Tilbakegang paa Grund af mislykkede Fiskerier



Ei skildring av den økonomiske tilstanden i Valestrand 1865-1870

 

Tilbakegang paa Grund af mislykkede Fiskerier




Av Sverre Halleraker


Innhausting av høy på Valen ein gong tidleg på 1900-talet. For 150 år sidan blei det i gjennomsnitt avla 15 tonn høy på kvart gardsbruk i Valestrand. Graset blei slått med ljå og tørka på bakken. Høyet var så godt som det einaste vinterfôret ein hadde til husdyra på garden. Kvar ein liten grasflekk ein kunne finne blei slått og tørka. (Foto: Ole J. Valen, i Bygdebok for Sveio, bind 1.)


Innleiing

Det kan vere vanskeleg for oss som lever no å førestelle oss korleis det var å leve i det gamle bondesamfunnet. For svært mange gjekk livet i stor grad ut på å skaffe nok mat på bordet til seg og sine. Dersom me brukar vår tids levestandard som målestokk, blir livet i det gamle bondesamfunnet enkelt og fattigsleg. Likevel var den sosiale skilnaden stor mellom ulike grupper av bondebefolkninga, og for dei som hadde status som fattige, var livet verkeleg ikkje enkelt å leve.


Ei kartlegging av det gamle bondesamfunnet

For at me skal kunne danne oss eit bilete av livet i det gamle bondesamfunnet, har eg gjort ei kartlegging av gardane i heile Sveio på 1860- og 1870-talet. Folketeljinga frå 1875 gir oss detaljerte opplysningar om alle hushalda i heile kommunen, og har derfor vore den viktigaste kjelde for kartlegginga. Med utgangspunkt i kartlegginga kan me danne oss eit bilete av korleis gardane i Sveio blei drivne for 150 år sidan, kven som levde der, kva som blei produsert, og kva attåtnæringar som skaffa mat og innkome. Eg har samanlikna ulike område i Sveio med kvarandre, og eg har prøvd å finne skilnader mellom områda, og mellom gardane i same område. Fokuset har vore på å avdekke økonomiske og sosiale skilnader. For å få fram desse skilnadene, har eg skild ut husmannsklassen som ei eiga gruppe, og eg har gjort ei eiga gransking av husmenn og arbeidsfolk.


Husmannsklassen var dei som stod nedst på den sosiale rangstigen i bygdesamfunnet, men det var faktisk ei gruppe som kan plasserast enda lenger nede, nemleg dei som måtte få hjelp frå fattigvesenet. Derfor har eg gjort ei eiga gransking av dei som kan klassifiserast som fattige. Eg har då funne ut kven dei var, kor mange dei var, og korleis det var å vere stempla som fattig i det gamle bondesamfunnet.


Eg har skrive fleire artiklar om det gamle bondesamfunnet i Sveio. Som ei innleiing til desse artiklane, skal eg no presentere ei skildring av den økonomiske tilstanden i ein avgrensa del av det som no utgjer Sveio kommune, nemleg gamle Valestrand kommune. På interkommunalt arkiv i Bergen fann eg nokre lister med detaljerte opplysningar om jordbruksproduksjon, husdyrhald, fiskeri, skogbruk, og dessutan diverse anna verksemd i Valestrand for femåret mellom 1865 og 1870. Dette er opplysningar som kommunestyret rapporterte inn til Amtet. Det var ordføraren i Valestrand, Jens Christoffersen Sundnes, og Jens Johannessen Tvedt, som var ordførar i Sveio frå 1864 til 1867, og dessutan landhandlaren i Vikebygd, Georg Fredrik Gautesen, som var ordførar i Sveio frå 1870 til 1873, som saman stod for utfyllinga av rapporten. Som du sikkert veit, så var Vikebygd ein del av Sveio kommune på denne tida. Dei tre ordførarane samarbeida truleg med å fylle ut dette skjemaet for både Valestrand og Sveio.


