Tilbake til røtene

Tilbake til røtene


Sterkt møte med slekt og heimbygd


Av Sverre Halleraker

Nehemias Tjernagel. Biletet er frå hans eige fotoalbum, og det er teke i 1892. Han var då 24 år gammal. I juli dette året la han ut på ei lang reise. Han skulle studere musikk i Tyskland, men først ville han oppsøke slekta si på Tjernagel i Sveio. Opphaldet i Sveio blei lengre enn han hadde planlagt. Ikkje før sommaren 1893 reiste han vidare. Nehemias skreiv over tretti lange brev heim til familien sin i Iowa. I breva delte han dei sterke inntrykka og opplevingane han hadde i løpet av opphaldet i Sveio.

Ole Andreas Larson Tjernagel. Han var 20 år gammal då han reiste til Amerika i 1856. Han var bror til den legendariske Store-Per, som du kunne lese om i artikkelen «Dristige pionerar». Bilete er teke ein gong i 1860-åra. Han gifta seg med Martha Karina Andersd. Follinglo frå Avaldsnes i 1861. Ole Andreas etablerte den store og framgangsrike farmen Follinlo ved Story City i Iowa, og han må seiast å vere ein særs vellukka nybyggar. I området rundt Follinglo slo mange av dei første nybyggarane frå Sveio seg ned. (Foto: Peter T. Harstad collection.)


Innleiing

Ein som leitar etter gull må jobbe seg gjennom mykje gråstein. Men dersom han er så heldig å finne gull, så finn han ofte mykje. Som historikar så kjenner eg meg av og til som ein gullgravar, på leit etter gullkorn frå farne tider. Nyleg var eg så heldig at eg gjorde det eg vil kalle eit skikkeleg gullfunn. Eg kom over ei stor samling av gamle brev. Desse breva inneheldt utruleg mykje spennande lokalhistorisk stoff. Breva er frå 1892 og 1893, og dei er skrivne av Nehemias Tjernagel. Han var ein andre generasjons norsk¬amerikanar, med røtene sine på Tjernagel i Sveio. Breva han sendte heim til familien sin i Iowa under opphaldet sitt i Sveio, er gull verdt for ein som er interessert i lokalhistorie.

 

Store kontrastar

Nehemias Tjernagel kom til Sveio i juli 1892, og han oppheldt seg her heilt fram til juni 1893. I over tretti innhaldsrike brev får me ta del i Nehemias sitt møte med landskap, menneske og levemåte i bygda som far hans reiste frå ein generasjon tidlegare. Breva er skrivne på engelsk, og dei er transkriberte av Dr. Peter Tjernagel Harstad, som er ein slektning av Nehemias Tjernagel. Når eg siterer frå breva, har eg måtta oversetje til norsk.

Brevsamlinga er unik som kjelde, både fordi bygda blir skildra av ein som kjem utanfrå, og fordi skildringane er så levande og detaljerte. Nehemias fekk god kontakt med alle han møtte på reisene sine, og han fekk innpass i alle samfunnslag. Alle ville treffe amerikanaren, og han blei invitert med på alle typar tilstellingar. Han snakka flytande norsk, og han var både sosial og omgjengeleg. Dei seks siste månadane av opphaldet sitt i Sveio, budde Nehemias på prestegarden på Solheim. Her fekk han innpass i familien, som om han skulle være eit familie-medlem. Han kom tett innpå både prestefrua og dei unge døtrene i huset.


I denne artikkelen skal me få eit innblikk i Nehemias sitt møte med Noreg og Sveio-bygdene. Det blei eit møte som gjorde inntrykk på den unge amerikanaren med røtene sine i Sveio. Kontrastane var store mellom det moderne livet han levde i ein relativt velståande familie på præriefarmen i Iowa, og den primitive og gammal¬dagse levemåten han møtte på gardane i Sveio. Trass i dei enkle kåra som møtte han, så fann han seg vel til rette i Sveio. Han hadde mykje godt å seie om dei fleste bygdefolka han blei kjent med, og han hadde stor sans for den roen og tilfredsheita som prega dei fattige bøndene. Nehemias var og svært fasinert av landskapet og naturen som møtte han i Sveio. Kontrastane var store til den flate prærien i Iowa.


Reiselysten komponist

Eg har tidlegare skrive om dei dristige utvandrarane som reiste frå Sveio til Amerika rundt midten av 1800-talet. Ein av desse var Ole Andreas Larson Tjernagel, som reiste frå Tjernagel i 1856. Fleire av brørne hans, og dessutan mange andre slektningar og naboar, hadde reist til Amerika nokre år tidlegare. Etter å ha budd ei tid i det såkalla Fox River-distriktet, kjøpte Ole Andreas jord på den udyrka prærien ved Story City midt i Iowa i 1864. Her etablerte han den framgangsrike Follinlo farm saman med kona si, Martha Karina Anderson Follinglo. Follinglo farm blei kjend i heile midt-vesten som eit mønsterbruk og for sitt pionerarbeid innan kvegdrift og kvegavl.


Familien på Follinglo var og kjend for sine musikalske talent, og sonen deira Nehemias, er faktisk ein ganske anerkjent komponist. Han er og kjent for å ha skrive fleire bøker. Dei fleste av desse handlar om ting han opplevde på dei mange reisene han gjorde rundt om i verda. Han reiste til Sverige, Tyskland, Austerrike, Italia, Egypt, og til Jerusalem, men det som gjorde sterkast inntrykket på han, var likevel reisene han gjorde i Noreg. På desse turane oppsøkte han heimstaden til foreldra sine, og han oppsøkte slektningane sine. Han blei kjend med mange menneske på reisene sine, og desse møta gjorde sterkt inntrykk på han.


Billett på tredje klasse

I 1892 hadde Nehemias bestemt seg for å reise til Tyskland for å ta utdanning innan musikk. Han var no 24 år gammal. Han syntes at det passa godt å legge turen innom Noreg, og Tjernagel i Sveio, før han sette kursen mot studiar i Tyskland. Den 25. juni 1892 forlèt dampskipet «Alaska» hamna i New York med Liverpool som reisemål. Nehemias hadde billett på tredje klasse, og fekk køyplass på mellomdekket heilt framme i baugen av skipet. Ti dagar seinare var Nehemias framme i Liverpool. Derifrå reiste han med tog gjennom England til hamnebyen Hull. Den 5. juli gjekk han om bord i dampskipet «Eldorado», og to dagar seinare var han framme i Stavanger.


