Underklassen i bondesamfunnet

Husmannsstanden i Sveio på 1800-talet


Underklassen i bondesamfunnet

 


Av Sverre Halleraker


Ei typisk husmannsstove på slutten av 1800-talet. Dette huset stod på Halsnøy, men mange av husmannsstovene i Sveio var av same type og storleik. Stovehusa på husmannsplassane var oftast ikkje større enn 20 til 30 kvadratmeter, og heile hushaldet måtte som regel klare seg med eitt rom.

Del 1: Etableringa av husmannsstanden


Ein husmann på Stølane

Det er ein sein kveld i september. Vinden ular i låveveggen på Kvalvåg. Det svake lyset frå flaggermuslyktene blafrar i vinden. På låven står sju menn og svingar tusten taktfast mot kornbanda som ligg på låvegolvet. To av dei er i fast teneste hos brørne Ole og Ivar Jacobsen, som eig det største bruket på Kvalvåg. Dei fem andre er husmenn under garden Kvalvåg. Tørres Endresen er ein av tre husmenn på Stølane. Denne septemberdagen må han og dei andre husmennene bruke til å gjere siste rest av pliktarbeidet hos Ole og Ivar. I husmannskontrakten står det at han kvart år skal utføre tre dagars arbeid under skuronna, tre dagar i våronna, og dessutan at han skal slå fire mål eng for dei tre sjølveigande bruka på Kvalvåg.


Tørres har tankane sine heilt andre stader medan han står og treskar. Han er svært lite nøgd med stoda i livet, og han greier ikkje å leggje bort dei tunge tankane som plagar han. Kor lenge ville den vesle avlinga med korn og poteter rekke denne vinteren? Han hadde måtta ta den tunge og skamfulle turen til fattigkassen heile fire gonger dette året, for å be om mat til seg og familien. Dette hadde han måtta gjort fleire av åra etter at han stifta sitt eige hushald tidleg i 1850-åra. Då Tørres var 36 år gammal, hende noko som skulle setje eit sterkt preg på heile familien. Det blei nemleg konstatert at den unge kona hans, Anna Karine, var blitt spedalsk. Ho var no heilt arbeidsufør, og måtte pleiast av den ugifte søstera si. Kona sin lagnad var vond å bere for Tørres på fleire måtar, og han sakna sårt arbeidsinnsatsen hennar på plassen.


Tørres lurte og på kor lenge høyavlinga ville rekke denne vinteren? Kvaliteten på høyet var heller ikkje god. Han hadde to kyr, men hadde ikkje nok fôr til meir enn ei. Dei beste sommardagane, med godt høyvêr, hadde han måtta hjelpe til i slåtten hos Ole og dei andre sjølveigarane på Kvalvåg. Då han endeleg fekk ta fatt på sin eigen slått, var det slutt på godvêret, og mykje av høyet blei øydelagt i regnet. Tørres tenkte og på kor elendig vårsildfisket hadde vore dei siste åra. Ville inntektene frå fisket denne vinteren bli godt nok til å kunne betale festeleiga på husmannsplassen, og til å kjøpe det fôret som mangla til husdyra, for ikkje å snakke om mat til familien? Ville han få tid og krefter dette året til å utbetre dei små jordflekkane han hadde på Stølane?


Kjende seg mislykka

Tørres tenkte også mykje på dei tre eldste døtrene sine, Brita på 21 år, Gjertrud på 19 år og Ragnhild på 17 år. Dei var alle i teneste no. Brita og Ragnhild hadde flytta ut og fått seg jobb som tenestejenter så snart dei var konfirmerte. Heime på Stølane hadde ikkje Tørres råd til å fø dei. Tørres fekk ennå vondt inni seg kvar gong han tenkte på den tredje dottera si, Gjertrud. Ho var berre ti år då ho måtte flytte ut. Eit barnlaust husmannspar på Bråtveit ville ha henne i teneste, og ho fekk kost og losji som løn. Ho var altfor lita til å forlate heimen sin, og det var vondt å sende henne frå seg på den måten, men Tørres hadde ikkje noko val. Det var rett og slett for mange munnar å mette heime på Stølane.


Tørres lurte på korleis dei tre døtrene hans hadde det no. Det var sjeldan dei hadde tid til å kome heim på besøk, så mykje som dei måtte jobbe. Korleis gjekk det med Brita sin draum om å reise til Amerika? Ville ho greie å spare nok pengar til den lange reisa? Det var nok det beste for henne å få reise. Her heime såg han ikkje dei store framtidsutsiktene for nokre av døtrene sine. Sønene til dei sjølveigande bøndene ville ikkje gifte seg med husmannsdøtrer, og med spedalskhet i familien, blei dei ikkje akkurat meir ettertrakta på ekteskapsmarknaden. Det Tørres kanskje engsta seg aller mest for når det gjaldt dei unge døtrene sine, var at dei skulle hamne i ulykka og blei med barn. Tørres visste om mange husmannsdøtrer som hadde enda opp på denne måten. Blei ei tenestejente med barn, så mista ho jobben, og fekk ho barn utanfor ekteskapet, så ville det bli enda vanskelegare å få gifte henne bort.


Tørres bekymra seg og for dei fire borna som budde heime. Kva hadde han å tilby dei på veg inn i vaksenlivet? Han tenkte også på den sjuke kona si. Det var fælt å sjå på at ho låg der, og sakte men sikkert rotna bort. Ville sjukdomen bli enda verre, og kor lenge kom ho til å leve? Korleis ville det gå dersom det skulle skje noko alvorleg med han sjølv, dersom han skulle døy, eller bli alvorleg sjuk? Då måtte familien forlate plassen. Kor skulle dei då gjere av seg? Tørris greidde ikkje å la vere å skamme seg. Han kjende seg rett og slett mislykka som familieforsørgjar. Han visste at han gjorde så godt han kunne, og at han streva og sleit frå morgon til kveld, kvar einaste dag, for å få endane til å møtast. Likevel greidde han ikkje å la vere å plage seg sjølv med spørsmålet: -Kva livsgrunnlag har eg gjeve barna mine, eg som ikkje ein gong greier å skaffe mat på bordet, utan å få hjelp frå fattigkassa?


Mange skjebnar

I 1875 var Tørris Endreson ein av mange husmenn i det området som no utgjer Sveio kommune. Historia hans er lik mange av husmennene i Sveio si historie, sjølv om det også var mange husmenn som klarte seg bra. I denne artikkelen skal me prøve å bli kjend med denne gruppa, som altså blir sett på som den lågaste sosiale klassen i det gamle bondesamfunnet. Me skal finne ut kva det ville seie å vere husmann, og korleis det var å leve som husmenn i Sveio. Denne artikkelen skal og gi svar på kor mange husmenn det var i dei ulike områda av Sveio, kor mange husdyr dei hadde, og kor mykje dei avla på bruket sitt. Mange av husmannsplassane var små, og det var umuleg å leve av jordbruket. Me skal derfor sjå på kva attåtnæringar husmennene i Sveio livnærte seg av. Dessutan skal me prøve å finne ut korleis det gjekk med denne samfunnsgruppa då husmannsplassane forsvann rundt hundreårsskiftet.


For å få konkrete døme på skjebnen til nokre av husmennene, skal me studere husmennene frå eit bestemt område meir i detalj. Eg har då valt å studere husmennene på garden Kvalvåg, og fortelje deira historie. Eg kan røpe at lagnaden til dei ulike husmennene var ganske så forskjellig. I kartlegginga av husmennene i Sveio, har eg i hovudsak nytta folketeljingane frå 1801, 1865 og 1875 som kjelder, i tillegg til panteregisteret og pantebøker.


Med eller utan jord

Ein husmann var ein person som leigde eit jordstykke, eller berre ei hustuft. Det er vanleg å skilje mellom husmenn med jord, og husmenn utan jord. Husmenn utan jord leigde berre hustufta, og desse livnærte seg av anna arbeid enn jordbruk. Me finn husmenn utan jord i område kor det var behov for arbeidskraft til verksemder som skogbruk, bergverk og skipsbygging, og dessutan i område med rikt fiskeri. Husmenn utan jord blir og kalla strandsitjarar.


Ein husmann med jord leigde eit stykke jord, som han ofte måtte dyrke opp sjølv. Her fekk han setje opp dei husa han trong til å bu der og drive litt jordbruk. Ein del av husmennene greidde å leve av avkastinga frå jordbruket, men mange av dei var avhengige av inntekter frå andre næringar. Dei fleste stadene i Sveio var fisket viktigaste attåtnæring. Mange husmenn var såkalla dagarbeidarar. Det betyr at dei hjelpte dei sjølveigande bøndene med sesongarbeid og ulikt jordarbeid. Mange husmenn dreiv dessutan med handverksarbeid av ulikt slag for å spe på inntekta.


Ikkje like rettar

Det har vore vanleg å sjå på husmennene som ein eigen samfunnsklasse, som stod nedst på den sosiale rangsstigen i det gamle bondesamfunnet. Husmennene eigde ikkje jorda si, dei levde som regel under små kår, og det meste av livet deira dreidde seg om kampen for å skaffe nok mat til seg og familien. Husmennene hadde heller ikkje rett til å la plassen gå i arv frå generasjon til generasjon, og dei hadde ikkje rett til å sikre seg vilkårskontrakt for alderdommen. Mange husmenn, og då særleg husmannsenker, hamna under fattigomsorga i alderdomen, og mange av dei måtte gå på legd.


Husmennene hadde heller ikkje dei same rettane i samfunnet som dei sjølveigande bøndene, som til dømes stemmerett ved politiske val. Det var berre menn som eigde jord, eller som hadde formue av ein viss storleik, som hadde stemmerett. Husmennene fekk derfor heller ikkje vere med i lokalt styre og stell, noko som blei viktig i bygdene våre i siste halvdel av 1800-talet. I dagleglivet var kanskje det mest synlege skiljet mellom sjølveigarane og husmennene, plasseringa i kyrkja. Husmenn og tenestefolk måtte sitje heilt bak i kyrkja, eller oppe på galleriet.


Det var heller ikkje så lett for husmannsbarna å gifte seg og stifte familie. Dei som stod høgare oppe på rangstigen ville ikkje gifte seg med husmannsbarn, og ein måtte ha eit levebrød før ein kunne gifte seg og stifte familie. Samstundes måtte mange familiar sende barna sine ut av huset så snart dei var konfirmerte, fordi dei rett og slett ikkje greidde å brødfø heile familien. Dette førte til at husmannsbarna tidleg starta i teneste hos dei sjølveigande bøndene, og mange av husmannsbarna blei tenestefolk gjennom heile livet sitt.


Husmannskontrakten

Husmannskontraktane kan fortelje oss mykje om kva rettar og plikter husmennene hadde. Eg har studert eit titals tinglyste husmannskontraktar frå Sveio, og desse var i stor grad sett opp på same måte, og vilkåra i kontraktane var mykje godt dei same. Kontrakten var mellom husmannen og eigarane av garden. Husmannsplassen låg nesten utan unntak ein stad i garden si utmark. I kontrakten står det ofte at husmannen har rett til å gjerde inn eit bestemt stykke av garden si utmark, og at han har rett og plikt til å bruke dette området. I kontrakten står det også at husmannen hadde rett til å la husdyra beite i utmarka om sommaren. Dei gardane som hadde felles utmark med andre gardar, måtte ha godkjenning frå dei andre gardane på denne beiteretten.

