.

 

 

Sider frå Peder Harboe Hertzberg si ministerialbok. På denne tida blei ministerialbøkene ført kronologisk, utan at ulike hendingar blei sorterte i kvar sin protokoll. Me ser at sidene er notater frå 1785 og 1786. Hertzberg hadde ei fin og ryddig handskrift som er lett å lese.