I Stavanger møtte Nehemias tanta si Barbro Tjernagel. Ho var systera til Nehemias sin far. Han møtte og fleire slektningar og bygdefolk frå Sveio som hadde reist til Stavanger for å vere med på misjonsmøte der. Den kjende indremisjonsleiaren og venstrepolitikaren Lars Oftedal skulle tale på møta. Nehemias fekk ikkje akkurat noko godt inntrykk av Oftedal. Han karakteriserte Oftedal som tjukk og prega av ein utsvevande livsstil. Folk Nehemias snakka med i Stavanger fortalte at Oftedal var hyklerisk, og at han forsynte seg grådig både av mat, alkohol og unge kvinner.


Etter å ha vore i Stavanger i ei veke, skreiv Nehemias i brevet sitt heim til familien at han var overraska over kor mykje merksemd han fekk overalt kor han ferdast i byen. Han trudde det måtte skuldast at han såg ut som ein «yankee», samstundes som han snakka norsk bygdemål. I det same brevet skreiv Nehemias at dei norske kvinnene såg sunnare ut enn dei amerikanske. Dei norske mennene derimot, var heilt ordinære, men ikkje like slanke som dei amerikanske.


Det gamle huset på Tjernagel

Den 14. juli reiste Nehemias med dampskip frå Stavanger til Tjernagel. No var målet for reisa til Noreg nådd. Dette skreiv Nehemias i brevet heim om sitt første møte med Tjernagel, medan han sit i det gamle huset til Barbro. Dette huset er restaurert og står framleis på bruk nummer 2.

-Eg skal no prøve å skildre omgivnadane for dykk, slik at de kan bli litt kjende med det eg ser framføre meg. Eg sit no inne i stova i huset kor far, bror hans Store-Per, og søstrene Gunnhild, Helga og Larsine budde i barndoms- og ungdomsåra. Same golv og vegger er her, og den same gamle omnen som ikkje kan gløymast står der. Den eine enden av omnen går inn i det vesle kjøkenet og tener som gruve og bakeomn. Det blir berre brukt torv som brensel. I enden av kjøkenet er ein stor stabel med torv. Andre enden av omnen går inn i stova. Huset står på støtter, og det er heva så mykje over bakken at Bendik (Barbro sin yngste son på 14 år) kan krype under for å ta seg ein lur. I nordre enden av huset er eit kammers som tener som gjesterom. Her står ei fin gammal seng, og her heng alle finkleda. Huset er over 200 år gammalt, og det ser ut til å kunne leve lenger enn alle dei som no bur i det. Bordet kor far sat og åt sitt siste måltid før han reiste til Amerika står der enno, og det er ikkje endra. Før han reiste fekk han servert fløytekodla. Det var det beste dei kunne by på.


Det gamle huset til Barbro slik det framstår i dag. Den eine halvdelen av dette huset skal vere fleire hundre år gammalt, medan den andre delen er bygd i 1860-åra. Me ser siggjo i bakgrunnen. (Foto: Marianne Ø. Halleraker.)

Utsikta mot fjorden

Vindaugo i huset er små, slik at me ikkje får det fantastiske utsynet me kunne ha fått. Når eg ser ut stovevindauget mot nord, ser eg eit majestetisk fjell i horisonten på andre sida av Bømlafjorden. Me ser det gjennom eit blått dis, så lenge det ikkje er dekka av tåke eller låge skyer. Dette er Siggjo, kor mor i ein alder av 10 år utførte den bragda det var å klatre heilt til toppen. Eg håpar å kunne kopiere denne bragda, og det snart. Sjøen er like blank som glas akkurat no, og medan sola tek farvel og går ned bak fjella, kjem ein gyllen landeveg til syne over fjorden.


Akkurat no glir dampskipet «Eldorado» frå Bergen forbi. Det er det største passasjer-skipet som går mellom England og Noreg. Det er interessant å følge med på alle båtane, små og store, som ein etter ein strevar seg forbi. Om natta skapar dei store havgåande dampskipa eit ganske vakkert bilete i mørket når lyktene lyser opp skipet og dei næraste omgivnadane. Dei store konvoiane med krigsskip ser ut som flokkar av krokodiller som svingar seg inn til ulike hamner. Akkurat no går to seglskuter forbi, men dei går i kvar si retning. Korleis er dette mogleg? Kan du svare på det far?


Fattige, men tilfredse

I det første brevet Nehemias skreiv heim etter at han var komen til Tjernagel skildra han både folk og landskap. På veg til Lio, som var heimstaden til Nehemias sine beste¬foreldre, møtte han eit ungt par med 14 barn. Dei var fattige, men såg ut til å vere sunne. Langs vegen var mange i full sving med å spa etter torv. Over alt var der stabla opp senger av torv, og alle myrene hadde store hol etter torvhentinga. Torv var det einaste tilgjengelege brenselet her, men Nehemias meinte at det måtte ha vore mykje skog her tidlegare, for det var stubbar etter trer over alt.


Ei stor ro, og fråveret av hastverk, såg ut til å prege heile landet. Folk virka tilfredse, sjølv om dei hadde lite. Nehemias merka seg og at kvinnene på lik linje med mennene tok del i arbeidet ute. Slik var det ikkje i Amerika. Kvinnene her på bygda hadde veldig korte kjolar, sikkert fordi det var billigare, og meir praktisk når dei skulle arbeide ute, meinte Nehemias. Arbeidet utandørs var godt for dei, for dei var brune i huda, raude i kinna, og dei hadde sterke armar og bein. I brevet skreiv Nehemias: «Amerikanske kvinner, ver venlege og kopier. De har mykje å lære av dykkar norske systrer.» Kvinnene bar store tunge sekkar eller kiper med torv, utan å vise teikn til å slite, medan dei traska av garde i dei våte myrene med sine ustødige tresko. Likevel klarte dei å fote seg ganske så elegant og beherska.


Amerikasteinen

Nehemias blei med Bendik opp til Slettafjellet, for at han skulle få eit overblikk over området. På veg ned frå fjellet fekk Nehemias sjå ei lita steinhytte. Bendik fortalte at dei kalla steinhytta for «Andershuset». Veggene til hytta består av naturleg plasserte steinheller. I tillegg er det mura opp småstein inne i hytta for å tette veggene. Steinheller plasserte av menneskehender utgjer taket. Her pleidde barna som gjette husdyra om sommaren å søke ly for regn og uver, og her kunne dei krype inn for å ta seg ein sval lur på varme sommardagar.


Den vesle steinhytta med «Amerikasteinen» på høgre side. Her rissa Nehemias Tjernagel inn namnet sitt og årstalet 1892. (Foto: Marianne Ø. Halleraker.)

Her ser me mange av inskripsjonane i «Amerikasteinen». Omtrent midt i biletet kan me lese «N. Tjernagel 1892». (Foto: Marianne Ø. Halleraker.)

