Jordbruket i Sveio for 150 år sidan

Jordbruket i Sveio for 150 år sidan


Del 1: Frå tidleg morgon til seint på kvelden



Av Sverre Halleraker

Ein liten åker med havre var moden, og kornet måtte skjerast, bindast i kornband, og hengast til tørk på staur. Biletet er frå Fjon, og er teke i 1925. Til høgre i biletet ser me Erik Halleland (1878-1969), som var eigar av bruket Øvrebø på Fjon. (Foto: Sveio Gards og ættesoge, bind 3.)

Sjølvforsynte gardar

Når det gjeld gardsarbeidet, kan me skilje mellom det daglege husdyrstellet, og ulikt sesongarbeid. I tillegg har me alt husflidsarbeidet, og alt handverksarbeidet som måtte gjerast for å lage og vedlikehalde alt frå klede og sko, til verktøy, jordbruksreiskap, fiskereiskap og bygningar. I tillegg kjem, klesvask, matlaging og konservering av mat. Brønnen låg ofte langt frå husa på garden, og vasshentinga var både tung og tidkrevjande. Alt dette var arbeid som måtte gjerast i ledige stunder, både på dagtid og på kveldstid. Gardane var så godt som sjølvforsynte, og ein produserte det aller meste heime på gardsbruket. Arbeidsdelinga var sterkt kjønnsdelt, men på gardar med få arbeidsføre menn måtte kvinnene trø til og gjere mykje av mannfolkarbeidet.


Kvinnene hadde ansvaret for all matlaginga, vasshentinga, og dei måtte sørgje for at det var fyr i omnen, og at det var oppvarma vatn. Kvinnene hadde og ansvaret for alt husarbeidet, og alt husflidsarbeidet, som til dømes karding av ull, spinning, veving og toving, i tillegg til strikking og sying. Mennene laga og reparerte tresko, gjorde ulikt trearbeid, og hadde ansvaret for garnbinding og garnbøting. Kvinnene måtte ikkje ha noko med fiskereiskapane å gjere. Det betydde ulukke. Barna fekk tidleg arbeidsoppgåver, og dei hadde mellom anna ansvaret for å smi rivetindar og skaft til ulike reiskapar.


«Utanom det store vårsildfisket i januar og februar sporast såre lita verksemd. Sjølv om Sveio sokn har både myrer og lett dyrkbar jord, og då særleg store myrstrekningar, blir det med få unntak ikkje gjort forbetrande og utvidande jordarbeid. Jordbruket er i alminnelegheit neppe mange prosent betre enn i Harald Hårfagre sine dagar. Tidleg om våren opparbeider ein sine små, vassjuke og steinfulle åkerflekkar med spade, spreier deretter store mengder såkorn med hendene, hakkar det ned med ei rive, og spreier gjødsla over. Dermed er den såkalla våronna utført. Berre på nokre få gardar har ein skaffa seg små plogar og harver, og teke i bruk litt meir lettvinte og tidssparande reiskap. Havre og poteter er den alminnelige utsåd. Vekselbruk er eit ukjent fenomen. På dei vassfylte engene lar ein det ynkelege kveget, som gjennom vinteren er sveltefôra og mishandla, få gå og beite heilt fram til såkornet spirar. Då blir kveget drive ut til den lyngdekka og magre utmarka. Her beitar husdyra til langt ut på hausten. At utbyttet av husdyrhaldet på denne måten blir lite eller ingen ting, er sjølvsagt.»


Eit meir nyansert bilete

Sitatet stammar frå Sokneprest Heyerdahl. Etter å ha tenestegjort i Sveio frå 1861 til 1868, skreiv han ned korleis han hadde opplevd tenestetida si i Sveio. Me ser at han ikkje akkurat var imponert over korleis gardane blei drivne, og heller ikkje av bøndene i Sveio si evne til å modernisere og effektivisere drifta. Heyerdahl hadde nok rett i mange av observasjonane sine, men eg vil no prøve å gi eit meir nyansert bilete av korleis jordbruket gjekk føre seg i Sveio for 150 år sidan, og kvifor gardsdrifta og livet på gardane kunne opplevast så primitivt og umoderne for ein utanforståande observatør.


Ved å studere opplysningane i folketeljinga frå 1875, har eg kartlagt alle gardsbruka i heile Sveio, men før eg tek for meg resultatet av denne kartlegginga, vil eg gje ei generell skildring av korleis gardsdrifta i Sveio gjekk føre seg på midten av 1800-talet. For å setje det heile inn i riktig perspektiv, er det viktig å vere klar over at me på denne tida var inne i ein periode kor befolkninga steig veldig raskt. Dei fleste hadde store barnekull som vaks opp, og som måtte forsørgjast. Tidlegare, då den økonomiske tilstanden var enda dårlegare, og dei hygieniske tilhøva var enda verre, var det vanleg at mange av barna døydde før dei var vaksne. På midten av 1800-talet hadde tilhøva betra seg såpass mykje at dei fleste barna overlevde barndomen, og fekk oppleve å bli vaksne.


Overskot på arbeidskraft

Trass i denne betringa, så heldt folk fram med å få mange barn, og store barnekull var det vanlegaste i Sveio heilt fram til langt ut på 1900-talet. Den raske folkeauken førte til ei opphoping av folk på gardane i Sveio, og det var vanskeleg for mange unge å få seg eit skikkeleg levebrød. Mange reiste til Amerika, men det var likevel altfor mange unge vaksne  att på gardane i Sveio. Dette førte til at dei små gardsbruka ofte blei delte mellom fleire brør i ein søskenflokk, og dessutan førte det til at mange måtte bygsle seg ein husmannsplass, og dei måtte jobbe svært hardt for å få dyrka opp ein liten jordflekk. Befolkningsveksten førte også til at det var overskot på billeg arbeidskraft, noko som gjorde at bøndene ikkje var så innstilte på effektivisering og modernisering av gardsdrifta.


