Gamle usømmelege skikkar

Gamle usømmelege skikkar


Nattefrieri og annan laussluppen framferd



Av Sverre Halleraker

Budeiene på stølane fekk ofte besøk av friarar om nettene. Ungdommane såg fram til å kunne dra til stølen om sommaren. Der kunne dei ta seg ut og leve fritt utan å bli passa på av dei vaksne. Mange av prestane i Sveio var svært lite nøgde med «Sedelighedstilstanden» i Sveio.

(A. Tidemand: Liv paa Sæteren.)


Innleiing

I vår tid er det vanleg å høyre klager over ungdommen sin lettsindige og uanstendige omgang med det motsette kjønn. Det er kanskje særleg dei eldre som klagar på dette. Me får stadig høyre at ungdommen aldri har vore så laussluppen som no. Men dersom me går tilbake i tid, og ser nærare på dei skikkane som gjorde seg gjeldande for 150 år sidan, kan me snart få eit heilt anna inntrykk. Visste du at ungdommar av ulikt kjønn i 16-17-årsalderen kunne ha felles sove¬rom på midten av 1800-talet? Eller at foreldre let unge jenter ta imot friarar som kom luskande i nattemørket? Nattefriarane fekk overnatte i jenta si seng. Dessutan flytta mange trulova par saman lenge før bryllaupet. Ikkje nok med det; eit stort fleirtal av brurene var høggravide på bryllaupsdagen. Mange måtte gifte seg på grunn av uønska graviditet, og mange kvinner fekk barn utanfor ekteskapet, såkalla «uekte» barn.


Me skal sjå nærare på skikkane i det gamle bondesamfunnet som førte til at gutar og jenter kom i kontakt med kvarandre om nettene. Menn og kvinner levde i stor grad i kvar si verd på midten av 1800-talet. Det var liten kontakt mellom ungdommar av ulikt kjønn på dagtid. Slik kontakt blei sett på som usømmeleg. Etter at mørket hadde senka seg, gjorde derimot andre uskrivne reglar seg gjeldande. Desse skikkane skal ha hatt røter som går fleire hundre år tilbake i tid, men på midten av 1800-talet starta kyrkja og prestane ein kamp for å få slutt på dei usømmelege skikkane. Me skal sjå nærare på korleis skikkar som natteløperi og nattefrieri arta seg i Sveio, og på korleis ein her etter kvart greidde å få slutt skikkane.


Tenestefolk

På 1800-talet måtte dei fleste ungdommane skaffe seg arbeid utanfor heimen så snart dei var konfirmerte i 15-årsalderen. Det var ikkje mange jobbar å velje mellom. Gutane fekk som regel jobb som gardsarbeidar, eller dreng. Jentene fekk jobb som tenestejente, eller taus. Denne stillinga innebar både husarbeid, matlaging, barnepass og fjøsstell. Mjølking og stell av husdyra var kvinnfolkarbeid. Tenestefolket måtte jobbe frå tidleg morgon til seine kvelden heile veka. Laurdagen fekk dei fleste fri utpå ettermiddagen, og mange hadde fri det meste av søndagen. Fjøsjentene måtte mjølke og stelle husdyra om søndagen og. Dessutan måtte tenestejentene passe dei minste barna når resten av hushaldet drog av garde til gudsteneste.


Tenestefolk fekk dårleg betalt, men dei fekk mat og husrom. Dessutan fekk dei arbeidstrening. Dette ko godt med den dagen dei skulle starte eige hushald. Tenestetida varte berre ein kort fase av livet for dei fleste. Det var vanlegast å få teneste på gardar i nærleiken av heimstaden, men arbeidet kravde at dei budde på tenestestaden. Etter nokre år hadde gutane ofte greidd å legge av nok pengar til å kunne kjøpe ein liten part av eit gardsbruk, eller til å bygsle ein husmannsplass. Dette måtte vere på plass før ein kunne tenke på giftarmål. Nokre gutar var så heldige at dei skulle få ta over farsgarden. Desse blei ofte verande på heimegarden, som faren sin kompanjong og medhjelpar.

