Frå vedundermedisin til djevelens drikk

Frå vedundermedisin til djevelens drikk


Drikkevanar i Sveio på 1800-talet


Av Sverre Halleraker

Folk hadde eit svært positivt syn på brennevinet rundt midten av 1800-talet. Det blei brukt både som medisin, styrkedrikk og rusmiddel. Det var vanleg at kvar familiefar kjøpte ei halv tønne (60 liter) brennevin til julefeiringa.


Innleiing

Både synet på alkohol og folk sine alkoholvanar gjekk gjennom ei dramatisk endring i siste halvdel av 1800-talet. I tida før denne endringa brukte vanlege folk i Sveio alkohol i mange samanhengar, og det var overraskande store mengder alkohol som blei sett til livs i ulike samanhengar. Folk hadde eit positivt syn på alkohol, og særleg trudde ein at brenne¬vinet var godt for helsa. Styresmakter og embetsmenn såg etter kvart dei negative sidene ved alkoholbruken. Difor blei det sett i gong ein omfattande kamp for å få slutt på alkoholmisbruken. Kyrkja og sokne¬presten skulle få ei viktig rolle i kampen mot brennevinet.

 

Denne artikkelen skildrar drikkevanane i Sveio i tida før 1850. Me skal sjå på kva samanhengar det blei drukke alkohol, og me skal sjå på kva som blei drukke og kor mykje. Eg vil og prøve å få fram endringane i synet på alkohol som førte til at det blei slutt på mykje av misbruken. Dei viktigaste kjeldene eg har nytta er dei såkalla visitasmeldingane. Desse finn me på Statsarkivet i Bergen. Annan kvart år var det prostevisitas eller bispevisitas i prestegjeldet. Soknepresten måtte legge fram dokumentasjon på korleis det gjekk med kampen mot den sterke drikka. Eg har og nytta nokre av bøkene som Eilert Sundt skreiv på midten av 1800-talet som kjelder. Her skildrar han levekår og kvardagsliv i norske bygder. Sundt sine gransk-ingar tok særleg for seg tilhøva i bygdene langs vestlandskysten.


Positivt syn på alkohol

Alkohol, og særleg brennevin, blei sett på som reinaste vedundermedisinen i første halvdel av 1800-talet. Difor brukte folk brennevin til å få bukt med alle slags plager. Var ein sjuk eller slakk på nokon måte, var det ingenting som hjelpte meir enn eit glas brennevin. Kom ein inn etter lange og strevsame reiser, var det ikkje noko som varma og styrka betre enn brennevin. Det var heller ikkje uvanleg å starte dagen med eit glas brennevin for å få krefter til å ta fatt på arbeidet. Barn heilt ned i femårsalderen fekk servert brennevin dersom dei viste teikn til svakheit eller sjukdom, men ein måtte passe på at barn og kvinnfolk ikkje fekk for mykje av det sterke.


Det var ikkje berre lite opplyste bønder og bygdefolk som hadde dette i overkant positive synet på brennevinet. Også legane delte dette synet. Difor var brennevin av ulike slag den vanlegaste medisinen pasientar fekk utskrive. Brennevinet blei nytta både til innvortes og utvortes behandling. Så seint som under utbrotet av Spanskesjuka i 1918 var den vanlegaste medisinen legane i Noreg skreiv ut ei halv flaske brennevin.

I tiåra etter 1814 oppfordra styresmaktene nærast til at bøndene skulle lage brennevin sjølv. Ein såg på all produksjon som kunne fremje verdiskaping og handel på bygdene som positivt. Rundt 1820 blei det laga brennevin på dei fleste gardane i Sveio. Kvaliteten og smaken var mildt sagt dårleg, men bygdefolket likte brennevinet. Det var både helsebringande og rusande på ein gong.

 

Alkoholbruk i kvardagen

Det var ikkje så vanleg å bruke alkohol som nytingsmiddel i kvardagen, men ein nytta brennevin som medisin og styrkedrikk. Likevel blei brennevinet teke fram i ulike høve, som til dømes når ein fekk besøk til gards. I visitasprotokollen frå 1869 kan me lese: «Der maa imidlertid bemærkes at den næsten aflagte Skik at byde en Besøkende en Velkomstdram atter er i tiltagende.» Ofte blei det meir enn det eine glaset. Spøkefullt blei det sagt at ein trong ein dram i kvart bein for ikkje å vere ustø på heimvegen. Var ein ekstra raus overfor gjesten, kunne han få ein tredje dram. Denne skulle vere til stav. Det var vanleg å servere øl ved spesielle høve. Til dømes gjekk det med mykje øl under dugnadar og sesongarbeid som slåttonn, tresking, torvhenting og ulike sesongfiske.