Nehemias rissa inn namnet sitt på ein av dei flate steinveggene inne i hytta. Bendik, som reiste til Amerika i 1893, oppsøkte steinhytta då han saman med familien besøkte heimstaden sin nokre år seinare. Både han og familien rissa namna sine inn i steinen. Sidan skal alle etter¬kommarane etter utvandrarane frå Tjernagel som har besøkt heimstaden rissa namna sine og årstalet dei var her inn i steinen. Derfor har steinen fått namnet «Amerika-steinen», og så seint som i 2010 oppsøkte eit følgje med norsk¬amerikanarar steinhytta og amerikasteinen.


Skjerpa appetitten

Matvanane til bøndene i Sveio var svært ulike dei matvanane Nehemias var kjend med frå heimlandet. Likevel gav han uttrykk for å like den enkle maten han blei servert. Han skriv at appetitten har blitt bedre enn nokon gong etter at han kom til tanta si på Tjernagel. Han får servert mat seks gonger om dagen, og Barbro har meir enn nok med å stelle i stand mat til han. Kvardagskosten består stort sett av flatbrød, spekesild, kokt fisk, grynsuppe, poteter, rugkavring, litt salta fårekjøt og havrekake.

 

Havrekaka var Nehemias sin favoritt. Havrekakene var laga av havremjøl blanda med kokte mosa poteter. Kakene blei kjevla ut til små lefser og steikte på toppen av den gamle omnen på kjøkenet til Barbro. Dei var fantastisk gode med smør og litt ost på. Kvar dag fekk Barbro fisk av ein gammal raudhåra mann som budde på Litla-Tjernagel. Heile sommaren sto han opp klokka fire om morgonen for å dra garn og liner. Nehemias hadde stor appetitt på den ferske kokte fisken. Elles besto dei fleste måltida av kald mat. Potetene blei som regel serverte kalde, sidan det blei kokt opp poteter for fleire dagar. Spekesilda blei og servert kald. Det blei sjeldan brukt tallerkenar, skåler eller anna dekketøy. Kvar person hadde si faste treskei, og kniv hadde alle på seg. Suppe og mat som kravde skåler blei servert i ei stor skål som dei sette midt på bordet. I tillegg til kaffi og vatn, blei det drukke mest sur skumma mjølk. Nehemias meinte at årsaka til at maten og serveringa var så enkel, var at kvinnene var så opptekne med utearbeid at dei ikkje hadde tid til å bruke store deler av dagen på kjøkenet.


Kvinnene styrte det meste

Kvar dag tok Barbro ei stor bør med torv på ryggen og bar inn på kjøkenet. Det var varme i gruva frå morgon til kveld. Ein dag ville Nehemias hjelpe tanta med torvberinga. Det var visst eit lite imponerande syn, for Barbro heldt på å le seg skakk då ho såg nevøen frå Amerika streve seg inn med børa på ryggen. Barbro var heile tida på beina, oppteken med arbeid, men ho kava seg aldri opp og trong aldri å skunde seg. Om kveldane sat ho og spann med rokken sin. Ho leste høgt frå tidsskrift som «Skolen og hjemmet» og frå gamle andaktsbøker. Ho elska forteljingar frå misjonsmarkene, og historier om dei store opp-dagarane. Av og til stoppa spinnehjulet til rokken opp. Då hadde Barbro sovna. Det blei stilt i stova. Einaste lyden var snorkinga til Bendik, som låg og sov borte ved omnen. Etter ei stund starta rokken å spinne igjen. Barbro var igjen lys vaken og klar for ei ny økt ved rokken.


Det var sju år sidan mannen til Barbro døde. Sidan den tid hadde ho måtta klare seg aleine. Ho var no 53 år gammal, og saman med yngste sonen som budde heime tok ho seg av alle arbeidsoppgåvene på det vesle gardsbruket. Ho greidde seg godt, og ho klaga aldri på noko. Nehemias merka seg at det var få menn å sjå på gardane rundt Tjernagel. Det var mange einslege kvinner i alle aldrar. Dei få mennene han såg var enten unge tenestefolk, eller så var dei gamle og skrøpelege. Han blei fortalt at svært mange unge menn hadde reist til Amerika. Elles var det vanleg at mennene var ute på sjøen, medan kvinnene og tenestefolket hadde ansvaret heime på gardane. Mange eldre sat aleine i små stover rundt på gardane. Barna deira hadde reist til Amerika. Likevel viste dei ikkje teikn til å vere bitre. Dei uttrykte stor forståing for at dei unge reiste ut for å finne lykka i den nye verda.


Her ser me Ole Andreas Åsbu (1831-1885) saman med si andre kone, Barbro Larsdotter Lio (1839-1926), eller tante Barbro som Nehemias kalla henne. Ole Andreas var garbrukar, fiskar og skipper. Den første kona hans var storesystera til Barbro, Gunnhild Larsdotter. Dei gifta seg i 1854. Den 10. mai året etter døydde ho i barselseng, berre 26 år gammal. Det var då 18 dagar sidan ho hadde født sitt første barn, dottera Helga Marie. Heller ikkje barnet overlevde. Vesle Helga Marie sovna inn seks dagar etter at mora var død. I 1859 gifte Ole Andreas seg med Barbro, som då berre var 20 år gammal. Same år fekk dei sitt første barn, Johan Andreas. Ole Andreas og Barbro fekk fem barn som alle fekk vakse opp. Biletet er frå Nehemias Tjernagel sitt fotoalbum.

Lettsindige ungdommar

Nehemias syntes at dei unge hadde ein heilt annan måte å te seg på i Sveio-bygdene enn heime i Amerika. Han reagerte på at ungdommane i Sveio var heilt utan blygsel når det gjaldt omgangen mellom gutar og jenter. Han meinte at ungdommane her generelt var svært lettsindige og lite prega av religiøsitet. Dette la han merke til allereie den første veka han var i Sveio. Søndagskvelden blei han med eit følge med ungdommar på ein tur langs postvegen mot Bua. Dei unge song lystige viser, og jenter og gutar fann kvarandre raskt. I nærleiken av Lokna starta dei å danse. Dei heldt det gåande langt inn i dei små timane. Den lyse sommarnatta skapte ei spesiell stemning. Utpå natta blei det litt for mykje for Nehemias, som kjende seg brydd av dei yre ungdommane. Dette skreiv han i brevet heim. «Eg fekk nokre svært alvorlege tankar medan eg sat og såg på dei høgrøysta lystige skapningane framføre meg. Dei nakne dystre fjella i bakgrunnen skapte ein sterk kontrast til dei lausslepte dansarane som svinga seg frå den eine til den andre sida i skuggane frå skumringa. Då mørket kom sigande, gjekk tankane mine ufrivillig i retning av tussar og troll. Mange eldre her trur framleis på nissar og andre underjordiske skapningar.»