Nils C. Sundnes (1827-1905) kom frå Halsnøy. Han kjøpte gardsbruket på Eidsvåg av svigerfar sin. I tillegg til å drive garden var han underoffiser i forsvaret. Då Valestrand blei eigen kommune i 1868, blei han ordførar i den nye kommunen. Han var ordførar fram til 1871. Nils C. Sundnes var og ordførar i Stord kommune frå 1860-1861. På dette tidspunktet høyrde Valestrand til Stord kommune. (Foto: Sveio kommune)

Jens Johannessen Tvedt, født 1807, kom frå Storstein i Skåre. I 1842 bygsla han eit bruk på Tveit. Han var ordførar i Sveio i to periodar, først frå 1852 til 1855, deretter frå 1864 til 1867. I tillegg til å vere gardbrukar, var han skulehaldar og rekneskapsførar for både kyrkja og kommunen. (Foto: Sveio kommune)

Mest utmark og fjell

Denne rapporten gir oss mange interessante opplysningar om korleis livet i Valestrand var for 150 år sidan, og tilhøva i Valestrand var truleg ikkje så ulike tilhøva i resten av Sveio på same tid. Heilt i starten av rapporten finn me eit vedlegg som gir oss oversikt over arealet i Valestrand. Det bør då nemnast at Øklandsgrenda ikkje blei ein del av Valestrand før i 1870, så når me her tek for oss Valestrand, så er det Valestrand utan Øklandsgrenda. I 1870 hadde Valestrand eit areal på 59 kvadratkilometer. Av dette arealet var 4,8 kvadratkilometer jordbruksareal, 0,9 kvadratkilometer åker, og 3,9 kvadratkilometer eng. Skogen utgjorde 11 kvadratkilometer. Det var åtte kvadratkilometer furuskog og tre kvadratkilometer lauvskog. Resten av arealet var utmark, fjell, myr og innsjøar. Jordbruksarealet var altså lite, medan skogen utgjorde ein viktig ressurs for mange av gardane i Valestrand.


I 1870 var det 29 gardar i Valestrand, og rapporten viser at desse gardane til saman hadde 96 gardsbruk. Då er ikkje husmannsbruka og kårbruka rekna som eigne gardsbruk. Jordbruksarealet på desse bruka er teke med i arealet til hovudbruket. På denne tida brukte ein matrikkelskulda til å klassifisere bruket sin storleik. Matrikkelskulda var oppgjeven i spesidalar og skilling. Matrikkelskulda skulle utgjere 1/6 av verdien til den årlege avkastinga på gardsbruket. Ein spesidalar kunne delast i 120 skilling. Det kan vere vanskeleg å samanlikne verdien av spesidalaren med vår tids pengeverdi, men du greier det sikkert når du får vite at årsløna til ein tenestekar i 1870 var på 25 spesidalar. Vidare i artikkelen vil spesidalar forkortast til spd, medan skilling vil bli forkorta til skl.


Små og tettfolka gardsbruk

I 1870 var folketalet i Valestrand om lag 800. Dei aller fleste av desse budde på eit gardsbruk, enten som sjølveigarar, leiglendingar, husmenn, eller som kårfolk. Dermed kan me rekne oss fram til at det i gjennomsnitt budde litt over åtte personar på kvart gardsbruk i Valestrand i 1870. Dei fleste gardsbruka i Valestrand var små på denne tida. Åtte av gardsbruka hadde ei matrikkelskuld under ein spd. Det vil seie at avkastninga desse gardsbruka gav, var under seks spd i året. Så mange som 53 av gardsbruka hadde ei matrikkelskuld mellom ein og to spd, medan 35 av bruka hadde ei matrikkelskuld mellom to og fem spd. Ingen gardsbruk hadde høgare matrikkelskuld enn fem spd. Den samla matrikkelskulda for Valestrand var 193 spd.


I 1870 var den gjennomsnittlege matrikkelskulda for gardsbruka i Valestrand på om lag to spd. Dersom matrikkelskulda gav eit riktig bilete av produksjonen på gardane, var altså den gjennomsnittlege avkastninga for kvart bruk i Valestrand på 12 spd. Dette utgjer berre ei halv årsløn for ein tenestekar. Derfor skjønar me at bøndene i Valestrand var avhengige av gode attåtnæringar for å få nok mat på bordet til seg og familiane sine. Rapporteringa viser også at 23 av dei 96 gardsbruka i Valestrand så seint som i 1870 framleis hadde felles innmark for bruka på gardane. For desse gardane gjorde den såkalla teigblandinga det vanskeleg å setje i gong moderniserande tiltak.