 

Det står også i kontrakten kor husmannen kunne hente brennved. I dei tidlegaste kontraktane står det ofte at husmannen kunne ta trer, torv og røter til brennved, medan kontraktane som er skrive utover 1800-talet, ofte har spesifisert at husmannen ikkje kunne ta anna enn torv og røter frå myrene til brensel. Dei eldste kontraktane var som regel mellom eigarane og husmannen, medan ein seinare også fekk med husmannen si kone i kontrakten. Dersom ikkje kona var med i kontrakten, hadde ho heller ikkje rett til å sitje med plassen dersom mannen skulle døy. I kontrakten strod det oftast spesifisert at husmannen eigde bygningane på plassen. Dessutan stod det kor mykje som skulle betalast i årleg bygselavgift. På dei største plassane var denne avgifta mellom fire og fem spd, medan festeavgifta var mellom to og tre spd på dei minste plassane. Ei festeavgift på fem spd var ein stor utgiftspost for husmannen. Tidleg på 1800-talet tilsvara dette ei halv årsløn for ein tenestekar.


I husmannskontrakten står også pliktarbeidet husmannen skulle utføre for eigarane spesifisert. Pliktarbeidet var som regel tredelt. Ein del skulle utførast i våronna, ein del i slåtten, og ein del under kornhaustinga og treskinga. Dei største husmannsplassane kunne ha opptil seks dagar med pliktarbeid i våronna, og like mykje i skuronna, medan dei skulle slå om lag seks mål graseng. På dei minste husmannsplassane var pliktarbeidet om lag halvparten så mykje som på dei største. Husmannsplassane utan jord hadde som regel ikkje pliktarbeid.


Voks i takt med folkeauken

I Noreg etablerte dei første husmennene seg på 1600-talet, og utover 1700-talet voks husmannsklassen i takt med folkeauken. På Austlandet og i Trøndelag blei det etablert ein sjølvrekrutterande husmannsklasse, som var ein tydeleg underklasse. På Vestlandet og blei det etablert ein husmannsklasse på 1700-talet, men her var skiljet mindre mellom dei sjølveigande bøndene, som kunne sitje med små og skrale bruk, og husmennene som ofte kunne rydde seg gode plassar og drive eit relativt godt jordbruk.

 

På 1800-talet skaut folketalet i veret i mange av vestlandsbygdene, og talet på husmannsplassar steig raskt, samstundes som dei sjølveigande bruka blei delte. På denne tida blei mange av husmannsplassane også delte, samstundes som mange nye blei etablerte. Dei eldste husmannsplassen gjekk ofte i arv frå generasjon til generasjon. Mange av dei nye husmennene som etablerte seg utover 1800-talet, var søner av sjølveigande bønder, som ikkje hadde rett til å arve jord. Den sterke nyetableringa av husmenn førte til at det blei mindre jord og trongare kår for dei fleste av husmennene. På Vestlandet nådde talet på husmenn ein topp rundt 1860, men i siste del av 1800-talet gjekk talet på husmenn drastisk ned, og rundt 1920 var det så godt som ingen husmenn att på bygdene i Noreg.


I Sveio nemner kjeldene ein del husmenn allereie på 1600-talet. Dette var for det meste strandsitjarar som fekk seg arbeid med skogsdrift og sagbruk. Denne verksemda var ganske omfattande mange stader langs Ålfjorden, og dessutan fleire stader i Valestrand. Desse eldste husmennene dreiv truleg ikkje noko form for jordbruk, men fekk leige seg ei hustuft, slik at dei hadde ein stad å bu medan dei hadde arbeidet sitt her.


Ekstra arbeidskraftsressurs

Ved å gå gjennom panteregisteret kan me finne dei husmannsplassane som hadde tinglyst festekontrakt. Festekontrakten gir oss svar på kva tidspunkt plassen blei bygsla. Ikkje alle husmannskontraktane blei tinglyste. Derfor må me også nytte andre kjelder for å finne alle husmennene. I Gards og ættesoge for Sveio står det nemnt ein del husmannsplassar utan tinglyste festekontraktar. I oversikten eg har laga over kva tid dei ulike husmannsplassane blei etablerte i Sveio, har eg også teke med desse. I tabellen nedanfor kan du sjå kva tidsperiode dei ulike husmannsplassane blei etablerte.


Me kan sjå at det blei etablert 59 husmannsplassar i Sveio før 1800. Mange av desse finn me i Vestre Vikebygd. Dette var det området kor mange husmenn etablerte seg tidleg på grunn av skogbruksverksemda. På 1700-talet etablerte dei første jordbrukshusmennene seg i Sveio. Det var ikkje så mange av dei, og dei fekk ofte leige store landområde. Dei fekk enten bygsle jordbruksjord som hadde lege aude sidan svartedauden, eller anna lett dyrkbar jord. Gjennom heile 1700-talet var folketalet stabilt lågt i Sveio, og mange av gardane opplevde mangel på arbeidskraft. Derfor var behovet for ein ekstra arbeidskraftsressurs ein stor del av årsaka til at mange gardar fekk husmannsplass på 1700-talet. Husmennene hadde som kjent kontraktfesta arbeidsplikt på bruket kor dei høyrde til, og dessutan blei dei ofte leigde inn for å utføre ulike arbeidsoppgåver for dei sjølveigande bøndene.


Sterk auke i talet på husmannsplassar

I folketeljinga frå 1801 finn me 74 husmenn i det området som no utgjer Sveio. Dette talet er noko høgare enn det me finn i tabellen. Årsaka til det er at folketeljinga avslørte ein del husmenn som enda ikkje hadde fått tinglyst festesetel på plassen. I dei første tjue åra av 1800-talet fekk me 41 nye husmannskontraktar i Sveio. Samstundes steig folketalet i Sveio noko, slik at folketalet no var oppe i 1500. Dei nye husmannsplassane kom i alle dei ulike områda av Sveio, og talet på husmannsplassar auka i takt med auken i folketalet. I denne perioden blei mange av stølane festa som husmannsplassar.


I dei neste tjue åra ser me ein sterk auke i talet på husmannsplassar. Det kjem heile 80 nye husmannsplassar i Sveio i åra mellom 1820 og 1839, og i perioden etter dette ser me ein enda sterkare auke. Mellom 1840 og 1859 får me så mange som 99 nye husmannsplassar i Sveio. I same periode aukar folketalet dramatisk, og i 1860 var det 3500 innbyggjarar i det området som no utgjer Sveio. Heile landet opplevde ein sterk folkeauke i denne perioden, men folkeauken i Sveio var ekstra stor, på grunn av at me hadde stor tilflytting, samstundes som fødselsoverskotet var stort, og talet på barn som døde gjekk ned. Sveio var ein attraktiv stad å busetje seg i denne perioden, på grunn av at me låg midt i det mest sentrale området for vårsildfiskeriet. Det var altså mange som etablerte seg som husmenn i Sveio mellom 1820 og 1860, for å kunne ta del i rikdomane som vårsildfiskeriet kunne gi dei.


Flytta bort frå dei overfolka gardane

Dei fleste stadene i Noreg, også i vårt distrikt, gjekk talet på husmenn ned etter 1860. Dette gjeld ikkje for Sveio. Her fekk me nemleg 71 nye husmannsplassar etter 1860. Dei fleste av desse kom i 1860- og 1870-åra, og midt i 1870-åra var toppen nådd også for Sveio. Tabellen viser at det totalt har vore 350 husmannsplassar i Sveio. Ein del av desse var nedlagde, eller skilde ut som eigne bruk då det blei gjort folketeljing i 1875. I denne folketeljinga finn me altså 307 husmenn i Sveio. Etter 1875 gjekk talet på husmenn ned også i Sveio. Ein stor del av dei som budde her i 1875 flytta vekk frå Sveio. Svært mange reiste til Amerika, og mange flytta til Haugesund og andre byar og industristader. Før 1870 var amerikabilletten så dyr at det stort sett var dei rikaste av bygdefolket som kunne reise, men etter 1870 blei det så pass enkelt og billig å reise til Amerika, at husmenn og arbeidsfolk etter kvart utgjorde den største gruppa av utvandrarane.


Mot slutten av 1800-talet var det så mange som hadde forlate dei overfolka bygdene i Sveio, at mange husmannsplassar blei lagde ned. Ein stor del av husmannsplassane blei likevel ikkje nedlagde, men skilde ut som eigne bruk. I Sveio blei 124 av husmannsplassane, eller om lag ein tredjedel, skilde ut som eigne bruk på slutten av 1800-talet, eller i løpet av dei første tjue åra av 1900-talet. Dei gamle husmennene blei ofte varande på husmannsplassen livet ut, men barna deira fekk seg arbeid andre stader. Rundt 1920 var altså husmannsperioden så godt som slutt i Sveio.


Ofte berre eitt rom

Me skal no prøve å finne ut korleis det var å leve som husmann i Sveio på 1800-talet, og me skal starte med å sjå på korleis husmannsplassen såg ut. Det er lite i kjeldene som fortel oss om bygningane på husmannsplassen, men ein del bygningar frå husmannsplassar står enno. Me finn og ein del steinmurar som står att etter nedlagde plassar. Bygningane på husmannsplassane bar preg av at husmennene var mindre velståande enn dei sjølveigande bøndene. Dei største plassane hadde både våningshus og låve med fjøs. Dei fleste husmannsstovene var likevel små. Ofte hadde husmannsstovene berre eitt rom, og her måtte heile familien sove. Her laga dei all maten, og her åt dei alle måltida. Ei typisk husmannsstove var mellom 20 og 30 kvadratmeter stor, og i enden av huset var det som regel ein torvskut. På mange husmannsplassar bygde dei våningshuset saman med låve og fjøs. På den måten kunne dei spare på bygningsmaterialane.


På Lyngbakken på Fjon finn me murane etter husmannsplassen «Skjenet». Dette var ein liten husmannsplass. Her budde Ole Berntson Hovda (1823-1897) og Malene Torbjørnsdotter (1822-1894). Dei fekk festestel på plassen i 1855. Ole og Malene hadde fem barn. Murane som står att på plassen viser at huset deira var kombinert våningshus og løe. Grunnmuren viser at huset var fem meter langt og åtte meter breitt. Halvparten av huset var våningshus, medan den andre halvdelen var låve med fjøs i kjellaren. Stova som denne familien på sju skulle leve i, var altså ikkje meir enn om lag 20 kvadratmeter stor.


I 1865 sådde Ole ei halv tønne havre og ei halv tønne poteter. Husdyra dei hadde på plassen var ei ku, åtte sauer og to geiter. Det viste seg å vere vanskeleg å leve av jordbruket på denne vesle plassen. Ole blei nøydd til å selje kua, og han hadde ikkje råd til å kjøpe ny ku. I 1875 hadde han berre ni sauer på plassen. Tre av desse var det andre som eigde. Ole kunne hauste tre tønner havre og tre tønner poteter, i tillegg til litt bygg. Dette var likevel ikkje nok mat til alle som skulle mettast på Skjenet, og Ole var avhengig av hjelp frå fattigkassa. Skjenet på Fjon er eit døme på ein typisk liten husmannsplass i Sveio, og lagnaden til Ole var ikkje ulik lagnaden til mange andre husmenn i Sveio på same tid.


