Mangfaldige Mathiesen i Mølstrevåg

Del 5:


Mangfaldige Mathiesen i Mølstrevåg



Av Sverre Halleraker

Husa ved handelsstaden og gjestgjeveriet i Mølstrevåg i 1908. Her overnatta journalisten frå Stavanger Aftenblad, og medan han var her fekk han høyre mykje av den interessante historia til staden. (Foto frå www.sveiokort.com.)

Innleiing

Året er 1914, og journalisten frå Stavanger Aftenblad har vendt tilbake til Sveio. Sist veke var me med han til Søre Våge og Vikse, og me følgde han på turen til Mølstrevåg. No var han komen fram til handelsmannen og gjestgjevaren i Mølstrevåg. Her skulle han overnatte. Journalisten forstod raskt at det var ein tradisjonsrik stad med lang historie han no var komen til. Medan han var i Mølstrevåg fekk han høyre mykje av historia til denne spennande staden. Du skal no få ta del i journalisten sitt møte med Mølstrevåg og handelsmannen der, nemleg herr Mathisen.


Mellom ti og tolv tusen mann

Skildringane i reisebrevet startar slik: «Mølstrevåg er eit av dei mest kjende og oftast nemnde namn frå vårsildfiskeriet si store tid (1810-1870). Når sildefisket i denne perioden årleg slo til langs kysten nordover frå Haugesund, var Mølstrevåg ei god hamn å ty til. Opp gjennom tidene er det teke opp ufattelege mengder av sild i og rundt denne hamna. Så langt tilbake som nokon kan hugse, ja mykje lenger enn det, har det vore gjestgjeveri og landhandel i Mølstrevåg. Eldre folk kan nemne namnet på dei ulike eigarane av gjestgjeveriet så langt tilbake som til omkring år 1800. (Det har vore drive handel i Mølstrevåg heilt sidan 1692.)


Då den talrike flokken av vårsildfiskarar strøymde til på vinterstid, blei det ein veldig trafikk, og eit veldig folkeliv, på ein slik stad som Mølstrevåg. Og me kan tenke oss kor livleg det blei i den gode gamle tida, på meir enn ein måte, når gjestgjevaren hadde rett til å skjenke alle typar alkoholhaldige drikkevarer.


Enno kan det under vårsildfisket samlast betydelege folkemengder i Mølstrevåg. Eg blei fortalt at for berre nokre få år sidan, så var det i ein periode samla mellom ti tusen og tolv tusen fiskarar her. Hamna er ganske romsleg, og den indre delen av hamna er godt beskytta mot vêr og vind av nokre holmar, som verkar som moloar mot dønningane frå Sletta. Den gongen då over ti tusen mann var samla i Mølstrevåg, låg båtane så tett inntil kvarandre i heile vågen, at ein nesten over alt i Mølstrevåg kunne gå tørrskodd over vågen.


Mathisen sin ustoppelege energi

Då telegrafnettet hadde nådd våre kantar av landet, blei det i vintermånadane opna telegrafstasjon i Mølstrevåg. Denne er framleis i drift kvart år i fisketida. Telegrafstasjonen spelar likevel ei mindre rolle no, sidan den noverande eigaren av handelsstaden, nemleg herr Mathisen, har fått laga ei privat telefonlinje frå Mølstrevåg til rikstelefonstasjonen i Sveio. Denne telefonlinja går i ein strekning på åtte kilometer. Investeringa har sanneleg vist seg å vere lønsam, og ein kan berre undre seg over kvifor det offentlege ikkje oppretta ein rikstelefonstasjon også her ute i Mølstrevåg, her kor trafikken og behovet er mykje større enn oppe på Sveio.


Hovudvegen mellom Haugesund og Førde, som gjekk gjennom Sveio, strauk forbi Mølstrevåg i ein betydeleg avstand. Då Mathiesen ville ha ein arm ned til kaien og handelsstaden i Mølstrevåg, baud det på seig motstand, og dette trass i at heile den søre delen av kommunen sokna til Mølstrevåg som dampskipsanløp. Men Mathisen sin ustoppelege energi overvann til slutt all motstand.


Mangfaldig forretning

Det var moro å høyre Mathisen fortelje om alle skjer og fluer han hadde sprengd bort i Mølstrevågen. Mathisen var fiskar og sjømann i sin ungdom, i tida før skipsleia var gjort trygg og merka, og før alle veganlegga som folk no tek for gitt, ein gong var under planlegging. No er det moderne fin veg heilt ned til den store kaien som Mathisen sjølv har påkosta og bygd. Alle er like glade for at vegen er på plass, for dette er ein veg alle har stor nytte av.


