Strøsukker på Søre Våge

Del 4:


Strøsukker på Søre Våge



Av Sverre Halleraker

Nordre vågen av Viksefjorden. Då journalisten frå Stavanger Aftenblad reiste forbi i 1914, var det vakre og velstelte gardsbruk han møtte på her. Biletet er teke tidleg på 1900-talet, og lengst framme ser me det gamle skulehuset på Vikse. (Foto frå www.sveiokort.com)

Innleiing

I dei tre første delane av denne reiseskildringa fekk me vere med ein journalist frå Stavanger Aftenblad på ei spennande reise gjennom bygdene i Sveio. Me fekk eit innblikk i korleis livet var i Sveiobygdene for over hundre år sidan. I reisebreva som stod på trykk i Stavanger Aftenblad sommaren 1911, fekk me levande og detaljerte skildringar frå journalisten sine mange inntrykk. Etter å reist frå Våga i søraust, via Sveio til Tjernagel, og vidare til Førde, før turen gjekk nordover til Valevåg og Tittelsnes, ville journalisten sjå meir av Sveio. På reisa hadde han mange gonger fått høyre at det var interessante ting å sjå på vestsida av Sveio. Derfor bestemte han seg for å reise tilbake til Sveio, og for å skrive fleire reisebrev til avisa.


Det skulle gå ei stund før han på ny reiste til Sveio, men snaue tre år seinare var han tilbake. I midten av mai 1914 la han kursen nordover mot Sveio. No starta han turen i Haugesund. Denne reisa resulterte i to lange reisebrev som kom på trykk i Stavanger Aftenblad 27. mai og 5. juni. Du skal no, og i dei tre neste utgåvene av Vestavind, få ta del i journalisten sine opplevingar frå den spennande og innhaldsrike reisa. På same måte som reisebreva du har lese i Vestavind tidlegare, så vil skildringane i størst mogleg grad bli gjengjevne med journalisten sine eigne ord, men eg har skrive det om med eit meir moderne språk.


Eit slags kaos sett i system

Det første reisebrevet i Stavanger Aftenblad starta slik: «Frå Haugesund drog eg nordover langs hovudvegen gjennom Skåre, og me køyrde berre åtte kilometer før me nådde den første garden i Sveio, nemleg Søre Våge. Her køyrer me forbi ei rekke fine gardsbruk, kor engene allereie står med fleire tommar høgt og tett gras. Jorda her får litt tilbake frå Haugesund, i form av gjødsel, av den næringa ho stadig leverer til storetarane ved Karmsundet. Lenger nord blir engene magrare, og jorda blir sultefôra på næringsstoff. Dette fører igjen til at husdyra også må klare seg med mager kost. Kyr og hestar var allereie jaga ut i utmarka, og her var ikkje anna å fylle magen med enn den harde lyngen. Kyrne stod helst ved grinda og sendte sorgfulle lengtande blikk mot heimebøen og fjøset. Der var det i det miste litt varme å få i den kjølige maidagen.


Naturen her minner forresten om Jæren, sidan det her er store lyngvidder, men terrenget er likevel ganske forskjellig. På Jæren finn me ganske flate strekningar, eller låge åsryggar med slakke dalar mellom, eit bølgjeforma terreng med mjuke linjer og ei viss ro over seg. Her i Sveio finn me ikkje høgdedrag eller små dalar, her er det berre humpar og haugar med små gryter mellom. Det er eit slags kaos sett i system. Dei små mellomromma mellom haugane og knausane består dels av sumpar, dels av torvmyrer, og dels av små tjern.


Fiskeri og jobb i Amerika

Direkte tiltalande er dette landskapet ikkje, det må eg innrømme, men i desse små kløfter og gryter mellom bergknausane har eit strevsamt folk rydda seg eit lite jordbruk og bygd seg ein liten heim. Mange av desse gardsbruka ligg så gøymd i dei små dalsøkka, at ein kunne gjeve dei gratis til ein bymann, om han berre kunne ha funne dei. Men etter at hovudvegen er lagt gjennom bygda, er vel dei fleste gardsbruka omsider blitt oppdaga.


Dei fleste driv med fiskeri ved sida av gardsbruket sitt. I alle fall er storparten av vaksne mannfolk på fiske om vinteren. Svært mange deltek også i makrellfisket både om sommaren og om hausten. Mange tek seg ein tur til Amerika på nokre år for å tene pengar nok til å bli kvitt gjelda dei har på det vesle gardsbruket sitt. Nokre oppnår så gode stillingar der borte, at dei berre kjem heim på besøk til familien sin ein og annan gong. I halve eller heile mannsaldrar held somme dette ut. Kone og barn steller og strevar heime, medan mannen nærast slavar der borte. Familiane får berre vere saman nokre veker kvart anna eller tredje år.