Eit enda tydelegare bilete

Me skal no runde av første del av artikkelen om husmennene i Sveio. Eg har prøvd å gje eit inntrykk av korleis det var å vere husmann i Sveio på 1800-talet, og du har fått sjå korleis talet på husmenn auka raskt fram til 1875, for så å gå ned mot slutten av hundreåret. I neste del av denne artikkelen skal me analysere opplysningane frå folketeljinga i 1875. Du skal då få vite kor store husmannsplassane var i dei ulike områda, kor mykje korn og poteter som blei produsert der, og kor mange husdyr dei hadde. Me skal og finne ut kor mange av husmennene som hadde attåtnæringar, og kva attåtnæringar dei dreiv med. Eg kan røpe så mykje at biletet av husmennene som ein underklasse i det gamle bondesamfunnet kjem til å bli enda tydelegare etter at du har lese neste del. Likevel vil du også få sjå at nauda og strevet på husmannsplassane, var i ferd med å løfte husmennene ut av bondesamfunnet, og inn i ei heilt ny tid.


Grunnmuren er alt som står att av husmannsplassen «Skjenet» på Lyngbakken på Fjon. Skjenet blei bygsla av Ole Bentson og kona Malene Torbjørnsdotter i 1855. Her fekk dei bygd eit hus som både var stovehus, låve og fjøs. Heile huset var 40 kvadratmeter. Her budde dei saman med fem barn. I 1865 hadde dei ei ku, åtte sauer og to geiter på plassen, og dei hausta tre tønner havre og tre tønner poteter. Ole og Malene streva frå morgon til kveld, men dei greidde ikkje å forsørgje seg og familien med det vesle dei klarte å produserte på plassen. Dei måtte gå den tunge vegen til fattigkassa for å be om støtte til livsopphaldet. (Foto: Sverre Halleraker)

Del 2: Ein analyse av husmannsplassane i Sveio


Innleiing

I første del kunne du lese om korleis det var å leve som husmann i Sveio på 1800-talet. Det kom tydeleg fram at husmennene stod heilt nedst i den sosiale rangstigen i bygdesamfunnet. Mange husmann streva kvar dag med å skaffe nok mat på bordet til seg og familien sin, men ikkje alle greidde å få endane til å møtast utan å ta den skamfulle vegen til fattigkassa. Du fekk også sjå korleis talet på husmenn auka raskt utover 1800-talet, og nådde ein topp rundt 1875, før talet gjekk ned mot slutten av hundreåret. I 1920 var husmannsklassen så godt som borte frå bygdene våre.


I denne delen av artikkelen skal du få sjå analysen eg har gjort av alle dei 307 husmannsplassane eg fann i folketeljinga frå 1875. Her skal du få sjå kor store husmannsplassane var i dei ulike områda, kor mykje korn og poteter dei produserte på plassen, og dessutan kor mange husdyr dei hadde. Analysen fortel oss også kor mange av husmennene som hadde attåtnæringar, og kva attåtnæringar dei dreiv med. Sjølv om skilnaden var stor mellom dei største og dei minste husmannsplassane, får me eit tydeleg bilete av at husmennene hadde lite å leve av, og at det var tronge kår for mange av dei.


Kartet viser dei ulike områda eg har delt Sveio inn i. Me finn tydelege skilnader mellom husmennene i dei ulike områda. I dei ytre områda finn me flest små husmannsplassar, kor ein var avhengig av inntekter frå attåtnæringar, medan me i dei indre områda finn fleire store husmannsplassar, kor ein i større grad kunne leve av jordbruket.

Nesten like mange husmenn som sjølveigarar

I artikkelen om dei sjølveigande bøndene i Sveio, som stod på trykk i Vestavind i sommar, presenterte eg ein tabell som viste kor stor del av gardsbruka i ulike deler av Sveio som var husmannsbruk i 1875, altså på det tidspunktet kor det var flest husmannsplassar i Sveio. Opplysningane er henta frå folketeljinga som fann stad dette året, og tabellen, som du kan sjå nedanfor, viser og kor stor del av befolkninga som budde på husmannsbruk. Her ser me at det nesten var like mange husmannsbruk som sjølveigarbruk i Sveio i 1875. Tabellen  viser at husmannsbefolkninga utgjorde 35 prosent av den totale befolkninga, men dette talet er høgare, fordi folketeljinga berre tek med dei som budde på husmannsplassane. Tenestefolka på dei sjølveigande bruka, som ofte var vaksne husmannsbarn, blir altså ikkje fanga opp i denne teljinga. Ser me på dei ulike områda av Sveio, så var det mange husmenn i alle områda, men Vikse og Vestre Vikebygd utmerkar seg. Her utgjer husmannsbruka ein særs høg del av alle bruka, medan områda som er kalla Ytre Sveio nord og Økland utmerkar seg i andre enden av skalaen.


Kjelde: Folketeljinga i 1875.

Namnet fortel noko om plassen

Før me går laus på oppgåva med å finne ut kor store husmannsplassane var, kan det vere interessant å sjå nærare på namna til husmannsplassane. Namnet kan fortelje oss noko om  kor plassen låg, og dessutan noko om landskapet og terrenget plassen låg i. Eg har tidlegare vore inne på at mange av stølane til gardane i Sveio blei husmannsplassar. Derfor finn me 26 husmannsplassar med «stølen» som namn, og då ofte kombinert med gardanamnet. Me finn fem husmannsplassar som berre heiter «plassen» kombinert med gardsnamnet. 26 av plassane har namn som markerer at det er eit bestemt jordstykke som utgjer plassen, og desse har namn som «gjerdet», «stykket», «ækren», «myren», «teigen» eller «sletten». Ordet «træ» går også att i mange av namna. Me finn 23 husmannsplassar som heiter noko med «træ». Dette ordet kjem av uttrykket «trede», som tyder tråkk eller sti, noko som fortel oss at desse plassane låg ved ferdselsårer og stiar.


Mange av namna på husmannsplassane fortel oss noko om landskapet dei låg i. Mange av plassane låg ved sjøen, og derfor finn me 32 plassar som heiter noko med «vik» eller «våg», og 25 plassar som heiter noko med «nes». Me finn også ein del plassar ved sjøen med «holmen», «stranden» «hulen» og «øen» i namna. Fleire av plassnamna fortel oss om korleis plassane låg i terrenget. Gardstuna på dei sjølvstendige bruka låg oftast i slett terreng, men det gjaldt ikkje alle plassane. 28 av plassane heiter noko med «haug», medan åtte av plassane heiter noko med «bakken». Namn som «kleiven», «brekken», «skaret», «lien», «skjenet», «uren» og «rabben» fortel også at plassane låg i ulendt terreng.


Mange små husmannsbruk

Ein stor del av husmennene som dreiv jordbruk på plassen hadde mindre enn to mål med åker. Ein typisk representant for denne gruppa kunne så ei halv tønne havre og ei halv tønne poteter. Dette gav ein avling på snaue tre tønner havre og tre tønner poteter. Denne gruppa kallar eg for små husmannsbruk. I denne gruppa finn me 102 husmenn, eller 33 prosent av husmennene. Husmennene på dei små husmannsbruka var ikkje i nærleiken av å kunne produsere nok mat til seg og hushaldet sitt på plassen, og dei var avhengige av inntekter frå ein annan næring. Me finn dei små husmannsbruka i alle områda av Sveio, men dei utgjorde størst del av husmannsbruka i Valestrand, Økland og Vikse-området.


Fiskarar og arbeidsfolk

Me skal no prøve å finne ut kor store dei ulike husmannsplassane var, altså kor mykje jordbruksjord dei hadde. For å finne ut dette har eg klassifisert husmannsplassane etter kor mykje åker dei hadde, og kor mange husdyr dei hadde på plassen. For å finne storleiken på åkrane, har eg brukt opplysningane i folketeljinga om kor mykje som blei sådd av korn og poteter. Når me veit at det gjekk med ei halv tønne havre til eit mål åker, og at det gjekk med ei snau tønne poteter til eit mål med åker, kan me rekne oss fram til åkerarealet til kvar husmannsplass.


Me ser at 45 av husmannsplassane, eller om lag 15 prosent, ikkje hadde åker i det heile tatt. Desse husmannsplassane var såkalla husmenn utan jord, eller strandsitjarar som dei også vart kalla. Denne gruppa av husmenn dreiv altså ikkje med jordbruk på plassen, men leigde berre grunnen til å setje huset sitt på. Likevel ser me at dei fleste av desse husmennene hadde nokre få husdyr, som regel eit par sauer eller geiter. Me finn flest husmenn utan jord i Vikse-området og i Vestre Vikebygd. Dei fleste av desse var fiskarar, skogsarbeidarar og bergverksarbeidarar, medan nokre av dei dreiv ulikt handverksarbeid. Nokre av strandsitjarane var jordarbeidarar som tok oppdrag for dei sjølveigande bøndene.


   : Folketeljinga 1875.


Husmannsplassar med eit åkerareal mellom to og fire mål utgjorde den største gruppa. Desse har eg kalla mellomstore husmannsbruk. Over 40 prosent av husmennene med jord fell inn i denne gruppa. Ein typisk husmann i denne gruppa sådde ei snau tønne havre og ei snau tønne poteter, noko som gav ein avling på fem tønner havre og seks tønner poteter på ein god haust. Dette var heller ikkje nok mat til å kunne vere sjølvforsynt for ein familie, men eit ektepar kor barna hadde flytta ut kunne kanskje greie seg med dette.


Om lag 20 prosent av husmennene i Sveio i 1875 hadde meir enn fire mål åker. Denne gruppa kallar eg for store husmannsbruk. Dei fleste husmennene i denne gruppa hadde om lag fem mål åker. Det var nesten ingen av husmennene i Sveio som hadde meir enn seks mål åker i 1875. På ein typisk stor husmannsplass sådde ein då snaue to tønner havre og ei og ei halv tønne poteter, noko som gav ein avling på om lag ni tønner havre og ni tønner poteter. Heller ikkje dette var mykje å leve av for barnefamiliar og store hushald, men når ein kunne spe på med fisk, noko som dei aller fleste husmennene i Sveio kunne, så kan me seie at dei store husmannsplassane i Sveio i stor grad var sjølvforsynte med mat.


Nokre sauer og ei ku

Me skal no sjå på kor mange husdyr husmennene i Sveio kunne fø på plassen sin. Eg har ikkje teke med sauer og geiter i denne oversikten, men dei aller fleste husmennene hadde nokre sauer på plassen. Til og med husmennene utan jord hadde som regel eit par sauer, for å skaffe seg litt ull og kjøt. Generelt kan me seie at dei små husmannsplassane oftast hadde mellom to og seks sauer, dei mellomstore mellom fem og 15 sauer, og dei store mellom ti og 30 sauer. Dessutan var det mange av husmennene som hadde sauer på fôr for andre. Det var ikkje uvanleg at dei kunne ha opp til ti ekstra sauer på plassen på denne måten, og greidde såleis å tene seg nokre ekstra skilling.