Personskildringar

Nehemias var ikkje redd for å karakterisere personane han møtte i Sveio. Her er nokre døme frå første brevet han sendte heim: «Haldor Tjernagel er ein eldre slektning av far. Han har ein tendens til å trekke mot «vekkelsesfolket». Likevel seier han mykje som er verdt å lytte til. Han er skarp. Ein ting han sa til meg festa seg. Han sa: Fattigdom bergar ingen. Rikdom øydelegg ingen.» Barbro sin eldste son, Johan, var gift med dottera til Haldor. Ho skal ha vore usedvanleg vakker, men døydde dessverre for nokre år sidan. Saman hadde dei dottera Anna. Ho var det vakraste jentebarnet Nehemias nokon gong hadde sett, og han skildra henne som ei «blivandene madonna».


Teikning av E. Bjørn frå boka boka «Walking trips in Norway», som kom ut i 1917. Me ser Tjernagelholmen lengst framme i teikninga. I bakgrunnen ser me Nordre Tjernagel og Tjernagelneset.

Johan hadde gifta seg oppatt med dottera til Thomas Nese (Tjernagelneset). Thomas var ein stor og velbygd mann, men han hadde ein slapp og luta kropps¬haldning. Han var ein god forteljar, og han var eit oppkome av sjømanns¬historier. Dottera hans hadde, i motsetning til faren, ein vakker framtoning. Ho såg imponerande flott ut, men ho hadde det som kan kallast ei altfor skarp tunge. Ho hadde to systrer som budde i nærleiken. Begge desse likna på henne både i utsjånad og framferd. Johan var nyfrelst, men han greidde ikkje heilt å gi slepp på sin naturlege legning for skjemt og moro. Han hadde berre altfor mykje humor.


Ein fjelltur med overraskingar

Etter å ha vore to veker hos tanta på Tjernagel, var Nehemias klar for den omtala turen til toppen av Siggjo. Han reiste med dampskipet frå Tjernagel og over til Mosterhamn. Han fekk losji ved Kallevik. Neste morgon fekk han tilbod om å bli rodd over Håvikosen. Då han såg at det var ei ung jente som gjekk ned til båten for å ro han over, måtte han spørje henne om det verkeleg var meininga at ho, ei jente, skulle ro han, ein ung mann, over vågen. Då svara ho berre roleg at ho kunne ha teke hand om ti slike som han, om ho hadde måtta. Litt fortumla, og ganske forvirra, let han seg hjelpe på plass i båten av den unge jenta.

 

Denne situasjonen hadde vore heit utenkeleg heime i Amerika. For det første hadde det ikkje vore aktuelt å sende ei ung jente ut i ein robåt saman med ein ung mann, utan anstalt. For det andre hadde det vore heilt utenkeleg at ein ung og frisk mann skulle bli rodd av ei kvinne. Då dei var framme på andre sida, var jenta heldigvis så oppteken med å fortøye båten at Nehemias måtte greie å kome seg i land utan hennar hjelp. Litt brydd av den pinlege situasjonen, tenkte Nehemias at han i alle fall skulle greie å kome seg opp til Siggjo, utan å få hjelp av nokon jente.


Langs vegen møtte Nehemias ein eldre mann med namn Jacob Haavik, og spurte han om han visste kva som var den lettaste vegen opp til toppen. Den gamle mannen hadde lite forståing for at folk kunne bruke tid og krefter på å kave seg opp til ein fjelltopp, utan mål og meining. Han kunne ikkje skjøne kva tiltrekking det triste grå fjellet kunne ha på folk. Han hadde levd i skuggen av fjellet heile sitt liv utan nokon gong å ha sett toppen. Dersom det ikkje hadde vore for sauene som beita i fjellsidene, ville han aldri ha kasta bort eit einaste skritt på å vandre i fjellet. Nehemias forsto at det ikkje var mykje hjelp å få av den gamle mannen. Her måtte han greie seg sjølv, og etter mykje strev så greidde han å kome seg opp til toppen av Siggjo. På veg ned blei han overrumpla av skodde, og måtte følge etter ein flokk sauer ned til folk.


Åt og drakk tre dagar i strekk

Etter å ha reist nokre dagar rundt på Bømlo, reiste Nehemias tilbake til tante Barbro på Tjernagel. Han hadde ikkje vore der mange timane før det bar i veg ut på ei ny utflukt til Bømlo. Han og Barbro skulle i bryllaup hos nokre slektningar i Tollevika ved Andal. Barbro hadde med seg ei stor tine som var full av fint brød, kaker og kringler. Tradisjonelle bondebryllaup kunne vare i fleire dagar på desse traktene på 1800-talet, og gjestene hadde med seg mat som alle delte på. Dette skreiv Nehemias i brevet heim etter å ha vore i bryllaupet: «Eg angrar nesten på at eg gjekk i bryllaupet, for appetitten min har vore øydelagd i ei heil veke etterpå. Me var med og feira eit bryllaup kor me åt og drakk heile tida i tre dagar til ende. Alle ville ta ein kikk på amerikanaren, men kommentarane deira var ikkje alltid til min fordel. Ungdommane var heller ville, og dei hadde ein slik mangel på alt som kan kallast dannelse, at dei i realiteten tok styringa over heile skjenkinga. Til og med under sjølve viinga heldt mange eit fæla spetakkel. Trass i dette, så var alle vennlege og imøtekomande».


Med ein gong gjestene kom til bryllaupet blei det servert påsmurde lefser, i tillegg til øl og dram. Deretter var det middag. Til hovudrett hadde vertsskapet ein heil båt full av kokt torsk. Folk åt og koste seg i fleire timar. Praten gjekk heile tida høgt og livleg, og teneste¬folket hadde meir enn nok med å fulle på tomme skåler og fat. Etter Nehemias sitt syn, så blei det servert for mykje brennevin i dette bryllaupet. Han hadde meir sans for det heimebrygga ølet dei serverte, sjølv om han reagerte på at alle drakk av den same store treskåla. Denne blei heile tida sendt frå person til person rundt bordet. Med ein gong det var tomt, så gjekk kjøgmeisteren for å fylle på meir. Gjestene var plasserte etter kor nær dei var brudeparet, eller etter kor dei sto på den sosiale rangstigen i bygda. Det var store feittmerker etter alle leppene som hadde drukke av ølbolla, og etter kvart så var det mange andre lukter enn øl som prega skåla. Ingen av gjestene såg i det miste ut til å bry seg om dette.