Havre og poteter

Me får vite at det i 1870 var 1200 dekar, eller mål, med åker i Valestrand. Det betyr at dei 93 gardsbruka i gjennomsnitt hadde om lag 13 mål åker. Det var i all hovudsak havre og poteter som blei dyrka i åkrane på gardane i Valestrand på denne tida. I 1870 blei det sådd 400 tønner poteter, 390 tønner havre, 5 tønner bygg, og ei kvart tønne blanda korn. Det blei brukt ei halv tønne havre som såkorn per dekar med åker, og i potetåkrane gjekk det med ei snau tønne såpoteter per dekar. Ut frå dette kan me rekne oss fram til at det i 1870 var 780 dekar med havreåkrar, og 493 dekar med potetåkrar. Den samla kornavlinga var på 2300 tønner, medan potetavlinga var på 2550 tønner. Dette utgjer om lag 160 000 kg korn og 300 000 kg poteter. Bøndene i Valestrand var sjølvforsynte med poteter, men måtte kjøpe om lag ¼ av kornet som blei konsumert i kommunen. Kvart år kjøpte dei om lag 70 tønner havre, 300 tønner bygg, 400 tønner rug, og 30 tønner erter. Det blei ikkje dyrka andre rotfrukter enn poteter i nemneverdige mengder.


I tillegg til åkrane, som utgjorde den beste jordbruksjorda på gardane, hadde gardane eng kor dei dyrka gras, som dei slo og tørka til høy på bakken. Medan åkrane kvar vår blei rikeleg gjødsla med husdyrgjødsel, blei slåtteengene som regel ikkje gjødsla. For kvart mål med åker, hadde gardane i Valestrand i gjennomsnitt seks mål med eng. Dermed hadde kvart bruk i gjennomsnitt 78 mål slåtteeng. Dette høyres kanskje mykje ut, men kvaliteten på det som blei rekna som slåtteeng var ikkje akkurat god, og avlingane var heller ikkje store. Det skulle ikkje store grasflekken til før det blei rekna som slåtteeng, og den naturlege enga var både steinete og myrlendt. I 1870 blei det i gjennomsnitt avla fire skippund høy per mål med dyrka eng, medan det på naturleg eng i gjennomsnitt blei avla eitt skippund høy per mål. (Eit skippund veg om lag 160 kg.) Når me veit at det aller meste av slåttenga i Valestrand på denne tida var natureng, kan me gjere eit overslag som viser at kvart gardsbruk i gjennomsnitt avla om lag 15 tonn høy kvart år.


Mange husdyr, men lite kjøt og mjølk

Husdyrhaldet var ein viktig del av det gamle jordbruket, ikkje minst for å sikre nok gjødsel til  åkrane. Dei fleste hadde fleire husdyr enn dei kunne fôre gjennom vinteren, og sveltefôringa sette sitt preg på utbyttet av husdyrhaldet. Rapporten gir detaljerte opplysningar om husdyrhaldet i Valestrand. I tabellen nedanfor kan du studere dei viktigaste tala. I tillegg til husdyra som tabellen viser, hadde bøndene i Valestrand 31 geiter i 1865. I 1870 var det berre 12 geiter att i heile kommunen.