Jentene måtte skaffe utstyr som salmebok, sengetøy, bakehelle, jerngryter og rokk, før dei var attraktive på ekteskapsmarknaden. Det var vanskeleg for ungdommane frå husmannsfamiliane å skaffe seg nok kapital til å etablere eige hushald. Mange av desse måtte jobbe som tenestefolk heile livet, utan nokon gong å få råd til å gifte seg.

 

Det var ikkje berre dei rike som hadde tenestefolk. Så godt som alle sjølveigande bønder hadde folk i teneste. Midt på 1800-talet hadde eit middels stort bruk i Sveio to eller tre personar i teneste, medan husmennene som regel ikkje hadde råd til å ha folk i teneste. Tenesteordninga førte til at arbeidskraft blei flytta frå bruk med ledig kapasitet, og til bruk med for lite arbeidskraft. Tenesteordninga førte og til at kontaktar og band blei knytte mellom familiane tenestefolka kom frå og familien dei jobba for. Det var oftast positivt for dei unge å kome seg ut og bli kjend med andre ungdommar. Nye kontaktar var viktig for å kunne sikte seg inn mot ein framtidig ektemake.


I fjøs og uthus

Tenestefolket hadde fri kost og losji, men tilhøva var ikkje mykje å skryte av mange stader. Dei fekk ikkje alltid ete saman med resten av hushaldet, og dei fekk heller ikkje alltid like god mat. Verst var det med husrommet. Fram til 1850 var det ikkje vanleg at tenestefolk fekk sove inne i våningshuset. Mange gardar hadde eigne uthus som var innretta til soverom for tenestefolk. Her kunne det vere både kaldt og trekkfullt. Likevel vil mange hevde at dei som måtte sove i fjøset, saman med husdyra, hadde det enda verre. Denne ordninga fann stad i Sveio før 1860. Eilert Sundt skildra levekåra til tenestefolk i boka «Om Sædeligheds Tilstanden i Norge,» som kom ut i 1857. Sitatet under er eit døme på korleis tilhøva var for tenestefolk som måtte sove i fjøset:

 

«Så lad mig se, hvorledes pigerne have det i fjøset!» vedblev jeg. Og hvilken ind-retning jeg der fik se! Kreaturene i 2 rader, med hovederne ind til væggen; mellem raderne en urenlig gang, og inderst i gangen pigernes seng: Skvæt og stænk af styggeste art måtte kunne nå dem, som sov i den. I den anden ende af fjøset var en svinesti, hvor to store bæster gryntede og stinkede, og væg i væg med og indenfor stien stod tjenestegutternes og lægde-mandens senge, således anbragte, at man måtte gå igjennem sauebingen for at komme til dem. – Men, vedblev bonden, er det ikke underligt alligevel: af de 3 gjenter ligge bare de 2 her i fjøset, og den 3die have vi i kjøkkenet for at have hende i nærheden; men de skiftes til, for ingen af dem vil ligge inde. Så? nu ja - ja, så er dette netop noget af det stygge ved tingen, som De og alle husbønder burde være opmærksomme på. Her i fæhuset kunne vel pigerne og gutterne have frit spil om nætterne; men det skulde de sandelig ikke have lov til.»


På våre trakter var det også vanleg at ungdommar og tenestefolket sov i løa når høyet var i hus om sommaren. Her var det ingen vaksne som såg til at alt gjekk sømmeleg føre seg. Dessutan hadde mange gardar i Sveio stølsdrift om sommaren. Det var ungdommane og tenestefolket som dreiv stølane og såg etter husdyra der. Utan vaksne til stades var det fritt fram for usømmeleg omgang mellom jenter og gutar på stølane.

 

Natteløperi og nattefrieri

Det var altså ofte fritt spelerom for gutar og jenter som ville oppsøke kvarandre på nattetid. Det var ikkje berre tenestefolka på same gard som oppsøkte kvarandre på denne måten. Også jentene som budde heime på garden, kunne bli oppsøkte av friarar frå nabogardane. Mange kjærastepar fann kvarandre på denne måten, og det var vanleg å inngå hemmelege trulovingar.