Ikkje tid til å sove

Etter måltidet gjekk alle rundt og prata med kvarandre. Dei brukte lang tid på handhelsinga, og dei fleste hadde tydelegvis mykje på hjarta. Ikkje lenge etter middagen blei det servert kaffi, kringle og kake. Serveringa gjekk i eitt frå morgon til kveld. Folk gjekk og åt på noko heile tida. Det blei lite søvn på dei fleste. Praten gjekk til langt på natt. Dei unge hadde ikkje tid til å sove. Dei måtte nytte høvet til å kome nærare inn på den dei gjekk og drøymde om.


Nehemias kjende seg svært vel saman med alle bygdefolka i bryllaupet, og han kjende at han likte mentaliteten deira. Dei hadde lite, men dei var takknemlige for det dei hadde. «Så lenge me har mat på bordet og klede på kroppen, så kan me ikkje klage», var det mange som sa. Etter Nehemias si oppfatninga så var desse fattige bygdefolka ekte og oppriktige, og dei brydde seg verkeleg om kvarandre, og dei viste ekte glede over å kunne gjere noko godt for andre.


Lyst til å forsvinne opp i eit tre

Under eitt av måltida fekk Nehemias sitje ved sida av brura. Han følte seg lite verdig til å sitje der, og han følte at folk stirra enda meir på han nå når han sat heilt oppe i enden av bordet. Han blei rett og slett nervøs av å sitje der, men han prøvde å gjere alt på den riktige måten. Likevel gjekk det så gale som det kunne gå. Han greidde å helle ei skål full av saus over kjolen til brura. Kjolen var heilt øydelagd. Den vennlege brura smilte tappert, og prøvde å få det til å høyre ut som om det ikkje var så farleg. Brudgommen derimot, hadde større problem med å halde maska, og greidde ikkje å skjule sinnet sitt overfor den klossete amerikanaren som sat ved sida av brura hans. I brevet skriv Nehemias: «Eg yngste berre at eg kunne klatre opp i eit lauvtre, og gøyme meg der for resten av kvelden.»


Gamle Kari

Etter bryllaupsfeiringa så budde Nehemias og Barbro hos slektningar på Lodden sør på Bømlo. Der møtte Nehemias Kari Lodden. Ho var ei gammal dame som gjorde inntrykk på han. Kari viste stor begeistring då ho såg at Nehemias hadde på seg maskinveva klede. Dette hadde ho ikkje sett før. Sjølv hadde ho aldri hatt på seg eit plagg ho ikkje hadde laga sjølv frå grunnen av. Nehemias meinte at Kari på mange måtar representerte mentaliteten til bygdefolk på desse traktene, og då særleg den eldre generasjonen. Mannen hennar var død, og ho hadde eit lite rom i huset til sonen hennar, som no hadde teke over drifta av det vesle gardsbruket. Kari var tvers gjennom mild og god. Ho gjorde kva ho kunne for å gjere seg sjølv usynleg i huset. Det var viktig for henne å ikkje vere i vegen for sonen sin familie. Ho hjelpte til i huset på mange måtar, særleg med baking og matlaging. Når ho ikkje jobba i huset, så trekte ho seg tilbake til det vesle rommet sitt. Der sat ho stille for seg sjølv og spann ved rokken sin, eller så strikte ho sokkar til sonen og familien.


Nehemias var forundra over ein skikk dei tydelegvis hadde på desse trakter. Når det var gjester i huset, så kom husfrua eller ei av døtrene i huset inn til gjesten om morgonen og gav han frukost og kaffi på senga. På Lodden var det Kari som kom med frukost til Nehemias. Ho kom inn på rommet til han, utan å banke på døra, drog forsiktig i armen hans, før ho sette serveringsbrettet ved sida av senga. Denne typen servering opplevde Nehemias alle stadene kor han overnatta. I starten følte han seg brydd over at kvinnene kom inn på soverommet hans på denne måten, men etter kvart lærte han å sette pris på denne servicen. I Amerika hadde det vore heilt utenkeleg at ei kvinne hadde busa inn på soverommet til ein mann på denne måten. Her var det snakk om store kulturforskjellar.


Kari Lodden kjem med frukost på senga til Nehemias Tjernagel då han var på besøk på Lodden august 1892. Kari var svært religiøs, og ho hadde eit skarpt hovud. Mannen hennar var død, og ho budde i huset til sonen. Der gjorde ho alt ho kunne for å gjere seg sjølv usynleg. Så lenge ho ikkje hjelpte sonen sin familie med husarbeid, så sat ho på det vesle rommet sitt og spann eller dreiv med anna handarbeid. (Teikning av E. Bjørn i «Walking trips in Norway», 1917.)

Bergen, Voss og Hardanger

Korleis gjekk det med planane om å studere musikk i Tyskland? Nehemias var framleis fast bestemt på å reise til Tyskland, men i eit brev heim skreiv han at det var brote ut koleraepidemi i Tyskland. Derfor meinte han at det var best å utsetje reisa til epidemien var over. Medan han var hos Barbro på Tjernagel, så prøvde han å førebu seg så godt som han kunne på studia som venta han. Dette skreiv han på norsk i eit brev heim: «Eg ligge oppaa smalahoien om dadno i solskinnet aa studera tysk.» Fleire gonger så slår han over til norsk midt inne i breva. Til dømes: «Eg kan slaa me stut orv naa. Rasmus i Luten sa eg va vare ei krona dajen.»

 

Sidan opphaldet i Noreg blei lengre enn Nehemias i utgangspunktet hadde planlagd, bestemte han seg for å reise meir. Han reiste med dampskip til Bergen, og derifrå med tog til Voss. Der fekk han losji hos den unge soknepresten Heyerdahl. Med Voss som base reiste Nehemias rundt i Hardanger og fekk fantastiske naturopplevingar. Han reiste til Ulvik, til Oppheim og til Stalheim, før han igjen reiste til Bergen. Her oppsøkte han høgtståande personar innan det musikalske miljøet for å få dei til å vurdere musikk han hadde komponert. Han fekk ikkje så mykje positiv respons, men leiaren for Brigademusikken likte ein vals han hadde laga og framførte denne fleire gonger i byparken. Nehemias kunne stolt skrive heim til foreldra i Amerika at no kunne ein lese namnet hans i Brigademusikken sitt program i Bergen si største avis.


Leipzig eller Boston?

Det sto november i kalenderen før Nehemias var tilbake på Tjernagel. Han hadde fått brev frå foreldra kor det sto at han no fekk kome seg heim. Dei meinte at han heller kunne studere musikk i Boston. Det var vanskeleg for faren å skaffe nok pengar til opphaldet hans i Noreg. I brevet heim til foreldra svarte Nehemias med å presentere eit rekneskap som viste at han ikkje hadde brukt meir enn 110 dollar på heile opphaldet sitt så langt. Han meinte at dette ikkje var meir enn ein vanleg turist brukte på ein fjelltur her oppe. Han skulle reise til Leipzig ved juletider. Han meinte at helsa hans hadde blitt merkbart bedre etter at han kom hit. Han meinte at lufta her, for ikkje å snakke om folka og levemåten her, virka svært positivt inn på han.