Kjelde: Interkommunalt arkiv i Bergen: Oppgåve over økonomisk aktivitet i Valestrand kommune 1865-1870


Me ser at dei fleste gardsbruka i Valestrand hadde hest på dette tidspunktet, og at kvart gardsbruk i 1870 i gjennomsnitt hadde 4,5 mjølkekyr og i underkant av 26 vinterfora sauer. Desse tala kan synast høge, men me må hugse på at husdyra på husmannsplassane og kårbruka også er tekne med under hovudbruka. Ved å studere tabellen, legg me merke til at det ikkje var mange husdyr som blei slakta. Kvart gardsbruk slakta i gjennomsnitt berre litt over to sauer og ein gris i året, noko som avslører at kjøt berre utgjorde ein ubetydeleg del av kosten til folk. Det var heller ikkje mange dyr som blei selde. Kvart gardsbruk selde i gjennomsnitt cirka tre sauer eller lam kvart år. I tillegg til sal av husdyr, blei det seld ein del smør og ost. Kvart år blei det seld om lag 70 bismerpund smør og 15 bismerpund ost. Med vår tids måleeiningar blir det 420 kg smør og 90 kg ost, og dette salet gav i gjennomsnitt kvart gardsbruk i Valestrand ei inntekt på 1,75 spd.


Med unntak av svinehaldet, ser me at talet på alle typar husdyr gjekk ned melom 1865 og 1870. Bøndene var i ferd med å skjøne at det løna seg å ha færre husdyr, og meir fôr til kvar av desse, slik at ein ikkje måtte sveltefôre husdyra gjennom vinteren. På grunn av at husdyra blei fôra dårleg, og dessutan måtte gå på skralt utmarksbeite heile sommarhalvåret, var ikkje mjølkeproduksjonen særleg høg. I 1865 produserte ei ku i Valestrand i gjennomsnitt snaue 700 liter mjølk i året. I 1870 hadde produksjonen stige til 800 liter mjølk i året per ku. Dette utgjer ikkje meir enn 2,2 liter mjølk per ku kvar dag, noko som berre er ein liten brøkdel av det ei ku i våre dagar produserer. Heile mjølkeproduksjonen blei konsumert på garden, og ingen av gardane i Valestrand selde noko av mjølka dei produserte.


Skogen gjekk med til skipstømmer

Rapporten tek også for seg skogbruket i kommunen. Tretti prosent av landearealet var dekka av skog, men i femåret hadde ikkje noko tømmer blitt seld ut av kommunen. I Valestrand har det vore drive kommersielt skogbruk og sagbruk heilt sidan 1500-talet, og det har vore produsert bjelkar og plankar for sal i store mengder. Mykje av denne produksjonen blei eksportert til Holland og Skottland, men på midten av 1800-talet var det altså slutt på denne drifta. Rapporten fortel at skogen var i tilbakegang, utan at det var blitt planta ny skog. Rapporten avslører og at det meste av tømmeret som blei produsert mellom 1865 og 1870, var skipstømmer som blei brukt til skipsbygging fleire stader i Valestrand. Behovet for skipstømmer var faktisk større enn det ein kunne produsere i kommunen. Behovet for bygningstømmer til gardane i Valestrand var også større enn det ein kunne produsere, slik at ein måtte kjøpe bygningsmaterialar utanfrå. I tillegg til bygningstømmer og skipstømmer, blei det produsert ein del tønnestav som ein selde til byane, og dessutan ein del brennved, som også blei seld til byane. Bøndene sjølv måtte greie seg med torv som brensel.


Rapporten fortel også om ein del attåtnæringar knyta til skogbruket. Me får vite at skips- og båtbygginga hadde vore i framgang i femåret, men at produksjonen likevel ikkje var tilstrekkeleg for behovet i kommunen. Dessutan hadde fleire blitt sysselsette innan husbygging, og ulike former for snekkerarbeid. Blant attåtnæringar som ikkje sysselsette så mange, nemnes skomakar, skreddar, smed, bakar og jordarbeidar. Av attåtnæringar som sysselsette mange, nemnes veving og garnbinding.


Livsviktig, både som matauk og som inntekt

For bøndene i Valestrand var fisket avgjerande viktig som attåtnæring. For mange av bøndene, som sat med små og skrale gardsbruk, gav faktisk fisket mykje større utbytte enn jordbruket, både i form av matauk og i form av inntekt. Bøndene i dette området hadde vore velsigna av eit eventyrleg vårsildfiske heilt sidan starten av 1800-talet. På slutten av 1860-talet kom det ein dramatisk nedgang i dette fisket, og i 1870 var vårsilda så godt som borte frå våre farvatn. Dette fekk dramatiske følgjer for befolkninga, som hadde gjort seg avhengige av inntektene frå vårsildfisket. Rapporten frå Valestrand viser heilt tydeleg utviklinga innan vårsildfisket i femårsperioden, og du finn tala i tabellen nedanfor.


