Verdas ende i Valestrand

Del 3:


Verdas ende i Valestrand



Av Sverre Halleraker

Handelsstaden Valevåg i 1919. Her var det stor aktivitet med sildesalting, hummaroppkjøp, landhandel, bakeri, dampskipsanløp, telefonstasjon og postopneri. Då Journalisten frå Stavanger Aftenblad kom på besøk i 1911, var det bergensaren Thomas Angell Brown som eigde handelsstaden. Han hadde store eigedommar i Valevåg, og han var ein velståande og viktig mann i bygda. (Foto frå www.sveiokort.com.)

I Del 2 fekk me sjå Førdebygda gjennom journalisten sine auge, og me fekk vere med han på ein køyretur gjennom Valestrand. Journalisten sine hundre år gamle skildringar danna eit bilete av velstelte bygder, som var ramma inn av vakker og varierande natur. Reisebrevet slutta då journalisten svinga ned mot Valevåg. Me skal no få høyre kva som møtte han i Valevåg, på Einstabøvoll og på Tittelsnes. Det er liten tvil om at han blei imponert over mykje av det som møtte han i dette området heilt nord i Valestrand.


Konge eller keisar?

Reisebrevet startar slik: «Då me svinga inn på gardsplassen i Valevåg, køyrde me gjennom ein vakker allé, og eg spurde skysskaren: -Kven eig dette huset? –Gjestgjevaren! –Det huset der då? –Gjestgjevaren! Slik peika eg på fleire hus, og eg fekk alltid same svaret. Kven er då denne gjestgjevaren, er han konge eller keisar?


Litt seinare fekk eg høyre historia til denne vakre staden, og eg fekk høyre litt om historia til eigaren sine forgjengarar. Heilt fram til midten av 1800-tallet var det ganske nakent her rundt Valevågsbukta. Men «der leikade fisk» der nede i den lune vågen, og særleg gjekk vårsilda i tette stimar inn i vågen. Det hadde to jærbuar lagt merke til, nemleg Peter Gabriel Thime (f. 1822, Lye) og Ole Anda (f. 1827, Klepp.) Saman med ein Knudsen (Knud Knudson Grindheim, f. 1821) frå Moster bygde dei handelsstaden Valevåg. Det blei landhandel, sildesalteri, bakeri, gjestgjeveri, dampskipsanløp og meir til.


Fransk og engelsk opphav

Den noverande eigaren, Thomas Angell Brown (f. 1867 i Bergen), hadde hatt eigedommen i tolv år. Staden har berre fått fleire og fleire viktige funksjonar i seinare tid. No er det i tillegg til dei før nemnde funksjonane også postopneri, telefonstasjon, og ein allsidig handelsverksemd, både med fisk og andre varer. Endeleg har herr Brown også kasta seg over jordbruket. Han har kjøpt inn ny jord og dyrka betydelege vidder, og dessutan planta ein del skog.


-Kor kjem namnet Brown frå? spurde eg. –Den historia ville ha blitt lang, dersom eg skulle ha fortalt deg heile historia, svara Brown. Familien høyrde opphavleg heime i Frankrike, kor dei som hugenottar i si tid måtte flykte til England. Der tok dei namnet Brown. Ei grein av familien flytta til Noreg, og der busette dei seg i Bergen. Dei fleste i slekta har høyrd til embetsstanden, medan enkelte har vore ein del av borgarskapet og forretningsstanden i Bergen.


Skyssmannen min var pålitelegheita sjølv, men på eit område tok han grundig feil, og det var då han fortalde meg at det framleis var offentleg gjestgjeveri i Valevåg. Eg gjekk freidig rett inn i huset, fann eit soverom, og begynte å ta meg til rette, men heldigvis oppdaga eg misforståinga tidsnok til at eg fekk med meg tinga mine ut att, før husfrua (Jeobora, f. 1865 i Harstad) oppdaga mitt uforskamma inntog i huset hennar. Likevel fekk herr Brown og frua hans så sterk medkjensle med denne farande fanten, som stod der hjelpelaus og var utan husrom for natta, at dei baud meg både mat og husrom i deira hjertevarme heim.


Rovfiske og urettferdige reglar

Sidan me var i eit slikt fiskesentrum, var det ikkje anna enn naturleg at samtalane utover kvelden dreidde seg om forskjellige spørsmål vedkommande hummarfisket. -Kva meiner de som oppkjøpar av hummar om ei felles fredingstid for heile landet? spurde eg. –Det ville heilt klart vore det mest rettferdige. No er det slik at fisketida startar 1. desember i Søndre Bergenhus amt (Hordaland), medan fisketida i Stavanger amt (Rogaland) startar 1. januar. Dermed kjem fiskarane frå Stavanger amt hit 1. desember, og får såleis fiske ein heil månad lenger enn fiskarane frå vårt amt. Slikt kan jo ikkje vere rettferdig. Det blir også altfor mange fiskarar langs våre strender. Teinene står så godt som vegg i vegg på dei beste fiskeplassane.