Til Haugesund til fots

I Bergen hadde Nehemias delt rom med ein ung mann med Hauge til etternamn. Dei hadde blitt gode venner, og Nehemias inviterte han med til Tjernagel. Turen blei ei stor oppleving for Hauge, for han hadde aldri reist med dampskip før. Dei roa seg ikkje lenge heime hos tante Barbro, før dei la ut på ein ny tur. No skulle dei bruke beina og gå til Haugesund. Nehemias skriv at den svingete landevegen var hard og jamn, men at dei var heilt utmatta då dei var framme i byen etter å ha gått dei 30 kilometrane. Han skildra landskapet langs vegen som bart og einsformig. Overalt var det nakne grå bergknausar, magre lyngheier og våte myrer. Dei små, men frodige, gardane som dukka opp innimellom var vakre og innbydande der dei låg, og utgjorde ein skarp kontrast til utmarka rundt dei.


Lopper og sjøfolk

Nehemias og Hauge overnatta ved «Naasheims Logi Hus». Då dei kom fram, var dei så svoltne at Nehemias trudde dei hadde tømt heile matlageret til gjestehuset. Sengene på Naasheim viste seg å vere fulle av lopper, og loppene heldt på å plage livet av dei to unge mennene. Nehemias skreiv at det var vanleg med lopper i sengene i Noreg, særleg på hotell og gjestehus. Dersom ein ikkje var særdeles nøye med reingjeringa, så invaderte loppene sengene med ein gong. Dei innfødde såg ut til å takle dei blodsugande småkrypa med stoisk ro. Det var verre for ein amerikanar. Loppa hadde som regel bite han og fleire gonger før han fekk tak i ho. Etter å ha fanga loppa, var det så å seie umogeleg å ta livet av ho, fordi ho hadde så hardt skal. Nehemias skreiv at han kunne gi vertshuset tilgjeving for loppeplagene, fordi den gode oppvartinga frå dei to unge jentene i huset fekk han til å gløyme alt anna. Jentene var både vakre og hyggelege, og dei visste ikkje kva godt dei kunne finne på for dei to unge mennene.

 

Nehemias skildrar Haugesund som ein travel, støyande og livleg hamneby. Byen var prega av ein enorm skipstrafikk, og det var lystige sjøfolk overalt i byen. Nehemias kunne ikkje forstå kvifor alle dei møtte på glodde slik. Han skriv: «Folk nistirrar på oss, og heilt utan grunn etter mi meining. Me såg like vanlege ut som alle andre, spesielt Hauge, den fattige stakkaren han er, og når det gjeld meg, så er det ingen skjønnhet her heller å glo på.»


Dei to unge mennene reiste med dampskipet tilbake, men dei bestemte seg for å ta turen til Stord for å sjå nærare på det namngjetne Seminaret, eller lærarskulen, som låg der. Dette skreiv Nehemias etter å ha besøkt Seminaret: «Eg kan ikkje seie at eg blei særleg imponert over studentane sitt ytre uttrykk, men deira mentale talent kan ha vore godt gøymd bak ein skral utsjånad. Samanlikna med våre akademiske skular, framstår denne staden som simpel og lite attraktiv.»


Daglegliv på landsbygda

Utover hausten slo Nehemias seg meir til ro hos tante Barbro på Tjernagel. I breva heim fortalte han om dagleglivet på landsbygda i Sveio. Nehemias prøvde å hjelpe til så godt han kunne med arbeidet i huset og på garden. Dei korte haustdagane gjorde at det blei lange kveldar i den vesle stova. Om kveldane hjelpte han tanta si med å kara ull som ho skulle spinne tråd av. Nehemias grave og ei grøft for tante Barbro. Denne jobben brukte han ei veke på. I forkant protesterte Barbro lenge og bestemt. Etter hennar meining var det reint for gale å setje ein reisande musikkstudent til å gjere så simpelt og tungt kroppsarbeid, men Nehemias insisterte på å få gjere jobben. Det var det minste han kunne gjere for tanta si, som stelte så godt med han.


Det var ikkje så mykje å gjere på gardane på denne tida av året. Dyra var komne i hus, avlinga var berga for lenge sidan, og torva var tørka og under tak. Nehemias reagerte på at husdyra var stua så tett saman, og at fjøsa var så mørke og tette. Han blei forklart at dersom dyra hadde det mørkt og varmt, så trong dei mindre mat gjennom vinteren. Mange måtte sultefôra husdyra for at fôret skulle rekke heilt fram til neste vår. Kvar dag blei dyra mata fire gonger. Dei fekk mest høy og oppskorne poteter. I tillegg fekk dei ei slags suppe laga av varmt vatn og halm, eller tørka potetlauv. Det var svært viktig å samle opp og ta vare på husdyrgjødsla. Neste års avling var heilt avhengig av denne gjødsla.


Ein ettermiddag var Nehemias, Bendik og ein mann som gjekk under det lite flatterande kallenamnet «han so inkje kunde krakka torv», ute ved Nappholmane for å skyte alker. Til saman greidde dei å skyte 14 fuglar. Bendik var stolt då han kom heim til mora og kunne fortelje at han hadde skote si første alke. Nehemias var no mykje saman med Bendik, som ikkje kunne få vite nok om korleis det var i Amerika. Han og mora hadde ofte snakka om å reise til Amerika, og Bendik hadde så godt som bestemt seg for å reise neste sommar. Ein dag tok Nehemias Bendik med seg til Haugesund med dampskipsruta. I sine 14 leveår, så hadde han aldri vore i Haugesund, eller i nokon annan by. Dei var tre dagar i Haugesund, og inntrykka var mange og sterke for den unge guten. På vegen heim takka han Nehemias inderleg for turen. Han meinte at han aldri ville kome til å gløyme den fantastiske byturen.


Den lange kyrkjevegen

Nehemias blei fleire gonger med tanta si til gudsteneste i Sveio kyrkje. I eit av breva sine skildrar han turen til kyrkja og gudstenesta der. Barbro starta førebuingane allereie kvelden før. Ho laga niste som skulle halde til to måltid, eit på veg til kyrkja og eit på veg heim. Maten blei pakka i ei stor korg. Deretter fann Barbro fram finkleda og såg over desse. Nokre av plagga måtte strykast. Om morgonen måtte dei stå tidleg opp. Barbro måtte gjere morgonstellet i fjøset før ho gjorde seg klar og tok på seg finstasen. Gudstenesta starta klokka elleve, men dei begynte å gå klokka ni for at dei ikkje skulle få for dårleg tid.