Vårsilfisket gjekk føre seg i tre distrikt, nemleg i søre distrikt, i nordre distrikt, og på Sunnmøre. Søre distrikt utgjorde dei ytre stroka av Haugalandet og Sunnhordland, medan nordre distrikt utgjorde Sunnfjord og Nordfjord. Søre distrikt var det desidert viktigaste området, og det var her dei største fangstane blei gjort. Tek me med deltakarane frå Valestrand i både søre og nordre distrikt, ser me at det i kvart av åra, bortsett frå 1870, var meir enn 220 fiskarar med. Når me veit at den samla befolkninga var på 800 personar, skjønar me at så godt som alle vaksne arbeidsføre menn var med på vårsildfisket.


Store økonomiske tap

Me ser at utbyttet av vårsildfisket svinga frå år til år, men samanlikna med femtiårsperioden før 1865, var det berre 1867 som kan reknast som eit godt år i sør. I 1870 var gjennomsnittleg netto utbytte i sør berre 1 spd, medan åra som skulle kome ikkje gav utbytte i det heile tatt. Sidan det hadde kosta dei mykje pengar å ruste seg ut for å vere med på fisket, gjekk mange faktisk med store tap. Me ser at dei som tok det store steget og reiste til Island på storsildfiske, fekk ein god gevinst, og det same gjorde dei som reiste til Finnmark. I perioden med sviktande vårsildfiske etter 1870, var det stadig fleire av bøndene i Valestrand, og resten av Sveio, som rusta seg ut og reiste til Island på storsildfiske.


Kjelde: Interkommunalt arkiv i Bergen: Oppgåve over økonomisk aktivitet i Valestrand kommune 1865-1870


Heldigvis for bøndene i Valestrand, så gjekk det betre med sommarsildfisket i nokre av åra kor vårsildfisket svikta. Sommarsildfisket var notfiske i fjordane og vikene i bøndene sine heimlege strok. I tabellen nedanfor ser du opplysningar om dette fisket. Me ser at særlig 1869 var eit godt år for sommarsildfisket, kor kvar av fiskarane i gjennomsnitt hadde ei inntekt på 30 spd. I rapporten ser me også at det til ulike tider av året blei fiska mykje torsk og sei, men at alt av dette fisket gjekk med til eige konsum. Det blir rapportert at dette fisket utgjorde eit viktig tilskot til det daglege hushaldet i kommunen. Elles viser rapporten at hummarfisket var i vekst. I 1870 blei det fiska 1500 hummar i Valestrand. Verdien av denne fangsten var på 75 spd.


Kjelde: Interkommunalt arkiv i Bergen: Oppgåve over økonomisk aktivitet i Valestrand kommune 1865-1870

Det går tydeleg fram av rapporten kor avhengige bøndene i Valestrand var av inntektene frå Vårsildfisket. Ein god sesong på fem til seks veker kunne gi større forteneste enn eit heilt år med gardsarbeid. Ordførarane meinte at kommunen hadde hatt økonomisk tilbakegang i femåret mellom 1865 og 1870, på grunn av svikt i vårsildfisket. Biletet er frå 1880-åra, og viser garnfiskarar som dreg fulle sildegarn ein stad nord for Haugesund. (Foto: Haugesund kommune, ukjend fotograf.)