Det gamle jordbruket var altså arbeidskrevjande og lite effektivt. Likevel var jordbruket det me kan kalle intensivt. Det vil seie at åkrane blei gjødsla godt, at ein brukte mykje utsåd, og at åkrane gav relativt høg avkasting per arealeining. I kornåkrane blei det brukt ei halv tønne såkorn per dekar, og det såkalla folltalet låg mellom 5 og 6. Folltalet fortel oss kor mange gonger større avlinga var enn utsådet. Det vil seie at med eit folltal på 6, så får me 6 tønner avling av ei tønne såkorn. I potetåkrane gjekk det med ei snau tønne såpoteter per dekar, og folltalet låg som regel mellom 5 og 7.


Mørke og tronge fjøs

Det var kvinnene som hadde ansvaret for husdyrstellet, og dette var eit ansvarsfullt og krevjande arbeid. Fjøsstellet var ikkje på langt nær like enkelt som det er no, og store deler av dagen gjekk med til dette arbeidet. Ofte var det tenestejenta, eller ei anna vaksen kvinne i huset, som hadde denne oppgåva. På mindre bruk var det husmora sjølv som hadde ansvaret i fjøset. Det første som måtte gjerast i fjøset om morgonen var mjølkinga, og fjøsjenta måtte ut  for å ta fatt på denne jobben i fem-sekstida om morgonen. Mjølkinga var ein tung og tidkrevjande jobb, men dei erfarne fjøsjentene fekk gjort jobben med eit imponerande tempo. Talet på mjølkekyr varierte, men eit gjennomsnittleg sjølveigarbruk hadde fire-fem mjølkekyr

.

Fjøsa var tronge og mørke, og det var veldig varmt der. Det var ikkje noko form for lufting i dei små fjøsa, så lufta var veldig dårleg, og ein blei møtt av ein intens stank når ein gjekk inn i fjøset. Det var ei praktisk årsak til at fjøsa var innreia slik. Bøndene sine erfaringar gjennom generasjonar hadde nemleg vist at husdyra trong mindre fôr når det var mørkt og varmt i fjøset. Dyra si velferd, og det faktum at kyr som åt lite også produserte lite mjølk, var ein tydelegvis ikkje like oppteken av.


Rett og slett ein katastrofe

Då mjølkinga var unnagjort, måtte husdyra fôrast. Høyet måtte nappast ut av den tettpakka høystaen. Dette var ein tidkrevjande og tung jobb. Ein måtte ikkje ta høyet frå toppen av staen, for då kunne ein nemleg ikkje ha like god kontroll på kor mykje av høyet ein hadde brukt, og kor godt ein låg an med tanke på at fôret skulle vare heilt fram til beiteslepp. Ein måtte jobbe seg gradvis innover i høystaen, og nappa høyet jamt frå topp til botn. For å kunne kontrollere høyforbruket, så hadde ein merker langs veggene som viste kor mykje av staen ein burde ha att til visse datoar gjennom vinterhalvåret. Å gå tom for vinterfôr var rett og slett ein katastrofe. Utpå seinvinteren og våren måtte likevel mange ut og hauste lyng, og dessutan tang frå strandkanten, for å dryge vinterfôret.


Husdyra skulle fôrast tre gonger kvar dag, og fjøsjenta laga eigne porsjonar til kvar ku før fôringa. Høyet blei blanda saman med halm. Første fôring var altså like etter mjølkinga om morgonen, medan neste fôring var tidleg på ettermiddagen. Siste fôring var rett før leggetid, altså nokre timar etter kveldsmjølkinga. I tillegg til fôringa, så måtte kyrne «brønnast». Det vil seie at dei skulle få drikke. Vatnet som kyrne skulle drikke blei varma opp i store jerngryter, og oppi det varme vatnet la ein tørka potetlauv. Kvar ku fekk servert dette brygget i ei bøtte fem gonger til dagen, og brønninga gjekk føre seg til andre tider enn fôringa. Me skjønar altså at fjøsstellet må ha lagt beslag på det meste av tida til den kvinna som hadde denne viktige jobben.


Våren ofte ei vanskeleg tid

I april starta mennene på garden med våronna. Jorda i åkrane måtte spas opp før såkornet blei sådd for hand. Deretter blei kornet grove ned med rive. Jorda i potetåkrane blei også spadd opp før såpotetene blei lagt ut i beine rekker, med fast avstand mellom kvar potet. Etterpå grov ein jord over potetene på kvar side, slik at dei sto i fine og beine fårer. Så snart som korn og poteter var komne i jorda, så starta ein med gjødslinga. Ein hadde samla opp husdyrgjødsla gjennom heile vinteren, og no blei denne spreidd i åkrane. Dei gardsbruka som hadde hest, kunne bruke hesten til å køyre ut møkka. Dei som ikkje hadde hest, og dei som hadde åkrar som ein ikkje kunne køyre til, måtte bere gjødsla ut på ryggen i kiper. Gjødselhaugane blei spreidde utover åkrane med spade og greip, og etter at gjødsla hadde tørka litt på bakken, gjekk ein rundt med ei rive og smuldra gjødsla opp i små bitar.


Etter kvart som vinteren gjekk mot vår, så lengta både folk og fe til beiteslepp. Våren var likevel ei vanskeleg tid for mange bønder, på grunn av at vinterfôret var i ferd med å ta slutt lenge før noko som helst var begynt å spire ute. Den såkalla vårknipa var eit kjent fenomen, og menge måtte sleppe husdyra ut altfor tidleg. Ofte såg ikkje bøndene noko anna utveg enn å la husdyra få beite i innmarka dei første vekene etter beitesleppet, noko som førte til reduserte høyavlingar. Når husdyra omsider var på plass i utmarka, så blei kvardagen litt enklare for dei som hadde ansvaret for dyra.


Utpå seinsommaren begynte havren å bli moden, og då blei det på nytt travelt på gardane. Tida var moden for kornhausten. Havren blei skoren med sigd, bunden saman i kornband, som blei hengde til tørk på staur. Når kornbanda var tørre, blei dei berga i hus, og lagt oppå høystaen inne i løa. I slutten av september måtte potetene takast opp, og dette var også eit arbeid som alle på garden måtte vere med på. Etter at potetene var komne i hus måtte kornet treskast, og seinare på hausten skulle kornet malast til mjøl. Treskinga gjekk føre seg på løegolvet, og dette var tungt og tidkrevjande arbeid. Dei sjølveigande bøndene leigde ofte inn husmenn og anna arbeidsfolk til treskinga. Utstyret var enkelt. Treskinga blei gjort med ein såkalla tust. Ein tust er to små stokkar som er bundne saman med eit tau. Den eine stokken var handtak, medan den andre stokken blei slått mot kornbandet, slik at kornet lausna frå halmen.