Opp gjennom tidene har det vore gjort mange endringar og opprustingar ved den gamle handelsstaden, og då særleg etter at herr Mathisen blei eigar av staden. Det er ein mangfaldig forretning denne mannen driv; handel, bakeri, dampskipsekspedisjon, skipsrederi, sildesalting, sildeeksport, og dessutan gjestgjeveri. Gjestgjeveriet trur eg han mest driv for å halde på staden sine gamle tradisjonar, for noko lukrativ forretning kan hotelldrifta neppe vere med dei prisane han har her. Alle dei reisande som til alle tider fer forbi her, er likevel mest takknemlege for nettopp denne verksemda. Det er så godt for den framande som er ute på reise å få eit ja på spørsmålet om å få mat og husrom, og når det trengs så greier fru Mathisen (Ulrikke Eleonora, f. 1872)  å finne plass til utruleg mange gjester.


Våge elektrisitetsverk

Etter ei god natt hos gjestgjevaren i Mølstrevåg, ville eg til Lyngholmen, og turen skulle gå langs landevegen, slik  at eg kunne få anledning til å sjå meir av bygdene i dette området. Me tok derfor Mølstrevågvegen opp att til hovudvegen, og fekk såleis enda ein gong anledning til å nyte synet av skoglunden og allétrea omkring direktør Simonsen sin eigedom. Men eg fekk sjå noko anna som interesserte meg like mykje, og det var Ole Våge sitt vesle elektrisitetsverk og verkstad.


Herr Våge er ein sjølvlært handverkar, og han er eit interessant vitnesbyrd om kva ein ung mann kan få til når han har gnisten og energien. Han hadde under sine besøk i Haugesund sett kor fint folk der hadde det med sine elektriske lys. Kvifor skulle ikkje vatnet kunne utrette like store mirakel hos han, sjølv om det berre var ein bekk og eit kvernfall han rådde over? Først laga han eit vasshjul i fallet, og dette vasshjulet dreiv dreiebenken i verkstaden.


Han prøvde også å få vasshjulet til å drive ein liten dynamo, men farten blei for ujamn, slik at spenninga blei for låg til tider. Derfor måtte han leggje i veg på ein ny studietur til Haugesund. Resultatet blei at han no ved å bruke ein utruleg smal vassleidning, har fått nok kraft til å drive dynamoen med jamn hastigheit. Dermed får han elektrisk straum nok til både lys og drivkraft til verkstaden. Der hadde han installert fleire maskinar til å hjelpe seg med arbeidet han utretta. På verkstaden laga han alt frå køyrereiskapar, til kjerrehjul og møbler.


Bekken som fekk renne bort

Oppe hos Bent Mølstrevåg skulle eg få ein vegvisar til turen vidare. Like ved husa på garden har denne mannen eit lite vatn eller tjern. Dette vatnet burde ikkje berre vore ein pryd for eigedommen, det kunne lett ha vore til uvurderleg nytte for han. Bekken frå tjernet renn så å seie rett forbi døra, men han har til no berre ein og annan gong drive ei lita kvern. Denne bekken burde vore sett i jamt arbeid. No når dagløna er så høg, burde ikkje ti til tjue manns arbeidskraft bokstavleg tala få renne bort. Bekken skal ikkje ha kost og løn, men arbeider jamt og trutt både dag og natt, og heilt gratis. Eigaren argumenterte med at det ville kosta for mykje med maskinar. Framsteget blir stoppa av gammal tenkemåte. Ein gardbrukar let ikkje vere å bruke hest i sitt arbeid, sjølv om hesten kostar han fleire hundre kroner.»


Turen gjekk no gjennom Vandaskog og mot Lyngholmen. Me skal slutte av historia for denne gongen, men du kan lese meir i Del 6. Då skal du få vere med journalisten på turen til Lyngholm. Der fekk han høyre ei dramatisk historie om ei forferdeleg ulukke som hadde hendt der nokre år tidlegare.

Ommund Kristian Mathisen, født 26.5 1866. Mathisen kom opphavleg frå Røvær, men flytta til Hasseløy, før han busette seg i Mølstrevåg. Han gjorde det godt innan sildefisket, og han blei skipsførar i ung alder, før han seinare blei kaptein. Mathisen var gift med Ulrikke Eleonora Henriksen (f. 1872). Ho var dottera til handelsmannen i Mølstrevåg, Carl Fredrik Henrikson. Mathisen tok over forretningane til svigerfaren då han døydde i 1898, og i 1904 kjøpte han handelsstaden i Mølstrevåg. Han var ein drivande kar med mange jern i elden. I tillegg til å drive landhandelen med bakeri og gjestgjeveri i Mølstrevåg, var han skipsreiar, sildeeksportør, postopnar og dampskipsekspeditør. Han dreiv og steinbrotet på Ryvardeneset, kor det blei teke ut store mengder granittstein. Kaien i Haugesund, og dessutan den vakre sokkelen til rådhuset i Haugesund er laga av granittblokker frå Mølstrevåg. (Foto: Karmsund folkemuseum.)