Skatt på inntekt og formue

Vidare i rapporten får me høyre meir om den generelle økonomiske tilstanden i kommunen. Her får me opplysningar om løn, inntekt, formue, og andre økonomiske tilhøve. I tabellen nedanfor kan du sjå korleis løna til husmenn, dagarbeidarar og tenestefolk var i femåret. Det var stor skilnad på dagløna i sommarhalvåret og vinterhalvåret. Om sommaren kunne det vere stor etterspurnad etter arbeidskraft på gardane, noko som pressa løningane oppover. Om vinteren var aktiviteten på gardane låg, slik at etterspurnaden etter arbeidskraft blei låg. Dagløna med kost låg stort sett seks skl under dagløna utan kost. Me ser og at årsløna for ein tenestedreng steig i løpet av femåret, frå 22 spd i 1866 til 25 spd i 1870, medan årsløna for ei tenestejente heldt seg på 10 spd heile femåret. Me kan jo spørje oss kor rimeleg den store lønsskilnaden mellom mannlege og kvinnelege tenestefolk var.


Kjelde: Interkommunalt arkiv i Bergen: Oppgåve over økonomisk aktivitet i Valestrand kommune 1865-1870


Vidare viser rapporten at det i 1870 var 141 skatteytarar til fattigkassen i Valestrand. Skatten til fattigkassen blei utlikna på grunnlag av både næringsinntekt og formue. I 1870 var dei skattbare næringsinntektene i Valestrand 6 473 spd, medan den samla formuen var på 63 700 spd. Dette gir kvar skatteytar ein gjennomsnittleg formue på 450 spd. Formuesskatten utgjorde 2 promille av samla formue, slik at ein gjennomsnittleg skatteytar i Valestrand måtte betale om lag ein spd i formueskatt til fattigkassa. Inntektsskatten utgjorde om lag like mykje som formueskatten.


Den nest lågaste karakteren

Till slutt i rapporten måtte kommunestyret svare på ein del spørsmål om utviklinga i kommunen gjennom femåret. Det første spørsmålet dreidde seg om korleis den generelle økonomiske tilstanden var i kommunen. Den generelle tilstanden blei karakterisert som «Maadelig», altså ikkje særleg god. På karakterskalaen som blei brukt på skulen på denne tida, var dette den nest lågaste karakteren ein kunne oppnå. Vidare får me vite at den økonomiske tilstanden hadde gått tilbake på grunn av mislykka fiskerier. Som du har lese tidlegare, så var det svikten i vårsildfisket som var årsaka  til tilbakegangen. Rapporten tok også for seg korleis det stod til med gjelda til innbyggarane i kommunen. Her blei det meldt at bøndene hadde noko gjeld, og at gjelda hadde vokse dei siste åra. Samstundes hadde eigedomsprisane gått noko ned. Voksande gjeld og nedgang i eigedomsprisane er som me veit ein dårleg kombinasjon.


Neste spørsmål dreidde seg om den såkalla føderådsordninga. Det vil seie at foreldregenerasjonen som gav frå seg bruket til neste generasjon, fekk lov til å bu vidare på bruket. Føderådskontrakten gav dei rett til å etablere seg i eige hus på gardsbruket, og dei hadde ofte rett til å drive sitt eige vesle jordbruk, som la beslag på deler av jordbruksarealet på garden. På denne måten fekk føderådsbruket, eller kårbruket, som det også blei kalla, preg av å vere eit slags husmannsbruk under gardsbruket. Me ser fleire døme på at både vaksne ugifte barn og andre slektningar fekk busetje seg på kårbruka saman med foreldra som hadde fått vilkårsretten på gardsbruket. På denne måten blei dei små gardsbruka i Valestrand enda meir overfolka, og det blei enda meir utfordrande å brødfø alle som budde på garden med den vesle avkastninga som jordbruket gav. Ordføraren i Valestrand meldte at føderådsordninga var hyppig i kommunen, og at ordninga var ei stor byrde for distriktet. Det var heller ikkje teikn på at ordninga var i ferd med å bli redusert i femåret mellom 1865 og 1870.


Dyrare og meir krevjande

Det blei også stilt spørsmål om husmannsklassen i kommunen. Husmannsklassen sine kår blei karakteriserte som «tålelige». Dette var karakteren over «maadelig», og tyder derfor på at levekåra for husmannsklassen ikkje var så aller verst. Vidare kan me lese at husmennene sine kår heller ikkje hadde endra seg nemneverdig dei siste fem åra, og at husmannsordninga var i svak nedgang i distriktet. Dagarbeidarane sine levekår blei karakteriserte som måtelege. Dagarbeidarane var ofte husmenn, eller andre som kunne knytast til husmannsklassen. I denne perioden kor ein opplevde svikt i fiskeriet, gjekk den økonomiske aktiviteten ned, også på andre område i kommunen. Dermed blei det mindre etterspurnad etter dagarbeidarar, og dårlegare levekår for arbeidarar og husmenn.


