Tilbake til røtene - enda ein gong

Lokalhistorie frå Sveio

Tilbake til røtene

 

- Enda ein gong

 

Av Sverre Halleraker

Utsikten frå Framnes mot Vikebygd. (Foto: Marianne Ø. Halleraker)

Innleiing

Dersom du har lese artiklane før denne, hugsar du sikkert Nehemias Tjernagel. Nehemias var ein norskamerikanar som oppsøkte røtene sine i Sveio i 1892. Han oppheldt seg her i ti månadar, og han skreiv brev heim til familien sin i Amerika, kor han skildra dagleglivet i bygda foreldra hans reiste frå nokre tiår tidlegare. Nehemias Tjernagel reiste tilbake til Noreg hausten 1910. Denne gongen la han ut på ein fottur som starta i Valdres og enda opp i Etne. Denne fantastiske turen varte i over eitt år og resulterte i boka «Walking trips in Norway», som blei gjeven ut i Amerika i 1917. Boka er full av spennande skildringar av både menneske, natur og geografi. Nehemias la turen innom Sveio, og det er nokre av skildringane frå denne turen eg vil gjengi i denne vesle artikkelen.

 

Lykkelige og tilfredse menneske

Nehemias kom med dampskip til Førde august 1911, og han skildrar stemninga om bord i dampskipet slik: «Både mannskap og passasjerar om bord i dampskipet var ein lystig gjeng. Skal me døme folket som bur i desse traktene ut frå dei eg møtte om bord her, så må dei seiast å vere særdeles lykkelige og tilfredse menneske. Når ein kjem i kontakt med dei, kan ein ikkje la vere å legge merke til deira ekte tillit til sine medmenneske. Billettøren var den mest avslappa av alle om bord. Han visste at dersom han ikkje fekk seld billettar til alle passasjerane, så ville dei som ikkje hadde betalt vere ærlege og oppsøke han for å gjere opp for seg. Ein får eit inntrykk av at bygdefolk her aldri har opplevd å bli fråstolne paraplyar, vesker, lommebøker eller andre eigendeler medan dei har vore ute på reiser.»

 

Nehemias var full av lovord då han skildra korleis det var å kome sjøvegen til Førde, og han la ikkje skjul på kor idyllisk og vakkert han syntes det var i Førde-bygda. Likevel slo han seg ikkje til ro her. Han var på veg mot Ølen og Etne. På vegen skulle han overnatte i Trovåg, like sør for Vikevik. Nehemias gjekk til fots langs Ålfjordvegen mellom Førde og Framnes. Der skulle han finne ein som kunne ro han over fjorden til Trovåg.

 

Som eit nasjonalromantisk maleri

Slik skildrar Nehemias spaserturen mellom Førde og Framnes: «Landskapet her er som om det skulle ha vore teke ut av eit nasjonalromantisk maleri. Etter eit par kilometer med spreidd furuskog, opnar det seg ein skjult aveny mellom furutrea, som viser vegen mot ein serie av nydelege små vatn, tett omslynga av små bratte haugar, som er dekka av vakker furuskog. Etter å ha passert eit litt tristare område med fjellknausar og røysar av svære steinblokker, opna landskapet seg brått, og eg kom til solrike skråningane ved Selsås og Framnes, som strekte seg heilt ned til Ålfjorden. Det var heilt blikkstille denne vakre sommarkvelden, og fjorden låg der, heilt speilblank og innbydande. Tanken på ein båttur i slike tilhøve var freistande, så eg skunda på for å få skyss over fjorden før det blei for seint.

 

Skysskaren som hadde ansvaret for å frakte reisande over fjorden, skulle visstnok bu i dette området. Her var det berre å spørje seg fram, så ville eg nok finne han til slutt. I kvart eit hus blei eg møtt med nysgjerrige og granskande blikk, men dei var vennlege, og ivrige til å vise meg vegen vidare til skysskaren, som budde i det siste huset i den vesle bygda.

Frisk og sunn barneflokk

Då eg opna døra inn til skysskaren sitt hus, blei eg møtt av ein forfjamsa og overraska kar i døropninga. Han sto med handa på dørhandtaket, klar til å opne døra, då han blei overrumpla av meg, ein framand, som var på veg inn i huset hans denne fredlege augustkvelden. Etter å ha kome til hektene att, etter det overraskande møtet med meg, viste han meg vegen inn til stova. Etter kort å ha presentert oss for kvarandre, fekk eg vite at dersom eg skulle til Trovåg denne kvelden, så måtte me dra av garde med det same. Skysskaren mumla eit eller anna om å gjere ein mann ei teneste før han la i veg ut døra, utan å forklare meg nærare kva han skulle.

