Ulykka som ingen kan gløyme

Del 6:


Ulykka som ingen kan gløyme



Av Sverre Halleraker

«DS Thor», som gjekk ned ved Lyngholmen tidleg om morgonen 1. mars 1906. «DS Thor» blei brukt til å ise ned sild under vårsildfisket. Skipet var eigd av skipsreiar H. O. Sundfør i Haugesund. (Foto av maleri på Karmsund folkemuseum.)

Minnesteinen som er reist til minne om forliset og dei som mista livet der. På den øvste minneplata er «DS Thor» avbilda. På den nedste minneplata finn me namn og alder på dei omkomne. Dei fleste er unge menn frå vårt distrikt. Minnesteinen blei reist i 2006, i samband med at det då var hundre år sidan ulykka. Rett over minnestøtta er det god utsikt både mot ulykkesstaden, og mot staden kor skipet gjekk ned. «DS Thor» har aldri blitt heva, og ligg relativt grunt. Det er framleis restar etter skipet på botnen.

(Foto: Sverre Halleraker)

Innleiing

Del 5 av reisebreva handla om Mølstrevåg og den energiske handelsmannen der. Me skal no flytte oss eit lite stykke nordover, og reise over Vandaskog, og så til Lyngholm, før turen går vidare til Eltravåg. Det meste av dette reisebrevet vil dreie seg om det dramatiske og tragiske skipsforliset som fann stad på Lyngholmen i 1906. Denne ulykka sette djupe spor i folk som budde her. Journalisten frå Stavanger Aftenblad måtte ta beina fatt mellom Mølstre og Lyngholm. Han var ganske overraska over at det enno ikkje var skikkeleg veg i dette området.


Ikkje idyllisk på nokon som helst måte

Journalisten sine skildringar startar slik: «Me tek av vegen ved garden Vandaskog. Denne garden ligg tett ved ei torvmyr, og i utkanten av myra står eit skulehus (gamle Vandaskog skule). Eg kan ikkje akkurat gi ros til plasseringa av dette skulehuset. Staden kor huset står er ikkje idyllisk på nokon som helst måte, og vintersdagen må det vere svært vanskeleg å kome seg hit, og då særleg for barna. Mange av dei må gå heilt frå Lyngholmen. Eg er redd for at mange barn på denne skulen ofte må sitje med våte og kalde føter. Staden kunne blitt ganske tiltalande dersom det berre hadde vore litt skog her. Er litt treplanting for mykje å forlange? Er ikkje barneflokken så mykje verd, at dei fortener å få det litt tiltalande og triveleg rundt seg? Me reiser vidare i vestleg retning, og ut mot havet. Neste gard me passerer er Rødmyr. Brukarane her bur oppetter knausane rundt ei riktig vakker, men berre halvvegs oppdyrka myr.


Garden Lyngholm ligg aldeles ikkje på ein holme, men oppe på ein bakketopp, eller rettare sagt ein skrent ut mot Sletta. Garden har ein vid utsikt vestover mot Bømlo og Stord, og mot nordaust kan dei sjå heilt til enden av Sveio, og enda lenger. Det er ikkje så mange brukarar på Lyngholm, og med tanke på korleis dei har bygd, så har dei halde god avstand til kvarandre langs bakkekammen. Sjøen har dei alle like ved, og nedanfor seg har dei holmen som har gjeve garden namnet.


Minnet vil neppe døy

Kva eg ville her ute? Jo, Lyngholmen høyrer til Sveio sine gamle hamner, og dette er ein gammal og god fiskestad. Dessutan er det knyta eit minne til denne staden som hadde ei sterk tiltrekking mot meg. Havet blir ofte kalla for den store kyrkjegarden, og for partiet mellom to av holmane her ute, kjem dette uttrykket særleg til sin rett. Dette området kan i aller høgste grad kallast ein gravplass. Det var her 38 mann gjekk ned med dampskipet «DS Thor» tidleg om morgonen den 1. mars 1906. Dette minnet vil neppe døy så lenge det bur folk på Lyngholmen, fordi folk på land var augevitne til ulykka. Historia om forliset blir fortald frå far til son, og frå mor til dotter, og den grufulle hendinga vil aldri bli gløymd.


Like ved fastlandet ligg ein ganske stor holme (Storholmen). I ly for denne holmen låg «Thor» og eit par andre dampskip fortøyde for natta, då det forferdelege uvêret starta. Fortøyingane rauk, og skipa kom i drift i uvêret. Dei to andre skipa hadde motorane i gong, og greidde å kome seg over til trygg hamn på andre sida av Bømlafjorden. «Thor» hadde og motorane i gong, men ein ankerkjetting hadde vikla seg rundt propellen, så skipet blei drivande hjelpelaust austover, eller rettare sagt mot ein flat holme (Ternholmen) som berre ligg eit steinkast frå land. Likevel var det heilt umuleg å kome seg ut til holmen for å berge skipet. Stormen var så kraftig at bølgjene nesten gjekk over holmen. Hadde «Thor» drive inn i det smale sundet mellom holmen og land, ville alt ha gått bra, men skipet dreiv slik at akterenden hogg mot den vestlege pynten av holmen. Dermed var han ferdig.