I tabellen nedanfor kan du sjå kor mange kyr husmennene hadde. Det å kunne ha kyr på plassen var avgjerande viktig for matproduksjonen. Mjølk, smør og ost var ein viktig del av husmannskosten, i tillegg til havremjølet og potetene. Grovt rekna kan me seie at eit hushald på fire personar måtte ha to kyr eller meir for å vere sjølvforsynte med mjølkeprodukt. Ein stor del av husmennene i Sveio var ikkje i denne situasjonen. Husmennene utan jord hadde ikkje ku. Mange av dei små husmennene hadde heller ikkje ku, eller så hadde dei ei ku. Dei mellomstore husmennene hadde ei eller to kyr, medan dei største husmannsplassane ofte hadde tre eller fire kyr. Desse var altså godt stilte når det gjeld mjølkeprodukt.


Kjelde: Folketeljinga frå 1875.


Skilnader mellom ulike område

Tabellen viser og kor mange husmannsbruk som hadde hest. Som du kan sjå, så var det ikkje mange husmenn i Sveio som hadde hest. Totalt var det altså berre 15 av dei 307 husmennene som hadde hest, og det var dei aller største husmannsbruka som hadde hest. Me ser at det var skilnader mellom dei ulike områda. Me kan merke oss at ingen av husmannsplassane i Valestrand eller i Øklands-området hadde hest. I dette området var det også berre nokre få husmenn som hadde meir enn to kyr, noko som kan tyde på at det ikkje var så mange store husmannsplassar i dette området.


Etter å ha studert storleiken på husmannsplassane i dei ulike områda i Sveio, synes eg å finne eit mønster som ikkje kjem fram av tabellane eg har laga. Me ser nemleg at dei største husmannsplassane låg under dei største gardane i Sveio, altså dei gardane som hadde det største arealet. Det var dei største husmannsplassane som blei etablert tidlegast, altså på 1700-talet, eller tidleg på 1800-talet. Mange av dei store gardane hadde jordbruksjord som låg øyde, eller som var lett å dyrke opp. Her fekk husmennene nok jord til at dei kunne etablere eit godt jordbruk. Dei store gardane hadde dessutan store utmarksvidder slik at husmennene kunne ha mange husdyr på beite der om sommaren. Husmennene som etablerte seg frå 1820 og utover, fekk som regel små plassar, kor dei ikkje kunne drive mykje jordbruk.


Ein tydeleg underklasse

Kva seier tala frå analysen av husmannsbruka oss om korleis det stod til med husmennene samanlikna med dei sjølveigande bøndene? I artikkelen eg skreiv om dei sjølveigande bøndene kom det fram at ingen sjølveigarbruk hadde mindre enn fire mål åker, og gjennomsnittet av sjølveigarane hadde åtte mål med åker. Me har no sett at berre 20 prosent av husmennene hadde meir enn fire mål åker, og nesten ingen hadde meir enn seks mål. Når det gjeld talet på kyr, så hadde gjennomsnittet av sjølveigarane fire kyr, medan gjennomsnittet av husmennene med jord hadde ei og ei halv ku.


Ser me på kor mange av bruka som hadde hest, så blir skiljet enda tydelegare. Heile 69 prosent av sjølveigarane hadde hest, og mange av dei hadde to hestar, medan berre fem prosent av husmennene hadde hest. Sjølv om nokre av dei største husmannsplassane hadde eit like stort jordbruk som dei minste sjølveigarbruka, viser desse tala tydeleg at husmennene utgjorde ein underklasse samanlikna med sjølveigarane, når me legg til grunn at det var avkastinga frå jordbruket dei skulle leve av.


Fiske var viktig attåtnæring for alle

Folketeljinga frå 1875 gir oss også opplysningar om kva andre næringar husmennene livnærte seg av. Når me snakkar om næringar i tillegg til jordbruket, var det slik for både sjølveigande bønder og husmenn i Sveio på denne tida, at fisket utgjorde ein stor del av næringa deira. Fisket var særdeles viktig både for å forsyne eige hushald med mat, og for å skaffe inntekt i form av pengar. Vårsildfisket var særleg viktig her, men som eg har nemnt i fleire andre artiklar, så svikta vårsildfisket rundt 1870, etter ein periode på over femti år med eit svært innbringande fiske kvart einaste år. I 1875 var det så godt som slutt på vårsildfisket i våre farvatn, men bøndene og husmennene i Sveio tok del i anna fiske, og som tilskot til eige hushald var fisket like viktig no som tidlegare. I folketeljinga står ein ikkje ført opp som fiskar utan at ein hadde inntekt av fisket.


I tabellen nedanfor kan du sjå kor mange husmenn som dreiv med annan næring enn jordbruket. Det seier seg sjølv at husmennene utan jord måtte ha ei næring utanfor jordbruket. Elles så ser me at av husmennene med jord, så var det nær 40 prosent som hadde ein næring i tillegg til jordbruket og heimefisket.


Kjelde: Foketeljinga frå 1875.


Skilje mellom dei indre og ytre områda

Over halvparten av husmennene i Sveio hadde altså berre jordbruket som næringsveg i 1875. Generelt kan me seie at det var dei største husmannsplassane som berre dreiv jordbruk, medan dei mindre plassane hadde attåtnæring, men her ser me store variasjonar. Ser me på dei ulike områda, så finn me eit skilje mellom dei ytre områda av Sveio og dei indre områda av Sveio. Dersom me generaliserer, så kan me seie at me i dei ytre områda finn små husmannsplassar med attåtnæringar, og då ofte knyta til fiske og sjøbruk, medan me i dei indre delane av Sveio finn store husmannsplassar, som i stor grad var avhengige av jordbruket på plassen.


Det kan vere interessant å sjå nærare på kva attåtnæringar husmennene i Sveio hadde. Tabellen nedanfor viser kva næringar som var oppgjevne i folketeljinga. Me ser at fiskar er den attåtnæringa som sysselset flest husmenn. Dei fleste fiskarane finn me langs vestkysten av Sveio, men me finn og mange i den indre delen av Ålfjorden. Elles så ser me at mange husmenn tok arbeidsoppdrag hos dei sjølveigande bøndene, og at mange husmenn jobba innan bygg og anleggsarbeid. Ein relativt stor del av husmennene var sjøfolk, medan mange dreiv med ulike former for handverksarbeid. Me finn og nokre husmenn med litt finare stillingar, som til dømes, landhandlar, trelasthandlar, rekneskapsførar og skolelærar. Ein av husmennene står oppført som tenestejente. Her er det snakk om ei husmannsenke, og det var truleg sonen som dreiv jordbruket på plassen.


Kjelde: Folketeljinga 1875.


Ut av jordbrukssamfunnet

Oversikten over attåtnæringane som husmennene var sysselsette innan, fortel oss at mange av husmennene var i ferd med å ta steget ut av det gamle jordbrukssamfunnet, og inn i det moderne samfunnet. Mangelen på jord førte til at desse husmennene blei nøydde til å skaffe seg eit arbeid innan dei nye næringane. Dei nye næringane gjorde seg meir og meir gjeldande etter kvart som industrialiseringa og moderniseringa skaut fart på slutten av 1800-talet, samstundes som byane voks fram. Dermed hadde mange husmenn eit fortrinn når det gjaldt å tilpasse seg den nye tida, samanlikna med dei sjølveigande bøndene, som i større grad var bunden til gardsarbeidet på bygdene. Husmennene, og i enda sterkare grad husmannsbarna, kom til å gjere det godt innan mange av dei nye næringsvegane som kom i kjølvatnet av industrialiseringa.


Husmennene på Kvalvåg i neste del

Me skal no runde av denne delen av artikkelen. Kort oppsummert så har me sett at det var nesten like mange husmenn som sjølveigarar i Sveio i 1875, og at dei fleste husmannsbruka var så små at ein ikkje kunne leve av jordbruket på plassen. Mange av husmennene levde i svært tronge kår, og mange måtte skaffe seg ein ekstra næring, i tillegg til jordbruket på plassen. For å få eit enda tydelegare bilete av korleis husmennene i Sveio levde på 1800-talet, skal me vidare i denne artikkelen sjå nærare på husmennene i eit bestemt område av Sveio. Me skal då bli kjend med husmennene på garden Kvalvåg. I neste del kan du derfor lese historia til to av husmannsplassane på Kvalvåg, nemleg Kvalvågneset og Leirvik, medan du i siste del skal bli kjend med husmennene på Stølane.


På Straumøy låg husmannsplassen Tjødnabakken. Her står det gamle våningshuset enno, og huset er teken vare på i den opphavlege stilen. Den første husmannen på Tjødnabakken var Lars Ingebriktson (1825-1869). Han var gift med Alis Pedersdotter (1823-1898). Saman hadde dei barna Peder (f. 1850), Gunhild Bolette (f. 1856), Borghild (f. 1861) og Ingeborg Serine (f. 1864). Lars fekk festekontrakt på Tjødnabakken i 1858. I folketeljinga frå 1865 ser me at Lars Ingebriktson var husmann med jord og fiskar. Dette året sådde han 1/8 tønne havre og ei halv tønne poteter, noko som gav ei avling på ei snau tønne havre og tre tønner poteter. Ti sauer var alt han hadde av husdyr på plassen. Lars døydde berre 44 år gammal i 1869. Enka etter han dreiv plassen vidare saman med sonen Peder, som var 19 år då faren døydde. Det må ha vore tronge kår på den vesle husmannsplassen, men det ser ut som at dei greidde seg utan hjelp frå fattigkassa. Alis gifta seg ikkje på nytt, og i folketeljinga frå 1875 finn me henne som husmannsenke på Tjødnabakken. Ho bur saman med sonen Peder, som no var 25 år gammal, og yngste dotter Ingeborg Serine, som no var 11 år gammal. Dei to eldste døtrene hadde flytta ut. Peder dreiv den vesle husmannsplassen vidare, og han gifta seg og fekk fire barn som alle vaks opp på Tjødnabakken. Tjødnabakken var husmannsplass heilt fram til 1932. Då blei plassen skild ut som eige bruk under garden Straumøy. (Foto: Anne Kallevik Grutle.)


Del 3: Kvalvågneset og Leirvik


Innleiing:

I dei to første delane av denne artikkelen fekk me eit innblikk i kor mange husmenn det var i Sveio, og dessutan kva dei hadde å leve av. Dei fleste husmennene levde i tronge kår, og det kom tydeleg fram at husmennene var nedst på den sosiale rangstigen i bondesamfunnet. For å prøve å få eit enda tydelegare bilete av korleis det var å leve som husmann i Sveio på 1800-talet, skal me no studere nokre husmenn enda meir i detaljert. Eg har då valt å gjere ein studie av husmannsplassane på garden Kvalvåg, altså den garden kor eg sjølv har vokse opp, og kor eg framleis bur.

