Tungsinn, torvmyr, og lite tiltak

Del 1:


Torvmyr, tungsinn, og lite tiltak



Av Sverre Halleraker

Overskrifta og innleiinga til første del av reiseskildringa frå Sveio. Den stod på trykk i Stavanger Aftenblad 21. juli 1911. Reiseskildringa startar med denne setninga: «Hold det ikke som afgjort paa forhaand, at dette blir kjedelig.» Reisa blei definitivt ikkje kjedeleg, og det blei heller ikkje reisebreva.

Innleiing

Den geografiske avstanden mellom Stavanger og Sveio er ikkje så stor, men for hundre år sidan kunne livet på landsbygda i Sveio virke både framandt og eksotisk for urbane byfolk frå storbyen Stavanger. Ja, så eksotisk var faktisk livet på landsbygda i Sveio, at Stavanger Aftenblad sendte ein journalist ut på ei antropologisk reise gjennom Sveio sommaren 1911. Han greidde ikkje å rekke over heile Sveiohalvøya i 1911, så han kom tilbake tre år seinare. Medan journalisten reiste rundt i Sveio, skreiv han ned inntrykka og opplevingane han sat att med. I reisebreva, som kom på trykk i seks ulike utgåver av Stavanger Aftenblad, får me ta del i detaljerte og levande skildringar av både landskap og folk som levde i Sveio-bygdene. Ei slik skildring, gjort av ein utanforståande journalist på reise i Sveio, gir oss eit usedvanleg interessant og levande innblikk i levemåte og daglegliv i Sveio-bygdene for 100 år sidan.


Du skal no få vere med på denne spennande reisa gjennom Sveio, vel hundre år tilbake i tid. Første del av reiseskildringane kan du lese her, medan du kan lese resten i artiklane som kjem etter denne. For at skildringa skal bli mest muleg korrekt og autentisk, vil eg i størst muleg grad presentere skildringa med journalisten sine eigne ord. For at reiseskildringa skal vere lett å lese for deg, har eg prøvd å gjengi skildringa med eit moderne språk. Journalisten frå Stavanger var ærleg og rett fram når han skildra møtet med bygdene i Sveio. For det meste var han positiv til det som møtte han, men som reisebreva vil avsløre, så var han ikkje like imponert over alt og alle han møtte. Sidan dette er såpass langt tilbake i tid, tek eg sjansen på å bruke namn på både personar og gardar, utan å bruke nokon form for sensur eller anonymisering.


Gjennom ein framand sine briller

Journalisten, som eg ikkje har lukkast å finne namnet på, starta reisa si i Haraldseidvågen på Skjoldsida av Ålfjorden. Derifrå reiste han med motorbåt til Våga. Dette var ei stund før bilen gjorde sitt inntog i Sveio, så journalisten fekk reise med hest og karjol gjennom Sveio, og reisa gjekk i stor grad føre seg på dei gamle bygdevegane som var både smale, svingete og bratte.


Allereie i innleiinga til det første reisebrevet, får me eit lite hint om kva journalisten meinte om utvikling og modernisering, eller rettare sagt mangelen på utvikling og modernisering i Sveiobygdene: «Sveibuen burde heller ikkje ha noko imot å få sjå kva for eit inntrykk ein framand har av bygda deira. Det kunne vore nyttig for Sveio-folket om dei rett ofte fekk sjå korleis tilhøva var i kommunen deira, gjennom ein framand sine briller, og såleis gjennom offentlege skriv fekk anledning til å samanlikne seg med andre.»


Då journalisten var komen til Våga, blei han sett i land der. No kunne hans spennande oppdagingsferd gjennom Sveio starte. Det var allereie langt på kveld, så det var på tide å skaffe seg husrom for natta, og han skriv: «Eg var så heldig å få følgje av to vakre og vennlege jenter frå Våga, men då eg spurde om å få husrom i deira heim for natta, stussa dei fælt. Dei tenkte sikkert at det ikkje freista så mykje å huse ein slik framand landstrykar, han kunne vere både lusete og loppete. Eg prøvde då å mane fram for dei kor redselsfullt det ville bli med ei natt under open himmel. Og sjå, deira hjerter mjukna opp. Dei spurde kvarandre: Ville mor gjeve han husrom? Og svaret blei ja. Ikkje sant: Det er utan tvil ei god rettleiing for ei ung jente å spørje: Kva ville mor ha råda oss til? Eg fekk den største stova i huset til soverom på det vakre Våga, som ligg fint i ei skråning, og med utsikt ned mot ein fjordarm i den indre delen av Ålfjorden, kor det er vid utsikt austover mot dei blå fjella i nordre Skjold og Vikebygd. Eg hadde no gjort min innkomst til Sveio på Våga, og det var ein god plass å starte reisa.


Våga ein gong i slutten av 1930-åra. Det var her journalisten frå Stavanger Aftenblad starta reisa si gjennom Sveio sommaren 1911. Her møtte han 16 år gamle Berdines Våga. Det var Berdines som gav han hesteskyss gjennom den første etappen av reisa, som gjekk frå Våga, via Sveio, og til Tjernagel.