Heilt til slutt får me vite at livsopphaldet generelt hadde blitt dyrare i løpet av femåret, og at livet generelt hadde blitt meir krevjande. Trass i den økonomiske nedgangen, så meinte ikkje ordførarane at folk hadde blitt meir sparsame i livsopphaldet. Det var heller ikkje nokon spareforeining eller sparebank i distriktet. I all økonomisk stagnasjon og nedgang var det likevel noko positivt å melde. Konsumet av brennevin hadde gått ned, og dessutan konkluderte rapporten med at ein kunne sjå teikn på noko stigande opplysing i distriktet. Skulelova av 1860 hadde tvinga fram ei fastare organisering av skuletilbodet i bygdene, og barna fekk no meir skulegang, noko som altså viste seg å gje positive resultat i femåret mellom 1865 og 1870.


Oppsummering

Du har no fått eit lite innblikk i korleis den økonomiske tilstanden var i Valestrand for 150 år sidan. Eg skal runde av med å gje ei oppsummering av dei viktigaste opplysningane i rapporten. Me har sett at dei aller fleste i bygda levde av jordbruk og husdyrhald på heller små og skrale gardsbruk. Mange av gardsbruka var overfolka, og dei små gardsbruka måtte ofte livnære både kårfolk og husmenn, i tillegg til dei som budde på hovudbruket. Folk i Valestrand var sjølvforsynte med poteter og mjølkeprodukt, men måtte kjøpe ¼ av kornet utanfor kommunen. Husdyrhaldet gav minimal avkasting i form av kjøtvarer. Rapporten avslører og kor avhengige folk i Valestrandsbygdene var av fisket, og då særleg vårsildfisket, som hadde vore ei årviss velsigning for dei i nærare femti år. I løpet av femåret hadde dette fisket svikta, og i 1870 var det heilt slutt på vårsilda i vårt distrikt. Det skulle bli svart hav i fleire tiår. Dette fekk nærast katastrofale følgjer for mange av bøndene som hadde gjort seg avhengige av inntektene frå vårsildfisket. Mange valde å reise til Island på storsildfiske, for å kompensere for noko av inntektstapet. Bygdefolket i Valestrand heldt fram med heimefisket, som ikkje gav dei noko særleg inntekt, men som var livsviktig for å få nok mat på bordet til den fattige bondebefolkninga.


Ei kartlegging av heile Sveio

Dette var altså ei slags innleiing til fleire artiklar eg har skrive om det gamle bondesamfunnet i Sveio. I artiklane som kjem skal du få vite korleis det stod til med jordbruket i heile Sveio. Dei økonomiske og sosiale skilnadene i det gamle bondesamfunnet var større enn ein kanskje skulle tru, og me ser tydelege forskjellar mellom ulike område av kommunen. Når me ser på husmannsvesenet i Sveio, ser me også tydelege forskjellar når me samanliknar dei ulike områda i Sveio. Forskjellane gjer seg gjeldande både med tanke på kor mange husmenn me finn, og når det gjeld kva livsgrunnlag husmennene hadde. Når det gjeld studien av dei fattige i Sveio, så avslører denne at det å vere stempla som fattig i Sveio for 150 år sidan, var mykje verre enn det eg hadde sett for meg på førehand.


Kornhausting på Valen i 1926. Då kornet var modent om hausten, blei det skore med sigd, bunde saman i kornband, og hengd til tørk på staur. Havre og poteter var dei viktigaste vekstane som blei avla på gardane i Valestrand for 150 år sidan. (Foto: Ole J. Valen, i Bygdebok for Sveio, bind 1.)



Kjelder:

-Rapport til Amtet om den økonomiske tilstanden i Valestrand 1865-1870.

-Folketeljinga frå 1875.