Ordninga med at ungdommane oppsøkte kvarandre om nettene var godt etablert og på ein måte akseptert i samfunnet. Ein skulle ikkje snakke om at det gjekk føre seg, men dei vaksne gjekk med på at ungdommane fann kvarandre på denne måten, før det offisielle frieriet fann stad. Eilert Sundt meinte at ordninga med nattefrieriet fann stad i dei fleste bygdene i Noreg. Det var særleg seint om laurdagskvelden at gutane i eit nabolag samla seg og la ut på nattefrieri. Fleire gutar opererte saman og tok kontakt med jentene på eit gardsbruk. Desse delte som regel soverom. Gutane måtte banke forsiktig på døra eller i veggen for å få jentene til å sleppe dei inn. Det måtte gå stilt føre seg, elles ville heile huset bli vekt opp.

 

Når gutane var komne inn til jentene, prøvde dei å gjere forsiktige framstøyt for å få kontakt med den jenta dei hadde eit godt auge til. Dersom jenta var interessert, let ho guten setje seg i senga si, og då var ein slags kontakt oppretta. Neste laurdag kunne guten oppsøke jenta aleine, og då var gjerne døra ulåst, slik at guten kunne gå rett inn. No låg alt til rette for at det unge paret kunne snakke friare og meir personleg med kvarandre. Etter nokre slike møte på tomannshand, kunne guten spørje om han kunne få ligge i armen til jenta. Dersom han fekk lov til det, var dei så godt som trulova. Skikken var at guten kunne ta av seg trøya og støvlane når han la seg i armen til jenta, men resten av kleda måtte han ha på seg. Jentene låg fullt påkledde dei nettene dei venta besøk. Etter ei stund kunne guten ta mot til seg og fri til jenta. På denne måten kunne dei bli trulova utan foreldra si godkjenning, før det offisielle frieriet.


Med foreldra si velsigning

Kva så med foreldra til dei unge? Dei fekk nok med seg kva som gjekk føre seg. Jenta var ikkje aleine på soverommet, og dei andre jentene fortalde foreldra kva som gjekk føre seg. Deretter snakka mora med dottera for å stadfeste om rykta var sanne eller ikkje. Jenta fekk vite om foreldra såg med velvilje på forholdet som var etablert, eller om dei ville at ho skulle bryte med guten. Dersom foreldra gav ei slags velsigning, så var tida moden for det offisielle frieriet. Det var viktig for foreldra på begge sider å få greie på kva den andre parten eigde, og kva utsikter han eller ho hadde til å skaffe seg eit gardsbruk og eit levebrød. Foreldra la og stor vekt på kva sosial status og rykte den potensielle svigerfamilien hadde i bygda. Dei fattigaste familiane kunne ikkje ta slike omsyn. Dei var letta berre barnet deira fekk sjansen til å gifte seg og starte for seg sjølv. Ved å gifte bort eit av barna sine, var det ein munn mindre i hushaldet som skulle mettast.


Under nattebesøka kunne dei kroppslege driftene bli så sterke at ein gjekk lengre enn skikken tillet. Det kunne oppstå seksuell kontakt mellom ungdommar som ikkje var gifteklare. Mange unge jenter blei gravide medan dei var i teneste. Ein slik uønska graviditet fekk dramatiske følgjer for dei det gjaldt. Var kvinna med barn, så mista ho jobben som tenestejente. I ein slik situasjon hadde ho to val. Enten måtte ho gifte seg med barnefaren, eller så måtte ho flytte heim til foreldra sine og ta seg av det uekte barnet i deira hushald.


Uekte fødslar

Det var mildt sagt lite populært å flytte heim til foreldra med eit uekte barn i bagasjen. Foreldra sleit ofte med å få nok mat på bordet til ein stor barneflokk. To ekstra personar i matfatet kunne vere ei tung byrde for hushaldet. I tillegg kom skamma og folkesnakket. Ei mor med eit uekte barn blei sett ned på og håna i full offentligheit. Framtidsutsiktene var heller dystre. Det var ikkje mogeleg å få seg teneste når ein hadde omsorga for eit lite barn. Det var heller ikkje lett å finne nokon som ville gifte seg med ei kvinne som hadde eit uekte barn.