På 1800-talet var vårsildfisket i januar og februar særleg viktig. Her utrusta fiskarar og sildearbeidarar seg for å vere vekke fleire veker i strekk. Omtrent alle vaksne menn i Sveio var med på dette eventyrlige fisket kvart år, og mange kvinner hadde arbeid som ganarar ved salteria i hamnene. Ein måtte utruste seg med nok mat og drikke for fleire veker, og brennevin var ei av dei viktigaste og mest kostbare varene ein måtte ha med seg. Det var vanleg at fiskarane styrka seg med ein dram eller to fleire gonger i løpet av ein dag, men det var for helsa sin del, ikkje for å ruse seg.

 

Likevel kunne det bli mykje brennevin for mange av fiskarane. Det blei skjenka brennevin til fiskarane når dei selde fangstane sine til oppkjøp¬arane frå salteria. Sildefiskarane kunne tene mykje pengar i løpet av ein fiskesesong, og ein kunne bli freista til å bruke pengar om kveldane når ein låg i hamn i fiskeværa. Her skjenka landhandlarar og gjestgjevarar både øl og brennevin, og det blei rapportert om alkoholmisbruk og rusa fiskarar i dei fleste fiskeværa gjennom heile fiskesesongen. Mange fiskarar brukte opp ein stor del av fortenesta si på skjenkestadene. I Sveio blei det skjenka alkohol i hamner som Mølstrevåg, Lyngholm, Eltravåg, Buavåg, Tjernagel, Øklandsnes og Valevåg. Ikkje alle som dreiv handel desse stadene hadde lov til å selje alkohol, men likevel blei det skjenka øl og brennevin alle desse stadene i dei fleste fiskesesongane fram til 1870.


Som om ikkje vårsildfiskarane hadde fått i seg nok alkohol under sjølve fisket, blei fiskesesongen avslutta med det såkalla «ferdalaget». Her samlast alle som var med i eit garnlag eller eit notlag for å markere at fisket var avslutta for denne sesongen. Ferdalaga blei rekna for å vere reine rotbløytene, og her blei det ikkje spart på drikkevarene.


«Usømmelig Opførsel efter Misbrug af stærk drikke»

Ungdommen blir ofte skulda for å misbruke alkohol. Dette var og tilfellet på 1800-talet. I visitasprotokollen frå 1869 meldes det om «at der ved Auctioner hyppig er Anledning til Nydelse af Vin og Øl, hvilken storslagen misbruges af den forsamlede Ungdom». I 1879 får me vite at fleire ungdommar reiste saman til nabosokna for å ta del i gudstenester der. Under desse reisene skal ungdommane ha drive med «usømmelig Opførsel efter Misbrug af stærk drikke.» I 1881 får me høyre at ungdommen frå Sveio reiste til Haugesund for å vere med på dei såkalla «Prikkedagane.» Under desse arrange¬menta gjekk det ifølge presten føre seg mykje misbruk av alkohol og laussluppen åtferd. I 1870-åra blei det og meir vanleg at ungdommane samlast på laurdagskveldane. Under desse samankomstane skal ungdommane ha drukke både brennevin og øl.


Me får og høyre at ungdommen samlast til såkalla «kaggeøl i julehelga.» Etter gammal skikk skulle bonden gi drengen sin ein kagge øl, omlag 20 liter, før julefeiringa starta. Dei fleste drengene fekk og eit par kanner med brennevin. Fleire drenger i kvar bygd gjekk så saman og lånte ei lita stove. Dei hyrte inn spelemann og gjorde huset i stand til fest. Jentene kunne komme på desse festane utan invitasjon, men mannfolka måtte vere bedne. Kaggeølet varte heile kvelden og natta til ende, og difor blei dei og kalla for «vøkunatt», altså vakenatt.


Kor fekk ein tak i alkohol?