Rasande på alle framande, særleg mannfolk

Neste morgon drog eg med Berdines (Berdines Våga, f. 1895) som vegvisar og skyssmann vidare på mi store oppdagingsreise. Det bar vestover mot Sveio kyrkje, men med ein heil del avbrytingar, for Berdines hadde så mykje å vise meg. –Her er garden Mækeland, kva synes du om den? spurde Berdines. –Jo, ganske fin, mykje finare enn namnet. Det var til og med litt lauvskog rundt heimebøen.


-Her er Lie. I vegkrysset like før passerte me eit bedehus som var under oppføring. På Lie er det den store lags-oksen som er hovudattraksjonen. Oksen står hos Torbjørn Lie. Han er sjømann, men kona (Anna Lie) greier tydelegvis å ta hand om både oksen og det vakre gardsbruket, som var eit av dei mest velstelte gardsbruka eg såg i heile Sveio. Vakre hus, ein fin hage, og tjukk graseng. Lags-oksen var starten på det store fellesvirket som ein berre så vidt hadde sett starten på. Eg måtte sjølvsagt sjå oksen. Jo, han var vakker, ein merkeleg fyr forresten. Medan han let seg behandle som den godslegaste sau av husmora, var han rasande på alle framande, særleg mannfolk. Og han skapte seg så gal medan me var inne i det velstelte fjøset, at eg fann ut det var lurast å forsvinne så snart som muleg. Sjølv etter at me var komne ut av fjøset, akkompagnerte han skildringane av sine eigenskaper som avlsdyr med kraftige brøl.


Ropar på litt tiltakslyst

På Bjelland fekk eg sjå enda fleire interessante ting, men ute i det fri. Sjølve garden ligg i ei bakkehelling mot sør, og der er det fire eller fem brukarar, og fleire av dei har hatt eit stridt arbeid med oppdyrkinga av jorda si. Det som ein legg merke til med denne garden, og dei fleste andre gardane eg såg i Sveio, er kor mange ulike åkrar det var på kvart bruk. Etter gammal skikk skal det vere få. Men det som trakk til seg mi merksemd og udelte beundring, var Tjødnamyra, som ligg like ved heimebøen, ei beint fram delikat myr, og så lett å tørrlegge. Ho ligg der utanfor vindaugo og berre ropar på litt tiltakslyst og litt samvirke.


Det same sa han Olai Bjelland. Fagfolk hadde sett på denne herlege eigedomen, kor så store verdiar kunne skapast, og alle hadde sagt at det ville ha kosta lite å dyrke myra opp. Og tenk, i sist utskifting er det slått fast at kven som helst av partseigarane kan forlange arbeidet gjennomført! Men ikkje nok med denne myra, sa Olai, når me kjem litt lenger vest, vil me sjå ei anna og mykje større myrstrekning. Denne ligg tett ved vegen og er omtrent ferdig til å setje plogen i. Ingen rører på seg. Ingen tør vere den første. Ein har god råd i Sveio, ser du, eller kanskje rettare sagt; havet kallar. Der ute kan ein med eit lykketreff raskare få ein gevinst.


Nakne lyngheier og myrer. Me ser ei av dei mange store myrene i Sveio, nemleg Rundesteinsmyra i Kvalvåg si utmark. Etter journalisten si meining var det nesten ufatteleg at bøndene i Sveio ikkje gjorde meir for å dyrke opp fleire av myrene for å skaffe seg meir jordbruksland.

(Foto: Sverre Halleraker)

Kva gjer så ungdommen om søndagskveldane?

Eg spurde ein ung mann i Sveio om kva foreiningar og lag det var i soknet. Han kjende ikkje til nokon, utanom misjonsforeiningane. Altså ikkje ungdomslag, ikkje ein gong eit fråhaldslag? Svaret var nei, men seinare fekk eg vite at det visstnok skulle vere eit fråhaldslag i Mølstrevåg. Kva gjer så ungdommen om søndagskveldane? spurde eg. –Ingenting, eller me går på bibelsamling ein og annan gong. Det må altså vere litt stusseleg for ungdommen i Sveio. Ein av lærarane i bygda (Sigve Dommersnes) prøvde å forklare meg kvifor det ikkje var starta noko ungdomslag i Sveio. Han sa at ingen våga å starte, fordi dei kjende seg sikre på at det ville bli motarbeida og fordømd av dei gammaldagse haldningane som rådde i bygda.


Eg måtte kome meg vidare på reisa, og no følgde eg den gamle bygdevegen som gjekk nordover (Tjernagelvegen). Denne vegen er svært gammaldags med bakkar opp og bakkar ned, ustoppeleg. Bratte bakkar, store bakkar, og små bakkar. Vegen hadde føya seg heilt etter det kupperte terrenget, og svinga seg aldri utanom ein haug, men var dristig lagt rett fram og opp til toppen av haugen. Det var få og små gardar langs vegen, men desto meir av lyngheier. Ikkje så fine å sjå til, men dei gøymer uhyre framtidsverdiar i si gode dyrkingsjord. Når folk ein gong blir klar over kva for ressursar dei har her i desse lyngvidder og markstrekningar, når nokre modige maurar ein gong tek fatt her, så kjem ein til å sjå ein så stor endring, at det kjem til å bli som eit vakkert eventyr.