Korleis var tilhøva i Sveio med tanke på fødslar utanfor ekteskapet? Soknepresten si ministerialbok og dei såkalla visitasprotokollane gir oss svaret på dette. Midt på 1800-talet var så mange som 10 prosent av barnefødslane i Noreg utanfor ekteskapet. Verst sto det til i Trøndelag og det indre av Austlandet. Desse regionane hadde i eit gjennomsnittleg år rundt 20 prosent uekte fødslar. Sveio hadde ein god del færre uekte fødslar enn landsgjennomsnittet. Dei fleste åra var rundt 6 prosent av fødslane her utanfor ekteskapet. Talet var høgast i 1860-åra. I mange av desse åra var rundt 10 prosent av fødslane uekte. I 1890-åra var talet lågast. I gjennomsnitt var det ikkje meir enn 2,5 prosent uekte fødslar kvart år i Sveio prestegjeld i dette tiåret.


Det var lett å sjå samanhengen mellom natteløperi og nattefrierier og dei uekte fødslane. I 1860-åra fekk presten og kyrkja strenge instruksar om å setje ein stoppar for natteløperiet. Både på preikestolen og under konfirmantførebuingane forklarte presten kor usømmeleg og syndig det var at ungdommane oppsøkte kvarandre på nattetid, og presten forklarte ungdommane kor stor synd og skam det var å føde barn utanfor ekteskapet.

 

Fælles Soveværelse for Drænger og Piger

Annan kvart år fann dei såkalla bispevisitasane og prostevisitasane stad i kvart prestegjeld. Her måtte soknepresten gjere greie for korleis det gjekk med kampen mot dei usedelege skikkane. I 1869 måtte soknepresten i Sveio meddele biskopen at natteløperi dessverre framleis gjekk føre seg i altfor stor grad. Trass i at presten hadde halde mange moralske og formanande preiker om farane med å overlate tenestefolk og ungdommar utan tilsyn på nattetid, så kan me lese dette i protokollen: «Fælles Soveværelse for Drænger og Piger finder enkeltvis sted, men Forholdet er i Aftagende. De uægte Fødsler er ikke i Aftagende.»


To år seinare slo visitasen fast at det var slutt på det meste av natteløperiet i Sveio sokn, men at det framleis gjekk føre seg i Valestrand. Visitasprotokollen viser at natteløperiet blei enda mindre vanleg i dei neste åra, også i Valestrand. I 1879 slo visitasen fast at det var så godt som heilt slutt på natteløperiet i Sveio prestegjeld, men ein hadde likevel ikkje fått slutt på dei uekte fødslane. Det blei krevd at alle jenter skulle ha soverom inne i huset, for å hindre at det kom friarar om nettene.


I 1880-åra blei det meir og meir vanleg at ungdommane kom saman til ulike tilstellingar på laurdagskveldane. Presten meinte at slike samlingar førte til både alkoholmisbruk og usømmeleg omgang mellom gutar og jenter. Dessutan var det etter presten si meining altfor mykje laussluppen framferd i samband med julefeiringa. I 1880-åra blei det og vanleg at Sveioungdommane reiste til Haugesund for å vere med på dei såkalla «Prikke-dagane.» Her skal det etter presten si meining ha gått føre seg mykje laussluppen aktivitet, og presten skriv i protokollen at ungdommane under desse tilstellingane «bedriver alskens Kommers.» Kommentaren kan tyde på at presten frykta at det gjekk føre seg prostitusjon under desse lettsindige og ukristelege tilstellingane.


På 1800-talet var det ein etablert skikk i Sveio at trulova par flytta saman ei tid før bryllaupet. Dei fleste visitasmeldingane frå 1860 og fram til 1890 peikar på denne uskikken, men prestane måtte erkjenne at dei ikkje greide å få slutt på det ukriselege samlivet. Dei fleste som blei gravide etter usømmeleg omgang, valde å gifte seg, sjølv om dei ikkje hadde kapitalen som skulle til for å stifte eige hushald. Dette førte til at mange enda opp som fattige husmenn eller dagarbeidarar.