Arbeidet var livsviktig

Dette var i grove trekk korleis det daglege arbeidet, og dessutan ulikt sesongarbeid gjekk føre seg på gardane i Sveio i det gamle jordbrukssamfunnet. I tillegg til arbeidet som er skildra her, så brukte bøndene i Sveio mykje tid og krefter på å gjere seg klare til vårsildfisket som starta utpå vinteren. Dessutan var det til alle tider mykje utstyr og verktøy som skulle lagast, og ikkje minst vedlikehaldas. I tillegg kjem alt arbeidet med tekstil og husflid, og dessutan all matlaging, og tilverking og konservering av matvarer.


Det var rett og slett livsviktig for bøndene i det gamle jordbrukssamfunnet at alle desse arbeidsoppgåvene blei utført på ein skikkeleg måte. I tillegg til det ein kunne hauste frå havet, så var utbyttet frå jordbruket og husdyrhaldet bokstavleg tala det dei hadde å leve av.  Bøndene sette også si ære i at gardsarbeidet skulle gjerast skikkeleg, og ære var viktig på denne tida. Etter å ha lese denne skildringa, så skjønar du sikkert at mykje av arbeidet på garden både var tungt og tidkrevjande, og at ordet fritid var eit ukjend fenomen for bøndene på 1800-talet. For at ein skulle få endane til å møtast, så måtte både store og små på gardane vere i full sving med arbeidsoppgåver frå dei sto opp om morgonen, og til dei la seg om kvelden. Me kan konkludere med at arbeidet utgjorde ein veldig stor del av livet deira, ja, det kan nesten vere freistande å hevde at arbeidet var sjølve livet til bøndene på 1800-talet.


Eit tydeleg klasseskilje

Du har no fått eit lite innblikk i alle arbeidsoppgåvene som måtte utførast på gardane i Sveio for 150 år sidan. I Del 2 av denne artikkelen skal eg presentere deler av kartlegginga eg har gjort av det gamle jordbrukssamfunnet i Sveio. Eg håpar at skildringa av korleis arbeidet på gardane gjekk føre seg, skal kunne gi deg ei betre forståing av opplysningane som kjem fram i kartlegginga. Eg håpar også at kartlegginga skal gi deg eit meir nyansert bilete av det gamle jordbruket i Sveio. Fokuset har blant anna vore på å få fram skilnader mellom ulike typar gardsbruk i Sveio, og du skal få vite meir om skilnaden mellom gardsbruka i ulike område av Sveio. Kartlegginga avslører at det var eit tydeleg klasseskilje mellom dei sjølveigande bøndene på den eine sida, og husmenn og arbeidsfolk på den andre sida. Dessutan skal du få sjå at det også var eit klasseskilje mellom ulike grupper av dei sjølveigande bøndene.


Det var ikkje alle gardsbruka i Sveio som hadde hest for 150 år sidan. Då måtte høyet berast i hus på ryggen. Sjølv om ein hadde hest på garden, så var det mange av grasflekkane som blei slått som låg så vanskeleg til at ein ikkje kunne kome til med hest. Biletet er frå Rød ein gong tidleg på 1900-talet. Mannen med høybøra er Johan Mandius Rød (1882-1965) (Foto: Sveio Gards og ættesoge, bind 3.)

Frå støl til husmannsplass

Husdyra måtte altså beite i utmarka, og fleire gardar hadde felles utmark. Innmarka var inngjerd for å hindre at husdyra skulle kome seg inn og øydelegge avlingane. Sjølv om husdyra beita fritt på store utmarksbeiter  heile sommaren, så var det likevel ein heil del arbeid med husdyra også om sommaren. Barna på gardane fekk ansvaret for å gjete husdyra, og dei følgde flokken gjennom heile dagen. Når kvelden kom måtte dyra i hus for natta. Kyrne måtte mjølkast både morgon og kveld, også om sommaren, og det var mykje arbeid med kinning og ysting. Mange av gardane i Sveio hadde stølar i utmarka, noko som gjorde det enklare å sjå etter husdyra, og dessutan blei det enklare å få dyra i hus for natta. Etter kvart som folketalet nærast eksploderte rundt midten av 1800-talet, blei mange bruk delte, og det blei etablert mange husmannsplassar. Dette førte til at så godt som alle stølane blei gjort om til husmannsplassar.


Etter at våronna var ferdig, og husdyra var kome på sommarbeite, var det torvhaustinga som stod for tur. Torv var omtrent det einaste brenselet som blei brukt på gardane i Sveio midt på 1800-talet, og det gjekk med store mengder torv i løpet av eitt år. Torva blei spadd opp av myrene i utmarka, og dette var ein arbeidskrevjande prosess. Likevel såg folk fram til dette sesongarbeidet, som var ei kjærkomen avveksling frå det daglege strevet ein hadde vore gjennom heile vinteren. Torvmyrene låg ofte langt borte frå gardstunet. Så godt som heile hushaldet var i sving med torvhaustinga. Torva blei spadd i passeleg tjukke flak, og deretter lagt til tørk på bakken. Etter nokre veker måtte torva snuast og stablast på ein bestemt måte, slik at ho tørka på begge sider. Mange lagra torva i torvhus i utmarka, og venta til hausten før torva blei frakta til gards.


Heile sommaren gjekk med

Rundt Sankthans starta slåtten, og då måtte alle vere med. Dette var og noko folk på gardane såg fram til. Graset blei slått med ljå. Der det var nokon lunde store og slette bakkar, kunne ein bruke langorv. På små og ujamne flater måtte ein bruke stuttorv. Graset blei breia ut over bakken, og det blei snudd med river eit par gonger til dagen. Om kvelden blei høyet samla i små såter, og då morgondoggen var borte, kunne høyet breiast ut på nytt. Med godt vêr kunne høyet vere tørt på tre-fire dagar, men ofte tok det lengre tid.