Det var litt over ei mil å gå frå Tjernagel til kyrkja i Sveio. Alle frå Tjernagel gjekk i samla flokk til kyrkja. Fleire stader langs vegen sto det folk og venta. Desse slo seg saman med følget då det passerte. Dei vaksne mennene gjekk saman lengst framme i følget. Bak dei gjekk kvinnene og barna. Nehemias stussa litt over at mennene gjekk tomhendte, medan kvinnene bar både nistekorger og barn som ikkje greidde å gå sjølv. Nehemias drista seg til å spørje ein av mennene kvifor det var kvinnene som skulle bere alt. Mannen uttrykte undring over at han kunne spørje om slikt, før han svara at slik var skikka, og slik hadde det alltid vore.


Etter å ha gått om lag to tredeler av kyrkjevegen, så stoppa følget opp for å ha matpause. Det smaka godt med mat no etter å ha gått så langt, men dei hadde ikkje tid til å raste så lenge. Etter kvart som følget nærma seg Sveio og kyrkja, så møtte dei på fleire følger som dei slo seg saman med. Då dei var komne så langt at dei kunne sjå kyrkja, så fekk dei auge på lange flokkar av folk som strøymde til frå alle himmelretningar. No var folk ivrige etter å kome seg fram, og mennene såg ut til å setje opp farten. Vel framme ved kyrkja var kvinnene raske med å kome seg inn i kyrkja. Der fann dei plassane sine på venstre side i kyrkja. Mennene søkte saman i små grupper utanfor kyrkja. Her var det mykje som skulle forteljast og diskuterast. Sjølv lenge etter at kyrkjeklokkene hadde ringd inn for siste gong, sto mange menn ute og diskuterte.


Vanskeleg å halde seg vaken

Nehemias syntes at ryggane på benkane var veldig bratte og vonde. Han lurte på om dette var for at folk ikkje skulle sovne under preika. Mange var døsige og trøtte etter den lange turen, og det var dei som ikkje greidde å halde seg vakne. Nehemias såg fleire hovud rundt om i kyrkja som hang slapt framover eller til sides. Han skreiv at sokneprest Aall var av den gammaldagse typen. På preikestolen opptredde han svært uberekneleg. Stemmeleiet hans varierte heile tida. Han kunne snakke lågt og roleg ei heil tid, før han plutseleg ropte ut deler av ei setning. Ein gammal mann som hadde sovna i kyrkja blei så skremd og forfjamsa etter eit av presten sine utbrot, at han spratt opp av benken og tumla seg ut på golvet. Nehemias var svært begeistra for salmane dei song under gudstenesta. Heile kyrkjelyden tok del i songen av full hals. Ingen annan stad hadde Nehemias høyrd så vakker salmesong som i kyrkja i Sveio.

 

Etter gudstenesta gjekk Barbro og Nehemias til kyrkjegarden for å sjå til slektningane sine graver. Gravene låg svært tett inntil kvarandre, og Nehemias reagerte på at ingen av gravene hadde gravsteinar. Så godt som alle gravene hadde berre ein enkelt trekross med namn og datoar på. Dei rikaste familiane brukte jernkross på gravene. Barbro fortalte at trekrossane ofte forsvann, og at det var eit problem at ingen riktig visste kor jorda var klar til å opne nye graver. Meir enn ein gong hadde det hendt at nokon hadde starta å grave stader der det viste seg at det ikkje var lenge sidan nokon var gravlagd.


Ikkje Tyskland no heller

Det leid mot desember, og vinteren sto på trappene. Nehemias hadde lova familien heime i Iowa at han skulle reise til Leipzig ved juletider. Nok ein gong valde han å utsetje reisa til Tyskland. I brevet heim skreiv han at det på nytt hadde brote ut kolera i Tyskland, og at det nok var best å bli der han var ei stund til. Han var på utkikk etter ein stad kor han kunne halde på med musikk, og då måtte det vere eit piano i huset. Utan piano var det vanskeleg å komponere musikk. Han kunne ikkje lenger bli verande på Tjernagel og bestemte seg derfor å reise til Haugesund. Her ville han prøve å finne nokon som kunne låne han eit piano.


I Haugesund kom Nehemias i kontakt med fru Jentoft. Han hadde fått tips om at ho hadde piano i huset sitt. Fru Jentoft budde i eit stort hus saman med fire barn. Ho tok imot Nehemias med opne armar. For nokre år sidan hadde mannen hennar vore ein av dei rikaste i Haugesund, men ifølge kona hans, så hadde han drukke opp heile formuen i løpet av få år. Deretter hadde han reist til Amerika. Sidan hadde ingen heime i Haugesund høyrd noko frå han. Eldste sonen til fru Jentoft hadde og forlate mora og resten av familien, utan å fortelje kor han skulle, og utan seinare å ha gitt lyd frå seg.


Kjende seg uvel i huset

Fru Jentoft var prega av den vanskelege situasjonen ho var komen opp i. Det var ikkje spor av religiøsitet i heimen hennar, og Nehemias skildrar barna som barbariske. To av sønene i huset hadde braka saman i ein vill slåsskamp ein kveld medan Nehemias var i huset. Den eine hadde kasta ei skarp saks etter den andre, og denne hadde nesten treft augo til den andre. Ein dag hadde Nehemias vore med dei fire barna, som alle var i tenårsalderen, til Skeisvatnet for å gå på skøyter. Nehemias hadde aldri tidlegare hatt skøyter på beina sine, og han blei imponert då han såg hundrevis av barn og ungdommar suse av garde på det islagde vatnet. Dottera i huset, som var 17 år gammal, kommanderte Nehemias ned framføre henne for at han skulle feste skøytene på føtene hennar. Nehemias følte seg svært brydd av denne situasjonen. I hans auge var det usømmeleg å komme så nær ei ung jente, og faktisk måtta berøre beina hennar for å få skøytene på.


Nehemias kjende seg rett og slett uvel i huset til fru Jentoft. Dette skriv han om situasjonen som fekk han til å forlate huset hennar, etter å ha hatt losji der dei to første vekene av desember: «Eg fann snart ut at fru Jentoft var svært verdslig, ja faktisk så var ho i sjølve djevelen si makt. Ho var både vakker, velutdanna og attraktiv, men oppførselen hennar gjorde meg svært mistenksam. Mistankane mine skulle snart bli bekrefta. Plutseleg ein kveld så fortalte ho meg at det var vanskeleg å motstå freistinga med å tene raske pengar. Det lyste begjær og lyst av blikket hennar medan ho sa dette. Eg var sjokkert, og bestemte meg for ikkje å tilbringe ei einaste natt til under same tak som denne stakkars fortapte sjela.»