Det var lange tradisjonar for ølbrygging på gardane i Sveio. Frå gammalt av var bøndene faktisk pålagde med lov å brygge ei viss mengd øl kvar haust. Heilt fram til slutten av 1800-talet brygga dei fleste gardane i Sveio nokre tønner øl kvar haust. Det har aldri vore tradisjon for å lage vin på gardane i Sveio, men det var dei som laga litt vin av kirsebær, eple eller plommer. Det har heller ikkje vore tradisjonar for å lage brennevin på gardane i Sveio, men i åra mellom 1814 og 1830 var det vanleg å brenne til eige bruk. I 1827 blei avgiftsreglane endra. Endringa fekk slutt på det meste av heimebrenninga, til fordel for større og meir profesjonelle brenneri.


Bøndene kjøpte brennevin av landhandlarane ute ved kysten. Både landhandlaren i Valevåg og på Tjernagel hadde i periodar løyve til å selje brennevin. Mange av dei andre landhandlarane skal ha drive med ulovleg brennevinshandel. Blant anna blei handelsmannen på Lyngholm ved fleire høve dømd til å betale bøter for ulovleg brennevinshandel. I 1879 gav bispevisitasen kommunestyra i prestegjeldet pålegg om å få slutt på det ulovlege alkoholsalet. I tiåret som følgde blei det slutt på det meste av alkoholsalet i Sveio, og i 1893 var det ingen stader i prestegjeldet kor ein selde brennevin. Landhandelen i Valevåg var no einaste staden kor ein kunne kjøpe øl og vin.


Ei fuktig julefeiring

I eldre tider gjorde ein faktisk mykje meir ut av julefeiringa enn det me gjer i våre dagar. Då tenker eg ikkje på julehandel og julegåver, men på korleis feiringa gjekk føre seg. Julehøgtida varte i førti dagar, heilt til 2. februar. Denne dagen kallast «kyndelsmesse.» Julefeiringa var ikkje like intens heile tida, men i desse førti dagane skulle ein berre utføre dei mest naudsynte oppgåvene på garden. Vårsildfisket som starta i januar, sette naturlegvis ein tidlegare stoppar for julefeiringa for svært mange i Sveio.


Julehøgtida starta klokka tre om ettermiddagen julaftan. Feiringa starta med at heile hushaldet samla seg rundt bordet til eit måltid. Måltidet bestod ofte av tørka steikt sauekjøt. Husfaren ønska alle rundt bordet ei gledeleg jul. Deretter tok han ein god slurk av ølbolla og sendte ølet rundt bordet. Til måltidet skjenka husfaren eitt eller to glas brennevin til kvar. Utover kvelden blei det skjenka fleire rundar med øl. Kveldsmaten skulle bestå av fersk fisk og mjølkesuppe. Seinare blei risengrynsgraut vanleg på julekvelden.

 

Heile julekvelden brann ein lys i stake, og tranlampene skulle brenne heile natta. Den gamle skikken var at heile hushaldet skulle ligge på golvet i stova frå julaftan og fram til trettande dag jul. Vanlegvis låg tenestefolket på loftet eller i eigne uthus, men i jula var dei underjordiske meir aktive enn vanleg. Derfor var det ikkje trygt for folk å sove i fjøs og uthus i jula.

 

Første juledag skulle ein vekkast i fire-femtida om morgonen. Ein kledde halvvegs på seg og samlast til song og andakt rundt bordet i stova. Deretter måtte «fjosjenta» ut og gi dyra eit ekstra måltid som besto av korn og fint høy. Etterpå gjekk alle til sengs att. Husmora måtte gi alle eitt stykke vørterkake medan dei låg til sengs, og husfaren kom rundt til alle med ei skål «fjelgt» øl, altså oppvarma øl. I nitida skulle ein stå opp for dagen. Første juledag gjekk i sakte tempo, med faste måltider og faste skjenk med øl og brennevin. Også natta til andre juledag og nyttårsnatta gjekk føre seg på same måte som julenatta.


Etter sjølve julehøgtida var det juleselskapa og julebesøka som sto for tur. Regelen var at alle naboar innan ein viss krins skulle avleggast eit julebesøk. På desse besøka blei det ønska god jul, og ein fekk ein dram eller to. Regelen var slik at gjester frå eigen gard skulle få ein dram, medan gjester frå nabogardane skulle skjenkast to gonger. I tillegg blei det servert øl, og helst fjelgt øl. Også husmenn og fattigfolk skulle besøkast i jula, og enda kor fattig ein var, så hadde dei fleste greidd å skaffe nok brennevin og øl til å kunne skjenke naboane som kom på julebesøk.