Slåttekarane kunne ikkje slå for store område om gongen. Då greidde ikkje kvinnene og barna å snu, samle og breie høyet ofte nok. Dessutan var risikoen for at dårleg vêr øydela høyet mindre, dersom ein fekk berga høyet frå eitt område, før ein tok fatt på neste. Når ein hadde gjort seg ferdig med slåtten på innmarka, stod utslåtten, eller «skrapaslåtten», for tur. Gardane hadde små sletter på stølane og andre stader i utmaka som dei slo, og når utslåtten var ferdig, var tida moden for å setje i gong med håslåtten. Dermed gjekk så godt som heile sommaren med til slåtten, og dette var eit arbeid som sysselsette både kvinner og menn, og gamle som unge.


Det var stor skilnad mellom dei rikaste og dei fattigaste i det gamle bondesamfunnet. Dei sjølveigande bøndene utgjorde ein overklasse. Likevel var det stor skilnad også mellom dei sjølveigande bøndene. Biletet viser hovudbruket på Eikeland, og er teke rundt 1900. Dette var eit av dei største bruka i Sveio i 1875, og bruket var eigd av Gregorius Gregoriusen, som opphavleg kom frå Staupe. I 1875 sådde han 7 tønner havre, sju tønner grasfrø, og 5 tønner poteter. Av husdyr hadde han ein hest, 4 mjølkekyr, 4 ungdyr, 28 sauer og ein gris. (Foto frå www.sveiokort.com.)


Del 2: Eit klassedelt jordbrukssamfunn

Innleiing

I første del av denne artikkelen om jordbruket i Sveio kunne du lese om alle arbeidsoppgåvene som måtte gjerast på gardane i det daglege, og i ulike sesongar. Livet til bøndene dreidde seg om arbeid frå morgon til kveld. Med skildringa av det arbeidskrevjande dagleglivet som eit bakteppe, skal me no sjå nærare på gardane i Sveio, og som eg har vore inne på tidlegare, så brukar eg folketeljinga frå 1875 som kjelde. Dei to siste delane av denne artikkelen tek for seg kartlegginga eg har gjort av det gamle bondesamfunnet i Sveio. Denne delen tek for seg dei ulike samfunnsgruppene me fann i det gamle jordbrukssamfunnet, og dessutan ein forklaring på korleis eg har delt Sveio inn i ni ulike område. Du skal og få vite kva område i Sveio som hadde flest husmenn, og kor det var flest sjølveigarar. Siste del av artikkelen kjem til å ta for seg skilnadar mellom dei sjølveigande bøndene.


Kartlegginga av jordbruket i Sveio i 1875 avslører kven som budde på dei ulike gardane, kva yrke og sosial status dei hadde, kva som blei produsert på dei ulike bruka, og kva husdyr dei hadde der. Eg har kategorisert dei ulike gardbrukarane etter storleiken på gardsbruket, og eg har delt dei inn i ulike grupper, nemleg sjølveigarar, leiglendingar, husmenn og kårfolk. Denne kartlegginga viser at det var eit tydeleg klasseskilje mellom den fattigaste delen av bondebefolkninga, og dei meir velståande bøndene. Eg skal prøve å teikne eit bilete av heile Sveio, og eg skal prøve å få fram skilnadar mellom ulike deler av Sveio. I denne artikkelen vil fokuset vere mest på dei sjølveigande bøndene, medan eg skal ta for meg husmenn og kårfolk i ein artikkel som kjem på trykk i haust.


Klasseskiljet kom tydeleg fram i kyrkja

Når me skal skilje mellom ulike grupper av bondebefolkninga, er det naudsynt å vite kven som fell inn under dei ulike kategoriane. Me kan starte med sjølveigarane, og denne gruppa er lite problematisk å kategorisere. Ein sjølveigar er ein person som eig og driv sitt eige gardsbruk. Storleiken på sjølveigarbruka varierte mykje, men det gav ein viss sosial status i bygdesamfunnet å vere sjølveigar, og denne gruppa hadde rettar som resten av befolkninga ikkje hadde. Dei som ikkje var sjølveigarar hadde mellom anna ikkje stemmerett ved politiske val før 1898. Det som kanskje var det tydelegaste skiljet mellom sjølveigarar og resten av bondebefolkninga i det daglege livet, var plasseringa i kyrkja. Der hadde kvar familie sine faste plassar, og sjølveigarane hadde plassane lengst framme i kyrkja. Bøndene som eigde dei største gardsbruka fekk sitje heilt fremst. Husmenn og arbeidsfolk måtte nøye seg med plassane lengst bak, og oppe på galleriet. Du skal få vite meir om det sosiale skiljet mellom sjølveigarar og husmenn i artikkelen som handlar om husmennene i Sveio.


Leiglendingar og kårfolk

Talet på leiglendingar blei kraftig redusert på 1700- og 1800-talet, men i folketeljinga frå 1875 finn me nokre få leiglendingar i Sveio. Ein leiglending leigde gardsbruket, og det var som regel staten eller kyrkja som eigde jorda. I Sveio eigde Halsenøy kloster mange gardar, men dei lokale kyrkjene eigde og mykje jord. På 1600- og 1700-talet blei mykje av krongodset og kyrkjegodset seld. Mange gardar blei seld til brukarane, men rike adelsmenn kjøpte og mange gardar. Leiglendingane hadde same rettar og plikter som sjølveigarane, og leigekontrakten gjekk i arv. Leiglendingane kunne likevel bli oppsagde av dei som eigde jorda. I folketeljinga finn me og nokre få forpaktarar. Desse kan skiljast frå leiglendingane med at dei hadde ein tidsavgrensa leigekontrakt.