På Kvalvåg har det vore fem husmannsplassar kor det blei drive jordbruk. I tillegg har det vore nokre husmenn utan jord her. Når me studerer husmannsplassane på Kvalvåg, så finn me heile spekteret av husmenn, men fleire av husmannsplassane på Kvalvåg var det me kan kalle store. Alle husmennene på Kvalvåg hadde fisket som ein viktig inntektskjelde, i tillegg til jordbruket på husmannsplassen. Me skal starte med husmannsplassane lengst vekke frå hovudbruka på Kvalvåg, nemleg Kvalvågneset og Leirvik.


Den eldste husmannsplassen

Kvalvågneset er den eldste husmannsplassen på Kvalvåg, og Kvalvågneset hadde fleire ulike festarar utover 1700-talet. Den første husmannen etablerte seg her allereie i 1730. Det var Peder Nilsson Apeland. Han døydde berre seks år etter at han hadde etablert seg på Kvalvågneset. Enka etter Peder fekk sitje med plassen heilt til dottera hennar, Marta Pedersdotter (f. 1726), gifta seg. Då blei Marta sin mann, Sjur Trondson Glette (f. 1738), ny husmann på Kvalvågneset. Sjur døydde berre 28 år gammal i 1766, og etter hans død blei det rettssak om kven som skulle få ta over plassen. Det kom då fram at enka etter han var blind, og kunne derfor ikkje få sitje med plassen.


Det var bror til enka, Johannes Pederson, som prøvde å sikre seg retten til å overta Kvalvågneset. Han var altså sonen til den første festaren. Johannes meinte at han måtte få retten til å ta over Kvalvågneset, sidan det var far hans som hadde rydda plassen og fått bygd husa på plassen. Eigarane av Kvalvåg hevda at mykje av jorda på Kvalvågneset var rydda før den første husmannen kom dit, og dessutan at dei hadde hjelpt til med både dyrkinga av jorda og bygginga av husa på plassen. Retten gav ikkje Johannes medhald, men gav eigarane av Kvalvåg medhald i at dei no kunne finne nye festarar til husmannsplassen på Kvalvågneset. Retten la vekt på at det området som Johannes hevda at far hans hadde rydda, allereie var matrikulert jord, altså klassifisert som jordbruksjord, før den første husmannen fekk busetje seg der.


I 1785 var ny husmann på plass på Kvalvågneset, og det var Johannes Pederson (f. 1761). I 1790 fekk Johannes Pederson tinglyst kontrakt på leiga av Kvalvågneset. I folketeljinga frå 1801 ser me at Johannes Pederson var husmann med jord på Kvalvågneset. I tillegg står han oppført som fiskar. I 1801 var han 40 år gammal og gift med Anna Olesdotter på 42 år. Dei hadde fire barn, nemleg Guri på 13 år, Anna på åtte år, Pernille på fem år, og Ole på to år.


Johannes sin festekontrakt på Kvalvågneset var tidsavgrensa, så då kontrakten gjekk ut like etter folketeljinga i 1801, måtte han og familien forlate Kvalvågneset. Ein av eigarane av Kvalvåg, nemleg Steffen Hansson Kvalvåg (1749-1832), hadde seld bruket sitt til sonen i 1800. Steffen Hansson ville derfor ha Kvalvågneset som kårbruk. Han fekk ta over plassen og blei buande på Kvalvågneset heilt til kona hans døydde i 1824.


Våningshuset på Kvalvågneset i 1962. På Kvalvågneset etablerte den første husmannen seg så tidleg som i 1730. Det var fem ulike husmenn på Kvalvågneset, før plassen blei skild ut som eige bruk i 1903. Kvalvågneset var ein stor husmannsplass, og plassen låg like ved den fiskerike Ålfjorden. (Foto: Widerøe)

Nye festarar

Då vilkårsmann Steffen Hansson flytta frå Kvalvågneset i 1824, kunne Kvalvågneset på ny festast som husmannsplass. Den nye husmannen var Lars Johannesson frå Storstein i Skåre (1799-1879). Han fekk tinglyst festekontrakt på Kvalvågneset i 1825. I kontrakten stod både Lars og kona Ragna Halvardsdotter (frå Nordskog, 1783-1861) som festarar, og det stod spesifisert at dei hadde rett til å feste og drive Kvalvågneset ut deira levetid. Det var viktig for festarane av husmannsplassen at kona var med i kontrakten, elles hadde ho ikkje rett til å sitje med plassen dersom mannen skulle døy.

 

Lars og Ragna fekk sonen Johannes i 1827. Då var Ragna 44 år gammal, så det er lett å skjøne at dei ikkje fekk fleire barn saman. Ragna var 16 år eldre enn ektemannen Lars, og det kan nemnast at Ragna hadde fått dottera Ingeborg i 1807. Ho var då ikkje gift, og far til barnet var Ditlev Ditlevson Møller, sonen til eigaren av hovudbruket på Kvalvåg. Det verkar ikkje usannsynleg at dette slektsskapet var ein del av årsaka til at Lars og Ragna fekk ta over Kvalvågneset. Det faktum at Ragna hadde eit barn utanom ekteskapet, var sannsynlegvis årsaka til at ho ikkje blei gift tidlegare.


I festekontrakten frå 1825 står det at husa på plassen var husmannen sin eigedom. Lars måtte betale dei tre eigarane av Kvalvåg ei årleg festeavgift på fire spesidalar. I tillegg skulle han utføre pliktarbeid for dei sjølveigande bøndene. Avtalen slo fast at han kvart år måtte utføre fire dagars arbeid under våronna, og fire dagars arbeid under skuronna. Dessutan skulle han også slå fire spannsteigar under slåtten. Ein spannsteig utgjer ein dryg dekar, eller om lag 1300 kvadratmeter. I kontrakten stod det at husmannen på Kvalvågneset måtte halde gardsdrifta innanfor steingardane som var skildra i kontrakten. Han hadde rett til å ha husdyra på beite i Kvalvåg si utmark om sommaren, og han hadde rett til å hente torv og røter til brensel i myrene nær plassen.


Festekontrakten på husmannsplassen Kvalvågneset. Kontrakten er mellom eigarane av Kvalvåg og husmann Lars Johannesson med hustru. Kontrakten er datert 25. september 1825, og tinglyst 30. april året etter, Festekontrakten er skriven inn i panteboka for Sunnhordland Sorenskriveri.

Greidde seg godt

I 1854 blei det tinglyst ny festekontrakt på Kvalvågneset. Den nye husmannen på Kvalvågneset var Lars sin son, Johannes Larsson (1827-1894). Den årlege leigeavgifta var no auka til 4 spd og 60 skl, men pliktarbeidet skulle vere det same som før. Det same gjeld beiterettane i utmarka, og retten til å hente brensel. Den nye husmannskontrakten røper likevel eit interessant fenomen, nemleg at den førre husmannen, altså far til Johannes, skulle få drive og dyrke halvparten av Kvalvågneset så lenge han ville. Året etter blei denne retten tinglyst som ein vilkårskontrakt under Kvalvågneset. Eigarane av Kvalvåg fekk betalt 130 spd for vilkårsretten på husmannsplassen.


Vilkårskontrakten fortel oss at Kvalvågneset må ha vore ein stor husmannsplass, og at Lars greidde seg godt økonomisk, sidan han på denne måten kunne sikre seg retten til halve plassen, då han let sonen ta over i 1854. Det var ikkje vanleg at husmenn fekk tinglyst vilkårskontrakt på denne måten. Derfor sat mange husmenn med plassen i heile si levetid. Likevel var det mange husmenn som gav frå seg plassen til neste generasjon, og i praksis levde som vilkårsfolk på plassen i alderdomen.


Vilkårsmann med tenestejente

Folketeljinga i 1865 avslører kven som budde på Kvalvågneset, kva dei dyrka på plassen, og kva husdyr dei hadde. Johannes og kona Anna Monsdotter (f. 1837) hadde tre barn i 1865, nemleg Klemmet på sju år, Lars på tre år, og Ellev på eitt år. I 1860 fekk dei dottera Marta, men ho fekk berre leve i eitt år. Far til Johannes, Lars, som hadde fått vilkårskontrakt, var blitt enkemann i 1861. Han budde i ein sidebygning på plassen, og han hadde tenestejenta Anna Jensdatter (21 år gammal) til å hjelpe seg. Det må ha stått bra til økonomisk for Lars, sidan han som vilkårsmann på ein husmannsplass hadde råd til å ha tenestejente.


På Kvalvågneset blei det i 1865 sådd ei og ei halv tønne havre og to tønner poteter. Det betyr at dei hadde om lag tre mål med kornåker, og to mål med potetåker. Ein gjennomsnittleg avling frå dette arealet utgjorde åtte tønner havre og 12 tønner poteter. Dette er ikkje noko stor avling til å mette eit hushald på sju personar, men husmannsplassen på Kvalvågneset låg slik til at dei lett kunne hauste av den fiskerike Ålfjorden. Dessutan viser husdyrtalet på plassen at dei må ha hatt rikeleg med mjølkeprodukt og kjøtvarer. På Kvalvågneset hadde dei ein hest, fire kyr, 20 sauer, og ti geiter i 1865. Ein så stor husdyrflokk trong mykje høy til vinterfôr. Derfor må Kvalvågneset ha hatt mykje eng som kunne slåast.



Meir åker og færre husdyr

Ti år seinare var det ny folketeljing. No budde det ni personar på Kvalvågneset. Johannes og kona budde der framleis, og det gjorde også far til Johannes, som no var 76 år gammal. Han døydde 80 år gammal i 1879. Deira eldste son, Klemmet, var no 17 år gammal. Han var heime under folketeljinga, men han hadde fått seg jobb som tenestedreng, og budde no på garden kor han hadde teneste. Deira nest eldste son, Lars, var no 13 år gammal. Me finn han ikkje heime på Kvalvågneset i folketeljinga, noko som tydar på at han allereie var ute i teneste. Lars blei berre 14 år gammal, og døydde i 1877.  Ellev var blitt 11 år i 1875, og familien hadde fått fire nye barn sidan 1865. Det var Reinert Johan på sju år, Mons Olai på fem år, Anna Martha på tre år, (døydde av tuberkulose då ho var 22 år gammal), og Johannes på eitt år.


I 1875 hadde Johannes ei tenestejente på plassen, nemleg Ragna Tørresdotter på 17 år. Ho var husmannsdotter frå Stølane på Kvalvåg. Åkerarealet var utvida litt i løpet av dei ti åra som hadde gått sidan sist folketeljing, og det blei no sådd to tønner havre, 1/16 tønne bygg, og to tønner poteter. Talet på husdyr var redusert. Johannes hadde ikkje lenger hest på plassen, og han hadde berre to mjølkekyr. I tillegg hadde han tre kalvar og 11 sauer. Han hadde også 11 sauer på fôr for fire ulike personar. Då Johannes Larsson fekk slag og døydde i 1894, blei plassen driven vidare av enka. Folketeljinga frå 1900 viser at husmannsenka Anna Monsdotter på 63 år no dreiv husmannsplassen. På plassen budde også Johannes Johannesson på 25 år, som altså var Anna sin son. Han var gardsdreng, og tok seg av jordbruket på plassen. Anna si dotter, Lovise Johannesdotter på 20 år, budde der og. I folketeljinga har ho status som tenestejente på plassen.