Dessutan, meinte herr Brown, måtte det i lengda gå galt med hummarbestanden, når mesteparten av hummaren blir fiska opp allereie før han har fått forplante seg. Ho-hummaren burde vore freda gjennom heile sommaren. Dette må altså til, konkluderte Brown; felles fredingstid for heile landet, forbod mot fiske av hummar med utrogn, og dessutan ein regel om minstemål. Brown meinte at det no var altfor mykje rovfiske. I det lange løpet var det fiskarane sjølv som fekk svi for dette.


Eineståande i heile verda

Den mest originale bygningsmassen på Vestlandet, finn me faktisk på Einstabøvoll, nokre kilometer nord for Valevåg. Det var den tidlegare skipsførar Olsen (Ole Georg Olsen, 1788-1868, f. i København),far til nyleg avdøde skoleinspektør Olsen (Andreas Juel Olsen, f. 1829) i Stavanger, som rydda og bygde denne vakre og fasinerande garden. Garden ligg vakkert til oppunder Valesåto, som ragar ganske så høgt, og er dekka av lyng heilt til toppen. Alle husa på garden, bortsett frå det vesle enkle våningshuset, er bygd av skiferstein, herleg firkanta stein, to eller tre gonger så tjukk som vanleg takstein av skifer. Det blir sanneleg noko fornemt, fin-fint over bygningar av dette materialet, når veggane ikkje blir pussa med kalk.


Det mest spesielle med Einstabøvoll er likevel gjerdene. Dei er bygde av same materiale som uthusa, og dei er bygde med same nøyaktighet og omhug som desse. Steingjerda er om lag ein meter breie, og dei er sikkert eineståande i heile verda. Eg kunne rett og slett ikkje bli lei av å studere dei. Den temmeleg vidstrakte eigedommen er inndelt i pene hagar, inngjerda av dei flotte steingjerdene. Eg gjekk forbi ei grind i eit av gjerdene. Sidestokkane var fint tillaga stein på begge sider, i staden for grindstolpar. Øvst var sidestolpane bundne saman av ei steinblokk.


Garden eiges no av Knud Einstabøvoll (f. 1842 i Samnanger, ugift), som i sine yngre dagar var i Amerika. Der skal det visstnok ha gått han veldig godt, men han lengta heim til gamlelandet. Derfor kjøpte han denne herlege garden, som han har arbeida svært mykje med, og som no står fram som veldriven. Knud er fåmælt, og ikkje særleg glad for å måtta svare på alle spørsmåla eg bombarderte han med. Han blei i betre humør då eg tok tak i ljåen hans, og viste fram min dugleik som slåttekar.


Livet nede i sildestenget

Tittelsnes stikk så langt mot nord, at om ikkje nokre blå fjell var å sjå langt der framme, så ville eg ha trudd at eg var komen til verdas ende. Det er i alle fall ikkje muleg å kome tørrskodd lenger mot nord. Frå Bergensleia skjærer Sunnhordlandsfjorden seg inn her, og mot sør startar den lange Ålfjorden. Det var moro å sjå at furua voks heilt her ute på det ytste neset, her kor nordavinden ganske sikkert må få eit godt tak. Jordlaget på dei forblåste knausane var så tynt, at furua ikkje kunne vekse seg særleg stor.


Her ute på Tittelsnes finn me gardane Haugsgjerd, Gramshaug, Hauge og Eidsvåg. Etter å ha fått ein kvil hos Endre Haugsgjerd (f. 1871), fortsette eg ned til sjøen i Eidsvågsbukta. Der møtte eg på eit notlag. Dei hyggelege karane gav meg anledning til å kikke ned i sildestenget dei nettopp hadde fanga i nota. Det var fin skjeresild i eit kvantum av 1000 skjepper. Den som kunne tatt eit bilete av livet der nede i sildestenget! Eg måtte nøye meg med å stirre ned på ryggen til dei millionar av sild, som stima fram og tilbake innanfor notveggen. Endre Haugsgjerd var så vennleg å segle meg over fjorden til Utjoa. Det var ein luftig seilas i den friske sommarvinden. På Utbjoa møtte eg kjende, og eg hadde to herlege dagar saman med dei.»


Journalisten ville sjå meir av Sveio

Journalisten reiste no tilbake til Stavanger, full av inntrykk og opplevingar, etter ei lang reise gjennom store deler av Sveio. Etter å ha snakka med folk på reisa, forstod han likevel at det var viktige og spennande stader i Sveio han ikkje hadde fått besøke på reisa. Derfor bestemte han seg for å reise tilbake til Sveio, for å lage fleire reisebrev. Det skulle likevel gå tre år før han kom tilbake til Sveio, men våren 1914 var han på plass igjen. Denne gongen starta han reisa på Søre Våge, altså heilt sør ved fylkesgrensa.I dei fire siste reisebreva skal du få vere med journalisten på denne reisa, og du skal få ta del i nye inntrykk og skildringar frå Sveiobygdene for hundre år sidan. Det var mykje interessant og spennande journalisten fekk sjå på denne reisa og.


Einstadbøvoll gard med sine karakteristiske steinmurar.