Kårfolka er ein annan kategori me finn i folketeljinga. Desse blei kalla vilkårsmenn eller føderådsmenn, utan at det er nokon skilnad mellom desse to omgrepa. Kårfolka var foreldra på gardsbruket som hadde gjeve gardsbruket frå seg til neste generasjon. Dei hadde sikra seg retten til å bu på garden kostnadsfritt, og som regel hadde dei sikra seg retten til å ha eigne husdyr, og ofte også til å drive litt av jorda. Kårfolka kunne bu i same hus som dei nye eigarane, eller dei kunne bu i eit eige hus på bruket. Det kan vere utfordrande å kategorisere denne gruppa, på grunn av at dei som gjennomførte folketeljinga ikkje alltid var konsekvente. Av og til blei kårbruka registrerte som eigne bruk, og av og til blei dei registrerte som eit eigne hushald som låg under hovudbruket.


Levde under vanskelege kår

Neste gruppe er husmennene, og folketeljinga viser at dette var ei stor gruppe i Sveio i 1875. Denne gruppa levde ofte under vanskelege kår. Husmennene fekk leige eit lite stykke jord av hovudbruket. Dei måtte dyrke dette opp, slik at dei kunne så litt korn og poteter, og dei måtte kunne hauste litt høy til husdyra. Den beste jorda var allereie dyrka opp til hovudbruket. Husmennene fekk bygge dei husa dei trong for å bu der og drive jordbruket. Husmannskontraktane var forskjellige, og rettane og pliktene deira varierte mykje. Husmennene hadde som regel ikkje rett til å overføre husmannsplassen til neste generasjon, men i praksis fekk dei ofte lov til det. Leigetida var som regel ut husmannen si levetid, eller så lenge husmannen var i stand til å utføre pliktarbeidet på hovudbruket. Dersom husmannen døydde, hadde enka ofte ikkje rett til å sitje med husmannsplassen. Dette førte til at mange husmannsenker hamna under fattigomsorga, og måtte gå på legd.


Nokre få hadde eit finare yrke

Dei aller fleste som budde i Sveio i 1875 hadde hovudyrket sitt knytta til jordbruket, i tillegg til at dei dreiv med fiske. Likevel finn me nokre få personar som hadde eit litt finare hovudyrke. Omtrent alle desse personane var jordeigarar og gardbrukarar, men dette var ikkje hovudyrket deira. Tabellen nedanfor viser kven desse personane var, kvar dei budde, og kva dei levde av.


Ni ulike område

For å få fram skilnadane mellom ulike deler av Sveio, har eg delt heile Sveio inn i ni ulike område. Grensene for desse områda er vist på kartet. Dersom me startar heilt i nord, finn me det området som eg har kalla Valestrand nord. Her har me gardane på Tittelsnes og gardane rundt Valevåg. Dette området strekkjer seg heilt sør til Haugland og Ulvaråker. Neste område har eg kalla Valestrand sør. Her finn me mellom anna gardane Lier, Straumøy, Lindås, Vihovda og Hope. Går me lenger sør, og held oss på austsida, så finn me Vestre Vikebygd. Her har me Førdebygda, og gardane langs Ålfjorden heilt sør til Flatnes. Flatnes var ikkje ein del av Vestre Vikebygd, men ut frå geografien, så fell Flatnesgardane naturleg inn i dette området.


Øklandsgrenda er også eit relativt naturleg avgrensa område, og her finn me gardar som Vestvik, Eikeland, Økland og Mjånes. Me held oss i vest, og går sørover. Då har me området som eg har kalla Ytre Sveio nord. Her finn me gardane Tjernagel, Lokna, Bua og Hovda langs Bømlafjorden, men også gardane Emberland, Åsbu, Kinn og Lier, som ligg meir i den indre delen av kommunen. Held me fram med å gå sørover langs Bømlafjorden, så finn me området Ytre Sveio sør. Her har me mellom anna gardane Eltravåg, Lyngholm, Vandaskog og Mølstre. Heilt i sørvest har me Vikseområdet, som omfattar gardane langs Viksefjorden, i tillegg til garden Birkeland.


No står dei indre delane av Sveio att. Dette området har eg dela i to. Legst mot sør, og delvis mot vest, finn me området som eg har kalla Indre Sveio sør. Dette er eit stort område som omfattar Nordskog, Sveio, Tveit, Eilerås, Fjon, Kvalvåg og Apeland. Du tenkjer kanskje at det ikkje er naturleg å setje desse gardane saman, men i 1875 utgjorde dei faktisk ein og same teljekrins, og med Vigdarvatnet som ferdselsåre var ikkje vegen så lang mellom desse gardane. Det siste området har eg kalla Indre Sveio nord. Her finn me gardar som Våga, Bråtveit, Lie, Bjelland, Haukås, Tveita, Rød, Drange og Nonslid.


Overklasse og underklasse

Me skal no sjå på kor mange det var av dei ulike brukstypane. Tabellen nedanfor viser resultatet. Me veit at det var stor skilnad mellom sjølveigande bønder på den eine sida, og husmenn på den andre sida, når det gjeld den økonomiske tilstanden. Me kan faktisk snakke om eit klasseskilje, og kalle sjølveigarane for ein overklasse, og husmennene for ein underklasse. Det var sjølvsagt nyansar her, og me finn døme på velståande husmenn som levde godt på relativt store bruk, og me finn sjølveigarar som sat med små og skrale bruk, og som strevde kvar dag med å skaffe nok mat på bordet. Likevel var skilnaden generelt sett så stor mellom sjølveigarar og husmenn, at eg vil kalle det eit klasseskilje.


Totalt var det altså 681 bruk i Sveio i 1875. Du blir sikker overraska når du ser kor mange av desse som var husmannsbruk, nemleg heile 307 av bruka. Det var altså nesten like mange husmannsplassar som sjølveigde bruk i Sveio i 1875. Ser me på dei ulike områda i Sveio, så er det mange husmenn i alle områda, men Vikse utmerkar seg med særs mange husmenn, medan områda som er kalla Ytre Sveio nord og Økland utmerkar seg i andre enden av skalaen. På Vikse var det altså berre 31 prosent av gardbrukarane som eigde bruket sitt sjølv, medan det på Økland og i Ytre Sveio nord var 60 prosent av bøndene som eigde gardsbruket sitt. Brukar me talet på sjølveigarar og husmenn som indikator på den økonomiske tilstanden, så kan det altså sjå ut som om mange på Vikse levde under fattigslege kår, medan det var i området som omfattar Økland, Tjernagel og Bua at den største delen av befolkninga levde i gode kår.