Sjølvstendig bruk

I 1903 blei Kvalvågneset skild ut som eige bruk, og den yngste sonen til Johannes og Anna, som også heitte Johannes (1875-1960) blei eigar av bruket i 1906. Kvalvågneset fekk bruksnummer 8 under garden Kvalvåg. I 1910 var det ny folketeljing. Her ser me at Johannes var sjølveigande gardbrukar på Kvalvågneset. Han budde der saman med kona si Berta på 29 år. Dei hadde no to barn, nemleg Anna Josefine på fire år, og Johannes, som berre var nokre månadar gammal. Mor til Johannes, Anna Monsdotter, budde framleis på Kvalvågneset som føderådskone. Johannes og Berta fekk ti barn til saman, og alle ti barna fekk vokse opp på Kvalvågneset.


Me har no følgt fleire generasjonar husmenn på Kvalvågneset gjennom meir enn 170 år. Sjølv om dei siste husmennene på Kvalvågneset fekk gi plassen vidare til etterkomarane sine, har me sett at det ikkje var slik for dei første husmennene. To gonger såg me at eigarane av Kvalvåg nytta seg av retten dei hadde til å sende bort familien då husmannen døydde eller kontrakten gjekk ut. Dette hende både då Johannes Pedersen fekk plassen i 1785, og då han måtte forlate plassen til fordel for vilkårsmann Steffen Hansson. Etter at Lars Johannesson fekk festekontrakt i 1825, gjekk husmannsplassen Kvalvågneset i arv frå far til son heilt fram til Johannes Johannesson, som var sonen til den siste husmannen på Kvalvågneset, blei sjølveigar i 1906.


Leirvik

Like sør for husmannsplassen Kvalvågneset kom det ein ny husmannsplass i 1807. Plassen fekk same namn som vika han låg i, nemleg Leirvik. Den første husmannen som fekk festekontrakt på Leirvik var Torkel Pedersen (1780-1810). Han kom frå Hovda, og var gift med Brita Halvardsdotter (1779-1849). I festekontrakten står berre Torkel oppført som festar, så då han døydde tretti år gammal i 1810, blei enka sitjande att utan rett på plassen. Brita var no i ein vanskeleg situasjon, og risikerte å måtte forlate den nyrydda plassen. Ho og mannen hadde lagt ned mykje arbeid i å få dyrke opp jorda, og dei hadde fått reist både våningshus og løe. Då Torkel døydde, sat Brita aleine med tre små barn; Eli på tre år, Peder på to år, og Halvard som var nyfødt.


I festekontrakten stod det at husmannen skulle utføre to dagsverk i våronna og to dagsverk i skuronna, og dessutan slå fire spannsteigar med eng i slåtten. Den årlege festeavgifta var på to spd. Brita kunne ikkje utføre pliktarbeidet i kontrakten. Dette arbeidet måtte utførast av ein mann. Brita hadde berre ein utveg dersom ho ville behalde plassen, og det var å gifte seg på nytt.


Det gjekk derfor ikkje lenge før Brita hadde funne seg ein ny mann. Ho gifta seg med Ole Jacobsen Strand (1796-1871), som var 17 år yngre enn henne. I 1819 fekk Ola Jacobsen tinglyst ny festekontrakt på plassen Leirvik. I den nye kontrakten var pliktarbeidet det same, men den årlege festeavgifta hadde no stige til to spd og 96 skl. I festekontrakten står det at Ole kunne gjerde inn ein del av garden Kvalvåg si utmark, og at plassen grensa til Kvalvågneset sitt bøgjerde. Husdyra skulle få beite i garden si utmark, og husmannen hadde rett til å hente torv og rot på Våganeset, som var ein del av Kvalvåg si utmark.


Ole og Brita fekk ikkje barn saman, og i 1834 fekk Brita sin son frå første ekteskap, nemleg Peder Torkelson (1808-1878), ta over husmannsplassen. Ole var berre 48 år gammal då han gav frå seg plassen til stesonen, som no var 26 år gammal. Ole og Brita fekk vilkårskontrakt som gav dei rett til å bu på plassen som kårfolk ut deira levetid. Peder gifta seg med Sigrid Tørresdotter (1809-1849). Ho kom frå Skånevik. Peder og Sigrid fekk ni barn saman. Deira første son, Halvard, døydde like etter fødselen i 1834. Deretter fekk dei Sissela (f. 1835), Torkel (f. 1836), Tørres (f. 1838), Ole (f. 1841), Brita (f. 1843), Johannes (f. 1845), og Peder (f. 1849).


Leirvik i 1962. Leirvik blei husmannsplass i 1807, og plassen grensa til Kvalvågneset mot nord. Leirvik var ein stor husmannsplass, og plassen blei sjølvstendig bruk allereie i 1880. Også for husmennene i Leirvik var fisket ein like viktig del av levebrødet som jordbruket på plassen. (Foto: Widerøe)

Fleire fellestrekk

Me har no fått bli kjent med husmennene som budde på Kvalvågneset og i Leirvik. Når me samanliknar desse to husmannsplassane som grensa til kvarandre, finn me ein del likskapar. Begge plassane var det me kan kalle store husmannsplassar, kor jordbruket var like stort som på dei minste sjølveigarbruka. Begge plassane hadde fisket som viktig attåtnæring. Både Kvalvågneset og Leirvik var det me kan kalle gamle husmannsplassar, sjølv om Kvalvågneset er mykje eldre enn Leirvik. Kvalvågneset, som altså første gong blei festa i 1730, er ein av dei eldste husmannsplassane i Sveio.


Samanlikninga av desse to husmannsplassane avslører også ein mindre påfallande likskap, men som er desto meir interessant å merke seg. Som eg ved fleire høve har vore inne på tidlegare, så var perioden mellom 1820 og 1870 ein periode kor gardane var overfolka. Levebrødet var for dei aller fleste knyta til jordbruket, og det å kunna skaffe seg eit gardsbruk, eller ein god husmannsplass, var avgjerande for å kunne etablere seg med eigen familie. Derfor var det å kunne gifte seg til jord ein utveg som kunne løyse dette problemet. Dei fleste som var unge på 1800-talet var ikkje i den situasjonen at dei kunne velje ektemaken sin ut frå kven dei hadde lyst til å gifte seg med. For mange var det foreldra som fekk i stand såkalla arrangerte ekteskap, og ingen ville gifte seg med nokon som var under sin eigen stand.


Det som gjorde ein attraktiv på ekteskapsmarknaden var derfor tilgang til jord og eigedom. Dette var årsaka til at enker og andre einslege kvinner som hadde kome over middagshøgda i livet, ofte gifta seg med unge menn. Dette var tilfellet både på Kvalvågneset og i Leirvik. Lars Johannesson, som fekk feste Kvalvågneset i 1825, gifta seg med Ragna Halvardsdotter. Ho var 16 år eldre enn Lars, og 42 år gammal då dei gifta seg. Det var truleg ho som fekk tilbodet om å feste Kvalvågneset, men ho måtte skaffe seg ein ung og arbeidsfør ektemann. Ho var i utgangspunktet lite attraktiv på ekteskapsmarknaden, sidan ho hadde ei dotter utanom ekteskapet. Sidan det var sonen til eigaren av hovudbruket på Kvalvåg som var far til det uekte barnet, kan mykje tyde på at tilbodet om å feste Kvalvågneset var for å bøte for ugjerninga familien deira var ansvarlege for.


Me ser det same fenomenet også når det gjeld Leirvik. Då Brita Halvorsdotter blei husmannsenke, måtte ho gifte seg på ny for å få behalde plassen. Ho var 40 år gammal då ho gifta seg, og ektemannen Ole Jacobsen var berre 23 år gammal. Både for Brita og eigarane av Kvalvåg var det positivt at ho kunne gifte seg med ein ung og arbeidsfør mann. Den 17 år eldre husmannsenka var attraktiv for Ole, sidan dette var hans moglegheit til å skaffe seg ein god husmannsplass, noko som sikra han eit levebrød og ei framtid, kor dette på ingen måte kunne takast for gitt.


Større skilnader på Stølane

Dette var altså historia til to av husmannsplassane på garden Kvalvåg, heilt frå dei blei festa for første gong, og fram til dei blei sjølvstendige bruk. I neste del skal me stifte kjennskap til husmennene på Kvalvågstølane. Her var det tre husmannsplassar, og du skal få sjå at livet ikkje berre var enkelt for husmennene på Stølane.


Hardt råka av koleraen

Året 1849 skulle bli eit dramatisk og sørgjeleg år for husmannsfamilien i Leirvik. Familien blei nemleg smitta av den grufulle koleraen, som tok livet av minst 34 personar i Sveio denne vinteren. Sigrid var det første offeret i familien. Ho døydde den 19. februar 1849, berre 40 år gammal, berre veker etter at Peder var født. Det nyfødde barnet blei også smitta av koleraen, og fem dagar seinare døydde også vesle Peder. Koleraen skulle ta fleire liv i Leirvik. Ti dagar seinare døydde også Brita Halvardsdotter, altså Peder Torkelson si mor. På to veker hadde altså Peder mista kona si, mora si, og den nyfødde sonen sin. Han sat no aleine att på plassen med sju barn.


Kort tid etter at Sigrid var død, gifta Peder seg opp att, og den nye kona hans var Barbru Olsdotter Apeland (1814-1875). Dei fekk ikkje barn saman. Stefaren til Peder, altså Ole Jacobsen, mista som kjent også kona si i koleraen. Også han gifta seg opp att. Den nye kona hans var Andrine Jacobsdotter (f. 1819-1879). Ole og Andrine fekk tre barn saman. Det var tre jenter, nemleg Bertha Karine (f. 1850), Jakobi (f. 1853), og Marta Oline (1855-1881). Ole Jacobsen døydde 75 år gammal 9. desember i 1871. Dødsfallet skuldas at han gjekk gjennom isen og drukna i Buavik i Ålfjorden.


Stor husmannsplass

Leirvik blei dyrka opp til å bli ein stor husmannsplass. Folketeljinga frå 1865 viser at dei sådde to tønner havre og to og ei halv tønne med poteter. Dette gav dei ein avling på om lag 11 tønner havre og 15 tønner poteter. På plassen hadde dei seks kyr, noko som var meir enn det dei hadde på eit gjennomsnittleg sjølveigarbruk, og dessutan 22 sauer og seks geiter. Ti år seinare viser folketeljinga at det på Leirvik blei sådd 1/16 tønne med bygg, to tønner med havre, og ei og ei halv tønne med poteter, medan talet på husdyr hadde gått noko ned. Dei hadde no tre kyr, ein kalv, 14 sauer og seks geiter. Vilkårsenka Andrine Jacobsdotter sådde 1/8 tønne poteter, og ho hadde fem sauer. I tillegg hadde husmannsplassen 19 sauer på fôr for tre andre personar.