Redselsfulle og hjarteskjerande skrik

Tre mann av dei 41 som var om bord hoppa i sjøen og dreiv inn i sundet. Desse blei berga lenger inne mot land, der sjøen var rolegare. (Ein av dei døydde etter at han var berga i land.) Dei 38 andre som var om bord, blei med skipet austover og nordover, mellom dei to holmane. (Ternholmen og Instøya.) Der kunne tilskodarane på land sjå at mange av dei som var om bord klatra oppover i riggen, etter kvart som skipet sank djupare og djupare i sjøen. Omtrent midt mellom dei to holmane gjekk «Thor» til botnars. På land kunne ein høyre redselsfulle og hjarteskjerande skrik, men så blei alt stille. Heilt stille. Alt var borte, som om det aldri hadde vore. Ei knugande og lammande sorg la seg over augevitna, og dei kunne aldri greie å gløyme kva dei hadde sett.


Eg fekk båtskyss nordover til Eltravåg, og me rodde forbi ulykkesstaden. Det kjendes som om me flaut over ein stor kyrkjegard. I dag var sjøen i godlag, vennleg og mildt vogga han oss på sine dønningar. Kven skulle i dag tru at han nokon gong kunne opptre som den redselens konge som han var den 1. mars 1906.


Litt av eit steinrike

Me gleid no sakte innover mot Eltravåg. Han som kjem seg inn i denne lange og smale bukta, han har funne ei god hamn. Men området rundt er litt av eit steinrike. Det må ha vore her denne dansken hadde hamna då han uttalte: «Hvor finder man i Norge jord til at begrave sine døde?» Men bak dei golde strendene er det også her små åsar, og det bur ikkje så reint lite folk her ute. Eit pent og rasjonelt drive jordbruk, med fine og tidsmessige bygningar, fekk eg også sjå her rundt Eltravåg. Landhandlar Peder Hansen dreiv i tillegg til handelen faren sin gard på vestsida av sundet. Her stod dei planta trea frodige og fine. Det var godt å sjå at ein ikkje over heile Sveio fornekta dei gamle ærerike tradisjonane dei hadde som skogsbygd. Som eg har vore inne på i tidlegare brev, så er det ikkje så mange her i Sveio som vil jobbe for å gjere bygda om til ei skogsbygd, sjølv om dette ville gjort bygda så mykje vakrare og trivelegare. Tenk om me kunne fått sjå frodige tre stå overalt kor plogen ikkje kunne gå?


Her i Eltravåg finn me ein naturressurs folk i bygda tydelegvis ikkje kjenner den praktiske verdien av. Her finn me nemleg eit vatn med eit godt vassfall. Dei kunne sanneleg ordna seg mykje hjelp og lette i livsvilkåra, dersom dei hadde gått saman og i fellesskap utnytta vasskrafta frå vassfallet. Vilkåra for å få regulert eit slik vassfall er no så gunstige, at sjølv for ein lekmann som meg, er det klinkande klart at ein her på ein billeg måte kunne ha skaffa seg ei god lys- og kraftkjelde. Her kan det nemnast at ein sakkyndig vurdering av økonomien i prosjektet kan skaffast gratis gjennom amtskontoret.


Over stokk og stein, myr og sump

Eltravåg var ein triveleg stad, og eg kunne ønske meg å bu her i dagevis, men det leid mot kveld, og eg skulle heilt til Førde, eller helst heilt til Vikevik, før eg skulle slå meg til ro for natta. Derfor bar det i veg innover mot Sveio, eller rettare sagt, ikkje i veg, men over stokk og stein, og over myr og sump, for veg var det ikkje mellom Eltravåg og Sveio heller.»


Turen nærmar seg no slutten, og i neste del kan du lese det siste av reisebreva frå Sveio. Det meste av det siste reisebrevet vil dreie seg om turen mellom Sveio og Førde, eller rettare sagt, samtalane journalisten hadde med ei ung jente på denne turen. Ho kunne meir, og hadde dessutan innsikt i mykje meir, enn det journalisten hadde venta av ei ung jente frå landsbygda. 


Det var her ved den vestre pynten av Ternholmen (skjeret midt i biletet) at «DS Thor» sin akterende hogg i land. Skipet var fortøyd like vest for ulykkesstaden då det skrekkelege uvêret starta. Stormen reiv sundt ankerfesta, og skipet fekk ein ankerkjetting i propellen. Dermed dreiv «Thor» raskt mot holmen, og samanstøyten laga eit stort hol i skroget. Deretter tok sjøen skipet med seg eit stykke mot Instøya (til venstre i biletet), i nordaustleg retning. Omtrent midt mellom Ternholmen og Instøya gjekk «Thor» ned. Over 200 tilskodarar stod på land og var hjelpelause tilskodarar til tragedien. Det var rett og slett ikkje mogleg å kome seg ut til skipet for å berge folk i uvêret. Fleire hundre fiskarar var samla på Lyngholm denne natta, og dei hadde store mengder sild i steng, som skulle ausast opp i dampskipa og isast ned dagen etter. På «Thor» hadde dei allereie isa ned 400 kassar sild. Om bord på «DS Thor» var eit mannskap på 12, og dessutan 29 sildearbeidarar. Berre ein av mannskapet og ein sildearbeidar overlevde forliset. Dei hadde hoppa i sjøen og svømt til land. (Foto: Sverre Halleraker)