Kjelde. Folketeljinga i1875.

Heng saman med talet på utvandrarar?

Skilnaden mellom desse områda er interessant, for i utgangspunktet er desse områda svært like. Både Vikseområdet, Øklandsområdet og Ytre Sveio nord, låg i det området av Sveio som var mest påverka av det store vårsildfisket. I heile dette området opplevde ein tilflytting, og ei opphoping av folk midt på 1800-talet. Korleis kan det då ha seg at desse områda var så ulike i 1875? Det er ikkje noko innlysande svar på dette spørsmålet, men eg trur at det heng saman med utvandringa til Amerika. I 1850- og 1860-åra var det svært mange frå Tjernagel og Øklandsområdet som reiste til Amerika. Dette gav rom, og nok jord, til å sikre levebrødet for dei som blei att. I Vikseområdet derimot, var det svært få som reiste til Amerika i denne tidlege perioden. Dermed blei det vanskeleg å skaffe seg eit levebrød for alle i dette overfolka området, då vårsildfisket svikta rundt 1870. Dette resulterte i at ein stor del av befolkninga enda opp som fattige husmenn. Du kan lese om utvandringa frå Sveio i artikkelen «Dristige pionerar».


Ut frå opplysningane i folketeljinga, har eg og laga ein oversikt som viser folketalet i dei ulike områda. Folketalet hadde auka veldig raskt dei siste femti åra, og i 1875 ser me at det budde 3960 personar i Sveio. Tabellen under viser og kor stor del av befolkninga som budde på husmannsbruk, og me ser at dette var 35 prosent av befolkninga. Husmannsbefolkninga var likevel mykje større enn dette, for mange av dei som budde på sjølveigarbruka, høyrde til husmannsklassen. Barn frå husmannsklassen blei ofte tenestefolk hos sjølveigarane, og mange frå husmannsklassen fekk losji på gardane til sjølveigarane. I folketeljinga blei tenestefolk og losjerande rekna som ein del av hushaldet til sjølveigarbruket.


Stor skilnad også mellom sjølveigarane

Det var altså ein stor del av befolkninga i Sveio som levde som husmenn i 1875, og Vikse var det området kor husmennene utgjorde størst del av befolkninga. Sjølveigarane var mykje betre stilte enn dei som høyrde til husmannsklassen, men det var stor skilnad også mellom sjølveigarane. Det var ikkje så mange store gardsbruk i Sveio i 1875, men det var mange små sjølveigarbruk, kor det kunne vere utfordrande å produsere nok mat til heile hushaldet. Dette kan du lese om i tredje og siste del av artikkelen om jordbruket i Sveio.


Kjelde: Folketeljinga i 1875.


Del 3: Dei sjølveigande bøndene

Innleiing

I Del 2 kunne du lese om dei ulike gruppene av bondebefolkninga i Sveio, og du fekk sjå at det var ein stor underklasse av fattige husmenn i Sveio i 1875. Husmennene utgjorde størst del av befolkninga i Vikseområdet, medan det var færrast husmenn i området som omfatta Bua, Tjernagel og Økland. Husmennene skal studerast nærare i ein eigen artikkel. Vidare i denne artikkelen skal me sjå nærare på dei sjølveigande bøndene. Det var nemleg store skilnadar også mellom dei som høyrde til denne gruppa. Du skal få vite kor i Sveio det var flest små bruk, og kor i Sveio det var flest store bruk. Dessutan har eg prøvd å få fram kva som kjenneteiknar dei små bruka, dei mellomstore bruka, og dei største bruka. Eg har og sett på kva bruk som hadde binæringar i tillegg til jordbruket, og kor i Sveio dette var mest utbredt. For å få fram skilnaden mellom dei ulike brukstypane, har eg brukt ein del døme på ulike typar gardsbruk i Sveio.


Stor skilnad på storleiken

Me skal først sjå på storleiken til dei ulike sjølveigde gardsbruka. Eg har brukt opplysningane om utsåd i folketeljinga for å finne ut kor stort åkerareal dei ulike gardsbruka hadde. Når me veit kor mykje havre og poteter som blei sådd, kan me rekne oss fram til storleiken på åkrane, og dessutan kor store dei gjennomsnittlege avlingane var. Bøndene sådde som regel poteter i om lag ein tredel av åkerarealet sitt, og havre i resten. Dei fleste gardsbruka sådde og litt bygg, men dette dreidde seg om svært små mengder.


I tabellen nedanfor har eg klassifisert gardane i Sveio etter storleiken på åkerarealet. Eg vil kalle gardsbruka i den første kollonna for små gardsbruk. Med eit åkerareal på 4 til 7 dekar, fekk ein i gjennomsnitt ein årleg avling på om lag 10 tønner poteter, og 10 tønner havre. Når ein hadde teke av det som skulle brukast til utsåd året etter, så sat ein på dei minste sjølveigande gardsbruka att med om lag 8 tønner poteter og 8 tønner havre til å leve av eit heilt år. Dette var ikkje mykje, når me tenker på at det ofte var store familiar som budde på desse bruka, og at det derfor var mange munnar som skulle mettast.


Dei to neste kollonnene i tabellen kallar eg mellomstore gardsbruk. Her hadde ein mellom 7 og 11 dekar med åker. I gjennomsnitt sat dei mellomstore gardsbruka att med 12 tønner poteter og 14 tønner havre som dei kunne konsumere. Dei gardsbruka som hadde meir enn 11 dekar med åker, kallar eg store gardsbruk. Desse sat kvart år i gjennomsnitt att med 20 tønner poteter og 21 tønner havre, når dei hadde teke av utsådet. Med andre ord så var det stor skilnad på kor mykje mat ein kunne produsere på dei små gardane samanlikna med dei store.