 

Der sat eg, midt mellom kona hans og alle dei åtte barna deira, og kjende meg heller utilpass. Eg vart litt mindre uroleg då eg fekk vete at husbonden berre skulle ned til sjøen for å gjere båten klar, og at han straks ville vere tilbake. Alle dei åtte barna var under konfirmasjonsalderen, og mora deira såg ikkje mykje eldre ut ho heller. Både mora og barna såg sunne og friske ut. Alle barna stirra på den ubedne framande gjesten med nysgjerrige auge. Eg stirra tilbake på dei og prøvde å gi kvar og ein av dei eit vennleg smil. Eg fekk små blyge smil tilbake. Ein av dei minste gutane stirra så intenst og lenge på meg, utan å flytte blikket, at eg var nær ved å bli hypnotisert.

 

Den simplaste kosten ein kan tenke seg

Eg prøvde å innleie ein samtale med mora i huset, og spurde kva slags mat ho hadde funne opp, som gjorde alle barna hennar så sunne og så godt i hald. Ho blei tydelegvis overraska av spørsmålet eg hadde stilt. Etter å ha summa seg litt, hadde ho ikkje anna svar å kome med enn at ho aldri hadde tenkt over dette spørsmålet. Ho måtte innrømme at barna berre fekk den simplaste kosten ein kunne tenke seg. Det var mange munnar å mette, og mannen si inntekt var låg. Barna fekk for det meste flatbrød, rugbrød, skummamelk, ost og poteter. Det var ikkje kvar dag dei fekk smake litt fisk eller ein kjøttbit. Mange dagar hadde dei ikkje anna mat å gi barna enn flatbrød og skummamelk.

 

Eg kunne ikkje la vere å spørje henne om det ikkje blei dyrt med sko til heile barneflokken. Då fekk eg vete at familien ikkje hadde utgifter til sko, sidan mannen hennar kvar vinter laga nye tresko til heile familien. Etter den unge kvinna si meining var tresko det beste fottøyet ein kunne bruke. Med tjukke heimestrikka ullsokkar på føtene inni treskorne, heldt dei føtene varme og tørre bedre enn skinnsko.

 

Nøgde og takksame

Eg drista meg til å spørje om det ikkje var frykteleg travelt å vaske klede, lage til mat og stelle i huset til ein så stor familie. Den unge kvinna var rask med å svare at det var det ikkje. Etter hennar meining så tok det ikkje mykje tid å lage den simple maten. Det aller meste blei servert kaldt, og utan tallerkenar og bestikk. Huset var så lite og enkelt innreia at det var lett å halde reint, og barna hadde ikkje stort meir av klede enn dei kleda dei hadde på seg. Derfor blei dei sjeldan vaska. Dei heimelaga kleda var slitesterke og gjekk i arv frå eit barn til det neste. Derfor var arbeidet med å skaffe klede til barna overkomeleg for familien. Desse menneska levde enkle liv, men dei var sunne, intelligente og gudfryktige, og ikkje minst så var dei nøgde og takksame for det dei hadde.»

 

Storslagen utsikt

«Medan eg og den gode skysskaren sat ansikt til ansikt i den vesle båten, hadde me ikkje anna å gjere enn å snakke saman. Eg føreslo at eg kunne hjelpe til med roinga, med å ta tak i årane saman med han. Han såg skrekkslagen ut då eg føreslo dette, så eg forsto at han ikkje trudde det var mykje hjelp i mine heller beskjedne krefter. Medan min nye ven rodde båten med bestemte og taktfaste åretak, kunne eg lene med tilbake i båten og nyte den storslagne utsikten bak ryggen hans. Det var eit fantastisk landskap av grøne åsar og nakne fjell, som bada i kveldssola i bakgrunnen. Den behagelege turen gav meg ei ubeskriveleg ro i sjela.