Til Sveio for å få sukker på brødet

Eg tok inn på Søre Våge hos ein mann som nyleg hadde kome heim frå eit fleire år langt opphald i Amerika. Han var blitt lei av å slave hos framande, medan han forsømte sitt eige jordbruk heime. Det såg ut til at han hadde fått elsk til si eiga jord. Dei vassjuke myrene på heimebøen hadde han begynt å tørrlegge. Han prøvde i det heile å drive sitt jordbruk på ein rasjonell og lønsam måte. I hans vesle og koselege heim fekk eg både kaffi og mat. Og eg fekk ikkje berre smør på rosinbrødet, men oppå smøret var det strødd eit passe tjukt lag med strøsukker. Eg kom til å tenke på at eg hadde vore gift i 30 år, og ikkje ein einaste, nei ikkje ein einaste gong hadde kona mi strødd sukker på brødskivene mine! At ein må reise heilt til Sveio for å få litt sukker på maten!


-Kva heiter dette store vatnet? spurde eg skysskaren på veg nordover frå Søre Våge. –Det er jo sjøen, mann. Den søre del av Sørevågen. Bukta som går mot nord, og som me seinare kjem til, kallast Norevågen. Du ser den smale renna der vest, den er utløpet til havet. Renna kallast Smørsundet. Ho er djup og brei nok for båtar og skøyter. Når Sletta rasar på det villaste der utanfor, er han berga, han som kan smette inn gjennom Smørsundet. Gardane rundt Norevågen (Våge og Vikse) låg vakkert rundt botnen av bukta. Det var noko vennleg og lyst både over naturen og over bygningane. For ein stor del er det nok pengar som var tena i Amerika som har sett folk i stand til å byggje og bu så komfortabelt og godt som dei gjorde her.


Bar plantene heim i sine lommer

Vegen gjer enda fleire svingar langs nye bergknattar, før me brått er på garden Mølstre sin grunn. Han som berre ser og kjenner Mølstrevåg frå dekket på rutebåten, kan lett kome til å tru at Mølstrevåg og Mølstre berre omfattar dei to-tre husa ein kan sjå nærast kaien. Nei, Mølstre er ein stor gard med mange gardsbruk, og dei vakraste partia er skjult bak bergknausane. Når ein kjem landevegen, blir ein svært overraska over å møte på ein vakker skoglund, og over å få køyre gjennom pent beplanta terreng her heilt ute med havet. Her ventar ein ikkje å finne anna enn nakne bergskoltar. Ein bratt bergås lunar heimebøen godt mot nordavinden, og opp langs bergskråninga finn me tett småskog. Nede ved foten ruvar store allétre og frukttre.


Folk forklarte meg at det var mor (Gurine, f. 1830 i Hoven, Mandal) til direktør Simonsen (Simon Simonsen Mølstre, f. 1855) i Stavanger dampskipsselskap som hadde planta desse trea. Ho bar dei heim til garden i sine lommer, fortalde ein av gardbrukarane her. Den vakre skoglunden står der som eit vitnesbyrd om ho som ikkje er her lenger, og om hennar kjærleik til naturen. Samstundes er denne skogen eit døme på kva som kan utrettast og vinnast av varig verdi, av små middel, når ein tek fatt på treplanting. Direktøren går forresten i foreldra sine fotspor. Saman med direktør Simonsen i Odda, som også eig eit gardsbruk her i Mølstrevåg, har han planta nåleskog på eit betydeleg areal av utmarka. Berre dette året har desse to herrane planta cirka 30 000 tre. Enkelte andre har følgt deira eksempel, og starta skogplanting i desse traktene.


Mølstrevåg i sikte

Med skogplantinga vil det i Sveio atter bli som det var her ein gong for lenge sidan. Kvar einaste av dei uteljelege myrene ber tydeleg vitnesbyrd om at veldig skog har ruva i desse traktene. Dei store røtene ligg enno tett under jordskorpa, eller på botnen av små tjern. Av og til finn ein også lange trestammar når brenntorva blir spadd opp av myra. No har me kome forbi både Simonsen og dei næraste naboane hans sine hus, og me er kome opp på bakketoppen. Herifrå har me utsikt ut mot innseilinga til Mølstrevåg, og dessutan har me utsikt eit godt stykke utover Sletta.»

Journalisten var no på veg til handelsmannen i Mølstrevåg. Her skulle han overnatte. Neste veke skal du få vere med på dette besøket, og då skal du få høyre mykje spennande historie frå Mølstrevåg. Etter å ha vore i Mølstrevåg, reiste journalisten mot Lyngholm. Der fekk han høyre om dramatiske og tragiske scener som hadde utspela seg nokre år tidlegare.


Skjellevik (br.nr. 1, Nordre Mølstre) var eit av dei vakre gardsbruka som ligg langs vegen til Mølstrevåg. I dette området var mange av gardsbruka eigde folk i høge stillingar; direktørar, kapteinar og handelsfolk. Dette var menn som stamma frå Mølstre, men som ikkje lenger budde her fast. Mange av dei pakta vekk gardsbruka sine. Journalisten var særleg begeistra for skogen og tuntrea dei hadde planta i dette området. (Foto frå www.sveiokort.com)