Bonde og sjømann

Før eg går i gong med å sjå på kor store gardsbruka var i dei ulike delane av Sveio, vil eg vise nokre døme på ulike typar av sjølveigande bønder. Me kan starte med ein sjølveigande bonde på eit lite gardsbruk. På garden Vikse vestre finn me Anders Johannes Andersen. I 1875 var han 53 år gammal, og han var sjølveigande gardbrukar og sjømann. På garden til Anders Johannes blei det sådd ei kvart tønne bygg, to tønner havre, og to tønner poteter. Det fortel oss at han hadde snaue 7 dekar åker på bruket. Eit godt år kunne han då hauste ei og ei halv tønne bygg, 12 tønner havre og 12 tønner poteter. Husdyra på garden var ein hest, tre mjølkekyr, 16 sauer og ein gris.


Anders var gift med Ragna Kristine Aanensdatter, som var 47 år gammal. I 1875 hadde dei fire barn som budde heime på garden. Det var 20 år gamle Gundvor Karine, 15 år gamle Bertha Aanelina, ni år gamle Andreas, og sju år gamle Ragna Johanna. I tillegg hadde dei ei dotter på 22 år som hadde flytta ut. Anders Johannes, som var sjømann, var borte frå garden i lange periodar, og det var kona og dei største døtrene som måtte ta ansvaret for mykje av det daglege gardsarbeidet på det vesle bruket.


Både kårfolk, tenestefolk og losjerande

I Vestre Vikebygd ligg garden Røykenes. Her finn me Henrik Arnesen som var 32 år i 1875. Han var sjølveigar på eit mellomstort gardsbruk. På dette bruket blei det sådd to og ei halv tønne havre og 4 og ei halv tønne poteter. Dette betyr at bruket hadde ni mål åker, og kunne rekne med å hauste 15 tønner havre og 27 tønner poteter. Husdyra på garden var ein hest, ein okse, fire kyr, ein kalv og 18 sauer. Svigerfar til Henrik, Reier Svendsen (62 år), hadde såkalla føderådskontrakt på garden, som gav han rett til å bu kostnadsfritt på garden ut si levetid, og som gav han rett til å ha ei ku og tre sauer på garden. Han var enkemann.


Henrik var gift med Anna Reiersdatter, som var 36 år gammal. Dei hadde tre små søner, nemleg Svend på fire år, Knud på tre år, og Erik Andreas på eitt åt. Henrik og Anna hadde både tenestedreng og tenestejente i hushaldet sitt. Drengen var 32 år gamle Jens Arnesen, og tenestejenta var 29 år gamle Sønneva Arnesdatter. Begge desse to var Arne sine søsken. Det var enda fleire som budde på dette gardsbruket, nemleg Gregorius Thorbjørnsen på 28 år og kona hans, Ingrid Svendsdatter, på 31 år. Begge desse jobba som skreddarar, og dei leigde husrom på Henrik sitt gardsbruk. Me ser altså at det var ti personar som budde her. I tillegg til gardbrukarane og deira barn, så budde det altså kårfolk, tenestefolk, og losjerande arbeidsfolk på dette mellomstore gardsbruket på Røykenes.


På same måte som mange gardar i Sveio, så blei Straumen delt i to mindre bruk midt på 1800-talet. På biletet ser me våningshuset på bruk nummer to. Dette var eit lite sjølveigande bruk. I 1875 dreiv Endre Martines Eilertsen dette bruket. Han var 47 år gammal, var gift, og hadde fire barn som budde heime. Denne familien levde i små kår. Endre Martines var fiskar i tillegg til gardbrukar, og i 1875 hadde han så vidt nok jord til å så ei kvart tønne bygg og ei snau tønne poteter. Husdyra på garden var ei ku og 8 sauer. (Foto frå Sveio Gards og ættesoge, bind 2.)

Eit stort bruk på Haugsgjerd

Heilt nord i Sveio ligg garden Haugsgjerd. Her finn me døme på eit stort gardsbruk. Eigaren av dette bruket var 48 år gamle Arnt Sjursen. Han hadde 11 mål med kornåker og 5 mål med potetåker, og han sådde ein åttandedels tønne med bygg, 5 og ei halv tønne havre, og 5 tønner poteter. Dessutan sådde han litt grasfrø, og han sådde hundre alen med sukkerroe. Det var faktisk fleire av dei største gardane nord i Valestrand som dyrka sukkerroe. Dette gardsbruket kunne hauste 33 tønner havre og 30 tønner poteter. Det var mange husdyr som skulle stellast på dette store bruket. Dei hadde ein hest, sju kyr, tre kalvar, 29 sauer og ein gris.


Mor til Arnt, Ingeborg Endresdatter (72 år), hadde føderådskontrakt som gav henne rett til å ha ei ku og to sauer på garden. Arnt var gift med 34 år gamle Kari Torbjørnsdatter, og dei hadde seks barn som budde heime, nemleg Ingeborg (15 år), Sivert (12 år), Malene (9 år), Tobias (6 år), Endre (4 år) og Baard Martin (1 år). Arnt og Kari hadde to tenestefolk i huset sitt, nemleg tenestedrengen Nils Monsen på 28 år, og tenestejenta Britha Endresdatter på 21 år. Arnt døydde året etter folketeljinga, og Kari gifta seg opp att med Ola Farteinson Valen, som dreiv garden vidare.


Bruk nummer 1 på Haugsgjerd var eit stort gardsbruk. I 1874 var bruket eigd av 48 år gamle Arnt Sjursen. Han hadde 11 mål kornåker og 5 mål potetåker, og han sådde 1/8 tønne med bygg, 5 og ei halv tønne havre, og 5 tønner poteter. Dessutan sådde han litt grasfrø, og han sådde hundre alen med sukkerroe. Husdyra på garden var ein hest, 7 kyr, 3 kalvar, 29 sauer og ein gris. Arnt var gift med Kari Torbjørnsdatter, og dei hadde 6 barn som budde heime på garden. Mor til Arnt, Ingeborg Endresdatter (72 år), hadde føderådskontrakt som gav henne rett til å bu gratis på garden. På dette store bruket finn me og ein tenestedreng og ei tenestejente. (Foto: Sveio Gards og ættesoge, bind 1.)