I 1875 var Peder enkemann, og på plassen budde han saman med dottera Brita på 32 år og tenestejenta Gjertrud Tørresdotter på 19 år, som kom frå ein av husmannsplassane på Kvalvågstølane. Peder Torkelsen døydde i 1878, og stemora hans Andrine, som var vilkårsenke på plassen, døydde året etter. Det var ingen av barna som kunne ta over plassen. Alle dei tre sønene til Peder hadde etablert seg i Tana i Finnmark. I 1880 blei Leirvik derfor skild ut som eige bruk, og fekk bruksnummer to under garden Kvalvåg. Leirvik var den første husmannsplassen på Kvalvåg som blei eit sjølvstending bruk. Eigarane av Kvalvåg selde Leirvik til Peder Olson frå Bråtveit.


Del 4: Husmennene på Stølane


Innleiing

I tredje del av denne artikkelen kunne du lese om to av husmannsplassane på Kvalvåg, nemleg Kvalvågneset og Leirvik. No skal du få bli kjend med resten av husmennene på Kvalvåg. Litt søraust for tunet til dei sjølveigde bruka på Kvalvåg finn me området som blir kalla Kvalvågstølane. Her finn me den nest eldste husmannsplassen på Kvalvåg. I dei eldste kjeldene blir dette området kalla «Stølene», noko som fortel oss at det var eit område som blei brukt til stølar for bøndene på Kvalvåg. Stølane var i bruk når dyra var på sommarbeite i utmarka. Her blei det sett opp hus kor budeier og gjetarar kunne sove, og det blei sett opp fehus kor husdyra fekk tak over hovudet om nettene. Etter kvart blei markene rundt stølshusa kultiverte og dyrka opp, slik at tilhøva låg godt til rette for den første husmannen som fekk slå seg ned her i 1787.


Den første husmannen på Stølane

Den første husmann på Stølane var Jon Endreson Eidsvåg (1753-1820). Han var gift med Edna Johannesdotter Vihovda (1754-1806), og dei fekk sonen Endre (1787-1858), og dottera Guri (f. 1792). Etter at Edna døydde, gifta Jon seg med ei enke frå Hovda, nemleg Dordi Monsdotter (1763-1843). Dei fekk ikkje barn saman. Jon fekk dyrka opp plassen nok til at han kunne fø tre kyr, seks sauer og tre geiter. Han fekk bygd seg stovehus med torvskut, og ei lita løe. Det var tronge kår, men Jon og familien greidde seg så vidt det var økonomisk.


Då Jon døydde i 1820, fekk sonen Endre ta over plassen, og i 1822 fekk han tinglyst festesetel på husmannsplassen Stølane. Då var Endre gift med Anna Gunnarsdotter Haukås (1784-1867), og dei hadde fått seks barn. Berre fire av dei seks barna var i live i 1822, og det var Edna (10 år), Ragna (8 år), Gunnar (6 år), og Jon (2 år). Endre fekk tinglyst retten til å feste og bruke plassen i si levetid, men kona hadde ikkje rett til å sitje med plassen dersom Endre døydde.


Eigarane av Kvalvåg stilte strenge krav til husmannen på Stølane. Den årlege festeavgifta var på fem spd, noko som tilsvara ei halv årsløn for ein arbeidskar. Krava til pliktarbeid var også høge. I våronna måtte husmannen utføre seks dagars arbeid for dei tre sjølveigande brukarane av Kvalvåg. I skuronna måtte han også gjere seks dagars arbeid, og i slåtten måtte han slå to gonger fire spannsteigar med graseng. Den siste halvparten av slåttearbeidet skulle han få betaling for. Endre hadde rett til å bruke Kvalvåg si felles utmark til sommarbeite for husdyra. Når det gjeld brensel, stod det i kontrakten at han ikkje hadde lov til å bruke anna brensel enn rot og torv frå myrene.


Fattigsleg i Josefstre

Stemora til den nye husmannen, Dordi Monsdotter, fekk ikkje bu vidare på plassen. Ho gifta seg derfor med husmannssonen Josef Sjurson (1789-1836), som altså var 26 år yngre enn henne. Han kom frå ein fattig husmannsfamilie på Mekeland. I 1827 fekk Josef og Dordi feste ei hustuft nord for hovudbruket på Kvalvåg, heilt mot grensa til Våga. Der blei Josef husmann utan jord, og plassen fekk namnet «Josefstræ» etter festaren. Josef måtte betale ei årleg leige på 24 skilling for hustufta, og han måtte kvart år utføre tre dagars arbeid i våronna.

 

Josef greidde seg dårleg økonomisk, og i 1836 døydde han, berre 41 år gammal. I presten si ministerialbok står han oppført som «fattiglem», noko som fortel oss at han hadde full støtte frå fattigvesenet. Dordi var 73 år gammal då Josef døydde, og ho kunne ikkje lenger sitje med den vesle stova som Josef hadde bygd. Fattigvesenet gjorde derfor vedtak om at ho måtte gå på legd for å få mat og husrom. Den 15. april 1843 døydde Dordi Monsdotter, og i ministerialboka står ho oppført som «legdslem». Ho var då 80 år gammal, og budde hos ein familie på Søre Mølstre.


Plassen blei delt

Eigarane av Kvalvåg må ha kome fram til at plassen Stølane var for stor for ein husmann aleine. I 1827 blei nemleg plassen delt i to like store deler. Tunet til den nye husmannsplassen på Stølane blei lagt litt lengre aust for tunet til den første plassen. Derfor kallar eg den første husmannsplassen for Stølane vest, og den nye husmannsplassen for Stølane aust. Den nye husmannen på Stølane var Endre Larson (1797-1827), som kom frå Svalland på Bjoa. Han var gift med Ragna Tørrisdotter (1793-1874). Endre og Ragna hadde to søner då dei fekk festekontrakt på halvparten av Kvalvågstølane i 1827.


Deira eldste son, Tørres, var fire år gammal då den vesle familien slo seg ned på Stølane, medan Endre blei født same året. Endre Larson døydde brått, berre 30 år gammal, like etter at han hadde flytta til plassen i 1827. Etter at Endre var død, blei det ikkje enkelt for den unge enka som sat att med to små barn på plassen. Heldigvis stod det spesifisert i festekontrakten at Endre Larson og hustru hadde rett til å feste plassen i deira levetid. Dermed hadde Ragna rett til å bli sitjande med plassen, men ho hadde ikkje nokon mann til å utføre pliktarbeidet.


Flyfoto av Stølane i 1962. Til venstre ser me våningshuset til bruksnummer 5, Stølen. Her låg den eldste husmannsplassen på Stølane. Då Stølane blei delt i to husmannsplassar i 1827, blei tunet til den nye plassen lagt til høgre for løa midt i biletet. Då Stølen blei eige bruk i 1893, måtte den austlege delen av Stølane flytte tunet. Husa blei då flytta til det som seinare blei tunet på bruksnummer 9, Solheim. (Foto: Widerøe)

Svigersonen fekk ta over

Me skal kome tilbake til korleis det gjekk med den unge husmannsenka på Stølane aust, men først skal me vende tilbake til Endre Jonson, som festa den opphavlege delen av Stølane. Etter at Stølane blei delt, fekk Stølane vest ha tunet og bygningane sine slik det stod før delinga. Både festeavgifta og pliktarbeidet blei delt likt mellom dei to husmannsplassane etter delinga. Sjølv om plassen var blitt mindre, var det nok jord att til Endre, og han fekk raskt rydda nok åker og eng til å drive eit godt jordbruk på plassen.

 

I 1851 var Endre blitt 64 år gammal, og tida var moden for å levere plassen vidare til neste generasjon. Endre si eldste dotter, Edna (1812-1898), hadde gifta seg med Torgeir Rasmusson Flatnes (1816-1894). Dei budde allereie på plassen, og hadde barna Anna Asseline (f. 1849) og Rasmus (f. 1851) då Torgeir Rasmusson fekk ta over plassen i 1851. Endre og Anna fekk bu vidare på plassen som kårfolk, og i 1858 døydde Endre Johnson 71 år gammal.


Folketeljinga frå 1865 viser at Stølane vest hadde mykje åker og mange husdyr. I 1865 sådde Torgeir to og ei halv tønne havre og to tønner poteter. Dette fortel oss at han har hatt fem mål kornåker og to mål potetåker, og at han har hausta om lag 14 tønner havre og 12 tønner poteter. På plassen hadde Torgeir ein hest, fire kyr, 18 sauer og fire geiter. Folketeljinga viser og kven som budde på plassen i 1865. Det var Torgeir og kona Edna, og mor til Edna, Anna, som no var 82 år gammal. Tre av barna deira budde framleis heime. Det var Anna på 17 år, Rasmus på 15 år og Endre på 13 år.


Blei sjølvstendig bruk

I 1875 var det ny folketeljing. No var Torgeir blitt 50 år gammal, og kona Edna var blitt 65 år gammal. Eldste dotter på 26 år budde framleis heime på Stølane, og i folketeljinga står det oppført at ho hjelpte faren med gardsarbeidet. Torgeir og kona hadde no to «legdslemmar» buande hos seg på plassen, altså to foreldrelause born dei hadde teke på seg omsorga for, mot betaling frå fattigkassa. Det var Hans Henrik Johansen på 14 år, som var gjetargut, og Marta Sirine Klemmetsdotter på fem år. I 1875 sådde Torgeir 1/16 tønne bygg, to tønner havre, og to tønner poteter. Husdyra på plassen var ein hest, to kyr, to kalvar, fire sauer, to geiter, og ein gris. I tillegg hadde dei 11 sauer på fôr for fire ulike personar.


Mange år med hardt arbeid hadde sett sine spor hos Torgeir, og etter kvart som åra gjekk begynte han å bli klar til å overlate plassen til neste generasjon. I slutten av 1880-åra ville eigarane av Kvalvåg skifte ut innmarka på garden, slik at kvar av brukarane skulle få kvar sitt samanhengande jordstykke av innmarka. I denne utskiftinga blei Stølane vest skild ut som eige bruk. Dette skjedde i 1893. Bruket fekk namnet Stølen, med bruksnummer 5.


Torgeir sin eldste son, Rasmus, hadde etablert seg med familie i Bergen. Der jobba han som los. Då Stølane vest blei eit sjølvstendig bruk, nytta Rasmus høvet til å kjøpe bruket som far hans hadde drive som husmannsplass. Dermed tok han familien med seg og flytta tilbake til Kvalvågstølen. Torgeir og Edna fekk bu vidare på Stølen som kårfolk då Rasmus kom heim og tok over i 1893. Året etter døydde Torgeir, 78 år gammal, medan Edna døydde i 1898.


Då innmarka på Kvalvåg skulle skiftast ut, slik at kvar brukar skulle få eit samanhengande stykke innmark, blei det teikna eit kart i 1888. På dette kartet ser me bygningane på to av husmannsplassane på Stølane. Midt på biletet ser me tunet til den eldste husmannsplassen, som eg har kalla Stølane vest. Til venstre på biletet ser me dei to husa på Stølane aust. (Kartet er frå Jordskiftearkivet.)