 

Dei fleste friarferdene fann og stad i jula. Då kom friaren saman med fleire familie-medlemmer til garden kor jenta budde. Friarfølgjet blei bedne inn, og dei blei som regel verande i to til tre dagar for å drøfte korleis bryllaupet skulle ordnast neste sommar. I slike lag blei det skjenka mykje brennevin, og det skulle heller ikkje sparast på ølet.


Dersom ein var nokolunde velståande blei det sett på som ei plikt å halde juleselskap ein gong i løpet av jula. Tre til fem gardar danna eit bedelag, og alle som budde på desse gardane skulle bedast til juleselskapet. Det kunne bli mange gjester når me veit at kvar gard som regel hadde to til fire bruk. Når me tel med borna var det ikkje uvanleg med 50 gjester i slike juleselskap. Husmenn og fattigfolk skulle og bedast i juleselskapa, men desse måtte ofte takke nei til innbydinga. Det hadde seg nemleg slik at alle som kom i juleselskapa sjølv og måtte halde juleselskap. I eit bedelag var det som regel mellom seks og ti juleselskap i løpet av ei jul.

 

Juleselskapa starta i sekstida om kvelden. Når alle gjestene var på plass, fekk alle ein dram og ein runde med fjelgt øl. Kvinnene og barna skulle berre nippe litt til brennevinet. Utover kvelden kunne alle forsyne seg så mykje dei ville av ei stor bolle med kaldt øl som sto på bordet. Maten besto av rugbrød og kringle. Det var ikkje felles bordsetting, men ein sat i små klynger rundt omring i stova. Til maten fekk alle påfyll i brennevinsglaset. Klokka elleve var selskapet slutt. Då fekk gjestene servert ein tredje dram og ei lefse til heimvegen. Nokre stader fekk gjestene to drammar før dei la i veg heimover.


Det er lett å forstå at det gjekk med mykje alkoholhaldig drikke i løpet av dei førti dagane julefeiringa varte. Det var ikkje få høve kor ein serverte alkohol. Eilert Sundt meinte at mange bønder gjekk rundt i ein stadig rus gjennom heile jula. Rundt 1850 kjøpte ein middels velståande bonde som regel i underkant av ei halv tønne brennevin til julefeiringa. Dette innkjøpet skulle dekke behovet for eit heilt år. Likevel er det her snakk om eit ufatteleg stort alkoholkonsum etter vår tids målestokk. Ei tønne romma 120 liter. Det betyr at kvar bondefamilie sette til livs rundt 50 liter brennevin i løpet av eitt år! I tillegg kom det brennevinet dei drakk i bryllaupa, og me må ikkje gløyme alt det sterke ølet dei sette til livs. Det var vanleg å brygge eller kjøpe to til tre tønner øl kvart år, og dette ølet inneheldt i overkant av 10 prosent alkohol.


Bryllaupsfeiringa

Heilt fram til 1880-åra blei bryllaupa i Sveio feira etter gammal skikk. I visitas-meldingane får me vite at feiringa ofte varte tre dagar til ende. I 1869 slo visitasen fast at det gjekk med mellom 1/3 og ei halv tønne brennevin til eit vanleg bryllaup i Sveio, altså om lag 50 liter. I tillegg blei det drukke mellom to og tre tønner øl, altså rundt 300 liter.

 

Skjenkinga i bryllaupa starta laurdag ettermiddag, etter at gjestene var komne til gards etter vigslinga. «Kjøgemesteren» hadde ansvaret for brennevinsskjenkinga, medan «Kjælder-manden» hadde ansvaret for ølskjenkinga. Første skjenk med brennevin og øl var ved fram-komsten. Neste skjenk var ved kveldsmaten, og ofte blei det skjenka ein dram ved leggetid. Søndagen bar det av stad til gudsteneste i kyrkja. Då blei det skjenka ein dram når folk sto opp om morgonen og ein dram før ein la i veg på kyrkjevegen. Like etter gudstenesta fekk bryllaupsgjestene neste skjenk, og slik gjekk det slag i slag heilt til bryllaupet var over tysdag ettermiddag. Då skulle bryllaupsgjestene ha fått 14 brennevinsskjenk til faste tider. Øl-skjenkinga var enda tettare, og mange stader var det sjølvbetening av øl. Når «Kjøge-mesteren» gjekk rundt og skjenka morgondrammen, skulle og dei som gav gjestene husrom bli skjenka, sjølv om dei ikkje var bryllaupsgjester. Kvinner og barn skulle og skjenkast alle dei 14 gongene, men ein måtte passe på at desse ikkje fekk for mykje av det sterke.