 

Under overfarten meddelte min nye ven meg at han ofte hadde vurdert å reise til Amerika, saman med heile familien. Men sidan både han og resten av familien var lykkelege og hadde eit godt liv saman her, så hadde det aldri blitt til at dei tok steget og flytta. Han ville høyre mi meining om denne saka. Etter å ha tenkt meg om ei stund, for å finne eit godt svar på dette direkte og openhjarta spørsmålet, syntes eg at det var rett å konkludere på følgande måte: Dersom du reiser verda rundt, vil du ikkje finne noko som er verdt å bytte bort mot den lykka og det gode livet du har heime, sjølv ikkje om du fekk bytte med fyrstar eller kongelege. Han såg ut til å like svaret han fekk av meg, og med eit tilfreds smil om munnen starta han å ro enda raskare og meir taktfast enn tidlegare. Han byrja til og med å synga på ein song, for deretter å forklara at lukka hans skuldast at han hadde tillit til Gud, og at han visste at Gud ville syte for både han og familien hans. Eg tenkte med meg sjølv at det verkeleg var ein god mann eg her hadde fått bli kjend med. Det var ikkje så mange lenger som opent snakka om deira forhold til Gud.

 

Både skitten og full av lopper

Då me kom fram til Trovåg, såg det ut som om min gode ven ikkje hadde noko hast med å kome seg heim att. Me hadde hatt gjensidig glede av samkvemmet, og me tok ein inderleg og hjarteleg avskjed. På same måte som med alle andre som eg har gjeve pengar for å tenester i løpet av mine opphald i Noreg, var det ingen falske fraser om at han ikkje ville ta imot betalinga. Det var ingen som gjorde noko nummer ut av pengeinnkrevinga, men så snart dei fekk pengane i hendene, uttrykte dei ei inderleg og ærleg takk, som om dei hadde fått ei ufortent gåve. Dette var typisk for mentaliteten til folket som budde på bygdene her. Dei har eit roleg og fåmælt, men generøst og ærleg, sinnelag.

 

I Trovåg var det postkontor og ein liten landhandel, men ikkje nokon stad kor eg kunne få ei seng for natta. Dei forklarte meg vegen til ein møllar som budde i nærleiken. Han skulle visstnok kunne leige ut ei seng for natta. Fasilitetane ved mølla viste seg å vere særdeles skrale, og senga mi var både skitten og full av lopper, men eg hadde ikkje så mykje anna å velje mellom. Den gamle møllaren viste meg korleis mølla blei driven, og me starta å snakke om Amerika.

 

Både intelligente og reflekterte

Han hadde vore i Amerika i ein lengre periode i 1860-åra. Der hadde han jobba som tømmerhoggar, og han hadde greidd å leggje seg opp ein heil del pengar som han tok med seg heim til Noreg. Han var ivrig etter å få høyre nytt frå Amerika. Eg drista meg til å spørje om det ikkje var umoralsk å berre reise til eit land for å hauste av overskotet, utan å ta ansvar for å byggje landet, slik som han hadde gjort. Dette er ein vanleg oppfatning blant nybyggarar i Amerika. Den gamle møllaren sitt svar gav meg noko å tenkje på. Etter hans meining var utbyttet til dei få som kom heim att lite, samanlikna med det store tapet bygdene i Noreg hadde hatt, med at nærast ein heil generasjon med unge vaksne reiste ut av landet for godt. Samtalen med møllaren i Trovåg var nok eit døme på at dei tilsynelatande enkle bygdefolka som budde her omkring, både var intelligente og reflekterte i tankegangen sin.»

 

Mykje å lære

Neste dag vandra Nehemias vidare til Haraldseidvågen, og derifrå gjekk han gjennom Skjold og Vats, og vidare til Ølen, for derifrå å spasere til Etne. Me skal slutte av historia her. Dette er ikkje noko stor historie, og ho inneheld korkje dramatikk eller særleg viktige hendingar, men ho gir gode skildringar av korleis folk levde på bygdene i Sveio for 100 år sidan, og korleis dei tenkte og såg på livet. Sjølv om dei var fattige på materielle verdiar, kan det sjå ut som om dei levde gode og meiningsfulle liv likevel. Dessutan var dei nøgde med og takknemlege for det vesle dei hadde, utan å streve for å få meir av noko som ikkje ville gjere dei lykkelegare. Eg trur at me i vår materialistiske og altfor travle tidsalder har ein heil del å lære av desse enkle sjelene som levde før oss.

 

 

Kjelder:

-Nehemias Tjernagel, «Walking trips in Norway», 1917.