Delt enda ein gong

I 1868 gav Ragna og Peder frå seg Stølane aust til Tørres. Men då Tørres fekk ta over, blei plassen delt mellom han og broren, Endre, som altså hadde budd på Stølane aust heile tida. Tørres fekk ta over plassen til mora og stefaren, medan Endre måtte etablere seg på den nye plassen. Ragna og Peder budde framleis på Stølane då Tørres tok over i 1868, men då Peder døydde 80 år gammal i 1872, fekk ikkje Ragna bu vidare på Stølane. I ein alder av 80 år måtte ho flytte vekk frå heimen sin, der ho hadde budd heile livet sitt. Dei to siste åra av livet sitt måtte ho gå på legd, frå hus til hus, og frå gard til gard, og leve av almisser og matrester frå husfolket. Sonen Tørres kunne rett og slett ikkje ha henne buande hos seg lenger. Han måtte sjølv be om støtte frå fattigkassa for at han skulle få nok mat til seg og familien.


Folketeljinga frå 1875 viser at Tørres og kona no budde på Stølane aust saman med fire av barna sine. Dei tre eldste barna hadde flytta ut. Tørres leigde ut husrom til kona si ugifte søster, nemleg Siri Larsdotter (f. 1830). På ein husmannsplass var dei avhengige av at alle vaksne kunne yte full arbeidsinnsats for å få endane til å møtast. Når då husmannskona var alvorleg sjuk, må livet ha vore særs vanskeleg for Tørres og familien.


Hjelp frå fattigkassa

Etter delinga av plassen hadde jordbruksarealet blitt mindre. Folketeljinga frå 1875 viser at det no berre blei sådd ei halv tønne bygg, ei tønne havre, og ei tønne poteter på Stølane aust. På plassen hadde dei to kyr, fem sauer, og dessutan seks sauer på fôr for tre ulike personar. Tørres og Anna Karine greidde seg altså dårleg økonomisk. I 1875 måtte dei få hjelp frå fattigkassa heile fire gonger. Til saman fekk dei åtte vågar havre frå fattigkassa dette året, noko som utgjer 140 kilogram korn.


I innleiinga til første del kunne du lese at Tørres engsta seg for korleis det skulle gå med døtrene sine. Den nest eldste dottera hans, Gjertrud, som hadde måtta flytte ut som tiåring, var 19 år og tenestejente på Kvalvågneset i 1875. Eit halvt år seinare døyde ho. Eldste dottera hans, Brita (f. 1854), hadde fått innfridd draumen sin om å reise til Amerika. Ragna (f. 1859) derimot, blei med barn medan ho var tenestejente, og måtte flytte heim att til Stølane.


Husa på plassen måtte flyttast

I 1892 blei innmarka på Kvalvåg skifta ut mellom dei tre brukarane, og etter denne utskiftinga blei altså Stølane vest eit sjølvstendig bruk. I det området som husmannsstova «Josefstre» låg, og som i daglegtalen blei kalla «Tre», blei det og skild ut eit nytt bruk i 1892. Det nye bruket fekk namnet «Blidensol» med bruksnummer 6. Dette bruket blei kjøpt av Tørres sin eldste son, altså Lars Tørresson (1862-1942).


Utskiftinga av innmarka på Kvalvåg gav det nye bruket «Stølen» mykje av jorda til Stølane aust, og i 1892 måtte Tørres flytte husa på plassen sørover til det området av Stølane som blei lagt til bruksnummer 4. Same år døydde kona hans Anna Karina 59 år gamma. Tørres blei buande på Stølane aust heilt fram til han døydde i 1905. I folketeljinga frå 1900 har han status som husmann med jord og enkemann. Han var no 77 år gammal, og budde på plassen saman med dottera Ragna (f. 1859), og hennar uekte dotter Anna Karine (f. 1895). I 1905 døydde Tørres 82 år gammal. Etter at Tørres var død blei også denne delen av Stølane skild ut som eige bruk. Det nye bruket fekk namnet Solheim, med bruksnummer 9.


Den tredje husmannsplassen

Noko av grunnen til at det var tronge kår for Tørres Endreson på Stølane aust, kan ha vore at han måtte dele plassen med broren då han tok over plassen etter stefaren. Det var altså Tørres sin bror, Endre (1827-1892), som etablerte seg på den nye plassen. Det er ikkje heilt klart for meg kor den tredje husmannsplassen på Stølane låg, men den austlegaste delen av Stølane aust peikar seg ut som det mest sannsynlege området. Då er me i det området som seinare blei skild ut som bruket Langanes, med bruksnummer 12. Her finn me eit område som blei kalla Grønestøl, noko som tydar på at det her har vore ein støl, som kan ha blitt gjort om til husmannsplass.


Folketeljinga frå 1875 viser at Endre, som står oppført som husmann med jord og fiskar, budde her saman med kona si, Birgitte Karine Bergesdotter (1826-1893), og dei hadde fire barn saman. Jordbruket på denne vesle plassen var ikkje mykje å leve av, men Endre var også fiskar. På plassen sådde dei ei kvart tønne havre og ei kvart tønne poteter. Dei fødde 11 sauer, men Endre eigde berre ei av desse. Fleire år måtte Endre be om støtte frå fattigkassa for å overleve.


Endre hadde rota det til for seg også på andre område i livet. Samstundes som han var gift, og hadde små barn heime på Stølane, fekk han to søner utanom ekteskapet med ei husmannsenke på Erve. Den 2. juli 1892 døydde Endre 65 år gammal. Før han døydde blei han undersøkt av doktor Nørregaard i Haugesund. I journalen skreiv legen at Endre hadde pådrege seg forkjøling og magesmerter under vinterfisket, og at han døydde av denne sjukdomen. Året etter døydde også Birgitte Karine, og no blei den vesle husmannsstova ståande tom.


Oppsummering

Me har no følgd alle husmennene på Kvalvåg gjennom heile livet deira, og heilt fram til det ikkje var fleire husmannsplassar att på garden tidleg på 1900-talet. Me har sett at livet til husmennene i stor grad dreidde seg om arbeid, og kampen for å skaffe nok mat til at familien kunne greie å overleve. Livet til husmannsfamiliane var prega av mykje slit, smerte og sorg. Me har sett at husmennene var ein tydeleg underklasse i bondesamfunnet, og at dei måtte forplikte seg til å utføre mykje arbeid for dei sjølveigande bøndene.


Husmennene kunne også risikere å måtte forlate plassen, dersom dei ikkje greidde å innfri vilkåra i kontrakten, eller når kontrakten gjekk ut. Dessutan har me sett at det blei vanskeleg for husmennene, og då særleg husmannsenkene i alderdomen, og at fleire av dei måtte flytte frå plassen og gå på legd. Me har også sett at livet kunne vere tøft for husmannsbarna. Dei fleste av barna måtte ut i teneste så snart dei var konfirmerte. Nokre av barna måtte flytte heimanfrå enda tidlegare enn konfirmasjonsalderen.


Det var store skilnader mellom dei fem husmannsplassane på Kvalvåg. Dei tre eldste husmannsplassane var store, slik at husmannsfamiliane kunne klare seg greitt av jordbruket på plassen i kombinasjon med inntektene frå fiske, og dessutan fiske til eige hushald. På dei nyaste plassane, som kom som eit resultat av at Stølane blei delt to gonger, ser me at det blei vanskelegare å få endane til å møtast. Her har me sett at husmennene måtte ta den tunge vegen til fattigkassa for å få nok mat til at familien skulle greie å overleve. Sjølv om me kan kalle heile husmannsstanden for ein fattig underklasse, var det dei som måtte få støtte frå fattigkassa som var dei fattigaste av dei fattige. Det er denne gruppa eg skal studere nærare i neste artikkel.


Gifta seg på nytt

Som eg tidlegare har vore inne på, så blei Stølane delt i to husmannsplassar i 1827, og Ragna blei enke like etterpå. For at ho skulle greie å sitje med den nye plassen, var hennar einaste sjanse å finne seg ny mann, og gifte seg raskt. Derfor gjekk det ikkje lenge før det var ein ny husmann på plass på Stølane aust. I 1828 gifta Ragna seg med Peder Halvorsen Kinn (1792-1872). Ragna og Peder fekk ingen barn saman. Peder gjorde eit stort arbeid med å rydde og dyrke opp plassen, slik at dei i 1865 hadde sju mål åker, og kunne så to og ei halv tønne havre og to tønner poteter. Dei hadde fem kyr og 18 sauer på plassen. Folketeljinga frå 1865 fortel oss kven som no budde på Stølane aust. På plassen finn me Peder på 73 år og Ragna på 72 år. Den eldste sonen til Ragna, Tørres, hadde flytta ut, medan den yngste sonen, Endre, framleis budde på plassen med kona si og deira fem barn. Dessutan leigde Peder ut husrom til ei skreddarske på 20 år.


Endre Endreson(1827-1892), som altså budde heime hos mor og stefar på Stølane aust i 1865, var gift med Birgitte Bergesdotter (1828-1893). I folketeljinga står Endre oppført som husmann utan jord og fiskar. Endre og Birgitte hadde fem barn i 1865, nemleg Bendik (14 år), Sunniva (ti år), Anna (sju år), Endre (fem år) og Eli (eitt år). Endre greidde ikkje å tene nok til å brødfø seg og familien sin. Fleire år måtte han få støtte frå fattigkassa. I 1863 fekk han fire vågar (70 kg) havre frå fattigkassa.


Måtte sende dottera bort

Ragna sin eldste son, Tørres Endreson, var 42 år gammal i 1865. Det var litt av hans historie eg fortalte i innleiinga til første del av artikkelen. I folketeljinga frå 1865 står han oppført som husmann utan jord og fiskar på Kvalvåg. Han budde truleg på plassen som blei kalla «Josefstre», utan at eg veit det heilt sikkert. Tørres var gift med husmannsdottera Anna Karine Larsdotter Lyngbakken (1834-1892). I ung alder blei ho råka av ein sørgjeleg lagnad. I 1859 viste det seg nemleg at ho var spedalsk. Dette kom til å setje sitt preg på både henne og resten av familien, og det var sikkert ein medverkande årsak til at den vesle familien ikkje greidde seg så godt økonomisk.


I 1865 hadde Tørres og Anna Karine tre barn som budde heime hos dei, nemleg Brita på 11 år, Ragna på seks år og Lars på tre år. I tillegg hadde dei dottera Gjertrud på ti år, som altså ikkje budde heime lenger. Ho hadde flytta til eit barnlaust husmannspar på Bråtveit, og der fekk ho kost og losji, mot at ho var tenestejente for dei. Tørres og Anna Karine hadde også fått sonen Endre i 1858, men han døydde berre fire veker gammal. I folketeljinga står Tørres oppført som fiskar, men med sviktande vårsildfiske, var inntektene små for familien på fem. I fleire år på rad hadde Tørres måtta be om støtte frå fattigkassa i Sveio. I 1863 fekk han fire vågar havre frå fattigkassa.


Kjelder:


-Folketeljingane frå 1801, 1865, 1875, 1900 og 1910.

-Ministerialbok for presten i Sveio.

-Ministeralbok for presten på Finnås.

-Ministerialbok for presten på Stord.

-Panteregisteret for Sveio.

-Pantebøker for sorenskrivaren i Sunnhordland.

-Arkivet etter Sveio fattigvesen.

-Arkivet etter Valestrand fattigvesen.

-Gards og ættesoge for Sveio, av Simon Steinsbø.