Markant skilje

Me skal no sjå på kor store dei sjølveigande gardsbruka var i ulike område av Sveio. Desse opplysningane er samla i tabellen under. Me ser at om lag ein tredel av dei sjølveigde gardsbruka kan kategoriserast som små, medan litt over halvparten kan kallast mellomstore. Berre ti prosent av bruka hamna i den kategorien som me kallar for store. Ser me på storleiken på bruka i ulike område av Sveio, finn me eit markant skilje mellom dei ytre og dei indre områda av Sveio, eller mellom vest og aust i Sveio. Frå Mølstrevåg i sør, og til Økland i nord, så er halvparten eller meir av bruka det me kan kalle små bruk. I Vikseområdet og i Valestrand sør er nær halvparten av sjølveigarbruka små. Vestre Vikebygd og dei indre områda av Sveio har eit stort fleirtal av mellomstore bruk, medan Valestrand nord utmerkar seg med svært få små bruk, og relativt mange store bruk.


Kva kan vere forklaringa på desse geografiske skilnadane? Eg kjem nok ein gong fram til at dette må henge saman med vårsildfiskeriet. Vestsida av Sveio si gode plassering i forhold til vårsildfisket gjorde at mange ville busetje seg her. I desse ytre stroka var det frå naturen si side ikkje så gode tilhøve for å drive jordbruk. Sidan så mange ville bu her, og sidan jordbruksarealet var lite, så blei bruka ofte delte, og me fekk mange små bruk. Dessutan så kunne det vere lettare for folk å greie seg på små bruk i dette område, sidan gardane låg til sjøen, og ein kunne livnære seg av fiske.


Til no har me kategorisert bruka etter storleiken på åkerjorda. Me kan og kategorisere gardsbruka ut frå kor mange husdyr dei hadde, og då var det særleg talet på storfe og mjølkekyr som var avgjerande. Gardsbruka som hadde mindre enn tre mjølkekyr, har eg kalla små, medan dei gardane som hadde fire eller fem kyr, blir kalla mellomstore. Gardsbruk med seks kyr, eller meir, har eg kalla store bruk. Her ser me det same mønsteret som me såg då me undersøkte storleiken på åkrane. Me finn det same skiljet mellom små gardar i vest, og større gardar i aust og nord. Ikkje uventa, så var det dei same gardane som hadde lite åkerjord, som også hadde få husdyr, og dei same gardane som hadde mykje åkerjord, som også hadde flest husdyr.

Tenestefolk og binæringar

Folketeljinga avslører også kva for nokre av gardsbruka som hadde faste tenestefolk. Desse tenestefolka hadde som regel kontraktar for eit år om gongen, og dei hadde fri kost og losji på garden der dei tenestegjorde, i tillegg til fast løn. Ein tenestekar hadde ei årsløn på 25 spd, medan ei tenestejente hadde ei årsløn på 10 spd. Å ha folk i fast arbeid på denne måten, var altså relativt kostbart, samstundes som ein måtte vite at ein hadde nok mat til både dei som budde fast på garden, og til tenestefolket. Derfor kan det at eit gardsbruk hadde faste tenestefolk, vere ein indikator på at dei var relativt velståande. Dei aller fleste gardane som hadde tenestefolk, var store og mellomstore gardar, men me finn og nokre av dei minste gardane som hadde tenestefolk. Det tyder på at desse gardane hadde fleire bein å stå på for å skaffe seg mat og inntekt, enn jordbruket aleine.


Tabellen over viser at det var gardsbruka i Vestre Vikebygd og Valestrand nord som hadde flest tenestefolk. Det var også ein stor del av gardane i Vikseområdet som hadde tenestefolk. Dette kan verke underleg sidan det var flest små gardar på Vikse, men ei forklaring på dette kan vere at sjølv om gardsbruka var små på Vikse, så var mange av brukarane der sysselsette med anna enn berre jordbruk. For desse kunne arbeidet utanfor jordbruket vere like innbringande som jordbruket, slik at dei fekk råd til å tilsetje tenestefolk. Tabellen nedanfor viser at dette var tilfellet for Vikse. I dette området var nemleg heile 68 prosent av brukarane sysselsette i binæringar, i tillegg til jordbruket. Det same gjeld for området nord for Vikse, altså det området som strekk seg frå Mølstrevåg til Eltravåg. Her var 66 prosent av brukarane sysselsett med binæringar.


Det området som hadde færrast tenestefolk, var det området som er kalla Indre Sveio sør. Her var det berre sju av gardsbruka som hadde tenestefolk. Dei fleste av desse tenestegjorde på garden Kvalvåg, som ligg ved Ålfjorden. Indre Sveio sør er og det området kor færrast av brukarane var sysselsette innan binæringar. Berre to av 37 brukarar hadde ei binæring i tillegg til gardsdrifta. Det same gjeld for området som er kalla Indre Sveio nord. Her også var det berre to av brukarane som hadde ei binæring. Me ser at relativt mange av bruka i desse områda var mellomstore og store. Dermed dannar det seg eit bilete av dei indre områda av Sveio kor me ser at folk hadde relativt store gardar. Dei var avhengige av jordbruket, og den avkastinga jorda gav, medan dei som budde i dei ytre områda av Sveio hadde mindre gardsbruk, men hadde fleire bein å stå på for å kunne brødfø seg og familien sin.


Oppsummering

Dette var altså siste del av denne artikkelen som har teke for seg det gamle jordbrukssamfunnet i Sveio. Du har no fått sjå korleis gardsdrifta gjekk føre seg for 150 år sidan, og du har fått sjå at Sveio hadde ein stor klasse av fattige husmenn på denne tida. I tillegg har du fått eit innblikk i variasjonen mellom dei sjølveigande gardsbruka i Sveio, og du har fått sett at det var stor forskjell på dei minste og dei største gardsbruka. I vest var det flest små bruk, som i tillegg til jordbruket fekk inntekter frå ei binæring. I aust, og i dei indre delane av Sveio, var dei fleste bruka større, men her hadde dei fleste bøndene berre jordbruket å leve av. I neste artikkel skal me sjå nærare på husmannsklassen. Me skal prøve å finne ut kven denne store gruppa i det gamle bondesamfunnet var, og me skal prøve å finne ut korleis det var å leve som husmenn i Sveio for 150 år sidan.


Kjelder:


-Folketeljinga frå 1875

-Gards og ættesoge for Sveio, Simon Steinsbø

-Bygdelangs, Sigurd Tveit