Berre elskverdige folk

Det er noko særeige med gardane i dette området. Så godt som alle ligg nemleg oppunder høge haugar, ja dei kan dels kallast nutar. Der oppe var det vel godt i den gamle tida, kor det både gjaldt å kunne sjå fienden nærme seg, og dessutan ha ein god forsvarsstilling. Der oppe passa det vel best å rydde i den tida kor grøfting var eit ukjent fenomen i landbruket, men i våre dagar må det vel vere lite hensiktsmessig og tungvindt å bu så høgt opp i bakkane. Det er så trist og stygt langs den gamle bygdevegen, seien dei reisande. Eg seier: Her kan bli så ubegripeleg vakkert. Sveibuen kan med rette bruke songaren sitt uttrykk og stemme i: «Du er fremtidens land». Ute på sjøen kan ein av og til få ein god jobb, men desse jobbane veger ikkje opp for tapet eit forsømt jordbruk gir.


Ein av dei vakraste gardane me køyrde forbi, var Nordskog, som ligg ved foten av ein nut, eller rettare sagt oppover langs bjørkelia på sørsida av nuten. Her, som overalt i Sveio, trefte eg berre på elskverdige folk. Spesielt var det av stor interesse for meg å få helse på det gamle ekteparet Johannes og Sisilla Nordskog. Dei hadde vore gifte i 58 år. Han var 86 og ho var 85 år gammal. Begge var enno ganske så spreke og raske, og begge var heilt klåre i tanken. Johannes hadde i sine yngre dagar vore tilsynsmann då bygdevegen her blei laga. Det var lensmannen i Finnås som var anleggsleiar. Om vegen no er blitt avleggs, så skal me hugse at han er over femti år gammal, og bygd av soknet sine eigne folk, utan den minste støtte frå stat og fylke. Det gamle ekteparet har hatt 16 barn, og ti av dei lever enno. Johannes har i si tid vore blant dei leiande menn i kommunen, og han sat i kommunestyret i mange år.


Sveio sentrum 1909. Journalisten likte Sveiogarden, og han skreiv at det var ei sann glede å endeleg få sjå eit stykke samanhengande eng i ein ganske bra forfatning. Elles så merka han seg det opne og nakne landskapet som prega Sveio for hundre år sidan.

Ein glad barneflokk

Eg skulle gjerne ha vore lenge på Nordskog, men Berdines ventar, og eg må vidare. Då me var komne forbi eit vegkryss, støtte me på eit riktig vakkert skulehus, med ein god leikeplass utanfor. No er det slik at eit skulehus alltid verkar som ein vennleg helsing på meg, og dette skulehuset var særs lyst og pent halde. Og aller kjekkast er det å treffe på eit skulehus når ein glad barneflokk leikar utanfor, eller når eg høyrer deira friske song frå benkane. Det var Bua krins skulehus, og den eldste klassen her, eg reiste forbi. Herr Lie (Thomas Wegener Li, f. 1882) frå Fister er lærar her.


Kort tid etter at me passerer dette skulehuset, endrar naturen seg plutseleg. Terrenget blir meir flatt, og me nærmar oss Tjernagel, som har både dampskipsanløp, postopneri og to handelsmenn, Mathiassen (Lars Mathiasen, f. 1869 i Amsterdam) og Enerstvedt (Jakob Andreas Enerstvedt, f. 1880). Enerstvedt er også dampskipsekspeditør og postopnar. I hans vennlege heim fekk eg kvile, og så bar det vidare med båtskyss, mot nordaust, og over til Økland. Eit pent veganlegg er her under bygging. Ein veg som skal binde gardane her ute ved Førdefjorden sin munning saman med kystbygdene i Sveio kommune. Det er berre eit kort stykke å gå mellom Øklandsnes på vestsida og Eikeland på austsida av denne halvøya. På Eikeland fekk eg båtskyss, og eg kom fram til vakre Førde i passe tid til å ta kvelden der.»


Meir i Del 2

Dette var første del av den antropologiske reisa me får vere med på gjennom Sveio for hundre år sidan. Me har fått eit innblikk i korleis det såg ut i dei bygdene journalisten reiste gjennom, og me har fått vite kva han syntes om dei stadene han besøkte. Me sit vel att med mange inntrykk etter å ha følgd han på reisa, men me kan vel slå fast at han ikkje var så imponert over utviklinga og moderniseringa av jordbruket i Sveio. Skildringane hans føyer seg inn i rekka av fleire tilsvarande skildringar eg har lese, så det er vel berre å slå fast at det tok si tid før den moderne tida for alvor gjorde sitt inntog i Sveiobygdene.


I neste del skal me få sjå Førdebygda gjennom journalisten sine auge, og me skal få vere med han på reisa nordover gjennom Valestrand. Stod det betre til her nord enn det gjorde i den sørlege delen av Sveio?