Den snakkesalige skyssjenta frå Sveio

Reisebreva fortel at det var eit opent og nakent landskap som prega det meste av Sveio for hundre år sidan, og då særleg i sør og i vest. Journalisten gav fleire gonger uttrykk for at han undra seg over kvifor det ikkje blei planta meir skog rundt om i Sveio. Han hadde nok fått eit anna inntrykk dersom han hadde kome til Sveio i dag. No har skog og vegetasjon kledd mykje av det opne landskapet. (Foto: Sverre Halleraker)

Lokalhistorie frå Sveio

Del 7:

 

Den snakkesalige skyssjenta

frå Sveio

 

 

Av Sverre Halleraker

Ole Olsen Sveen (1855-1936) var skysskaffar ved skysstasjonen på Sveio frå 1899 til 1922. Her er han fotografert saman med kona, Marta Serine (1847-1934), utanfor våningshuset deira på bruk nr. 4. Det gamle våningshuset, som er minst 250 år gammalt, står der enno, og det er lite endra. Skysskaffaren på Sveio skysstasjon hadde plikt til å gi forbipasserande hesteskyss innan det området han hadde ansvaret for. Skysstasjonane i Sveio blei etablerte etter at mange vegar kom på plass i slutten av 1860-åra, og dei blei nedlagde i 1922, då biltrafikken tok over køyringa. Hovudstasjonen i Sveio låg i Førde, men i tillegg var det skysstasjon i Valevåg, på Sveio, på Tjernagel, i Mølstrevåg og på Lyngholm. Då journalisten frå Stavanger Aftenblad kom til skysskaffaren på Sveio, var han og alle mannfolka på garden ute på arbeid i torvmyra. Til journalisten sin store skepsis, så var det ei jente frå nabogarden som stod for køyringa denne dagen. Turen skulle likevel vise seg å bli både trygg og interessant for journalisten. (Foto lånt av Ruth Sveen.)

Innleiing

Førre reisebrev blei avslutta i Eltravåg. No skulle journalisten kome seg til Sveio, for så å få skyss vidare til Førde. Å kome seg frå Eltravåg til Sveio var vanskelegare i 1914 enn i dag, og reisebrevet frå sist veke slutta slik: «Då bar det i veg innover mot Sveio, eller rettare sagt, ikkje i veg, men over stokk og stein, og over myr og sump, for veg var det ikkje mellom Eltravåg og Sveio.» Då journalisten kom fram til Sveio, fekk han seg ei overrasking som gjorde han skeptisk. På turen mellom Sveio og Førde hadde journalisten ein lang og interessant samtale med ei ung jente frå Sveio. Det meste av denne siste delen av dei gamle reisebreva frå Sveio, dreier seg om denne samtalen.

 

Mangla veg

På vegen mot Sveio gjorde journalisten frå Stavanger seg nokre tankar om kva som skulle til for at ei bygd skulle få seg veg. Skildringane hans startar slik: «Det er ein sørgjeleg mangel dei lir under, både dei som bur på Lyngholmen, i Eltravåg, og på resten av gardane i dette området. Dei manglar veg! I mangfaldige år har dei snakka om ein veg nordover langs kysten i dette området som strekkjer seg frå Mølstrevåg til Buavåg. Ein arm skulle leggjast ut til Lyngholmen.

 

Heilt fram til no har den talrike befolkninga i dette området måtta nøye seg med å høyre at saka har vore vurdert og drøfta av dei som set av pengar til vegbygging. Det er unekteleg ei dyd å vere tålmodig, men når det gjeld å få på plass så viktige framsteg som dette, så bør ei anna side av karakteren kome til syne, nemleg energien og kampviljen. Eg har sett det i så mange bygder, at sjølv dei mest sjølvsagde vegkrav ikkje får gjennomslag, utan at det blir ført ein energisk og uthaldande kamp for å få krava gjennom. Telefon mangla dei også i Eltravåg, men dei kan jo gjere som i Mølstrevåg, og skaffe seg telefonlinje sjølv. Dei kan jo kople seg på rikstelefonen i Sveio.

 

Men likevel, taumane i hendene på ei jente!

Då me omsider hadde fått streva oss fram til skysskaffaren i Sveio, viste det seg at alle mannfolka der på garden var ute i torvmyra. Då eg fekk høyre at det var ei av naboen sine døtrer som var skyssgut denne dagen, må eg innrømme at eg blei lettare sjokkert. Det var ikkje til å leggje skjul på at eg var fylt med ein viss skepsis og mistillit, då eg sette meg på plass i køyredoningen, med ei ung jente ved sida av meg, som førar! For all del, hennar vesen var så tillitsvekkande som det kunne bli, men likevel, taumane i hendene på ei jente!

 

Trass i min skepsis, ho hadde ikkje køyrd mange kilometer før min tillit til henne var urokkeleg og total. Det viste seg nemleg snart at ho som førar av hesteskyssen både var erfaren, dyktig, aktsam, og sterk. Tryggare har eg aldri følt meg i kjerra under nokon mann si leiing. Skyssjenta hadde vore ute i verda ein smule, og ho hadde lært at livet ikkje berre var lett og lystig. Eg forstod raskt at ho hadde kunnskap om, og interesse for, mykje meir enn berre kjolar, hattar og moro. Me prata lenge om interessene hennar, og om mange andre ting, og ho var så flink til å fortelje om dei gardane me køyrde forbi, at eg i beundringa og fascinasjonen reint gløymde å notere.