Likvake og gravøl

I første halvdel av 1800-talet blei det og drukke mykje alkohol i samband med dødsfall, og døden var ein heller hyppig gjest i dei fleste hus på denne tida. Når nokon døydde, blei dei stelte og lagt på såkalla likstrå inne i stova. Den døde blei som regel lagt i kista kvelden før gravferda. Det gjekk ofte fleire dagar mellom dødsfallet og gravferda. I heile denne perioden måtte folket på garden vake over den døde. Under likvaker blei det skjenka både øl og brenne¬vin, men ein skulle ikkje drikke så mykje at ein blei rusa.


Etter gravferda baud familien til den døde folket som hadde vore med i gravferda til gravøl. Gravølet varte frå ein til to dagar, men rundt 1880 var denne skikken i ferd med å bli avvikla i Sveio. Før 1850 var det vanleg å skjenke både øl og brennevin ved gravøl. Etter 1850 blei det berre skjenka øl og vin ved gravøl. I visitas¬protokollen for åra mellom 1869 og 1881 kan me lese at det ikkje lenger var vanleg å drikke seg rusa under gravøla. I 1890-åra var det heilt slutt på gravølet.


Kampen mot alkoholmisbruken

Me ser at bruken, eller rettare sagt misbruken, av alkohol var omfattande i Sveio rundt 1850. Statistikk viser at ein vaksen i 1840 kvart år i gjennomsnitt drakk rundt 25 liter rein alkohol. Dette er meir enn tre gonger så mykje som forbruket i dag. Styresmaktene såg dei sosiale problema alkoholmisbruken førte med seg. Prestane og kyrkja meinte at alkoholrusen resulterte i laussluppen åtferd og ein umoralsk livsførsel. Mange bønder og bygdefolk såg kva elende alkoholen førte med seg. Nye religiøse vekkingar greip om seg i bygdene våre på denne tida, og her blei alkoholmisbruk sett på som synd og skam. Alkoholen blei kalla «djevelens drikk», og fleire og fleire sto fram som avhaldsfolk. Prestar og lekfolk tala om alt det negative alkoholen førte med seg. Å seie nei til alkohol, og særleg brennevin, blei rekna som å seie ja til Kristus og frelse.

 

Kampen mot den sterke drikka skulle likevel ikkje bli lett. Alkoholvanane satt djupt i folkesjela, og mange var lite villige til å kutte ut spriten. Kaffien blei lansert som ein erstattar for alkoholhaldig drikke, men det skulle gå mange tiår før denne drikken falt i smak hos bygdefolket. Det var særleg alkoholmisbruken i samband med julefeiringa som skulle vise seg vanskeleg å kome til livs. Så seint som i 1875 blir det i visitasmeldinga peika på at bruken av brennevin hadde auka i løpet av dei siste åra. Årsaka var at folk reiste til byane og handla brennevin i store kvanta til julefeiringa. Dampskipstrafikken langs kysten hadde gjort det lettare å reise på handletur til Haugesund eller Bergen. Me får og høyre at alkoholmisbruken heldt fram i mange bryllaup.


I 1885 såg det endeleg ut som om kampen mot den sterke drikka hadde vore fruktbar. Me får høyre at det blei sett på som ei skam å vise seg rusa ute blant folk, og at alkohol sjeldan blei brukt utanom jul og bryllaup. I 1893 konkluderte visitasen med at det var «meget god ædruelighed i hele Prestegjeldet.» Ei sterk avhaldsrørsle hadde vakse fram i Sveio. Denne gjekk hand i hand med lekmannsrørsla og ei religiøs vekking som gjekk over bygdene. Synet på alkohol hadde endra seg dramatisk i bygda vår berre i løpet av nokre tiår. Dei fleste i Sveio såg ikkje lenger på brennevinet som vedundermedisin. Det var meir vanleg å kalle spriten for «djevelens drikk.»



Kjelder:

-Visitasprotokollar etter prosten i Søndre Sunnhordland, 1864-1896.

-Visitasprotokollar etter Biskopen i Bjørgvin, 1820-1895.

-Eilert Sundt, «Om Ædrueligheds-tilstanden i Norge», 1859.

-Eilert sundt, «Sædeligheds-Tilstanden i Norge», 1857.


Det var kvinnene som laga brennevinet i eldhuset. Fram til 1830 blei det laga brennevin rundt omkring på gardane. Seinare tok brenneria over produksjonen.

(Ukjent fotograf.)