Hans og Sofie

Det var ikkje alltid at graviditeten førte til ekteskap. Eg har funne eit eksempel som illustrerer dette. I soknepresten sitt dagsregister finn me eit notat som viser korleis presten greip inn for å få slutt på eit uekte samliv. «Den 16. Juni 1862 var Sognepræsten i Forening med Medhjælper Iver Kvalvaag hos Gaardbruger Hans Hanssen Kvalvaag, for hvem og Pige Sofie Oline Johannesdatter er udlyst til Ægteskap den 2. Februar d. A, og som senere have ladet Døbe deres uækte Barn, Hans, født 1862, Febr. 18de, og paalagde dem at ophøre deres utilladelige Samliv ved enten inden 14 Dage at flytte fra hinanden eller ogsaa lade fuldbyrde deres paatenkte Ægteskab, da de i motsat Tilfælde ville blive innmeldte for Øvrigheden til Straf efter Loven».


Hans traff Sofie medan ho var tenestejente på nabobruket på Kvalvåg. Sofie flytta inn til Hans etter at dei var trulova, men det blei aldri noko ekteskap mellom dei. Hans greidde ikkje å kjøpe ut medarvingane sine, slik at han kunne ta over bruket. Dermed blei bruket han dreiv saman med mora seld på auksjon i 1863. Det blei ikkje så mykje med Hans i åra som følgde. Han fekk losji på nabobruket på Kvalvåg, og i folketeljinga i 1865 står han oppført som «Løskarl, Dagdriver og Kreaturhandler.» Etter brotet med Hans, måtte Sofie flytte tilbake til foreldra sine på husmannsplassen Mækelandsheia. Ho hadde det nok ikkje så lett. Etter at ho avslutta det «utilladelige» samlivet med Hans og flytta frå Kvalvåg, greidde ho ikkje å få ny teneste. I folketeljinga står foreldra hennar oppført som fosterforeldre for vesle Hans, medan Sofie står oppført som heimeverande og dagarbeidar.


Greip inn i folk sitt privatliv

Kampen mot nattefrieriet og dei usømmelege skikkane gav etter kvart resultat, men presten var ein aktiv aktør i kampen heilt fram til hundreårsskiftet. Så seint som i 1904 ser me døme på at presten greip direkte inn i folk sitt privatliv for å hindre at dei førte ein usedeleg livsførsel. Den 27. oktober 1904 skreiv soknepresten brev til lensmannen kor han rapporterte to forhold: Den første saka dreidde seg om ein husmann og enkemann frå Lokna. Presten hevda at mannen levde i eit «utilladeligt» forhold med si tenestejente. Forholdet vekte ifølge presten «offentlig forargrelse». Presten meinte at saka burde takast hand om av påtalemakta. Eit slikt forhold var straffbart ifølge Straffelova kapittel 18, § 22.  Den andre saka dreidde seg om ei 31 år gammal «pike» frå Strømmen som hadde hatt barn med tre forskjellige menn, og etter presten si meining så måtte ho straffast etter Straffelova kapittel 18, § 25.


Det blei neppe reist tiltale i desse sakene, men rundt om i bygdene blei det snakka svært nedlatande om dei som ikkje greidde å leve opp til den moralske standarden. I våre dagar risikerer ein heldigvis ikkje å få presten på døra med truslar om tiltale og straff, men bygdesnakket kan vere like nådelaust no som tidlegare. Folk har alltid hatt lett for å dømme og sjå ned på dei som ikkje heilt greier å få skikk på livet sitt, og samfunnet er ofte nådelaust mot dei som kjem litt skeivt ut. Vaksne og eldre har i alle tider klaga over at ungdommen har dårleg moral. Slik har det alltid vore, og slik vil det nok vere i framtida og.


Lista over døypte barn i 1872 i soknepresten si Ministerialbok. Det blei notert i ei eiga kolonne om barnet var ekte eller uekte født. Me ser at barn nummer 51, Anna Johanne, er født utanfor ekteskapet.

Kjelder:

-Ministerialbok for presten i Sveio, 1861-1877, 1894-1906.

-Visitasprotokollar etter prosten i Søndre Sunnhordland, 1864-1896.

-Visitasprotokollar etter Biskopen i Bjørgvin, 1820-1895.

-Folketeljinga 1865.

-Eilert Sundt, «Om Ædrueligheds-tilstanden i Norge», 1859.

-Eilert sundt, «Sædeligheds-Tilstanden i Norge», 1857.

-Eilert Sundt, «Om giftermål i Norge», 1855.

-Simon Steinsbø, «Sveio. Gards og ættesoge, Bind 3», 1987.