 

Ein snodig skrue

Me kom til å snakke om dei nye amtsskulane for ungdom. Eg råda henne til å søke seg inn på ein av desse til vinteren. –No får de jo ein slik skule like ved, borte på Halsenøy, og med ein styrar me kan vente oss mykje av, sa eg. Jo, ho hadde brennande lyst til det, men det var det at mor trengte så inderleg hennar hjelp no når alderdomen tok til.

 

Ho byrja å fortelje om at ho nyleg hadde køyrd ein snodig skrue som også hadde snakka så mykje om skular. Han meinte at sidan barna frå landet hadde så kort skulegang, så var det desto viktigare at dei seinare søkte seg til desse amtsskulane for ungdom. Vidare hadde han sagt at det berre blei brukt 20 kroner kvart år på skule for kvart barn på landet, medan det i byane blei brukt over 50 kroner i året på skule for kvart barn. -Er eit barn frå byen så mykje meir verd enn eit barn frå landsbygda, eller? hadde han sagt med opprørt stemme.

 

Meir enn å kunne bukke og skreve

Skyssjenta hadde då kome inn på at ungdommane frå landet var noko klumsete og udanna av seg, og at dei var så lite flinke til å opptre korrekt ute blant folk. Då hadde han blitt sint, og nærast ropa ut: -Trur du at dannelse dreier seg om å kunne bukke og skreve, eller kva? Tru meg på det, du, hadde han sagt vidare, ein landsungdom sin hjerne er fullt så god som hjernen til ein byungdom! Regjeringa må ha særs gode tankar om landsungdommen sine evner, sidan dei foreslår å opprette ein skule som på mykje kortare tid enn vanleg skal føre landsungdommen til studiekompetanse.

 

Då spurde skyssjenta meg med ein viss nysgjerrig iver: -Er alt dette sant? Eg kunne stadfeste at dette var fornuftige tankar, og me blei einige om at den nye skulen for ungdom på landet sikkert ville bli til hjelp for mange evnerike og kunnskapshungrige ungdommar, som til no ikkje hadde kunna skaffe seg akademisk utdanning. Skyssjenta fortalde vidare at den snodige fyren hadde sagt meir om skulegong og utdanning. Han meinte at det ikkje var rett at sønene til byfolk og embetsmenn hadde einerett til å ta universitetsutdanning, og dessutan at embetsmenn av bondeætt hadde fungert betre ute på landsbygda, blant sine eigne, enn dei som hadde borgarleg bakgrunn. Dette var årsaka til at me no skulle få gymnas for ungdommen på landsbygda. –Er det ikkje rart kva folk får seg til å tenke og snakke om i vår tid? la ho til, tydeleg brydd, då det gjekk opp for henne at ho hadde snakka så mykje, og så frimodig, til ein framand mann under køyreturen.

 

Så vakkert at samtalen gjekk i stå

No var me komne inn i eit så vakkert landskap at samtalen gjekk heilt i stå, på grunn av min store begeistring for det eg såg rundt meg. Her kunne ein kjenne den ekte, friske bjørkedufta, ikkje den valne lukta som ein må nøye seg med i byen, kor blada sine pusteorgan var halvvegs øydelagde av støv og forureining. Dels stod bjørk og furu på rekke og rad på begge sider av vegen, og dels hadde me skogen på den eine sida og eit spegelblankt vatn blinkande mot oss på andre sida. Ja, vegen til Førde er sanneleg vakker. I god borgarleg tid nådde me fram til Førde, og den snakkesalige skyssjenta var ikkje redd for å køyre heim att til Sveio aleine i forsommarnatta.»

 

Tida inne for å ta farvel

Dette var siste etappe av reisa gjennom Sveio som fann stad for godt og vel hundre år sidan. Tida er no inne for å ta farvel med journalisten frå Stavanger Aftenblad, og for ei lita oppsummering av alle inntrykka me sit att med. Me har fått vere med han på den lange reisa, og me har fått teke del i dei levande og detaljerte skildringane han gjorde av alle stadene han var innom. Me har fått teke del i skildringar av natur, landskap, gardar, arbeidsliv og menneske. Journalisten teikna i all hovudsak eit positivt bilete av sveiobygdene, og av dei som budde der, sjølv om han klart gav uttrykk for at sveibuen etter hans meining kunne ha vore flinkare til å ta i bruk moderne teknologiske nyvinningar for å gjere arbeidet meir rasjonelt, og for å få ein lettare kvardag. Elles syntes han at landskapet var altfor nakent og lite frodig. Derfor etterlyste han treplanting. Dessutan undra han seg over at ikkje fleire myrer blei dyrka opp for å skaffe meir landbruksjord.

 

Me har fått møte mange menneske som levde i Sveio for hundre år sidan, og det har vore interessant å få bli kjend med dei gjennom skildringar gjort av ein utanforståande journalist. Etter mi meining så er desse reiseskildringane unike historiske kjelder, som kan lære oss mykje om livet folk levde i bygdene våre i farne tider. Eg undrast på om journalisten hadde kjend seg att dersom han hadde kome tilbake til Sveio i dag? Mykje er endra, det er heilt sikkert, men noko har overlevd hundre år med utvikling. Sjølv om utvikling og framsteg er bra, er det likevel viktig at me tek vare på historia og minna frå det som har vore.

 

Journalisten var svært begeistra over natur og landskap langs vegen mellom Sveio og Førde. Det er vanskeleg å finne den same idyllen no, i støyen frå all biltrafikken langs europavegen. Men me finn framleis vakre og idylliske stader her, når me gjer avstikkarar frå den støyande hovudvegen, som her ved Mørkavatnet på Drange. (Foto: Sverre Halleraker)