Ein uforskamma skreddar

No hadde Nehemias fått nok av både fru Jentoft og Haugesund. Derfor reiste han tilbake til Tjernagel. Han grubla fælt på kvar han skulle gjere av seg no. Til slutt bestemte han seg for å søke råd hos Erik Øyen. Han budde på Losaneset på søre Tjernagel. Øyen kom frå Hol i Hallingdal, og han var skreddarmeister og reisande seljar. Han kjende folk over alt, og han hadde svært mange kontaktar i dei øvre samfunnslaga i heile distriktet. Kanskje han visste om ein stad kor Nehemias kunne få losji, og kor han kunne drive med musikk og få inspirasjon til å komponere?


Nehemias hadde ikkje så mykje til overs for Øyen. Riktig nok så var han imøtekomande og gjestfri overfor Nehemias. Øyen hadde teke Nehemias med seg rundt i heile distriktet og introdusert han for mange av dei han meinte det var verdt å bli kjent med. Likevel avslørte måten Øyen oppførte seg på at han følte seg mykje finare enn vanlege folk. Etter Nehemias si meining, så hadde han ingen grunn til å føle seg betre enn nokon annan i bygda. Det var kona som styrte heile forretninga, og det var ho som sydde alle kleda. I tillegg måtte ho ta seg av gardsarbeidet og dei fem barna. Barn nummer seks var på veg. Ifølge Nehemias så var skreddarkona for det meste mutt, og ho viste ingen entusiasme for noko av arbeidet ho utførte, og heller ikkje overfor mannen sin. Skreddaren sjølv oppførte seg rett og slett uforskamma mot mange folk i bygda. Han gjekk alltid og togg på skråtobakk, og kvar gong han spytta tobakken, så fekk han ein sprut på nasen sin. Dette tørka han vekk med dei skitne fingrane sine. Nehemias blei sjokkert då han var vitne til at Øyen spytta tobakk rett på det fine golvteppet i bestestova til fru Hovda.

 

Øyen meinte at den beste staden Nehemias kunne få opphald, var hos prestefamilien i Førde. Folka som budde der var både religiøse, musikalske og danna, og dei hadde piano i huset sitt. Nehemias tvila på at dette kunne vere rette staden for han. Ein prestefamilie var etter hans meining i finaste laget som vertskap for ein som han. Dessutan meinte han at ein by ville passe han betre. Øyen ville ikkje høyre på Nehemias sine innvendingar, og utan at Nehemias hadde bede han om å gjere det, la han dagen etter i veg til Førde for å snakke med soknepresten. Nehemias var veldig overraska då han fekk melding frå presten om at han var hjerteleg velkommen til å bu på prestegarden så lenge han berre ville. Nehemias blei smigra av invitasjonen, og han greidde derfor ikkje å avslå tilbodet frå presten. Han bestemte seg for å reise til Førde, men først skulle han feire jul saman med Barbro og Bendik.


Juledram og julegraut

På julaftan blei Nehemias invitert til Øyen, saman med gamle Haldor Tjernagel. Barbro og Bendik blei ikkje bedne. Det var fint pynta i huset til skreddaren, og då han tende lysa på juletreet, så blei det stemningsfullt i stova. Det blei servert god mat og drikke heile kvelden. Dei fekk juledram og julegraut. Øyen prata utan stans. Historiene frå reisene hans var fantastiske. Det var ikkje måte på kva for fint folk han hadde vore i kontakt med. Han spytta nesten like mykje som han snakka, men det var ikkje alltid han trefte den skitne spyttebakken som sto på golvet. Haldor hadde også mange gode historier å fortelje frå eit langt liv som fiskar og sjømann. Han fortalte historier frå sildefisket på Sletto og ved Røvær. Her hadde det verkeleg vore liv og røre i gode gamle dagar.


Utpå kvelden rodde Haldor og Nehemias tilbake til nordre Tjernagel. Slik skildrar Nehemias heimturen han hadde saman med gamle Haldor: «Sjøen låg blikkstille, og den store lyse månen spegla seg i vatnet, medan eg og Haldor snakka saman om ting eg aldri i livet vil gløyme. Han som var i sluttfasen av livet, og eg som var heilt i starten, hadde ulikt syn på framtida, men me var einige om det viktigaste, nemleg at kvart skritt me tok på jorda har ei meining, og at alt me gjer i dette livet er ei førebuing til det evige livet. Eg kan aldri gløyme denne kvelden, den gode atmosfæren, den vesle båten som låg fortøyd ved brygga, dei vennlege blikka Haldor sende meg, og handtrykket han gav meg då me tok farvel.»


Til prestegarden på Førde

No var Nehemias spent på kva som ville møte han på prestegarden i Førde. Han var smigra over invitasjonen soknepresten hadde sendt han, men han var usikker på korleis han ville passe inn i den fine familien. Det skulle vise seg at han hadde liten grunn til å uroe seg. Allereie i det første brevet Nehemias skreiv etter at han kom til prestegarden, så skreiv han at han ikkje nokon annan stad hadde følt seg så vel, og så heime, som i dette huset. Han legg heller ikkje skjul på begeistringa for den 22 år gamle prestedottera, Esther, som han no kalla pianolæraren sin. Ho hadde vore to år i Oslo, kor ho hadde studert musikk. Esther kjende mange prominente personar, til dømes Edvard Grieg. Ho var forlova med ein dansk offiser, og på kunstmuseet i København hang det eit portrett av henne. Korleis det gjekk med Nehemias Tjernagel på prestegarden kan du lese i artikkelen «Solskinsdagar på Solheim».



Lokalavisa i Story City Iowa skriv om Nehemias Tjernagel i august 1892. Dei skriv at Nehemias no er på eit besøk i Noreg, og at han derifrå skal reise til Leipzig kor han skal vere i tre år for å studere harmoni, komponering og orgelspeling. Avisa er full av lovord om både Nehemias sitt musikktalent og hans talent som komponist. Avisa meiner at ein kan vente seg store ting frå Mr. Tjernagel i framtida. Utklippet er henta frå Nehemias sitt minnealbum.


Nehemias Tjernagel ca. 1895. Foto frå utklippsboka hans.

Kjelder:

-Neelak Serawlook Tjernagel, “Nehemias Tjernagel – an affectonate biography”, New York 1976.

-Brev frå Nehemias Tjernagel til familien I Iowa, 1892-1893, transkriberte av Dr. Peter Tjernagel Harstad.

-Peter Tjernagel Harstad, “Nehemias Tjernagel’s music, An Album”, 2006.

-Nehemias Tjernagel sitt utklippsalbum, på www.tjernagel.org.

-Nehemias Tjernagel, “Walking trips in Norway”, 1917.